PDF, 2 MB - Voss kommune

EIDFJORD
VOSS
GRANVIN
VAKSDAL
ULVIK
VOSS OG OMEGN
interkommunale legevakt
Eidfjord
kommune
Granvin
herad
Ulvik
herad
Vaksdal
Voss
kommune kommune
Ulvik, Granvin, Eidfjord,
Voss og Vaksdal går saman i
ny interkommunal legevakt
frå 2. januar 2017.
Legevakta er lokalisert på Voss Sjukehus mellom ­
kl. 16:00 – 08:00 på kvardagar, og heile døgnet i
helger og på heilagdagar.
Oftast kjem pasientane til legevakta, men i nokre
tilfelle kan det vera aktuelt for lege å reisa på
heimebesøk. Vakthavande lege vurderer behovet
for heimebesøk ut i frå pasienten sin medisinske
tilstand og omsyn til beredskap.
Legevaktsentralen vurderer og handterer alle som
tek kontakt, heile døgnet, heile året.
Korleis vert du møtt
på legevakta?
Når du ringer, vert du møtt av ein
sjukepleiar som er spesialtrena i å
vurdera hastegrad for behandling av
sjukdom. Det er tre hastegrader:
Raud - inga ventetid:
Gul - hjelp så fort som råd:
Grøn - kan venta:
Melder du livstruande
sjukdom over telefon, får
du akutthjelp utan ventetid,
ambulanse og eventuelt lege
vert sendt ut straks.
Dette gjeld skadar og
tilstandar som gjev store
plager, men som i seg sjølv
ikkje er livstrugande.
Mindre alvorlege skadar og
tilstandar vert behandla når
det er ledig kapasitet. På det
travlaste kan det verta lang
ventetid. Ring difor lege­
vakta på førehand og skaff
deg timeavtale.
Når skal du kontakte
fastlege?
Når skal du
ringe 113?
Når skal du ringe
legevakta 116117?
Om du treng hjelp på dagtid skal du
først ringja fastlegen din.
Fastlege vurderer kor mykje det
hastar og kan vanlegvis gje deg ein
time same dag dersom situasjonen
krev det.
Ved ulykker eller alvorlege
hendingar der du treng akutt hjelp.
Legevakta tilbyr hjelp til det som
ikkje kan venta når fastlegen sitt
kontor er stengt. Legevakta hjelper
deg også når du ikkje er i nærleiken
av fastlegen din, for eksempel om
du er på ferie.
Du skal alltid kontakte eigen fast­
lege når det gjeld sjukemelding,
fornying av resept, varige og kjente
plager utan akutt forverring.
Har du eitt av desse symptoma skal
du alltid kontakte medisinsk
nødtelefon 113
•
•
•
•
•
Akutte lammelser i ansikt
eller arm
Akutte språkforstyrringar, finn ikkje ord eller har utydeleg tale
Plutseleg og uforklarleg ustøheit
Medvitslaus eller redusert medvit
Brystsmerter i meir enn 5 minutt
Har du eitt av desse problema vil
det vera fornuftig å ringe legevakta
• Høg feber – særleg hjå born
•Pustevanskar
• Akutt sjukdom eller alvorleg
forverring av kjend sjukdom
• Slapt og medteke born eller
vaksen
• Alvorleg psykisk sjukdom
• Mistanke om komplikasjonar i
svangerskap
• Kuttskadar som treng behandling
• Mistanke om brot
Om du er i tvil så ynskjer me at du
tek kontakt, så finn me gode
løysingar i lag.
Vanedannande medikament vert
ikkje skrivne ut ved legevakta.
Kontaktinformasjon
Ring det nasjonale nummeret for legevakt
116117 om du treng koma i kontakt med
­legevakta. Då vert du automatisk sett over
til den legevaktsentralen som er nærast der
du er.
116117 erstattar no alle tidlegare n
­ ummer
til lokal legevakt i heile landet.
Om du er på reise, og må koma i kontakt
med Voss og omegn interkommunale
­legevakt, ring 56 53 04 30.
Treng du koma i kontakt med Voss og
omegn interkommunale l­egevakt si
administrative leiing, ring Voss kommune på
telefon 5
­ 6 51 94 00 eller send ein e-post til
[email protected].
INFORMASJON
Legevakta tek betaling for tenestene etter
faste takstar. Du kan betala med kort,
­kontant eller få tilsendt faktura.
Design: Logolink
Betaling