Meirverdiavgift skal rapporterast i nytt skjema frå 2017

Returadresse:
Postboks 6499 Etterstad, N-0606 OSLO
Vår dato
Din dato
Saksbehandlar
Din referanse
Telefon
80 08 00 00
Vår referanse
Postadresse
Til alle verksemder som er registrerte for meirverdiavgift
This letter is available in English:
www.skatteetaten.no/mva-melding
Meirverdiavgift skal rapporterast i nytt skjema frå 2017
Alle verksemder som er registrerte for meirverdiavgift skal frå og med 1. termin 2017 levere mva-meldinga.
Skattemelding for meirverdiavgift (mva-meldinga) erstattar dagens omsetningsoppgåve for meirverdiavgift.
Fristar for innlevering og betaling blir som før.
Frå 1. januar 2017 må du føre rekneskapen med konti, mva-kodar og rekneskapssystem som er tilpassa mvameldinga.
Kjøper du varer frå utlandet?
All vareimport frå utlandet, også enkeltinnkjøp, gir deg plikt til å berekne og betale innførselsmeirverdiavgift. Frå
2017 skal du rapportere innførselsmeirverdiavgift for varer i mva-meldinga i staden for i tolldeklarasjonen.
I dag inngår avgifta i tolldeklarasjonen og betalast ved importen. Ofte er det ein speditør som ordnar dette på
tollstaden på vegner av deg. Verksemder med mykje import har gjerne egen tollkreditt.
Frå 2017 skal du ikkje lenger oppgi innførselsmeirverdiavgift og avgiftsgrunnlaget i tolldeklarasjonen. Verksemda
må sjølv berekne avgiftsgrunnlag og avgift ut frå opplysningar i tolldeklarasjonen m.m.
Alle varer skal likevel deklarerast til Tolletaten, og toll og særavgift betalast ved deklarering som i dag.
Dette må du førebu – start no:

Rekneskapssystemet, konti og mva-kodar må være oppdaterte og tilpassa mva-meldinga før 1.1.2017. Dette
er nødvendig for å få ut tal spesifisert på dei 19 postane i mva-meldinga. Sjekk med systemleverandøren eller
rekneskapsføraren din korleis du skal oppdatere. Dette gjeld sjølv om du ikkje importerer noko.

Sett deg inn i reglane om innførselsmeirverdiavgift. Verksemda har ansvar for berekning, rapportering og
innbetaling av innførselsmeirverdiavgift. Sett deg inn i korleis du finner berekningsgrunnlaget for
innførselsmeirverdiavgift, blant anna tollverdi.

Gå gjennom avtaler og rutinar internt, med rekneskapsførar og eventuelle speditørar. Lag rutinar for korleis
innførselsmeirverdiavgifta skal behandlast. Tenk på at tolldeklarasjonane må være tilgjengelege for den som
skal berekne avgifta. Tolletaten vil tilby ein Altinn-rapport med oversikt over alle deklarasjonar.
NB: Alle terminar som gjeld 2016 skal rapporterast på dagens oppgåve. Mva-meldinga gjeld transaksjonar frå
1.1.2017.
Kvifor kjem endringa? Korleis bereknar ein innførselsmeirverdiavgift? Korleis er den nye mva-meldinga?
Finn ut meir på www.skatteetaten.no/mva-melding
Med helsing Skatteetaten