Sakliste Årsmøte i Utdanningsforbundet Førde 2015 Dato: Fredag 13. mars 2015 Stad: Thon Hotel Førde Tal til stade: Av desse med stemmerett: Sak 1 Godkjenning av innkalling Framlegg til vedtak: Innkallinga vert godkjend Vedtak: Sak 2 Konstituering Sak 2.1 Val av møteleiar Framlegg til vedtak: Sindre Roska Vedtak: Sak 2.2 Val av referent Framlegg til vedtak: Hilde Kvamsås Aa Vedtak: Sak 2.3 Val av protokollunderskrivarar Framlegg til vedtak: Følgjande vert valde til å skrive under protokollen: 1) Arne Skadal 2) Jon Olav Leira Vedtak: 1 Sak 2.4 Val av redaksjonsnemnd Framlegg til vedtak: Følgjande vert valde til å: 1) Norvall Nøringset 2) Lisbeth Lauritsen 3) Gørild Benjaminsen Vedtak: Sak 3 Årsmelding 2014 Framlegg til vedtak: Den framlagde årsmeldinga vert godkjend Vedtak: Sak 4 Rekneskap 2014 Framlegg til vedtak: Den framlagde rekneskapen vert godkjend Vedtak: Sak 5 Retningsliner for arbeidet kommande periode Framlegg til vedtak: I komande årsmøteperiode skal lokallaget arbeide for følgjande, jf. vedlegg 3. A. Arbeide for gode løns- og arbeidsvilkår B. Arbeide for å styrke profesjonen til lærarar i skule og barnehage C. Arbeide for å skape større medlemsengasjement Vedtak: Sak 6 Budsjett 2015 Framlegg til vedtak: Det framlagde budsjettet vert godkjent Vedtak: 2 Sak 7 Innkomne saker Sak 7.1 Frå Førde barneskule: Kartlegging og dokumentasjon, vedlegg 5 Framlegg til vedtak frå Førde barneskule: Kartleggingar og testar utover det som er fastlagt nasjonalt må avtalast på den enkelte skulen eller på kommunalt plan mellom hovudtillitsvald og kommunalsjef. Læraren, som ser elevane dagleg har dei beste føresetnader for å vurdere kva elvane treng av kartlegging og oppfølging, og i kva retning han/ho må jobbe for å nå måla i læreplanen. Framlegg til vedtak frå styret i lokallaget: Styret i lokallaget går inn for at årsmøtet avviser saka og ber Førde barneskule fremme sine synspunkt i denne saka under sak 8.1. Styring eller fagleg handlingsrom? Vedtak: Sak 7.2 Frå Førde barneskule: Flytting av forhandlingsansvaret frå KS til staten Framlegg til vedtak: Årsmøtet til Utdanningsforbundet Førde støttar den framlagde uttalen frå Førde barneskule og vedtek å sende saka vidare til fylkesårsmøtet. (Jf. vedlegg 6) Vedtak: Sak 7.3 Frå Førde barneskule: Underbudsjettering i skulesektoren i Førde Framlegg til vedtak: Det må kome tydeleg fram for kommuneleiinga korleis tilstanden på dei ulike skulane er. Situasjonen har blitt verre for kvart år. Difor må Utdanningsforbundet jobbe for å snu denne negative utviklinga. (Jf. vedlegg 7) Vedtak: Sak 7.4 Frå pensjonistane: Politisk påverknad for pensjonistane Framlegg til vedtak: Årsmøtet i Utdanningsforbundet Førde støttar arbeidsgruppa si tilråding om å styrke pensjonistane sin påverknad i organisasjonen og sender saka vidare til fylkesårsmøtet. Utdanningsforbundet Førde lar framlegg til vedtektsendringar i §§ 61.3 og 66.2 verte gjeldande for lokallaget frå dags dato. (Jf. vedlegg 8) Vedtak: 3 Sak 7.5 Frå Kari Viken: Tilsetting av rektorar på åremål, vedlegg 9 Framlegg til vedtak frå Kari Viken: Utdanningsforbundet Førde støttar forslaget å innføre ordning med åremålstilsetting av rektorar ved skulane i Sogn og Fjordane, og ber om at Utdanningsforbundet jobbar vidare med saka på fylkesnivå. Framlegg til vedtak frå styret i lokallaget: Styret i lokallaget går inn for at årsmøtet avviser saka og ber forslagsstillar presentere saka for arbeidsgjevarar og fylkeskommunal leiing gjennom HTV-F sine kanalar. Vedtak: Sak 8 Saker frå styret Sak 8.1 Styring eller fagleg handlingsrom? Framlegg til vedtak: Lokallagsstyret i Utdanningsforbundet Førde tek med seg innspela frå debatten i det vidare arbeidet med saka. (Jf. vedlegg 10) Vedtak: Sak 8.2 Faglege karrierevegar Framlegg til vedtak: Lokallagsstyret til Utdanningsforbundet Førde skal vere proaktive i utviklinga av faglege karrierevegar i skule og barnehage og arbeide for punkta som er lista opp i vedlagde saksframlegg. (Jf. vedlegg 11) Vedtak: Sak 9 Val – framlegg frå valnemnda Sak 9.1 Val av leiar og nestleiar Verv Namn Medlemsgruppe Framlegg Leiar Rønnaug Dvergsdal Grunnskule 2015 - 2017 Framlegg Nestleiar Stig Johnny Fitje 2015 - 2017 Vidaregåande skule Periode Framlegg til vedtak: Rønnaug Dvergsdal vert vald til leiar. Stig Johnny Fitje vert vald til nestleiar. Leiar og nestleiar har disposisjonsrett til lokallaget sin bankkonto. Vedtak: 4 Sak 9.2 Hovudtillitsvalde Verv Namn Medlemsgruppe Periode Framlegg (attval) HTV-1 Stian Jakobsen Grunnskule 2015 - 2017 Framlegg HTV-2 Rønnaug Dvergsdal Grunnskule 2015 - 2017 Verv Namn Medlemsgruppe Periode Framlegg Styremedlem Ove Farsund Skuleleiar 2015 - 2017 Framlegg Styremedlem Inger Lise Helgås Barnehage 2015 - 2017 Framlegg (attval) Styremedlem Stian Jakobsen Grunnskule 2015 - 2017 Framlegg Ikkje på val Styremedlem Styremedlem Gøril Benjaminsen Annette Paulen Vidaregåande skule Barnehage 2013 - 2015 2014 - 2016 Ikkje på val Styremedlem Nathalie Trælnes Grunnskule 2014 - 2016 Ikkje på val Styremedlem Margunn Dyrdal Vidaregåande skule 2014 - 2016 Verv Namn Medlemsgruppe Periode Framlegg 1.vara Henrik Myklebust Grunnskule 2015 - 2017 Framlegg 2.vara Kristina Mundal Barnehage 2015 - 2017 Framlegg 3.vara Terje Nordbotten Vidaregåande skule 2015 - 2017 Vedtak: Sak 9.3 Val av styremedlemmer Vedtak: Sak 9.4 Val av varamedlemmer Vedtak: Sak 10 Val av valnemnd – eitt år, framlegg frå styret Namn Medlemsgruppe / arbeidsplass Periode Framlegg Ola Sølvberg Vgs. Hafstad vgs. 2015 – 2016 Framlegg Siri Brændmo Vgs, Mo og Øyrane vgs. 2015 – 2016 Framlegg Bård Aasnes Grunnskule, Førde barneskule 2015 – 2016 Framlegg Margunn Vallestad Grunnskule, Sunde skule 2015 – 2016 Framlegg Anette Olin Aamot Barnehage, Viebøen barnehage 2015 – 2016 Framlegg Tove Bente Kalstad Barnehage, Vieåsen barnehage 2015 – 2016 Framlegg Odd Hagen Leiar, Slåtten skule 2015 – 2016 Vedtak: 5 Sak 11 Fråsegner Sak 11.1 Styring eller fagleg handlingsrom? (Jf. vedlegg 12) Framlegg til vedtak: Fråsegna vert vedteken som ho ligg føre og send til fylkesårsmøtet. Vedtak: Sak 11.2 Faglege karrierevegar (Jf. vedlegg 13) Framlegg til vedtak: Fråsegna vert vedteken som ho ligg føre og send til fylkesårsmøtet Vedtak: Valmøte i samband med fylkesårsmøtet 2015 Sak 12 Saker til fylkesårsmøtet Sak 12.1 Styring og tillit Framlegg til vedtak: Delegatane til fylkesårsmøtet tek med seg innspel frå debatten om sak 8.2. Styring eller fagleg handlingsrom? og fremmar desse på fylkesårsmøtet. Vedtak: Sak 12.2 Kvalitet i barnehage og skule Framlegg til vedtak: Delegatane til fylkesårsmøtet tek med seg innspel frå debatten rundt sak 8.1. Faglege karrierevegar og fremmar desse på fylkesårsmøtet. Vedtak: Sak 12.3 Lønspolitikk Framlegg til vedtak: Delegatane til fylkesårsmøtet tek med seg innspel frå debatten rundt sak 7.1. Flytting av forhandlingsansvaret frå KS til staten og fremmar desse på fylkesårsmøtet. Vedtak: 6 Sak 13 Forslag til delegatar til fylkesårsmøtet – framlegg frå valnemnda 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 Vedtak: Sak 14 Medlemsgruppe Barnehage Barnehage Barnehage, leiar Grunnskule Grunnskule Grunnskule Grunnskule, leiar Vgo Vgo Vgo Vgo FAS Medlemsgruppe Delegat Greta Hetland Kristina Mundal Anette Olin Aamot Sissel Sande Rønnaug Dvergsdal Torhild Hvidsten Steinar Strømsli Hans Otto Holme Hilde Kvamsås Aa Margunn Dyrdal Gørild Benjaminsen Randi Berge Delegat Vara Ann Renate Helgås Annette Paulen Tove-Lise Habostad Henrik Myklebust Nathalie Trælnes Liv Folkestad Odd Hagen Stig Johnny Fitje Siri Brændmo Jostein Kåre Midtbø Ole Johnny Devik Gunn Karoline Fugle Vara 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 Forslag til kandidatar til fylkesstyret Framlegg til vedtak: Utdanningsforbundet Førde fremmar følgjande som kandidatar til fylkesstyret: Stian Jakobsen, Steinar Strømsli, Hilde Kvamsås Aa Vedtak: 7 Sak 15 Forslag til kandidatar til valkomiteen til fylkeslaget Framlegg til vedtak: Utdanningsforbundet Førde fremmar følgjande som kandidatar til valkomiteen til fylkeslaget: Sissel Sande og Rønnaug Dvergsdal Vedtak: Vedlegg 1: Årsmelding for Utdanningsforbundet Førde 2014 Vedlegg 2: Rekneskap: Balanserapport, resultatrapport og melding frå revisor Vedlegg 3: Retningslinjer for lokallaget sitt arbeid i årsmøteperioden 2015 Vedlegg 4: Budsjett for 2015 Vedlegg 5: Kartlegging og dokumentasjon Vedlegg 6: Flytting av forhandlingsansvaret frå KS til staten Vedlegg 7: Underbudsjettering i skulesektoren i Førde Vedlegg 8: Politisk påverknad for pensjonistane Vedlegg 9: Tilsetting av rektorar på åremål Vedlegg 10: Styring eller fagleg handlingsrom Vedlegg 11: Faglege karrierevegar Vedlegg 12: Fråsegn: Styring eller fagleg handlingsrom Vedlegg 13: Fråsegn: Faglege karrierevegar Godkjent ________________________ Stad, dato _____________________________ Protokollunderskrift ______________________________ Protokollunderskrift 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 Vedlegg 3 Årsmøtet i Utdanningsforbundet Førde 13. mars 2015 Sak 5. Retningslinjer for lokallaget sitt arbeid i årsmøteperioden 2015 Utdanningsforbundet sitt arbeid omfattar følgjande hovudområde: 1. Fag og utdanning 2. Løn og arbeidsvilkår 3. Organisasjon Vi har valt retningslinjer som går på tvers av desse hovudområda. Retningslinjene er generelle, men vil bli konkretiserte i handlingsplanen. Retningslinjene er eit viktig utgangspunkt for lokallaget sitt arbeid i kommande periode. A Arbeide for gode løns- og arbeidsvilkår B Styrke medråderetten Gjere medlemmer medvitne på lov og avtaleverk Arbeide for meir ressursar til skule og barnehage Arbeide for å få større pedagogtettleik i skule og barnehage Arbeide for å betre seniorpolitikken Arbeide for å styrke profesjonen til lærarar i skule og barnehage Styrke lærarane si påverkingskraft i utviklinga av skule- og barnehage Styrke etter- og vidareutdanningstilbodet for medlemmene Arbeide for å auke rekrutteringa Arbeide for positiv omtale av yrket C Arbeide for å skape større medlemsengasjement Styrke samarbeidet mellom lokallaga i Sunnfjord Styrke engasjementet blant medlemsgruppe barnehage og leiarar Auke klubbengasjementet Auke pensjonistengasjementet 20 Vedlegg 4 Budsjett 2015 for Førde lokallag Konto Benevnelse Budsjett Rekneskap Budsjett Rekneskap Budsjett Regnskap Budsjett Regnskap Budsjett 2015 2014 2014 2013 2013 2012 2012 2011 2011 Inntekt 3290 Kontingentinntekter -310 000 -303 496 -300 000 -289 829 -287 279 -304 900 -292 383 -312 061 -309 000 3910 Andre driftsinntekter (fri) 0 0 0 0 0 0 0 -652 0 Sum 3000-konti 5017 Møtegodtgj u/ feriepeng 5315 Honorar u/ feriepenger 5400 Arbeidsgiveravgift 5499 Tømmekonto pensj. Sum 5000-konti 6700 Revisorhonorar 6740 Frikjøp tillitsvalgte 6780 Honorar u/ oppgaveplikt 6800 Kontorrekvisita 6803 Datarekvisita 6806 Edb-utstyr over drift 6820 Trykksaker 6840 Aviser og abonnementer 6841 Faglitteratur 6890 Div. kontor- og adm. 6900 Telefon 6910 Linjekostnader IKT 6940 Porto-/postboksleige Sum 6000-konti 7110 Bilgodtgjering 7111 Passasjertillegg 7142 Flybilletter 7143 Andre reiseutgifter 7144 Hotell 7170 Leie kurs-/møterom 7171 Bevertning ved møter 7172 Deltakeravgi.møter/kurs 7190 Andre kurs/møte 7320 Annonser markedsfør. 7321 Profileringsmateriell 7420 Støtte andre org. 7422 Representasjon, gaver 7450 Stipend 7790 Streikekostnader 7900 45% regel Finans Sum 7000-konti 8040 Renteinntekter bank 8171 Bankgebyr 8962 Disp.årsres. fri egenkap. Sum 8000-konti Sum inntekter Sum utgifter Resultat -310 000 35 000 15 000 4 600 0 54 600 0 90 000 5 000 3 000 2 000 2 000 3 000 0 500 0 3 000 0 3 000 111 500 -303 496 -300 000 -289 829 -287 279 -304 900 -292 383 -312 713 -309 000 28 600 36 000 13 900 22000 21 100 20 000 18 650 10 900 10 000 7 000 12000 12 000 0 0 4 187 3 500 2 215 4000 3 649 2 000 1 977 0 0 0 -247 0 0 43 687 49 500 23 115 38 000 36 502 22 000 20 627 0 0 0 0 0 10 500 10 500 10 500 10 500 94 345 85 000 87 871 95 000 78 265 100 000 87 527 100 000 0 5 000 5 000 0 0 7 000 9 000 24 000 656 1 000 3 690 500 130 2 000 1 997 2 000 5 900 500 5 900 500 0 3 000 7 569 1 500 1 688 2 000 11 265 4 000 589 3 000 5 055 8 000 0 6 000 9 926 5 000 4 263 3 000 2 917 2 000 0 0 0 4 665 0 4 563 4 100 0 500 266 500 549 0 0 750 5 3 000 558 500 0 500 220 1 500 6 000 0 0 0 0 0 5 998 3 000 0 0 0 0 2 890 6 000 6 014 4 000 3 918 4 000 4 253 3 000 111 484 109 000 130 490 110 000 102 879 133 000 139 599 160 350 0 0 0 2 000 0 0 0 500 1 500 0 2 000 0 2 000 1 311 2 000 2 989 0 2 000 1 081 0 0 2 000 3 743 2 000 645 9 000 6 000 5 800 3 200 2 980 6 000 5 007 3 000 1 384 5 000 15 000 15 344 11 000 11 350 11 000 10 900 10 000 15 200 0 95 000 80 998 100 000 107 470 100 000 98 302 110 000 107 066 125 000 0 0 0 0 0 4 481 10 000 11 787 15 000 0 430 2 000 1 372 10 000 1 448 0 0 2 000 0 2 000 681 1 500 16 100 4 000 9 732 3 000 12 000 19 525 10 000 9 333 8 000 0 0 0 0 0 11 477 6 000 6 687 1 500 12 000 10 409 12 000 8 836 7 000 3 962 0 0 0 0 0 1 789 0 0 690 0 8 006 145 500 142 283 142 200 143 811 150 000 156 729 147 000 155 490 158 500 -351 -1 000 -1 041 -1 000 -996 -850 -872 -1 000 244 300 237 300 227 250 244 250 0 0 0 0 -2375,06 -107 -700 -804 -700 -770 -600 -3 003 -750 Budsjett Rekneskap Budsjett Rekneskap Budsjett Rekneskap Budsjett Rekneskap Budsjett 2015 2014 2014 2013 2013 2012 2012 2011 2011 -310 000 -303 496 -300 000 -289 829 -287 279 -304 900 -292 383 -312 713 -309 000 311 600 297 347 300 000 296 612 297 300 295 341 301 400 312 713 318 100 1 600 -6 149 0 6 783 10 021 -9 559 9 017 0 9 100 21 Vedlegg 5 Årsmøtet i klubben ved Førde barneskule har følgjande forslag til vedtak på årsmøtet til Utdanningsforbundet, avd. Førde Kartlegging og dokumentasjon. Årsmøtet i klubben ved Førde barneskule meiner følgjande om saka: Slik vi ser det gjev kartleggingsplanen i Førde kommune oss to store utfordringar: 1. Den er ein stor tidstjuv i Førde kommune, fordi det går mykje tid til førearbeid, gjennomføring og etterarbeid. Dette går utover viktig undervisningstid. 2. Planen er for styrande for arbeidet til lærarane. Vi ynskjer å bli tatt på alvor som fagpersonar; det å påleggje oss ein så detaljert og omfattande kartleggingsplan, er å undervurdere kompetansen og dømekrafta til lærarane i kommunen. Læraren ser elevane dagleg og har dei beste føresetnader for å vurdere kva elevane treng av kartlegging og oppfølging - og i kva retning det må jobbast for å nå måla i læreplanen. Kommunen må ha som utgangspunkt at lærarane er kompetente i si gjerning. Framlegg til vedtak: Kartleggingar og testar utover det som er fastlagt nasjonalt må avtalast på den enkelte skulen eller på kommunalt plan mellom hovudtillitsvald og kommunalsjef. Læraren, som ser elevane dagleg har dei beste føresetnader for å vurdere kva elvane treng av kartlegging og oppfølging, og i kva retning han/ho må jobbe for å nå måla i læreplanen. Styret i lokallaget fremmar følgjande framlegg til vedtak: Styret i lokallaget går inn for at Førde barneskule si sine synspunkt i denne saka vert handsama under sak 8.1. Styring eller fagleg handlingsrom 22 Vedlegg 6 Flytting av forhandlingsansvaret frå KS til Staten. Framlegg til vedtak på årsmøtet i UDF avd.Førde: Dei siste ti åra har KS hatt forhandlingsansvaret for lærarane. Det har ført til redusert lønsutvikling, med påfølgande fråfall frå læraryrket. Streiken i haust var mot eit KS som har mista alt truverde som ein arbeidsgjevar bør ha. Streiken synte oss at Regjeringa med kunnskapsministeren i spissen slapp unna ansvaret for utdanningspolitikken ved å vise til at ansvaret ligg «hos partene». 40 000 lærarar med relativt ny utdanning har nyleg slutta som lærarar. 10 000 lærarar arbeider i skulen uten godkjent utdanning. 38 000 lærarar vil mangle i løpet av dei neste ti åra. 60 prosent av lærarane mellom 30 og 44 år vurderer å slutte som lærar. Det har vore brot mellom lærarorganisasjonane og KS dei fire siste oppgjera. Dette burde være et tydeleg signal til alle om at tilliten mellom skulen og KS er på eit lågmål, ikkje minst etter årets arbeidstidsforhandlingar. No treng vi at Staten tek tilbake forhandlingsansvaret for lærarane. Dette vil gjere det lettare for sentrale politikarar å nå sine mål for einskapsskulen. Og lettare for lærarorganisasjonane og vise kvar ansvaret ligg. Det blir lettare å plassere ansvaret for likeverdig opplæring for alle barn i heile landet. Dette bør bli vedtatt av Utdanningsforbundet sitt landsmøte i 2015. Førde 17.11.2014 Klubben ved Førde barneskule 23 Vedlegg 7 Årsmøtet i klubben ved Førde barneskule har følgjande forslag til vedtak på årsmøtet til Utdanningsforbundet, avd. Førde Underbudsjettering i skulesektoren i Førde. Årsmøtet i klubben ved Førde barneskule meiner at Utdanningsforbundet bør setje fokus på underbudsjettering i skulesektoren i Førde. Det har pågått i mange år, og etter kvart vert verknadene så store at ein ikkje greier å skjule dei i «systemet» lenger. Døme: • Skular må bruke lærartimar til å auke opp assistenttimepotten. • Skular må ta frå rammetimar for å auke B-timepotten (spesialundervisning). Det blir likevel ikkje nok ressursar til å gje elevane tilrådd spesialundervisning. • Skular får ikkje kompensert for livsfasetiltak/eldre arbeidstakarar over 55/60 år. • Integreringstilskotet er tatt vekk og utgifter til integrering må dekkjast frå eiga ramme. • Bygningsmassen på mange skular er nedsliten. Inventar og utstyr manglar eller er i dårleg stand. • Det er ikkje nok pengar til oppdaterte skulebøker og anna materiell. Framlegg til vedtak: Det må kome tydeleg fram for kommuneleiinga korleis tilstanden på dei ulike skulane er. Situasjonen har blitt verre for kvart år. Difor må Utdanningsforbundet jobbe for å snu denne negative utviklinga. 24 Vedlegg 8 Politisk påverknad for pensjonistane Bakgrunn Før landsmøte 2012 hadde det sentrale styret for pensjonistane utarbeidd fleire framlegg til vedtektsendringar. Framlegga handla i stor grad om betre representasjon i ulike fora og auka mulegheit for medverknad, i tillegg til «stemmerett i saker som gjelder egen medlemsgruppe.» Landsmøtet slutta seg til nokre av framlegga, men ikkje alle. Landsmøtet vedtok i tillegg følgjande: «Sentralstyret tar et initiativ overfor pensjonistene om et samarbeid for å vurdere vilkårene for politisk innflytelse. Representanter for fylkes- og lokallag involveres. Arbeidsutvalget får fullmakt til å ferdigstille mandat for gruppa.» Arbeidsutvalet vedtok mandat og oppnemnde 7 medlemmer til arbeidsgruppa frå sentralplan, fylkesplan og lokalplan. Arbeidsgruppa sine tilrådingar Arbeidsgruppa tilrår at det blir lagt betre til rette for deltaking og medverknad på alle nivå. Noko av dette vil fordre vedtektsendringar, noko kan løysast gjennom retningslinjer. Det bør vere eit visst handlingsrom på dei ulike nivåa. Vedtektsendringar Landsmøte/fylkesårsmøte/delegatårsmøte: o Arbeidsgruppa konkluderer med at dagens ordning er tilfredsstillande. Sentalstyre/fylkesstyre/lokallagsstyre: Arbeidsgruppa tilrår endring av vedtektene. Endringsforslaga er kusiverte. o §33.3: Fast møtande varamedlemmer av sentralstyret blir kalla inn med tale- og forslagsrett. I tillegg kallar ein inn leiar av studentorganisasjonen og leiar av det sentrale styret for pensjonistar, begge med tale- og forslagsrett. Sentralstyret kan… (resten som no) o §47.3: Varamedlemmer av fylkesstyret kan kallast inn med tale- og forlagsrett. I tillegg kallast inn ein representant for pensjonistane og til vanleg ein representant for studentorganisasjonen, begge med tale- og forslagsrett. Fylkesstyret kan innvilge… (resten som no) o §61.3: Varamedlemmer av lokallagsstyret kan kallast inn med tale- og forslagsrett. I lokallag med lærarutdanningsinstitusjon kallast om mogleg ein representant for studentorganisasjonen med tale- og forslagsrett. Dersom det er oppnemnd eit pensjoniststyre, eventuelt ein pensjonistkontakt, kallast inn ein representant med tale- og forslagsrett. Lokallagsstyret kan…. (resten som no) o §66.2: Lokallagsstyre kan oppnemne eit styre for pensjonistmedlemmer innanfor lokallaget, eventuelt ein pensjonistkontakt. Oppnevninga bør skje i samråd med pensjonistar innanfor lokallaget. Det skal oppnevnast eit styremedlem i lokallaget som er ansvarleg for arbeidet med pensjonistane. Vedlegg 8 25 Retningslinjer Arbeidsgruppa tilrår at retningslinjene blir gjennomgått med tanke på å få integrert pensjonistarbeidet. I tillegg må ein vurdere om det er trong for å utarbeide eigne retningslinjer for arbeidet med pensjonistmdlemmer på fylkes- og lokalplan. Det sentrale styret for pensjonistane bør delta i ein slik gjennomgang av retningslinjene. Gjennom arbeidet med «Håndbok for drift og ledelse av fylkes- og lokallag» må det vurderat på kva måte pensjonistarbeidet skal ivaretakast. Skulering Arbeidsgruppa tilrår at arbeid med pensjonistmedlemmene blir lagt inn som ein del av skuleringa av tillitsvalde på ulike nivå.Vidare går ein inn for at det blir ei samling til med pensjoniststyreleiarane i fylka der tema blir praktisk retta mot pensjonistarbeidet i fylkes- og lokallag. For å styrke dei tillitsvalde for pensjonistene, er det høve til, etter søknad, å delta på kurs i tillitsvaldopplæringa der dette er relevant for utføring av vervet. Økonomi Arbeidsgruppa tilrår at det sentrale styret for pensjonistar blir involvert i arbeidet med gjenomgang av kontingentfordelingsprinsippa. Forholdet til UNIO og Landslaget for offentlege pensjonistar (LOP) Arbeidsgruppa har ikkje tilrådingar på dette saksfeltet, men meiner det bør vurderast om det skal utgreiast kva konsekvensar ei eventuell innmelding i LPO vil få for Utdanningsforbundet sine medlemmer. Arbeidsgruppa er klar på at pensjonistane først og fremst ynskjer eit medlemskap i Utdanningsforbundet, og at eit eventuelt medlemskap i LOP må komme i tillegg. Framlegg til vedtak: Årsmøtet til Utdanningsforbundet Førde støttar arbeidsgruppa si tilråding om å styrke pensjonistane sin påverknad i organisasjonen og sender saka vidare til fylkesårsmøtet. Utdanningsforbundet Førde lar framlegg til vedtektsendringar i §§ 61.3 og 66.2 verte gjeldande for lokallaget frå dags dato. 26 Vedlegg 9 Sak til årsmøtet i Utdanningsforbundet Førde 2015 Tilsetting av rektorar på åremål. Grunngjeving for fremjing av saka: Å vere rektor på ein skule ser vi på som ein av dei viktigaste leiarjobbane ein kan ha. Med tilsetting på åremål kan ein unngå at rektorar som ikkje følgjer opp sitt leiaransvar, blir sittande på ubestemt tid. Å tilsette i åremål vil seie å tilsette på ein tidsavgrensa periode. Normalt har vi tilsetting på åremål for ein periode på 6 år, med mulegheit til forlenging med maks 6 nye år. (https://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2015/KAPITTEL_2-2-8#KAPITTEL_2-2-8) Andre fylke har åremålstilsetting. T.d. tilset Vest-Agder fylke alle rektorar i dei vidaregåande skulane i fylket på åremål. Slik tilsetting har òg vore vanleg i ulike stillingar og leiarstillingar ved fleire høgskular og universitet i Noreg i mange år. Forslag til vedtak: Utdanningsforbundet Førde støttar forslaget å innføre ordning med åremålstilsetting av rektorar ved skulane i Sogn og Fjordane, og ber om at Utdanningsforbundet jobbar vidare med saka på fylkesnivå. Forslagsstillar: Kari Viken, Hafstad vidaregåande skule 27 Vedlegg 10 Styring eller fagleg handligsrom? 2014 var året då lærarar gjekk i kamp for profesjonen. Dei siste 10-15 åra har styresmaktene vist stor interesse for styringa av kvalitetsutviklinga i skule og barnehage. Ei rekkje satsingar og strategiar er sette i verk, både nasjonalt og lokalt, og minst like mange undersøkingar og kartleggingar skal vise om tiltaka verkar. Lærarar har eit stort og viktig samfunnsmandat. Det inneber planlegging, undervisning og vurdering, men også utvikling av haldingar, dugleikar og danning. Lærarane tek ansvaret på største alvor og strekkjer seg langt for at opplæringa skal bli så god som råd. Gode relasjonar med barn og elevar legg grunnlaget for læring og danning. I møte med foreldre og barn, gjer vi greie for måloppnåing og utvikling. Likevel vil styresmaktene kontrollere arbeidet gjennom lover, forskrifter, rundskriv, prøver, kartleggingar og tilsyn. I samband med Tidsbrukutvalet sitt arbeid og St.meld. Tid til læring (2009-2010), kom det fram at lærarane brukar mykje tid på rapportering og dokumentasjon. Krava til dette har auka dei siste åra, både for lærarar og skuleleiarar. Tidsbrukutvalet sa at lærarane måtte bruke tida si på kjerneoppgåvene – undervisning, vurdering og planlegging av undervisning. Utvalet meinte også at talet på nasjonale handlingsplanar og strategiar burde reduserast. Likeeins måtte skuleeigar vere tilbakehalden med lokale krav om kartlegging og dokumentasjon. I desember 2014 kom ein ny rapport om tidstjuvar i skulen. Denne viste mykje av det same som for vel 5 år sidan. Kunnskapsministeren seier han vil ta initiativ til at departementet og direktoratet går grundig gjennom dei nasjonale rapporteringskrava. Han seier også at lokale skuleeigarar må vurdere sine krav. I fjor prega Sandefjordsaka mykje av den utdanningspolitiske debatten. Her gjorde lærarar opprør mot kommunen si detaljstyring, og dei vann fram. I vinter har vi diskutert barnehagen sitt vurderingsarbeid. Styrarar og barnehagelærarar har utdanning og erfaring i å gje barn eit godt pedagogisk tilbod og vurdere korleis opplegget rundt kvart enkelt barn bør vere. Likevel legg eit høyringsforslag opp til at barnehageeigar skal vurdere kva for system, verktøy eller metode som skal brukast for å vurdere og dokumentere barn si utvikling. I Førde kommune sin overordna handlingsplan for 2014–2017, les vi om grunnskulen at: «Det skal gjennomførast kartleggingsprøver på alle steg som har sentralt utarbeidde prøver, og målet er: 90 % av elevane/delprøvene skal vere over kritisk grense.» I 2014 utgjorde dette 8 ulike prøver for 1.- 4. trinn. Frå sentralt hald er berre halvparten av prøvene obligatoriske. I tillegg kjem dei nasjonale prøvene for 5., 8. og 9. trinnet. For skuleåret 2014/2015 vart det laga ei oversikt over kartleggingar som skal gjennomførast på kvart steg i barneskulen. Samla sett utgjer dette minst ni ulike kartleggingar på kvart årstrinn. 28 Når det gjeld barnehagane i Førde kommune skal: «... TRAS legge grunnlaget for at heile barnehagen har fokus på barna si språkutvikling og resultata skal vere grunnlag for refleksjon og utvikling av tilbodet barnehagen gjev borna. … Før barnet sluttar i barnehagen, skal 95% av barna ha nådd mål for sin alder slik det er definert i TRASskjema.» Vidare kan vi lese følgjande mål om sosial kompetanse: «Barnehagen skal ha system for å kunne dokumentere barna sin sosiale kompetanse, og det skal i Førde kommune lagast ein plan for å sikre at dette fungerer.» Førde kommune har i fleire år vist gode resultat. Tydeleg og sterk styring av skule og barnehage er ei viktig årsak til desse positive resultata. Til debatt: Ta stilling til følgjande utsegner: 1) Kommunen er pliktig til å oppfylle elevane sin rett til grunnskuleopplæring og barna sin rett til barnehageplass. Det er rett og rimeleg at eigar skaffar seg oversikt over kvaliteten på tilbodet er og er aktiv i å styre og utvikle dette. Godt utviklingsarbeid i skule og barnehage føreset at ein veit korleis nosituasjonen er. Derfor må ein kartlegge og samle inn resultat. 2) Det er lærarane som sit på kunnskapen om elevane si faglege og sosiale utvikling. Derfor må dei kunne vurdere kva som trengs for å gje eit godt opplæringstilbod. Lokale og nasjonale styresmakter må stole på at lærarane gjer jobben sin utan detaljstyring. Forslag til vedtak: Lokallagsstyret i Utdanningsforbundet Førde tek med seg innspela frå debatten i det vidare arbeidet med saka. 29 Vedlegg 11 Faglege karrierevegar Bakgrunn for saka Regjeringa har som ein del av Lærerløftet løyvd midlar til eit prøveprosjekt frå august 2015. Fleire grunnog vidaregåande skular skal gjennomføre forsøksordningar med lærarspesialistar. Dette er ein del av arbeidet med faglege karrierevegar, og pilotforsøka skal gå over to år. Lærarspesialistane skal dele kunnskap og læring med kollegaene sine og dermed bidra til fagleg utvikling for heile skulen. I forsøket fokuserer ein på spesialistar innan realfag eller norsk med særleg vekt på grunnleggande lese- og skriveopplæring. KS er jamt over positive til regjeringa sitt framlegg om lærarløft, men tek atterhald om vidareutdanningsstrategien. Dei ønskjer seg heller skulebasert, kollegial kompetanseheving. Om faglege karrierevegar er dei tause. På landsmøtet i 2012 vedtok Utdanningsforbundet at vi skal jobbe for å definere og utvikle faglege karriereveger for lærarar i barnehagar og skular. Sidan då har saka vore oppe i representantskapet, sentralstyret og fylkesstyra. Vinteren 2012/2013 sende lokallaget saka om faglege karrierevegar ut til drøfting i klubbane. Noko av det medlemane såg som aktuelle faglege karrierevegar var: ‒ ‒ ‒ fagleiar for definerte område, skulefaglege eller profesjonsfaglege mentor for nytilsette kollegarettleiar med fokus på formidlingsevne Det vart også hevda at systemet må ha krav om formell kompetanse, læraren sjølv må ønskje karrierevegen og må oppleve han som meiningsfull med tanke på kvalitet og fordjuping i yrkesutøvinga. Faglege karrierevegar er verken noko nytt eller særnorsk fenomen. Allereie i 2009 laga Utdanningsforbundet eit temanotat om emnet. Her vart det vist til vurderingar og erfaringar frå Sverige og Skottland. Lærarar har tradisjonelt arbeidd i flate strukturar. Det kan sjå ut til at medlemene uttrykker skepsis til det å skape hierarkiske strukturar mellom lærarane. Proaktiv haldning mot farbare vegar Lokallaget vil å ha ei proaktiv haldning til saka. Vi fremjar saka for å skape debatt og få mandat til å definere kva faglege karrierevegar kan vere, og kva det ikkje skal vere. Førdeskulen har eit system med funksjonar der tilsette kan nytte kompetansen sin innanfor visse område utan å gå ut av undervisning. Døme på dette er funksjonar for IKT og spesialpedagogikk. Desse funksjonane gjev relativt store lønstillegg, og læraren får tid til å gjere arbeidet. Funksjonane vert utlyste internt, og det er knytt formelle kompetansekrav til dei. Styret ønskjer å bruke funksjonssystemet som grunnlag for å og skape gode faglege karrierevegar innanfor gjeldande tariffavtale og lønssystem. Det er eit mål å byggje eit liknande system i barnehagesektoren. Vi ser det som viktig at faglege karrierevegar: 30 ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ Stimulerer til kompetanseheving og fagleg fordjuping Skaper delingskultur og profesjonsutvikling Skaper utvikling til beste for eleven og barna, ikkje for rapporteringsbyråkratiet Er knytt til tidsressursar og lønstillegg Er knytt til objektive kriteria som formell kompetanse og erfaring Varsel om blindvegar Etter eit særs turbulent år, er det viktig at organisasjonen åtvarar mot blindvegar og ei uakseptabel utvikling. Faglege karrierevegar skal ikkje ta frå oss opparbeidde rettar. Vi må definere kva som ikkje er faglege karrierevegar: ‒ ‒ ‒ Ei sertifiseringsordning er ikkje ein fagleg karriereveg innafor gjeldande avtaleverk Å innføre plikt til kompetanseheving der ansiennitetsutviklinga stoppar om ein ikkje tek etter- og vidareutdanning er ikkje ein fagleg karriereveg, men ein disiplineringsmetode Å innføre eit praksisår på svekka løns- eller tilsetjingsvilkår er ikkje ein fagleg karriereveg, men eit brot på Arbeidsmiljølova Framlegg til vedtak Lokallaget skal vere proaktive i utviklinga av faglege karrierevegar i skule og barnehage. For grunnskulesektoren skal styret arbeide for at Eksisterande funksjonssystem dannar grunnlag for faglege karrierevegar med føresetnad om at det vert avsett tid til å gjere oppgåvene og lønstillegg for meiransvar. Funksjonane som først skal bli faglege karrierevegar er spesialpedagogisk ansvarleg, IKT-ansvarleg og fagleiarar i matematikk, norsk og engelsk Funksjonane må vere moglege å søkje på, og det må knytast objektive krav til innehavarane som til dømes formell kompetanse og erfaring For barnehagesektoren skal styret arbeide for at Det vert tilsett fleire pedagogar på kvar avdeling Barnehagane opprettar funksjonar innanfor eigne satsings- og utviklingsområde, til dømes spesialpedagogikk, IKT, ute- eller musikkaktivitetar. Det må setjast av tid til å gjere oppgåvene og lønstillegg for meiransvar. Funksjonane skal gje lønstillegg For VGO-sektoren skal styret arbeide for at Karrierevegar skal knytast til faglege, pedagogiske og skuleutviklande oppgåver. Karrierestillingar skal ikkje knytast opp mot leiarstillingar, og ein innehavar av ei slik stilling må få tid til å utføre oppgåvene og lønstillegg for meiransvar. Karrierestillingar må vere moglege å søkje på, og det må knytast kriterium til innehavarane som relevant formell kompetanse, realkompetanse og erfaring. Karrierestillingar kan vere på skule– og fylkesnivå, dvs på tvers av skular i VGO. 31 Vedlegg 12 Fråsegn Styring eller fagleg handlingsrom? 2014 var året då lærarar gjekk i kamp for profesjonen. Dei siste 10-15 åra har styresmaktene vist stor interesse for styring av kvalitetsutvikling i skule og barnehage. Ei rekkje nasjonale og lokale satsingar og strategiar er sette i verk, og minst like mange undersøkingar og kartleggingar skal vise om tiltaka verkar. Lærarar har eit stort og viktig samfunnsmandat. Det inneber planlegging, undervisning og vurdering, men også utvikling av haldingar, dugleikar og danning. Lærarane tek ansvaret med største alvor og strekkjer seg langt for at opplæringa skal bli så god som råd. Gode relasjonar med barn og elevar legg grunnlaget for læring og danning. I møte med foreldre og barn gjer vi greie for måloppnåing og utvikling. Likevel vil styresmaktene kontrollere arbeidet gjennom lover, forskrifter, rundskriv, prøver, kartleggingar og tilsyn. I samband med Tidsbrukutvalet sitt arbeid og St.meld. Tid til læring (2009-2010), kom det fram at lærarane brukar mykje tid på rapportering og dokumentasjon. Krava til dette har auka dei siste åra, både for lærarar og skuleleiarar. Tidsbrukutvalet sa at lærarane måtte bruke tida si på kjerneoppgåvene – undervisning, vurdering og planlegging av undervisning. Utvalet meinte også at talet på nasjonale handlingsplanar og strategiar burde reduserast. Likeeins måtte skuleeigar vere tilbakehalden med lokale krav om kartlegging og dokumentasjon. I desember 2014 kom ein ny rapport om tidstjuvar i skulen. Denne la fram mykje av det same som for vel 5 år sidan. Kunnskapsministeren seier han vil ta initiativ til at departementet og direktoratet går grundig gjennom dei nasjonale rapporteringskrava. Han seier også at lokale skuleeigarar må vurdere sine krav. I fjor prega Sandefjordsaka mykje av den utdanningspolitiske debatten. Her gjorde lærarar opprør mot kommunen si detaljstyring, og dei vann fram. I vinter har vi diskutert barnehagen sitt vurderingsarbeid. Styrarar og barnehagelærarar har utdanning og erfaring i å gje barn eit godt pedagogisk tilbod og vurdere korleis kvart enkelt barn sitt opplegg bør vere. Likevel legg eit høyringsforslag opp til at barnehageeigar skal vurdere kva for system, verktøy eller metode som skal brukast for å vurdere og dokumentere barn si utvikling. 32 Regjeringa vil setje i gang eit omfattande arbeid for å effektivisere offentleg sektor. Dette inkluderer mange etatar og omfattar både strukturendringar, digitalisering og konkurranseutsetjing. Regjeringa seier dei er klar over at det i tenester der nær kontakt med enkeltpersonar er ein sentral del av tilbodet, vil det vere vanskeleg å redusere arbeidsinnsatsen utan å redusere kvaliteten på tenesta. Dette kan gje von om at utdanningssektoren vert skåna for sterke krav om effektivisering. Men regjeringa vil også legge auka vekt på resultat og konkurranse. Resultat- og rapporteringssystem gjev viktig styringsinformasjon og grunnlag for gode avgjerder om vidare utvikling. Dette kan tyde på at krava om kartlegging og rapportering slett ikkje vil bli færre. Utdanningsforbundet Førde meiner det er svært viktig at alle nivå i organisasjonen kjempar for at lærarar får tid og tillit til utøve yrket sitt. Dagens måle- og registreringssregime og tankar om at konkurranse skaper kvalitet tener ikkje utdanningssektoren. Tida saman med barna og elevane må brukast til opplæring og danning. Vi treng mange nye lærarar i åra framover. Dei må oppleve at jobben dei gjer er viktig både for barn og elevar, foreldre og samfunnet. 33 Vedlegg 13 Fråsegn til fylkesårsmøtet Faglege karrierevegar Mange skular har eit system med funksjonar. Dette viser at skulen har behov for lærarar med eit spesielt ansvar og spesiell kompetanse. Utdanningsforbundet må bidra til at faglege karrierevegar også vert teke i bruk i barnehagesektoren. Vi ser det som viktig at faglege karrierevegar: ‒ Stimulerer til kompetanseheving og fagleg fordjuping ‒ Skaper delingskultur og profesjonsutvikling ‒ Skaper utvikling til beste for eleven og barna, ikkje for rapporteringsbyråkratiet ‒ Er knytt til tidsressursar og lønstillegg ‒ Er knytt til objektive kriteria som formell kompetanse og erfaring Faglege karrierevegar skal ikkje ta frå oss opparbeidde rettar. Utdanningsforbundet må vere med å definere kva som ikkje er faglege karrierevegar: ‒ Ei sertifiseringsordning er ikkje ein fagleg karriereveg innafor gjeldande avtaleverk ‒ Å innføre plikt til kompetanseheving der ansiennitetsutviklinga stoppar om ein ikkje tek etter- og vidareutdanning er ikkje ein fagleg karriereveg, men ein disiplineringsmetode ‒ Å innføre eit praksisår på svekka løns- eller tilsetjingsvilkår er ikkje faglege karrierevegar, men eit brot på Arbeidsmiljølova Årsmøtet i Utdanningsforbundet Førde 34
© Copyright 2024