FJELL.KOMMUNE.NO Vil du bli lærling i Fjell kommune?

Vil du bli
lærling i Fjell
kommune?
Fjell kommune tek inn lærling kontinuerlig,
men søkjer vanlegvis etter lærlingar om våren.
Det vert annonsert på heimesida til
kommunen i BT og Vestnytt. Dei som ønskjer
å ta fagbrev eller kompetansebevis, kan til ein
kvar tid sende søknad eller kontakta
kommunen for meir informasjon.
Alle lærlingane får eigen rettleiar på
arbeidsplassen sin.
Fjell kommune tilbyr læreplass i seks fag:
• Barne- og ungdomsarbeidarfaget
• Byggdrifterfaget
• Helsefagarbeidar
• IKT-faget
• Institusjonskokk
• Kontor- og administrasjonsfaget
FJELL.KOMMUNE.NO
helsefagarbeidar
Som helsefagarbeidar utførar du omsorg,
grunnleggjande sjukepleie og miljøarbeid for
pasientar og brukarar av helse- og
sosialtenesta. Du skal møte pasientar,
brukarar og pårørande på ein profesjonell
måte, og bidra til å fremme trivsel, fysisk og
psykisk helse og ivareta brukarmedverking
og pasientrettigheiter.
Opplæringa i lærefaget skal utvikle evna til å
møte menneske med ulik kulturell bakgrunn i
ulike livssituasjonar og med ulik evne og
mogeleg for kommunikasjon.
Læretid
Læretida kan variere i tid. Læretida kan vere
på institusjon, praksis i heimetenesta, arbeid
med psykisk utviklingshemma og praksis på
sjukehus.
Grafisk utforming: Monica Hovland, Fjell kommune
Kor kan du få arbeid?
Heimetenesta, omsorgsbustader for psykisk
utviklingshemma, sjukeheim, dementavdeling,
innan rusomsorg, trenings- og aktivitetssenter,
dagsenter, verna bedrift og sjukehus.
Kontakt oss
Har du lyst til å bli lærling i Fjell kommune?
Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar.
Fagleg leiar Bente Våge
Epost: [email protected]
Tlf.: 55 09 68 25
FJELL.KOMMUNE.NO