Utøving av folkemusikk og folkedans i Setesdal Nominasjonsfil til UNESCO UNESCO er FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur. UNESCO har som mål å bidra til fred og tryggleik ved å arbeide for internasjonalt samarbeid gjennom utdanning, vitskap og kultur. UNESCO kom i 2003 med sin konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven, og den blei ratifisert av Noreg i 2007. Målet er å sikre vern og respekt for eineståande kulturuttrykk av ikkje-materiell art. Konvensjonen omfattar blant anna desse uttrykka: – Munnlege tradisjonar. Personnamn, stadnamn, dialektar, eventyr og segn. – Utøvande kunst. Musikk, song, dans og teater. – Sosiale skikkar, ritual og høgtider. – Kunnskap og praksis som gjeld naturen og universet. – Tradisjonelt handverk. Det er tre listetypar i konvensjonen: – Representative list – Urgent safeguarding list (raudliste) – Best practice Kva er spesielt for våre tradisjonelle, kulturelle uttrykk i Setesdal? – Musikken og dansen høyrer i saman. Dei fleste slåttane er danseslåttar. Songen er ofte integrert i instrumentalmusikken der stevtonar blir spelt på instrument (hardingfele og munnharpe), og der stevet ofte handlar om dans, musikk og tradisjonsberarar. Ein utøvar kjenner alle uttrykka, og kan gjerne framføre alle tre sjangrane. Desse sjangrane høyrer saman, anten på konsertar eller i sosiale samanhengar. – Den eldste danserytmen vi kjenner i Noreg, gangaren, er einerådande og er framleis levande. Ein kan framføre dansen som pardans eller i ring med fleire par, der det er skifte av dansepartnar. – Stevtradisjonen er i bruk både i dagleglivet og av profesjonelle utøvarar. Det finst stevbøker i mange heimar, og stevet blir brukt til fest og i brudlaup, i lysingar og blant komikarar. Folk nyttar stev i kvardagen, i politikken, familiært og i reklame. Stevleik blir bruka i mange tilhøve, både spontant i sosiale samanhengar og i konsertprogram. Når ein kved stev til kvarandre kallar ein det å stevjast, og ein kan på denne måten føre ei «samtale». Tradisjonen omfattar kommunane Bygland, Valle og Bykle, der om lag 3 500 menneskje er busette. Desse kulturutrykka er i dag levande, og det er spesielt at stev/stevjing, dans og musikk representerer ein heilskap. Grafisk produksjon: Setesdalstrykk as | Foto: Leonhard Jansen og Setesdølen. Med eit så lite befolkningsgrunnlag er det eit stort ansvar for dei tre kommunane å føre dei særeigne musikk- og dansetradisjonane vidare. Ut frå dette meiner Setesdal spelemannslag at vi må arbeide aktivt for å auke interessa for denne tradisjonen, få fleire til å bli kjende med kunstforma, og sikre statusen i høve til alle andre kulturuttrykk. Setesdal spelemannslag har sidan 2012 arbeidd med nominasjon til Representativ list. Vi har sendt inn nominasjonsfil i 2014, i 2015 og 2016. Spelemannslaget har i heile søknadsprosessen hatt god hjelp av Setesdalsmuseet, Agder folkemusikkarkiv og Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Professor Egil Bakka ved Rff-senteret (Rådet for folkemusikk og folkedans) var vår første rådgjevar, i 2015 har vi hatt stor hjelp av direktør ved Sff (Norsk senter for folkemusikk og folkedans) Marit Stranden. I 2016 blei nominasjonsfila vår sendt vidare frå Norsk kulturråd til kulturdepartementet, men diverre blei denne sendt attende på grunn av at staten ikkje har oppretta ein portal for registrering av immaterielle kulturminner, noko som er eit vilkårfrå UNESCO for i det heile å bli tatt opp til vurdering på UNESCO sine lister. Vi vonar at denne portalen no vert oppretta, slik at vi kan sende inn ny nominasjonsfil i 2017. Setesdal spelemannslag Kontaktinformasjon: Gunnar Stubseid, telf. 92861287 Kari Margrete Okstad, telf. 92405951 Astri Rysstad, telf. 91575925
© Copyright 2024