Mva-meldinga og innførselsmeirverdiavgifta – nytt i

Mva-meldinga og innførselsmeirverdiavgifta – nytt i 2017
Er du mva-registrert, skal du levere mva-meldinga frå og med rekneskapsåret 2017. Den erstattar
omsetningsoppgåva for meirverdiavgift.
Her er ei kort oversikt over de viktigaste endringane. Rettleiing og meir informasjon om mva-meldinga
finn du på Skatteetatens nettsider: www.skatteetaten.no/mva-melding
Kva er endra i mva-meldinga?
I mva-meldinga er det eigne postar for innland og utland. Den har både nye og endra postar.
Mva-meldinga har nye postar for innførselsmva (post 9-11). Her førast utgåande innførselsmva fordelt
på mva-satsane 25 %, 15 % og 0 %. Tilhørande frådrag førast på post 17 og 18.
Hugs at rekneskapen må være tilpassa ny mva-melding frå 1. januar 2017, slik at alle tall som gjeld
mva-meldinga er riktig spesifisert i 2017-rekneskapen.

Har du eit rekneskapssystem, må du passe på at det er oppdatert med nye mva-kodar og konti.

Har du ikkje rekneskapssystem, opprettar du sjølv naudsynte konti i rekneskapen din. Ta
utgangspunkt i mva-meldinga for å sjå korleis mva-grunnlag og avgift skal spesifiserast. Du finn
den på skatteetaten.no/mva-melding, saman med ei oversikt over samanhengen mellom gamle og
nye postar.
Inga endring i terminar og fristar
Du skal levere og betale til samme terminer og fristar som du gjør i dag.
6. termin 2016 eller årstermin 2016 er den siste som skal leverast på omsetningsoppgåva.
Frå og med 1. termin 2017 eller årstermin 2017 skal du levere mva-melding.
Nytt: Hugs å berekne meirverdiavgift på kjøp frå utlandet
Når du kjøper ein vare frå utlandet, må du hugse på innførselsmeirverdiavgifta. Den blir ikkje lenger
fakturert frå speditør eller Tolletaten. Du må sjølv berekne og rapportere innførselsmva i mvameldinga. Dette gjeld også for enkeltinnkjøp.
Hugs at det kan hende det skal bereknast meirverdiavgift sjølv om varen er fritatt for toll.
Berekn mva-grunnlaget ut frå tolldeklarasjonen
Mva-grunnlaget bereknar du ved hjelp av tolldeklarasjonen. For innførselsmeirverdiavgift er det ikkje
varefaktura frå leverandør som utgjør mva-grunnlaget, fordi fleire kostnadar skal reknast med.
Kvar månad legg Tolletaten ut ein rapport i Altinn med oversikt over deklarasjonane dine. Du finn den
under Skjema og tenester i Altinn, første gang i februar 2017.
I dei enklaste tilfella reknar du ut mva-grunnlaget ved å legge saman tala i rubrikk 46 (statistisk verdi)
og 47 (toll, særavgifter og andre avgifter) på tolldeklarasjonen. Det kan du berre gjøre dersom
statistisk verdi er lik varenes tollverdi, men det er ikkje alltid det stemmer. Du finn ei rettleiing til
berekning av innførselsmeirverdiavgift på våre nettsider. På Tolletaten sine nettsider finn du meir om
berekning av tollverdi. Regelverket finn du i Tollovas kapittel 7.
For mange verksemder vil det være enkelt å berekne innførselsmeirverdiavgift, då dei har enkel import
som ikkje blir treffast av dei meir kompliserte reglane og unntaka. Se på din import og snakk med
rekneskapsførar, speditør, annan rådgivar eller eventuelt Tolletaten.
Slik bokførar du
Mva-grunnlaget skal bokførast i rekneskapen, slik at det kan rapporterast i mva-meldinga, men det er
ikkje ein kostnad. Både mva-grunnlag og mva skal førast per mva-sats.
Du kan bokføre anten etter kvart eller samla per månad, men berekninga av grunnlag og avgift per
mva-sats skal dokumenterast per tolldeklarasjon. Du finn rettleiing til bokføring med fleire eksempel på
våre nettsider.
Uregistrert for meirverdiavgift, eller privatperson?
For verksemder som ikkje er mva-registrerte, eller privatpersonar, blir det ingen endringar.
Dei skal som før betale til Tolletaten når dei tar varen inn i landet, eller til speditør/transportfirma som
tar inn varen på vegne av dei.
Har du spørsmål?

Kontakt gjerne din rekneskapsførar, speditør eller rekneskapssystemleverandør.

Les meir om ny mva-melding og innførselsmeirverdiavgift på www.skatteetaten.no/mva-melding

Les meir om tolldeklarasjonen og tollverdi på www.toll.no/no/bedrift/import.

Du kan også ringe Skatteetaten på telefon 800 80 000.

Ta kontakt med Tolletaten for spørsmål om reglane for tollverdi.
Med helsing
Skatteetaten