Invitasjon T1 - Stord Kyrkja

T1 KVELDSSONG FOR DEI SMÅ
T-DAGEN FOR BARN I STORD SOKN SOM FYLLER 1 ÅR I 2015
Hei!
Stord kyrkjelyd har gleda av å invitere deg og barnet ditt til T-dagen
T1 KVELDSSONG FOR DEI SMÅ. T1 er ein del av trusopplæringsprogrammet i Stord
kyrkjelyd, og er for barn som fyller 1 år i 2015, i følgje med ein vaksen.
Samlinga finn stad i Stord kyrkje 23. november kl.17:30 med ei song- og musikkstund.
Me syng tradisjonssongar og barnesongar, og nyttar rim og regler. Med enkle
rytmeinstrument lagar me musikk, og me høyrer ei forteljing frå Bibelen. Samlinga vert
avslutta med kveldsmat. Ta med nistemat - me ordnar kaffi, te, melk og juice.
Det er inga påmelding.
Velkommen til deg og barnet ditt!
På T1 får du:
• gode opplevingar med barnet ditt
• lære songar du kan bruke heime
• bordfellesskap rundt kveldsmaten
• fint sosialt fellesskap for barn og vaksne
• ei gåve frå kyrkjelyden
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord. Telefon: 53403430, Epost: [email protected]
Kva er T-dagen?
Dåp og opplæring høyrer saman. Foreldre, fadrar og
kyrkjelyd har eit felles ansvar for at barna skal få leve
og vekse i trua. Difor arbeider me med trusopplæring
i kyrkja. Trusopplæringa er for barn og unge i alderen
0-18 år.
Her hos oss organiserer me trusopplæringa i
T-dagar. Kvart år vil barna få tilbod om å vera med på
ein T-dag som har namn etter alderen på barnet. Til
dømes er T4 UNDRETUR OG FIREÅRSBOK T-dagen for
dei som fyller fire. T0 BABYSONG er den første Tdagen etter dåpen. No kjem T1 KVELDSSONG FOR
DEI SMÅ.
Alle T-dagar er ikkje på plass enda, men dei vil komma
i løpet av dei neste åra. Alle døypte barn i vår
kyrkjelyd vil difor etterkvart få tilsendt invitasjon til Tdag årleg. Alle barn er like velkomne, anten dei er
døypte eller ikkje.
Trusopplæringa skal også vera eit tilbod til alle,
uavhengig av funksjonsevne. Alle barn skal kunna ta
del, og me set difor pris på at foreldre tek kontakt slik
at me kan avtala tilretteleggjing der det trengst.
Velkommen til T-dagen med barnet!
Informasjon om T1:
DATO OG TID:
måndag 23. november kl 17:30-18:30.
STAD:
Stord kyrkje
PÅMELDING:
Det er ikkje påmelding til T1 KVELDSSONG FOR DEI SMÅ.
Velkommen til ei fin kveldsstund i kyrkja!
Venleg helsing Stord kyrkjelyd,
v/ kyrkjelydspedagog Barbro Høyland Andersen.
FØLG OSS PÅ
FACEBOOK!