INFORMASJONSHEFTE FOR NAUSTDAL BARNE- OG UNGDOMSSKULE 2014-2015 PRAKTISK INFORMASJON TIL ELEVAR OG FORELDRE VELKOMNE TIL OSS! Adr: Berrvellene 16, 6817 NAUSTDAL Pb 14, 6806 NAUSTDAL E-post: [email protected] Tlf: 57 81 63 00 Heimeside: www.nbuskule.no NAUSTDAL KOMMUNE Alle foto: Naustdal barne- og ungdomsskule 1 VELKOMNE som elevar, føresette og tilsette på Naustdal barne- og ungdomsskule (NBU). Heftet inneheld litt samla informasjon om skulen vår som vi håpar kan vere til nytte. Vi vil oppdatere innhaldet kvart år og sende heftet som ranselpost med elevane. Informasjonsheftet vil også vere tilgjengeleg på ClassFronter og heimeside vår. INNHALDSLISTE: Opplæringslova og Læreplanen (Kunnskapsløftet ) Fakta om Naustdal barne- og ungdomsskule Skulen sin visjon og arbeidsplattform Læringsmiljø og ART Utviklingsarbeid ved skulen Stor aktivitet i friminutta på Horstad: Vennskapsringen til: Jo mere vi er saman Vaksne skaper vennskap Lærings- og informasjonsplattforma ClassFronter Timeoversikt / arbeidsplan / vekeplan / lekseplan Nye valfag Ekskursjons- og aktivitetsplan Klede og utstyr Matpakke og skulemjølk. Frukt – og grønsakordning Skulebøker og materiell Kroppsøving og symjing Bibliotek/mediatek, data, Skulefritidsordning (SFO) Lekselesing Pause- og fysisk aktivitet Skuleveg og SFO Kontakt mellom skule og heim Utviklingssamtale, elevsamtale og foreldremøte Foreldrekontakt, foreldreråd ( FAU ), Samarbeidsutval ( SU), Skulemiljøutval Skulerute, info Sjukdom og/ eller skade Erstatning ved tap og øydelegging Sentrale samarbeidspartar Skulehelsetenesta, info Permisjon frå opplæringa Organisering og personale Kontaktinformasjon Samarbeidspartar Klassekontaktar Ulike råd og utval Skuleruta 2014-2015 s. 2 s. 2 s. 3 s. 3 s. 3 s.4 s. 4 s. 5 s. 5 s. 6 s. 6 s. 7 s. 8 s. 8 s. 8 s. 8 s. 8 s. 8 s. 9 s. 9 s. 9 s. 9 s. 9 s. 10 s. 10 s. 10 s. 10 s. 10 s. 11 s. 12 s. 12 s. 13 s. 14 s. 14 s. 15 s. 16 OPPLÆRINGSLOVA OG LÆREPLAN (KUNNSKAPSLØFTET) Opplæringslova regulerer grunnskuleopplæringa. Lovverket regulerer plikter og rettar elevane har i opplæringa. § 2-1 seier at barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ei offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Opplæringslova med forskrifter finn de på www.lovdata.no . Læreplanen Kunnskapsløftet er ei forskrift. Læreplanen regulerer fag- og timefordeling på kvart årssteg. Kompetansemåla i Kunnskapsløftet syner kva kompetanse elevane skal ha i kvart fag etter 4, 7 og 10 års grunnskuleopplæring. Lokale læreplanar i faga, er lagra på skulerommet (ClassFronter) FAKTA OM NAUSTDAL BARNE- OG UNGDOMSSKULE Naustdal barne- og ungdomsskule (NBU) er ein kombinert barne- og ungdomsskule med i overkant av 300 elevar og er lokalisert midt i Naustdal sentrum. Fordi vi no er starta på ei lenge etterlengta utbygging, har vi denne hausten elevar på to ulike stader i Naustdal. 1.-4. årstrinna og SFO har sine undervisningslokale i skulebygget på Horstad. I løpet av sommaren er bygget blitt pussa opp og uteområdet er fornya. Det er også gjort tekniske forbetringar både inne og ute for å sikre elevar og tilsette. Med 105 elevar fordelt på 5 klassar og med 13 tilsette, er skulebygget fullt, men alle ser ut til å ha funne seg vel til rette. Dei fleste av elevane nyttar no skulebuss, og dette ser også ut til å fungere fint. Naustdal barne og ungdomsskule Side 2 25.02.2015 I sentrum har elevane frå 5.- 10.årsstega sine undervisningslokale. I sommar har det blitt innreia midlertidige lokale for spesialisert undervisning og den gamle spesialromsfløyen er blitt riven. No ser vi fram til at det i løpet av hausten skal bli byggestart på nytt spesialromsbygg. SKULEN SIN VISJON OG PEDAGOGISKE PLATTFORM Skuleåret 2013-2014 vart «Plan for læringsmiljøet ved Naustdal barne – og ungdomsskule» revidert. Saman med elevar, foreldre og tilsette vart det laga ny visjon og ny logo for skulen vår. Med visjonen: «Godt å vere, saman for å lære» vil vi vere og vil vi skape: Ein god skule for alle Våre kjerneverdiar er: God læring og glede, tryggleik, trivsel og venskap. Målsetjinga vår er: Naustdal barne- og ungdomsskule skal vere ein god og trygg skule med eit godt læringsmiljø og gode samværsformer mellom dei ulike gruppene på skulen. Alle skal kunne arbeide godt, kjenne seg trygge og trivast på skulevegen, på skulen og på arrangement i skulen sin regi. For å fremje gode samværsformer er det viktig at vi: • har positive haldningar • syner omsyn, omsorg og omtanke • viser respekt, ansvar og toleranse ovanfor kvarandre NBU vil halde fram arbeidet med Betre læringsmiljø. I haust vil vi òg ha ekstra fokus på «Manifest mot mobbing», og har markeringar i høve dette via venskapsveka som vart arrangert i veke 36. Skulen har nulltoleranse i høve mobbing sidan første Manifest mot mobbing vart underskrive i 2004. Skulen sin plan mot mobbing vart og revidert våren 2014. Rutinehandbok for kap 9a i Opplæringslova, tek i vare elevane sine rettar i høve det psykososiale miljøet. Vi vil framheve at det er «tøft å vere god», og at vi i samarbeid og via godt skulearbeid kan heve kvarandre fagleg. Skal vi nå målsettinga vår om å bli den beste skulen i regionen innan fire år er dette eit viktig fokus. UTVIKLINGSARBEID VED SKULEN Naustdal barne- og ungdomsskule er ein skule som alltid har vore og framleis er aktiv i utviklingsarbeid. «Ungdomstrinn i utvikling» er ei nasjonal satsing med tilbod om støtte til lokalt utviklingsarbeid. Målsetjinga er m.a. at undervisninga skal bli meir praktisk retta med variasjon i læringsmetodar og strategiar. Satsinga har tre sentrale verkemidlar - skulebasert kompetanseutvikling, lærande nettverk og pedagogiske ressursar. NBU har valt klasseleiing med fokus på vurdering og lesing i alle fag. Satsinga skal vare ut året 2015. Naustdal barne – og ungdomsskule Side 3 25.02.2015 Stor aktivitet i friminutta på Horstad: Vennskapsringen til: Jo mere vi er saman. Naustdal barne – og ungdomsskule Side 4 25.02.2015 Ved å arbeide saman for eit godt oppvekst- og læringsmiljø kan alle vaksne vere med på å fremje gode relasjonar og eit inkluderande fellesskap. Digital mobbing er eit omfattande problem for barn og unge. Med ny teknologi kan krenkingar skje heile tida, også utan at vaksne legg merke til det. Det er viktig at vi vaksne engasjerer oss i barna sine liv. Vennskap motverkar mobbing, og vaksne er viktige rollemodellar ved å legge til rette for vennskap. LÆRINGS- OG INFORMASJONSPLATTFORMA CLASSFRONTER NBU brukar lærings- og informasjonsplattforma ClassFronter. Som forelder blir du tildelt eige passord. Kvar klasse/årssteg har sitt eige område der arbeidsplanar og informasjon vert lagt ut jamnleg. ClassFronter er saman med heimesida, skulen sine viktigaste informasjonskanalar for tilsette og skule – heim-arbeidet. Vi legg ut informasjonsskriv, nyhende og bilete frå undervisning og aktivitetar på skulen. Foreldre bør besøkje ClassFronter og heimesida kvar veke for å halde seg informerte og oppdaterte. Denne hausten har ClassFronter fått ny utsjåande og innhaldet vert fornya. På rommet: skulen, finn du overordna informasjon og aktuelle planar. Logg på med brukarnamn og passord til barnet ditt. Naustdal barne – og ungdomsskule Side 5 25.02.2015 TIMEOVERSIKT / ARBEIDSPLAN / VEKEPLAN / LEKSEPLAN Elevane i sentrum byrjar dagen kl 09.00 og avsluttar dagen kl 14.30. 9. og 10. klassane sluttar kl 15.15 kvar tysdag og 8. klassane sluttar kl 15.15 kvar torsdag. 5.-7. årsstega sluttar kl 12.45 onsdagar . Ved avdeling Horstad startar skuledagen kl 0910 og avsluttar dagen kl 14.10 1.-2. årsstega har fri kvar onsdag og 3.-4. klasse sluttar kl 12.30 kvar onsdag. Skulen har tilsyn med elevane 10 min. før skulestart kvar dag. Klassane har arbeidsplanar (vekeplan / lekseplan) som informerer om skule- og heimearbeid kvar veke, og om utstyr og klede elevane skal ha med seg til skuledagen. Planane informerer også om spesielle aktivitetar osb. Det er viktig at foreldre les og følgjer opp arbeidsplanane til elevane kvar veke. NYE VALFAG/ARBEIDSLIVSFAG Årets 8., 9. og 10.klassingar får tilbod om valfag i 2 t pr veke. Skuleveka for desse elevane er utvida.. Valfaga skal medverke til at elevane, kvar for seg og i fellesskap, styrker lysta til å lære og opplever meistring gjennom praktisk og variert arbeid. Valfaga er tverrfaglege og skal medverke til heilskap og samanheng i opplæringa. Elevane har dette året fordelt seg på 4 ulike fag. 1:Produksjon av varer og tenester: Gjennom praktisk arbeid skal elevane få grunnleggjande erfaring med entreprenørskap, og dei skal samarbeide om å etablere ei verksemd som omfattar prosessen frå idé til ferdig produkt Idéutvikling Prosessen frå å utvikle ein forretningsidé til å etablere ei verksemd er sentralt i hovudområdet. Elevane skal identifisere behova for varer og tenester i lokalsamfunnet og vurdere korleis dei kan tilfredsstillast gjennom eit nytt produkt, eller ved å vidareutvikle eit produkt som allereie eksisterer Produksjon Hovudområdet handlar om prosessen med å planleggje, produsere og marknadsføre varene eller tenestene fram til dei kan leverast. Hovudområdet omfattar erfaring med å bruke lokale ressursar i tillegg til budsjettering og rekneskap. . 2: Sal og scene: Skape Hovudområdet omfattar prosessen frå ulike idear til produksjon. Audiovisuelle og sceniske produksjonar kan omfatte musikk, dans, drama, bilde og forteljingar som bærande element. Arbeid med lyd, lys, regi, koreografi, scenografi, kostymer, sminke og redigering er og ein del av den skapande prosessen. I tillegg omfattar produksjonen marknadsføring og økonomi. Formidle Hovudområdet omfattar presentasjon av audiovisuelle og sceniske produksjonar, der målet er dei gode møta mellom aktørar og publikum. Hovudområdet omfattar også kommunikasjon og samspel, bevisste val av spelestad, presentasjonsform og publikum. Ulike kunstnariske verkemiddel er sentrale i hovudområdet. 3: Fysisk aktivitet og helse. Fysisk aktivitet Hovudområdet omfattar deltaking i ulike aktivitetar. Gjennom å prøve nye aktiviteter, tøye eigne grenser og samhandle med andre når det er natureig, skal elevane oppleve glede og meistring. Hovudområdet inneber muligheit for fysisk aktivitet innan fleire ulike bevegelsesmiljø. Det omfattar så vel friluftsaktivitetar og alternative treningsformer som tradisjonelle lagidrettar og individuelle idretts- og treningsaktivitetar. Naustdal barne – og ungdomsskule Side 6 25.02.2015 Kosthald og helse Hovudområdet omfattar kunnskap om og praktisk erfaring med samanhengen mellom fysisk aktivitet og kosthald og den verknaden dette har på eigen helse. Sentralt i hovudområdet er personlig planlegging og refleksjon over samanhengen mellom fysisk aktivitet, kosthald og helse. 4: Innsats for andre. Planlegging Hovudområdet består i å gjere seg kjent med kva føresetnader som ligg til grunn for frivilleg arbeid. Vidare omhandlar hovudområdet kartlegging av behova for frivilleg arbeid lokalt, samarbeid med ulike aktørar i lokalsamfunnet og planlegging av tiltak som bidreg til sosial verdiskaping for ei vald målgruppe. Praktisk arbeid Hovudområdet inneber å gjennomføre planlagde tiltak i praksis, og delta på dei ulike arena der aktiviteten til vanlig vert utført. Det omfattar også trening i kommunikasjon og samhandling med vald målgruppe. Gjennom heile prosessen skal det vere vurderingar som sikrar at etiske retningsliner blir ivaretekne. Vidare inneber hovudområdet presentasjon og vurdering av prosessen for å oppnå ei heilskapleg forståing, fra kartlegginga og fram til tiltaket er gjennomført. ARBEIDSLIVSFAG Dette er eit alternativ til framandspråk eller språkleg fordjuping. Arbeidslivsfaget skal knytast til arbeidsoppgåver frå dei ni yrkesfaglege utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring, men tilpassast ungdomstrinnet sitt nivå. Faget har to hovudområde: Tjenester og produkter Sentralt i hovudområdet er planlegging, utføring og dokumentasjon av praktisk arbeid etter kvalitetskrav og refleksjon knytt til eigne arbeidsprosessar. Val av hensiktsmessige råvarer, materiell og tenester inngår i hovudområdet. Økonomiske rammer og berekningar inngår også. Vidare skal det brukast arbeidsteknikkar og aktuelle hjelpemidlar eller verkty som er eigna for å utføre arbeidet. Yrkesetikk og arbeidsmiljø Sentralt i hovudområdet står orden på arbeidsplassen, helse, miljø og sikkerheit. Vidare inngår etikk, samarbeid og service EKSKURSJONS- OG AKTIVITETSPLAN/DEN KULTURELLE SKULESEKKEN Den kulturelle skulesekken (DKS) er organisert gjennom fylkeskommunen. Her får skulane vitjing av oppsettingar med ulike kulturelle uttrykk, t.d. musikk og teater. Vi har eigne årsplanar for ekskursjonar og aktivitetar. Planane er knytte opp til kompetansemåla i læreplanen, og har tema som høver for dei ulike aldersgruppene. Nokre av desse aktivitetane er tiltak gjennom den lokale delen av «Den kulturelle skulesekken». Planane er organiserte slik at elevane vert kjende med lokalmiljøet kring skulen. I somme aktivitetar samarbeider fleire klassar, og vi har aktivitetsdagar for alle, som t.d. skidag, fjelldag, avslutningskonsertar, turneringar i ballspel, tema- og fagdagar. På aktivitetsdagane er foreldre og besteforeldre velkomne til å delta saman med oss. Naustdal barne – og ungdomsskule Side 7 25.02.2015 KLEDE OG UTSTYR Barna skal ha klede, sko og utstyr som høver årstid og vêr. Elevane i 1.- 4. klasse og i SFO er mykje ute i pausar og fagtimar. Utemiljøet er ein viktig læringsarena for elevane. Det er difor svært viktig at elevane har gode uteklede og gode sko. I løpet av vinteren vil det også vere naudsynt med skiutstyr til skileik. Elevane skal ha innesko i innemiljøet og eigne gymsko for bruk i gymsalen. Klede og sko skal vere merka. På slutten av 4. klasse er det naudsynt å ha sykkel tilgjengeleg for trafikkopplæring. Elevar (frå 5. -10. klasse) som syklar til og frå skulen, skal bruke sykkelhjelm. MATPAKKE OG SKULEMJØLK. Alle elevar bør ete frukost før skuledagen startar, og ha med sunn og god matpakke på skulen. Ein solid frukost og ei god matpakke er viktige grunnlag for elevane si læring i skuledagen. Skulemjølk kan tingast elektronisk hos TINE. Informasjon om dette kjem som ranselpost. Frukt eller grønsaker bør også vere ein del av matpakken. Brus og snop skal berre nyttast i særlege høve og då etter avtale med lærar. SKULEBØKER OG MATERIELL Elevane får skrivesaker, bøker og materiell på skulen. Skulen har nye læreverk som er utarbeidde etter læreplanen Kunnskapsløftet. Bøker og anna materiell skulen eig, må erstattast av heimen dersom det vert øydelagt. Vi oppmodar foreldre til elevar i 1.-7. klasse om å rydde og kontrollere sekk og pennalhus. Foreldre til eldre elevar bør også hjelpe sine til å få inn desse rutinane. Elevane har eigne mapper til arbeids- og timeplanen. Brev som skal signerast, testar og informasjonsskriv frå skulen vert også lagt i denne mappa. KROPPSØVING OG SYMJING Elevane dusjar ikkje etter kroppsøvingstimane det første året. Vi ønskjer at elevane frå 2.-10. klasse dusjar etter gymnastikktimar. Dusjing er ikkje påkrevd, men ivaretek god hygiene. Elevane må ha melding frå foreldre/føresette, eller legeattest, for ikkje å delta aktivt i kroppsøvingsfaget. Melding skal leverast før timen dersom eleven er sjuk, eller ikkje kan delta i faget av andre årsaker. Nokre klassar har symjing i skuleåret med oppstart frå oktober. Elevar og lærar vert frakta med buss t/r staden der dei har symjeundervisning. BIBLIOTEK, DATA, Folkebiblioteket er samlokalisert med skulebiblioteket på skulen, og klassane får nytte skuletid til å gå på biblioteket og låne bøker. Elevane får eige lånekort som skal liggje på skulen. Bøker som ikkje vert leverte attende på biblioteket, må erstattast av heimen. Ein del av datamaskinene på skulen er no plasserte ut i klasseromma til nytte i undervisninga. Alle elevar får eigen brukarkonto med eige passord som dei skal nytte ved innlogging på skulen sitt system. Skulen sine datamaskiner skal berre nyttast til faglege aktivitetar. Sju klasserom i sentrum og to klasserom på Horstad har no fått digitale tavler. . SKULEFRITIDSORDNING - SFO Opningstida på SFO måndag til fredag er kl 07.00 til kl 09.00 og 14.30 – 16.30. Onsdagar er SFO open også kl 09.00-1430. SFO har ope heile dagar i elevfrie periodar i skuleåret. Informasjon om eventuelt tilbod om SFO-opphald kvar sommar vert lagt ut på Naustdal kommune si heimeside. SFO har eigne kommunale vedtekter som du finn på kommunen sine nettsider. SFO har ein dagleg leiar som planlegg og organiserer tilbodet. Søknadsfrist for ordinær SFO-plass plar vere i mars/april. Søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside. Søknad, endring, oppseiing eller timeplan for opphald, skjer elektronisk gjennom kommunen si heimeside. Naustdal barne – og ungdomsskule Side 8 25.02.2015 LEKSELESING Elevane i 5.-10 klasse får tilbod om lekselesing. Desse er lagt til …….. PAUSE- FYSISK AKTIVITET 5.-7. klasse har organisert fysisk aktivitet på 40 min. i veka. Dette kjem i tillegg til ordinære pausar. Aktivitetane er organiserte og leia av lærar.. Denne aktiviteten kan, som i vanlege pausar, vere ballspel, regelleikar, dans til musikk o.a. Skulen har fast vaktordning av lærarar og assistentar i alle ute- og inneaktivitetar i pausar i skuletida, og før og etter skuletid. Mellomsteget og ungdomssteget har kvar sine dagar i veka der dei får bruke kantina til kantinedrift og organiserte aktivitetar i hallen/grasbana. Desse aktivitetane har elevråda/skulemiljøgruppa ansvar for. SKULEVEG OG SFO Elevar som har rett på gratis skuleskyss, får utlevert busskort på skulen ved skulestart kvart år. Dette kortet skal elevane alltid ha med seg når dei tek skulebussen. Skulebussane er i vanleg trafikkrute, og elevar som ikkje har frikort kan betale for å nytte buss til og frå skulen. Skule og heim deler ansvaret for skulevegen. Skulen sine reglar og forventningar til god åtferd gjeld også på skulevegen. Det er utarbeidd eigne reglar for åtferd på bussen. Ved levering og henting på SFO kan foreldre parkere på skulen sin parkeringsplass. Vi oppmodar alle å bruke parkeringsplassen også på ettermiddags- og kveldstid i staden for skuleplassen, så langt det let seg gjere. Skuleplassen skal helst vere fri for køyrety slik at utrykkingskøyrety har fri framkomst om ulukker skjer. Når elevane byrjar i 5. klasse, kan dei sykle til og frå skulen. Elevane har sykkelopplæring som del av faga i 4. klasse. Elevane skal nytte sykkelhjelm. Sykling til og frå skulen skal før 5.kl. vere saman med vaksen (over 18 år). Sjå også Trygg Trafikk sine sider om skuleveg på: http://www.tryggtrafikk.no/w/Trafikksikkerhet/Skolevei/ Syklane skal parkerast i sykkelstativet. . KONTAKT MELLOM SKULE OG HEIM Det er viktig å ha tett og god kontakt med heimane til alle elevane. Heimane har vanlegvis mest samarbeid og kontakt med kontaktlærar, faglærarar og rådgjevar. Meldingsbok vert nytta til daglege meldingar og informasjon mellom skule og heim. Elevane får meldingsbok på skulen. Lærarane kan også kontaktast pr. telefon i arbeidstida. Alle tilsette har eigne e-postadresser. Desse finn de på kommunen sine nettsider. Lærarane avgjer sjølve korleis kontakt gjennom bruk av telefon og e-post kan nyttast, og ev. kontakt kveld og helg. UTVIKLINGSSAMTALE, ELEVSAMTALE OG FORELDREMØTE Utviklingssamtalen er ein samtale på 20 minutt mellom kontaktlærar, elev og foreldre. Det vert kalla inn til dette to gonger i året. Elevane har også to elevsamtalar med kontaktlærar kvart år. Det vert kalla inn til foreldremøte to gonger i skuleåret. Dette er eit godt høve for foreldre til å få informasjon frå skulen, bli kjende med kvarandre og til å diskutere ting som gjeld klassa. Naustdal barne – og ungdomsskule Side 9 25.02.2015 FORELDREKONTAKT, FORELDRERÅD (FAU), SAMARBEIDSUTVAL (SU) OG SKULEMILJØUTVAL(SMU) Alle foreldre som har barn i skulen utgjer foreldrerådet. Alle klassesteg har kvart skuleår 2 foreldrekontaktar. Desse skal veljast av og mellom føresette med formelt foreldreansvar. Foreldrekontaktane vert nytta som informasjonspartar av skulen, og vert drøftingspartar saman med skulen i saker som vedkjem klassa. Foreldrekontaktar kan kontaktast av foreldre i klassa og av lærar for å ta imot innspel til saker kring t.d. læringsmiljø, aktivitetar i klassa i skuletid og fritid, og saker som bør arbeidast med. Foreldrekontaktar har også ansvaret for klassen si klassekasse, som er foreldrestyrt. Foreldrekontaktane dannar foreldra sitt arbeidsutval (FAU) med eit eige styre. FAU vel sine representantar til Samarbeidsutvalet (SU) og til Skulemiljøutvalet(SMU) Eigen struktur for dette ligg på Skulerommet på ClassFronter. Her finn de også eigne vedtekter for Foreldrerådet utarbeidd av FAU våren 2011. SKULERUTE Naustdal kommune vedtek årleg skuleruta, som opplyser om skule- og feriedagar. Skuleruta vert lagt ut på nettsidene til kommunen og heimesida vår, så snart den er vedteken av komité for oppvekst og kultur. Årets skulerute er vedlagt her på siste side. SJUKDOM OG/ ELLER SKADE Dersom elevar vert sjuke eller skadde i skuletida, og må heim, vert foreldre kontakta av skulen pr. telefon. Foreldre må sjølve hente eleven på skulen, eller det blir gjort avtale om at eleven vert sendt heim i drosje. Foreldre må betale ev. transportkostnader. Dersom eleven vert alvorleg sjuk eller skadd, vert eleven sendt direkte til legeundersøking. Foreldra vert omgåande kontakta pr. telefon. Tilsette på skulen vil følgje eleven dersom ikkje foreldre kan kome straks. Skulen har eigne rutinar for skade og sjukdom. Ved skade på eleven i skuletida, fyller skulen ut skademeldingsskjema med kopi til foreldra. Foreldra får refundert eventuelle kostnader gjennom NAV. Om eleven må vere heime frå skulen ein dag grunna sjukdom, må foreldre informere lærar om dette gjennom ei melding i meldingsboka straks eleven er attende på skulen. For 1. – 4. klasse er det fint om føresette gjev melding om fråvær snarast råd før skuledagen byrjar. Dette for å kunne ha oversikt over kva elevar som skal vere til stades til ei kvar tid. Ved lengre sjukefråvær må foreldre melde frå pr. telefon el. e-post snarast råd er. Meldinga skal rettast til eleven sin kontaktlærar. ERSTATNING VED TAP OG ØYDELEGGING Elevar er oppmoda om ikkje å ta med verdisaker på skulen. Det er ikkje lov å bruke mobiltelefon, I-pad eller anna elektronisk utstyr i skuletida. Skulen erstattar ikkje eventuelle tap av gjenstandar som ikkje er kravd brukt i skuletida. Om skade vert påført på elevane sine private eigedelar kan søknad om erstatning stilast skulen ved rektor. Hovudregel er likevel at den som forårsakar skaden også må erstatte den. Skulen tek ikkje ansvar for klede og sko som ikkje er merka. SENTRALE SAMARBEIDSPARTAR PP-tenesta: NBU nyttar Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) lokalisert i Førde. PPT er interkommunal for kommunane; Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. PPT gir skule og foreldre råd og rettleiing om opplæring av enkeltelevar og klassar. Vi nyttar PPT aktivt som rettleiar kring opplæringa av elevane og i arbeidet med læringsmiljøet i klassane. Elevane på skulen vil derfor kunne oppleve å få besøk i klassane av PPT. Foreldre kan og kontakte PPT direkte. Naustdal barne – og ungdomsskule Side 10 25.02.2015 Helsestasjonen: Kvar onsdag har helsestasjonen oppsett tid til skulehelseteneste på NBU, i tillegg vil helsesøster og ha dagar på avd Horstad. Elevane kan sjølve tinge time og gjere avtalar med helsesøster. Helsestasjonen tek også del i undervisning i enkelte fag og emne i klassane. Skulelege: Skulelege har avsett tid ein gong i veka til skulehelsetenesta. Ta direkte kontakt med Helsestasjonen for meir informasjon. Fysioterapeut: Fysioterapeut kjem på besøk i 1. klasse for å observere elevane og rettleie tilsette i t.d. arbeidsteknikkar, sitjestilling og blyantgrep. Ved behov, eller ynskje om det, vil skulen hente inn fysioterapeutkompetanse for meir rettleiing og oppfølging. Opplegg som har vore i bruk i denne samanhengen er Skrivedans. BUP: Barne- og ungdomspsykiatrien er ei 2.linjeteneste. Helsestasjon, fastlege og PPT kan tilvise elevar som treng oppfølging av BUP. Barnevernstenesta: Etter § 15-3 i opplæringslova har alle tilsette på skulen opplysningsplikt til barnevernstenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for omsorgssvikt. Vår erfaring er at barnevernstenesta gir god rettleiing til heim og skule i situasjonar som vert opplevt som utfordrande for skule og foreldre. Barnevernstenesta er ei teneste som gir hjelp til foreldre, barn, ungdom og skule. Politiet: Skulen har besøk av politiet i einskilde klassar som del av eit førebyggande haldningsarbeid kring rus, nettvett og kriminalitet. Dei vil og vere ein viktig part i å bygge eit godt oppvekstmiljø i Naustdal. Tverrfagleg team Tverrfagleg team er ein arena der fagpersonar frå ulike instansar møtest for å drøfte saker/utfordringar på generelt grunnlag eller einskildsaker etter informert samtykke frå føresette. Intensjonen er å sette inn målretta tiltak så tidleg som mogleg. I teamet er skule, helse, NAV, barnevern og PPT representert. Teamet har møtetid ca ein gong i månaden Skulehelsetenesta i Naustdal. Skulelege Tor Vidar Myklebust. Arbeidstid onsdag 09.00-15.00. tlf. 5781 6020 Helsesøster Ann-Katrine Bruflot. Telefon/kontakttid fredagar 09.00-14.00. mob. 4728 8537 Helsesøster Ann-Katrine Bruflot er også folkehelsekoordinator i Naustdal og vil prioritere foreldremøte og samarbeid om skulemiljøarbeid. LIVSSTILS-gruppa. Barn eller unge som ynskjer hjelp til å regulere kosthaldet og kome i gang med systematisk trening, vil kunne få oppfølging gjennom livsstilsgruppa i Naustdal kommune. Kontakt då Olaug Nordheim ved psykisk helseteam, ho har spesialkompetanse på kosthald og trening. Naustdal barne – og ungdomsskule Side 11 25.02.2015 PERMISJON FRÅ OPPLÆRINGA Dersom eleven skal søkjast fri frå skulen, gjeld eigne rutinar for dette. Kontaktlærar kan gi permisjon i inntil ein skuledag. Permisjon til timeavtalar (tannlege, lege og liknande) skriv de til kontaktlærar i meldingsboka. Søknad om permisjon for 1 dag: søknadsskjema finn de på heimesida søknadsfrist: 1 veke før fråværet finn stad søknad skal leverast til kontaktlærar Ved søknad om permisjon utover ein skuledag må søknad sendast til rektor. Når det er fagleg forsvarleg, kan rektor etter søknad frå foreldra gi den einskilde eleven permisjon frå pliktig undervisning i inntil to veker. Vilkåret for retten til permisjon er at foreldra syter for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute - jf. Opplæringslova § 2-11. Etter delegert vedtaksmynde, gjer rektor einskildvedtak etter Opplæringslova. Søknad: - søknadsskjema finn de på heimesida - søknadsfrist: 4 veker før fråværet finn stad - søknad skal leverast til rektor Dersom eleven skal søkjast fri frå skulen utover to veker, skal søknaden stilast til rådmannen i Naustdal kommune ved rådgjevar for oppvekst og kultur. ORGANISERING OG PERSONALE Vi har no 305 elevar fordelte på 3 hovudsteg,- 1.-4., 5.-7. og 8.-10.stega. Elevane er delte på 15 klassar. Vi er totalt 54 tilsette, men nokre er til ei kvar tid ute i ulike permisjonar. Det arbeider 34 pedagogar ved skulen, og vi har sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, fagarbeidarar, reinhaldarar, driftsleiar (vaktmeister) og kontorpersonale. I administrasjonen arbeider rektor, 2 ass.rektorar, dagleg leiar SFO, sekretær og rådgjevar. Rektor, ass.rektor og sekretær Rektor er seksjonsleiar for Naustdal barne- og ungdomsskule med SFO, og arbeider med planlegging, organisering, økonomi, personale og utvikling av rutinar og system. Ass. rektor har oversikt over timeplanar, personalressursar og sikrar at det er vaksne i kvart eit klasserom. Dei følgjer opp det pedagogiske utviklingsarbeidet saman med teamleiarane. Ass.rektor er i rektor sin stad når dette er påkravd. Sekretæren formidlar informasjon og meldingar vedrørande ordningar på skulen og i SFO, m.m. Kontaktlærar og faglærar Kvart årssteg har 1-2 kontaktlærarar. Kontaktlæraren leiar klassa sin og har ansvar for samarbeid skule-heim. Faglærarar har ansvar for sine fag, og samarbeider med kontaktlærar i saker som gjeld elevar og klassen. Lærarane på kvart årssteg samarbeider i team. Vi deler skulen vidare inn i seks ulike lærarteam med kvar sin teamleiar; 1. og 2. klassane, 3. og 4. klassane, 5.-7. klassane, 8. klassane, 9. klassane og 10. klassane. Lærarane på desse teama samarbeider om planlegging, informasjon og aktivitetar. Naustdal barne – og ungdomsskule Side 12 25.02.2015 Assistent, sosionom, vernepleiar og barnevernspedagog Assistentoppgåvene på skulen og i SFO vert utførde av barne- og ungdomsarbeidarar. Desse gjev ekstra oppfølging av opplæringa i enkelte klassar og einskildelevar i skuletid. Sosionom og vernepleiar driftar ART-opplegget og saman med barnevernspedagog samarbeider dei med kontaktlærarane i klassane og foreldra i høve sosial- og spesialpedagogiske opplegg for einskildelevar. Elevrådskontakt NBU har 2 elevråd: 5.-7. klasse og 8.-10. klasse. Kvar av desse har eigen elevrådskontakt i personalet. Desse gir hjelp og støtte til elevrådet sitt arbeid. Rådgjevar og spesialpedagogisk koordinator Rådgjevar har avsett tid til å rettleie elevane på ungdomsskulen i val av fagretning på vidaregåande opplæring etter avslutta grunnskuleopplæring. Rådgjevar rettleiar også elevane i val av tilvalsspråk og organiserer elevane i gruppene. Rådgjevar er også koordinator for det spesialpedagogiske arbeidet og samarbeider med kontaktlærarane i gjennomføring av kartleggingar og tilrettelegg for spesialpedagogiske opplegg for einskildelevar og grupper av elevar. Koordinator samarbeider med PPT, BUP og andre aktuelle samarbeidspartar i dette arbeidet. Ikt-ansvarleg Skulen har eigen ikt-ansvarleg som held oversikt over skulen sitt ikt-utstyr og programvare. Iktansvarleg kan kontaktast ved spørsmål om bruk av ClassFronter, programvare og datautstyr. Kontaktinformasjon NAUSTDAL BARNE- OG UNGDOMSSKULE Funksjon Namn Telefon Sekretær Turid Systaddal 57 81 63 00 / Ospehaug 57 81 63 05 E-post [email protected] [email protected] Rektor [email protected] Ass. rektor Ass.rektor Driftsleiar Marit Varpe Kaasen Ellen Aarseth Grethe Hellerslien 57 81 63 04 Kalland Magn Solhaug 90 73 26 06 Rådgjevar og Bjørg Erdal spes.ped.koordi Tilsette på NBU Daglag leiar i SFO 57 81 63 00/ 57 81 63 02 57 81 63 04 Naustdal barne – og ungdomsskule [email protected] [email protected] 57 81 63 03 bjø[email protected] 57 81 63 00 Tilsette har eigne e-postadr. Sjå nettside. Tilsette har eigne internnr.for tlf. [email protected] Marianne Nøstdal 90 72 07 03 NAUSTDAL KOMMUNE Funksjon Namn OppveksTuri Bruland tutviklar Servicekontoret [email protected] Tlf (dir.linje) 57 81 61 24 E-post [email protected] 57 81 61 00 [email protected] Side 13 25.02.2015 SAMARBEIDSPARTAR Funksjon Namn Pedagogisk– psykologisk teneste ( PPT ) Skuletannhelse tenesta i Naustdal Lensmannen i Førde og Naustdal Barnevernet Vidar Nytun leiar Helsestasjon Ann-Katrine m / helsesøster Bruflot Legekontor i Naustdal , Skulelege Fysioterapeut Tlf (dir.linje) 57 82 93 00 E-post [email protected] 57 81 91 93 57 72 63 70 57 01 60 00 [email protected] 57 81 60 37 [email protected] Tor Vidar Myklebust 57 81 60 20 [email protected] Rita Alværen 57 81 88 22 rita.alvæ[email protected] Klassekontaktar 2014 / 15 Klasse Namn Telefon SFO Jøran Sandvoll 469 83 355 1.kl. Linda Taule (1 år) Knut Galaasen (2 år) 928 40 264 414 67 644 2.kl. Geir Inge Bale (2 år) Anette Rødsandhaug (1år) 902 46 266 992 28 949 3.kl. Lise Katrine Helland (1år) Bjarte Falkenstein (2 år) 917 09 727 Medl. Vara FAU=* * Anne Sofie Berntsen Telefon 975 66 715 Marianne Slettehaug Terese Meland 970 30 836 971 67 759 * Camilla Savland (1 år) Jan Erik Horstad (2 år) 917 04 413 992 95 131 * Hanne Berntsen ? 905 83 250 * 951 73 776 Roy-Andre Solvåg-Hellevang 958 15 282 4B 4A Irene Lunde Aven (1 år) 906 08 063 Svein Morten Våge (2 994 25 454 år) * Magne Ullaland (1år) Sorot Fitje (2 år) 908 03 936 954 77 843 5A 5B Bjørn Ole Hjørnevik Elisabeth Johansen 952 96 164 908 57 307 * Bente Alisøy Roy Arne Flo 971 99 782 913 19 474 6A 6B Anne Lene Erdal Elisabeth Ask 930 29 876 994 41 793 * Merete Standal 958 90 052 7.kl. Gunn Steindal Geir Personbråten 482 75 354 482 24 394 * Wendy Stubhaug ? Ole Ingar Haaland 418 52 703 8.kl. Ellinor Sunde (1 år) Svein Egil Svorstøl (2 år) 480 20 463 915 22 909 * Gro Sørbotten (1 år) 917 67 267 Inger Helen S. Røyseth (2år) 911 66 901 Naustdal barne – og ungdomsskule Side 14 25.02.2015 9..kl. 10.kl. Åse Mari Haugnes (2 år) Alexis Thingnes (1år) 951 95 496 Trond Arne Tveita (2 år) 957 35 599 * Laila S. Claussen 995 80 033 Anja Herstad Linda Angvik 908 72 556 473 34 281 Jon Arne Aase Arne Ommedal 901 28 997 * Ulike råd og utval: Styret for FAU: Leiar: Nestleiar: Medlem Medlem Medlem Medlem .SFO: Lise Katrine Helland Alexis Thingnes Linda Angvik Knut Galaasen Geir Inge Bale Jørann Sandvoll vara: Anne Sofie Berntsen Ein foreldrekontakt frå kvart årssteg utgjer FAU. Samarbeidsutvalet SU: Leiar: Nestleiar: Sekretær: Hermann Schmider (u-trinn) Lise Katrine Helland (foreldre barnetr)/vara Linda Angvik Alexis Thingnes (foreldre u-trinn)/ vara Linda Angvik Jørann Sandvoll /vara Anne-Sofie Berntsen(foreldre SFO) Ingrid Marie Rygg ( barnetr.) Ove Roger Indrekvam (tilsette) Margunn Vefring (tilsette) May Helen Vatne (tilsette) Annlaug Birkeland (skuleeigar) Marit Varpe Kaasen(skuleeigar/rektor Skulemiljøutvalet SMU: Anja Herstad (foreldre u-trinn) Geir Inge Bale (foreldre b-trinn) Anneki Lene Gjervik (elev 5.-7.) Cerina Hjelle Cirotzki ( elev 5.-7.) Hermann Schmider ( elev 8.-10.) Elise Fitje (elev 8.-10.) Margunn Vefring (tilsett) Ove Roger Indrekvam (tilsett) Annlaug Birkeland (skuleeigar) Naustdal barne – og ungdomsskule Side 15 25.02.2015 VEDTEKEN SKULERUTE 2014/2015 SAMORDNA SKULERUTE FOR ELEVANE I SOGN OG FJORDANE FOR 2014 – 2015 Månadane: AUGUST Første skuledag: måndag 18. august Tal skuledagar: SEPTEMBER 22 dagar OKTOBER Haustferie måndag 6. til fredag 10. oktober(v. 41) 18 dagar NOVEMBER 20 dagar DESEMBER Siste skuledag før jul: Fredag 19. desember 15 dagar JANUAR Første skuledag: måndag 5. januar 20 dagar FEBRUAR Vinterferie: 16. februar – 20. februar(veke 8) 15 dagar 10 dagar MARS Siste skuledag før påske er fredag 27. mars 20 dagar APRIL Første skuledag etter påske: tysdag 7. april 18 dagar MAI Elevfrie dagar: 15. mai 17 dagar JUNI Siste skuledag : fredag 19. juni 15 dagar ___________________________________________________________ Sum: 190 dagar Vedtatt i Skule- og barnehageutvalet 28. juni 2013 Naustdal barne – og ungdomsskule Side 16 25.02.2015
© Copyright 2024