EIDFJORD VOSS GRANVIN VAKSDAL ULVIK VOSS OG OMEGN interkommunale legevakt Eidfjord kommune Granvin herad Ulvik herad Vaksdal Voss kommune kommune Ulvik, Granvin, Eidfjord, Voss og Vaksdal går saman i ny interkommunal legevakt frå 2. januar 2017. Legevakta er lokalisert på Voss Sjukehus mellom kl. 16:00 – 08:00 på kvardagar, og heile døgnet i helger og på heilagdagar. Oftast kjem pasientane til legevakta, men i nokre tilfelle kan det vera aktuelt for lege å reisa på heimebesøk. Vakthavande lege vurderer behovet for heimebesøk ut i frå pasienten sin medisinske tilstand og omsyn til beredskap. Legevaktsentralen vurderer og handterer alle som tek kontakt, heile døgnet, heile året. Korleis vert du møtt på legevakta? Når du ringer, vert du møtt av ein sjukepleiar som er spesialtrena i å vurdera hastegrad for behandling av sjukdom. Det er tre hastegrader: Raud - inga ventetid: Gul - hjelp så fort som råd: Grøn - kan venta: Melder du livstruande sjukdom over telefon, får du akutthjelp utan ventetid, ambulanse og eventuelt lege vert sendt ut straks. Dette gjeld skadar og tilstandar som gjev store plager, men som i seg sjølv ikkje er livstrugande. Mindre alvorlege skadar og tilstandar vert behandla når det er ledig kapasitet. På det travlaste kan det verta lang ventetid. Ring difor lege vakta på førehand og skaff deg timeavtale. Når skal du kontakte fastlege? Når skal du ringe 113? Når skal du ringe legevakta 116117? Om du treng hjelp på dagtid skal du først ringe fastlegen din. Fastlege vurderer kor mykje det hastar og kan vanlegvis gje deg ein time same dag dersom situasjonen krev det. Ved ulykker eller alvorlege hendingar der du treng akutt hjelp. Legevakta tilbyr hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegen sitt kontor er stengt. Legevakta hjelper deg også når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel om du er på ferie. Du skal alltid kontakte eigen fast lege når det gjeld sjukemelding, fornying av resept, varige og kjente plager utan akutt forverring. Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakte medisinsk nødtelefon 113 • • • • • Akutte lammelser i ansikt eller arm Akutte språkforstyrringar, finn ikkje ord eller har utydeleg tale Plutseleg og uforklarleg ustøheit Medvitslaus eller redusert medvit Brystsmerter i meir enn 5 minutt Har du eitt av desse problema vil det vera fornuftig å ringe legevakta • Høg feber – særleg hjå born •Pustevanskar • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring av kjent sjukdom • Slapt og medteke born eller vaksen • Alvorleg psykisk sjukdom • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap • Kuttskadar som treng behandling • Mistanke om brot Om du er i tvil så ynskjer me at du tek kontakt, så finn me gode løysingar i lag Vanedannande medikament vert ikkje skrivne ut ved legevakta. Kontaktinformasjon Ring det nasjonale nummeret for legevakt 116117 om du treng koma i kontakt med legevakta. Då vert du automatisk sett til den legevaktsentralen som er nærast der du er. 116117 erstattar no alle tidlegare n ummer til lokal legevakt i heile landet. Om du er på reise, og må koma i kontakt med Voss og omegn interkommunale legevakt, ring 56 53 04 30. Treng du koma i kontakt med Voss og omegn interkommunale legevakt si administrative leiing, ring Voss kommune på telefon 5 6 51 94 00 eller send ein e-post til [email protected] INFORMASJON Legevakta tek betaling for tenestene etter faste takstar. Du kan betala med kort, kontant eller få tilsendt faktura. Design: Logolink Betaling
© Copyright 2024