Formål og hovedinnhold samfunnsfag

Formål og hovedinnhold
samfunnsfag
Grünerløkka skole
Revidert høst 2016
1
Føremål
I eit demokratisk samfunn er verdiar som medverknad og likeverd viktige prinsipp. Sentralt i arbeidet med samfunnsfaget står forståing av og
oppslutning om grunnleggjande menneskerettar, demokratiske verdiar og likestilling. Faget skal stimulere til og gje erfaring med aktivt
medborgarskap og demokratisk deltaking.
Menneska er prega av den kulturen dei veks opp i, og dette påverkar haldningar, kunnskapar og handlingar. Ei djupare forståing av forholdet
mellom det personlege livet og samfunnslivet kan medverke til å erkjenne mangfaldet i samfunnsformer og levevis. I samfunnsfaget står
forståing av likestilling og likeverd sentralt. I den samanhengen inngår kunnskap om kultur i Sápmi/Sábme/Saepmie og situasjonen til samane
som urfolk. Kunnskap om andre urfolk og minoritetar i verda er òg viktig.
Som menneske inngår vi i ein historisk samanheng, og ei lang rekkje historiske hendingar har påverka utviklinga av samfunnet. I samfunnsfaget
skal elevane lære om det kulturelle mangfaldet i verda i fortid og samtid, og lære seg å reflektere omkring det tradisjonelle og det moderne.
Såleis skal faget medverke til medviten identitetsdanning og trygg forankring i eige samfunn og eigen kultur for alle elevar.
Som reflekterande og handlande individ og fellesskap kan menneska bidra til å forme seg sjølve, og både påverke og bli påverka av
omgjevnadene sine. Som moralsk individ er mennesket ansvarleg for handlingane sine, også for handlingar som andre har teke initiativ til.
Gjennom samfunnsfaget utviklar elevane medvit om korleis dei kan påverke det lokale og globale fellesskapet og sin eigen livssituasjon.
Kunnskap om samfunn og politikk har verdi i seg sjølv, og er samtidig ein føresetnad for demokratisk deltaking. Kunnskap om det politiske
systemet i Noreg og i det internasjonale samfunnet gjer at ein blir medviten om at politikk er prega av samarbeid, konflikt, påverknad og bruk av
makt i ulike former. Gjennom samfunnsfaget får elevane verktøy til å analysere og drøfte historiske og aktuelle samfunnsspørsmål, og til å
identifisere og diskutere ulike maktrelasjonar.
For å oppnå berekraftig utvikling er det nødvendig å forstå forholdet mellom naturen og dei menneskeskapte omgjevnadene. Samfunnsfaget skal
stimulere til auka medvit omkring samanhengar mellom produksjon og forbruk, og konsekvensar som ressursbruk og livsutfalding kan ha på
natur, klima og ei berekraftig utvikling. Gjennom arbeid med faget vil elevane lettare forstå verdien av og utfordringar knytte til teknologi og
entreprenørskap, og dei vil utvikle kunnskap om arbeidsliv og global, nasjonal og personleg økonomi.
Samfunnsfaget er delt inn i ulike hovudområde som utgjer ein heilskap. Faget skal fremje evna til å diskutere, resonnere og løyse problem i
samfunnet ved å påverke lysta og evna til å søkje kunnskap om samfunn og kulturar. Gjennom kunnskap om samfunnet omkring seg blir elevane
undrande og nysgjerrige og stimulerte til refleksjon og skapande arbeid. Slik kan den einskilde forstå seg sjølv og andre betre, meistre og påverke
verda vi lever i, og bli motivert til ny innsikt og livslang læring.
2
Hovudområder
Samfunnsfaget er eit gjennomgåande fag i grunnopplæringa og eit fellesfag for alle utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Opplæringa skal difor
gjerast mest mogleg relevant for elevane ved å tilpassast til dei ulike utdanningsprogramma.
Faget er strukturert i hovudområde med tilhøyrande kompetansemål. Alle hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Utforskaren er eit hovudområde som grip over og inn i dei andre hovudområda i faget, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.
I grunnskolen omfattar samfunnsfag hovudområda utforskaren, samfunnskunnskap, geografi og historie.
I vidaregåande opplæring omfattar faget hovudområda utforskaren, individ, samfunn og kultur, arbeids- og næringsliv, politikk og demokrati og
internasjonale forhold. Geografi og historie blir vidareførte som fellesfag i dei studieførebuande utdanningsprogramma. Samfunnskunnskap blir
integrert i kvart hovudområde.
I grunnskolen har samfunnsfag kompetansemål etter 4., 7. og 10. årssteget.
I vidaregåande opplæring har samfunnsfag kompetansemål etter Vg1 i utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for realfag og
programområde for språk, samfunnsfag og økonomi.
I utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag har samfunnsfag kompetansemål etter Vg2.
I yrkesfaglege utdanningsprogram og i utdanningsprogram for idrettsfag og musikk, dans og drama har samfunnsfag kompetansemål etter Vg2.
Oversikt over hovudområda:
Årssteg
1. – 10.
Vg1 / Vg2
Hovudområde
Utforskaren
Utforskaren
Historie
Individ, Samfunn og
kultur
Geografi
Arbeids- og
næringsliv
Samfunnskunnskap
Politikk og demokrati
Internsjonale forhold
Utforskaren
Hovudområdet grip over i og inn i dei andre hovudområda i faget, og difor skal ein arbeide med kompetansemåla i utforskaren samtidig med at
ein arbeider med mål frå andre hovudområde. Hovudområdet handlar om korleis ein byggjer opp samfunnsfagleg forståing gjennom
nysgjerrigheit, undring og skapande aktivitetar. Å stimulere til kritisk vurdering av etablert og ny samfunnsfagleg kunnskap ved å bruke kjelder
og kjeldekritikk er sentralt. Utforskaren omfattar òg formidling, diskusjon og utvikling av samfunnsfagleg kunnskap og kompetanse.
3
Historie
Hovudområdet dreier seg om å utvikle historisk oversikt og innsikt, og å undersøkje og drøfte korleis menneske og samfunn har forandra seg
gjennom tidene. Historie omfattar korleis menneske skaper bilete av og formar si eiga forståing av fortida, og korleis dette innverkar på notida. Å
stimulere til kritisk og reflektert deltaking i samfunnet er sentrale element i hovudområdet.
Geografi
Hovudområdet omfattar lokalisering og utbreiing av naturlege og menneskeskapte forhold på jorda, og skal stimulere til forståing av korleis og
kvifor dei påverkar kvarandre. Kartlegging og diskusjon av endringsprosessar står sentralt, saman med refleksjon omkring berekraftig utvikling.
Geografi handlar òg om å bruke kart og gjere greie for og forklare likskapar og skilnader mellom land og by, mellom nasjonar og mellom
regionar.
Samfunnskunnskap
Hovudområdet omfattar emna sosialisering, politikk, økonomi og kultur, og handlar om samkjensle og motsetnader mellom menneske i eit
samtidsperspektiv. Samspelet mellom kulturelle normer og samfunnsstyring på den eine sida og individuelle handlingar og val på den andre er
sentralt i hovudområdet. Verdien av likestilling, medborgarskap og utvikling av demokratiske ferdigheiter er viktige dimensjonar i
samfunnskunnskap.
Individ, samfunn og kultur
Hovudområdet omfattar sosialisering, personleg økonomi, fleirkulturelle samfunn, religionen si rolle i kulturen, samlivsformer og kriminalitet.
Det handlar òg om likestilling, urfolk, etniske og nasjonale minoritetar, korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast, og kven og kva som
påverkar ungdom i dag.
Arbeids- og næringsliv
Hovudområdet handlar om næringar, bedrifter, etablering, yrkesval og arbeidsløyse. Det dreier seg òg om organisasjonane i arbeidslivet og
lønnsdanning, og om arbeidslivet i dag og dei prinsippa og verdiane det byggjer på.
Politikk og demokrati
Hovudområdet omfattar det politiske systemet på alle nivå og velferdsstaten. Det handlar om dei politiske partia og kva som kan truge
demokratiet. I dette hovudområdet blir det òg lagt vekt på samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar.
4
Internasjonale forhold
Hovudområdet omfattar internasjonalt samarbeid, terrorisme, konfliktar, konfliktløysing og fredsarbeid. Det handlar òg om globalisering,
fordeling av ressursar, berekraftig utvikling og Noregs rolle som internasjonal aktør.
Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei er ein del av og medverkar til å utvikle kompetansen i faget. I samfunnsfag
forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Munnlege ferdigheiter i samfunnsfag inneber å kunne forstå, beskrive, samanlikne og analysere kjelder og problemstillingar ved å bruke fakta,
teoriar, definisjonar og fagomgrep i innlegg, presentasjonar og meiningsytringar. Munnlege ferdigheiter handlar òg om å lytte til, vurdere, gje
respons på og vidareutvikle innspel frå andre. Utvikling av munnlege ferdigheiter i samfunnsfag går frå å lytte til og uttrykkje meiningar i enkle
munnlege tekstar til å ytre seg med grunngjevne synsmåtar og lytte til andre med fagleg tryggleik. Munnlege ferdigheiter i samfunnsfag blir
oppøvde i ein prosess som begynner med refererande ytringar, ofte av personleg karakter, og blir utvikla til fagrelevante og fagspesifikke
tankerekkjer med aukande grad av argumentasjon, drøfting og presis bruk av fagomgrep. Forståing for ulike syn, evne til perspektivtaking og
evne til å uttrykkje usemje sakleg og med vørdnad for andre oppfatningar er òg ein del av munnlege ferdigheiter.
Å kunne skrive i samfunnsfag inneber å kunne uttrykkje, grunngje og argumentere for standpunkt, og formidle og dele kunnskap skriftleg. Det
inneber òg å samanlikne og drøfte årsaker, verknader og samanhengar. Vidare handlar det om å kunne vurdere verdiar i kjelder, hypotesar og
modellar, og å kunne presentere resultat av samfunnsfaglege undersøkingar skriftleg. Evne til å vurdere og gjennomarbeide eigne tekstar er òg
ein del av ferdigheita. Utvikling av skriveferdigheitene i samfunnsfag inneber gradvis oppøving, frå å formulere enkle faktasetningar og konkrete
spørsmål, over evne til å kunne gje att og oppsummere tekstar, til å kunne formulere problemstillingar og strukturere drøftande tekst med bruk av
kjeldetilvisingar. Oppøving i kritisk og variert kjeldebruk, i å kunne trekkje grunngjevne konklusjonar med aukande bruk av fagomgrep og
stigande refleksjon omkring tema, er ein sentral del av prosessen.
Å kunne lese i samfunnsfag inneber å utforske, tolke og reflektere over faglege tekstar for å forstå eige og andre samfunn og andre tider, stader og
menneske. Det inneber òg å kunne behandle og bruke informasjon frå bilete, film, teikningar, grafar, tabellar og kart, og å gjere målretta
informasjonssøk, kritisk vurdering og medvitne val og bortval av kjelder. Utvikling av leseferdigheitene i samfunnsfag inneber gradvis oppøving,
frå forståing av tekst og visuelle framstillingar, gjennom tolking og vurdering til utvikling av strategiar for kritisk kunnskapstileigning. Lesing for
informasjonsinnhenting og kritisk lesing av kjelder tek til med å finne informasjon i enkle, tilrettelagde kjelder og å vurdere om informasjonen er
5
nyttig. Seinare kjem oppøving av evna til å gjere eigne informasjonssøk, samanlikne informasjon frå ulike kjelder og kritisk vurdere deira
relevans, truverd og formål.
Å kunne rekne i samfunnsfag inneber å kunne hente inn, arbeide med og vurdere taltilfang om faglege tema, og å framstille dette i tabellar, grafar
og figurar. Rekning i samfunnsfag handlar òg om å bruke og samanlikne, analysere og presentere statistisk talmateriale som illustrerer utvikling
og variasjon. Evna til å gjennomføre undersøkingar med teljing og rekning, bruke samfunnsfaglege databasar og kritisk tolke talmateriale er
sentral. Det inneber òg å bruke målestokk, rekne med tid og bruke rekning til å forvalte pengebruk og personleg økonomi. Rekneferdigheitene
blir gradvis oppøvde frå å finne og meistre strategiar for teljing, klassifisering, bruk og framstilling av data. Vidare blir evna til å samanfatte,
samanlikne og tolke statistisk informasjon utvikla, og evna til analyse, kritisk bruk og vurdering av data. Arbeid med data som illustrerer
utvikling og variasjon ved hjelp av statistiske mål, er sentralt.
Digitale ferdigheiter i samfunnsfag inneber å kunne bruke digitale ressursar til å utforske nettstader, søkje etter informasjon, utøve kjeldekritikk
og velje ut relevant informasjon om samfunnsfaglege tema. Ferdigheitene omfattar òg å bruke digitale presentasjons- og samarbeidsverktøy til å
utarbeide, presentere og publisere multimediale produkt. Digitale ferdigheiter vil vidare seie å kunne kommunisere og samarbeide digitalt om
samfunnsfaglege tema, og å følgje reglar og normer for nettbasert kommunikasjon, medrekna personvern og opphavsrett. Utvikling av digitale
ferdigheiter i samfunnsfag inneber å lære seg å bruke digitale verktøy og medium for å tileigne seg fagleg kunnskap, uttrykkje eigen kompetanse
og forsterke faglege bodskapar. Digitale ferdigheiter i samfunnsfag blir oppøvde i ein prosess som begynner med å bruke digitale verktøy til å
finne og gje att samfunnsfagleg innhald. Vidare blir evna til å bruke varierte søkjestrategiar utvikla, til å gjere kritiske val og til å uttrykkje fagleg
refleksjon.
6