Årsmelding Brattholmen skule 2016 1. Innleiing / samandrag Grunnskuleopplæringa i Fjell er fordelt på 15 skular, 2 av dei er ungdomsskular. Kvaliteten i skulen vert vurdert i høve til struktur, prosess og resultat. Vi nyttar ulike kartleggingar, elevundersøkinga og nasjonale prøvar for å få eit godt grunnlag for resultatmåling og evaluering. «Framtidsskulen i Fjell» - ein skule med læringsfremjande tiltak bygd på forskningsbasert kunnskap. Grunnskuleopplæringa i Fjell kan sjåast på som ein samanfatning av 5 sentrale faktorar som til saman skal stimulere til læring: 1) Eleven Alle elevar i Fjell skal oppleve skulen som ein plass der dei trivst og utviklar seg i tråd med eigne evner og føresetnader både fagleg og sosialt. 2) Læraren I Fjell har vi lærarar som legg vekt på gode relasjonar til elevar og foreldre, og som driv undervisning ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde elev. 3) Skuleleiinga I Fjell har vi skuleleiing som legg vekt på gode relasjonar til tilsette, elevar og foreldre, og som driv skulen ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde medarbeidar. 4) Læringsarenaen Læringsarenaene i Fjell står fram som gode, motiverande og velutstyrte. 5) Heimen Godt samarbeid mellom skule og heim. 1 1.1 Læringsleiing Skulesjefen har frå hausten 2014 samla skulesatsinga under parolen «Framtidsskulen». Dette er ei satsing som har som målsetjing å styrkje det faglege nivået i Fjell-skulen gjennom godt læringsmiljø, gode grunnleggjande ferdigheiter og gjennom ein ny vurderingspraksis som har læring som mål. Strategien er å auke kompetanse og forståing for vurdering som reiskap for læring, samt setje dette i samanheng med allereie eksisterande satsing på klasseleiing, lesing og rekning i alle fag, samt digitale ferdigheiter. 1.2 Puls Fjellskulen nyttar PULS som leiingsverktøy for kvalitetsutvikling. PULS står for "Pedagogisk utviklings- og læringsspegel." og innhentar datamateriale frå ulike kjelder, som t.d. SSB, SATS, PAS, Skoleporten, GSI, Elevundersøkinga, Nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar i Vokal. Gjennom gode pedagogiske utviklingsprosessar mellom leiinga og lærarane skal ein arbeide mot stadig betre nivå innan dei kommunale satsingsfelta for skule: LÆRINGSLEIING 1) Vurdering for læring 2) Læringsmiljø 3) Grunnleggande ferdigheiter Arbeidet vert koordinert av PULS-koordinator ved skulesjefen. 2 1.3 Trygg i Fjell Skulesjefen har sidan 2014 intensivert arbeidet for å få etablert betre verkemiddel mot mobbing og krenkande åtferd mellom elevane. Tiltaket vert kalla «Trygg i Fjell» og vert organisert gjennom ei fagleg kompetansegruppe og ei brei referansegruppe samansett av ulike representantar (politikarar, elevar, foreldre, idrett, skule.) 1.4 Raud tråd Skulesjefen er oppteken av samanhengen i opplæringa frå barnehage til yrkesliv. Målsetjinga er betre læringsutbytte og å minske fråfallet frå utdanningsløpet. I tillegg til samarbeid med Barnehage har skulen i Fjell etablert eit sterkare samarbeid med vidaregåande skule og næringslivet. Skulesjefen i Fjell legg sterk vekt på at utviklingsarbeid og kompetansebygging skal skjer i nært samarbeid med høgskule, universitet og forskningsinstitusjonar. Difor har vi i Fjell no samarbeid med Universitetet i Bergen, Norsk lærarakademi, Sintef, Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund, VilVite-senteret og Nasjonalt senter for læringsmiljø og oppvekst i Stavanger. 3 1.5 Refleksjon og vurdering Skuleåret 2015-2016 har vert eit godt og lærerikt år på Brattholmen skule. Vi held skulesjefen si skulesatsing «Framtidsskulen» høgt, og jobbar kvar dag for å styrkje det faglege nivået blant vaksne og barn på Brattholmen. Vi har i vår utviklingstid satt av meir tid til Læringsleiing: TSK, SOL og VfL. Vi arbeider systematisk med satsingsområda våre for at dei skal bli betre implementert i kvardagen. Lærarane har tileigna seg mykje god kunnskap og kompetanse gjennom kommunen og skulen sine satsingsområder. Dette kjem fram i delingsrundar i utviklingstida kvar tysdag. Resultata på dei nasjonale prøvane i lesing og rekning er me særs nøgde med. Vi har hatt fokus på Lesing i alle fag og vil satsa vidare på det framover. Nytt av året er meir fokus på rekning i alle fag. Vi har fleire lærarar som har teke vidareutdanning i matematikk. Lærarane sin fagkompetanse og interesse brukar vi til å heve kompetansen hos alle lærarar på Brattholmen skule: «Vi skulen». Resultata eig alle som jobbar her og vi jobbar med dei deretter. Vi har gjennomført resultatmøter etter Udir sine kartleggingsprøvar og nasjonale prøvar. PULS og VOKAL er heilt avgjerande for at leiinga skal kunne gjere ein god jobb i å oppdatere seg i forkant av resultatmøta. Kvalitet i møta er viktig. I møtet blir dei som har gjennomførd prøva, dei som neste år skal gjennomføre prøva og timelærarar invitert inn. Det er for å jobbe etter det vi har bestemt: Resultata eig alle. Det beste for elevane i heile skuleløpet. Vi skulen! I år har vi gjennomført Elevundersøkinga på 5.-7.trinn. I mai/ juni tok alle elevane på 2.-7.trinn Zero -undersøkinga. I tillegg har vi fokus på det førebyggjande arbeidet gjennom «Trygg i Fjell». Vi må kontinuerleg gje nok informasjon ut til alle om kva som tolererast og verkar. Resultata viser at dei aller fleste av elevane trives på skulen og opplever miljøet som trygt. Undersøkingane viser at det er nokon som opplever mobbing på skulen. Dette har vi tatt på alvor og har gjennomført kartlegging i enkelte grupper og satt inn tiltak der undersøkingane viser mobbing. Skulen har nulltoleranse for mobbing og har eit godt system for å handle raskt ved melding om mobbing og krenkande åtferd. «Plan for det psykososiale skulemiljøet til elevane» blir følgt. Alle skal føle seg Trygg på Brattholmen skule og Trygg i Fjell. Vårt motto er : Tryggleik, Trivsel og Toleranse. Alle vaksne som jobbar og er knytt til skulen forpliktar seg til å jobbe for dette slik at både vaksne og barn ser fram til ein ny skuledag på Brattholmen. Sjå punkt. 3.9 og 3.10. Elevmedverknad har vi og hatt fokus på i år. Mål: Få elevane meir engasjer og delaktig i eigen kvardag. Vi har starta opp med Mot Mobbing Grupper og Miljøagentar, sjå punkt 3.7 #Elevdemokrati og medverknad. FAU har vert ein god samarbeidspartnar og lærarane melder om positive og delaktige føresette frå utviklingssamtalane/ foreldremøter som er blitt gjennomført. Vi har starta opp med Foreldreskule for føresette på 1.trinn dette skuleåret. Det blei særs godt mottatt av foreldregruppa. 4 2. Personale 2.1 Årsverk lærarar Indikator og nøkkeltall Årsverk for undervisningspersonale 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 323,2 326,4 331,0 305,5 322,5 2.2 Tal på lærarar Antall Antall lærere, menn Brattholmen skule (15-16) 3 Fjell kommune (15-16) 73 Hordaland (15-16) 1 523 Nasjonalt (15-16) 14 163 Antall lærere, kvinner Brattholmen skule (15-16) 20 Fjell kommune (15-16) 286 Hordaland (15-16) 4 650 Nasjonalt (15-16) 42 897 Antall lærere, i alt Brattholmen skule (15-16) 23 Fjell kommune (15-16) 359 Hordaland (15-16) 6 173 Nasjonalt (15-16) 57 060 2.3 Refleksjon og vurdering: Dette skuleåret har vi 43 tilsette ved Brattholmen, tre av dei er menn. Vi ynskjer å jobbe for ei betre fordeling mellom kjønna her ved skulen. Vi har eit godt og stabilt personale. Skulen har vore øvingsskule for HiB. Vi har hatt tre øvingslærarar. Vi har hatt lærling i 100% dette skuleåret. I år har vi ein lærar som tar vidareutdanning i Matematikk, 1.år. Avdelingsleiar har fullført leiarutdanning på UiB. 5 3. Læringsmiljø 3.1. Tal på elevar Antall Sum elever ved skolen 235 Brattholmen skule (15-16) Fjell kommune (15-16) 3 246 Hordaland (15-16) 60 308 Nasjonalt (15-16) 539 974 3.2 Arbeidsro Denne indikatoren fortel om korleis elevane oppfattar arbeidsro i timane. 3.2 Arbeidsro 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 Brattholmen skule (15-16) 2,93 3,74 3,19 - 4,01 4,1 3,78 Fjell kommune 1.-7.trinn 3,35 3,32 3,15 3,03 3,42 3,79 3,49 Hordaland 1.-7. trinn 3,17 3,23 3,17 3,08 3,24 3,56 3,49 Nasjonalt 1.-7. trinn 3,25 3,27 3,27 3,28 3,38 3,63 3,59 6 3.2.1 Refleksjon og vurdering Tala viser at vi har god arbeidsro i timane. Kurva flatar litt ut i forhold til tala i fjor. Vi opplever at tala stemmer godt med verkelegheita. Leiinga jobbar for å vere «Tett- på» og er ute i undervisningsareala jamleg. I skulen er vi oppteken av at det skal vere god arbeidsro og normal arbeidsstøy i klasseromma. Me har fokus på vårt satsingsområde, TSK- tydeleg, støttande og førebudd klasseleiing, der dette hjelper oss i kvardagen til å oppretthalde ynskja arbeidsro. Elevundersøkinga dokumenterer at lærarane gjer ein god jobb her. I utviklingstida, felles og i team, på skulen har vi hatt fokus på blant anna TSK. Vi har halde fokus på dette satsingsområdet då vi ser viktigheten av å vere tydeleg klasseleiar. 3.3 Trivsel Denne indikatoren syner korleis elevane trivst på skulen. 2.1 Trivsel 06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 Brattholmen skule (1516) 4,14 3,67 3,8 4,07 4,2 3,74 - 4,42 4,43 4,42 Fjell kommune 1.-7.trinn 4,14 3,87 4,08 4,25 4,17 4,21 4,2 4,31 4,38 4,4 Hordaland 1.-7. trinn 4,13 4,1 4,13 4,21 4,23 4,22 4,24 4,31 4,35 4,36 4,23 4,25 4,3 4,32 4,34 4,36 4,4 4,41 4,41 Nasjonalt 1.4,21 7. trinn 7 3.3.1 Refleksjon og vurdering Elevane på Brattholmen melder fortsatt om god trivsel i kvardagen. Vår visjon som er Tryggleik, Trivsel og Toleranse jobbar vi med kontinuerleg. Vi har fokus på trivsel for å auka læring. Vi har TL elevar som er aktive ute i storefri fire dagar i veka. I tillegg har vi arrangement og samlingar jamleg for å skape tryggleik, trivsel og toleranse. Elevmedverknad er viktig. I år har vi starta opp med to nye tiltak for å auke elevmedverknaden: Mot Mobbing gruppa og Miljøagentar. Dei har eigne møter der dei har eigne oppgåver knytt til jobben, sjå pkt. 11. Dei vaksne er tett på elevane slik at dei opplever at dei vaksne bryr seg. Inspeksjonsplanen vår er dynamisk og folk blir plasser der det blir meldt om utfordringar. Vi jobbar kontinuerlig med å bygge opp gode relasjonar til elevane. Rektor, avdelingsleiar skule, avdelingsleiar sfo samt merkantil er synlege i skulekvardagen. 3.4 Støtte frå lærarane Indikatoren syner korleis elevane opplever støtta frå lærarane. 3.1 Støtte fra lærerne 13-14 14-15 15-16 Brattholmen skule (15-16) 4,61 4,58 4,71 Fjell kommune 1.-7.trinn 4,37 4,51 4,53 Hordaland 1.-7. trinn 4,36 4,51 4,5 Nasjonalt 1.-7. trinn 4,43 4,54 4,53 8 3.4.1 Refleksjon og vurdering At grafen peikar oppover og at elevane opplever god støtte frå læraren er vi vel nøgde med. Elevane melder at lærarane har tru på at dei kan gjere det bra på skulen, at lærarane behandlar dei med respekt og at dei får god hjelp når dei treng dette til å løyse ulike oppgåver. Skulens fokus på TSK hjelper lærarane til å drive ei betre undervisning. Å vere god på klasseleiing gir betre grunnlag til å sjå kvar einskild elev, sjå at dei lukkast. Ein lærar som opplevast som ein signifikant vaksen i elevane sin kvardag slår positivt ut på trivsel, mobbing og resultat. Forsking støttar dette og vi ynskjer å gjere meir av det som fungerer. På arbeidsplanen til lærarane står det at alle skal halde seg oppdatert på faglitteratur. Litteratur på forsking delast på leiargruppa og blir delt vidare ut på team. 3.5 Vurdering for læring I Fjell handlar vurdering for læring (VFL) om at: - Skuleleiinga arbeider systematisk med utviklinga av læringsfremmande vurdering. Arbeidet er godt forankra i kommunalt styringsdokument for Læringsleiing. - Lærarane arbeider systematisk med vurdering for læring og har felles omgrep og rutinar knytt til dette. - Elevane forstår kva dei skal lære og kva som er forventa av dei. Elevane får tilbakemeldingar som fortel om kvaliteten på arbeidet og som gir råd om korleis dei kan forbetre seg. Elevane nyttar tilbakemeldingane slik at dei utviklar seg i læringsprosessen. Elevane er involverte i eige læringsarbeid m.a. ved å vurdere eige arbeid og utvikling. 4.1 Vurdering for læring 13-14 14-15 15-16 Brattholmen skule (15-16) 4,25 4,5 4,36 Fjell kommune 1.-7.trinn 4,04 4,24 4,22 Hordaland 1.-7. trinn 4,04 4,19 4,17 Nasjonalt 1.-7. trinn 4,09 4,2 4,19 9 3.5.1 Refleksjon og vurdering Tala viser ein liten nedgang, men fortsatt er det gode tilbakemeldingar frå elevane. Vi ser at dette satsingsområdet gir mykje tilbake til elevane i høve til motivasjon og meining med læringsarbeidet. Vi har arbeidd med mål og kriterier for tema og timar. Elevane får også erfaring i eigenvurdering og kameratvurdering. Elevane skal oppleve at dei får ta del i eigen læring, då må vi vere tydeleg på å formidla dette til dei gjennom kunnskap, gode strategiar og refleksjonar saman om kva som fungerer. Nok og jamleg informasjon til heimane til kva det skal jobbast med er og ein viktig faktor. Vi har to læringsleiarlærarar som gir kompetanse til lærarane innan VfL, jamleg i utviklingstida. Rektor deltar saman med ressurspersonane på nettverka til Læringsleiing. I år, utviklingstid, har vi utvida tida noko til kompetanseheving av lærarane innan VfL. 3.6 Mestring Indikatoren syner i kva grad elevane opplever mestring. 1.3 Mestring 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 Brattholmen skule (15-16) 3,84 4,05 3,61 - 4,15 4,26 4,2 Fjell kommune 1.-7.trinn 3,88 3,96 3,85 3,81 3,95 4,08 4,01 Hordaland 1.-7. trinn 3,89 3,91 3,87 3,85 3,93 4,02 3,99 Nasjonalt 1.-7. trinn 3,92 3,93 3,9 3,9 4,02 4,09 4,08 10 3.6.1 Refleksjon og vurdering Når elevane melder frå om at dei opplever mestring har vi eit godt utgangspunkt. Lærarane er dedikerte i jobben sin knytt til elevane si læring. Dei jobbar med å tilpasse undervisninga slik at alle kan meistre på sitt nivå. Dette er vi pålagd og dette tar vi på alvor. I resultatmøta rektor gjennomfører med lærarane er refleksjon rundt det å jobbe med tilpassa undervisning viktig. Lærarane har høge forventningar til eige og elevane sitt arbeide både fagleg og sosialt. Dette fokus fortsetter vi med. 3.7 Elevdemokrati og medverknad Gjennom medarbeidarskap med andre elevar, læraren og skulen skal eleven utvikle evner og kunnskap om samarbeid og medverknad i demokratiske prosessar. 3.3 Elevdemokrati 06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 og medvirkning 13-14 14-15 15-16 Brattholmen skule (15-16) - - - - - - - 3,84 4,08 4,09 Fjell kommune 1.7.trinn - - - - - - - 3,55 3,78 3,69 Hordaland 1.7. trinn - - - - - - - 3,68 3,83 3,82 Nasjonalt 1.7. trinn - - - - - - - 3,8 3,92 3,93 11 3.7.1 Refleksjon og vurdering 2.-7.trinn har klasseråd der sakene går vidare til Elevrådet. Elevrådet har jamlege møter. I år har Elevrådet sin leiar, nestleiar og lærar hatt møte med rektor. Her er saker som er viktige for elevane på skulen blitt tatt opp. Elevane har på denne måten fått lagt fram sine synspunkt på ein ryddig og grundig måte. Dei er blitt teken på alvor. Nokre saker har dei fått gjennomslag for og nokre saker er blitt avvist. Med god grunngjeving har dette vert uproblematisk. Å lære elevane opp i dei demokratiske prosessane kan best gjerast med direkte elevmedverknad. Elevrådsleiar og nestleiar deltek i skulens SMU og SU. Elevrådet har og god kommunikasjon med FAU. Elevrådsleiar og nestleiar har delteke aktivt i bestilling frå «Trygg i Fjell» om refleksjonar kring «Trygg i Fjell- modellen». Her har dei delteke saman med leiinga på skulen og FAU leiar og nestleiar. Alle nemnde har og delteke i Intervju i regi av Samhandlingsteamet i Fjell kommune om «Barnefattigdom». Trivselsleiarane (TL)- elevane styrer aktivitetane i fire storefriminutt pr. veke og har ansvar for sin aktivitet på sitt område. Dei får opplæring og er ein viktig og god ressurs inn i skulekvardagen for mange elevar. Nytt frå skuleåret 2015-2016: MMG står for Mot Mobbing Gruppa. I starten av skuleåret fekk elevane på 5.-7.trinn mogelegheit til å nemne ein eller fleire klassekameratar dei ynskte inn i MMG, som dei stolte på ville og kunne gjere ein god jobb for å fremje eit godt psykososialt miljø på skulen. Vi vaksne gjekk gjennom lista med namn og valte ut og sikra gode kandidatar til jobben. Gruppa skal jobbe for å førebyggje, oppdage og setje i verk tiltak mot mobbing i samråd med dei vaksne som er knytt til gruppa. Det er ei open gruppe og ei hemmeleg gruppe. Den hemmelege gruppa er det kun rektor, avdelingsleiar og den vaksne som leiar gruppa veit kven er. I år er det elevar på 4.trinn som er Miljøagentar. Dette er ein jobb dei må søke på og arbeidsoppgåvene står i utlysningsteksten. Dei må grunngje kvifor dei er den rette til jobben. Dei jobbar fysisk med å halde skuleplassen i orden samt og vere positive medelevar i kvardagen, jobbe for eit godt psykososialt miljøet på skulen. 3.8 Læringskultur Læringskultur handlar om elevane si oppleving av at skulearbeidet er viktig, at det er arbeidsro, og at ein lærar av erfaringar. 3.5 Læringskultur 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 Brattholmen skule (15-16) 2,93 3,74 3,19 - 4,27 4,47 4,26 Fjell kommune 1.-7.trinn 3,35 3,32 3,15 3,03 3,8 4,21 4,08 Hordaland 1.-7. trinn 3,17 3,23 3,17 3,08 3,69 4,08 4,07 Nasjonalt 1.-7. trinn 3,25 3,27 3,27 3,28 3,85 4,17 4,16 12 3.8.1 Refleksjon og vurdering Her er det ein svak nedgang både lokalt og sentralt. Her har vi ein jobb å gjere. Elevane må forstå at dei jobbar for seg sjølv. Dei må ta og få delta i eiga undervisning på ein forståeleg måte. Målet er å arbeide godt, strukturert og målretta med kommunen og skulen sine satsingsområder, og så håpar vi på at dette vil gje utslag i elevane si oppleving av at skulearbeid og skulemiljøet er viktig. 3.9 Mobbing Indikatoren syner i kva grad elevane opplever mobbing på skulen. 2.3 Mobbing på skolen 06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 Brattholmen skule (1516) 4,69 4,15 4,56 4,34 4,67 4,13 - 4,76 4,7 4,79 Fjell kommune 1.-7.trinn 4,63 4,53 4,62 4,68 4,57 4,51 4,59 4,69 4,73 4,77 Hordaland 1.-7. trinn 4,6 4,55 4,53 4,59 4,55 4,54 4,57 4,67 4,7 4,72 4,52 4,53 4,53 4,54 4,57 4,59 4,7 4,73 4,74 Nasjonalt 1.4,55 7. trinn 13 Er du blitt mobbet på skolen de siste månedene? Ikke i det hele tatt 06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 Brattholmen 83,33 53,66 skule (15% % 16) 76,0 % 68,29 76,09 58,06 % % % - 82,42 80,39 % % 89,9 % Fjell kommune 1.-7.trinn 76,54 72,24 77,91 79,91 72,57 69,55 73,52 83,04 83,31 85,78 % % % % % % % % % % Hordaland 1.-7. trinn 74,37 71,31 72,31 74,82 73,03 72,57 73,31 80,39 81,34 83,36 % % % % % % % % % % Nasjonalt 1.-7. trinn 72,09 70,59 71,04 71,73 72,33 73,86 75,81 81,18 83,04 % % % % % % % % % 14 83,6 % Ikke i det hele tatt En sjelden gang 2 eller 3 ganger i måneden Omtrent 1 gang i uken Flere ganger i uken Snitt Er du blitt mobbet på skolen de siste månedene? Brattholmen skule (1516) Fjell kommune 1.-7.trinn Hordaland 1.-7. trinn Nasjonalt 1.-7. trinn 89 89,90% 5 5,05% - 796 85,78% 83 8,94% 24 2,59% 13 1,40% 12 1,29% 4,77 78 2,71% 48 1,67% 49 1,70% 4,72 2399 83,36% 304 10,56% - 0 0,00% - - 4,79 55130 83,60% 7371 11,18% 1622 2,46% 858 1,30% 965 1,46% 4,74 15 3.9.1 Refleksjon og vurdering Haust 2015 gjennomførde vi Elevundersøkinga på 5.-7.trinn. Det er 7.trinn som skal gjennomføre undersøkinga obligatorisk. Vi ynskjer å ta undersøkinga på 5. og 6.trinn og. Vi brukar resultata opp mot den kartlegginga vi elles har om elevgruppene. Historikken er viktig for oss slik at vi kan gripe fatt i utfordringar før elevane er gått vidare til ungdomsskulen. Vi har analysert og reflektert kring ok arbeidsro, høg trivsel, god støtte frå lærarane, Vfl, mestring og elevdemokrati/elevmedverknad opp mot for høge mobbetal. Nytt av skuleåret er gjennomføringa. Avdelingsleiar gjennomførde undersøkinga med alle gruppene. Vi ynskte å sjå om «mobbetala» gjekk ned. Vi ynskte å sikre at alle hadde same definisjon av begrepa som møtte dei i undersøkinga. Avgjerda om gjennomføring blei tatt etter refleksjonar kring nemde områder i leiargruppa. Tala fortel oss fleire ting. At vi er trygge på ei god gjennomføring, at dei melde mobbesakene vi har kartlagt og har sett inn tiltak i er registrert, og at vi har ein særs viktig jobb framføre oss i å nedkjempe mobbing på skulen. I mai/juni gjennomførde vi Zero undersøkinga på 2.-7.trinn. Resultata viser at dei aller fleste opplever ein trygg og mobbefri skulekvardag. Sjølv om undersøkingane viser at dei aller fleste opplever ein god skulekvardag er ein elev som ikkje gjer det ein elev for mykje. Vi har nulltoleranse for mobbing ved Brattholmen skule. Eit tiltak vi har satt i gang dette skuleåret er arbeidet med kvalitet på observasjon ute i friminutta. Vi har innhenta kompetanse på feltet og fått kompetanseheving i lærargruppa av Guttorm Helgøy og Ingvar Landa. Vi har utarbeida eige observasjonsskjema på Brattholmen. I tillegg nyttar vi ulike kartleggingsverktøy som Innblikk (skjult mobbing), Spekter, Spørsmål tilpassa dei minste, elevsamtalar ol. 3.10 Krenkingar Krenkingar handlar om å bli halda utanfor, bli spredt løgner om, bli truga, oppleve slag, spark eller halda fast, samt negative kommentarar på utsjånaden. 2.4 Krenkelser 13-14 14-15 15-16 Brattholmen skule (15-16) 4,63 4,69 4,69 Fjell kommune 1.-7.trinn 4,55 4,65 4,69 Hordaland 1.-7. trinn 4,52 4,61 4,64 Nasjonalt 1.-7. trinn 4,53 4,63 4,64 16 3.10.1 Refleksjon og vurdering Tala held seg stabilt og vi håpar framover at tiltaka vi har satt i verk vil vise seg i lågare mobbe -og krenking tal. Vi er ein Zero skule og jobbar aktivt etter Zero- planen, vårt verktøy for å handtera mobbing og krenkingar. Kvart år reviderer vi «Plan for det psykososiale skulemiljøet til elvane» som blir lagt ut på skulen si heimeside. Det er viktig å ha god kommunikasjon med heimen. Planen viser korleis foreldre skal gå fram for å fremja saker som handlar om mobbing eller plaging av eigne born. Fadderordning der 5.trinn er fadrar for dei nye 1.trinns elevane er eit tiltak for å hindre mobbing og krenkingar. I tillegg organiserer skulen mange felles samlingar, turar og andre typar fellesopplevingar for å auke trivselen og motverke mobbing/ krenking. 4. Analyse av samanhengar Boblekarta nedanfor visar samanhengar mellom relevante indikatorar frå elevundersøkinga. - Arbeidsro og mestring - Trivsel og motivasjon - Tilpassa opplæring og fagleg utfordring 17 4.1 Arbeidsro og mestring Boblekarta nedanfor viser samanheng mellom indikatorane arbeidsro og mestring. 18 19 4.1.1 Refleksjon og vurdering Viser til det som er reflektert kring arbeidsro og mestring: grunnlaget for å lære. Vi vil fortsette jobben med å auke den grøne bobla og fjerne den raude. 20 4.2 Trivsel og motivasjon Boblekartet nedanfor viser samanheng mellom trivsel og motivasjon. 21 22 4.2.1 Refleksjon og vurdering. Vi har auka den grøne bobla frå 63,17% til 74,26% og det er vi særs nøgd med. Vi meiner vi er på rett veg og slike tal fortel oss at vi gjer noko riktig. Det føregår mykje god jobbing ved skulen. 4.3 Støtte frå lærarane og fagleg utfordring Boblekartet nedanfor viser samanhengen mellom støtte frå lærarane og fagleg utfordring. 23 24 25 4.3.1 Refleksjon og vurdering Støtte frå lærar og fagleg utfordringar: Også her har vi auka tala frå 55,99% til 60,61%. Jfr. Sjå tidlegare refleksjonar. Vi treng å jobbe systematisk med tilpassa undervisning. Dei aller fleste elevane meiner dei får faglege utfordringar. 5. Læringsresultat 5.1 Føresetnadar 5.1.1. Foreldra sitt utdanningsnivå Foreldra sine utdanningsnivå kan i følgje Hægeland, Kirkebøen, Raaumog Salvanes (2003) forklare (20%) av variasjonane i elevane sine læringsresultat. Indikatoren nedanfor er basert på ei utrekning frå SSB. Prosenten er rekna ut med utgongspunkt i følgjande: Andel foreldre med høgare utdanning minus andel foreldre med grunnskule som høgaste utdanning. Dersom scoren er 17%, betyr dette at skulen har 17% fleire foreldre med høgare utdanning enn foreldre med grunnskule som høgaste utdanning. Foreldrenes utdanningsnivå 12-13 13-14 14-15 Brattholmen skule (15-16) 28 30 28 Fjell kommune (15-16) 12,5 16,8 14,8 Hordaland (15-16) 19,6 20,7 21,2 Nasjonalt (15-16) 17,5 18,5 19,2 26 5.1.2 Refleksjon og vurdering Vi har ei foreldregruppe som engasjerer seg i skulekvardagen til barna sine. FAU har vert ein god støttespelar for skulen dette skuleåret. Dei stiller krav til kvalitet og i dialog finn vi løysingar på utfordringar. Vi opplever at foreldregruppa er sterk og pro skule. 5.2 Lesing og norsk I Fjell handlar lesing om at: - Leiinga og lærarane har god kunnskap om lesing som grunnleggande dugleik. Alle lærarar, uansett fag, tek ansvar for leseutviklinga til elevane. - På småtrinnet jobbar skulen med grunnleggande avkoding og forståing av enkle tekstar. Skulen nyttar leselærar på 1. og 2. trinn som tidleg innsats. Leselæraren blir nytta til å rettleie i lesing. Leiinga er oppdatert på leseutviklinga til elevane på desse trinna. - På mellomtrinn og ungdomstrinn jobbar skulen systematisk med elevane si evne til å finne informasjon, tolke og reflektere. Elevane nyttar ulike typar lesestrategiar. - Skulen nyttar SOL* (Systematisk Observasjon av Lesing) som verktøy i undervegsvurderinga. Soling av elevar skjer systematisk og kontinuerleg gjennom skuleåret. 27 * Fjell Ungdomsskule nyttar eit anna system for lesing, "Lesing i alle fag." 5.2.1 Kartleggingsprøvar i lesing Her kan ein sjå del av elevar som er på eller under bekymringsgrensa. Lesing 1. trinn Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Brattholmen skule Fjell kommune 1.(15-16) 7.trinn Hordaland 1.-7. trinn Nasjonalt 1.-7. trinn Å lese ord 13,6% 13,9% 14,3% 16,0% Å lese er å forstå 13,6% 17,0% 15,9% 17,3% Å lese ord 0,0% 31,2% 20,2% 19,4% Å lese er å forstå del 1+2 6,3% 24,6% 15,7% 18,8% Å lese ord 10,8% 26,1% 21,0% 22,0% Å lese er å forstå del 1+2 16,2% 21,4% 15,0% 16,0% Lesing 2. trinn Lesing 3. trinn 5.2.2 Nasjonale prøvar i lesing Her kan ein sjå resultat frå nasjonale prøvar i lesing. Mestringsnivå Mestringsnivå Mestringsnivå 1 2 3 Utvalg Snitt Poeng Nasjonale Brattholmen skule prøver 5. trinn, (15-16) Lesing 9,4% 62,5% 28,1% 51,7 Nasjonale Fjell kommune 1.prøver 5. trinn, 7.trinn Lesing 30,5% 51,7% 17,8% 47,8 Hordaland 1.-7. trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Lesing 25,3% 49,6% 25,1% 49,6 Nasjonalt 1.-7. trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Lesing 24,1% 49,8% 26,1% 49,9 28 5.2.3. Refleksjon og vurdering Vi er nøgd med resultata på dei nasjonale prøvane og i kartleggings prøvane. Vi bruker desse resultata opp mot arbeidet vi gjer dagleg på skulen og heime samt med leselærar knytt til dei minste (1.trinn og 2.trinn). Resultatmøter er blitt halden. Fokus framover blir at vi skal ha meir trøkk på lesing i alle fag. Jobbe systematisk med læringsleiing og innføre mykje mengdelesing. Nasjonale prøvar: Vi jobbar målretta for å flytte lesarar på nivå 1 opp og auke nivå tre gruppa. Gruppe 2 har gått ned frå 66.7% til 62,5% som var vårt mål for dette skuleåret, men vi har ein veg å gå. 5.3 Rekning og matematikk Kartleggingsprøvar i rekning Her kan ein sjå del av elevar som er på eller under bekymringsgrensa. Kartleggingsprøve Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Brattholmen skule Fjell kommune 1.(15-16) 7.trinn Hordaland 1.-7. trinn Nasjonalt 1.-7. trinn Regning, 1. trinn 19,0% 29,9% 20,2% 23,2% Regning, 2. trinn 3,1% 31,8% 19,6% 21,9% Regning, 3. trinn 21,6% 23,3% 17,6% 19% 5.3.1 Nasjonale prøvar i rekning Her kan ein sjå resultata frå nasjonale prøvar i rekning. Mestringsnivå Mestringsnivå Mestringsnivå 1 2 3 Utvalg Snitt Poeng Nasjonale Brattholmen skule prøver 5. trinn, (15-16) Regning 3,1% 62,5% 34,4% 53,2 Nasjonale Fjell kommune 1.prøver 5. trinn, 7.trinn Regning 34,9% 48,4% 16,6% 46,8 Hordaland 1.-7. trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Regning 24,1% 52,6% 23,3% 49,6 Nasjonalt 1.-7. trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Regning 23,3% 51,4% 25,4% 50,1 29 5.3.2 Refleksjon og vurdering I år er vi særs nøgd med resultata frå dei nasjonale prøvane. 5.trinn har hatt to lærarar som har god kompetanse og interesse for matematikkfaget. Dette skuleåret har vi fått ein lærar inn på vidareutdanning i matematikk. Vi ser at lesing som grunnleggjande ferdighet er avgjerande for at dei eldre elevane skal halde motivasjon og forståing opp i matematikkfaget. Det er viktig å vere ein god lesar. Matematiske samtalar og å kunne reflektere saman om aktuelle problemstillingar må det lagast rom for. Vi jobbar målretta for å flytte elevar på nivå 1 opp og auke nivå tre gruppa. 5.4. Engelsk 5.4.1 Nasjonale prøvar i engelsk Her kan ein sjå resultata frå nasjonale prøvar i engelsk. Mestringsnivå Mestringsnivå Mestringsnivå 1 2 3 Utvalg Snitt Poeng Nasjonale Brattholmen skule prøver 5. trinn, (15-16) Engelsk 28,1% 56,3% 15,6% 48,7 Nasjonale Fjell kommune 1.prøver 5. trinn, 7.trinn Engelsk 36,3% 48,4% 15,2% 46,9 Hordaland 1.-7. trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Engelsk 26,9% 50,6% 22,5% 49,2 Nasjonalt 1.-7. trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Engelsk 24,8% 51,3% 23,9% 49,9 30 5.4.2 Refleksjon og vurdering Vi er ikkje nøgd med resultata på dei nasjonale prøvane. Resultatmøter er blitt halden. Fokus framover blir at vi skal ha meir trøkk på grunnleggjande ferdigheiter. Jobbe systematisk med læringsleiing. Vi jobbar målretta for å flytte lesarar på nivå 1 opp og auke nivå tre gruppa. 6. Undervisning og læring 6.1. Reflekter samanfatta omkring undervisning og læring på eigen skule: Det føregår mykje god undervisning og læring ved skulen. Vi held fast med satsingsområda vi hadde i fjor og ser på dette som viktig for å kunne sjå endring til det betre. Lærarane er trygg på å spørje om hjelp når dei treng råd eller støyter på utfordringar i kvardagen. Vi er nøgde med resultata frå dei nasjonale prøvane og kartleggingsprøvane som er gjennomført i år. Det er sammensatte grunnar til resultata. Vi har analysert dei i resultatmøta. Den viktigaste jobben er å bruke resultata saman med anna kunnskap om elevgruppa og sjå på mogelegheitene vi har til å tilpasse undervisninga til det beste for elevane. Når elevane melder om stor trivsel på skulen, og vi veit kor viktig det er for læring, skal vi utnytte dette til det beste for å auke læringa for kvar einskild elev. Undervisningsåret er godt planlagt og gjennomført. 31 7. Fysisk miljø og læremiddel 7.1. Reflekter omkring fysisk miljø og læremiddel ved eigen skule Skulen er ny- rehabilitert i 2012 og undervisningslokala er gode, store og egna for undervisning. Skulen har og eit stort og godt uteareal. Vi er gode på å bruke nærmiljøet og andre læringsarenaer utan for skulens område. Rammene er der for å kunne drive god og inspirerande undervisning. Vi har fagbøker, konkretar og mykje undervisningsmateriell til bruk for å kunne tilpasse undervisninga. Leiinga og fagressurspersonar supplerer og held oss fagleg oppdatert kontinuerleg. IKT- maskinparken blir gjennomgått og oppdatert jamleg. IKT avdelinga er hjelpsam og raske tiul å bidra til at utfordringane vi har blir løyst opp i fort. I år har vi fått nye projektorar i fire klasserom. Målet: å bruke våre digitale læremiddel som ein naturleg del av undervisningsdagen. Utstyret må vere i god stand. 8. Timeressursar og organisering 8.1. Reflekter omkring timeressursar og organisering ved eigen skule: Vi har språkdeling og 13 klassar. Gjennomsnittselevtal har vert 18 dette skuleåret. Talet pr. gruppe har variert frå 10 til 24. Eit av dei viktigaste pedagogiske verktøyet vi har er timeplanen. Her er det viktige rammer og mykje god læring som skal på plass for elevane. Leiinga fordeler tildelte ressursar og legg timeplanane. Lærarane får tid av utviklingstida til å detaljplanlegge sin læringskvardag. Lærarane må samarbeide for å kunne utnytte timane til det beste for kvar elev. Vi opplever at lærarane og assistentane i skulen har gode rutinar på å tilpasse seg kvarandre og melde frå og dele på ressursane man ser kan omplasserast. 9. Skule / heim 9.1. Reflekter over skule / heim - samarbeidet ved eigen skule: FAU har organisert seg på ein annan måte i år. Dei har gått frå 14 til 7 representantar som møter fast første onsdag i månaden, sjå referat lagt på skulen si heimeside. Eg har som rektor innførd og fortsatt med rektor sitt kvartert. Det varar ofte i tre kvarter, men til no har det blitt godt mottatt. Skulen opplever at FAU er ein god og solid samarbeidspartnar. FAU leiar har rektor tett kontakt med. Vi har ein god dialog og dette er eit gode for elevane ved skulen. FAU bidreg til å oppretthalde eit godt psykososialt miljø i og utanom skuletid. Skule- heim samarbeidet fungerer godt. Lærarane melder om gode tilbakemeldingar etter foreldremøter og utviklingssamtalar med føresette. Det forpliktande samarbeidet mellom skule og heim jobbar vi med kontinuerlig. 32 10. SFO 10.1. Vurdering og refleksjon: Det har vert stabilt elevtal på Sfo dette skuleåret. Nokre har flytta undervegs og nokre har komen til. Verksemdplanen: I Aktivitetsplan er det dei fire hovudområder/tema, fri leik- fysisk aktivitet/kostvanar- friluftsliv- formingsaktivitetar, det blir jobba etter. Vi har gode og stabile tilhøve i ordninga. Stort barnetal på over 100 viser at foreldra har tillit til ordninga og at kvaliteten er bra. Føresette til ein del born som er i SFO- alder vel IFO og FFO i idrettsparken i sfo- tid. Dette sfo- året har det blitt jobba med bevisstgjering og kompetanseheving av vaksenrolla: Trygg i Fjell, LØFT, Zippy- som arbeidsreiskap. 11. Konklusjon 11.1. Reflekter omkring: - Sterke sider og utfordringar ved eigen skule - Korleis de jobbar med og skal utvikla vidare dei kommunale satsingsområda LÆRINGSLEIING 1) Vurdering for læring 2) Læringsmiljø 3) Grunnleggjande ferdigheiter I haust gjennomførde vi Udir sin «Lærerundersøkelsen». Den viser eit lærarkollegie som er reflektert kring sin eigen praksis med elevane. Den viser det vi er gode på og ser samstundes kva vi kan bli betre på, både i eige arbeid med elevane og samarbeidet internt med kollegar og leiinga. Leiinga ynskje å vere «Tettare-på» personalet og elevane. Dette for å skape gode relasjonar og sjå dei i kvardagen. Leiargruppa ved skulen består av to teamleiarar, sfo –leiar, tillitsvalt utdanningsforbundet, avdelingsleiar og rektor. I dette fora planlegg vi saman de pedagogiske satsinga vi skal jobbe med systematisk i utviklingstida etter føringane frå skulesjefen. Vi jobbar for å famne alle slik at det blir kvalitet og samanheng i utviklingstida. Praktiske oppgåver blir i hovudsak formidla pre post og på vårt morgonmøte som vi held kvar fredag morgon. Vi skal fortsette å ha stort fokus på pedagogisk leiing. Ny forsking og aktuell litteratur skal vi oppdatere oss på. Dette har alle fått oppførd i Arbeidsavtalen sin. Satsinga rundt Læringsleiing (LL) vil vidareførast. Vi har to ressurspersonar på skulen i LL som jamleg deler både teori og praksis med oss andre på skulen. Dette skuleåret har ein av lærarane 33 vert frikjøpt 10 % for å sitje i den kommunale LL- ressursgruppa. Vi har rusta opp og organisere biblioteket på ein annan måte samt fått meir fokus på lesing. Resultat er at biblioteket er blitt tatt meir i bruk og at det er eit rom som eignar seg til undervisning. Offisiell opning skjer til hausten 2016 med forfattarbesøk. IKT- kompetansen skal det jobbast aktivt med i skulekvardagen: Få både elevar og lærarar til å bruke dei digitale hjelpemidla som allereie ligg der, klar til bruk. Vi har rusta opp dataromma våre med faste strømkjelder. Dataparken blir jamleg oppdatert med god hjelp frå IKT avdelinga. Neste skuleår skal 6.trinn gå inn i kommunen si satsing og bli eit digitalt trinn. Med desse måla håpar vi å betre resultata på dei nasjonale prøvane og nasjonale kartleggingsprøvane. Samt at det gjer positivt utslag på det psykososiale miljøet ved skulen. FAU og skule har eit godt samarbeid som vi vil fortsetje med. Dette året har dei arrangert to temakveldar: Trygg i Fjell og «Barnevakten» med stort hell. Dei ynskjer med støtte frå skulen å arrangera fleire temakveldar. Innan HMS har vi jobba for å finne møtepunkt for heile personalet. Dette er utfordrande å få til med tanke på arbeidstid og stillingsprosent hos våre pedagogiske medarbeidarar. Vi skal ha kvalitet og aktuelle tema i møta. Vi har jobba med beredskapsplan då spesielt knytt til brann. Dialog på kryss av arbeidsgrupper er blitt gjennomførd. I januar arrangerte vi personaltur til Gdansk. Her jobba vi vidare med arbeid knytt til dialog og HMS- arbeid generelt. Vi var 44 som reiste. Helsesøster deltok. Dette skuleåret har vi fått to besøk: 23.februar besøkte Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og varaordførar Tom Georg Indrevik skulen. 26.februar fekk vi besøk av skulesjef Wilhelm Anglevik og leiar i KDF Ernst Einarsen og nestleiar Eva Vik. Dei var oppdatert på Brattholmen skule sine data. Dei hadde sete seg god inn i kva som er forventa av skulen både frå skulesjef, politikarar, nærmiljøet og føresette knytt opp mot pålagde arbeidsoppgåver, planar og lover. Det var godt å få vist seg fram og at dei som bestemmer viser interesse for det gode arbeidet som skjer rundt omkring i Fjellskulen. Det er viktig at leiinga blir sett og dette vart gode og konstruktive møter. Vi vil «blæste» for at Brattholmen skule er ein god skule å jobbe på, ha barna sine på og å vere elev ved. 34
© Copyright 2024