Årsmelding Tellnes skule 2016

Årsmelding Tellnes skule 2016
1. Innleiing / samandrag
Grunnskuleopplæringa i Fjell er fordelt på 15 skular, 2 av dei er ungdomsskular.
Kvaliteten i skulen vert vurdert i høve til struktur, prosess og resultat. Vi nyttar ulike
kartleggingar, elevundersøkinga og nasjonale prøvar for å få eit godt grunnlag for
resultatmåling og evaluering.
«Framtidsskulen i Fjell» - ein skule med læringsfremjande tiltak bygd på forskningsbasert
kunnskap.
Grunnskuleopplæringa i Fjell kan sjåast på som ein samanfatning av 5 sentrale faktorar
som til saman skal stimulere til læring:
1) Eleven
Alle elevar i Fjell skal oppleve skulen som ein plass der dei trivst og utviklar seg i tråd med
eigne evner og føresetnader både fagleg og sosialt.
2) Læraren
I Fjell har vi lærarar som legg vekt på gode relasjonar til elevar og foreldre, og som driv
undervisning ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde elev.
3) Skuleleiinga
I Fjell har vi skuleleiing som legg vekt på gode relasjonar til tilsette, elevar og foreldre, og
som driv skulen ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde medarbeidar.
4) Læringsarenaen
Læringsarenaene i Fjell står fram som gode, motiverande og velutstyrte.
5) Heimen
Godt samarbeid mellom skule og heim.
1
1.1 Læringsleiing
Skulesjefen har frå hausten 2014 samla skulesatsinga under parolen «Framtidsskulen». Dette
er ei satsing som har som målsetjing å styrkje det faglege nivået i Fjell-skulen gjennom godt
læringsmiljø, gode grunnleggjande ferdigheiter og gjennom ein ny vurderingspraksis som har
læring som mål. Strategien er å auke kompetanse og forståing for vurdering som reiskap for
læring, samt setje dette i samanheng med allereie eksisterande satsing på klasseleiing, lesing
og rekning i alle fag, samt digitale ferdigheiter.
1.2 Puls
Fjellskulen nyttar PULS som leiingsverktøy for kvalitetsutvikling. PULS står for "Pedagogisk
utviklings- og læringsspegel." og innhentar datamateriale frå ulike kjelder, som t.d. SSB,
SATS, PAS, Skoleporten, GSI, Elevundersøkinga, Nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar i
Vokal. Gjennom gode pedagogiske utviklingsprosessar mellom leiinga og lærarane skal ein
arbeide mot stadig betre nivå innan dei kommunale satsingsfelta for skule:
LÆRINGSLEIING
1) Vurdering for læring
2) Læringsmiljø
3) Grunnleggande ferdigheiter
Arbeidet vert koordinert av PULS-koordinator ved skulesjefen.
2
1.3 Trygg i Fjell
Skulesjefen har sidan 2014 intensivert arbeidet for å få etablert betre verkemiddel mot
mobbing og krenkande åtferd mellom elevane. Tiltaket vert kalla «Trygg i Fjell» og vert
organisert gjennom ei fagleg kompetansegruppe og ei brei referansegruppe samansett av
ulike representantar (politikarar, elevar, foreldre, idrett, skule.)
1.4 Raud tråd
Skulesjefen er oppteken av samanhengen i opplæringa frå barnehage til yrkesliv. Målsetjinga
er betre læringsutbytte og å minske fråfallet frå utdanningsløpet. I tillegg til samarbeid med
Barnehage har skulen i Fjell etablert eit sterkare samarbeid med vidaregåande skule og
næringslivet. Skulesjefen i Fjell legg sterk vekt på at utviklingsarbeid og kompetansebygging
skal skjer i nært samarbeid med høgskule, universitet og forskningsinstitusjonar. Difor har vi
i Fjell no samarbeid med Universitetet i Bergen, Norsk lærarakademi, Sintef, Høgskulen i
Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund, VilVite-senteret og Nasjonalt senter for læringsmiljø
og oppvekst i Stavanger.
3
1.5 Refleksjon og vurdering
Skulen i Fjell har dei siste åra framstått som ein meir «heilskapeleg skule» der
skuleeigars satsingsområde er tydelege for alle som er involvert. Ein er meir opptatt av å
drive skulen etter forskingsbasert kunnskap. Det at dei fleste skulane no har leiarar som
har fullført rektorskulen, er også svært positivt.
«Trygg i Fjell», skulevegrings- og beredskapsteam er nyoppretta tiltak som er naudsynte
å ha i arbeidet mobbing.
Skuleåret 2015/16 har vore eit spennande år for Tellnes skule, med fem nye
medarbeidarar (lærarar, kontormedarbeidar og lærling). Dette er ein forholdsvis stor
andel i et personale på 16, og har sjølvsagt satt sitt preg på skuleåret.
Tellnes skule jobbar etter kommunenes satsingsområde. Ressursperson og rektor har
deltatt på nettverka for Læringsleiing og det er dei som har drive utviklingsarbeidet. I år
har hovudfokus vore på lesing som grunnleggande ferdigheit og klasseleiing.
Resultata i elevundersøking viser positiv framgang på fleire av områda. Unntaket er
arbeidsro i timane. Dette er ei utfordring som vi har jobba med gjennom heile året, men
som vi dessverre ikkje har fått bukt med enno. Sjølv om vi har jobba ein god del med
klasseleiing, har vi framleis litt å gå på før vi vaksne er samkjørte.
Resultata i NP viser at vi er på høgde med kommunens resultat i engelsk og rekning. I
lesing ligg vi eit stykke bak.
Skulen har også dette skuleåret hatt medarbeidarar i langtidssjukemelding. Dette har,
særleg for rektor, kravd mykje energi. Då er det godt å ha forståingsfulle og støttande
medarbeidarar i ryggen.
Trass i at den fysiske læringsarenaen, som totalt manglar delings- og grupperom, har
tronge garderobetilhøve og kor delar av bygget ikkje har vore rehabilitert sidan 1972,
har personalgruppa handtert skulekvardagen på ein framifrå måte. Skulens visjon er
Tellnes skule – ein skule der born og vaksne trivst i eit trygt og lærerikt fellesskap. Dette
er noko vi alle jobbar for å oppnå kvar dag.
2. Personale
2.1 Årsverk lærarar
Indikator og nøkkeltall
Årsverk for
undervisningspersonale
11-12 12-13 13-14 14-15 15-16
323,2 326,4 331,0 305,5 322,5
2.2 Tal på lærarar
Antall
Antall lærarar, menn
Tellnes skule (15-16)
1
4
Fjell kommune (15-16)
73
Hordaland (15-16)
1 523
Nasjonalt (15-16)
14 163
Antall lærarar, kvinner
Tellnes skule (15-16)
9
Fjell kommune (15-16)
286
Hordaland (15-16)
4 650
Nasjonalt (15-16)
42 897
Antall lærarar, i alt
Tellnes skule (15-16)
10
Fjell kommune (15-16)
359
Hordaland (15-16)
6 173
Nasjonalt (15-16)
57 060
2.3 Refleksjon og vurdering:
Tellnes skule har i fleire år berre hatt ein mann i personalet på 16 (inkl. assistentar og
kontormedarbeidar). Vi skulle absolutt hatt fleire menn, både med tanke på elev- og
vaksenmiljøet.
3. Læringsmiljø
3.1. Tal på elevar
Antall
Sum elever ved skolen
Tellnes skule (15-16)
77
Fjell kommune (15-16)
3 246
Hordaland (15-16)
60 308
Nasjonalt (15-16)
539 974
3.2 Arbeidsro
Denne indikatoren fortel om korleis elevane oppfattar arbeidsro i timane.
3.2 Arbeidsro
09-10
10-11
11-12
5
12-13
13-14
14-15
15-16
Tellnes skule (15-16)
-
3,2
3,8
2,92
3,39
3,13
3,41
Fjell kommune 1.-7.trinn
3,35
3,32
3,15
3,03
3,42
3,79
3,49
Hordaland 1.-7. trinn
3,17
3,23
3,17
3,08
3,24
3,56
3,49
Nasjonalt 1.-7. trinn
3,25
3,27
3,27
3,28
3,38
3,63
3,59
3.2.1 Refleksjon og vurdering
Personalet har inneverande skuleår hatt mykje fokus på elevane sitt arbeidsmiljø i
utviklingsarbeidet. Klasseleiing har m.a. vore ein gjengangar i fellestida til lærarane.
Sjølv om vi har eit stykke arbeid igjen før vi er nøgd, er det gledeleg å sjå at det er
framgang. Vi ser også at dette med arbeidsro i klassane er «styrt» av kva elevgruppe ein
til ei kvar tid har på skulen. Her kan einskildelevar utgjere stor forskjell.
Arbeidsro i timane vil også neste skuleår vere eit prioritert arbeidsområde.
3.3 Trivsel
Denne indikatoren syner korleis elevane trivst på skulen.
2.1 Trivsel
06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16
Tellnes
skule (1516)
3,67
4,2
3,8
-
4,2
4,3
4,21
4,14
3,91
4,34
Fjell
kommune
1.-7.trinn
4,14
3,87
4,08
4,25
4,17
4,21
4,2
4,31
4,38
4,4
Hordaland
4,13
4,1
4,13
4,21
4,23
4,22
4,24
4,31
4,35
4,36
6
1.-7. trinn
Nasjonalt
1.-7. trinn
4,21
4,23
4,25
4,3
4,32
4,34
4,36
4,4
4,41
4,41
3.3.1 Refleksjon og vurdering
Elevane ved Tellnes skule seier at dei trivst på skulen og at dei har nokon å vere med i
friminutta. Vi har også hatt ein svært positiv framgang sidan førre skuleår.
Skulens visjon er Tellnes skule – ein skule der born og vaksne trivst i eit trygt og
lærerikt fellesskap.
Personalet har hatt mykje fokus på trivselsfremjande tiltak. Sjuande klasse har
oppretthaldt «elevkantina» og vi har lagt opp til fellesaktivitetar på tvers av klassetrinna.
Ei klasse på mellomsteget har tatt ansvar for og organisert «trivselsleiarar» etter mal frå
TL-programmet.
Vi hadde planlagt å jobbe meir systematisk innanfor området «helsefremmande skule».
Dette arbeidet har vi dessverre ikkje fått sett i gong.
Sjølv om tala i elevundersøkinga er gode, fortel ikkje dette det heile biletet for skulen. Vi
veit at det er yngre elevar som til tider går aleine i friminutta – desse vert følgt opp.
3.4 Støtte frå lærarane
Indikatoren syner korleis elevane opplever støtta frå lærarane.
3.1 Støtte frå lærarane
13-14
14-15
15-16
Tellnes skule (15-16)
4,24
4,42
4,42
Fjell kommune 1.-7.trinn
4,37
4,51
4,53
7
Hordaland 1.-7. trinn
4,36
4,51
4,5
Nasjonalt 1.-7. trinn
4,43
4,54
4,53
3.4.1 Refleksjon og vurdering
Resultatet viser at lærarane stort sett gir elevane den støtta og hjelpa som dei treng i
skulearbeidet og at dei opplever at lærarane bryr seg om dei og har tru på dei. Ved
Tellnes skule har vi også ei assistentgruppe som engasjerer seg sterkt i elevane sitt
skulearbeid.
3.5 Vurdering for læring
I Fjell handlar vurdering for læring (VFL) om at:
- Skuleleiinga arbeider systematisk med utviklinga av læringsfremmande vurdering. Arbeidet
er godt forankra i kommunalt styringsdokument for Læringsleiing.
- Lærarane arbeider systematisk med vurdering for læring og har felles omgrep og rutinar
knytt til dette.
- Elevane forstår kva dei skal lære og kva som er forventa av dei. Elevane får
tilbakemeldingar som fortel om kvaliteten på arbeidet og som gir råd om korleis dei kan
forbetre seg. Elevane nyttar tilbakemeldingane slik at dei utviklar seg i læringsprosessen.
Elevane er involverte i eige læringsarbeid m.a. ved å vurdere eige arbeid og utvikling.
4.1 Vurdering for læring
13-14
8
14-15
15-16
Tellnes skule (15-16)
3,84
3,9
4,1
Fjell kommune 1.-7.trinn
4,04
4,24
4,22
Hordaland 1.-7. trinn
4,04
4,19
4,17
Nasjonalt 1.-7. trinn
4,09
4,2
4,19
3.5.1 Refleksjon og vurdering
Skulens ressursperson og rektor har delteke på alle nettverkssamlingane i VfL. Vi har
også dette skuleåret hatt fokus på Vfl i utviklingsarbeidet vårt, men ikkje i like stor grad
som i 2014/15. Dette skuldast prioriteringar vi har gjort undervegs og kor vi har sett
behovet for å bruke meir tid på TSK. Skulen fekk m.a. tre nye lærarar som var
nyutdanna og som trengte ekstra oppfølging i denne samanheng.
Det er tydeleg at det vert jobba godt med VfL i lærarutdanninga. Dei nyutdanna har godt
grep om dette.
9
3.6 Meistring
Indikatoren syner i kva grad elevane opplever meistring.
1.3 Mestring
09-10
10-11
11-12
12-13
13-14
14-15
15-16
-
3,8
4,0
3,43
3,8
3,83
3,97
Fjell kommune 1.-7.trinn
3,88
3,96
3,85
3,81
3,95
4,08
4,01
Hordaland 1.-7. trinn
3,89
3,91
3,87
3,85
3,93
4,02
3,99
Nasjonalt 1.-7. trinn
3,92
3,93
3,9
3,9
4,02
4,09
4,08
Tellnes skule (15-16)
3.6.1 Refleksjon og vurdering
At elevane opplever meistring, er viktig – både med tanke på trivsel og læring. Dette
heng nøye saman. Vi har mange elevar som opplever å meistre skulearbeidet, men
undersøkinga viser også at det er elvar som ikkje gjer det. Dette må vi ha vidare fokus
på – både fagleg og sosialt.
10
3.7 Elevdemokrati og medverknad
Gjennom medarbeidarskap med andre elevar, læraren og skulen skal eleven utvikle evner og
kunnskap om samarbeid og medverknad i demokratiske prosessar.
3.3
Elevdemokrati
og
medvirkning
06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14
14-15
15-16
Tellnes skule
(15-16)
-
-
-
-
-
-
-
3,49
3,43
3,6
Fjell
kommune 1.7.trinn
-
-
-
-
-
-
-
3,55
3,78
3,69
Hordaland 1.7. trinn
-
-
-
-
-
-
-
3,68
3,83
3,82
Nasjonalt 1.7. trinn
-
-
-
-
-
-
-
3,8
3,92
3,93
11
3.7.1 Refleksjon og vurdering
Elevdemokrati og medverknad forgår både i formelle organ og på andre arenaer som t.d.
klasserommet. Elevrådet består av elevar frå 1.-7. klasse. Det er avholdt møter ca. ein
gong i månaden. I tillegg har elevrådskontakt og leiar og nestleiar hatt arbeidsmøter.
Elevrådet har vore veldig engasjert i skulens uteområde som manglar ein god del på å
vere tilfredsstillande. Dei har m.a. skrive brev til rektor, FAU og SU kor manglar og
ønskjer vart påpeikt.
3.8 Læringskultur
Læringskultur handlar om elevane si oppleving av at skulearbeidet er viktig, at det er
arbeidsro, og at ein lærar av erfaringar.
3.5 Læringskultur
09-10
10-11
11-12
12-13
13-14
14-15
15-16
-
3,2
3,8
2,92
3,75
3,9
4,05
Fjell kommune 1.-7.trinn
3,35
3,32
3,15
3,03
3,8
4,21
4,08
Hordaland 1.-7. trinn
3,17
3,23
3,17
3,08
3,69
4,08
4,07
Nasjonalt 1.-7. trinn
3,25
3,27
3,27
3,28
3,85
4,17
4,16
Tellnes skule (15-16)
12
3.8.1 Refleksjon og vurdering
Resultatet viser at læringskulturen vert opplevd som god ved Tellnes skule, til tross for
dei negative tala for arbeidsro. Vi har mykje fokus på at skulearbeidet er viktig. Dette
vert det også jobba med opp mot foreldra – særskilt med tanke på det å ta ungane ut av
skulen/søkje om fri.
Det skal også vere lov å prøve og feile på Tellnes skule utan at det fører til utrygge
elevar.
3.9 Mobbing
Indikatoren syner i kva grad elevane opplever mobbing på skulen.
2.3
Mobbing på
skolen
06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16
Tellnes
skule (1516)
3,71
4,3
3,5
-
4,6
4,8
4,64
4,71
4,43
4,72
Fjell
kommune
1.-7.trinn
4,63
4,53
4,62
4,68
4,57
4,51
4,59
4,69
4,73
4,77
Hordaland
1.-7. trinn
4,6
4,55
4,53
4,59
4,55
4,54
4,57
4,67
4,7
4,72
Nasjonalt
1.-7. trinn
4,55
4,52
4,53
4,53
4,54
4,57
4,59
4,7
4,73
4,74
13
Er du blitt
mobbet på
skolen de
siste
månedene?
Ikke i det
hele tatt
06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16
Tellnes
skule (1516)
42,86
%
-
30,0
%
-
-
-
71,43
%
78,57
%
60,87
%
78,13
%
Fjell
kommune
1.-7.trinn
76,54
%
72,24
%
77,91
%
79,91
%
72,57
%
69,55
%
73,52
%
83,04
%
83,31
%
85,78
%
Hordaland
1.-7. trinn
74,37
%
71,31
%
72,31
%
74,82
%
73,03
%
72,57
%
73,31
%
80,39
%
81,34
%
83,36
%
Nasjonalt
1.-7. trinn
72,09
%
70,59
%
71,04
%
71,73
%
72,33
%
73,86
%
75,81
%
81,18
%
83,04
%
83,6
%
Ikke i det hele
tatt
En sjelden
gang
2 eller 3
ganger i
måneden
Omtrent 1
gang i uken
Flere
ganger i
uken
Snitt
Er du blitt mobbet på skolen de siste månedene?
Tellnes
skule (1516)
25
78,13%
-
-
0
Fjell
kommune
1.-7.trinn
796
85,78%
83
8,94%
24
2,59% 13 1,40% 12 1,29% 4,77
78
2,71% 48 1,67% 49 1,70% 4,72
Hordaland
2399 83,36% 304 10,56%
1.-7. trinn
0,00%
-
-
0
0,00% 4,72
Nasjonalt
55130 83,60% 7371 11,18% 1622 2,46% 858 1,30% 965 1,46% 4,74
1.-7. trinn
14
3.9.1 Refleksjon og vurdering
Resultatet viser ein positiv framgang. Skulen har jobba proaktivt for å hindre at mobbing
skal finne stad:
- Om morgonen er lærarane i klasserommet 10 min før det ringjer inn. Dei elevane som
ønskjer det, kan då kome inn, finne plassen sin og evt. slå av ein prat med læraren.
På denne måten unngår ein t.d. trengsel i gangen, noko som ofte kan føre til
konfliktar.
- Det har vore jobbe med bevisstgjering av skilnadane mellom omgrepa mobbing og
krenking i elvgruppa. Krenking er eit omgrep som vert brukt meir i «daglegtalen» no
enn tidlegare.
- Lærarane har fått fagleg oppdatering om observasjon og avdekking av mobbing
v/rettleiarteamet.
Personalet jobbar elles etter skulens Plan for det psykososiale skulemiljøet til elevane,
som inneheld både førebyggande og avdekkande tiltak, samt handtering. Zero vert nytta
som antimobbeprogram.
Skulen har dette skuleåret hatt skulevegringssaker kor mobbing har vore oppgitt som
hovudårsak til fråværet. Desse har, som andre meldte saker, vore følgt opp i tråd med
Opplæringslova §9a.
Sjølv om det er nedgang i elevar som opplever seg mobba, er vi langt i frå i mål, og
arbeidet må sjølvsagt halde fram.
3.10 Krenkingar
Krenkingar handlar om å bli halda utanfor, bli spreidd løgner om, bli truga, oppleve slag,
spark eller halda fast, samt negative kommentarar på utsjånaden.
2.4 Krenkingar
13-14
14-15
15-16
Tellnes skule (15-16)
4,38
4,25
4,52
Fjell kommune 1.-7.trinn
4,55
4,65
4,69
Hordaland 1.-7. trinn
4,52
4,61
4,64
Nasjonalt 1.-7. trinn
4,53
4,63
4,64
15
3.10.1 Refleksjon og vurdering
Gledelege tal, også her. Viser elles til refleksjonen i pkt. 3.9.1.
16
4. Analyse av samanhengar
Boblekarta nedanfor visar samanhengar mellom relevante indikatorar frå elevundersøkinga.
- Arbeidsro og mestring
- Trivsel og motivasjon
- Tilpassa opplæring og fagleg utfordring
4.1 Arbeidsro og mestring
Boblekarta nedanfor viser samanheng mellom indikatorane arbeidsro og mestring.
17
18
4.1.1 Refleksjon og vurdering
Samanlikna med resultatet frå førre skuleår, ser vi at det inneverande år er fleire elevar
som opplever høg grad av både arbeidsro og meistring. Dette er positivt. Samstundes
ser vi at elevgruppa som seier at dei verken opplever arbeidsro eller meistring, også har
auka noko, og denne gruppa må vi følgje med på. Er det kanskje dei same elevane som
ikkje opplever meisring som bråkar?
19
4.2 Trivsel og motivasjon
Boblekartet nedanfor viser samanheng mellom trivsel og motivasjon.
20
21
4.2.1 Refleksjon og vurdering.
Dette stadfestar det vi veit, at trivsel påverkar elevane sin motivasjonen for å jobbe med
skulearbeidet, og er svært gledelege tal for Tellnes skule. Andelen elevar som både
opplever trivsel og er motivert, har auka betydeleg. Vi må likevel ikkje gløyme dei
elevane som er i dei andre felta i boblekartet.
22
4.3 Støtte frå lærarane og fagleg utfordring
Boblekartet nedanfor viser samanhengen mellom støtte frå lærarane og fagleg utfordring.
23
24
4.3.1 Refleksjon og vurdering
Andelen av elevar som seier at dei får god støtte frå lærarane, men for lite faglege
utfordringar, er tankevekkjande. Desse elevane skal også få tilrettelagt undervisninga
slik at den er meiningsfull for dei.
5. Læringsresultat
5.1 Føresetnadar
5.1.1. Foreldra sitt utdanningsnivå
Foreldra sine utdanningsnivå kan i følgje Hægeland, Kirkebøen, Raaumog Salvanes (2003)
forklare (20%) av variasjonane i elevane sine læringsresultat. Indikatoren nedanfor er basert
på ei utrekning frå SSB.
Prosenten er rekna ut med utgongspunkt i følgjande: Andel foreldre med høgare utdanning
minus andel foreldre med grunnskule som høgaste utdanning. Dersom scoren er 17%, betyr
dette at skulen har 17% fleire foreldre med høgare utdanning enn foreldre med grunnskule
som høgaste utdanning.
Foreldrenes utdanningsnivå
12-13
13-14
14-15
11
6
5
Fjell kommune (15-16)
12,5
16,8
14,8
Hordaland (15-16)
19,6
20,7
21,2
Nasjonalt (15-16)
17,5
18,5
19,2
Tellnes skule (15-16)
25
5.1.2 Refleksjon og vurdering
Tellnes skule ligg langt under snittet til både kommunen, fylket og nasjonen når det
gjeld foreldra sitt utdanningsnivå. Når det vises til at foreldra sitt utdanningsnivå kan
forklare 20 % av variasjonane i elevane sine læringsresultat, kan dette sjølvsagt vere ein
medverkande årsak til at skulen på det jamne scorar lågare enn gjennomsnittet i
kommunen på nasjonale prøver og kartleggingsprøver. Dette kan likevel ikkje vere ei
sovepute. Vi skal heile tida jobbe for at elevane sitt læringsutbytte er det beste. Det må
vere eit mål at skulens output er høgare enn input (elevens føresetnad fagleg og sosialt
når dei byrjar på skulen)
5.2 Lesing og norsk
I Fjell handlar lesing om at:
- Leiinga og lærarane har god kunnskap om lesing som grunnleggande dugleik. Alle lærarar,
uansett fag, tek ansvar for leseutviklinga til elevane.
- På småtrinnet jobbar skulen med grunnleggande avkoding og forståing av enkle tekstar.
Skulen nyttar leselærar på 1. og 2. trinn som tidleg innsats. Leselæraren blir nytta til å rettleie
i lesing. Leiinga er oppdatert på leseutviklinga til elevane på desse trinna.
- På mellomtrinn og ungdomstrinn jobbar skulen systematisk med elevane si evne til å finne
informasjon, tolke og reflektere. Elevane nyttar ulike typar lesestrategiar.
- Skulen nyttar SOL* (Systematisk Observasjon av Lesing) som verktøy i
undervegsvurderinga. Soling av elevar skjer systematisk og kontinuerleg gjennom skuleåret.
* Fjell Ungdomsskule nyttar eit anna system for lesing, "Lesing i alle fag."
5.2.1 Kartleggingsprøvar i lesing
Her kan ein sjå del av elevar som er på eller under bekymringsgrensa.
Lesing 1.
trinn
Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense
Tellnes skule (15- Fjell kommune 1.16)
7.trinn
Hordaland 1.-7.
trinn
Nasjonalt 1.-7.
trinn
Å lese ord
16,7%
13,9%
14,3%
16,0%
Å lese er å
forstå
50,0%
17,0%
15,9%
17,3%
Å lese ord
76,9%
31,2%
20,2%
19,4%
Å lese er å
forstå del
1+2
53,8%
24,6%
15,7%
18,8%
18,2%
26,1%
21,0%
22,0%
Lesing 2.
trinn
Lesing 3.
trinn
Å lese ord
26
Å lese er å
forstå del
1+2
36,4%
21,4%
15,0%
16,0%
5.2.2 Nasjonale prøvar i lesing
Her kan ein sjå resultat frå nasjonale prøvar i lesing.
Mestringsnivå Mestringsnivå Mestringsnivå
1
2
3
Utvalg
Snitt
Poeng
Tellnes skule
(15-16)
Nasjonale prøver
5. trinn, Lesing
53,8%
30,8%
15,4%
44,5
Fjell kommune
1.-7.trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Lesing
30,5%
51,7%
17,8%
47,8
Hordaland 1.-7.
trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Lesing
25,3%
49,6%
25,1%
49,6
Nasjonalt 1.-7.
trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Lesing
24,1%
49,8%
26,1%
49,9
5.2.3. Refleksjon og vurdering
Kartleggingsprøver
Resultata overraskar oss ikkje i særleg stor grad. Vi veit at vi har elevar som treng tett
oppfølging. Går vi inn og ser bak tala, ser vi også at vi har elevar som har omtrent alt
rett på det dei har fått gjort, så her handlar det også om tid og nøyaktigheit. Resultata i
kartleggingsprøvene vil bli brukt i det vidare arbeidet med å tilpasse opplæringa til den
einskilde elev.
Nasjonale prøver
Grunna alt for stor variasjon i elevtalet som frå år til år gjennomfører NP, er det
vanskeleg å samanlikne med tidlegare år. Men vi har framleis for mange elevar på
meistringsnivå 1.
Lesing i alle fag og lesing som grunnleggande ferdigheit har vore ein del av skulen sitt
utviklingsarbeid dette skuleåret. Vi har brukt både planleggingsdag og fellestid til emnet.
Alle lærarane, ikkje berre dei som gjennomfører NP, har deltatt. Arbeidet har ført til eit
større medvit om kva som er skulen sine svakheiter og styrker innanfor faget lesing. Vi
har også hatt fokus på at alle er leselærarar. Arbeidet vil halde fram.
Terskelen for fritak er låg på Tellnes skule.
27
5.3 Rekning og matematikk
Kartleggingsprøvar i rekning
Her kan ein sjå del av elevar som er på eller under bekymringsgrensa.
Kartleggingsprøve Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense
Tellnes skule (15- Fjell kommune 1.16)
7.trinn
Hordaland 1.-7.
trinn
Nasjonalt 1.-7.
trinn
Regning, 1. trinn
33,3%
29,9%
20,2%
23,2%
Regning, 2. trinn
75,0%
31,8%
19,6%
21,9%
Regning, 3. trinn
18,2%
23,3%
17,6%
19%
5.3.1 Nasjonale prøvar i rekning
Her kan ein sjå resultata frå nasjonale prøvar i rekning.
Mestringsnivå Mestringsnivå Mestringsnivå
1
2
3
Utvalg
Snitt
Poeng
Tellnes skule
(15-16)
Nasjonale prøver
5. trinn, Regning
38,5%
53,8%
7,7%
46,5
Fjell kommune
1.-7.trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Regning
34,9%
48,4%
16,6%
46,8
Hordaland 1.-7.
trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Regning
24,1%
52,6%
23,3%
49,6
Nasjonalt 1.-7.
trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Regning
23,3%
51,4%
25,4%
50,1
5.3.2 Refleksjon og vurdering
Kartleggingsprøver
Resultata på 2. trinn er bekymringsfulle, sjølv om vi visste at resultata ikkje ville bli dei
beste. Her må vi ha ekstra fokus. Matematikk har, så langt, ikkje vore prioritert i
utviklingsarbeidet vårt. I tillegg til ekstra fokus i einskildklassar, bør vi vurdere å setje i
gang eit meir systematisk arbeid – også omkring matematikk.
Nasjonale prøver
Gledeleg å sjå at vi er på nivå med snittet i kommunen og vi her har fleire elevar som er
på meistringsnivå 2.
Det som over tid blir interessant, er å følgje elevane på 2. trinn og sjå korleis dei gjer
det på NP om nokre år.
28
5.4. Engelsk
5.4.1 Nasjonale prøvar i engelsk
Her kan ein sjå resultata frå nasjonale prøvar i engelsk.
Mestringsnivå Mestringsnivå Mestringsnivå
1
2
3
Utvalg
Snitt
Poeng
Tellnes skule
(15-16)
Nasjonale prøver
5. trinn, Engelsk
46,2%
46,2%
7,7%
45,3
Fjell kommune
1.-7.trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Engelsk
36,3%
48,4%
15,2%
46,9
Hordaland 1.-7.
trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Engelsk
26,9%
50,6%
22,5%
49,2
Nasjonalt 1.-7.
trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Engelsk
24,8%
51,3%
23,9%
49,9
5.4.2 Refleksjon og vurdering
Pila peikar rett veg, men det kan ikkje bli ei sovepute.
6. Undervisning og læring
6.1. Reflekter samanfatta omkring undervisning og læring på eigen skule:
Tellnes skule har eit personale som er flinke og motiverte. Det vert dagleg lagt ned
mykje arbeid for å legge til rette for ein god skulekvardag for den einskilde elev – både
fagleg og psykososialt.
Tellnes skule skal vere ein skule der born og vaksne trivst i eit trygt og lærerikt
fellesskap. Undersøkingar viser, og opplevinga vi har, er at dei aller fleste elevane er
trygge, trivst og er motivert for skulearbeid/læring. Likevel er ikkje resultata som vi blir
målt i, tilfredstillande – trass i at foreldra sitt utdanningsnivå i krinsen er svært lågt.
Vi har halde fram med utviklingsarbeidet innanfor Læringsleiing. Grunna mange nye
medarbeidarar, har klasseleiing hatt ekstra fokus dette året. Det å få så mange
nyutdanna lærarar til skulen, har vore positivt. Miksen mellom «gammalt» og ungt har
vore utviklande for alle partar. Dei nytilsette opplever å bli godt ivaretatt og følgt opp,
og vi «gamle» får nye impulsar og blir positivt utfordra på ein del område.
29
7. Fysisk miljø og læremiddel
7.1. Reflekter omkring fysisk miljø og læremiddel ved eigen skule
Den generelle standarden på skulebygget er overmoden for ei opprusting. Her kan
nemnast utvendig maling, skifting av vinduskarmar og gardiner/solskjerming. Skulen slit
i tillegg med at den ikkje har grupperom til spesialundervisning og anna gruppedeling.
Dette gjer det svært utfordrande å drive fleksibel undervisning og spesialundervisning.
Garderobetilhøva er lite tilfredsstillande, både for elevar og tilsette. Vidare har skulen
svært avgrensa tilgang på lagerplass. Personalet sitt behov for arbeidsplass og møterom,
er også langt i frå tilfredsstillande. Det er heller ikkje rektor og kontormedarbeidaren sin
arbeidssituasjon, som delar kontor. Helsesøster har ikkje eigna rom kor ho kan vere i
fred med elevane. Ho brukar SFO-kjøkenet. Dette blir påpeika kvar gong det har vore
inspeksjon i samband med Miljøretta helsevern.
Det positive er at gutetoalettet i fjor haust vart pussa opp.
Ute: Skuleområdet er stort og fint og tilrettelagt med både ballbaner og område med
gode høve for frileik. Leikeapparata er gamle og i svært dårleg forfatning. Eitt av dei er
tatt vekk i vår grunna sikkerheit. Skulen fekk rett før skuleslutt beskjed om at
leikeplassen for dei minste skal oppgraderast til hausten. Dette er svært naudsynt og
gledeleg. Arbeidet med ballbinge i regi av FAU, vil også starte opp ved skulestart.
Vi har over år skifta ut elevpultar og stolar, og er snart ferdig i alle klasserom.
Læremiddel
Vi har ok tilgang på elevpc´ar, men ein del av dei er gamle. Vi held på å skifte ut
engelskverk på nokre av trinna, elles ikkje store utskiftingar.
8. Timeressursar og organisering
8.1. Reflekter omkring timeressursar og organisering ved eigen skule:
Skulen har dette skuleåret vore femdelt. Tal på elevar pr. klasse har vore frå 12 til 20.
Opplæringsmålet har vore nynorsk for alle elevane.
I tillegg til det obligatoriske elevtimetalet, har skulen hatt om lag 11 t/v til deling i faga
norsk, matematikk og engelsk for dei to samanslåtte klassane. Det hadde sjølvsagt vore
ønskjeleg å kunne dele desse klassane trinnvis i alle timane i basisfaga.
Tilbodet om leksehjelp vert gitt til elevane i 2.-4. klasse, og er tilpassa bussrutene.
Skulen har, også dette skuleåret, hatt utfordringar med elevar som av åtferdsmessige
årsakar krev mykje og tett oppfølging. Dette har ført til at vi undervegs i året har måtte
omdisponere ressursar, særleg assistentressursen. Dei siste månadene har vi også
måtte gjere tiltak som å dele ein klasse (to trinn) i to. Dette har medført ein del
meirkostnader som vart klarert hos skulesjefen. Vi har også for første gong måtte leige
inn vikar hos PVS (Pedagogisk VikarSentral). Desse tiltak vil nok medføre at skulen for
første gong vil overskride vikarbudsjettet…
Rektor opplever personalet ved skulen som raus og fleksibel når det kjem til forståing for
å måtte omdisponere ressursar. Særleg gjeld dette assistentressursen.
30
9. Skule / heim
9.1. Reflekter over skule / heim - samarbeidet ved eigen skule:
Skulen gjennomfører:
- eitt møte med klassekontaktar og kontaktlærarar kor rektor informerer og
klassekontaktar og kontaktlærarar i lag planlegg klaseforeldremøter og andre sosiale
aktivitetar
- to klasseforeldremøte pr. år for alle klassane
- to utviklingssamtalar (haust og vinter/vår) med elev og foreldre
Tellnes skule var i år ein av fire skular som prøvde ut Startsamtalen med
førsteklasseforeldra. Dette var ei svært positiv erfaring for skulen/læraren.
Skulen har eit aktivt FAU og SU og samarbeidet mellom organa er godt. Rektor er til
stades på dei fleste møta i FAU. SU har særleg engasjert seg i arbeidet med vedlikehald
og oppgradering av skulen og skuleplassen. FAU og skulen samarbeider også godt om
jule- og sommaravslutningane.
I mars hadde vi besøk av Barnevakten (elevar og foreldre). Dette var eit samarbeid
mellom FAU og skulen.
Når det gjeld den daglege kontakten med einskildforeldre, har eg inntrykk av at
storparten av foreldra på det jamne er fornøgd. Både sfo-personalet, lærarane og rektor
er lett tilgjengelege. Skulen har inneverande år måtte handtere nokre svært krevjande
elev-/foreldresaker.
Engasjementet i både elev- og foreldregruppa er stort når det gjeld tryggleik og trivsel i
skulekvardagen. Det er no planlagt ballbinge på skuleplassen, initiert av foreldra, og kor
også Tellnes grendalag bidrar med ein stor sum pengar. FAU/foreldregruppa støttar også
opp og arrangerer dugnad om våren kor det blir gjennomført arbeid som bygging av
blomsterkassar, beplanting, grusing av fotballbana, rydding av skog, etc.
10. SFO
10.1. Vurdering og refleksjon:
Opningstida har vore frå kl. 07.00 til skulestart og frå skuleslutt til kl. 16.30. Ved
oppstart var det påmeldt 32 elevar. Etter at oppseiingstida vart endra frå tre til ein
månad, merkar vi at foreldre er meir aktive med å seie opp, melde inn igjen og å endre
plasstype i SFO. Skulen har ikkje ferie-SFO.
SFo´en er godt bemanna. I tillegg har vi store delar av året hatt lærling.
Det finst eigen års- og aktivitetsplan. Ein gong i veka har dei turdag i nærmiljøet.
Dei tilsette i SFO er røynde og dyktige, og dei gir elevane eit trygt og godt tilbod.
31
11. Konklusjon
11.1. Reflekter omkring:
- Sterke sider og utfordringar ved eigen skule
- Korleis de jobbar med og skal utvikla vidare dei kommunale satsingsområda
LÆRINGSLEIING
1) Vurdering for læring
2) Læringsmiljø
3) Grunnleggjande ferdigheiter
Sterke sider og utfordringar ved eigen skule
Personalgruppa ved Tellnes har mykje erfaring og kompetanse. Dei er lojale, støttande
og fleksible.
Tildelingane av ressursar til skulen i Fjell føregår stort sett etter fordelingsnøklar – noko
som i utgangspunktet er rettferdig. Men når skulen er så liten som Tellnes er, blir det
innanfor enkelte område svært små ressursar som skal fordelast. Til tider opplevast det
som vanskeleg å drive skule på ein god måte og å vidareutvikle dei kommunale
satsingsområdal. Skulen har t.d. ein svært liten «pott» med timar som skal nyttast til
læringsleiing, bibliotek, elevrådsarbeid, ikt-ansvarleg og spes.ped.koordinator.
Administrasjonsressursen til rektor har også vore ei utfordring. Med i underkant av 90 %
inneverande år, har det vore vanskeleg å følgje opp alt på ein tilfredsstilande måte. Det
har vore ein god del sjukdom og sjukemeldingar dette skuleåret, og mykje av adm.tida
har gått med til vikararbeid. Rektor ser mykje lysare på neste skuleår, då det av
skulesjefen er innvilga frikjøp av ein lærar i 20 % som skal avhjelpe situasjonen.
Skulen sin mangel på gruppe-/delingsrom gir oss dagleg utfordringar med omsyn til
undervisning i tråd med læreplanen.
Arbeid med kommunale satsingsområde
Læringsleiing er eit integrert omgrep i undervisningspersonalet, og det vert jobba med
kommunens felles satsingsområde.
VfL
Vi har jobba med tema i tråd med dei kommunale nettverka.
Læringsmiljø
Elevundersøkinga viser at elevane på Tellnes skule både trivst, er trygge og motiverte.
Dette skuleåret har vi særskilt hatt ei klasse kor einskildelevar har hatt
åtferdsutfordringar. At dette påverkar lærigsmiljøet i klassen, viser resultatet i klassens
Zero-undersøking. Tala som seier noko om trivselen, er lågare i denne klassen enn i dei
andre. Her har tiltak vore sett i verk.
Grunnleggjande ferdigheiter:
Vi har i hovudsak har fokus på grunnleggjande ferdigheiter i lesing. Grunnleggande
ferdigheiter i rekning og digitale ferdigheiter stå no for tur.
32