Veke 25

Veke 25
Sinnes Skule, 2.trinn
1.
2.
3.
4.
5.
6.
Måndag
Oppstart
Tysdag
Norsk
Bibliotek
Matte
Utematte
RLE
Symjing
Engelsk
Kroppsøving
Film
Musikk
Onsdag
Rydda og
vaska
klasserom
Kosetime
Mat & helse
Mat & helse
2014/2015
Torsdag
Fredag
Skulegudsteneste
Grilling, leik og
fotballkamp på
Tjørhom!
Informasjon til heimen:
2.klasse er over og det er tid for SOMMARFERIE ☺ No er me klar heile
gjengen for nokre veker med fri! Det har vore eit kjekt år, og eg er glad for
at eg får ha denne flotte gjengen til neste år òg!
Denne veka vil det bli litt rydding og kos i tillegg
til litt skule. På måndag vil dei elevane som har
lese 10 bøker eller meir i Lesepasset sitt få eit
armband. Oppfordrar med det same alle
føresette til å passa på at elevane ikkje gløymer
å lesa i sommarferien. Dei treng både
lesetrening og ikkje minst å bli lesne for!
ONSDAG er rydde og vaskedag i klasserommet. Elevane
tek med seg heim alt av bøker og klede som dei har
liggande på skulen. Fint om dokker sender med dei
ein ekstra pose i sekken. Etter rydding tek me ein
kosetime. Elevane kan få lov å ta med seg snop for 30kr i tillegg til ei flaske
brus/saft/vatn.
TORSDAG er siste skuledag og då treng dei ikkje ta med
skulesekken. Det blir gudsteneste på Kvæven og så
natursti, fotballkamp og grilling på Tjørhom. Her må
elevane ha med tursekk med grillmat, drikke og klede til
vêret. Er det nokon foreldre som har lyst til å koma, er
dei hjarteleg velkomne!
Ein liten historie som elevane har skrive og dikta heilt sjølv.
Bamsane
Det var ein gong 6 små og store bamsar, ein ulv,
tre hundar, ein delefin og ein storbjørn. Ale var
vener. no var det leike time. Kva skal vi leike?
sa Hugo. Kose sa, vi kan leike bamsetiken! Ja!
Sa dei andre bamsene. Kven vil ha den? Eg
vil ha han sa ulven. no leikar vi. du har han.
Så sa Bela, kva skal vi leike no då? jømsel sa
delefinen. eller ein konkoranser. vilken
konkoranse då ? sa bjørnen. ein svøme konkoranse sa
ulven. nei delefinen komar til å vine sa dei andre.
men ka skal me jere då? Seier ulven. Me
kan gå ut, seier kose. Dei går ut. Skal me
gå på trampolinedissa, sa delfinen. Ja, sa
alle. me skal lage dødnings fart, sa kose og
ulven sprang Skjempe fort til trampolinedissa. han kom
først til trampolinedissa. snip snap snute so var
eventyra ute.