Arna, Reguleringsplan for Seimsmyrane gnr 286 bnr 4 mfl, planID

Byrådssak 1130 /15
Arna, Reguleringsplan for Seimsmyrane, Plan ID 63020000. Ny Arna ungdomsskule,
ASRO
ESARK-5120-201215414-114
Hva saken gjelder:
Gjeldande reguleringsplan
Høyringsforslag
Saka gjeld utlegging til offentleg ettersyn forslag til ny reguleringsplan for Seimsmyrane med innpassing
av ny tomt for ungdomsskule for ca. 550 elevar, som erstatning for eksisterande skule på Garnes.
Planforslaget er i samsvar med bystyret sitt vedtak om skulebruksplanen (sak 302-10) Vedtak om
oppstart av planarbeid med høyring av planprogramvart gjort av byrådet 25.04.13, og planprogrammet
vart fastsett 12.09.13. Tiltaket utløyser krav om konsekvensutgreiing.
Planområdet er på 248 daa og skuletomta er 22-25 daa.
I gjeldande reguleringsplan er området avsett til landbruk og bydelspark. Eksisterande idrettsanlegg i sør
skal liggja fast og er ikkje med i føreliggjande planforslag.
Skuletomta er foreslått lokalisert nord i planområdet. Plasseringa er vurdert å vera best ut frå
landskapsrommet sine kvalitetar, klima på utearealet samt ras- flaumfare. Tomta er mindre enn ønskjeleg,
men dette må sjåast i samanheng med gode kvalitetar i skulen sitt nærområde.
Planområdet inngår i pågåande arbeid med områdeplan for Indre Arna.
Fagetaten ser på planframlegget som ei god og balansert løysing. Dei peikar på at om det er eit langsiktig
ønske å samlokalisera andre offentlege funksjonar saman med skulen (t.d. idrett eller vidaregåande skule
jfr. Hordaland fylkeskommune sin skulebruksplan ), eller å halda ope for ei vesentleg utviding av skulen i
framtida, vil Seimsmyrane vera eit noko meir konfliktfylt tomteval i høve til landbruk, lokalklima og
naturkvalitetar.
Planforslaget med konsekvensutgreiing er grundig omtala i fagnotatet. Dei viktigaste momenta er tatt
med her.
1
Planprosessen
Kunngjering oppstart med
planprogram og
alternativsvurdering
mai 2013
18 merknadar:12 offentlege, 6 private
1/3 av merknadane gjeld vern av matjord og
landskap, og val av Seimsmyrane som
skuletomt.
Fagetaten legg til grunn at val av skuletomt er avklara gjennom fastsetjing av planprogrammet.
Fylkesmannen har ikkje gjeve uttale til oppstartsmeldinga. I seinare møte er det gjort greie for at statleg
arealpolitikk i utgangspunktet ikkje vil avgrensa kommunen sitt handlingsrom i denne saka.
Fagetaten har hatt direkte kontakt med fylkesmannen, fylkeskonservator, vegvesenet, dei største
grunneigarane, Ytre Arna skole, Garnes ungdomsskole og kommunalt råd for funksjonshemma. I tillegg
har ei rekkje kommunale etatar teke aktivt del i den innleiande planfasen.
Dagens situasjon
Seimshola er kjenneteikna ved ei markant landskapsform med jordbruksareal med høg kvalitet i botnen.
Det er opp til 13 m djup torv og myr i området. Ved masseutskifting av myr vil store mengder
klimagassar bli frigjort. Kulturlandskap og ein bygning er vurdert å ha høg verdi. Det er påvist 2
raudlisteartar i området. Privat jordbruksareal vert nytta til vinteraktivitetar. Dei 3 gardsbruka i området
er ikkje i ordinær drift, men jorda er i hovudsak halden i hevd. Mykje av grøftesystemet i området vart
øydelagt under bygginga av idrettsanlegget sør for planområdet. Parkarealet er overteke av kommunen,
men er ikkje opparbeidd. Det er god samanheng med overordna turvegnett og friluftsområde.
Området ligg meir sentralt enn eksisterande skule på Garnes og har tilkomst via Garnesvegen og
Seimsmyrane. Deler av området er utsett for flaum og ras. Området har lite sol, er vindutsett og har kald
og fuktig luft i vinterhalvåret. Området er ikkje støyutsett.
Planforslaget
Skulen er foreslått plassert nord i planområdet, i eit avgrensa og markert landskapsrom med gode
naturgjevne eigenskapar. Lokaliseringa føreset omdisponering av tunet og heile innmarka til gardsbruket
bnr 8.
Tilkomsten er foreslått frå dagens kryss Garnesvegen – Seimsvegen, vidare via eit nytt kryss i nedre del
av Seimsvegen som og vil bli ny tilkomst til B1, B2 og B3. Det vert lagt til rette for at mange
skulebussar kjem samstundes. Nytt fortau er lagt inn fram til Bogane barnehage i nord.
Bydelsparken, er foreslått utvida for betre å leggja til rette for vinterleik, biologisk mangfald og våtmark.
Parken får også direkte kontakt mot Rambergsvegen som føl plangrensa mot aust, og mot Arna
Helseheim som grensar til planområdet i sør.
Planen legg til rette for at det framleis skal vera gardsdrift i området, basert på Teigen (bnr 6).
Eksisterande bustadar inngår i planen samt areal for nye bustadar i B1 og ein erstatningsbustad i B4.
VA-rammeplan er utarbeidd.
Hensynssoner
Planen inneheld hensynssoner for:
 Ras-/skredfare og snøskredfare
 Naturmiljø (slåtteeng og haustingsskog nord i planområdet).
 Kulturmiljø (2 våningshus, vegstruktur (gardsvegen til Teigen), steingardar).
2
Konsekvensar og vurderingar
Fagetaten vurderer utgreiingsplikta som
oppfylt basert på oppstartsmeldinga, fastsett
planprogram og det føreliggjande
planmaterialet. Alternative plasseringar av
skuletomta er vurderte innanfor planområdet,
sjå fig. t.h. Alt 2 er det tilrådde alternativet.
Planprogrammet føreset at berre skuletomta
vert regulert, då området elles inngår i
pågåande arbeid med områdeplanen for Indre
Arna. Fagetaten foreslår likevel å la heile
landskapsrommet i Seimshola inngå i
planforslaget då val av skuletomt er ein viktig
del av heilskapen for dette særeigne området.
Tema som er konsekvensvurdert
Avbøtande tiltak og nye kvalitetar
Skuletomta
Beste lokalisering ut frå klima, landskap, sikkerheit
mot ras og flaum og nær barnehage. I tillegg er
verneverdiane knytt til naturmiljø og kulturlandskap
tekne vare på (med unnatak for nyare tids
kulturminne)
Bustadområde
B1,B2 ogB3 får ny tilkomst.
Landskap
Landskapet har unike kvalitetar. Den grøne aksen
mot fjellet er ein del av Indre Arna sin identitet.
Grøntstruktur og naturmangfald
Regulert bydelspark legg til rette for opparbeiding.
Samlokalisering med landbruk er viktig. Området er
knytt til turvegsystem.
Kulturminne og kulturlandskap
Lemstova på bnr 8 er verneverdig , men er føresett
reve.
Landbruk
Godt jordsmonn ( djup myrjord). Ingen ordinær
landbruksdrift i dag men er halden i hevd. Landbruk
er viktig for skjøtsel av området. Alternative
driftsformer er omtala (4H, parsellhagar, skular og
liknande.)
Idrett
Planen legg ikkje til rette for anlegg som fins ved
eksisterande skule som basseng, idrettshall og 11bane for fotball. I staden ligg skulen nær
sentralidrettsanlegget i Indre Arna. Det er elles gode
vilkår for fysisk aktivitet i
tilgrensande naturområde.
Trafikk og parkering
Skuletomta får ny tilkomstveg sikra med fortau.
Fleire elevar og tilsette vil få kortare veg til skulen.
Ein ventar at fleire vil sykla til skulen. Mange vil
likevel bli frakta med buss. Nærleik til
Skuletomta er mindre enn ønskjeleg.
Skjermingstiltak for naboar i B2 er innarbeidd,
Landskapet vert opna og tilrettelagt for ålmenn bruk,
Planen opnar ikkje for bygging i område med størst
naturkvalitetar.
Viktige natur- og kulturverdiar er markerte med
hensynssoner,
Trongen for inngrep i myra vert avgrensa.
Området får nye og betre tilkomstar til Rambergsvegen,
mykje brukt tursti som føl plangrensa mot aust.
Trafikktryggleiken vert betra (nye fortau, fjerning av
avkjørsler),
3
daglegvarebutikk kan medføra fare ved fleire
kryssingar av bilveg.
Folkehelse
Område legg til rette for fysisk aktivitet i område for
park, turvegar, naturområde og nærleik til
idrettsanlegg.
Universell utforming
Området er knytt til eksisterande turvegnett med
tilnærma universell utforming. Området er ikkje
utsett for støy. Området er utsett for pollen og
førebyggjande tiltak er innarbeidd i føresegnene.
Samfunnstryggleik.
Deler av området er flaum- og rasutsett
Grunneigarar og naboar
Skuletomta legg beslag på tun og innmark til bnr 8,
men erstatningstomt for bustad inngår i planforslaget.
Planen opnar ikkje for bygging i område med høg risiko
for ras og flaum,
Alternativ som er drøfta i fagnotatet
Alternativ bruk av Seimshola
Seimshola har potensiale som utbyggingsområde. Fagetaten meiner at dei grøne verdiane er uerstattelege
og viktige for bydelen. Området vil få ein viktigare funksjon dess meir Indre Arna utviklar seg som
urbant bydelssentrum.
Arealkravet til ungdomsskulen er 22-25 da , mens areal vist i planforslaget er litt mindre d.v.s. 18,5 daa.
Fagetaten meiner at avsett areal er forsvarleg og viser til dei tilgrensande kvalitetane i skulen sitt
nærområde og til eit areal avsett til fleksibel bruk mellom skule og barnhage (BKB).
Samlokalisering med vidaregåande skule
Fylkeskommunen har spela inn eit ønske om få vurdert ei samlokalisering av ungdomsskule og
vidaregåande skule på Seimsmyrane. Fagetaten vil i utgangspunktet ikkje tilrå dette av omsyn til
lokalklimaet og naturkvalitetane i området, men peikar på 2 moglege løysingar dersom det likevel skal
takast høgde for dette (aust eller sør for ungdomsskuletomta). Det vert også teke atterhald om at ei slik
samlokalisering ikkje er grundig utgreidd.
I fylgje Skolebruksplan for Hordaland Fylkeskommune 2012-2015 er ny vidaregåande skole på
Seimsmyrane evt. samlokalisert med ny ungdomsskule, vurdert som aktuelt først etter 2025.
Massedeponi
Det har vore lansert tankar om å bruka Seimsmyrane som deponi for massar frå andre anleggsarbeid.
Fagetaten vil ikkje tilrå ei slik løysing.
Førebels vurdering og konklusjon til fagetaten
Fagetaten vurderer lokalklima som ein avgjerande faktor for spørsmålet om lokalisering av den nye
skulen. Skulen skal tena alle ungdomane i bydelen, over fleire år av oppveksten, og må gje gode vilkår
for utandørs opphald heile året. Innanfor store deler av planområdet er lokalklimaet så tøft, særleg om
vinteren, at det etter fagetaten sitt syn bryt med prinsippa om universell utforming. Saman med kravet til
rastryggleik styrer dette planløysinga.
Fagetaten tilrår at resten av Seimshola vert vidareført som intakt landskap og produktivt økosystem med
park og landbruk som sentrale element.
4
Dei samla verknadane for planområdet kan vurderast som positive dersom skuletomta kan godkjennast
med redusert storleik i høve til ordinære arealkrav. Dette gjeld både samanlikna med gjeldande planstatus
for området og med den reelle situasjonen i dag.
Området er lite eigna for seinare utviding eller nye byggetiltak. Dette gjeld særleg for offentlege tiltak
retta mot barn og unge.
Om ein skulle gå vekk frå hovudprinsippa nemnt ovanfor og leggja til rette for utviding av
ungdomsskulen og evt framtidig samlokalisering med ny vidaregåande skule, vil ei mogeleg løysing vera
å regulera om B1 eller B2 / B3 med tilgrensande park og naturområde til offentleg føremål og å innløysa
dette arealet.
Byråden si vurdering og tilråding
Byråden viser til grundig utgreiing av saka i fagnotatet. Tilrådd lokalisering av skuletomt internt innafor
planområdet er gjort ut frå ei tomteanalyse der vurdering av best mogeleg lokalklima, ras- og flaumfare
samt sikring av kvalitetar knytt til natur- og kulturlandskap er vektlagt. Fagnotatet peikar på området sine
unike og særeigne kvalitetar som har stor verdi for lokalsamfunnet når det gjeld rekreasjon, fysisk
aktivitet, biologisk mangfald og kulturhistorie. Ras- og flaumfare og krevjande lokalklima set grenser for
kva andre funksjonar området kan eigna seg for. Planforslaget viser derfor ei litt knapp tomt. Det vert vist
til gode naturkvalitetar rundt som kompensasjon for dette.
Byråden er innforstått med fagetaten sine vurderingar om at natur og kulturlandskapet på Seimsmyrane
er ein viktig del av Indre Arna sin identitet.
På den andre sida er området under utbyggingspress og
ligg innafor igangsett områdereguleringsplan for Indre
Arna. Avgrensinga for det arbeidet er vist med raud line
på kart t.h. Planarbeidet skal utgreie korleis det kan
leggjast til rette for ei bymessig utvikling som tek vare på
og styrkjer Indre Arna som attraktiv bydel. Seimsmyrane
er eitt av tre område som vert utgreidd for mogeleg
fortetting og byvekst. Dei to andre alternativa er utfylling
i Arnavågen, og byggesona sør for jernbaneområdet. Etter
at fagetaten leverte sitt fagnotat for denne plansaka, har
Etat for plan og geodata gjennomført ein muligheitsstudie
som mogleg innspel til vidare arbeid med
områdereguleringsplanen for Indre Arna.
Byråden har mottatt brev datert 04.05.2014 frå Idrettslaga i
Arna med forslag om at myra i Seimshola (Seimsmyra)
bør skiftast ut med tunellmassar frå ny jernbanetunnel mot
Bergen og at området vert lagt til rette for utviding av
idrettsanlegget på Seimsmyra. Byråden viser til at bruk av
området til massedeponi er vurdert , men ikkje tilrådd av fagetaten.
Hordaland fylkeskommune har i planprosessen spelt inn ønske om samlokalisering av ungdomsskule og
vidaregåande skule på Seimsmyra, ein såkalla 8-13 skule. Fylkestinget i Hordaland fylkeskommune
gjorde fylgjande samrøystes vedtak den 11.mars 2015:
«1 Fylkesrådmannen tilrår eit samarbeid med Bergen Kommune om reguleringsarbeidet på Seimsmyrane
slik at det vert tatt omsyn til eit framtidig vgs-tilbod i tilknyting til ungdomsskulen. Det vidare
reguleringsarbeidet og ny bydelsplan vil avgjere om Seimsmyrane er den best eigna lokaliseringa i Arna.
5
2 Eit 8-13-samarbeid skal avgjerast etter at reguleringsarbeidet på Seimsmyrane er avslutta.
3 Eit 8-13-samarbeid på Seimsmyrane skal utgreiast vidare med Bergen kommune innanfor ramma av
følgjande samarbeidsmodellar:
1. Samlokalisering: Skuleeigarar som no, ulike bygg for grunnskule og vidaregåande opplæring i felles
nærområde.
2. Sambruk: Skuleeigarar som no, men samarbeidsavtale om bygg med funksjonar i fellesskap som til
dømes kantine, spesialrom, fellesrom.
3. Samorganisering: Felles bygg og felles opplæringsverksemd gjennom samarbeidsavtale mellom
kommune og fylkeskommune. Arbeidsgjevaransvar som no, men samarbeid om kompetanse (disponering
av personalet og kompetanseutvikling).
4. Forsøk med 8-13-skule med ein felles skuleeigar og arbeidsgjevar for både grunnskule og
vidaregåande opplæring»
Byråden er positiv til ein slik tanke. Planforslaget slik det ligg føre, har ikkje drøfta tanken om 8-13 skule
inngåande og legg ikkje til rette for utviding av skuleområdet. I fagnotatet vert det likevel peika på
mogelegheiter for utviding av skuleføremål inn på deler av området med best eigna klima- og
tomtetilhøve. Dette gjeld eksisterande bustadtomter i sørvest langs Garnesvegen og bustadtomt i aust.
På bakgrunn av nemnde vedtak i Hordaland fylkesting, meiner byråden at planforslaget slik det no ligg
føre, må omarbeidast før offentleg høyring slik at det legg til rette for lokalisering av ny ungdomsskule og
vidaregåande skule innafor planområdet for Seimsmyra. Byråden innser samstundes at den foreslegne
utgreiing av saka for 8-13 skule, vil føre til at avklaring av plan for ny ungdomsskule no vil liggja lenger
fram i tid.
Byråden rår til at saka vert sendt tilbake til Etat for plan og geodata, som får i oppdrag å omarbeida
planforslaget i nær dialog med Hordaland fylkeskommune. Når det er gjort vert saka lagt fram på nytt for
offentleg ettersyn.
Vedtakskompetanse:
I fylgje bystyresak 294/13 er byrådet tildelt myndigheit etter plan og bygningsloven § 12-10, til å ta
stilling til om ein offentleg områdereguleringsplan skal leggast ut til offentleg ettersyn.
Byråden for byutvikling, klima og miljø innstiller til byrådet å fatte følgende vedtak:
1. Før planforslaget for Arna, gnr 286 bnr 4 m.fl Seimsmyrane, planID 63020000, datert 13.03.2014,
kan leggjast ut til offentlig ettersyn ber byrådet om at det vert omarbeidd for å leggja til rette for
samlokalisering av ungdomsskule og vidaregåande skule.
2.
Planforslaget skal utarbeidast i nær dialog med Hordaland Fylkeskommune.
Dato:
18. mars 2015
*** Ikke slett denne linje – elektronisk godkjenning flettes inn ***
Henning Warloe
byråd for byutvikling, klima og miljø
Vedlegg:
Fagnotat datert 21.03.2014
A. Plankart datert 13.03.2014
6
B.
C.
D.
E.
F.
G.
H.
Reguleringsføresegner datert 13.03.2014
Rapport Naturmangfald
Rapport Kulturminnegrunnlag
Rapport diverse fagtema
Oppsummering av merknader til oppstartsmeldinga
Brev frå idrettslaga i Arna datert 04.05.2015
Sak til Fylkestinget i Hordaland fylkeskommune med vedtak 11.03.2015
7