RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan 2015-2016 Ein grunnmur for livet FORORD Helse Bergen Hf eig og driv 4 barnehagar som vert nytta til rekruttering av nøkkelpersonell og for å sikre stabil arbeidskraft i Helse Bergen HF. Barnehagane vert drivne i samsvar med «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». I følgje lova skal kvar barnehage ha ein årsplan som skal gi opplysningar om barnehagen sitt satsingsområde, mål og vurderingsområder. Den skal innehalde informasjon om barnehagen sitt arbeid med blant anna omsorg, danning, leik og læring, og er eit viktig arbeidsreiskap for personalet. Årsplanen gir informasjon til føresette, eigar, og andre interesserte og er viktig for samarbeidet med føresette. Årsplanen byggjer på Langtidsplan 2012-2015 som er eit felles styringsdokument for barnehagane i Helse Bergen. Langtidsplanen skal sikre progresjon og samanheng i barna si læring og opplevingar gjennom heile barnehageopphaldet, og byggjer på «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». Inger Johanne Klausen Barnehagesjef VÅR VISJON – Ein grunnmur for livet Vår visjon – ein grunnmur for livet skildrar vårt ønske om å gjere barna trygge på eigne verdiar, at dei skal få eit positivt sjølvbilde, utvikle sosial kompetanse og stå rusta til å møte utfordringar i livet. DANNING Danning er ein livslang prosess som skjer i møte med andre menneske. Det handlar mellom anna om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og væremåtar. Danning skjer i samspel med omgjevnadane, og i barnehagen er barna ein del av eit demokrati. Dette inneber å erfare at eigne meiningar blir høyrt, å samarbeide med andre og å vere ein del av eit inkluderande fellesskap. Vi er bevisste på å gi barna utfordringar tilpassa barna sin alder og modning. I året 2015 – 2016 vil vi ha fokus på danning i uteleiken, det som skjer i samspelet mellom barn–barn og barn-vaksen, og korleis uteleikeplassen fungerar som ein danningsarena. LIKESTILLING, INKLUDERING OG LIKEVERD Vi arbeider kontinuerleg for å skape eit inkluderande fellesskap der det er plass til kvart enkelt barn, uansett funksjonsnivå, alder, kjønn og familiebakgrunn. Vi arbeider bevisst for at barna skal bli sjølvstendige, både i forhold til praktiske gjeremål (døme: måltid og påkledning) og i forhold til å ta eigne val. LEIK Leiken har eigenverdi og er ei viktig side ved barnekulturen. Vi ønskjer å legge til rette for mykje god leik, både barnestyrt og inspirert frå dei vaksne. Vi vaksne er bevisst vår avgjerande rolle i barna sin leik og fungerar som støttande stillas der vi gir tid og rom for leik. Vi meinar at barna sin leik er viktig fordi det er her ein dannar vennskap og gjennom leik utviklar barna sine sosiale ferdigheiter. Dei lærer å samarbeide, vente på tur og å bry seg om kvarandre. At barna utviklar sosial kompetanse er ein viktig grunnmur å ha seinare i livet. I leiken blir barna kreative og oppfinnsame og dei trenar opp evna til fantasi og lærar å tolke situasjonar på ulike måtar. Gjennom leik kan barnet øve, prøve, uttrykke seg og lære å meistre kjenslene sine. Ein annan viktig del av leiken er den språklege kompetansen, det er i leiken barnet utviklar språket mest. LÆRING Barn er nysgjerrige, søkande, skapande og kreative. Vi tek utgangspunkt i barna si nysgjerrigheit og skapar tilpassa læringssituasjonar. I barnehagen har vi både formelle læringssituasjonar - dei som er planlagd og leda av personalet (samlingstunder, prosjekt, temaarbeid, aktivitetsgrupper og aldersinndelte grupper) og uformelle læringssituasjonar («her-og-no-situasjonar», kvardagsaktivitetar, leik og annan samhandling). Vi er gode, tydelege rollemodellar og rettleiarar for barna. BARNA SI MEDVERKING I barnehagen skal barna få innflytelse og lov til å påverke sin eigen kvardag, spesielt i forhold til fri leik. Kvardagen består av både vaksenstyrt, men også barnestyrte aktivitetar. Gjennom å sjå barna sitt initiativ tek vi dei med i planlegging og evaluering av aktivitetar og fremmar deira medverknad. Dette trur vi styrkar barna si sjølvkjensle og tru på seg sjølv. MILJØARBEID Ravnebjerget barnehage er miljøsertifisert etter ISO 14001. I barnehagen er vi opptatt av miljø og berekraftig utvikling. Vi brukar naturen og nærmiljøet rundt oss, og målet er at når barna ferdast i naturen så vil dei bli glad i den og dermed ønske å ta vare på den i framtida. Vi sorterar avfall og barna blir opplærde i dette frå dei er små. Vi har ulike bærbuskar og frukttre i barnehagen, og barna får vere med å hauste frukta kvar haust. ÅRSTEMA 2015 – 2016 Kommunikasjon, språk og tekst med tema «Knutsen og Ludvigsen» FAGOMRÅDA Rammeplanen inneheld sju fagområde som barnehagen skal dekke i løpet av året. Vi syner til Langtidsplanen i Helse Bergen 2012 – 2015 som setter som mål for fagområda for dei ulike alderstrinna. Alle fagområda har ei naturleg og framtredande plass i kvardagen, men dei må likevel arbeidast spesifikt med enkelte fagområde. Kommunikasjon, språk og tekst er vårt overordna fagområde i år. Årstema dette året er «Knutsen og Ludvigsen» og vi gledar oss til å inspirere og til å bli inspirert av dei fantastiske songane og forteljingane dei har laga. Vi har laga eit årshjul om temaet som alle avdelingane følgjer dette året. Vi vil fordjupe oss i tekstane, dramatisere og filosofere rundt tema. Vi tenkjer at arbeidet med årstemaet vil dekke alle fagområda. Vi er opptekne av og ønskjer å fokusere på språkstimulerande aktivitetar. Vi samtalar mykje og oppfordrar barna til å sette ord på tankar og kjensler. Vi har «vis og fortel samling» der barna etter tur tek til ordet og fortel om ein gjenstand. Vi besøker biblioteket på Landås og i Bergen sentrum og har alltid eit godt utval av bøker på avdelingane. Vi les og høyrer på lydbøker. Vi leser eventyr som vi jobbar vidare med i forming og drama, og vi syng mykje. I leik og ved teiknebordet oppstår mykje læring når vi skriv handlelister, brev og lagar billetter og invitasjonar. Barna har stor interesse for å lese og skrive, og vi tek tak i det på barna sine premissar. ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI Vi vil bl.a. filosofere og samtale rundt tekstane. Kan ein bu i ein tunell? Kva er ein krokofant? Etc. Kunst, kultur og kreativitetVi vil synge, danse, lytte, teikne og lage våre eigne «Knudsen og Ludvigsen» tekstar og fremføringar. Lære barna å lage musikk på alternative instrumenter som bukveggsklaskofon og støvsugarslangar ANTAL, ROM OG FORM Kva for ei form har tunnelen, lære omgrep som over, under inni osv. Kommunikasjon, språk og tekst Bruke song som forteljingsform, arbeide med rim og leik med ord, ellediller og krokofanter. Samhald, felles tema bidreg til å bygge venskap. NATUR, MILJØ OG TEKNIKK Knytte opp mot arbeid med bærekraftig utvikling, gjenbruk av materialar Kropp, bevegelse og helseSongen «Syk», dans, «Kanskje kommer kongen» og «Matpakkespisevise» om kosthald NÆRMILJØ OG SAMFUNN Vi har vår eigen tunnel. Kan myndigheitene kaste dei ut av tunnelen? ÅRSHJUL AUGUST JULI Tilvenning Sommer SEPTEMBER Kick off OKTOBER JUNI Bli kjent med Knutsen og Ludvigsen Avslutning prosjektet MAI NOVEMBER Musikk Grevling i taket DESEMBER APRIL Juleforbredelser Dramatisering JANUAR MARS Påskeforbredelser FEBRUAR Språk absurde ord Arbeid med sangtekstene PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING MÅL HENSIKT ARBEIDSMÅTAR Vi ønskjer å arbeide med songtekstar ved hjelp av song, rim, musikk, lytting, filosofering, dialog og dramatisering. Vi vil ta utgangspunkt i alle dei sju fagområda medan vi arbeider med temaet (sjå eige skjema over). Avdelingane skal ha temaarbeid og samlingar, og vil ha fellessamlingar for heile barnehagen knytt opp til kommunikasjon, språk og tekst. NÅR Eit godt utvikla språk med eit rikt ordforråd gir eit positivt grunnlag for sosialt samspel og leik. Prosjektet vil forgå gjennom heile barnehageåret 2015-2016 og evaluering vil samanfattast i juni 2016. KVEN Ved å bruke temaet Knudsen og Ludvigsen som utgangspunkt skal barna få utforske og utvikle sitt eige språk og erfare ulike måter å kommunisere på. METODAR OG TILTAK VURDERINGSOMRÅDE: Kommunikasjon, språk og tekst – Knutsen og Ludvigsen Dei pedagogiske leiarane har eit særleg ansvar for planlegging og oppfølging på si avdeling. Ut over dette er det laga ei arbeidsgruppe som består av fire ansatte. Dei har ansvar for å planlegge temaet som skal være felles for heile avdelinga. TRADISJONAR AUGUST • Barna sin dag på Barneklinikken SEPTEMBER • Venskapsveke (mot mobbing) • Barnehagen sin bursdag MARS • Påskevandring Årstad kyrkje • Barnehagedagen APRIL • Langegården OKTOBER • FN-dagen MAI • 17. mai markering i barnehagen DESEMBER • Julevandring i Årstad kyrkje • Langegården • Juleevangeliet i Nykirken • Nissefest JUNI • Sommarfest • Overnatting for dei eldste barna • Tur til Ulriken sin topp med barna 3-6 år FEBRUAR • Samefolket sin dag • Fastelavn og karneval (Knutsen og Ludvigsen fest) SAMARBEIDSPARTNARAR Barnehage og heim Til barnet sitt beste Vi meinar at det viktigaste grunnlaget for samarbeid vert lagt i den daglege kontakta når barna kjem og vert henta i barnehagen. Openheit mellom barnehagen og heimen skapar ei kjensle av tryggleik, større utviklingsmoglegheiter og gjer barnet tilfreds. Vi tek i bruk ulike metodar som saman dannar grunnlaget for samarbeid: • Foreldremøte for nye barn (juni kvart år) • Velkomst – og informasjonsbrev til alle nye foreldre • Foreldremøte for alle foreldre i løpet av hausten • Invitasjon til foreldresamtale min. 2 gangar pr. år, med moglegheit for fleire på initiativ frå foreldre eller personale • Foreldrerepresentantar i Samarbeidsutvalet • Referat frå FAU og SU-møter skal ut til alle foreldra • Foreldra si medverking: Brukarundersøkjing utførast som utgangspunkt for vidareutvikling og forbedringsområder Overgang mellom barnehage og skule Minna har vi saman Barna i Ravnebjerget barnehage kjem får ulike bydelar og soknar dermed til ulike skular. Vi har diverre ikkje moglegheit til å besøke alle skulane som barna skal begynne på, men vi er så heldige å ha eit godt samarbeid med Haukeland skule. Her ønskjast våre barn velkomen til ulike samlingar slik at barna skal få eit trygt og godt første møte med skulen. Siste året i barnehagen samlast dei eldste på ei avdeling. Vi vil framheve at barna framleis går i barnehagen og vi verdsett framleis leiken sine verdiar. Vi vil inspirer barna til å glede seg til skulestart, slik at barnet møtar skulen med nysgjerrigheit. Det vil bli fokus på praktiske ting som knyte sko, ta att glidelås, skrive namnet sitt sjølv, ta imot ein kollektiv beskjed, ta ansvar for sine eigne ting etc. Dette ønskjer vi å fokusere på sidan vi veit at i skulekvardagen så finnes det færre vaksne til å hjelpe barna, og vi ønskjer at barna skal utvikle ei kjensle av meistring og få sjølvtillit til å klare ting sjølv. Praksisbarnehage Barnehagen tek i mot studentar frå barnehagelærarlinja ved Høgskulen i Bergen. Dette er lærerikt og inspirerande for både oss og studentane. Det kan mellom anna være aktuelt at studentane deltek på foreldremøte og tek observasjonar til bruk i skuleoppgåver. Barna blir då anonymisert. Andre samarbeidspartnar Barnehagen samarbeider med blant andre Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT), helsestasjonen og barnevern. I dette samarbeidet gjelder lov om tausheit- og opplysningsplikt. Kompetanseutvikling Barnehagane i Helse Bergen har fokus på kompetanseutvikling. Kvaliteten i barnehagane avhenger av personalet sin kunnskap og erfaring. Vi legg vekt på fagleg utvikling gjennom intern opplæring og rettleiing, deltaking på eksterne kurs, fagutviklingsdagar og foredrag. I 2010-2016 vil der være særleg fokus på leiing, leik og danning med mål om å utvikle personalet sin kunnskap og kompetanse. Dei fem planleggingsdagane brukast primært til planlegging og kompetanseutvikling for heile personalgruppa. Planleggingsdagar Måndag 14. september 2015 Fredag 6. november 2015 Fredag 8. januar 2016 Fredag 5. februar 2016 Fredag 6. mai 2016 Kontaktinformasjon Styrer / Ragnhild S Åsheim / 55 97 49 44 / 948 85 758 E-post / [email protected] Bukkene Bruse / 55 97 49 58 / 902 83 896 Askeladden / 55 97 49 47 / 469 23 983 Bikuben / 55 97 49 57 / 481 42 988 Ole Brumm / 55 97 49 19 / 414 02 238 Lilleputtene / 55 97 49 46 / 481 43 141 Ansatte Bukkene Bruse: Linn Gaasemyr, Synnøve B. Isdal, Hêlêne M. Fagg, Harald Nilsen Askeladden: Espen B. Solberg, Oddveig Viken, Anette Hopsdal, Adilson Lorenzo Bikuben: Karoline Øvrebø, Maria Gregori Sorribes, May Hilde Austgulen Lilleputtene: Eline Stølsnes ,Annbjørg Hellesund, Christin Eliassen Ole Brumm: Heidi P. Skåtøy, Hilde Mari Christiansen, Åse H. Solberg Formgitt av Torun Hunnes // Foto: Barnehagepersonale // Teksta er skreva av styrar og pedagogane ved barnehagen // Teksta er oversatt til nynorsk av Torun Hunnes
© Copyright 2024