Ergo Group - Seljord kommune

Seljord kommune
Møteprotokoll
Utval:
Møtestad:
Møtedato:
Møtetid:
Formannskap/økonomiutval
Kommunestyresalen, Kommunehuset
22.09.2016
09:00 – 13:00
Fylgjande faste medlemmer var til stades:
Navn
Funksjon
Halfdan Haugan
Ordførar
Jon Svartdal
Varaordførar
Gunnar Eilefstjønn
Medlem
Henry Mæland
Medlem
Beate Marie Dahl Eide
Medlem
Margit E. Karlsen-Rinde
Medlem
Representerer
AP
H
H
SP
SP
V
Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall:
Navn
Funksjon
Hanne Nordgaard
MEDL
Representerer
AP
Fylgjande varamedlemmer møtte:
Navn
Møtte for
Eivind Skogheim
Hanne Nordgaard
Til stades frå administrasjonen:
Navn
Stilling
Kari Gro Espeland
Rådmann
Rolf Henning Jensen
Kommunalsjef
Frid Berge
Kommunalsjef
Protokollunderskrifter:
Halfdan Haugan
Henry Mæland
Representerer
AP
Saksliste
Utvalssaksnr
Innhald
Saker til handsaming
PS 81/16
Flatdal Idrettslag - søknad om støtte for opprensk i Flatdøla ved
Badedammen
PS 82/16
Anne Gro Lønnestad - søknad om støtte til forprosjekt "Den
økologiske hagen i Seljord"
PS 83/16
Regional planstrategi for Telemark fylkeskommune høyringsuttale frå Seljord kommune.
PS 84/16
Oppstart forhandling om grunnerverv i tråd med reguleringsplan
for areal ved Nesbukti.
PS 85/16
Ny periode for snøscooterløyve - Høyring på nye retningslinjer
for motorferdsel i utmark og på islagde vassdrag
PS 86/16
Førespurnad om kommunalt bidrag til opparbeiding av privat
stikkledning til næringstomt.
Lukka
Saker til handsaming
PS 81/16 Flatdal Idrettslag - søknad om støtte for opprensk i Flatdøla ved
Badedammen
Rådmannen si tilråding:
Rådmannen rår Formannskapet å gjere følgjande vedtak;
Ei eventuell støtte til Flatdal idrettslag for opprydding ved Badedammen etter flaumane hausten
2015 på inntil 85.000,- blir handsamma saman med Budsjett 2017.
Handsaming i Formannskap/økonomiutval - 22.09.2016
Framlegg frå AP og H v/Halfdan Haugan
Det vert gjeve kr 85 000 i støtte til Flatdal idrettslag for opprydding ved Badedammen
etter flaumane hausten. Løyvinga vert gjeve ved bruk av tilleggsløyvingar.
Framlegget frå AP og H vart samrøystes vedteke.
Vedtak i Formannskap/økonomiutval - 22.09.2016
Det vert gjeve kr 85 000 i støtte til Flatdal idrettslag for opprydding ved Badedammen
etter flaumane hausten. Løyvinga vert gjeve ved bruk av tilleggsløyvingar.
PS 82/16 Anne Gro Lønnestad - søknad om støtte til forprosjekt "Den økologiske
hagen i Seljord"
Rådmannen si tilråding:
Rådmannen rår Formannskapet gjere følgjande vedtak;
Seljord kommune løyver Anne Gro Lønnestad kr 10.000,- til forprosjektet til Den økologiske
hagen i Seljord. Løyvinga er av Næringsfond/ kraftfond.
Handsaming i Formannskap/økonomiutval - 22.09.2016
Framlegg frå H og Sp v/Jon Svatdal
Seljord kommune løyver Anne Gro Lønnestad kr 15.000,- til forprosjektet til Den
økologiske hagen i Seljord. Løyvinga er av Næringsfond/ kraftfond.
Framlegget frå Sp og H vart vedteke med 6 mot 1 røyst frå Venstre.
Rådmannen sitt framlegg fekk 1 røyst.
Vedtak i Formannskap/økonomiutval - 22.09.2016
Seljord kommune løyver Anne Gro Lønnestad kr 15.000,- til forprosjektet til Den
økologiske hagen i Seljord. Løyvinga er av Næringsfond/ kraftfond.
PS 83/16 Regional planstrategi for Telemark fylkeskommune - høyringsuttale frå
Seljord kommune.
Rådmannen si tilråding:
Seljord kommune sluttar seg til Vest-Telemarkrådet si høyringsuttale til Bærekraftige Telemark
– regional planstrategi for Telemark 2016 – 2020, og ber om at det klargjerast korleis
fylkeskommunen ser for seg prosess og forankring knytt til ny startegi om Statleg infrastruktur i
Telemark.
Handsaming i Formannskap/økonomiutval - 22.09.2016
Framlegg frå Sp v/Henry Mæland
Av dei nye regionale planane vil formannskapet leggje særleg vekt på regional plan for
verdiskaping.
Rådmannen sitt framlegg til vedtaket med tillegget frå Sp., vart vedteke mot 1 røyst frå
V.
Vedtak i Formannskap/økonomiutval - 22.09.2016
Seljord kommune sluttar seg til Vest-Telemarkrådet si høyringsuttale til Bærekraftige
Telemark – regional planstrategi for Telemark 2016 – 2020, og ber om at det
klargjerast korleis fylkeskommunen ser for seg prosess og forankring knytt til ny startegi
om Statleg infrastruktur i Telemark.
Av dei nye regionale planane vil formannskapet leggje særleg vekt på regional plan for
verdiskaping.
PS 84/16 Oppstart forhandling om grunnerverv i tråd med reguleringsplan for
areal ved Nesbukti.
Rådmannen si tilråding:
Rådmannen rår formannskapet til å fatte fylgjande vedtak:
Formannskapet rår at kommunestyret gir rådmannen fullmakt til å forhandle fram avtale om
grunnerverv for areal BKB1, samt areal for tilkomst veg f_veg2 og f_veg3 i vedteken
detaljreguleringsplan for areal ved Nesbukti. Dersom det ikkje lukkast rådmann å kome fram til
friviljug avtale med grunneigarane, gir kommunestyret rådmann fullmakt etter pbl. § 16.2 fyrste
ledd til å gjennomføre grunnerverv i form av ekspropriasjon.
Handsaming i Formannskap/økonomiutval - 22.09.2016
Rådmannen si tilråding:
Formuleringa i rådmannen si innstilling vert endra til:
Formannskapet rår til at kommunestyret gir rådmannen fullmakt til å forhandle fram
avtale om grunnerverv for areal BKB1, samt areal for tilkomst veg f_veg2 og f_veg3 i
vedteken
detaljreguleringsplan for areal ved Nesbukti. Dersom det ikkje lukkast rådmann å kome
fram til friviljug avtale med grunneigarane, gir kommunestyret rådmann fullmakt til å
reise ekspropriasjonssak etter pbl. § 16.2 fyrste ledd.
Samrøystes vedteke
Vedtak i Formannskap/økonomiutval - 22.09.2016
Formannskapet rår til at kommunestyret gir rådmannen fullmakt til å forhandle fram
avtale om grunnerverv for areal BKB1, samt areal for tilkomst veg f_veg2 og f_veg3 i
vedteken
detaljreguleringsplan for areal ved Nesbukti. Dersom det ikkje lukkast rådmann å kome
fram til friviljug avtale med grunneigarane, gir kommunestyret rådmann fullmakt til å
reise ekspropriasjonssak etter pbl. § 16.2 fyrste ledd.
PS 85/16 Ny periode for snøscooterløyve - Høyring på nye retningslinjer for
motorferdsel i utmark og på islagde vassdrag
Rådmannen si tilråding:
Forslag til retningslinjer for motorferdsel i utmark i Seljord kommune vert sendt på høyring slik
dei ligg føre som vedlegg i denne saka. Vi legg dei til offentleg ettersyn på biblioteket og på
kommunehuset, på heimesida til Seljord kommune og kunngjer det i Vest-Telemark Blad.
Høyringsfristen vert sett til 16.oktober 2016.
Saka kjem opp til handsaming att i formannskapsmøtet 3.november 2016.
Handsaming i Formannskap/økonomiutval - 22.09.2016
Samrøystes vedteke
Vedtak i Formannskap/økonomiutval - 22.09.2016
Forslag til retningslinjer for motorferdsel i utmark i Seljord kommune vert sendt på høyring slik
dei ligg føre som vedlegg i denne saka. Vi legg dei til offentleg ettersyn på biblioteket og på
kommunehuset, på heimesida til Seljord kommune og kunngjer det i Vest-Telemark Blad.
Høyringsfristen vert sett til 16.oktober 2016.
Saka kjem opp til handsaming att i formannskapsmøtet 3.november 2016.
PS 86/16 Førespurnad om kommunalt bidrag til opparbeiding av privat
stikkledning til næringstomt.
Rådmannen si tilråding:
Formannskapet avslår søknaden frå Telemark Bilruter AS om å dekke kostnad med å føre fram
straum, telekommunikasjon, stikkleidning for vatn og kloakk fram til byggeklar hovudbygg.
Vedtaket vert grunngjeve med tidlegare kommunestyrevedtak som gjeld abonnementvilkår (k.sak 60/14), samt k.-sak 23/07 prinsippvedtak – Bruk av utbyggingsavtale jamfør pbl.§ 17
Handsaming i Formannskap/økonomiutval - 22.09.2016
Framlegg frå Sp v/ Beate Marie Dahl Eide
Saka vert utsett til neste møte sidan saka ikkje har vore gjort kjent for ålmenta.
Framlegget frå Sp fall med 1 mot 6 røyster.
Lukking av møtet med heimel i Off. lova § 13 jamfør Forvaltningslova § 13.2 og vart
vedteke med 5 mot 2 røyster, Sp. og V. røysta i mot.
Felles framlegg frå AP, H, Sp og V v/Halfdan Haugan
Seljord kommune legg til rette for infrastruktur på tomt til Telemark Bilruter AS på
industriområde i Nordbygdi.
Det betyr at Seljord kommune tek kostnadane til framføring av straum,
telekommunikasjon, stikkledning for vatn og avlaup av naudsynt kapasitet fram til
byggjeklar hovudbygg. Dette innebefattar også pumpestasjon dersom det er naudsynt
for kryssing av Bygdaråi og dei høgdeforskjellar som eventuelt kan bli.
Dersom høgspentkabel på tomt kjem i konflikt med tiltak dekkjer Seljord kommune ei
eventuell omlegging.
Dette leggjast inn i ei utbyggingsavtale mellom Seljord kommune og Telemark Bilruter
AS som ikkje fråvik kommunen si føresegn for vass og avlaup.
Tilskot til infrastrukur frå tomtegrense til bygg er å sjå på som eit etableringstilskot som
vert tatt med i budsjett/ økonomiplan.
Vedtaket vert fatta etter kompetanseparagrafen Kommunelova § 13.