Stokkalandsmarka barnehage Kontoradresse: Stokkalandsbakken 2, 4362 Vigrestad Postadresse: Stokkalandsbakken 2, 4362 Vigrestad Telefon: 51 43 56 40 Org nr: 964 969 590 ÅRSPLAN 2016 - 2017 Alle barnehagar skal ha ein årsplan og rammeplanen seier kva årsplanen skal innehalda. Årsplanen har fleire funksjonar. Den skal blant anna vera: - eit arbeidsreiskap for personalet for å styra i ei bevisst og uttalt retning - eit utgangspunkt for foreldra/føresette sin mogligheit til å kunna påverka innhaldet i barnehagen - eit grunnlag for kommunen sitt tilsyn med barnehagen - ein informasjon kjelde om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til eigar, politikarar, kommunen og samarbeidspartar VISJON FOR KOMMUNEN Me løfter i lag VISJON FOR BARNEHAGEN Alle sansar på, vi skal læra nå Verdiane open, driftig og stolt Kva betyr det i kvardagen? Det betyr mellom anna; at vi møter brukarane med ope sinn, og vi er stolte over arbeidet vårt. Vi ser moglegheitar og hjelper kvarandre. Kva betyr det i kvardagen? Å læra betyr å erfara. Barnehagen har varierte aktivitetar som gjer at barna brukar sansane sjå, høyra, føla , smaka, lukte, vestibulær og kinestetisk. 2 BARNESYN Kvart barn er unikt Det betyr at dei vaksne må: - Behandla barn forskjellig og med respekt - Møta kvart barn med opent sinn, - Sjå det positive med kvart barn Alle barn er kompetente Det betyr at dei vaksne må: - Gje barna meistringkjensle - La barna få bidra i kvardagen - Dei vaksne rettleiar barna (men må og setja grenser) - Ikkje undervurdera barna - Undra seg i lag med barna Alle barn er sosiale Det betyr at vaksne må: - Leggja til rette for leik - Inkludera barn i leik - Leggja til rette for samspel med barn i ulike aldersgruppe BARNEHAGEN SINE SATSINGSOMRÅDER Relasjonar og venskap Barna skal oppleva glede og trivsel saman med andre barn i kvardagsaktiviteter, leik og læring i barnehagen. Barnehagebarn er sosiale aktørar som sjølv medverkar til eiga og andre si læring og trivsel. Dei vaksne har ei viktig rolle her, dei må observera og på ein taktfull måte bekrefta og anerkjenna barna i den sosiale læringa. Vi kan ikkje vedta at alle barn skal ha vener i barnehagen, men vi kan arbeida for at alle opplever kva det vi seia å ha vener, kva det vil seia å vera ein ven og korleis vi opptrer overfor vener. 3 Stokkalandsmarka barnehage “Være sammen“ “Være sammen“ er eit kompetanselyft for tidleg innsats og endringsarbeid i barnehagen som alle i personalgruppa skal arbeida med komande år. Målet med opplegget er å gje personalet verktøy til å vera varme og grensesetjande vaksne (autoritativ vaksenstil), gjer dei merksame på måten ein opptrer på og korleis dei vaksne sin væremåte kan påverka barna si utvikling. KOMMUNEN SITT SATSINGSOMRÅDE Godt språkmiljø for alle barn I Kvalitetsplanen til kommunen for 2016-2019 står det: - Personalet har kompetanse på ikkje-verbal kommunikasjon i møte med dei yngste barna. - Personalet har kompetanse på at samspel og inkludering i leik har stor betyding for språkutvikling - Alle barn får samhandla og snakke med vaksne og barn gjennom heile barnehagekvardagen. Korleis dei ulike gruppene til ei kvar tid arbeider, vil koma fram på månadskriva. OMSORG “God omsorg styrkjer føre-setnadene for å utvikle tillit til seg sjølv og andre, gode relasjonar og til gradvis å ta større ansvar for seg sjølv og fellesskapen“ (Rammeplan for barnehage s.31). Barna i Stokkalandsmarka barnehage skal få god omsorg, og skal oppleva omsorg kvar dag. God omsorg vert gitt når barna kjenner seg trygge, og har nokon dei kan stola på. Kos, stell, trøyst samt at det enkelte barn vert sett er ein føresetnad for at personalet skal møta barna på ein omsorgsfull måte. Dette krev eit ansvarsbevisst personale som stadig er nærværande og engasjerte i det einskilde barn si trivsel og utvikling. Barnehagen skal tilby barna eit godt miljø prega av humor, kreativitet og omtanke for fellesskapet. Det ligg mykje omsorg i og gje barn varierte utfordringar og rom for meiningsfylte aktivitetar. Å gje barn moglegheit til å gje og ta imot omsorg, er eit viktig grunnlag for utvikling av sosial kompetanse og er med på å bidra til ei livslang læring. Kontoradresse: Stokkalandsbakken 2, 4362 Vigrestad Postadresse: Stokkalandsbakken 2, 4362 Vigrestad Telefon: 51 43 56 40 Org nr: 964 969 590 LÆRING Læring skjer i det daglege samspelet med andre menneske og miljøet og heng nært saman med leik, omsorg og danning (Rammeplan for barnehage s. 33). Det er 2 typar læring: - formell læring, der dei vaksne tek opp og formidlar kunnskap - uformell læring, som skjer i dei daglege situasjonane. Barn oppsøkjer situasjonar der dei lærer, spør om kunnskap og eksperimenterer. Barna lærer og ved at vi vaksne undrar oss saman med dei. Personalet i barnehagen skal veta om barn si læring og måtar vi opptrer på som rollemodellar. Det er og dei vaksne sitt ansvar og variera mellom støtte og utfordring i barna si læring som Vygotsky beskriv som «støttande stilas». LEIK “Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen“ (Rammeplan for barnehage s. 32). Leik og uteaktivitet er ein viktig del av barnekulturen. Barna skal få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nærmiljøet. Barnehagen sitt innhald bør inspirera til fantasi, skaparglede og livsutfolding. Personalet må vera tilgjengeleg for barna ved å støtta, inspirera og oppmuntra barna i deira leik. Dette kan danne grunnlag for å sikra at alle barn får gode erfaringar og opplevingar av å meistre samspelet med andre barn i leik. Det er viktig å sjå moglegheitene for å vidareutvikla leiken som barna tek initiativ til. Dei vaksne må leggje til rette for at barna kan leike med kvarandre og vera i fysisk aktivitet, både inne og ute. Barn leiker fordi dei liker å leike. Leiken er universell og har vore alltid. Leiken er eit mål i seg sjølv. Barn lærar gjennom alt dei leiker, og dei har ein leikande tilnærming til læring. Leiken har stor plass i barna sine liv. Det er difor viktig at det vert lagt til rette for variert leik for alle barn i barnehagen. Leiken kjenneteikar ved at den er frivillig og lystvekkjande. DANNING “Danning er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og veremåtar“ (Rammeplan for barnehage s. 15). 5 Målet for danning er at barna skal verta trygge på seg sjølv. Barna skal oppmuntrast til å ta eigne val og få hjelp til å forstå konsekvensane av eigne handlingar. Danning er ein prosess der dei vaksne både leiar og rettleiar barne. Dei vaksne skal rettleia barna i møte med krav og forventningar som samfunnet set. Det krev vaksne som samtalar og samspelar med barna og som hjelpar dei til å forstå og utøva refleksjon. SOSIAL KOMPETANSE Sosial kompetanse handlar om å kunne samhandla positivt med andre i ulike situasjonar. Barn uttrykkjer og tileignar seg denne kompetansen i samspel med kvarandre og med vaksne. Sosial kompetanse blir utvikla kontinuerleg gjennom handlingar og opplevingar (Rammeplan for barnehage s. 34). Barnehagen skal gje rom for samhandlingar der barna får oppleva eigenverd og meistring, leik med barn på same alder og høyra til i eit positivt fellesskap. Barnhagekvardagen bør vere prega av gode kjenslemessige opplevingar. Glede, humor og estetiske opplevingar må væra kjenneteikn på korleis barna har det i barnehagen (Rammeplan for barnehage s. 34). Tema det vert jobba med er venta på tur, samarbeid, tilhøyra ei gruppe, empati mm. BARN SI MEDVERKNAD “Barn i barnehagen har rett til å gje uttrykk for sitt syn på barnehagen si daglege verksemd. Barn skal jamleg få moglegheit til aktiv deltaking i planlegging og vurdering av barnehagen si verksemd“ (Rammeplan for barnehage s. 17). Kor omfattande medverknaden vil væra, avheng av barna sin alder, funksjonsnivå, kjønn, sosial, etnisk og kulturell bakgrunn. Kor mykje og i kva slags grad barn skal få medverke vil være avhengig av barnet sin alder og kva for føresetnad det har. Med det meinas at eit barn på 5 år forstår mykje meir og kan sjå konsekvensane av enkle val i motsetning til en 1 åring. Barn si rett til medverknad kan ikkje skje ut ifrå eit matematisk rettferdstenking, men ut frå det enkelte barnet sitt ståsted. Dei vaksne må sjå, høyra og forstå barna. Kommunikasjon er viktig i denne prosessen! Dei vaksne må væra sensitive på kva barn formidlar, ikkje berre det dei uttrykkjer verbalt. Personalet må høyre og tolke kroppsspråket samt væra observante til handlingane, det estetiske uttrykket og etterkvart det verbale språket. Barna må oppmuntrast aktivt 6 og gje uttrykk for sine tankar og meiningar og verta møtt med anerkjenning for sine uttrykk. Dei yngste barna formidlar synspunkta sine med kroppshaldning, mimikk og andre kjensleuttrykk. Barna skal møta ein anerkjennande væremåte når dei gjer uttrykk for opplevingar og kjensler. Dette krev bevisste vaksne som leiter, finn og fangar barn sine interesser og meiningar for å leggje best mogleg til rette for medverknad. DOKUMENTASJON OG VURDERING “Dokumentasjon frå barnehagen kan gi foreldra, lokalmiljøet og kommunen som barnehagestyresmakt informasjon om kva barn opplever, lærer og gjer i barnehagen“ (Rammeplan for barnehage s. 55). Vi kjem difor til å dokumentera gjennom oppslag og felles bilete, kort resymé av dagen og ”utstillingar” på dei ulike avd. Hå kommune nyttar ikkje lenger læringsbok i barnehagane. Men, vi ynskjer at barna skal få med seg ei «minnebok» frå tida i barnehage. Vi vil difor samla bilete frå tida her og dette vil barna få med seg i eit hefte når dei sluttar i barnehagen. Personalet evaluerer arbeidet sitt både dagleg og i etterkant av tema. Vurdering er knyta opp mot det enkelte barn og barnegruppa. Alle barnehagar i kommunen skal i løpet av hausten 2017 ta i bruk «Ståstedsanalysen» som eit reiskap for å vurdera eigen praksis i barnehagen. PROGRESJON “Arbeidet med fagområda må tilpassast alderen og interessene til barna, gruppesamansetjinga og ander føresetnadar. Alle skal få like høve til å møta utfordringar som svarar til utviklingsnivået dei er på“ (Rammeplan for barnehage s. 39). Gjennom tida i barnehagen skal barna få varierte erfaringar og opplevingar. Planlegging og gjennomføring skal ta omsyn til barna si alder og modning. Nokre gonger har barna aktivitetar i lag, medan andre gonger deler vi dei i grupper ut frå interesser og/eller alder. Vi arbeider ut frå flytsone modellen, dvs. og finna balansen mellom det ein kan og nye utfordringar som ein kan meistra. FORELDRESAMARBEID “Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremma læring og danning som 7 grunnlag for allsidig utvikling (Barnehageloven §1 Formål) (Rammeplan for barnehage s. 18). Vi legg vekt på å ha tid til dagleg kontakt med foreldre/føresette når barna vert levert og henta. I tillegg skal alle foreldre ha to samtalar med ped.leiar i løpet av året. Har ein behov for meir, kan ein be om det. Det vert og arrangert felles foreldremøte inntil to gonger pr. år. MANGFALD Vi har barn frå forskjellege land med forskjelleg morsmål, tradisjon og religion i barnehagen. Personalet har oversikt over kva land barna kjem frå. Personalet er ansvarleg for å formidla ulike sider av kulturen til kvart barn til dømes mat, klede, nasjonaldag o.l. Felles forståing og respekt for kvarandre sine likheiter og ulikheiter bidreg til å auke forståinga og styrke fellesskapet i barnehagen. Korleis vi markerer dei forskjellige land sin nasjonaldagar vert avklart med foreldra. PRAKSISBARNEHAGE Stokkalandsmarka barnehage er praksisbarnehage for barnehagelærar- utdanninga ved Universitetet i Stavanger. Det vil seia at vi får barnehagelærarstudentar gjennom heile året i ulikt tal veker. Pedagogisk leiar er ansvarlege for studentane i perioden dei er på avd. I år er det Torhild Skårland, Bjørg-Anita Hobberstad, Lisbeth Haugen og Svein M. W. Særheim som tek imot studentar. Det vert oppslag i garderoben før student kjem. PROSJEKTARBEID Vi meiner at alle lærer mest av det dei er opptekne av. Noko må vi læra og andre ting har vi lyst til å læra meir om. Difor vil alle gruppene i løpet av året ha eit eller fleire prosjekt, dvs. tema som tek utgangspunkt i barna sine interesser. Kva det kan verta og kor lenge det kan vara, veit vi ikkje ennå. Lengda på prosjektet kan og vera avgjerande for dei vaksne 8 sitt engasjement, er dei flinke til å tilføra prosjektet nye vinklingar og spørsmål. OVERGANG BARNEHAGE - SKULE Overordna planar seier at vi det skal vera samarbeid mellom barnehagen og skulen der barna skal begynna. I Hå er det laga ein plan for overgang barnehage-skule. Planen seier noko om arbeidet som skal gjerast i barnehagen. Det skal mellom anna arbeidast med sosial kompetanse og språk. Vidare seier planen at det skal vera minimum 4 besøk på skulen i løpet av våren. Også i år har vi barn som skal begynna på både Ogna og Vigrestad. Foreldra, skulen og barnehagen har ein samtale på våren «Saman om god oppvekst» for å utveksla erfaringar og forventningar før skulestart. 9 Årshjulet 2016/2017 MÅNAD August FORELDRE INFO Planleggingsdag måndag 15.08 Fyrstegong samtale med nye foreldre Levering av haustferie-lapp fredag 16.09 September Foreldremøte onsdag 14.09 kl. 19.30 Foreldresamtalar før veke 41 Oktober November Desember Januar Haustferie på skulen veke 41 Planleggingsdag fredag 18.11 Levering av juleferie lapp fredag 11.11 Ta med juleposen siste dag før jul Planleggingsdag måndag 02.01 Fyrste dag etter nyttår tysdag 03.01 Levering av vinterferie lapp fredag 27.01 FELLES AKTIVITETER Fellessamling Fellessamling Fellessamling Nissefest Luciadagen Fellessamling om juleevangeliet Fellessamling Februar Vinterferie på skulen veke 9 Pysjamasfest Fellessamling Mars Søknadsfrist hovudopptak til barnehageplass 01.03 Frist for endring av barnehageplass 01.03 Levering av påskeferielapp fredag 03.03 Barnehagedagen Fellessamling April Mai Juni Levering av sommarferie-lapp fredag 07.04 Foreldresamtalar før veke 15 Påskeferie veke 15. Barnehagen open måndag og tysdag. Onsdag fram til 12.00 Planleggingsdag tysdag 18.04 Barnehagen er stengt 01.05 Onsdag 17.05 Noreg sin nasjonaldag. Barnehagen stengt Torsdag 25.05 Kristi himmelfartsdag. Barnehagen er stengt Planleggingsdag fredag 26.05 Sving-innom-dagen for nye foreldre Måndag 05.06 2. pinsedag Sommaravslutting regi FAU 10 Foreldrefrukost Fellessamling om påskebodskapet Fellessamling Fellessamling
© Copyright 2024