ÅRSMELDING 2014 HELSE FØRDE HF Org.nr. 983974732 INNLEIING Helse Førde HF skal fremme helse og livskvalitet. Hovudoppgåver som helseføretaket skal legge til rette for, planleggje, organisere og fremje er: pasientbehandling utdanning av helsepersonell forsking opplæring av pasientar og pårørande Ansvar og oppgåver er tufta på helseføretakslova, spesialisthelsetenestelova, psykiatrisk helselovgjeving, pasientrettigheitslova og anna lovgjeving som omtalar krav og føringar for verksemda. Den årleg drifta av føretaket gjerast i samarbeid med eigar - Helse Vest RHF. Gjennom styringsdokument og føretaksmøte set Helse Vest RHF årleg rammer og krav for drifta av føretaket. Helse Førde søkjer å løyse si samfunnsoppgåve gjennom samarbeid med: primærhelsetenesta og brukarane for å sikre eit heilskapleg helse- og sosialtilbod kommunar, fylkeskommunen og statlege organ universitet, høgskular og andre relevante institusjonar Føretaket sitt hovudkontor er i Førde. Helse Førde HF er 100 prosent eigd av Helse Vest RHF med hovudkontor i Stavanger. VERKSEMDA Helse Førde HF yter helsetenester innan somatiske fagområde, psykisk helsevern og behandling av rusavhengige – i Sogn og Fjordane. Føretaket er økonomisk ansvarleg for pasientar busett i Sogn og Fjordane, også om dei får behandling utanfor fylket. Helseføretaket har ansvar for drifta av ambulansetenesta i fylket og frå hausten 2009 har føretaket hatt ansvar for medisinsk del av redningshelikopterbasen i Florø. Driftsåret 2014 har vore prega av arbeid med å sikre at føretaket tilbyr trygge og nære tenester av høg kvalitet til innbyggarane i Sogn og Fjordane. Samstundes har det vore arbeidd systematisk og målretta for å effektivisere verksemda og nå dei økonomiske måla. Aktiviteten i føretaket er på om lag same nivå som tidlegare år. Helse Førde har oppnådd gode resultat på mange kliniske område, men har framleis økonomiske utfordringar. Det er naudsynt å skape varige positive resultat for å auke evna til å oppgradere bygg og investere i utstyr. Brannen i Lærdal i januar 2014 sette beredskapen i helseføretaket på prøve. Lærdal sjukehus vart ein base for både skadde og evakuerte innbyggjarar, og hyste i tillegg den kommunale beredskapsleiinga og 1 pressesenter dei fyrste dagane. Godt fungerande naudstraumanlegg og andre tekniske anlegg gjorde at sjukehuset fungerte godt i ein situasjon der mellom anna straum og telefonsignal i Lærdal var nede. Aktivitet somatisk verksemd Dei somatiske avdelingane hadde ei auke frå 18 522 heildøgnsopphald i 2013 til 18 855 i 2014. Tal dagopphald gjekk ned frå 12 025 i 2013 til 11 781 opphald i 2014 . Tal polikliniske konsultasjonar var 123 575 i 2014 (122 050 i 2013), ein auke på 1,2 prosent. Samla DRG-produksjon i våre sjukehus i 2014 vart 24 884 poeng. DRG-årsproduksjon i 2013 var på 25 054 DRG-poeng. Bestillinga frå eigar var på 25 321 poeng i 2014. Aktivitet psykisk helsevern og spesialisert behandling av rusavhengige Psykisk helsevern for vaksne hadde 17 168 heildøgnsopphald i 2014 mot måltal på 19 000, noko som er 1 832 færre heildøgnsopphald enn måltal. Heildøgnsopphald i 2013 var 18 388. Tal polikliniske konsultasjonar innan psykisk helsevern for vaksne var 21 528, noko som er 1 978 konsultasjonar fleire enn måltalet på 19 550. Talet polikliniske konsultasjonar for 2013 var 19 341. Psykisk helsevern for born og unge hadde heildøgnsopphald 1 304 i 2014 mot måltal på 1 300. Dette er 4 fleire enn måltalet. Tal heildøgnsopphald i 2013 var 1 217. Tal polikliniske konsultasjonar innan psykisk helsevern for born og unge vart 17 252, som er 1 362 fleire enn måltalet på 15 890. Tal polikliniske konsultasjonar i 2013 var 16 411. Tverrfaglig spesialisert behandling av rusavhengige hadde i 2014 7 471 heildøgnsopphald mot måltal på 7 600. Dette er 129 færre enn måltalet. Tal heildøgnsopphald i 2013 var 7 063. Tal polikliniske konsultasjonar innan tverrfaglig spesialisert behandling av rusavhengige vart 3 042, som er 108 færre enn måltalet på 3 150. Tal polikliniske konsultasjonar i 2013 var 3 159. ARBEIDSMILJØ OG MEDARBEIDARAR Helse Førde skal vere ein framtidsretta kompetanseorganisasjon. Føretaket er avhengig av stabil arbeidskraft med ulik type kompetanse. Skal vi greie å konkurrere om arbeidskrafta framover, må Helse Førde bli oppfatta som ein attraktiv, lærande og utviklande arbeidsplass. Sjukefråvær Føretaket er med i ordninga om inkluderande arbeidsliv. Gjennomsnittleg sjukefråvær i Helse Førde i 2014 var 6,6 prosent. Sjukefråveret i 2013 var på 6,6 prosent. Sjukefråveret varierer mellom verksemdområda frå 5,9 prosent til 7,6 prosent. Helse Førde har i 2014 som tidlegare år høgast sjukefråvær relatert til muskel/skjelettplager og psykiske lidingar. Alvorlege arbeidsuhell er ikkje rapportert i 2014. 2 Tiltak mot diskriminering I stillingsannonsane sine tydeleggjer Helse Førde målet om at verksemda så langt som råd skal avspegle mangfaldet i samfunnet. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. I tilsetjingssaker har Helse Førde nedfelt i personalpolitiske retningsliner at den beste søkjaren frå det underrepresenterte kjønnet bør kallast inn til intervju når søkjaren fyller kvalifikasjonskrava, og utveljinga elles ville føre til at berre søkjarar av det eine kjønnet ville verte kalla inn. I tillegg bør begge kjønn vere representert i intervjupanelet. Likestilling Helse Førde har som målsetjing å ha 40 prosent representasjon av det underrepresenterte kjønn på alle leiarnivå i organisasjonen, i faste og mellombels råd og utval på alle nivå. I 2014 har styret vore samansett av seks kvinner og fire menn. I føretaksleiinga har det i 2014 vore ni menn og ei kvinne. Målsetjinga om 40 prosent representasjon er såleis ikkje nådd i føretaksleiinga. Helse Førde skal vere ein arbeidsplass med full likestilling mellom kvinner og menn. Føretaket har innarbeidd rutiner knytt til likestilling med sikte på at det ikkje skal skje forskjellsbehandling grunna kjønn i saker som for eksempel løn, avansement og rekruttering. Føretaket rekrutterer fleire yrkesgrupper som i utgangspunktet har skeiv fordeling mellom kjønna (sjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsesekretærar, reinhaldspersonale osv.) Dette medfører at kvinner og menn ikkje er likt representert verken totalt sett eller innanfor dei ulike yrkesgruppene. I føretaket er det tilsett totalt 2 168 kvinner (72,6 prosent) og 817 menn (27,4 prosent). Fordeling mellom deltid og fulltid Fordeling mellom fulltidstilling og deltidsstilling fordeler seg slik, utfrå juridisk stillingsprosent: 0-kontrakter(*) Deltid Fulltid 2013 583 763 1673 prosent 19,3 25,3 55,4 2014 565 728 1692 prosent 18,9 24,4 57,7 (*) 0-kontrakter er tilsette som ikkje har ein juridisk stillingsprosent i Helse Førde. Dette er mellom andre helsepersonell (legar, sjukepleiarar) som jobbar fast i andre helseinstitusjonar, men tar periodevise oppdrag i Helse Førde. I tillegg kjem tilkallingshjelp og enkelte ferievikarar i denne gruppa. Fordeling mellom fulltidstilling og deltidsstilling fordelar seg slik, når ein ser på faktisk arbeidd stillingsprosent: 2013 prosent 2014 prosent 0-kontrakter 107 4,8 104 4,6 Deltid 659 29,5 642 28,6 Fulltid 1465 65,7 1497 66,8 3 Årsaka til at Helse Førde har færre som faktisk arbeider fulltid enn dei som har juridisk 100 prosent stilling, er at tilsette har fått permisjon frå ei 100 prosent stilling. Pr. 28.02.2014 har 117 tilsette full permisjon frå ei 100 prosent stilling, medan 190 tilsette har delvis permisjon frå ei 100 prosent stilling. Fordeling mellom full- og deltidsstilling fordelt på kjønn i 2014 (faktisk arbeidd stillingsprosent): Kvinne prosent Mann prosent 0-kontrakter 68 4,2 36 5,7 Deltid 582 36,0 60 9,6 Fulltid 965 59,8 532 84,7 Føretaket er av den oppfatning at det høge talet på deltidsstillingar i stor grad skuldast ønskje frå dei tilsette. Likevel er det innafor nokre yrkesgrupper fleire som ønskjer fulltid. SOMATISKE TENESTER Kirurgisk klinikk Kirurgisk klinikk hadde stabil og god drift i 2014. Det har vore behandla 3,7 prosent fleire pasientar enn planlagt, noko som også var ein auke på tre prosent i høve til året før. Til saman har det vore behandla 2 361 fleire pasientar i 2014 i høve 2013. Klinikken har auka tal polikliniske konsultasjonar med 2 600, det vart ein svak auke i tal døgnopphald, men ein liten nedgang i dag-kirurgiske behandlingar. Sjølv om klinikken behandla tre prosent fleire pasientar i 2014, har det ikkje vert noko nedgang i tal ventande pasientar. Tal ventande er om lag på same nivå som ved utgangen av 2013. Ventetida var 78 dagar ved utgangen av året, fire dagar lenger enn ved utgangen av 2013. For pasientar som har starta behandling, er ventetida 70 dagar. Tal fristbrot i klinikken samla er svært lågt og ligg frå null til to brot i månaden. Tal epikriser som er sendt ut innan fristen, har vore stabilt på rundt 95 prosent gjennom heile året, fleire av avdelingane har levert 100 prosent. Klinikken brukar sjekklister ved operasjonar, prosedyrane er godt innarbeida og vert nytta i opp i mot 100 prosent av operasjonane. Det har vore registrert 50 korridordøgn i 2014, ein reduksjon på 26 døgn frå året før. Det er registrert 30 utfakturerte døgn for utskrivingsklare pasientar. Noko som betyr at kommunane prioriterer å ta imot ferdigbehandla pasientar. Tal brutto månadsverk har auka frå 718 til 728 månadsverk ved utgangen av året. Auken ligg innanfor ambulansetenesta og operasjonssjukepleiarar under utdanning. Sjukefråværet i klinikken har gått ned i frå 6,9 prosent i 2013 til 5,9 prosent i 2014. Den største nedgangen i sjukefråvær er i ambulansetenesta som har redusert sitt fråvær frå 9,5 prosent til 7,7 prosent. Vi ser at både ortopedisk- og kirurgisk sengepost har hatt ein auke i sjukefråværet. Både langtidsfråværet og korttidsfråværet har gått ned gjennom året. Tilsette med 100 prosent stilling utgjer 78,6 prosent. Klinikken har planlagt start av permanent dagkirurgisk aktivitet ved Nordfjord sjukehus i 2015. Planarbeidet har vore gjennomført på ein god måte og operasjonsprogrammet fram til sommaren 2015 er på plass. Det er planlagt operasjonar knytt til auge, ortopedi og kirurgi. Operasjonsstovene vert bemanna med operatør frå Førde sentralsjukehus og anestesi og operasjonspersonell frå Førde og Nordfjordeid. Operasjonsstovene på Nordfjord sjukehus vart og nytta til operasjonar i 2014. Fleire av leiarane i klinikken har gjennomført leiaropplæring gjennom året og planen er at alle skal vere gjennom dette programmet i løpet av 2015. 4 Øre, nase, hals og kjeveavdelinga Øre, nase, hals og kjeveavdelinga gjev tilbod til dei fleste pasientar med øre, nase, hals eller kjevelidingar. Operativ kreftbehandling innan fagområdet vert gitt ved Haukeland sjukehus. Avdelinga starta ambulerande poliklinisk verksemd ved Nordfjord sjukehus i juni 2013, og denne aktiviteten er vidareført i 2014. Det har elles vore stabil god aktivitet på poliklinikken. Ventetida er svært kort og kapasiteten god på kirurgisk behandling innan faget. Ventetida for alle pasientar med prioritet har gått ned gjennom året, medan ventetida for pasientar utan medisinsk prioritet har auka. Grunna permisjon har ventetida ved kjevepoliklinikken auka. Avdelinga jobbar med å redusere ventetidene. Augeavdeling Augeavdelinga har hatt en jamn nedgang i ventande på cataract operasjonar frå 2012 til og med 2014. Ventetid har auka noko for operasjonar i poliklinikken. Median ventetid for alle pasientar var ved utgangen av året 69 dagar, det er noko høgre enn målsetninga på 60 dagar. Ventetida for pasientar med prioritet er stabil rundt 20 dagar. Tal polikliniske konsultasjonar har auka frå 7 294 i 2013 til 7 980 i 2014. Augeavdelinga har i 2014 rigga seg for å starte opp med dagkirurgiske operasjonar ved Nordfjord sjukehus. Det er planlagt inntil 30 operasjonsdagar ved Nordfjord sjukehus i 2015. Kirurgisk Avdeling Kirurgisk avdeling har klart å halda fristbrot på svært lågt nivå, og har frå oktober 2014 ikkje hatt vakante stillingar. Drifta har elles vore stabil gjennom 2014, men generelt er det utfordrande å skaffa legespesialistar, og ventetid for lågare prioriterte pasientar er lengre enn ønskjeleg. Det blir arbeidd for å få ventetida ned. Plastikkirurgi vart frå 2013 eit tilbod ved kirurgisk avdeling, det har mellom anna gjeve tilbod om plastikkirurgisk behandling etter kirurgisk behandling av sjukelig fedme og korrigerande kirurgi for mammaopererte. Ortopedisk Avdeling Operasjonsaktiviteten i avdelinga var i 2014 låg i starten av året, men seinare tilnærma lik føregåande år. Variasjonane er i stor grad knytt til augeblikkeleg hjelp inngrep, dette utgjer om lag 50 prosent av alle inngrepa i Førde. Det er uført 20 700 polikliniske konsultasjonar, noko som er en auke på 2,7 prosent frå året før. Lærdal har hatt eit operasjonsteam mindre etter ferien 2014 som følgje av mangel på operasjonssjukepleiarar, og har lægre tall operasjonar på hausthalvåret. Rekruttering av spesialsjukepleiarar har vore krevjande. Klinikken har difor valt å vidareutdanne eige personell og har på den måten sikra ei god rekruttering framover. Normalkapasiteten er planlagt gjenoppretta frå august 2015. Fram til august er det i hovudsak skulder og proteseinngrep som vert prioritert. For å motverke aukande ventetider for andre pasientgrupper, er det planlagt ambulante dagkirurgiske inngrep på Nordfjord sjukehus vinter og vår 2015. Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus har hatt 2 300 konsultasjonar, i all hovudsak behandling av lettare skader og kontrollar. Gjennom 2014 har avdelinga berre hatt sporadiske fristbrot, tall ventande er redusert og ventetida er redusert monaleg. Ved utgangen av året var median ventetid til poliklinikken på 58 dagar. Dagkirurgisk Avdeling Dagkirurgisk avdeling har hatt jamn aktivitet i 2014. Det vert arbeidd kontinuerleg med å vedlikehalde og betre logistikken kring pasientar som skal til operasjon. Det fungerer godt å nytte den same logistikken for inneliggjande pasientar, som for dei dagkirurgiske. Det har også i 2014 vore stort fokus på pasienttryggleik, ved bruk av sjekklister og kritisk gjennomgang av prosedyrar for å førebygge infeksjon. Dei fleste pasientane i kirurgisk klinikk møter til operasjon via dagkirurgisk avdeling. I 2014 har endå fleire av dei ortopediske pasientane som skal opererast som augeblikkeleg hjelp, møtt til operasjon via dagkirurgisk avdeling på dagtid. Dette krev mykje planlegging, men sparer sengeposten for mange liggedøger. Avdelinga har organisert nytt dagkirurgisk tilbod ved 5 Nordfjord sjukehus og gjennomført fleire operasjonsdagar der i 2014. Det permanente dagkirurgiske tilbodet som vert operativt frå 2015 vil bli organisert og drifta av avdelinga. Avdeling for Akuttmedisin Den største endringa for avdelinga for Avdeling for Akuttmedisin i 2014 var at ambulansetenesta, luftambulanse og AMK flytta inn i det nye bygget for prehospitale tenester i Førde. I tillegg er det er teke i bruk nye ambulansestasjonar på Sandane, Florø og i Årdal. Det er etablert dagbilambulanse i Høyanger frå 1. september 2014, dette har medført ei auke på fire årsverk. Tal oppdrag i ambulansen har også i år auka monaleg. Tal oppdrag har auka med 1 081 som er ein auke på 6,6 prosent i høve 2013. Tal kjørte kilometer har auka med 5,3 prosent. Innføringsprosjekt for nytt naudnett i Helse Førde er bemanna med prosjektleiar frå avdelinga. Prosjektet har, av ulike grunnar, sklidd ut i tid, prognosen er at naudnettet skal vere operativt i Sogn og Fjordane i frå 3. kvartal 2015. Kvinneklinikken Kvinneklinikken er organisert med fødeavdeling og gynekologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus. I tillegg finst det «God start-einingar» i Lærdal og Nordfjord bemanna med jordmødre. Tilbodet inneberer barselopphald etter fødselen, men kvinnene kan også vere på einingane medan dei ventar på fødselen. I tillegg har jordmødrene faste dagar med svangerskapsomsorg i kommunane og følgjeteneste for dei som har behov for følgje til fødeavdelinga. Følgjetenesta er godt organisert i heile fylket. Det er få fristbrot, og tilfredstillande ventetid til poliklinisk behandling. Det har vore ei jamn auke i polikliniske behandlingar dei siste åra. Det vart behandla om lag 9 000 pasientar ved avdelinga sine poliklinikkar i 2014. Nivået av dagkirurgisk behandling ligg høgt. Det var 909 fødslar i 2014, ein auke på 27 frå 2013. Fødande i randsona av fylket kan velje å føde på Voss eller i Volda. Medisinsk klinikk 2014 var i stor grad prega av satsing på leiarutvikling. I tillegg til individuelt leiarutviklingsprogram vart det arbeidd mykje med leiardialog. Det vart innført individuelle faste månadlege møter mellom leiarar på alle nivå. Alle arbeidseiningar, seksjonar og avdelingar utarbeidde handlingsplanar, og innhaldet i heilskapleg leiing vart konkretisert. Avdelingsvise budsjett- og prognosemøter i lag med direktør og økonomisk rådgjevar vart vidareutvikla. Arbeidet med samhandlingsreforma held fram, og kommunale tilbod inne på sjukehusa i Lærdal og Førde vart planlagt. Året var også prega av utflytting frå Florø sjukehus inn i nybygde leigde lokalitetar ved Sunnfjord Medisinske Senter i Florø. Målet var å ikkje berre flytta fysisk, men å starta ein prosess med tettare samhandling mellom sjukehus og kommunale helsetenester. Mikrobiologi Mikrobiologisk avdeling utvida sitt tilbod innan molekylærbiologiske analysar. Avdelinga arbeider også for å oppnå formell akkreditering etter ein internasjonal kvalitetsstandard, og starta i 2014 innføring av elektronisk rekvirering frå primærhelsetenesta. Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering I avdeling for nevrologi , revmatologi og rehabilitering var aktiviteten jamt høg både i sengeposten og på dei tre poliklinikkane. Tal nevrologiske senger er auka frå 14 til 16 på grunn av stor auke i tal pasientar 6 siste åra. I hovudsak har dette si årsak i at avdelinga tek i mot dei fleste pasientar med hjerneslag eller spørsmål om hjerneslag. Behandling av hjerneslag er eit kontinuerleg forbetringsarbeid og vi brukar teleslag i samhandling med medisinske avdeling på Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus. Innan fysioog ergoterapi utfører vi tenester for alle avdelingar i Helse Førde. Avdelinga har stort engasjement for forsking og utviklingsarbeid, spesielt innan revmatologi. Avdelinga har tilsett fagfolk i alle stillingar. Kreftavdelinga Avdeling for kreft, blodsjukdomar og lindrande behandling hadde ei stabil og god drift i 2014, både når det gjeld bemanning og aktivitet. Tal heildøgnsopphald gjekk litt ned, men beleggprosenten auka. Dagbehandling på poliklinikken (cellegiftbehandling) var uendra frå 2013, medan aktiviteten på poliklinikken samla sett auka med ca. 6 prosent. Kreftavdelinga er, som ei av få avdelingar i Norge, godkjend utdanningsavdeling for kompetanseområdet palliativ medisin og for spesialiteten onkologi, begge med to år teljande teneste. Samarbeidet innan medikamentell kreftbehandling med Lærdal og Eid vart vidareført som planlagd. Barneavdelinga Barneavdelinga etablerte hausten 2014 tilstadevakt for forvakt, dette for å tilfredsstilla krav i arbeidsmiljølova og for å betre tilbodet , spesielt til sjuke nyfødde. Tilstadevakt for barnelege er ein av føresetnadene for å halda fram med risikofødslar ved FSS. Avdelinga har starta arbeidet med å innføre PedSAFE (systematisk skåringsverktøy i mottak, behandling og samhandling om sjuke barn.) Dette skal innførast og brukast på alle innlagte barn ved Førde sentralsjukehus. Vidare er barneavdelinga no tatt med i prosjektet som skal førebu innføring av elektronisk kurve i Helse Førde. Arbeidet med akutt-teama til barn held fram, og avdelinga jobbar fortløpande med å gjere sjukepleiarane trygge på å kunne jobbe både på seksjon for nyfødde og store barn. Dette for å kunne utnytte ressursane best mogeleg. Ved sengeposten er det forhandla fram ei bakvaktsavtale for sjukepleiarane. Denne nyttar avdelinga når aktiviteten er låg. I tillegg låner avdelinga ut sjukepleiarar til medisinsk og ortopedisk avdeling når dei har trong for ekstra ressursar og aktiviteten på barneavdelinga gjer det mogeleg. Alle sjukepleiarstudentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har hospiteringspraksis i sengeposten. I 2014 var talet 150 studentar. Saman med Høgskulen gjennomførte avdelinga et prosjekt der målet var å betre praksisperioden. Hudavdelinga Også i 2014 har tilvisingsmengda vore aukande med ei dreiing mot tyngre utgreiingar og behandlingar. Ein del tilvisingar vert avvikla ved direkte brev med behandlingsråd til primærlege. Avdelinga har to overlegar og to LIS-legar. I hovudsak skjer aktiviteten ved Førde sentralsjukehus, men avdelinga har og høg aktivitet ved poliklinikkane ved Nordfjord Sjukehus, Rutlin i Sogndal, i Florø og ved Lærdal Sjukehus. Tal 7 legekonsultasjonar auka, og låg i 2014 på vel 7 700, medan det har vore ein nedgang på ca. 1 300 i tal pasientar som har fått lysbehandling. Diabetesfotgruppe er vel etablert og fungerer godt. Avdelinga har satsa på telemedisinske konsultasjonar og rådgjevande teneste mot primærhelsetenesta. I 2014 vart det gjennomført 183 telemedisinske konsultasjonar, og talet aukar. Til no har desse vore legekonsultasjonar, i framtida vil også sjukepleiarane ha eigne telemedisinske konsultasjonar. Samla ved alle poliklinikkane har vi hatt vel 16 557 konsultasjonar og behandlingar, i overkant av 2 000 er sårpasientar. I tillegg kjem ein god del interne tilsyn. Radiologi Avdelinga har i 2014 om lag like mange konsultasjonar som i 2013, i snitt 190 konsultasjonar dagleg, helgar inkludert. Ventetidene er framleis lange for uprioriterte undersøkingar innanfor ultralyd og MR, primært skulda manglande maskinkapasitet. Avdelinga har rekrutteringsvanskar når det gjeld spesialistar i radiologi. Laboratorium medisinsk biokjemi og blodbank Ved laboratorium medisinsk biokjemi vart det utført 1,65 millionar analysar i 2014. Desse fordeler seg med 1,1 million i Førde, 0,28 million i Lærdal og 0,27 million i Nordfjord. Analyseaktiviteten auka med ca. tre prosent frå 2013. Når det gjeld transfusjonsmedisin (blodbank), er tilgangen på blodgivarar tilfredstillande. Helse Førde er sjølvforsynt med dei viktigaste blodprodukta. I slutten av 2014 vart det installert blodstrålingsanlegg ved Førde sentralsjukehus, og Helse Førde treng ikkje lenger kjøpe bestrålt blod. Patologi Aktiviteten auka på patologiavdelinga. Dette er i hovudsak fordi fleire legekontor nyttar vår patologiavdeling til sine prøver. Prosjektet «digital patologi» vart sluttført i 2014. Digitalisering av mikroskopiske preparat er no integrert i arbeidsflyten i Førde og er å sjå på som ein viktig milepæl. Digitaliserte snitt vert brukt både til primær diagnostikk og til førebuing og til tverrfaglige team-møte. Teknikken inneber at patologen kan sjå på PCskjerm i staden for mikroskop, og er eit supplement til tradisjonell diagnostikk. Digitaliserte prøvar gjer det og mogleg å sende preparat til vurdering hjå andre spesialistar (Second opinion), og kan lette samarbeidet mellom helseføretaka innanfor spesialiserte område. Avdeling for patologi driv i samarbeid med Mikrobiologisk avdeling ein seksjon for molekylærbiologi. Avdelinga tilbyr mutasjonsanalyser ved spesielle kreftsjukdomar og utvidar dette tilbodet jamleg. Resultata av desse analysane vert brukte som rettleiing for klinikar i behandling av nokre typar av kreftsjukdomar. Vi ventar at fleire typar analyser vil bli aktuelle dei kommande åra, og avdelinga er no godt rusta til å møte denne utviklinga. 8 Medisinsk avdeling Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har stabilt høg aktivitet, både for sengepost og poliklinikk. Hjarterehabiliteringa har funne si form og har god pasienttilstrøyming. I løpet av 2014 er rehabiliteringsteam etablert også ved sjukehusa i Lærdal og Førde, slik at tilbodet no er like aktuelt for pasientar frå Sogn og Sunnfjord. Avdelinga har uendra drift i høve eldremedisinsk poliklinikk, infusjonspoliklinikk og dialyse. Helse Førde sin modell for samhandling (mellom sentralsjukehus og lokalsjukehus, mellom somatikk og psykisk helsevern i høve eldremedisinsk poliklinikk og mellom spesialisthelsetenesta og kommunane i høve til kommunale akutte døgnplasser og legevakt) har fått mykje merksemd frå andre føretak og instansar i året som gjekk. Medisinsk seksjon ved Lærdal sjukehus driv sengepost og medisinsk poliklinikk, dialyse og infusjonspoliklinikk. Seksjonen var del av den store innsatsen under brannen i januar. Dialyseaktiviteten har vore stabilt høg gjennom 2014. Sengeposten deltek i pasientsikkerheitskampanjen. Avdelinga har samarbeidd med kommunane om etablering av kommunale akutte døgnplasser i medisinsk sengepost. Kommunane kjøper pleietenester av medisinsk avdeling, men dekkjer legetenestene sjølv. Ved Førde sentralsjukehus har aktiviteten på sengepost, dialyseavdeling og i poliklinikken vore stabilt høg. Akuttmottak har hatt auke i aktiviteten over fleire år. Kjerneteam for eldremedisinsk poliklinikk ved Førde sentralsjukehus vart etablert i 2014, og tilbodet vil opne vinter 2015. Ein har teke i bruk avansert oppgåveplanlegging for legar. Sengeposten har mellom anna arbeidd med vidareutvikling av elektroniske meldingar til pleie- og omsorgstenesta, og ein har delteke aktivt i pasientsikkerheitskampanjen i høve førebygging av urinvegsinfeksjonar. Medisinsk poliklinikk i Florø flytta saman med øvrige spesialisthelsetenestefunksjonar til nye og moderne lokale sommaren 2014. Ein driv hjartepoliklinikk på ambulant basis i Florø. Avdelinga er også del av samhandlingsprosjektet med primærhelsetenesta i Flora kommune. Avdelinga scorar godt på ulike kvalitetsindikatorar, men arbeider løpande med utfordringar som er velkjende i helsetenesta: Rekruttering og utdanning av spesialistar og anna personell, modernisering og effektivisering, syte for medisinsk-teknisk utstyr , kompetanse- og kvalitetsarbeid samt arbeid for å sikre gode arbeidstilhøve/godt arbeidsmiljø for dei tilsette. Lærings- og meistringssenteret I samarbeid med dei kliniske avdelingane i føretaket har avdelinga gitt tilbod om ulike gruppebaserte opplæringstilbod for brukarar og deira nærpersonar. Målet er at auka kunnskap og erfaringsutveksling skal gjere brukarar betre i stand til å ta medvitne val i høve til eigen sjukdom og livssituasjon. Med prosjektmidlar frå Helse Vest RHF har avdelinga starta prosjektet «Kompetanseheving Helsepedagogikk» der målet er å auke kompetansen både i kommunane, og i helseføretaket. 9 Representantar frå eininga har undervist i tematikk knytt til rehabilitering, individuell plan og koordinatorfunksjonen både internt i Helse Førde HF og i mange kommunar. Det har og vore arrangert nettverkssamling for oksygenbrukarar og oksygenkontaktar. Talet søknadar om behandlingshjelpemiddel har auka med omlag 30 prosent. Dette skuldast mellom anna at helseføretaka får ansvar for stadig fleire behandlingshjelpemiddel. Behandlingshjelpemiddel blir brukt for å betre pasienten sin medisinske tilstand og er ein del av behandlingskjeda i spesialisthelsetenesta. Behandlinga skjer ved bruk av utstyret utanfor sjukehus, mellom anna i kommunale institusjonar, i heimen, på arbeidsplassen og i skule eller barnehage. Behandlingshjelpemidla er eigd av helseføretaket og blir lånt ut til pasientar etter søknad frå legespesialist. Psykisk helsevern og tverrfaglig behandling av rusavhengige Klinikk for psykisk helsevern i Helse Førde har som mål å greie ut og behandle på kvalifisert spesialistnivå og med høg fagleg kvalitet til alle som har trong for det innan ansvarsområdet til føretaket. Dette gjeld og pasientar med rusproblem. Det er samarbeid på fleire somatiske fagområde – barneavdelinga, kreftavdelinga og fedmepoliklinikk. Vidare blir det gjennomført tilsyn frå klinikken. Fokuset på alderspsykiatri er stort, og alle relevante avdelingar planlegg eller har i drift tilbod innan dette feltet. Klinikk for psykisk helsevern har hatt stor aktivitet. Både tal polikliniske konsultasjonar innan psykisk helsevern for vaksne, og særleg psykisk helsevern for born og unge har auka. Fleire pasientar har fått behandlingstilbod, men med kortare liggetider. Dette har vore eit mål for klinikken. Alle distriktspsykiatriske avdelingar har etablert brukarstyrte senger. Det er og ambulante team knytt til dei distriktspsykiatriske sentra. I stor grad har vi oppfylt dei produksjonskrav som var sett som mål. Overgang frå døgn til dag meiner vi gjev betre pasientbehandling, og betre utnytting av tilgjengelege ressursar. På sjukehusnivå har vi no berre ein sengepost – akuttposten, og vidare Vaksenhabiliteringa, som er ei ambulant verksemd. 32 prosent av ressursane til vaksenpsykiatri går til sjukehusdrift, 68 prosent er tildelt dei distriktspsykiatriske sentra. Det er korte ventetider innan psykisk helsevern. Det har berre unntaksvis vore fristbrot i klinikken. Det har framleis ikkje vore trong for å nytte fullt ut dei to døgnplassane vi etter avtale kan kjøpe av Helse Bergen. Dette skuldast delvis at akuttposten har kunna avverge overføring til Bergen, og at den ambulante tenesta reduserer trongen for innleggingar. I samband med nedlegging av sikkerheitsposten på Tronvik i 2013 vart poliklinikken i Førde styrka, m.a. med sikkerheitspsykiatrisk kompetanse. Tverrfaglig behandling av rusavhengige er organisert som ein integrert del av psykisk helsevern. Vi har to sengepostar, på Tronvik og på Nordfjordeid, og poliklinikkane er vurderingseiningar. Drifta i 2014 viser at det knapt er nokon av dei innlagde på Eid som kjem frå andre føretak i Helse Vest. På Tronvik er det berre 27,7 prosent av plassane som blir nytta av pasientar frå Helse Førde, sjølv om vi dekker 50 prosent av driftskostnadene. Særleg Helse Bergen er storbrukar av sengeposten på Tronvik, med 63,5 prosent av samla liggedøgn. Begge sengepostane har tilbod om brukarstyrte sengeplassar. Det er stor poliklinisk verksemd, og det blir aktivt jobba for å finne alternativ til innlegging. Vi har klart å halde kostnadene til kjøp av gjestesenger på et lågt nivå. Dette skuldast godt arbeid i poliklinikkane, men og i stor grad koordineringseininga, som også vart styrka med 40 prosent i 2014. 10 Innan psykisk helsevern for born og unge har det vore stor auke i tal polikliniske konsultasjonar. Det er samarbeidsavtalar med den statlege barneventenesta – Bufetat. Det har vore god utnytting av døgnposten, og kapasiteten er godt nytta. Det er omfattande ambulant verksemd, både i samband med pasientbehandling og rettleiing i kommunane. Sesongvariasjonar fører tidvis til utfordringar i høve kapasitet. Dei produktivitetsmåla som vart sett for tal konsultasjonar/tiltak per behandlar i opptrappingsplanen vart nådd i 2014. Psykisk helsevern for born og unge hadde 21 prosent av budsjettet i 2014. Det er stor aktivitet med pasientbehandling og rettleiing av kommunar. Føretaket har stort fokus på samarbeid med brukarorganisasjonane, og i klinikkrådet til Klinikk for psykisk helsevern deltek brukarorganisasjonane med to representantar. Brukarorganisasjonane er med i pågåande planarbeid, prosjektarbeid og omstillingar. Det er god kvalitet og høg kompetanse i klinikken. For å sikre dette også for framtida, er det aktiv satsing på forsking. Mellom anna er psykisk helsevern eitt av to satsingsområde i den strategiske forskingsplanen i føretaket. Nasjonale rapportar gjev gode tilbakemeldingar om både drifta og kvaliteten i klinikken. Det gjeld både tilbakemeldingar frå pasientar, frå kommunelegar og bruk av ressursar og kvalitet – liggetider, ventetider, epikriseprosent, økonomi, kompetanse m.m. FORSKING Forsking er ei av fire hovudoppgåver for spesialisthelsetenesta, jf. Spesialisthelsetenestelova § 3-8. Forsking er viktig for å betre og sikre kvalitet i utdanning og yrkesutøving i helsetenesta, og eit vilkår for kontinuerleg kompetanseutvikling. Forsking bidreg til å legge grunnlaget for ein kunnskapsbasert praksis og er viktig for kritisk vurdering av metodar, behandlingstilbod og teknologi. Helse Førde har hatt forsking på sjukleg overvekt som strategisk satsingsområde fram til 2013. Satsinga vart eksternevaluert i 2014, og vart vurdert som vellukka. Helse Førde har i 2014 oppnådd gode resultat innan vitskapleg publisering (jfr. tabell under), og har ei monaleg auke i publikasjonar der første- eller sisteforfattar er frå Helse Førde. Vi har også ei auke i tal internasjonale medforfattarar. I 2014 arrangerte Helse Førde, i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen, ein internasjonal forskingskonferanse innan overvekt, og det har vore gjennomført ulike lokale forskingsseminar. Helse Førde vedtok i desember 2013 strategi for forsking og innovasjon 2014-2020, med to strategiske forskingssatsingar, «Folkehelse, livsstil og overvekt» og «Psykisk helse og rus». Gjennom å samle enkeltforskarar på tvers av avdelingar og fag i større grupper kan kvaliteten blir høg nok til å publisere jamt i gode internasjonale fagfelle-vurderte tidsskrift. Dette gjev dessutan vesentleg betre sjanse til å nå opp i nasjonale og internasjonale konkurransar om forskingsmidlar. Gjennom dette kan vi skape stabile og robuste forskingsmiljø. To utanlandske seniorforskarar i bistilling er knytt til dei strategiske 11 forskingssatsingane. I desember 2014 vedtok styret i budsjett for 2015 å trappe opp forskingsaktiviteten innan dei to tematiske satsingane. FoU-verksemda i Helse Førde er lagt til Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane, som er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Målet med samarbeidet er å styrke utvikling og forsking innafor helsetenesta i fylket. Senteret omfattar ein forskingsleiar og ein seksjonsleiar. I tillegg bidreg Helse Førde med ein forskingskoordinator i 40 prosent stilling. Senteret rettleier på prosjektutvikling og søknadsutforming og organiserer ulike kurs og seminar. I 2014 vart det mellom anna helde kurs i akademisk skriving, søknadsskriving, statistikk, systematisk litteratursøk, utforming av poster og programvare brukt i forsking, i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ein sentral formidlingsaktivitet var Forskingsdagane med ei rekkje føredrag og eit svært vellukka arrangement på Handelshuset i Førde og på flyplassar i Førde og Florø. Forskinga i Helse Førde i tal Indikator 2014 2013 2012 2011 2010 2009 Tal vitskaplege artiklar. Publikasjonspoeng i parentes. Doktorgrader Interne søkbare FoU-midlar. Innvilga søknadar i parentes. Ressursbruk FoU totalt inkl. ekstern finansiering, HODrapportering, i mill. kr. Tal på innmelde forskingsprosjekt til NSD Personvernombodet Tal på innmelde forskingsprosjekt til regional etisk komite Tal på søknadar til Helse Vest forskingsmidlar. Tal på innvilga søknadar i parentes. Tilsette i HF under doktorgradsutdanning. Doktorgradsprosjekt i oppstartsfase (ikkje søkt opptak). 32 (førebels tal) 0 600 000 (7) 28 (13,39) 13 (6,86) 17 (12) 19 (8,87) 11 (7,13) 1 600 000 (4) 2 300 000 (9) Endelig rapport ikkje klar p.t 0 9,1. 1 610 000 (9) 7,9 7,0 0 300 000 (9) 6,7 0 300 000 (7) 4,45 0 0 1 1 3 5 1 1 5 4 6 (1) 4 (1) 8 (2) 9 (1) 8 (1) 6 (0) 4 3 3 4 4 4 2 2 2 4 5 4 Forskingsområdet har framleis eit forbetringspotensial. Nokre avdelingar har god og målretta aktivitet, medan andre er meir i startgropa. Medisinsk avdeling og barneavdelinga bidrar til forsking innanfor dei strategiske satsingsområda til Helse Førde. Mikrobiologisk avdeling forskar innanfor flåttoverførte infeksjonar og revmatologisk seksjon innanfor osteoporose og revmatiske sjukdomar. Kreftavdeling og medisinsk avdeling deltek i fleire multisentriske legemiddelprosjekt. 12 MILJØRAPPORTERING Helse Førde er miljøsertifisert etter ISO 14001. Dette skal sikre at miljøomsyn kjem inn i dei dagelege rutinane, og slik redusere miljøpåverknaden frå drifta. Føretaket er aktivt med i det regionale miljønettverket i Helse Vest for følgje opp dei krav og pålegg som kjem frå nasjonalt og regionalt hold. Drifts- og eigedomsavdelinga har følgt opp miljømål og konkretisert måltal slik at dei korresponderer med Helse Førde sentrale mål. Mellom anna har avdelinga hatt spesielt fokus på energibruk, avfallsortering og alternativ til bilkøyring. Energibruk Oppstillinga under viser utvikling i samla energibruk for perioden 2000 til 2014 i Helse Førde, fordelt på stadane der føretaket har mange tilsette. I denne perioden har det mellom anna vore arbeidd med effektiv energibruk i to ulike Enova-prosjekt. Oversynet viser at arbeidet har gjeve vesentleg reduksjon. Frå starten og fram til i dag er samla energibruk i Helse Førde redusert med 72 kWh/m². Reduksjonen tilseier at føretaket brukte nær 20 prosent (4 917 000 kWh) mindre energi i 2014 enn det hadde blitt gjort med tilsvarande areal før prosjektet starta. Utviklinga er snudd i 2014, men Drifts- og eigedomsavdelinga reknar med at dette i hovudsak skuldast uheldig utslag på klimakorrigeringar som følgje av at 2014 var eit unormalt mildt år. Likevel søker føretaket å finne nye løysingar også på kort sikt for å redusere energibruken. I tillegg til statistikk nedanfor har Drifts- og eigedomsavdelinga bidrege til nye leigekontrakter med god energieffektivitet for ambulansestasjonane i Årdal og på Sandane, samtidig som prehospitale tenester i Førde har teke i bruk eit moderne og energieffektivt bygg. I 2014 starta Helse Førde planlegging for omlegging frå oljerelatert energi til andre alternativ alle stader der Helse Førde driv verksemd. Mellom anna har ei sak om dette vore styrebehandla. Utvikling i energibruk i perioden 2000 – 2014 13 Tabellen og figuren over viser utviklinga i samla energibruk per sjukehus for perioden 2000 til 2014. Energibruk for Sogndal er inkludert i oversikta f.o.m. 2011, energidata for Florø er tatt ut frå 2013. Oversikta viser spesifikk energi (kWh per m²), og er difor uavhengig av arealendringar ved dei ulike sjukehusa. Det er ikkje korrigert for eventuelle endringar i aktivitet. Avfall I år 2014 var den samla avfallsmengda i Helse Førde på 571,8 tonn, ein reduksjon på 16,6 tonn frå 2013. Reduksjon kjem hovudsakleg frå Nordfjord sjukehus der restavfallet har minka på grunn av mindre byggeaktivitet. Lærdal Sjukehus og Indre Sogn Psykiatrisenter har også redusert avfallsmengda i 2014, medan den samla avfallsmengda har auka ved Førde Sentralsjukehus. FRAMTIDIG UTVIKLING Føretaket budsjetterer med eit resultat på fem millionar kroner i 2015. I 2014 har vi arbeidd med fleire ulike prosjekt som gjeld forbetring av pasientforløp og pasientbehandling. Arbeidet med å sikre pasienttryggleik og kvalitet held fram også i 2015. Framleis drift Styret stadfestar at føresetnaden for framtidig drift er til stades i samsvar med paragraf 3-3 i rekneskapslova. Til grunn for dette ligg at staten har gitt 100 prosent driftsgaranti for helseføretaka og at føretaket er tilfredsstillende finansiert. Helseføretakslova paragraf 5 seier at det ikkje kan opnast konkurs i helseføretaka. Etterspurnaden etter helsetenester aukar, både som resultat av demografiske høve og nye behandlingstilbod. Verksemda har såleis eit godt fundament for framtidig aktivitet, også sett i lys av at gjeldande pasientlovgjeving gjev pasientane rett til helsehjelp innan gitte fristar. Styret meiner at det ikkje finst tilhøve som tilseier anna enn framleis drift. Helseføretaket si økonomiske utvikling gjev rom for auka investeringar på sikt. 14 REKNESKAPEN Omsetnaden i Helse Førde var 2,475 milliardar kroner i 2014. Driftsresultatet var positivt med 243,5 millionar kroner. Resultatet etter finanspostar var positivt med 241,3 millionar kroner. I eit føretaksmøte i desember 2014 endra Helse Vest RHF resultatkravet til Helse Førde frå null til eit positivt resultat på 224 millionar kroner. Dette skjedde som følgje av at Stortinget vedtok ny uførereform. Lovendringa er ei planendring, og heile effekten av endringa skal da takast inn i rekneskapen i det året endringa skjer. Helse Vest har handsama endringa på same måte som tidligare. Effekten for Helse Førde i 2014 var at pensjonskostnaden endra seg vesentleg og resultatet vart forbetra med 332,5 mill. kroner. I tillegg til å auke resultatkravet kutta difor Helse Vest basistilskotet med 108,8 millionar kroner. Drifta av føretaket gav ein positiv kontantstraum på 79,2 millionar kroner. Utover dette hadde føretaket negativ kontantstraum på 145,8 millionar på investeringsområdet. Særleg bidrog nytt prehospitalt bygg til denne negative kontantstraumen. Trekk på driftskreditten er i 2014 auka med 72,7 millionar. Ved utgangen av året hadde føretaket brukt 249,0 millionar av driftskreditten mot 176,3 millionar 1.1.2014. Utbetaling av basistilskotet er viktig for å ha ein sunn likviditet i føretaket. Samstundes med kuttet i basisløyvinga vart difor driftskredittramma auka med 115 millionar kroner - til 445 millionar kroner. Langsiktige lån er nedbetalt med 8,4 millionar kroner. Helse Førde HF følgjer norsk regnskapslov. Inntekter og kostnader er dermed tidsavgrensa og justert for usikre høve. I 2014 vart det gjennomført investeringar på 151,7 millionar kroner. Helse Førde har ei grense på driftskreditten på 445 millionar. Denne ramma er tilstrekkeleg i høve planlagt drift. Totalkapitalen var ved utgangen av 2014 på 1 823 millionar kroner mot 1 533 millionar kroner per 1.1.2014. Eigenkapitalen per 31.12.2014 var 911,9 millionar eller 50 prosent av totalkapitalen, mot tilsvarande 670,7 millionar og 43,7 prosent av totalkapitalen per 1.1.2014. Framlegg til disponering av overskotet Styret foreslår at overskot for året vert brukt på følgjande måte: Overført til annan eigenkapital Sum disponering av årsoverskot 241 276 104 241 276 104 15 Førde, 25. mars 2014 Jorunn Ringstad Styreleiar Agnes Landstad Nestleiar i styret Harry Mowatt Styremedlem Atle Hamar Styremedlem Liv Stave Styremedlem Helge Emil Bryne Styremedlem Wenche Kristin Røknes Styremedlem (tilsett representant) Geir Berge Øverland Styremedlem (tilsett representant) Randi Aven Styremedlem (tilsett representant) Berit M. Johanssen Hornnes Styremedlem (tilsett representant) Jon Bolstad Dagleg leiar 16
© Copyright 2024