Nr. 1 I mars 2016 I 44. årgang - Kyrkja i Sogndal og Leikanger

Nr. 1 I mars 2016 I 44. årgang
God påske!
Leiar:
Påskeminner
Utgjeve av Sogndal og
Leikanger Kyrkjelege
fellesråd
Redaktør: Hallgeir Øgaard
Bankgiro: 3720 30 15063
Postadresse:
Sogndal kyrkjelydsblad,
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal
Besøksadresse:
Kyrkjekontoret
Stedjetunet, 2. etasje
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal
Telefon kyrkjekontoret:
57 67 99 85,
e-post: [email protected]
Heimeside:
www.sogndal.kyrkja.no
Grafisk:
skrivargarden.no
Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle
heimane i Sogndal kommune.
Det er også mogleg å tinga bladet
for dei som bur utanfor kommunen.
Neste nummer av kyrkjelydsbladet
kjem ut i slutten av juni.
Stoff kan sendast til
[email protected]
innan 27. mai.
Beredskapsteneste i Sogn:
Ved akutte behov kveld/natt og
helg kan prest nåast på telefon
95 48 33 74. Bladpengar: kr. 300,- pr. år, kr. 400,– for abonnentar.
2
nr. 1-16
Då eg var liten høyrde eg ofte snakk
om ”påskeappelsinar” og ”påske­
fjellet”, og som barn ofte gjer, så
tenkte eg mykje over om ”påske­
appelsinar” var ein eigen frukt,
og om ”påskefjellet” var ein plass
der alle – som ikkje hadde foreldre
som jobba i kyrkja – for til, og
forsvann ein periode. Eg trudde
jamvel at ”Påskeøya” berre dukka
opp i tida mellom Palmehelga og
2. Påskedag.
Vel, tida gjekk, og eg fann etter
kvart ut at Påskeøya ikkje hadde
anna med påske og gjere enn at den
blei ”oppdaga” av ein nederlendar
1. Påskedag 1722. Påskeappelsi­
nar fann eg ut var mykje saftigare
enn appelsinar andre delar av året
– men der forsvann og skilnaden.
Dei såg ut som vanlege appelsi­
nar, og var ikkje rosemalde eller
hadde anna pynt på seg. Og dei
var heldigvis ikkje restane etter
Skomaker Andersen sin juleappel­
sin heller.....
Og påskefjellet? Vi i Bergen hadde
høyrd rykte om at påskefjellet var
fylt opp med puddersnø og strål­
ande sol frå ein kom til hytta og
til du reiste igjen. På fjellet rundt
Bergen hadde vi slaps – om vi var
Foto på framsida:
Alle 11-åringane har denne månaden
fått utdelt biblar. Her frå gudsteneste i
Stedje kyrkje.
Langfredag kjem Fjor Ensemble til
Stedje og Leikanger
11-åringar saman med dåpsbarnet
Oda i Ølmheim kyrkje 14. februar.
Foto: Egon Askvik
Sogndalkyrkjelydsblad
heldige – og sola? ”Den hakkje
vi sett nåkke tè.....” mumla vi frå
dykkarklokka....
Så gjekk åra, og eg blei eldre. Som
son av ei kyrkjetenar og ein klok­
kar, vart mi påske som oftast brukt i
kyrkja. Påskeafta skulle kyrkja
vaskast ned, og sølv pussast før
storinnrykk av kor, musikarar og
ymse prestar. Då passa det mor
godt at eg dreiv og dingla i kyrkje­
klokka ein times tid.
Når kompisane kom heim at frå
”hyttn” 2. Påskedag, vanka rappor­
tar om det lokale påskerennet,
då fattarn vart for ivrig og braut
både ski, skistavar og ein legg. Alle
hugsar kor dei var då fattarn braut
alt.....
Eg syntes i det heile at påskerenn,
knekte ski og bein, høyrdes skum­
melt ut, så eg konkluderte tidleg
med at mi påske var nett fin sånn
som ho var – dinglande i ei kyrkje­
klokke mellom klokka 17 og 18 på
påskeafta.....
Hallgeir Øgaard
REDAKTØR
Diakonihjørna
1. runde – kartlegg deg sjølv!
Det er ei levande kyrkje vi er ein del av! Vi er ikkje statisk,
vi står ikkje fast, vi bevegar oss og endrar oss – vi gjer nye ting
på nye måtar. Fellesskapet er dynamisk, og slik må det vere!
Når vi aukar aktivitetsnivået, med
fleire tilbod og tiltak for både små
og store, trengs det fleire som kan
hjelpe til og fleire som kan vere med
å «farge aktiviteten».
I kyrkjene i sokna er det allereie
mange menneske som gjere ein
frivillig innsats. Av og til handlar det
om å hjelpe til der og då, men for
mange er tenesta òg tufta på noko
djupare. Det gir meinig å vere ein del
av eit fellesskap, saman med andre.
Ein vert til nytte, ein får bidra med
eigne evnar og ressursar, ein kan
vere med å skape endring og påvir­
ke korleis ting skal bli gjort eller sjå
ut. Ein skal vere seg sjølv i møte med
andre. Når vi gir tid og krefter inn
mot andre, så får vi så mykje attende!
På lista under her har eg satt opp
ulike tiltak som det er mogleg å vere
med på som frivilleg hjelpar. Du kan
hake av for din eigen del kva som
passar for deg å vere med på. Men
du kan og sende inn lappen med ditt
namn på, slik at vi kan registrere
deg på kyrkjekontoret som framtidig
medhjelpar!
«Vi er ikkje stati sk,
vi står ikkje fast,
vi bevegar oss og endrar oss»
Er du ung eller gamal, truande og
tvilande til den kristne trua, mann
eller kvinne, sprek eller mindre
sprek- det er veldig bra for felles­
skapet og for deg sjølv å vere med i
ein meiningsfull samanheng – det er
plass til alle, og kjekt å vere mange
om oppgåvene!
"…regi strere deg på kyrkje­
kontoret som framtidig
medhjelpar!?"
Har du idear og tankar om tiltak og
aktivitetar i kyrkja som du saknar,
som du har lyst å ta ansvar for, eller
vere med på? Diakoniutvalet, med
medlemer frå alle 5 sokna, tek i mot
forslag – vi er ikkje ferdigtenkte – og
vil gjerne høyre frå deg.
Ta kontakt med leiar for utvalet:
Åse Kongsvik eller diakon Gitte Th.
Torstad.
"
Stedje
Norum
Kaupanger
Fjærland
Kyrkjevert
Tekstlesar/klokkar
Kyrkjekaffi kokar
Kyrkjering i Stedje
Dåpsring i Stedje
Dugnad ute på kyrkjegarden
Dugnad inne i kyrkja
Forsanger i kyrkja
Vert, open kyrkje, Stedje, i advents- og fastetida
Brannvakt, ulike arrangement
Open Stedje kyrkje, sommar
Medhjelpar, trusopplæring
Arbeid for innvandrarar
Engelsk tolketeneste
Vere besøksven
Halde andakt for eldre
Lage mat, ulike samankomstar
Kyrkjeskyss
Musikk- gruppe
Namn:
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-16
3
Nytt frå fellesrådet og kyrkjeverja:
Nytt år og
nye moglegheiter :)
Me fekk gjennomført mykje vedlikehaldsarbeid på
kyrkjene våre i året som gjekk. Dette fann de mykje å
lese om i julenummeret av kyrkjelydsbladet. Sjølv om
mykje godt arbeid vart lagt ned i 2015, kan me ikkje
kvile på laurbæra. Me har framleis mange planar
og mykje me vil ha gjort.
Kyrkjegardar
Ute på kyrkjegarden på Kaupan­
ger har muren ned mot elva
sokke gjennom fleire år. No er
dette vorte så pass mykje at me
saman med Riksantikvaren yns­
kjer å få dette utbetra. Det vart
difor før jul sendt søknad til
Fylkeskommunen om å få utført
dette arbeidet, og godkjenning
vart gitt. Det har også vore
synfaringar med grunneigar på
naboeigedomen, som også er
positiv til tiltaket. Muren må til
dels takast heilt ned og byggjast
opp att, og dette vonar me vil skje
så snart det let seg gjere etter
at tele og fuktigheit har gått ut
av marka. Inne i stavkyrkja fekk
me utbetra sprinklaranlegget før
jul, slik at dette no skal vere i god
stand.
Ein treng meir gravplass både på
Kaupanger og på Stedje om kort
tid. På Kaupanger håpar me å
få lagt ut på tilbod opparbeiding
av ein del av området tenkt til
Kaupanger gravlund, slik at dette
4
nr. 1-16
vonleg kan bli teke i bruk til haus­
ten. Den nye gravlunden kjem i
Kyrakvina. Står du med ryggen
mot kyrkjedøra, kjem gravlun­
den rett fram – på andre sida
av kyrkjegardsmuren. Den blir
lagt på ein del av det området
der no skogen er rydda. Diverre
vart det ikkje midlar til å bygge
servicebygget/kyrkjestova der i
denne omgang, men ut frå øko­
nomiplanen til kommunen skal
dette prioriterast framfor vidare
utviding av gravlunden.
På Stedje håpar me på å få klar
teikningar/gravplassplan for det
området kyrkjegarden skal ut­
vidast på. Håpet er å kunne ta
i bruk det nye området i 2017.
På Stedje kjem utvidinga av
gravplassen på arealet framfor
kapellet – i retning mot dalen.
I Norum er behovet for ein par­
keringsplass stort. Ein har hatt
synfaring med kommunen, og ein
håpar på å kome vidare med også
dette prosjektet så snart som råd.
Sogndalkyrkjelydsblad
Stedje kyrkjeorgel
Mange lurar på korleis det går
med kyrkjeorgelet, og no kan me
med glede fortelje at arbeidet
er i godt driv og at me vonar at
orgelet kjem på plass i sommar.
Dersom du er interessert i å
sjå på bilete av bygginga, finn
du ein link på heimesida vår
www.sogndal.kyrkja.no. Dei av
dykk som er på Facebook kan
også fylgje ein del av arbeidet
der. Søk då på Steendam. Der
vil det med jamne mellomrom
bli lagt ut nye bileter av arbeidet
med orgelet.
Lys og lykter på kyrkjegardane
Til slutt vil eg berre minne om at
ein må vere varsam når ein tenner
lys og lykter på gravene. Mange
tenner lys på gravene i samband
med høgtider som jul og påske,
men mange tykkjer det er kjekt å
gjere dette også elles i året. For
mange er dette ein viktig og fin
handling, og me vil ikkje forby
det. Men det er viktig at ein her
nyttar lykter og ikkje laustståan­
de lys. Gravlys med «lokk» kan
nyttast, men ikkje opne lys og fak­
lar. Særleg må ein vere forsiktig
med dette når bakken er bar og
ikkje snødekt. Set også lysa/lyk­
tene dykkar slik at dei ikkje er i
nærleiken av lett brennbart ma­
teriale, som t.d. mosekransar og
anna pynt på gravene. Det aller
beste er også om dei står fast, el­
ler inne i ei fastmontert lykt, slik
at vinden ikkje kan få tak og få dei
med seg. Kyrkjene våre er gamle
med tørt treverk, og det er elles
mykje lett brennbart rundt på
kyrkjegardane, så me håpar at
alle respekterer desse reglane.
prøver me også leggje ut fort­
løpande informasjon om det som
skjer i dei ulike sokna.
Vil også minne om heimesida
vår www.sogndal.kyrkja.no. Der
vil du finne oppdatert informa­
sjon om kva som skjer i kyrkja,
om aktivitetar som kjem, om
konfirmantåret, ulik informa­
sjon til deg som skal døype,
gifte deg eller anna – og uli­
ke påmeldingsmodular mellom
anna til aktivitetar og dåp. Der
Ynskjer alle ein retteleg god
påske!
Venleg helsing
Jorunn Merete Haukås-Eide
Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger
Orgelbygging i Nederland
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-16
5
TAKK
til Knut Mundal
Han har vore organist i Fjærland i 46 år.
No er Knut Mundal blitt pensjonist,
men berre litt.
Ved sida av organiststillinga har
Knut vore bonde. No er det sonen
som driv garden med Knut som
medhjelpar. Så han har nok å stå i.
Sjølv om han har ei stor interesse
for gardsbruk, tenkjer han inn­
imellom at han nok eigentleg burde
vore organist på heiltid. Han har
ei stor interesse for musikk, og
kanskje særleg salmar og norske
folketonar.
Sjølv om interessa for musikk var
der frå byrjinga, byrja ikkje Knut å
spele orgel før han var 12 år. Før
dette held han mellom anna på med
skihopp. Ein skade i ein fot gjorde
at han sat seg til å spele harmoni­
um – og pumpa med den eine foten
som fungerte. Det vart byrjinga på å
lære seg sjølv å spele orgel.
– Eg hugsar eg kunne spele i
timesvis, og fekk nok min dose
kjeft frå mine foreldre som prøvde
å sova, fortel Knut, og fortel sam­
stundes at han fortsatt kan øve
til seint på kveld. Eller til litt utpå
natta. Det er som regel då ein gard­
brukar har tid til slikt.
Trass stor musikkinteresse – og
lyst til å lære meir – gjekk Knut
aldri på noko høgskule for å lære
seg å spele orgel. Han er sjølvlært.
Eit forsøk på å ta nokre timar på
Norges Musikkhøgskule medan
han var i militæret stranda.
– Ein må ha tid til slikt, og skal
det vere noko nytte, må det heller
ikkje vere for lang tid mellom kvar
6
nr. 1-16
time. Difor vart det vanskeleg å
kombinere verneplikt og musikk­
utdanning, og med garden blei det
med forsøket.
at i dag – 40 år etter at Fjærlandorgelet blei satt opp, står det
framleis og fungerer like godt som
dag éin.
" Det gjer godt å få høyre
at du gjer ein god jobb"
Domorganist i Bergen domkyrkje,
Magnar Mangersnes, var konsulent
og den som innvigde orgelet. Sun­
dagen etter blei orgelet tatt i bruk
i ordinær teneste for første gong –
sundag 23. Mai 1976.
I 1969 då Knut var 23 år, døydde
brått organisten i Fjærland kyrkje,
og Knut vart spurd om han kunne
tenkje seg å overta. Fram til då
hadde han spelt på nær alle tilstel­
ningar i bygda, og var nok eit na­
turleg valg.
Knut takka sjølvsagt ja, og tok til
i jobben med stor iver. Det kan­
skje mest synlege han har jobba
med – fysisk sett – er orgelet som
kom i 1976. Det orgelet kosta den
gongen 220.000,- kroner – eller
ca 1.050.000,- kroner omrekna til
dagens prisnivå.
– Mange syntes det var frykteleg
mykje pengar den gong, og det var
til tider godt med protestar. Nokre
meinte ein heller burde bruke under
halvparten så mykje pengar på eit
elektronisk orgel. Men då hadde
ein brukt under halvparten på noko
som var under halvparten så godt
og som varte under halvparten så
lenge. Bruker ein dobbelt så mykje
pengar på noko med dobbel kvalitet
og som varer dobbelt så lenge, så
har vel ein i praksis komen likt ut,
ikkje sant? spør Knut, og viser til
Sogndalkyrkjelydsblad
– Eg hugsar dette spesielt godt,
fordi mi eldste dotter vart døypt
i nettopp den gudstenesta, fortel
Knut.
Sidan orgelet vart satt opp, har det
vore til stor glede for Knut, og for
kyrkjelyden i Fjærland. Han har
gjennom åra fått høyre at folk likar
at han spelar, og det er ein skryt
han tar til seg.
– Det gjer godt å få høyre at du gjer
ein god jobb, seier han.
Av utfordringar han har hatt i
jobben, har han nok syntes det har
vore tungt å spele til gravferder. I
alt 500 i talet har han spelt i tida si
i Fjærland.
– Eg syns det er tung å spele i
gravferder. Som lokal, oppvaksen
og busett i Fjærland, er det ikkje
til å unngå at eg vert ”personleg
involvert” i situasjonen. Men mu­
sikk har ei terapeutisk side, og den
lyfter deg opp når livet er tungt.
Det å vere med å holde folk oppe,
er godt.
Knut veit godt kor stor den terapeu­
tiske evna til musikken er. Då første
kona til Knut døydde, blei musikken
ein måte for han å overleva.
– Eg sat meg ved orgelet og spelte.
Til å byrje med, var alt surt og
ingenting stemde. Men etter kvart
var det noko som løyste seg opp,
orgelet byrje låte for meg slik det
var før, og så byrja orgelet og mu­
sikken å bera meg. Musikken heldt
meg oppe i ei svært tung tid.
Gradvis kom gleda tilbake, og etter­
kvart traff han si noverande kone,
Marit. Ho var ei venninne av kona
til Johan Haga, som då var prest i
Balestrand, og dei møttest gjennom
dei.
Når det gjeld positive utfordrin­
gar har han særleg likt å spele til
gudstenester, og han har fått ta
del i store opplevingar. Mellom
anna dukka Walter Mundale opp
til ei høgmesse i påska 1979. Det
var mens Mundale, som ættar frå
Fjærland, var visepresident i USA.
– Det var eit følgje med masse
”svære folk”, og mykje styr. Men
kjekt var det. Vi hadde ei festguds­
teneste, der mellom anna søsken­
barnet til Iver Kleive spelte trompet.
Slike hendingar har kanskje vore
med på å tilfredsstille ei av dei tinga
Knut har sakna – eit stort musikk­
miljø.
– I ei lita bygd er det nok utfordrande
å få til eit stort og ”sjølvdrivande”
musikkmiljø. Ein driv mykje av
lasset sjølv – og det krev energi.
Sjølv om Knut no er pensjonist,
vert han nok å både sjå og høyra i
Fjærland fremover. For bonden,
organisten og mannen Knut, som
ikkje har vore vekke ein einaste dag
i dei 46 åra han har vore organist,
handlar ikkje musikken berre om
ein jobb:
"Det er ein veldig god
hobby nr 1, og sjølve
definisjonen på
livsglede"
Hallgeir Øgaard
Sogndalkyrkjelydsblad
Tekst og foto
nr. 1-16
7
Påskemysteriet
i Stedje kyrkje
Det å feire påske er det viktigaste me som kristne gjer!
Me minnast at Jesus vart krossfest og døydde, men
feirer at han sigra over døden og stod opp att. Sjølv om
kvar søndag med gudsteneste er ei feiring av dette,
er feiringa i påska det store høgdepunktet. Dette er
det viktig å læra born (og vaksne) meir om, difor har
trusopplæringa laga eit tiltak knytt til påska.
Saksa frå julenummeret av kyrkjelydsbladet om tiltaket ”Påskemysteriet”
Start påskefeiringen saman med
familien i Stedje kyrkje palmehel­
ga! Der skal det skje spennande
og kjekke ting. Trusopplæringa
ynskjer å setje fokus på påsken
og kvifor me feirar den. Difor har
me gått ut og invitert alle 9 og 10åringar (og foreldra) i Stedje, til ei
samling rundt påskemysteriet; ei
vandring gjennom påskedagane og
eit heilt spesielt, og godt måltid.
Me lovar eit møte med trivelege
folk, spennande bibelforteljingar,
gode smakar, og fint besøk av Hans
Einar Markhus frå Israelsmisjonen.
Han gler seg til å møte og undre
seg saman med nysgjerrige born og
vaksne! Dette skjer palme-laurdag
19.mars kl.11-15.30, i Stedje kyrkje.
Me ynskjer påmelding til Påske­
mysteriet innan tysdag 15. mars. Gå
inn på nettsida vår www.sogndal.
kyrkja.no , under fana BORN finn du
linken Påmelding påskemysteriet,
klikk på den og bli med!
11-åringar som var med på LysVaken i
Leikanger på gudsteneste saman med Egon
Askvik og Bjarte Leithaug i Stedje kyrkje
7. februar.
8
nr. 1-16
Sogndalkyrkjelydsblad
Palmesøndag, 20. mars er heile
kyrkjelyden hjarteleg velkommen
til gudsteneste! Der kan alle få
bevega seg, smaka og kjenna på
påskemysteriet – ein herleg start
på påskeveka og feiringa av Jesu
oppstode!
Dersom du er 9 eller 10 år og har lyst
å vera med på påskemysteriet, men
bur i dei andre sokna, er du likevel
velkommen til å bli med. Ta kontakt
med Monica på kyrkjekontoret.
KONFIRMASJONAR
våren 2016
STEDJE
Laurdag 7. mai kl. 10.00
Julia Husum
Ingvild Fardal
Ragnhild Holm-Marøy
Sofie Kvist Rydvang
Amalie Sjøvoll Hauglund
Eivind Helgesen
Magnus Elvagjeng Bøthun
Tina Eknes Christensen
Kristin Håvik
Sigvart Galborgen Stenehjem
Katrine Eikenæs Øen
Lovise Hole Lykkebø
Heine Borlaug Kjønås
Ronja Bøye Øygard
Hedda Fossnes
Steinar Fimreite
Annika Fimreite
Stina Wigum
Tuva Eithun
Kristin Bergheim
Christian Stigen Blomseth
Robin Kalvatn Øvretun
Vegard Eikevik
Sundag 8. mai kl. 11.00
Ole Alpen Kvåle
Jon Foss
Lone Bakken
Anders Lyngset Aksnes
Mari Fimreite
Sara Espe Kollsete
Jon Skjerdal
Margit Hope
Synnøve Aasen Nesheim
Øystein Skjerdal Bondevik
Øyvind Randmo
Maria Fimreite Kleiven
Rebecca Standal Fretland
Christopher Obermann
Martine Orrestad Andersen
Simen Liljedahl
Sunniva Haugen
Victoria Loftesnes
Eyakem Tesfamariam Tecle
Ill.foto: Martin Berglund, flickr.com
Linnea Robøle
Patrick Sjøthun Uglane
KAUPANGER
Sundag 22. mai kl. 11.00
Laurdag 7. mai kl. 12.30
Hedda Solheim Håkonsen
Ole Kenneth Lerum Hollekve
Nora Hovland Mo
Daniel Navarsete Tonheim
Julie Årøy
Torbjørn Aaberge Nes
Stine Orrestad
Markus Skei Veum
Gunn Marit Kvåle
Endre Stedje
Iver Grevsnes
Lina Stalheim Seldal
Anna Fimreite Borger
Vilde Slåen Nornes
Cecilie Ylvisåker Venes
Sveinung Sandal
Tobias Hauge Barsnes
NORUM
Kristi Himmelfartsdag,
torsdag 5. mai kl. 11.00
Birte Teigen
Even Molland Lindborg
Ruben Slinde
Sofie Venes Pettersen
Mikal Andreas Tyssebotn
Amalie Viola Ødegaard Johansen
Sigurd Kristiansen Bøyum
Gaute Einevoll Fimreite
Atle Nornes
Helene Johnsborg Lyngaas
Per Davidsen Fimreite
Therese Venes
Hanna Grindedal Ertesvåg
Karsten Ertesvåg
Fredrik Nygård Hagesæter
Anders Lund
Arne Lægreid
Markus Wefring Osen
Trym Berkvam Osen
Hedda Ramstad
Mariann Kvåle Stigen
FJÆRLAND
Sundag 15. mai kl. 11.00
Gunn Margit Rauboti
Brita Supphellen
Eirik Reed Mundal
Kristin Eineteig
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-16
9
Kaupanger stavkyrkje
Stavkyrkjene i Noreg er nokre av dei
viktigste representantane for europeisk
mellomalderarkitektur i tre, og i Indre Sogn har vi
fleire av desse. Den lengste stavkyrkja i Noreg
ligg mellom anna i Kaupanger.
Ordet Kaupanger er samansett
av to norrøne ord, ”kaup” – som
tyder kjøpe – og ”angr”- som
tyder fjord eller havn. Altså kan
ein omsette Kaupanger til Kjøp­
havn. Sjøvegen var den viktigste
ferdselsåra for 1000 år sidan, og
Kaupanger var nok eit svært viktig
punkt nasjonalt og internasjonalt.
Sannsynligvis var Kaupanger,
og andre liknande plasser langs
Sognefjorden, utgangspunktet for
store vikingtokt. Kaupanger var
også tingstad, og dermed eit ad­
ministrasjonssenter for Sogn, og
sete for skattefutene i området.
Kaupanger vart også kalla for
”Lusakaupang” – noko som kan
bety at Kaupanger var av dei
minste tettstadane/kjøpstadene
i Noreg.
men det eksakte årstalet har vore
uvisst. Difor foretok ein i 2005 nokre
undersøkingar av mellom anna
treverk. Fortidsminneforeninga
fann ut at ein del av treverket vart
hogd rundt 1137, og ein har kome
fram til at byggjeåret for noverande
kyrkje, nok er nærare år 1140.
Opp gjennom historia har kyrkja
vore ombygd fleire gonger. Slik
kyrkja er no, er det ei langkyrkje
med heva midtrom med 22 stavar.
Av desse er 8 plassert på kvar
langside, 3 på kvar kortside, samt
2 stavar i koret.
Kyrkjeklokkene er frå ca. 1200-talet.
Foto: Cristina Sandor
Historia fortel om ein kamp mellom
Kong Magnus og Kong Sverre.
Under leiing av bonden Arntor
frå Kvåle, hadde bønder i distrik­
tet teke livet av sysselmannen
Ivar Dape og fleire andre av Kong
Sverre sine menn under eit gilde
på julafta 1183. Som hemn, brann
Sverre ned ”Lusakaupang” i 1184.
Ein har rekna med at det øverste
brannlaget under kyrkja, stammer
frå denne brannen, og difor rekna
med at kyrkja blei bygd i ca. 1190.
Imidlertid har ein funne myntar
i desse brannlaga som stadfes­
tar at kyrkja er bygd etter 1130,
10
nr. 1-16
Døypefonten er frå 1634. Foto: Cristina Sandor
Sogndalkyrkjelydsblad
I mellomalderen blei kyrkja for­
lenga med ca 3,5 meter, ved at
ein tilførde to ekstra stavar. Ein
veit ikkje nøyaktig korti dette blei
gjort, men truleg vart det gjort
før Svartedauden kom til Noreg.
Etter dette har kyrkja vore om­bygd på 1600-talet, då fleire
ombyggingar gjorde at kyrkja
fekk vindauge, våpenhus og
kyrkje­tårn. Ein svalgang, som
hadde
vore
rundt
kyrkja,
vart riven i ei av desse om-­
byggingane. I 1862 vart kyrkja
modernisert ved at ein mellom
anna fekk i nye vindauge, kyrkja
vart måla kvit utvendig og krem­
gul innvendig. Det var satt inn i
alt 51 vindauge, eit nytt våpenhus
blei bygd, og det var bygd to
galleri inne i kyrkjeskipet.
I tida mellom 1959 og 1965 var
kyrkja restaurert og ført tilbake
til sin opphavelege utsjånad inn­
vendig. Då ein fjerna målinga frå
1862 frå veggane, kom det mel­
lom anna fram nokre noteteikn frå
middelalderen, såkalte ”neumer”.
Neumane blei tolka og bearbeidde,
og mellom anna laga den norske
komponisten Arne Nordheim eit
verk – ”Klokkeklang” – basert på
desse neumane. Verket blei ur­
framførd i kyrkja i 1984.
Altertavla i kyrkja er frå 1634 og
vart gitt av futen Gjøde Pederesen
som ei erstatning for ei altartavle
han gav kyrkja i 1609, då denne
alter­tavla vart gjeven vidare til
Jostedalen kyrkje i 1634.
Vidare er mellom anna preike­
stolen frå ca 1620, døypefonten
frå 1634, nattverdskalken frå 1665
og to alterlysestakar frå 1609.
I tårnet heng det to kyrkjeklokker
frå ca. 1200.
Kjelder:
Norske kirkebygg
Wikipedia
Fortidsminneforeninga
Kirkebyggdatabasen
Altertavla er frå 1634. Foto: Liv Håland
Kaupanger stavkyrkje. Foto: Wikipedia
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-16
11
Dei frivillige kristne organisasjonane er ein viktig ressurs i kyrkjelydane våre. Mykje godt arbeid vert drive, med
sikte på å gi barn og unge ein stad der dei kan høyre Guds ord forkynt og vekse i trua på Han. Samarbeidet mellom
organisasjonane og kyrkja er difor svært viktig for at ei systematisk trusopplæring kan skje i kyrkjelydane våre.
Kyrkjelydsbladet ynskjer å gje eit innblikk i dette arbeidet.
INNBLIKK I:
Småtrolltrall
Det er mørk februar etter­
middag, det regnar, og snøen
er byrja å gå over til is. Mange
er nett komne heim, og har fått
middagen på kok, mens andre
er alt på veg ut att. På veg mot
kapellet og Småtrolltrall.
Ein etter ein smett dei inn i varmen
og inn den gode stemninga i kapellet.
For her kjenner ein at det er godt å
vera med ein gong ein stig innanfor
døra! Guri Høstaker Nordheim ser
kvar og ein, viser dei merksemd og
ynskjer dei velkomne med namnet
på alle. Små barneauger lyser opp i
det dei høyrer namnet sitt. Guri ser
at Aurora har klippa håret sitt, og
at Gunnar ikkje er heilt i form i dag.
Gunnar kan fortelja at han har litt
vondt i halsen. Dei blir einige om at
han må syngja litt forsiktig i dag.
«Me satsar på aldersgruppa 1-3 år
i utgangspunktet» fortel Guri. «Men
Kjekt å spele
på tromme
12
nr. 1-16
me er ikkje veldig strikse på alderen
viss nokon vil halda fram etter at dei
er tre år og. Så lengje borna trivest og
tykkjer det er kjekt å vera med, og dei
har ei framferd som gjer at dei funge­
ra godt i lag med eit-åringane så er
dei hjartelig velkomne»
Born og foreldre sit i ein ring på gol­
vet. Guri leiar songen, spelar litt
trommer, og viser rørslene til son­
gane. Etter kvart som borna blir litt
varme i trøya, kan ein observera lydar
som vitnar om fryd og glede, mellom
fine tonar og teksten på songane. Det
er heilt tydelig at her er det godt og
moro å vera! Dei syng kjende songar,
og diktar litt sjølve. Ver meg nær, å
Gud, blir aktualisert, og eine verset
blir: Når eg fryser Gud, vær meg nær!
Eller: Når eg tar på brennenesle Gud,
vær meg nær!
Også veit dei alle saman korleis det
let då Gud skapte fiskar, sauer, kat­
tar og griser. Denne gjengen har
stålkontroll på lydane som høyrer
til! Og når dei har sunge om korleis
alle desse vart skapte er det på tide
å springa etter vatn. Dei spring og
syng, syng og spring. Her gjeld det å
halda styr på både føter, hender og
munnen samstundes, men det kla­
rar dei fint! Dei har god kontroll på
det meste, og når Guri blir usikker på
korleis rørslene til A-ram-sam-sam
var, får ho fort og greitt svara på det!
Så avsluttar Guri songen, og det er
tid for å laga kafè. Små barnehender
hjelper til, og vips, så er det servert
både kaffi, saft og kjeks. Nokon hen­
tar leikeposane, og mens foreldra
diskutera snøen og brøytinga, kan dei
små leika seg samstundes som dei
kosar seg med kjeks og saft.
Sogndalkyrkjelydsblad
«Me opplevde at det mangla eit til­
bod i trusopplæringa, til dei borna
som vart for store for babysang, og
tenkte me ville prøva dette hausten
2011. Ei lang tid var det berre tre, fire
born som kom, men me valde å halda
fram likevel. No har me vore oppe i
18 stykker på det meste. Som oftast
er me rundt 10-12 born» seier Guri.
Ein pappa som er der med jenta si
ser praktisk på det og skyt inn: «når
det blir så mange så må de vel vera
to ringar når ein skal springa etter
vatn?»
Eit lite lam er saman med dei, og
det ser ut til å ha ein lei tendens til
å komma bort. Denne gongen var det
Aurora som fann att Krølle, og alle
song så fint om kor glade dei vart når
lammet er heime i gjetaren sitt fang.
Småtrolltrall startar opp ved skule­
start om hausten, og har 8-10 samling
før jul på tysdagar. Nokolunde det
same etter jul. Og i byrjinga av mai
tek dei sommarferie.
Det er trivelig å sjå kor kjekt dei ser
ut til å ha det saman, og Guri kan
stadfesta at det har dei. «Det er vel­
dig kjekt å driva på med dette! Rett
og slett oppbyggelig!» strålar ho.
Småtrolltrall går mot slutten, og
små kroppar blir pakka inn i vin­
ter og regnkle, med refleksvestar
yst. Forsiktig smett ei lita hand inn i
mamma eller pappa si store, trygge
og gode hand, også ruslar dei utatt i
februarmørkna, etter ei trivelig tid i
lag, der dei sjølve og songen har stått
i sentrum.
Li se Elvagjeng
Tekst og foto
S ID E
Fargelegg!
Læresveinane kasta
ut garnet der Jesus
sa, og fekk så mykje
fisk at båten nesten
sokk!
Bibel-quiz
Kor godt kan du bibelforteljingane?
Test deg sjølv med desse spørsmåla.
(Svara står opp ned nedst på sida.)
Kva heitte kona til Abraham?
Kva heitte broren til Moses?
Kva heitte kjempa som David sloss mot?
Kven var det som blei kasta i ein brønn og
seld som slave av brørne sine?
9.
10.
Kva heitte gjetarguten som blei konge over Israel?
Kva heitte mora til døyparen Johannes?
Kva by vaks Jesus opp i?
Var læresveinane Peter og Andreas snikkarar
eller fiskarar?
Kven sa «Eg er den gode gjetaren»?
Kven er faren til Jesus?
1. Sara. 2. Aron. 3. Goliat. 4. Josef. 5. David. 6. Elisabet. 7. Nasaret. 8. Fiskarar. 9. Jesus. 10. Gud.
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
Abonnér på barnebladet
Mennesker på kroken?
side 2
Sukai
sier fra!
side 8
b lu
Jako
Peters
fiskefangst
au
Es
rer
Jakob møter Esau
Mannen som
var Sau
opp
vekker
igjen Jesusfødt
en og søl
blind
enkens sønn
som ble vmynten
borte
Frida er sulten
side 2
WWJD
side 8
16 blader + 1 CD
= berre 399,- (privatabonnement
heim i posten)
fram
et
bår
aksjon,2
ber i t
side
Krab
Jesus blir
i temple
24.-31. januar
i deg.
og fryde meg Høyeste.
Jeg vil glede
ditt navn, du
Jeg vil lovsynge
av hele av
Gud
og
en din din kraft
10,27
Herr
Lukas
av all
skal elskesjel og deg selv.»
din
e: «Du
svart og av hele neste som
Han
e
og din
and,
ditt hjert
forst
all din
10.-17. januar
Supe
er
. oktob
4.-11
Skummel
nykommer!
side 2
Supersetning
Salme 37,5
Legg din vei i Herrens
hånd!
Stol på ham, så griper
han inn.
Krabbe
side 2 eller flyndre?
Modig tro
side 8
Bibelteikneseriar
og gøyale aktivitetar!
Martin.
Pianistenagentene8
Tårn
side
etning
Supers
Salme 9,3
rse
125
2
Maximillian til unnsetning!
side 2
2016
1
Supersetning
21.–28. februar
2016
201
tning
1.-8. november
18.-25. oktober
TilbakeSalme
til Slottsøya
9,3
sideDragedreper
2
Martin
7.–14.
Jeg vil glede og
fryde meg i deg. februar
side 8
Jeg vil lovsynge ditt
Martin Dragedreper navn, du Høyeste.
side 8
Supersetning
Supersetning
Matteus 25,40
gode
De n e r e n
jet
g
20 tegnefilm
liv.
fra Jesu
Fortelle
fortellin
Tegnere
on:
r Alve, CirkA
Christoffe
ger
Produse
Merete
g
:
Tønnesen,
Asbjørn
Chris Murphy,
Vera Tataro, Jansen,
s,
Rikke Fjeld
Gaustadne
Raymond
Erik Ødegaard
s 10,14
gj
3
2016
Film
nt innlesing
:
Den god
e
Føyen Arnevåg
DVD-tr
r:
Harald Stoltenber
tning 4
gode
De n e r e n
et
2015
2015
Animasj
-DVD
En
Gruppeabonnement berre 239,- per barn
Johanne
14
13
Og kongen skal svare dem: ‘Sannelig, jeg sier dere:
Det dere gjorde mot én av disse mine minste
søsken, har dere gjort mot meg.’
Lukas til
unnsetning!
side 8
Superse
2016
Jeg er den
og mine gode gjetere
n. Jeg kjenner
kjenner
meg.
mine,
Johannes 14,6
Jesus sier: «Jeg er veien, sannheten og livet.
Ingen kommer til Far uten ved meg.»
g j e t ere n
ykking:
Dicentia
Tegneser
iemanus/
produsen
Runar Bang
orbund
Søndagsskolef
og © Norsk
0606 OSLO
Etterstad,
PB 6552
t:
2011
Perfekt som
faddergåve!
av DVD:
Bestilling ndagsskole.no
butikk@so
En
-DVD fra
nt på
Bli abonne
d
barnebla hjem i posten.
skolens
rett
Søndags DVD + bok
skole.no
+
sondags
14 blader på barnas@
Bestill
En
-DVD
fra
NSSF
S0211
© 2011
Ting på sondagsskolen.no eller 22 08 71 00
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-16
13
Fauré og Vivaldi i Sogndal og Vassenden
MARS
3. Småbarnstreff
10. Knøttekor og Torsdagsklubb
11–13. Leir for 2.–4. klasse
17. Småbarnstreff
18.–21. Påskeleir Lyngmo
23.–27. Påskeleir NLM
31. måbarnstreff
APRIL
1. 3. 7. 8.–10.
Vårbasar Lyngmo
Barnas Supersøndag
Knøttekor og Torsdagsklubb
Leir for 16–30 år
MAI
12.
Avslutning Knøttekor og
Torsdagsklubb
16.
Ungdomsarrangement
19.
Småbarnstreff
30. mai–2.juni: Vi over 60 (leir)
JUNI
2. Småbarnstreff
3.–5.
Årsmøtehelg SFI
10.–12. Leir for 2.–4. klasse
16. Småbarnstreff
17.–20. Leir for 4.–7. klasse
26. juni–3.juli: Bibelsommar i vest
JULI
10.–16. Familieleir Ungdom i oppdrag
AUGUST
25.
Småbarnstreff
26.–28. Bibelhelg
Loppemarknad
Sogndal songlag, Røyst og Jølstrakoret satsar stor no i vår. Øvingane er i
full gang fram mot konsert i slutten av april. Då kan sogningar og sunn­
fjordingar gle seg til å få høyre to kjende klassiske verk for kor, solistar
og orkester. Kora skal halde to konsertar, ein i Stedje kyrkje i Sogndal, og
ein i Vassenden Kyrkjesenter på Vassenden.
Konsertane er ei storsatsing der Sogndal songlag har invitert med seg
Jølstrakoret og ungdomskoret Røyst til å framføre Requiem av Gabriel
Fauré og Gloria av Antonio Vivaldi. Gloria er eit av Vivaldi sine svært
populære verk, skrive ved starten av 1700-tallet i kjend barokkstil. Dette
er musikk med ein sterk rytmisk puls og med stor variasjon i uttrykket, og
beskriver mennesket sine religiøse lengslar, håp og bøner.
Requiem er mellom dei mest kjende verka til den franske komponisten
Gabriel Fauré. Verket er frå slutten av 1800-talet, og skildrar stemningar
og kjensler knytt til menneske sitt møte med døden, og lengting etter
evig kvile. Siste sats er kalla «In Paradisum», publikum kan gle seg til
himmelsk song av ei sterk soprangruppe. Musikken er variert, og spen­
ner frå dei varaste og vakre klangane til sterke uttrykk med rytme og
kraft. Også dei andre stemmegruppene, ikkje minst tenorane, har utsøkte
parti i dette verket.
På konsertane får publikum møte stort kor, solistar og eit profesjonelt
samansett orkester. Dei to «vaksenkora» har om lag 30 songarar kvar.
Røyst har dette året om lag 25 songarar som får oppleve å synge klassisk
musikk, dei fleste for første gong. Sogndal songlag har stor glede av
samarbeidet med Røyst, og ser det som ei viktig oppgåve å lage konser­
tar der dette flotte koret frå Sogn kulturskule kan delta. Vi ser og fram
til samarbeid med Jølstrakoret som vil delta på Gloria. Orkesteret vil
vere sett saman av distriktsmusikarar og innleigde musikarar mellom
anna frå Harmonien i Bergen. Musikalsk leiar og drivkraft er songar og
distriktsmusikar Bjørn Gisle Seter. Konsertproduksjonen er eit stort
økonomisk løft, og kora gler seg til konserthelga, og vonar publikum
merkar seg konsert i Stedje kyrkje laurdag 23 april og i Vassenden
Kyrkjesenter søndag 24. april.
Konserten i Stedje vert laurdag 23. april kl. 18.00.
Billettar kostar kr 300,-. For barn og studentar kostar dei kr 150,-.
23. og 24. september 2016 vert det
loppemarknad på Lyngmo Ungdomssenter.
Me tek i mot lopper heile året!
Ta kontakt FØR levering!
Nytt om Kyrkjelydshytta
Selskap
Lyngmo har flotte lokale til konfirmasjonar,
minnestunder og andre selskap.
Ta gjerne kontakt for informasjon og tilbod.
Presang – gåvekort på leir
Av og til har fadrar, foreldre, besteforeldre,
onklar, tanter og andre lyst til å gje ei gåve
som betyr «litt meir». På Lyngmo er det leirar for born og ungdom heile året. Kanskje
årets bursdags- eller julegåve kan væra eit
gåvekort på leir!! Ta kontakt med oss på
Lyngmo for å kjøpe gåvekort!
Mail: [email protected]
Tlf: 57 68 43 66
14
Kari Thorsen, leiar Sogndal songlag
nr. 1-16
Sogndalkyrkjelydsblad
i Sogndalsdalen
Til prestegarden i Sogndal, høyrde det frå gamalt av til ein støl som vart
brukt om sommaren. Kyrkjelydshytta har såleis lange tradisjonar, no
som treffstad for dei som ynskje fred og ro i eit stille område.
I dag står vi i gjeld
– fordi Kyrkjelydshytta ligg så vakkert til oppe i Sogndalsdalen!
– fordi vi skal få lov å ta vare på denne perla av ein eigedom
– fordi ein no vil satse på utbetringar av hytta sine fasilitetar…
Det skjer gode ting på Kyrkjelydshytta på Nerestad!
Styret for hytta driv i desse dagar med omfattande opp pussing: det
er allereie bora etter vatn, og no skal vatnet etter kvart verta kobla på
inne i hytta. Med vatn i hytta vert det installert både dusj og toalett, og
ute vert det sjølvsagt laga til reinseanlegg for kloakk. Inne i hytta vil nokre av
veggane på soveromma bli malt, og ny kjøkeninnreiing vil bli satt opp.
Når hytta etter kvart vert meir ferdigstilt no til sumaren, er den til utleige
som før, for dei som er interessert. Ver tidleg ute og tinga plass, då det har
vore auka pågang – stadig fleire har oppdaga at Kyrkjelydshytta er ideell til
ymse samankomstar! Ny prisliste for utleige kjem i neste kyrkjelydsblad,
juni månad. Førespurnad om leige rettast til Kyrkjekontoret ved Torunn,
tlf. 57679985
Kva gjere vi med Kyrkjelydshytta si «gjeld»:
– for å bøta på utgiftene som aukar med opp pussinga, skipar vi til spennande
basarkveld i Frelsesarmeen sine lokalar, torsdag 22.september frå kl. 17.
Merk deg denne kvelden som ligg litt fram i tid!
Pasjonskveld med
Fjor Ensemble
i Leikanger og Stedje
Litt frå Fjærland
Det var som vanleg mange personar til stades i Fjærlandskyrkja den 13.
desember. Den tradisjonelle julekonserten gjekk av stabelen den dagen
og skuleborn hadde tablå om Jesu fødsel. Vanlegvis er det lokale krefter
som står for innhaldet, men i år deltok og Stardalen mannskor frå Jølster.
Ellers medverka som vanleg Fjærland Skulemusikk og Kammerkoret.
Frå galleriet kom flotte tonar frå Torbjørn og Knut, den fyrste på trombo­
ne og den andre på orgel. Dessutan var sjølvsagt den store forsamlinga
høglytt med på fellesnummera, som vanleg ei oppleving til å koma i jule­
stemning av.
Sundag 24. januar var det familiegudsteneste med utdeling av biblar til
6-åringane. I år har me fire 11-åringar her og tre av desse var tilstades.
Konfirmantane er alltid på plass som medliturgar. Denne gangen var to
av dei mellom anna med Kjell prest og hjelpte til med 5-tegnsbøna. Born
og ungdom som veks opp no er jammen flinke til å opptre. Hadde det vore
i min oppvekst hadde eg knapt våga meg åleine fram på kyrkjegolvet.
Guds ord til oss denne dagen var om bonden som sådde korn i åkeren
sin. Når dei små frøa kjem i jordi, veks dei opp til store planter. Presten
hadde med små frø, som han synte fram til borni for å demonstrera kor
små desse er. Berre dei kjem i jordi spirer og veks dei opp. Dette er noko
av Guds under i naturen. Slik er det og med Guds ord til oss: tek me imot
det i hjarta vårt og det får veksa der, får me eit godt liv med Gud.
Tekst og foto: Nils Skeide
Langfredag får Leikanger og Stedje
kyrkjer besøk av Fjor Ensemble,
som inviterer til Pasjonskveld, der
dei i samarbeid med kantorane og
prestane i kyrkjene, syr saman eit
program kring Langfredagstekstane.
Fjor Kammerensemble vart oppret­
ta vinteren 2015, då sopranen
Margrethe Fredheim frå Sandefjord
og mezzosopranen Mari Askvik frå
Leikanger ønskja å setje opp ver­
ket "Stabat Mater" av Pergolesi. Dei
fann fort fire musikarar som gjerne
ville vere med på dette, Mari Bølgen
Halvorsen (fiolin) og søkjenflokken
Ragnhild Kyvik Bauge (fiolin), Einar
Kyvik Bauge (bratsj) og Sverre Kyvik
Bauge (cello). Dei gjorde ein turné
med verket i påsken, både på
austlandet og i Sogn. I Sogn vitja dei
både Aurland og Leikanger kyrkje, og
bestemte seg fort for at dei ønskja å
kome attende for å spele meir i Sogn.
I juli gjorde dei dermed ein turné med
konserten "Sommarkonsertar ved
fjorden". Dei vitja då Flåm, Undredal,
Leikanger og Solvorn. Denne påska
er dei utan Margrete Fredheim, som
for tida jobbar på Operaen i Erfurt.
Til langfredag har dei laga eit
program med musikk frå kjende pa­
sjonsverk som Johannespasjonen og
Matteuspasjonen av Bach. Det vert
også salmesong og lesningar frå
lidingssoga. Vel møtt til ei stille mu­
sikalsk stund i kyrkja!
Skuleborn klar for innsats på
julekonserten
11-åringane sm fekk bibel:
frå venstre Anja Mundal, Daniel Berge,
Hanna Elisabeth Mundal
Pasjonskveldane på Langfredag
startar kl. 18.30 i Leikanger og 20.30
i Stedje. Det vert gratis inngang,
men ved utgangen vert det høve til
å gje kollekt til dekning av utgifter.
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-16
15
Støttespelerane våre:
Støttespelarane
våre:
Hagalandet, 6851 Sogndal • tlf 57 67 16 22
6801 Førde • tlf 57 83 70 90
maskinsenteret.as • [email protected]
www.lerum.no
www.lerum.no
RØYRLEGGJAR
RØYRLEGGJAR
Arild Johannes Sandvik
6848
6848 FJÆRLAND
FJÆRLAND
Telefon
03 08
08 67
67
Telefon 97
97 03
Tømrar
Jostein Øygard
Ditt TRYKKERI i Sogn og Fjordane
www.skrivargarden.no
nybygg
• tilbygg- EKSPRESSTRYKK
• rehab • flis • våtrom
WEBSHOP
- Liftutleige -
Parkveien 5, 6856 Sogndal • Tlf. 57 62 88 50 • e-post: post@advokat-tollefsen
Telefon 97 09 79 82
[email protected] // Tel. 57 66 23 60
Optiker
Kjell M. Talleraas
Telefon 90 11 67 83
6856 Sogndal • tlf. 920 94 145 • nettbriller.com
Byggmester
Ingmar Stenehjem
mob. 90 58 10 21 • tlf. 57 67 29 52
www.stenehjembygg.no
AMFI Sogningen, Hovevegen 6, 6856 Sogndal
www.amfi.no/sogningen
E-post: [email protected]
AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.
Sogn Synssenter
Synsprøve • Briller • Kontaktlinser
Tlf: 57 67 50 50
Me
ME SJÅaST
SJÅAST
Med topp moderne synsprøveutstyr og fokus på augehelse, tek me
C5:C5 26.06.13 10.40 Side 1
synsprøve, trykkmåling og bilete av auga.
Ved behov for briller på dagen, har me lager på einstyrkeglas (+/- 4, cyl. 2)
20
16
nr. 3-13
4-14
nr.
1-16
Sogndalkyrkjelydsblad
SogNdalkyrkjelydsblad
Sogndalkyrkjelydsblad
Postboks 25, 6851 Sogndal
Fossetunet 4, 6856 Sogndal
Tlf.
57 68 144,776856 Sogndal
Fossetunet
Tlf. 57 68 Lærdal
14 77
Avdeling
Telefon heile døgnet:
Telefon
57 68 14heile
77 døgnet:
57
14 77
Kjell68Grønli
Kjell
Grønli
Anne Kristin Gunvordal
Tønjum,
Lærdal
Avdeling6887
Lærdal
Anne
Kristin
Gunvordal
[email protected]
Tlf.
57
66
86
60
Tønjum,
6887
Lærdal
FossetunetKjell
4, 6856
Sogndal
Telefon
heile
døgnet:
Grønli
| Hans Magne Kvåle
| Ingar
Husum
| Hege Urnes
66Post86 60og besøksadresse:
Tlf. 57 Tlf.
68 57
14 77
57 Parkvegen
[email protected]
14 77 3, 6856 Sogndal
Avdeling Lærdal
Tønjum, 6887 Lærdal
Tlf. 57 66 86 60
Telefon heile døgnet:
57 68 14 77
Telefon: 57 67 18 85
Kjell Grønli
Anne Kristin Gunvordal
[email protected]
Opplæring klasse
A1-A-B-BE-T-M146
Trafikalt grunnkurs
E-post:
[email protected]
www.sognekraft.no - P.b. 3, 6891 Vik i Sogn - [email protected]
Melbys skrifthugging AS
Navnetilføyelser og oppussing av
gravmonumenter.
Vi tar oppdrag med
•Navnetilføyelser
•Oppussingavgravsteiner
•Bolting/sikringavgravsteiner
Altarbeidblirutførtpåstedet.
Ingentilleggavfraktellerandre
omkostninger.
Ta gjerne kontakt med Kyrkjekontoret i
Sogndal, tel. 57 67 99 85 eller til firma
Melbys skrifthugging AS tel. 482 40 612.
SLINDESENTERET • MARINA • TRANSPORTØR
Slinde, 6856 SOGNDAL - Tel. 57 67 65 00
www.slindetransport.no
Man: 18.00 – 20.00
Tys og ons: 08.00 – 11.00
Tor og fre: 09.00 – 12.00
Tlf: 57 67 55 55 / 976 75 555
FJ Æ R L A N D – S O G N D A L
FJ Æ R L A 9N1D
3 6–
3 3S
2 7O G N D A L
913 63 327
Du kan skrive meldinger eller chatte fra www.kirkens-sos.no
Sogndalkyrkjelydsblad
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 4-14
nr. 1-16
21
17
Ætti i glede og sorg
Sjå sogndal.kyrkja.no for påmelding til dåp eller ta kontakt
med kyrkjekontoret om moglege datoar for dåp og vigsel. Telefon 57 67 99 85
KAUPANGER
DØYPTE
Kristi Talle
KAUPANGER
26.12.2015 Sanna-Emilie Eldhuset Eikeset
ØLMHEIM
10.01.2016 Alida Henjum Slinde
14.02.2016 Oda Bondevik Nornes
STEDJE
Rønnaug Holmøy
04.12.1933 – 11.11.2015
Reidun Bondevik
29.10.1958 – 15.09.2015
Susanne England
03.02.1919 – 14.11.2015
Oddbjørg Veum
04.01.1937 – 18.11.2015
Anna Karoline Bergheim
STEDJE
15.11.2015 Ada Bertine Gunvordal
15.11.2015 Helmer Husum
22.11.2015 Mari Sævereid Hovland
06.12.2015 Håkon Slinde
03.01.2016 Millicent Tonheim Hågvar
31.01.2016 Henrik Dale Walsvik
31.01.2016 Mikkel Molland Kvam
07.02.2016 Vilde Weltzien Holo
14.02.2016 Celine Kvam
Døypt i Frøya kyrkje
09.06.1922 – 23.11.2015
Arnor Svedal
07.06.1941 – 02.12.2015
Bjarne Engesæter 13.09.1924 – 05.12.2015
Hildur Julusmoen 21.01.1917 – 07.12.2015
Bisetting
Aslaug Skjeldestad 23.03.1932 – 09.12.2015
Svein Bakke
23.06.1953 – 16.12.2015
Kåre Urdal Bjelle
30.11.1911 – 18.12.2015
Gro Elisabeth Karlsen Mossestad
22.04.1952 – 17.12.2015
Bjarne Sigurd Lund 14.09.1924 – 27.12.2015
Kåre Tuftene
VIGDE
18.11.1925 – 29.12.2015
Turid Solvi Berget 20.08.1927 – 31.12.2015
KAUPANGER
19.12.2015 Maria Knutson Kolnes
og Tom-Idar Teigen
01.10.1925 – 30.01.2016
Aslaug Grinde
17.03.1922 – 01.01.2016
Anna Hundere
14.01.1935 – 03.01.2016
Svein Arvid Aaberg 02.10.1950 – 11.01.2016
Svanhild Kvam
13.06.1945 – 17.01.2016
Øllaug Marta Litlabø
DØDE
21.02.1936 – 22.01.2016
Geir–Edvin Reppen 12.10.1967 – 21.01.2016
NORUM
Jon E. Torshaug
10.01.1926 – 14.11.2015
Olav Uglum
08.07.1938 – 24.01.2016
Johannes Urheim
12.11.1931 – 28.01.2016
Oddrun Ragnhild Nornes
Hanna Sjøvoll Nyheim
18
nr. 1-16
08.06.1931 – 30.12.2015
Sogndalkyrkjelydsblad
05.02.2003 – 04.02.2016
Velkomen til
gudsteneste
MARS
20. mars
Palmesøndag
24. mars
Skjærtorsdag:
25. mars Langfredag
27. mars
Påskedag
28. mars
2. påskedag
APRIL
3. april
10. april
17. april
24. april
MAI
1. mai
5. mai
Kristi Himmelfartsdag
7. mai
8. mai
14. mai
Pinseaften
15. mai
Pinsedag
17. mai
Grunnlovsdag
22. mai
29. mai
JUNI/JULI
5. juni
12. juni
19. juni
26. juni
3. juli
10. juli
Med atterhald om endringar.
Sjå Gudstenesteliste i Sogn Avis eller på www.sogndal.kyrkja.no
Stedje kl. 11.00: Temagudsteneste – «Påskemysteriet»
Fjærland kl. 11.00: Dåp og nattverdsgudsteneste
Ølmheim kl. 11.00: Gudsteneste
Sogndal omsorgssenter kl. 12.00: Nattverdsgudsteneste
Britabu kl. 12.30: Sportsandakt
Leikanger kl. 19.00: Nattverdsgudsteneste
Stedje kl. 20.00: Nattverdsgudsteneste
Kaupanger kl. 12.00: Pasjonsgudsteneste
Leikanger sjukeheim kl. 12.00:
Leikanger kl. 18.30: Pasjonskveld med Fjor Ensemble
Stedje kl. 20.30: Pasjonskveld med Fjor Ensemble
Stedje kl. 11:00: Høgtidsgudsteneste
Fjærland kl. 11.00: Høgtidsgudsteneste
Leikanger kl. 11.00: Høgtidsgudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Høgtidsgudsteneste
Stedje kl. 11.00: Barnas Påskefest. Gudsteneste ved konfirmantane, gruppe 1
Leikanger kl. 11.00: Barnas Påskefest
Ølmheim kl. 11.00: Samtalegudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Barna sin påskefest. Gudsteneste ved konfirmantane.
Stedje kl. 19.30: Temagudsteneste – «Kvardagstru»
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste ved konfirmantane, gruppe 2
Leikanger kl. 11.00: Samtalegudsteneste
Fjærland kl. 15.00: Gudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Gudsteneste
Leikanger kl. 19.00: Salmar & Kaffi
Kaupanger kl. 11.00: Gudsteneste
Stedje kl. 19.30: Gudsteneste
Ølmheim kl. 11.00: Konfirmasjonsgudsteneste
Stedje kl. 10.00: Konfirmasjonsgudsteneste
Stedje kl. 12.30: Konfirmasjonsgudsteneste
Stedje kl. 11.00: Konfirmasjonsgudsteneste
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
Leikanger kl. 12.00: Konfirmasjonsgudsteneste
Stedje kl. 11.00: Høgtidsgudsteneste
Fjærland kl. 11.00: Konfirnasjonsgusteneste
Leikanger kl. 11.00 Konfirnasjonsgudsteneste
Leikanger kl. 13.00: Konfirmasjonsgudsteneste
Stedje kl. 09.30: Festgudsteneste
Leikanger kl. 10.15: Festgudsteneste
Kaupanger kl. 10.45: Festgudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Konfirmasjonsgudsteneste
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
Fjærland kl. 20.00: Gudsteneste
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste med 50-årskonfirmantar
Kaupanger kl. 11.00: Gudsteneste med 50-årskonfirmantar
Ølmheim kl. 11.00: Gudsteneste
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Friluftsgudsteneste
Fjærland kl. 12.00: Blomstergudsteneste
Stedje kl. 19.30: Kveldsgudsteneste
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste / Kaupanger kl. 19.30: Kveldsgudsteneste
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste / Stedje kl. 19.30: Kveldsgudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Gudsteneste / Fjærland kl. 15.00: Friluftsgudsteneste
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-16
19
INFORMASJON
Bøn til ein framand
I ei kjend forteljing om to triste ve­
ner som går saman i sjokk og sorg
over eit dødsfall, vert det fortalt at
dei pratar med kvarandre om kor
uforståeleg det er, det som har
hendt. Det er ikkje noko meining i
at det vart slik – dei var noko anna
dei hadde sett for seg, men no er
det for seint. Dagen det skjer på,
er den dagen vi kallar påskedag.
Dei to venene er fulle av sorg over
at Jesus har døydd. Dei trudde han
var Messias, at han var den som
kom frå Gud for å setje menneske
fri. Men no innser dei at slik har
det altså ikkje gått. Medan dei går
og talar med kvarandre, fulle av
sorg, kjem det ein framand og gir
seg i lag med dei på vegen. Han vil
ta del i samtalen, og lurer på kva
dei pratar med kvarandre om.
Dei to læresveinane fortel om pås­
ken sine hendingar, og om kor
skuffa og fortvila dei er. Og som
om ikkje dødsfallet var nok, så
har dei blitt så urolege, for dei har
høyrt rykter om att grava er tom,
den daude kroppen er ikkje lenger
i grava der den vart lagt.
Den framande seier til dei: Kor lite
de skjønar! – Ja, det er no litt av
ei melding å få! Som om dei ikkje
alt visste det at dei hadde mange
og vanskelege spørsmål! Heldig­
vis så stoppar ikkje den framande
berre med dette utbrotet. Han tek
til å snakka om det som han veit,
men som dei ikkje visste: Korleis
Jesu død faktisk er eit teikn på at
det nettopp er han som er Messias,
utfriaren, frelsarkongen.
Dei to venene skal seinare tenke
tilbake på denne stunda, då dei
fekk høyra dette, som ei stund då
dei kjende at det brann i hjertene
deira. Ikkje slik brann som brenn
opp og øydelegg, men brann som
gjev lys og varme der det er kaldt
og mørkt.
Til slutt går det mot kveld, og det
er tid for dei vandrande å samlast
rundt kveldsmaten. Dei to sorgfulle
nærmar seg landsbyen dei skal til,
på den framande virkar det som
han har tenkt seg vidare. Då skriv
Lukas at «dei bad han inntreng­
jande og sa: «Ver hos oss! Det
kveldar, og dagen er på hell.» Då
gjekk han inn og gav seg til hos dei.
Og medan han sat til bords med
dei, tok han brødet, bad takkebøna,
braut det og gav dei. Då vart auga
deira opna, og dei kjende han att.
Men han vart usynleg for dei.” (Luk
24, 29-31)
Dette møtet mellom den oppstadne
og dei truande er skildra nesten
som eit blaff – det vil seie – han var
der lenge utan at dei heilt skjøna
det – og i same augneblink som dei
skjøna at det var han, og at han var
hjå dei, ja då vart han usynleg for
dei. Men før det skjedde, så hadde
dei fått oppleve det aller første
bønesvaret frå den oppstandne
Jesus. Samstundes gav dei oss
det som eg vil kalla den kristne
grunnbøna. Kva var det dei bad?
Ver hos oss! Ikkje gå vidare, men
ver her med oss, kan du det? Det
vert mørkt, dagen er snart slutt.
Ver hos oss! Ja, det bad dei. Og
bønesvaret fekk dei oppleve. Han
gjekk inn og gav seg til hos dei.
Det var ikkje slik at dei skjønte at
det var slik. Dei skjønte ikkje at
det var han, og ikkje at dei fekk
bønesvar. Ikkje før etterpå. Me
kan kjenne oss att i dette. Korleis
det kan vere godt å sleppe å vere
åleine når det mørknar, å sleppe å
vere åleine med det som er vans­
keleg.
Ver hos oss. Den aller første kristne
bøna til den oppstandne Jesus. Ei
bøn som blei gitt bønesvar, sjølv
om dei som fekk svaret ikkje såg
det før det var over. Også du og eg
kan be til den oppstadne Jesus, til
og med om me ser han som ein
framand.
God påske!
Kjell Olav Høstaker
Nordheim
Foto: F. Duhrmann
Tekst
“…brann som gjev lys og varme…"