Utfyllande informasjon om prosjektet Biblioteklandskap i endring

BIBLIOTEKLANDSKAP I ENDRING
Partnarskap for folkebibliotekutvikling 2011-2013
I Hordaland er det fem regionale
biblioteksamarbeid, som opererer i
rommet mellom fylkeskommune og
kommune. For å sikre utvikling, endring
og innovasjon i folkebiblioteka i
Hordaland, skal ein gjennom prosjektet
fylle dette rommet med
partnarskapsavtaler,
kompetanseutvikling, kommunikasjonsog samarbeidsverktøy og leik. Slik
ønskjer fylkesbiblioteket å gje dei
regionale samarbeida best mogleg
tilhøve for vekst og utvikling.
Prosjektet omfattar 30 av 33 kommunar i
Hordaland, og er støtta av
Nasjonalbiblioteket
Mål for prosjektet
Fylkesbiblioteket vil i samarbeid med staten og kommunane utvikle robuste og omstillingsdyktige bibliotek i Hordaland, som kan tilby alle innbyggjarane betre bibliotektenester
Utvikling, endring og innovasjon skal skapast gjennom fire strategiar.
1. Etablere berekraftige og forpliktande biblioteksamarbeid i fem regionar i Hordaland i
partnarskap med fylkeskommunen.
Fylkesbiblioteket vil prøve ulike partnarskapsavtaler med dei fem interkommunale
biblioteksamarbeida i fylket, som ein måte å sikre og stimulere til utvikling.
Partnarskapsavtalene skal vere frivillige, men forpliktande for begge partar der ein ønskjer å
gå inn i ei avtale. Partnarskapet skal klargjere roller og konkrete oppgåver som skal løysast.
Fylkesbiblioteket vil slik kunne vere ein viktig utviklingsaktør, og stimulere samarbeida til å
stå saman, og samarbeide med kvarandre og med fylkesbiblioteket om å skape best mogleg
bibliotektenester.
Gjennom prosjektet vil fylkesbiblioteket arbeide vidare med biblioteksamarbeida gjennom å:
A. Lage konkrete og målbare partnarskapsavtaler mellom fylkesbiblioteket og dei
regionale samarbeida i fylket.
B. Sikre at dei regionale samarbeida er politisk forankra kommunalt og i regionale
samarbeidsorgan.
C. Få på plass god drift av biblioteksamarbeida, med vekt på koordinering og
oppdatering av felles nettstader.
D. Prøve ut tiltak og prosjekt som kan vere modellar for andre.
2. Utarbeide ein strategi for kompetanseutvikling for biblioteka i Hordaland, og
utarbeide og gjennomføre ein handlingsplan for kompetanseutvikling for
folkebiblioteka i fylket.
Eit personale med brei og oppdatert kompetanse er kanskje den viktigaste faktoren for at
biblioteka skal kunne utføre sine samfunnsoppgåve. Våren 2010 gjennomførte Hordaland
fylkesbibliotek ei kartlegging av kompetanse og kompetansebehov blant alle bibliotektilsette i
fylket, som skal danne grunnlag for eit målretta, prioritert og langsiktig
kompetanseutviklingsprogram for biblioteka. Gjennom prosjektet vil fylkesbiblioteket arbeide
vidare med kompetanseutvikling gjennom å:
A. Utarbeide ein strategi for kompetanseutvikling for biblioteka i Hordaland
B. Utarbeide ein prioritert og målretta handlingsplan for kompetanseutvikling for
folkebiblioteka i Hordaland
C. Gjennomføre handlingsplanen for kompetanseutvikling for folkebiblioteka
3. Leggje til rette for digital samhandling og kunnskap- og kompetansedeling gjennom
å prøve ut digitale kommunikasjons- og samarbeidsverktøy mellom biblioteka
Dei bibliotektilsette har stort behov for å dele kunnskap og kommunisere aktivt, både
samarbeida i mellom, innad i samarbeida, mellom samarbeida og rådgjevarane på
fylkesbiblioteket og andre samarbeidspartnarar. Reiseavstander og kommunikasjon i er ei
utfordring i eit stort fylke med fjell og fjordar. Fysiske møte er tidkrevande og dyrt, og
umogleg å gjennomføre ofte. For å skape ein gjennomgåande delingskultur, sterkare
faglege nettverk og biblioteksamarbeid som arbeider enno meir effektivt, ønskjer vi digitale
verktøy som i stor grad kan erstatte fysiske møte. Gjennom prosjektet vil vi:
A. Vurdere eksisterande digitale kommunikasjons- og samarbeidsverktøy for bruk til
samhandling og deling mellom biblioteka
B. Prøve ut utvalde digitale kommunikasjons- og samarbeidsverktøy
C. Gjere samhandling og deling med bruk av digitale kommunikasjons- og
samarbeidsverktøy som ein del av ein forpliktande partnerskap
4. Stimulere til leik som eit verktøy og ein teknikk for å oppnå kreative
innovasjonsprosessar i biblioteka.
Dei tilsette i folkebiblioteka har ein travel kvardag, der fokus i stor grad blir sett på praktiske
gjeremål for å gje brukarane best mogleg tenester. Dersom ein skal få til innovasjon i
folkebiblioteka, må ein prioritere adferd og oppgåver som kan føre til utvikling. Leik er eit
verktøy for dette, men vi ser at tid, motivasjon og økonomisk armslag til å drive med leik er
avgjerande faktorar for å få det til. Fylkesbiblioteket vil invitere og stimulere dei tilsette ved
folkebiblioteka til leik gjennom to hovudfokus: leik er ein sinnstilstand, og leik i og med
arbeid.
Gjennom fokus på at leik er ein sinnstilstand vil vi skape ein omstillingsdyktig biblioteksektor i
fylket, der flest mogleg bibliotektilsette har kompetanse på endringsleiing og
innovasjonsprosessar. Det andre fokuset vi har i prosjektet, er leik i og med arbeid, der
fylkesbiblioteket skal stimulere til faktisk leik i folkebiblioteka. Eksperimenteringa skal gjerne
vere vågal og ha risiko for å slå feil. I tilegg må det ryddast tid og rom for leik i
arbeidskvardagen
Konkret vil vi i prosjektet stimulere til leik på følgjande måte:
A. Gjennomføre kurs i mental endring i dei samarbeidande regionane i fylket
B. Utfordre biblioteka til å eksperimentere og leike i biblioteka, med økonomisk støtte frå
prosjektet.