BARNE- OG UNGDOMSFOTBALLEN I LOM SESONGEN 2016

BARNE- OG UNGDOMSFOTBALLEN I LOM SESONGEN 2016
Påmeldte lag
 Denne sesongen var det 21 påmeldte lag i aldersklassene 7 år-16 år.
 Det har vore 180 aktive fotballspelarar i barne-og ungdomsfotballen i Lom.
 Vi har eigne jentelag frå 8-års klassa.
 Vi har hatt to samarbeidslag for G16 (Lom/Skjåk)
Aktivitet
 I løpet av sesongen spelte Lomslaga til saman fleire hundre seriekampar, på heime- og
bortebane.
 I løpet av mai og juni vart det arrangert og gjennomført ca 100 kampar i Grov.
 Mange lag deltok på turneringar; Lerum Cup, Norway Cup, Bendit Cup Otta, GR-Cup Sør-Fron,
Otta-Cup m.m
 Lomsturneringa, som er ei barnefotballturnering for spelarar opp til og med 10 år, hadde i år 225
spelarar fordelt på 31 lag. Det vart spelt 50 kampar i Grov denne dagen. Våre eigne
klubbdommarar dømte alle kampane.
 Småspeldag i Utgard i november: 85 spelarar fordelte på to økter på 1,5 t.
o Inntil 1 ½ time med fotballkampar i tre ulike variantar på tre banar samstundes.
o Bane 1: Hjørnefotball(3v3 el. 4v4)
o Bane 2: 3v3 på små mål(115cmx160cm) utan keeper.
o Bane 3: 3v3 på handballmål med keeper.
Trenarar og oppmenn
 Ansvaret for oppfølging av laga gjennom sesongen har vore fordelt på om lag 40 svært positive
og engasjerte trenarar, hjelpetrenarar og medhjelparar.
 Desse har i løpet av 2016 lagt ned eit utal timar til kurs, møter, planlegging og gjennomføring av
treningar og kampar.
 Vi ynskjer å skape eit trygt og utviklande miljø rundt ungane og krev derfor at:
 Alle trenarar og oppmenn for barn og unge under 18 år i Lomsfotballen har
godkjente politiattestar.
Kurs og samlingar
 Representantar for alle lag i barnefotballen (opp tom 12 år) i Lom, har gjennomført
Barnefotballkurs i regi av Norges Fotballforbund.
 Alle klubbdommarar har gjennomført dommarkurs i regi av Indre Østland fotballkrets.
 Vi har hatt 14 klubbdommarar denne sesongen.
 I år har alle trenarteam fått tilbod om fyrstehjelpskurs med bruk av hjartestartar.
 Trenarane har delteke på regelmessige fellesmøter i eigen klubb. Ca 8 i løpet av året.
Spelarutvikling.
DIFFERENSIERING ER VIKTIG FOR Å UTVIKLE SPELARANE I LOMSFOTBALLEN
I Lomsfotballen er alle spelarar like mykje verdt. Likskap og likeverd er ikkje einstydande med at alle
skal vere like, men ei erkjenning av at vi er forskjellige og at ein bør legge til rette for ulike
utfordringar i forhold til spelarane sine ønskjer, modning og føresetnader. Dette vil seie at vi
gjennom differensiering behandlar spelarane ulikt, men då i positiv forstand.
Fotballgruppa ynskjer å utvikle alle spelarane i høve til breiddeformelen for barnefotballen i Noreg.
TRYGGLEIK vs UTFORDRINGAR + MEISTRING = TRIVSEL OG UTVIKLING
Tiltak 1: Hospitering i eigen klubb.
Hospitering er ein viktig del av differensieringa i Lomsfotballen. Det betyr at spelarar trenar og/eller
spelar kamp på eit lag over sitt aldersnivå. Dette er framleis eit viktig utviklingsområde for
Lomsfotballen.
Vi ynskjer å bidra til både tryggleik (spele med kameratar) og utfordringar (spele med dei som har
kome lengre i ferdigheitsutviklinga). Utgangspunktet for mestring vil da vere godt. Dette er ein del av
grunnlaget for å oppnå trivsel og utvikling. Dette er i samsvar med NFF sin breiddeformel.
Hospitering skal først og fremst gjevast som eit tilbod til spelarar som held eit høgt ferdigheitsnivå,
viser stor interesse for fotball og/eller som er svært trenings- og lærevillige.
Spelarane må over tid ha vist gode treningshaldningar ved at dei har svært godt frammøte på eige
lag. I tilfelle der desse kriteria ikkje er oppfylt bør ein heller ikkje starte med hospitering.
Tiltak 2: Hospitering utanfor eigen klubb.
Dette er eit viktig tillegg for å gje utvalde spelarar dei ekstra utfordringane dei treng, og som klubben
sjølv ikkje greier å gje desse spelarane.
 Treningshospitering i andre klubbar.
 Vi har i fleire år hatt spelarar som har reist til Sogndal og trena med lag der.
 Treningssamarbeid med andre klubbar
 Denne sesongen har det vore eit treningssamarbeid mellom klubbane i
Ottadalen for G2004. Dette vil bli vidareført neste sesong.
 Nasjonalparkriket fotball
 Lom har 14 spelarar med på jentelaga.
 Lom har 6 spelarar med på gutelaga.
 Ottadalssamarbeid (førebels berre for G2004)
 Lom har hatt med 3 spelarar på tiltaket.
 Sone
 J2003: Rønnaug Sandviken, Ingrid Sandviken, Emma Høsteng Haugen
 J2004: Nina Sveine
 G2003: Jo Mallaug
 G2004: Eirik Fjeld
 Krets
 J2002: Emma Mallaug
 J2003: Rønnaug Sandviken, Ingrid Sandviken, Emma Høsteng Haugen
 J2004: Nina Sveine
 Det har og vore spelarar som har delteke på ulike fotballskular rundt om i landet.
Olav G. Øyen
Koordinator for barne- og ungdomsfotballen i Lom IL
Lomsfotballen sine seniorlag sesongen 2016
Herrer
Vi stilte med lag i 5. div. i årets sesong. I vårsesongen strevde laget resultatmessig og var veldig langt
nede på tabellen. I høstsesongen tok Øyvind Moe over laget, dette gjorde positive utslag, laget
plukka godt med poeng og havna til slutt som nummer 3 i avdelingen. Godt gjennomført høstsesong
gir også et godt utgangspunkt for sesongen 2017. Selv om resultatene er varierende er det viktig at vi
har seniorlag, det er et godt sportslig og sosialt tilbud, samtidig som det er bra for de yngre å se at
fotball er noe du kan fortsette med opp i godt voksen alder.
Damer
I år stilte vi senior damelag i seriesystemet for første gang på 20 år. Etter en god start sleit vi en del
med både å stille lag og sanke poeng utover vårsesongen og på starten av høstsesongen, før vi har en
opptur mot slutten av høstsesongen igjen. Vi fullfører sesongen etter en del strev, men håper vi har
lagt et grunnlag for å stille damelag også i 2017. Som på herresida er det viktig å ha et sportslig og
sosialt tilbud også for de over 16 år.
Toro
Økonomi
Eit meget godt resultat i 2015 (157 000) vart utjamna med negativt resultat (147 000) i 2016. At
fotballen ikkje har hatt sjølvstendig styre med definerte arbeidsoppgåver gjennom sesongen har
skapt utfordringar for økonomistyringa i gruppa. Transport , leige av Utgard og lags/baneutstyr er dei
største utgiftspostane for fotballen. Sponsorar, overføringar frå hovudlaget, treningsavgift og kiosksal
genererer dei største inntektene.