2. Kompetente vaksne Krokane skule Omtale av tenesta og viktige utfordringar Krokane skule driv grunnskuleopplæring for elevar på barnetrinnet. Opplæringa skjer i tråd med gjeldane lovverk og i samarbeid med heimen. Skuleåret 2014-2015 er det 203 elevar ved skulen. 16 % av elevane har minoritetsspråkleg bakgrunn. Utfordringa for skulen er korleis gje desse og andre barn med særskilte behov tilpassa opplæring ut frå dei rammene skulen har. På vedlikehaldsfronten er det trong for å skifte ein god del av vindauga i «gamlebygget», og heile skulen må målast i nær framtid. Mål og handling *Elevane opplever å bli sett og høyrt *Elevane vert utfordra og opplever meistring i fag og aktivitetar *Elevane skal kunne stå for meiningane sine og respektere andre sine *Vi er særleg opptekne av å gje elevane tilbakemelding på det positive; det som kan løfte dei vidare 1. Kompetente barn Vurdering for læring: Lærarane held fram med og vidareutviklar ulike verktøy for vurdering for å hjelpe elevane til å utvikle kompetanse i å vurdere skulen, seg sjølve og kvarandre. Skulen nyttar m.a. perioderapportering som verktøy for eigenvurdering på alle trinn og verktøyet Vokal for å kunne dokumentere progresjon i elevane si læring. Filosofi med barn: Dei får tid og høve til å undre seg saman; i faste, planlagde filosofiøkter kvar veke, i faga og i ulike sosiale settingar inne og ute. Gjennom rettleiing og øvingar i diskusjons- og samtaleteknikkar ønskjer vi at elevane skal utvikle evne til kritisk tenking. Lesing: Elevane får opplæring i bruk av ulike lese- og læringsstrategiar for å utvikle kompetanse i lesing og skriving i alle fag. Spesielt fokus på utvikling av omgrep i samband med filosofi. Prosjektet Lesevennar er eit samarbeid med Krokane barnehage si avdeling Epsilon (som held til i kjellaren til skulen), kor elevar frå skulen les høgt for og fortel til barnehagebarna. Skulen deltek i prosjektet Lesarhistoria – Ny veg til lesaren; eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket og eit utval folkebibliotek, skular og barnehagar i fylket. Skulebiblioteket er eit hjarte i huset som inviterer og inspirerer til aktivitet og læring. Gjennom eigne undervisningsopplegg tilpassa alle årstrinn set vi fokus på informasjonskompetanse (nettvett og bruk av kjelder). - Vi driv målretta arbeid med organisasjonsutvikling gjennom a. systematisk arbeid med skulen sin visjon i samarbeid med foreldra, som kvar for seg og i fellesskap har arbeidd med å revidere skulen sin visjon, b. vidare- og etterutdanning; - Heile personalet deltek på etter-/vidareutdanning i Klasseleiing i regi av HiSF - ”Kompetanse for kvalitet”; 3 lærarar tek vidareutdanning i høvesvis Rekning som grunnleggjande ferdigheit, Skulebibliotekkunnskap og Norsk2 - 2 lærarar tek vidareutdanning i Rettleiing, - 1 lærar tek master i spesialpedagogikk, - 1 assistent tek fagarbeidarutdanning, - rektor og inspektør tek vidareutdanning i skuleleiing, c. utvikling av gode rutinar for og kompetanse i arbeidet med dei minoritetsspråklege barna, d. eit spesialpedagogisk team som arbeider med å lage gode rutinar arbeidet med elevane som treng særskilt oppfølging, e. fokus på vurdering for læring gjennom diskusjonar og refleksjonar rundt praksis f. vidare utvikling av skulebiblioteket og samarbeid om Flora Les i den kommunale skulebiblioteksgruppa. 3. Eit godt læringsmiljø Det psykososiale skulemiljøet til elevane: Skulen og fritidsheimen har nulltoleranse for mobbing, og vi skal kvalitetssikre eit felles system for gode prosedyrar i arbeidet mot mobbing. Dette gjer vi i dialog med kvarandre, foreldra og elevane på dei arenaene vi har for samhandling, og gjennom andre konkrete tiltak for elevane, som t.d..: - Vidareføring av trivselsleiarprogrammet - Eit aktivt elevråd som seier ifrå og som er pådrivarar for fellesaktivitetar. - Bruk av verktøy/metodar som skapar medvit om eigne haldningar og handlingar. - Trivselsundersøking for alle elevane i januar 2015, elevundersøking for 5., 6. og 7. klasse om hausten og eigenvurdering gjennom skulen sine perioderapportar. - Aktive og oppdaterte foreldresamarbeidsorgan Det fysiske skulemiljøet: - Utfordring: Vaktmeisterordning som fungerer og ressursar til gjennomføring av naudsynte tiltak - Plan for forbetring av inneklima i høve temperatur er følgt opp i delar av skulebygget i form av utvendig solskjerming. Forbetring av inneklima i høve støy blir følgt opp med støydemping i fleire klasserom våren 2015. Forbetring av inneklima i høve luft blir følgt opp ved nærmare kartlegging og rådgjeving av YSB, parallelt med nytt fokus på og implementering av gode rutinar i klasserom og korridorar. - Oppgradering av skulekjøkenet. - Følgje opp arbeidet på uteområdet med foreldre- og elevdugnad våren 2015. *utdrag frå skulen sin visjon; område foreldra meiner skulen bør ha spesielt fokus på i tida framover 1 Budsjett (vert lagt inn sentralt) 2
© Copyright 2024