Hjelpetekst i Altinn - RF-0004 Mva-melding for

Hjelpetekst i Altinn - RF-0004 Mva-melding for primærnæring
Dette er hjelpeteksten til skjemaet ved direkte registrering av mva-meldinga i Altinn. I tillegg til
informasjon om innhaldet i postane er det derfor nokre tekniske detaljar om korleis felta verkar i
Altinn. Skal du ikkje registrere i Altinn, kan du sjå bort frå dette.
Opplysningar om skattepliktig
Namn og adresse er henta frå Einingsregisteret. Eventuelle feil eller manglar må rettast der
(www.brreg.no). Ikkje vent med å sende skattemeldinga til feila er retta. Vi får rettingane frå
Einingsregisteret automatisk.Eit eventuelt nytt kontonummer kan du gi opp på første side.
Meldingstype
Vel hovudmelding dersom du ikkje tidlegare har levert skattemelding for den same terminen. Ei
korrigert melding skal erstatte ei skattemelding du har sendt inn tidlegare, medan ei tilleggsmelding
skal innehalde tilføyingar til ei tidlegare innsend skattemelding for den same terminen.
Post 1 Samla omsetning og uttak utanfor meirverdiavgiftslova
Her fører du summen av all omsetning og uttak av varer og tenester som er unnatekne frå
meirverdiavgiftslova (omsetning og uttak utanfor lova). Dette omfattar særleg:



omsetning som nemnd i meirverdiavgiftslova §§ 3-2 flg.
omsetning før beløpsgrensa for registrering i Meirverdiavgiftsregisteret er passert
omsetning innanfor fellesregistrert verksemd
Offentlege tilskot som ikkje er vederlag for omsetning, skal ikkje takast med i post 1. Det same gjeld
sponsorinntekter som er mottekne som gåve. Finansielle inntekter, tilfeldige inntekter i form av
gevinst frå spel og andre gevinstar av kapital skal heller ikkje takast med i post 1. Finansielle inntekter
omfattar òg anna finansiell omsetning, slik som resultatet frå finansielle instrument, mellom anna
renter og utbytte av aksjar. Omsetning i utlandet skal ikkje takast med i post 1.
Beløpet i post 1 blir innhenta for å nyttast i offentleg statistikk, og blir ikkje nytta av
skattestyresmaktene til å fastsetje meirverdiavgift eller skatt.
Post 1 inngår ikkje i summering eller utrekning.
Post 2 Samla omsetning og uttak innanfor meirverdiavgiftslova og innførsel
Feltet blir fylt ut automatisk.
Her reknar ein ut summen av:





all omsetning av varer og tenester som det skal reknast meirverdiavgift av
all omsetning av varer og tenester som kjem inn under meirverdiavgiftslova (omsetning
innanfor lova), men der omsetninga er friteken for avgiftsplikt (nullsats)
alle uttak av varer og tenester som det skal reknast meirverdiavgift av
alle uttak av varer og tenester som kjem inn under meirverdiavgiftslova, men der uttaket er
friteke for avgiftsplikt (nullsats)
all innførsel av varer

all innførsel av tenester (kjøp av tenester frå utlandet) som det skal reknast meirverdiavgift
av
Ved uttak og bytehandel skal avgifta reknast ut av den alminnelege omsetningsverdien for
tilsvarande varer eller tenester.
Beløpet i post 2 skal omfatte all deklareringspliktig aktivitet i verksemda (omsetning, uttak,
innførsel). Beløpet skal vere utan meirverdiavgift.
Post 2 skal vere lik summen av post 3 til 12.
Post 3 Innanlands omsetning og uttak, og utrekna avgift 25 %
Her fører du innanlands omsetning og uttak av varer og tenester som skal reknast ut med
meirverdiavgift alminneleg sats 25 %.
Omsetninga eller uttaket skal givast opp i skattemeldinga for den terminen dokumentasjonen er
datert (dokumentasjonsdato) etter føresegnene i bokføringsforskrifta.
I grunnlagsfeltet fører du grunnlag for utgåande meirverdiavgift 25 %.
Avgiftsfeltet blir fylt ut automatisk med 25 % av grunnlaget når du går vidare i skjemaet. Talet her
kan du endre sjølv, men då må du gi ei forklaring i merknadsfeltet nederst.
Post 3 til 12 blir summerte i post 2.
Post 4 Innanlands omsetning og uttak, og utrekna avgift 15 %
Her fører du innanlands omsetning og uttak av varer og tenester som skal reknast ut med
meirverdiavgift redusert sats 15 %, dvs. omsetning og uttak av næringsmiddel (mat- og drikkevarer).
Her fører du også fiskarars omsetning av råfisk gjennom fiskesalslag som skal reknast ut med
redusert sats 11,11 %.
Omsetninga eller uttaket skal du gi opp i skattemeldinga for den terminen dokumentasjonen er
datert (dokumentasjonsdato) etter føresegnene i bokføringsforskrifta.
I grunnlagsfeltet fører du både grunnlaget for utgåande meirverdiavgift 15 % og 11,11 %.
Avgiftsfeltet blir fylt ut automatisk med 15 % av grunnlaget når du går vidare i skjemaet. Talet her
kan du endre sjølv, men då må du gi ei forklaring i merknadsfeltet nederst.
Post 3 til 12 blir summerte i post 2.
Post 5 Innanlands omsetning og uttak, og utrekna avgift 10 %
Her fører du innanlands omsetning og uttak av varer og tenester som skal reknast ut med
meirverdiavgift redusert sats 10 %, dvs. omsetning og formidling av romutleige i hotellverksemd og
liknande verksemd, utleige av fast eigedom til camping og utleige av hytter, ferieleilegheiter og
annan fritidseigedom. Redusert sats 10 % nyttar ein òg når ein omset og formidlar
persontransporttenester, innanlands ferjing av køyretøy og for inngangsbillettar til kinoar, museum,
galleri, tivoli og andre moroparkar, opplevingssenter og større idrettsarrangement.
Omsetninga eller uttaket skal givast opp i skattemeldinga for den terminen dokumentasjonen er
datert (dokumentasjonsdato) etter føresegnene i bokføringsforskrifta.
I grunnlagsfeltet fører du grunnlag for utgåande meirverdiavgift 10 %.
Avgiftsfeltet blir fylt ut automatisk med 10 % av grunnlaget når du går vidare i skjemaet. Talet her
kan du endre sjølv, men då må du gi ei forklaring i merknadsfeltet nederst.
Post 3 til 12 blir summerte i post 2.
Post 6 Innanlands omsetning og uttak fritekne for meirverdiavgift
Her fører du innanlands omsetning og uttak av varer og tenester som kjem inn under
meirverdiavgiftslova, men som er fritekne for meirverdiavgift (nullsats). Sjå meirverdiavgiftslova
kapittel 6 del I og II og del II §§ 6-30 to 6-32. Her tar du også med produkt frå eige jordbruk, skogbruk
og fiske, jf. meirverdiavgiftslova § 6-20.
Utførsel av varer og tenester som er fritekne for meirverdiavgift fører du i post 8. Her tar du også
med produkt frå eige jordbruk, skogbruk og fiske, jf. meirverdiavgiftsloven § 6-20.
Omsetninga eller uttaket skal du gi opp i skattemeldinga for den terminen dokumentasjonen er
datert (dokumentasjonsdato) etter føresegnene i bokføringsforskrifta.
Post 3 til 12 blir summerte i post 2.
Post 7 Innanlands omsetning med omvend avgiftsplikt
Her fører seljaren si innanlands omsetning av varer og tenester med omvend avgiftsplikt, dvs.
omsetning der kjøparen skal rekne ut og betale meirverdiavgift. Dette gjeld i dag omsetning av
klimakvoter og gull til næringsdrivande og offentleg verksemd, jf. meirverdiavgiftslova § 11-1 (2) og
(3).
Omsetninga skal givast opp i skattemeldinga for den terminen dokumentasjonen er datert
(dokumentasjonsdato) etter føresegnene i bokføringsforskrifta.
Post 3 til 12 blir summerte i post 2.
Post 8 Utførsel av varer og tenester som er fritekne for meirverdiavgift
Her fører du omsetning av varer og tenester ut av meirverdiavgiftsområdet (utførsel) og omsetning
med tilknyting utanfor meirverdiavgiftsområdet. Med meirverdiavgiftsområdet meiner vi det norske
fastlandet og alt område innanfor territorialgrensa, men ikkje Svalbard, Jan Mayen eller dei norske
bilanda. Slik omsetning er friteken for meirverdiavgift (nullsats). Sjå meir om dette i
meirverdiavgiftslova kapittel 6 del III med unnatak av §§ 6-30 til 6-32, som førast i post 6.
Meirverdiavgiftsforskrifta og tollforskrifta har nærare reglar om registrerings- og
dokumentasjonsplikt av rekneskapsopplysningar knytt til utførsel og omsetning med tilknyting
utanfor meirverdiavgiftsområdet.
Omsetninga skal givast opp i skattemeldinga for den terminen dokumentasjonen er datert
(dokumentasjonsdato) etter føresegnene i bokføringsforskrifta.
Post 3 til 12 blir summerte i post 2.
Post 9 Innførsel av varer, og utrekna avgift 25 %
Her fører du innførsel av varer til meirverdiavgiftsområdet som skal reknast ut med meirverdiavgift
alminneleg sats 25 %. Med meirverdiavgiftsområdet meiner vi det norske fastlandet og alt område
innanfor territorialgrensa, men ikkje Svalbard, Jan Mayen eller dei norske bilanda. All innførsel av
varer skal førast i anten post 9, 10 eller 11 i skattemeldinga. Innførsel av varer som er unnatekne frå
deklareringsplikt etter tollova, og kor det enten ikkje skal beregnast meirverdiavgift eller det føreligg
full frådragsrett, skal ikkje førast i skattemeldinga.
Delte verksemder, dvs. verksemder som driv dels avgiftspliktig og dels ikkje-avgiftspliktig verksemd,
skal gi opp all meirverdiavgift som oppstår ved innførsel av varer. Kommunar o.a. som har rett på
kompensasjon, skal òg gi opp all meirverdiavgift som oppstår ved innførsel av varer. Utrekna
innførselsmeirverdiavgift ved innførsel av varer som ikkje skal nyttast i den avgiftspliktige delen av
verksemda, kan ikkje førast til frådrag i post 17 eller 18.
Med varer meiner vi alle fysiske gjenstandar og dessutan elektrisk kraft, vatn frå vassverk, gass,
varme og kulde. Innførsel av varer er deklareringspliktig til tollmyndigheitene, men
innførselsmeirverdiavgift som skal rapporterast i skattemelding for meirverdiavgift skal ikkje givast
opp med avgiftsgrunnlag og meirverdiavgiftssats i tolldeklarasjonen.
Meirverdiavgift ved innførsel av varer skal du gi opp i skattemeldinga for den terminen vara blir
fortolla (fortollingstidspunktet).
Grunnlaget for utrekninga skal fastsetjast etter reglane i tollova kapittel 7 om grunnlag for utrekning
av toll (tollverdien). Toll og andre avgifter som blir kravde inn ved innførselen, inngår i grunnlaget for
utrekninga. For somme varer er det særreglar om utrekningsgrunnlaget i meirverdiavgiftslova § 4-11,
mellom anna for innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar.
I grunnlagsfeltet fører du grunnlag for innførselsmeirverdiavgift alminneleg sats 25 %.
Avgiftsfeltet blir fylt ut automatisk med 25 % av grunnlaget når du går vidare i skjemaet. Talet her
kan du endre sjølv, men då må du gi ei forklaring i merknadsfeltet nederst.
Frådragsgodkjend innførselsmeirverdiavgift fører du i post 17.
Post 3 til 12 blir summerte i post 2.
Post 10 Innførsel av varer som ein ikkje skal rekne ut meirverdiavgift av
Her fører du innførsel av varer til meirverdiavgiftsområdet som skal reknast ut med meirverdiavgift
redusert sats 15 %, dvs. innførsel av næringsmiddel (mat- og drikkevarer).
Sjå omtalen av post 9 ovanfor.
I grunnlagsfeltet fører du grunnlag for innførselsmeirverdiavgift alminneleg sats 15 %.
Avgiftsfeltet blir fylt ut automatisk med 15 % av grunnlaget når du går vidare i skjemaet. Talet her
kan du endre sjølv, men då må du gi ei forklaring i merknadsfeltet nederst.
Innførselsmeirverdiavgift som gir rett til frådrag fører du i post 18.
Post 3 til 12 blir summert i post 2.
Post 11 Innførsel av varer som det ikkje skal reknast ut meirverdiavgift av
Her fører du innførsel av varer til meirverdiavgiftsområdet som er deklareringspliktige etter tollova,
me som det ikkje skal reknast ut meirverdiavgift av. Slike varer finn du fleire opplysningar om i
meirverdiavgiftslova kapittel 7 med vidare referanse til tollova.
Det skal ikkje reknast ut meirverdiavgift ved innførsel av fleire typar varer som har tollfritak ved
innførsel eller som er unnatekne eller fritekne for meirverdiavgift når dei blir omsette innanlands. Ein
skal mellom anna ikkje rekne ut meirverdiavgift ved innførsel av elbilar, av fartøy og varer til fartøy,
av luftfartøy og varer til luftfartøy, av plattformer o.a. og av elektrisk kraft. Ein skal heller ikkje rekne
ut meirverdiavgift ved mellombels innførsel av varer som skal gjenutførast og ved ny innførsel av
varer i uendra stand.
Sjå omtalen av post 9 ovanfor.
Post 3 til 12 blir summerte i post 2
Post 12 Tenester kjøpte frå utlandet, og utrekna avgift 25 %
Her fører du kjøp av fjernleverbare tenester frå utlandet (utanfor meirverdiavgiftsområdet) dersom
tenesta er meirverdiavgiftspliktig når ho blir omsett her i landet. Sjå meirverdiavgiftslova § 3-30 jf. §
11-3. Fjernleverbare tenester er mellom anna konsulenttenester, advokattenester fram til ein
prosess for domstolane, formidlingstenester (med visse unnatak, m.a. eigedomsmekling), revisjon,
programmering og alle tenester som kan leverast over Internett.
Avgifta skal du gi opp i skattemeldinga for den terminen dokumentasjonen er datert
(dokumentasjonsdato) etter føresegnene i bokføringsforskrifta.
I grunnlagsfeltet fører du grunnlag for innførselsmeirverdiavgift alminneleg sats 25 %.
Avgiftsfeltet blir fylt ut automatisk med 25 % av grunnlaget når du går vidare i skjemaet. Talet her
kan du endre sjølv, men då må du gi ei forklaring i merknadsfeltet nederst.
Innførselsmeirverdiavgift som gir rett til frådrag fører du i post 17.
Post 3 til 12 blir summert i post 2.
Post 13 Innanlands kjøp av varer og tenester, og utrekna avgift 25 %
Her fører du innanlands kjøp av varer og tenester med omvendt avgiftsplikt, dvs. omsetning der
kjøpar, og ikkje seljar, skal rekne ut og betale meirverdiavgift. Dette gjeld i dag omsetning av
klimakvoter og gull til næringsdrivande og offentleg verksemd, jf. meirverdiavgiftslova § 11-1 (2) og
(3).
Avgifta skal givast opp i skattemeldinga for den terminen dokumentasjonen er datert
(dokumentasjonsdato) etter føresegnene i bokføringsforskrifta.
I grunnlagsfeltet fører du grunnlaget for utgåande meirverdiavgift alminneleg sats 25 %.
Avgiftsfeltet blir fylt ut automatisk med 25 % av grunnlaget når du går vidare i skjemaet. Talet her
kan du endre sjølv, men då må du gi ei forklaring i merknadsfeltet nederst.
Frådragsgodkjend innførselsmeirverdiavgift fører du i post 14.
Post 14 Frådragsgodkjend innanlands inngåande avgift 25 %
Her fører du frådragsgodkjend innanlands inngåande meirverdiavgift alminneleg sats 25 %.
Inngåande avgift er meirverdiavgift som er kome på når du har kjøpt varer og tenester.
Inngåande avgift som er kome på ved innførsel av varer eller kjøp av tenester frå utlandet, fører du i
post 17 eller 18.
Berre inngåande avgift på varer og tenester som skal nyttast i verksemd innanfor
meirverdiavgiftslova gir rett til frådrag. Det er mellom anna ikkje rett til frådrag for representasjon,
for gåver og for varer til å dele ut som reklame. For anskaffingar som delvis skal nyttast i avgiftspliktig
verksemd (fellesanskaffingar) er det forholdsmessig frådragsrett.
Inngåande avgift skal du gi opp til frådrag i skattemeldinga for den terminen dokumentasjonen er
datert (dokumentasjonsdato) etter føresegnene i bokføringsforskrifta.
Post 15 Frådragsgodkjend innanlands inngåande avgift 15 %
Her fører du frådragsgodkjend innanlands meirverdiavgift redusert sats 15 %, dvs. frådragsgodkjend
avgift på kjøp av næringsmiddel.
Berre inngåande avgift på varer som skal nyttast i verksemd innanfor meirverdiavgiftslova gir rett til
frådrag. Det er ikkje rett til frådrag ved innkjøp av kost o.a. til innehavaren, leiinga, tilsette og
pensjonistar i verksemda.
Inngåande avgift skal ein gi opp til frådrag i skattemeldinga for den terminen dokumentasjonen er
datert (dokumentasjonsdato) etter føresegnene i bokføringsforskrifta.
Post 16 Frådragsgodkjend innanlands inngåande avgift 10 %
Her fører du frådragsgodkjend innanlands meirverdiavgift redusert sats10 %, dvs. frådragsgodkjend
avgift på kjøp av mellom anna overnattingstenester og persontransport.
Berre inngåande avgift på tenester som skal nyttast i verksemd innanfor meirverdiavgiftslova gir rett
til frådrag. Det er ikkje frådragsrett for utgifter til køyring mellom heim og arbeid. For utgifter til
anskaffing, bruk o.a. av personkøyretøy, er det i utgangspunktet ikkje frådragsrett.
Inngåande avgift skal givast opp til frådrag i skattemeldinga for den terminen dokumentasjonen er
datert (dokumentasjonsdato) etter føresegnene i bokføringsforskrifta.
Post 17 Frådragsgodkjend innførselsmeirverdiavgift 25 %
Her fører du frådragsgodkjend innførselsmeirverdiavgift alminneleg sats 25 % som er rekna ut når du
har innført varer eller kjøpt tenester frå utlandet, dvs. i post 9 eller 12 i skattemeldinga. Berre
inngåande avgift på varer og tenester som skal nyttast i verksemd innanfor meirverdiavgiftslova gir
rett til frådrag. Delte verksemder, dvs. verksemder som driv dels avgiftspliktig og dels ikkjeavgiftspliktig verksemd, har ikkje frådragsrett for utrekna innførselsmeirverdiavgift for varer og
tenester som skal nyttast i ein ikkje-avgiftspliktig del av verksemda. Det same gjeld utrekna
innførselsmeirverdiavgift for varer og tenester som skal nyttast i ein ikkje-avgiftspliktig del av
verksemda i kommunar som har rett på kompensasjon o.a. For anskaffingar som er delvis nytta i
avgiftspliktig verksemd (fellesanskaffingar) er det forholdsmessig frådragsrett.
Inngåande innførselsmeirverdiavgift ved innførsel av varer skal du gi opp til frådrag i skattemeldinga
for den terminen vara blir fortolla (fortollingstidspunktet). Inngåande innførselsmeirverdiavgift når
du kjøper tenester frå utlandet skal du gi opp til frådrag i skattemeldinga for den terminen
dokumentasjonen er datert (dokumentasjonsdato).
Post 18 Frådragsgodkjend innførselsmeirverdiavgift 15 %
Her fører du frådragsgodkjend innførselsmeirverdiavgift redusert sats 15 % som er rekna ut ved
innførsel av næringsmiddel (mat- og drikkevarer), dvs. i post 10 i skattemeldinga. Berre inngåande
avgift på varer som skal nyttast i verksemd innanfor meirverdiavgiftslova gir rett til frådrag. Det er
ikkje rett til frådrag for meirverdiavgift som er kome på ved innførsel av kost o.a. til innehavaren,
leiinga, tilsette og pensjonistar i verksemda.
Inngåande innførselsmeirverdiavgift skal du gi opp til frådrag i skattemeldinga for den terminen vara
blir fortolla (fortollingstidspunktet).
Post 19 Avgift å betale / Avgift til gode
Feltet blir fylt ut automatisk (summen av post 3, 4, 5, 9, 10, 12 og 13 minus post 14 til 18).