Skulestartbrosjyre 2017

SKULESTART
2017
Skulestart 2017
BEST
MULIG 1
-SAMMEN
Innhald
Innhald 2
Ansvaret i skulen
4
Læreplan Kunnskapsløftet
4
Læringsplakaten
5
Alle elevar har rett til tilpassa opplæring
6
PPT - pedagogisk psykologisk teneste
6
Logopedtenesta fagavdeling skole
6
Særskilt språkopplæring for elevar med anna morsmål
6
Skulefritidsordninga - SFO
7
Skulen sine rådsorgan
7
Skule-heim samarbeid
8
Helsetenester i skulen
9
Om skulen sitt lovverk
10
Skulane i Askøy - kontaktinformasjon
11
Skulestart 2017
2
Velkomen til Askøyskulen
Ein stor dag nærmar seg for 6-åringar og foreldre. Skulestarten er ein av dei store milepælane i
livet, ein dag mange hugsar resten av livet. På vegne av Askøy kommune vil eg ynskje dykk
velkomen til eit godt og tett samarbeid mellom skule og heim. Eg håpar og trur på gode og
lærerike år for eleven gjennom 10 år i grunnskulen.
Det er 17 skular i kommunen. Av desse er 13 barneskular, 3 ungdomsskular og ein er kombinert
barne- og ungdomsskule.
Totalt har vi over 600 tilsette i fagavdeling skule. Dei fleste av desse er lærarar, men vi har og
leiarar, assistentar og andre yrkesgrupper som utøver ulike profesjonar. Alle har elevanes
læringsarbeid- og utbyte som hovudfokus.
Det er opplæringslova med forskrift som er dei viktigaste styringsreiskapane i skulen. Vi oppmodar alle foreldre om å sette seg inn i lovverket og læreplanar i dei ulike faga.
Temaplan skule vart vedteke i 2015 som felles plan for Askøyskulen. Denne har fokus på områda
Læringsmiljø, grunnleggjande ferdigheiter og vurdering.
Forsking viser at det er ein klar samanheng mellom vurdering og læring. Askøyskulen vil at elevar
og foreldre skal oppleva tydelege mål og kriterier og gode tilbakemeldingar og framovermeldingar.
Elevane skal også i større grad involverast i eige læringsarbeid ved blant anna å vurdere eige arbeid og si eige faglege utvikling.
Me ynskjer og er avhengig av eit tett og godt samarbeid mellom heim og skule. Ingen kjenner
skoleborna betre enn dykk foreldre. Vær ikkje redde for å ta kontakt med skulen. Først og fremst
vil slik kontakt være med kontaktlærar/faglærar eller med skulens rektor. Skulen vil gi dykk den
informasjon dykk treng. Eg oppmodar foreldre til aktiv deltaking i skulen sine organ for medverknad. Foreldreutvalet for grunnskulen (FUG) har kloke tankar om korleis foreldre kan hjelpe barnet
sitt med skulegangen – les meir om dette i kapittelet om skule-heim samarbeid.
Velkomen til skulestart!
Frode Solemdal
Fagsjef skule
Skulestart 2017
3
Ansvaret i skulen
Askøy kommune har som skuleeigar ansvar for 17 grunnskular og vaksenopplæring.
Kommunestyret er det øvste politiske organ i kommunen, og har det overordna ansvaret
for skulane.
Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar.
Kommunalsjef oppvekst har overordna ansvar for skular og barnehagar, og er medlem i
rådmannens leiergruppe.
Fagsjef skule er fagleg ansvarleg for skulane i kommunen.
Rektor er som øvste faglege, pedagogiske og administrativ leiar ansvarleg for den enkelte
skule.
Kontaktlærar er ansvarleg for planlegging og gjennomføring av undervisning i den enkelte
klasse. Kontaktlærar er og hovudansvarleg for kontakten med eleven sin heim.
Nye Fauskanger barne- og ungdomsskole ble åpnet høsten 2013.
Læreplan Kunnskapsløftet
Gjeldande læreplan i grunnskule og den vidaregåande skule blei innført i 2006. Denne planen er
ein del av Stortinget sin skulereform Kunnskapsløftet, som blei innført i 2006. Det skal no mellom
anna leggast større vekt på dei grunnleggande dugleikane lesing, skriving, rekning, munnleg uttrykksevne og digital kompetanse. I tillegg skal elevane og utvikle sosial kompetanse.
Læreplanen for grunnskulen og vidaregåande opplæring – grunnopplæringa - utgjer fundamentet
og ramma for opplæringa i skulen. Planen er satt samen slik:
Læreplanens generelle del som handlar om formålsparagrafen i opplæringslova, angir overordna
mål for opplæringa og inneheld det verdimessige, kulturelle og kunnskapsmessige grunnlaget for
grunnskulen og vidaregåande opplæring.
Læringsplakaten som inneheld viktige prinsipp for skulen sitt opplæringsarbeid, og må sjåast i
samanheng med innhaldet i lov og forskrift og læreplanen sin generelle del.
Fag- og timefordeling er angitt for hovudtrinn i grunnskulen.
Læreplanar for fag angir formål, hovudområder, omtale avgrunnleggande dugleikar, kompetansemål og avgjerder for sluttvurdering i faget.
Skulestart 2017
4
Læringsplakaten
Skolen og lærebedrifta skal:
•
gi alle elevar og lærlingar/lærekandidatar like gode føresetnader for å utvikle evner og talent individuelt og i samarbeid med andre.
•
stimulere lærelyst, evne til å halde ut og nyfikne blant elevane og lærlingane/lærekandidatane.
•
stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane til å utvikle eigne læringsstrategiar og
evne til kritisk tenking .
•
stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane i personleg utvikling og i styrking av
eigen identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståing og demokratisk deltaking.
•
leggje til rette for elevmedverknad og for at elevane og lærlingane/lærekandidatane kan
gjere medvitne verdival og val av utdanning og framtidig arbeid .
•
fremme tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar.
•
stimulere, bruke og vidareutvikle kompetansen til den einskilde læraren.
•
medverke til at lærarar og instruktørar står fram som tydelege leiarar og førebilete for barn
og unge .
•
sikre at det fysiske og psykososiale arbeids- og læringsmiljøet fremmar helse, trivsel og
læring.
•
leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at foreldre/føresette får medansvar i
skolen.
•
leggje til rette for å trekkje inn lokalsamfunnet i opplæringa på ein meiningsfylt måte
Skulestart 2017
5
Alle elevar har rett til tilpassa opplæring
Barn er forskjellige, også når det gjeld læring. Skulene må syte for at alle får tilpassa undervisning
for best mogleg læringsutbyte. For å sikre denne retten har alle skulane eigne ressursteam. Her
deltar representantar frå skulen, PPT og etter behov helsesøster, logoped eller andre ressurspersonar med ulik fagkompetanse. Ressursteam er eit rådgjevande organ for rektor før enkeltvedtak
blir gjort. Ressursteamet skal drøfte saker som angår læringsmiljøet, både på systemnivå og i
forhold til enkeltelevar. Alle saker der skulen vurderer at PPT skal gje sakkyndig uttale, skal drøftast i ressursteam før oppmelding til PPT.
Dei fleste elevane klarer seg godt ved å få tilpassa opplæring innafor den elevgruppa dei høyrer til.
Nokre få elevar treng individuelle opplæringsplanar (IOP). Det er difor viktig at skulen, så tidleg
som råd er, får kjennskap til om ein elev har spesielle vanskar som kan hindre barnet sin læring og
utvikling. Opplærings-lova § 5 omhandlar retten til spesialundervisning:
”Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. «…Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal
det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. ….»
Funksjon og samansetjing av ressursteam vil skulane informere om på foreldremøte.
PPT - pedagogisk psykologisk teneste
PP-tenesta skal hjelpe skulen med å utvikle gode opplæringsvilkår for elevar som treng særleg
oppfølging. PPT er fast medlem i skulen sitt ressursteam, gir råd og tilfører kompetanse. For å gi
eit best mogleg tilbod samarbeider PPT med dei andre etatane som har ansvar for barn og unge
sine oppvekstvilkår. I dette arbeidet er også samarbeid med foreldre viktig. PPT er i tillegg kommunens sakkyndige organ når det gjeld vurdering av elevar sine eventuelle behov for spesialundervisning.
Foreldre kan ta direkte kontakt med PP-tenesta dersom ein har problemstillingar knytta til opplæringssituasjonen til eleven. For meir info, besøk PPT si heimeside.
Logopedtenesta fagavdeling skole
Fagavdeling skule har logopedar som gir hjelp til enkeltelevar og rådgjeving til skulane. Elevar med
behov for logopedi blir meldt til skulen. Logopedane kan gi opplæring og hjelp på skulen eller på
kontoret i Energi-gården. Tenesta fylgjer ikkje vanleg skulerute, så det er mogleg å få hjelp utanom
skulen sin opningstid.
Særskilt språkopplæring for elevar med anna morsmål
Opplæringslova § 2-8 omhandlar elevar med anna morsmål enn norsk og samisk. Dei har rett til
særskilt norskopplæring til dei har tilstrekkeleg norskkompetanse til å fylgje den vanlege opplæringa i skulen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg
fagopplæring eller begge delar.
Skulane på Askøy gir tilbod om grunnleggjande norskopplæring i eigne innføringsgrupper første
året. Deretter går elevane over i nærskulen sin og fortsetter sin grunnleggjande opplæring i norsk.
Elevene får tilbod om morsmåls-opplæring på småskuletrinnet der vi kan skaffe kvalifiserte lærarar.
På mellom- og ungdomstrinnet kan elevane få tospråkleg fagopplæring i tillegg til grunnleggjande
norskopplæring.
Skulestart 2017
6
Skulefritidsordninga - SFO
Skulefritidsordning (SFO) er et tilbod før og etter skuletid for elevar i 1.-4. klasse og for elevar i 5.-7. klasse med spesielle
behov. Tilbodet gjeld og i skulen sine ferier (sjå vedtekter for
detaljar).
Opplæringslova §13-7 slår fast at skulefritidsordninga skal «leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga
skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal gjevas gode utviklingsvilkår. Areala,
både ute og inne, skal vere egna for formålet.»
Skulefritidsordninga i Askøy er ein del av skulens sin totale verksemd og skal inngå i skulen sine
planar med målsetjingar og aktivitetar. Opningstider og anna informasjon får ein ved å ta kontakt
med skulane. Påmelding kan skje elektronisk på kommunen si heimeside.
Utval for oppvekst og levekår (UOL) vedtar felles vedtekter for SFO-tilbodet i kommunen. Vedtektene finst på kommunen si heimeside og på den enkelte skule. Betalingssatsar for SFO-tilbodet blir
vedtatt av kommunestyret i forbindelse med budsjettbehandlinga.
Utval for oppvekst og levekår (UOL) vedtar felles vedtekter for SFO-tilbodet i kommunen. Vedtektene finst på kommunens og den enkelte skule. Betalingssatsar for SFO-tilbodet blir vedtatt av
kommunestyret i forbindelse med budsjettbehandlinga.
Skulen sine rådsorgan
Skulen sitt samarbeidsorgan har som arbeidsmål at det skal fremme utvikling og samarbeid mellom skole, heim og nærmiljø. Samansetning og formål er nærare beskrive i Opplæringslova kapittel 11.
Elevråd består av representantar for elevane. Elevrådet skal fremje elevane sine felles interesser i
arbeidet med å skape eit godt lærings- og skulemiljø.
Foreldreråd består av alle foreldre som har barn i skulen, og skal medverke til godt samarbeid
mellom skule og heim. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU).
Samarbeidsutvalet består av representantar frå lærarane, andre tilsette, foreldra, elevane og
kommunen (der rektor er ein av representantane) og har uttalerett i alle saker som gjeld skulen.
Skulemiljøutvalet er eit rådgjevande organ med uttalerett i alle saker som vedkjem skulemiljøet. I
skulemiljøutvalet skal elevane, foreldra, de tilsette, skuleleiinga og kommunen være representert.
Utvalet skal være samansett slik at representantane for foreldra og elevane til samen har fleirtal.
Skulestart 2017
7
Skule-heim samarbeid
Kommunalt foreldreutval (KFU) er eit fellesorgan for alle foreldre med barn i grunnskulen i din
kommune. Askøy KFU består av representantar frå alle 17 foreldreutval i kommunen.
Eit positivt og gjesidig samarbeid mellom heim og skule er av stor betydning for
at barn skal få utnytte sine evner og moglegheiter til læring. Det er viktig at foreldre er synlege, aktive og konstruktive medspelarar i forhold til skulen. På den
måten kan vi få reell innverknad på viktige spørsmål knytta til barna sin læringsituasjon. Skulen skal leggje til rette for skule-heim samarbeidet. Samarbeidet må
være prega av likeverd og dialog. Som foreldre må vi stille krav om at samspelet
mellom heim og skule blir noko anna og meir enn ein einsidig strøm av informasjon frå skulen. Ann Hedvig Øvsthus leiar Askøy KFU
Foreldreplakaten
Du er ditt barns første og viktigste lærer!
...
Er du engasjert, gjør barnet ditt det bedre på skolen.
...
Ditt engasjement er like viktig på ungdomsskolen som i barneskolen.
...
Diskuterer du med barnet, stimulerer du hennes/hans
tanker og utvikling.
...
Det er viktig at du er med og vurderer barnets arbeid.
...
Når du bryr deg, blir barnet mer motivert og trives
bedre på skolen.
...
Din tro på egen rolle og mulighet til å påvirke er viktig
for barnet ditt.
...
Har du et godt forhold til skolen, påvirker det barnets resultater.
...
At du kjenner de andre foreldrene, fører til bedre samarbeid
og oppfølging.
...
Foreldre er en viktig ressurs for barnas skolegang!
Hilsen Foreldreutvalget for grunnopplæringen
www.fug.no
Skulestart 2017
8
Helsetenester i skulen
Skulehelsetenesta
Skulehelsetenesta er lovpålagt i alle grunn- og vidaregåande skular som omfattas av opplæringslova eller er godkjent etter privatskolelova. Skulehelsetenesta arbeider helsefremjande og
førebyggjande, både med psykisk og fysisk helse og sosiale forhold. Arbeidet til helsesøster i
skulen inneberer rådgjeving, helseundersøkingar, vaksinering, oppfølging og tilvising vidare ved
behov. Samarbeid med elevar, heim og skule er nødvendig for å lykkast i arbeidet. Alle skular har
samarbeid med ei helsesøster. Helsesøster er fast medlem i skulen sitt ressursteam.
Elevar kan ta kontakt med helsesøster i kontakttida. Sjå skulen si heimeside eller ring for å få den
enkelte skulen sin kontakttid. Ønsker foreldre kontakt med helsesøster, kan dei ringje for evt. vidare avtale. Alt som angår den enkelte elev sin helse og trivsel kan ein ta opp.
Faste oppgåver på dei ulike klassetrinn:
5 år:
Undersøking av lege og helsesøster på helsestasjonen. Høgde, vekt og hørselstest
2. trinn:
Difteri/stivkrampe/kikhoste/polio (DTP - IPV)
3. trinn:
Vekt og høgdemåling
6. trinn:
7. trinn:
Vaksinering mot meslinger/kusma/røde hunder (MMR)
Vaksinering mot HPV (kun jenter får tilbudet)
Vaksinering mot difteri/stivkrampe/kikhoste/Polio (DTP-IPV)
10. trinn:
Tannhelsetenesta
Den offentlege tannhelsetenesta skal organisere førebyggjende tiltak for alle. Alle mellom 3 og 18
år blir innkalt til distriktstannlegen. Innkallinga skal skje direkte til heimen eller gjennom skulen.
Tannlegebehandling er er gratis mellom 0-18 år, bortsett frå tannregulering.
Tannklinikkane
Tannhelsetenesta i Askøy er organisert slik: Kretsane Strusshamn, Florvåg, Erdal og Hop høyrer til
tannklinikken i Florvåg. Dei andre høyrer til tannklinikken i Kleppestø. Florvåg og Kleppestø
tannklinikk blir slått saman frå januar 2017. Dei blir å finne i 3. etasje på Kleppestø senter.
Skulestart 2017
9
Om skulen sitt lovverk
Opplæringslova med forskrifter gir viktige føringar for skulen sitt arbeid. Her er også rettar og plikter for elevar og foreldre heimla, blant anna rett til:
• framskunda eller utsatt skulestart, § 2-1
• å gå på nærskulen, og kommunen sin rett til å flytte elevar til andre skular, § 8-1
• eit godt fysisk og psykososialt skulemiljø, § 9a
• tilpassa opplæring, § 1-3 og spesialundervisning, § 5-1
• skuleskyss § 7
• å velje nynorsk eller bokmål, § 2-5
Forvaltningslova
Forvaltningslova regulerer skulen sin sakshandsaming i elevsaker. Foreldre som er part i ein
elevsak, har rett til dokumentinnsyn og rett til å bruke fullmektig og klagerett. Teieplikta i
grunnskulen er heimla i forvaltningslova § 13.
Personopplysningslova
Personopplysningsloven gir reglar for skulen sin åtgang til innsamling og handsaming av personopplysningar om elevar og foreldre, mellom anna rett til innsyn i elevjournalen og reglar for oppbevaring av personopplysningar.
Barnelova
Mange barn bur hos bare ein av foreldra. Retten til opplysningar frå skulen for den av foreldra som
ikkje barnet bur samen med, er heimla i barnelova § 47.
Barnevernslova
Skulen er lovpålagt å være oppmerksom på elevar som kan være utsett for omsorgssvikt. Dersom
dei tilsette på skulen finn grunn til å tru at eit barn blir utsett for omsorgssvikt, har skolen meldeplikt
til det kommunale barnevernet. Bestemmelsene om taushetsplikt er ikke til hinder for ei slik melding.
Skulestart 2017
10
Skulane i Askøy - kontaktinformasjon
Skular
Davanger skole
Erdal barneskole
Erdal u.skole
Fauskanger skole
Florvåg skole
Follese skole
Hanøy skole
Haugland skole
Hetlevik skole
Hop skole
Kleppe skole
Kleppestø b.skole
Kleppestø u.skole
Ravnanger u.skole
Strusshamn skole
Træet skule
Tveit skole
Kontor
56 15 55 80
56 15 55 00
56 15 87 50
56 15 55 40
56 15 54 40
56 15 54 70
56 15 89 11
56 15 89 30
56 15 88 70
56 15 56 60
56 15 88 50
56 15 54 00
56 15 87 00
56 15 56 00
56 15 88 00
56 15 55 60
56 15 85 20
SFO
40 91 94 87
56 15 55 15
e-postadresse
[email protected]
[email protected]
[email protected]
56 15 55 40
97 05 17 71
95 29 03 02
56 15 89 22
56 15 89 40
97 58 85 61
56 15 56 73
56 15 88 52
40 91 94 87
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
56 15 88 00
56 15 55 70
56 15 85 30
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Fauskanger barne- og ungdomsskole og Træet skule har nynorsk som målform.
Fagavdeling skule og skolenes heimesider:
TANNKLINIKKER
Tannklinikken Kleppestø
Tannklinikken Florvåg
TELEFON
56 15 26 50
56 14 22 85
http://www.askoy.kommune.no
e-postadresse
[email protected]
[email protected]
ANDRE
TELEFON
Undervisningsavdelingen
56 15 84 76
Ped. Psykologisk Tjeneste (PPT) 56 15 84 50
Askøy kommune Kundetorget
56 15 80 00
www.askoy.kommune.no
AKTUELLE LINKER:
Skoleporten:
www.skoleporten.no Utdanningsdirektoratet:
www.udir.no
Opplæringslova:
http://lovdata.no/all/index.html
Foreldreutvalet for grunnskulen: www.fug.no
Askøy kommunes Temaplan skule 2015-2019:
http://www.askoy.kommune.no/selvbetjening-min-side/dokumentbanken/skole-og-utdanning/1910-temaplan-skole-pamflett/file
Skulestart 2017
11