FJELL.KOMMUNE.NO Vil du bli lærling i Fjell kommune?

Vil du bli
lærling i Fjell
kommune?
Fjell kommune tek inn lærling kontinuerlig,
men søkjer vanlegvis etter lærlingar om våren.
Det vert annonsert på heimesida til
kommunen i BT og Vestnytt. Dei som ønskjer
å ta fagbrev eller kompetansebevis, kan til ein
kvar tid sende søknad eller kontakta
kommunen for meir informasjon.
Alle lærlingane får eigen rettleiar på
arbeidsplassen sin.
Fjell kommune tilbyr læreplass i seks fag:
• Barne- og ungdomsarbeidarfaget
• Byggdrifterfaget
• Helsefagarbeidar
• IKT-faget
• Institusjonskokk
• Kontor- og administrasjonsfaget
FJELL.KOMMUNE.NO
Byggdriftarfaget
Opplæringa i byggdrifterfaget skal bidra til å
dekke behova for å oppnå trygge bygg for
næring, oppvekst, omsorg og bustader som
ivaretar folkehelsa.
Hovudområdet handlar om drift, kontroll og
ettersyn av bygningar, VVS-installasjoner,
elkraftinstallasjoner, tele- og automatiseringsinstallasjoner og anna innandørs og utandørs
installasjoner.
Vidare handlar det om løpande og
førebyggjande vedlikahald og enkle
reparasjonar som ikkje krever anna spesiell
fagkompetanse. Andre oppgåver er
energiovervåking, energiøkonomisering,
avfallshandtering, førebyggjande tiltak,
dokumentasjon og dataverktøy.
Læretid
Læretida er tre års opplæring i bedrift,
kor eit år er verdiskaping.
Grafisk utforming: Monica Hovland, Fjell kommune
Kor kan du få arbeid?
Privat eller offentleg bedrift..
Kontakt oss
Har du lyst til å bli lærling i Fjell kommune?
Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar.
Fagleg leiar Harald Polden
Epost: [email protected]
Tlf.: 959 10 602
FJELL.KOMMUNE.NO