Kyrkjelydsbladet for Balestrand nr.2-2012

Kyrkjelydsbladet for Balestrand
Nr 2 – 2012
Sommaren 2012
Årgang 42
DEN NORSKE KYRKJA
INNHALD
Andakt av Marius Theis Moe
Stat-kyrkje – kva no?
Vekst på Sygna
Mathias Orheim-framsyning
Drift av kyrkjegardane i Balestrand
Oppstart av arbeid på Kvamsøy
Nytt frå kyrkjetårnet
Bøneemne
Glimt frå arbeidet
Trusopplæring
Jesus – Guds svar på våre bøner
Dikt: Tankar over ei middagsgryte
Diakonens hjørne
Borna si side
Konfirmantsider
Bryllaupsdagar
I glede og sorg
Støtteannonser
Gudstenesteplan
Balestrand sokneråd
s. 3
s. 4
s. 5
s. 6
s. 8
s. 9
s. 10
s. 13
s. 14
s. 15
s. 16
s. 16
s. 17
s. 18
s. 19
s. 22
s. 23
s .23
s. 24
KONTAKTINFORMASJON
Balestrand kyrkjekontor
Kjerneopningstid:
kl. 10 - 14
Tysdag-fredag
Sjøtunsvegen 6, 6899 BALESTRAND
Telefon:
57 69 15 48
Telefaks: Har ikkje lenger
E-post: [email protected]
Heimeside: www.balestrand.kyrkja.no
Sokneprest Audun Systad
Kontortid:
Tysdag kl. 10-14
(elles etter avtale)
Telefon:
57 69 16 80
Telefon privat:
57 69 11 55
Mobiltelefon:
971 55 237
E-post: [email protected]
Kyrkjeverje/dagleg leiar
Jostein Risa
Telefon kontor:
57 69 15 48
Mobiltelefon:
920 60 832
E-post: [email protected]
Kyrkjelydsbladet for Balestrand
Utgjeve av Balestrand sokneråd
Nr. 2 - 2012, 42.årgang
Organist Jan Herland
Telefon privat:
57 69 11 64
Mobiltelefon:
975 82 011
E-post: [email protected]
Redaksjonsutvalet
Solbjørg Angelskår, Rune Haugen,
Audun Systad (sokneprest) og
Jostein Risa (kyrkjeverje)
Prostidiakon Kjersti Brudvik
Mobiltelefon:
402 47 691
E-post: [email protected]
Abonnement
3 utgjevingar i året (vår, sommar, jul)
Fulldistribusjon i kommunen i tillegg til ikring
75 utanbygds abonnentar.
Bladpengar: kr.150,- per år (friviljug) til konto:
3805.10.32583. Sats auka frå 1.1.2012.
Kyrkjelydspedagog Tore Brudvik
Mobiltelefon:
930 82 948
E-post: [email protected]
Leiar i Balestrand sokneråd Helge Eilifsen
Telefon privat:
57 69 16 77
Mobiltelefon:
975 42 481
E-post: [email protected]
Trykk / oppsett
Ingvald Husabø Prenteverk, Leikanger
Vakttelefon Ytre Sogn: 954 83 831
Kvardagar:
17.00-08.00
Helg/høgtid:
Frå 08.00
I desse tidsromma er ein av prestane i prostiet i
beredskap. Vakttelefonen nyttast om ein har bruk
for prestetenester som ikkje kan vente (t.d. dødsbod, soknebod for døyande, sjelesorg/støtte i
kritiske situasjonar.)
Annonser
Små annonser kr.400, store annonser kr.750.
Heilside etter avtale.
Framsidefoto:
Kvamsøy kyrkje. Biletet er teke før gudstenesta
på Kvamsøy 10.juni 2012. Om du ikkje fekk med
deg denne gudstenesta, får du eit nytt høve til å
sjå Kvamsøy kyrkje - med oppussa murveggar ved Olsokgudstenesta søndag 29. juli.
Foto: Solbjørg Angelskår.
Heimeside: balestrand.kyrkja.no
Her finn du oppdatert gudstenesteinformasjon,
konfirmantinformasjon, skjema for innmelding av
dåp og vigsel, kyrkjegardsføresegner. Vidare kan
du søkje etter gravlagde på kyrkjegarden, laste
ned årsrapporten og dette bladet i pdf-format
osb.
2
Andakt
Marius Theis Moe vart i mai tilsett som styrmann hjå Fjord1 i ferjeambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik. Han
har tidlegare gjort teneste på eit internasjonalt legeskip knytt til organisasjonen Mercy Ships og har sidan
jobba som matros/kadett på forsyningsfarty i Nordsjøen. Marius bur på Dragsvik og vil gjerne verte kjend
med folk i Balestrand, men med kjærast og vener i Bergen går turen gjerne dit når han har frihelger.
Kyrkjelydsbladet spurde han om han kunne tenkje seg å skrive ein sommarandakt til Balestrand "sett frå
fjorden", noko han gjerne ville.
Jeg er en seiler på livets hav
Uten den himmelske losen om bord
Tumlet min livsbåt omkring uten ror.
Tårnhøye bølger om båten min slo,
Omgitt av mørke, alene jeg sto
Gud har en plan med oss mennesker. Han elsker
oss og ønsker å ha kontakt med oss. Det er helt
fantastisk. Og det er gjennom Jesus at det er mulig
å ha kontakt med Gud. Takk Jesus for at du lever og
ønsker å være en aktiv del av våre liv.
Slik er det første verset på en av mine favorittsanger, ”Himmellosen”. Første gang jeg hørte den
var på skoleskipet Gann, og den har fulgt meg
siden. Jeg har vokst opp i et kristent hjem, og hatt
en god oppvekst. Men i ungdomsalderen var det
ikke ”tøft” å følge Jesus og det gjorde at jeg b.l.a.
hadde lite venner.
Jesus min frelser, jeg lovpriser deg,
Takk at du frelste en synder som meg.
Stormen har stilnet, mitt hjerte har fred,
Losen fra himlen i båten er med.
Til slutt har jeg lyst til å avslutte med noe jeg skrev
på Facebook 1. november 2011:
For meg er livet som en seilas på havet. Det kan
storme, riste og skremme en. Men det kan også
være nydelig, solen som skinner på et stille hav.
Eller så er det sånn passe vær, og livet på havet går
sin vante gang. Men uansett er livet en gave som er
verdt å åpne og prøve å leve ut. Takk Gud for at du
gav oss livet og ønsker å være med oss hver dag,
uansett om det stormer eller er stille ☺ Eller en
vakker dag på bøljan blå!
Håpet om redning var sunket i grus.
Da kommer Jesus, den himmelske los,
entret min livsbåt,
forandret min kurs.
Det var akkurat dette som skjedde. Jeg skulle være
med på en familieleir sommeren 2004, sammen
med en kamerat. Der møtte Gud meg, og jeg opplevde at han kalte på meg. Jeg tok imot han og
valgte å følge han. Det har jeg ikke angret på!
Himmelosen har vært med og ledet og vist veien
eller leden om man skal holde seg til sjøspråket ☺.
Men Gud har vært trofast mot meg, og ikke sviktet
eller forlatt meg. Han står ved min side og styrer
livskursen min med stødig hånd.
Ønsker deg en riktig god sommer!
Marius Theis Moe
I Paulus brev til Filipperne 1:6 står det:
”Og jeg er trygg på at han som begynte sin gode gjerning
i dere, skal fullføre den – helt til Jesu Kristi dag.”
3
Stat-kyrkje – kva no?
Mange har fått med seg at Grunnlova vart endra 21.
mai. Men ikkje alle veit at kyrkja har vore og er ein
viktig pådrivar i prosessen. Nokre trur at å miste
privilegia som statskyrkje er uynskt, men leiinga i Den
norske kyrkja har jobba i mange år for lausare band
mellom stat og kyrkje. Og no er stat og kyrkje på rett
veg – kvar sin veg.
eigen kyrkjelyd,
slik ein i større
grad gjer i andre
trus- og livssynssamfunn.
Er eigentleg
forandringa
så stor?
Dette er ikkje
noko definitivt
skilje mellom
stat og kyrkje. Prestar, prostar, biskopar, tilsette
sentralt og på bispedømmekontora vil framleis være
løna av staten, og Den norske kyrkja skal framleis vere
folkekyrkje i landet. Men kyrkja sine egne organ skal
altså få utnemne prostar og biskopar. Endringa
tydeleggjer Den norske kyrkja som trussamfunn og
dette er prinsipielt viktig. Lovteksten tydeleggjer at
også Den norske kyrkja må handsamast av staten ut
frå prinsippet om trus- og livssynsfridom, i likskap
med andre trus- og livssynssamfunn. Så lovendringa
har utvilsamt mest å seie for staten, og ikkje for
kyrkja, som i all hovudsak er den same.
Likandes likebehandling
Med ny tekst i Grunnlova sine §§ 2 og 16 er ikkje
lenger den evangelisk-lutherske religion statens offentlige religion, og trus- og livssynssamfunn skal behandlast likt. Lova slår no fast at Den norske kyrkja
ikkje lenger er ei statskyrkje, men ei folkekyrkje og at
verdigrunnlaget skal være vår kristne og humanistiske
arv.
I juni sender Kyrkjerådet ut "Kyrkjeordning etter
2013", eit refleksjonsdokument frå Kyrkjerådet til alle
sokneråd. Dette dokumentet gir innføring i problemstillingar rundt kyrkja i framtida, og bør handsamast
av sokneråd og soknemøte.
Svein Arne Lindø er den valde leiaren i Kyrkjerådet.
Han svarar under på spørsmål om kva grunnlovsendringa inneber for kyrkja og staten.
Kvifor er kyrkja si leiing
tilhengarar endringa?
Samfunnet består av ulike menneske, som i stadig
større grad har ulik religiøs ståstad. Det er ikkje
naturleg at staten skal favorisere ei tru. Ein stat kan
dessutan ikkje være truande, men det kan og skal ei
kyrkje, og det er kyrkja som skal stå folket nær i trua.
Kyrkja får med endringa utnemne eigne prostar og
biskopar, og det er på høg tid at eit trussamfunn får
velje sine eigne, religiøse leiarar. Så Den norske kyrkja
ønskjer endringane velkomne, og er glad for at alle
partia på Stortinget har kunna stille seg bak.
Vil kyrkjelydane oppleve at kyrkja er annleis?
Vi trur at kyrkjelydane vil bli meir engasjerte i ei
kyrkje som i større grad styrer seg sjølv. Jo meir aktiv
ein er i kyrkja, jo meir får kan ein være med og prege
henne. Den nye folkekyrkja vil kome nærare folket,
men fjernare frå staten, men dette engasjementet kan
nok merkast vel så godt gjennom involvering i ny
gudstenesteordning.
Nokre er redde for at dei nye lovtekstane
betyr ei avkristning av Noreg?
Endringane i Grunnlova påverkar relasjonen mellom
kyrkje og stat, men desse endringane har ikkje noko
med ei eventuell «avkristning» av Noreg å gjere. Den
nye § 16 viser ein stat som vil handsame den tidlegare
statskyrkja som det trussamfunnet ho alltid har vore.
Slik eg ser det, er Noregs kristne forankring minst like
sterk med den nye formuleringa av § 2 i Grunnloven,
som med den tidlegare formuleringa. Det er andre
tilhøve som avgjer kristendommens framtid i Noreg.
Eg trur til dømes at søndagsskule og gode konfirmantlærarar betyr meir for kristendommen sin
posisjon og påverknadskraft i det norske samfunnet
enn lovformuleringar og reglar.
Kva skjer med finansieringa
av Den norske kyrkja?
Både politikarar og kyrkjeleiing er interessert i å halde
fram med dagens ordning, der Den norske kyrkja er finansiert over statsbudsjettet og den enkelte kommune. Det er altså ikkje aktuelt å innføre kyrkjeskatt
slik dei har i Sverige. Eg trur likevel at vi må være klar
over at vi i framtidas kyrkje nok må ta eit større privat
ansvar for å dekke utgifter til det lokale kyrkjelydsarbeidet. I dag er dette noko mange allereie gjer når
det gjeld misjon og enkelte tilsetjingar, men eg trur
altså at dette blir viktig også på andre felt. Sjølv om
stat og kommune framleis skal finansiere mesteparten
av drifta, må vi nok ta meir økonomisk ansvar for
Kjelde: www.kyrkja.no
4
Vekst på Sygna
I fjor feira Sygna vidaregåande
skule 30 år. Ei fin bursdagsgåve
er at stadig fleire elevar søker
seg til den vesle skulen i Balestrand.
Fulle internat
Elevtala har stige jamnt på
skulen dei siste åra. Til hausten
er det per i dag 186 søkarar som
har takka ja til plassen på Sygna.
Det høgaste elevtalet sidan 1999.
Dette er gode nyhende for mellom andre rektor Joakim Hector,
som tek seg tid til å reflektere
over elevauka midt i ein travel
eksamensperiode.
-Til hausten får vi for første gong
på lenge heilt fulle internat. Vi
kan faktisk ikkje ta inn fleire der
sjølv om det er ledige plassar på
skulen seier Hector. Skulen må
no utvide internatkapasiteten og
vil frå hausten også ta i bruk ein
av personalbustadene til
internat. Han fortel vidare at
Sygna på sikt ser for seg å bygge
både nytt internat og nytt skulebygg dersom økonomien tilseier
det.
Hector presenterer litt av det
skulen vil satse på framover. Eitt
av tiltaka han presenterer er
satsinga ”Vurdering for læring”
som skal fremje læringa og gi
både lærarar og elevar ei betre
forståing for faget. –Vi vil også
meir aktivt følge opp utfordringar med fråvere ved tettare og
tidleg kontakt til elev og
føresette. Eit tredje satsingsområde Joakim presenterer er
utvikling av det kristne arbeidet
på skulen. -Dette er ein svært
viktig del av arbeidet vårt på
Sygna og vi må stadig arbeide for
å nå fleire elevar og få dei med
på dei kristne arrangementa.
Trivsel viktig
-Ein av hovudgrunnane til at
fleire vél å gå på Sygna er at våre
noveande elevar trivst godt og
spreier det til vener og søsken,
seier Hector. Han trekker fram
kombinasjonen av godt miljø
blant elevane og flinke tilsette
som årsak til dette. Ein annan rekrutteringsfaktor er oppstarten
av idrettslinja på skulen. I tillegg
starta skulen eit meir bevisst
arbeid for å auke elevtalet ved å
opprette ei rekrutteringsstilling
for nokre år sidan.
Elevtalet på dei ulike linjene på
Sygna varierer frå år til år. -Vi
opplever ingen merkbare
trendar i linjevalet med unntak
av den gradvise oppgangen på
idrerttslinja, reflekterer
rektoren. -Hovudinntrykket er
heller at ungdommane vél Sygna
fordi dei vil gå på nettopp Sygna.
Linjevalet kjem ofte i andre
rekke.
Rektor Joakim Hector oppsummerer med å presentere kvifor Sygna er viktig for elevane:
Ein bra skule, eit godt miljø og
det at skulen har ein kristen
profil. –Dette er ein unik kombinasjon, avsluttar han. Så må
Hector vidare. Det er endå mykje
som skal gjerast sjølv om
skuleferien berre er to veker
unna. Så kan Sygna ta ein velfortjent sommarferie før storinnrykket til hausten.
Tekst og foto: Solbjørg Angelskår
Tettare oppfølging på fleire
område
Det er mykje å ta tak i på ein
vidaregåande skule og Joakim
5
Orheim-kveld i Tjugum kyrkje
Ei flott framsyning vekkjer minne om Orheim
”Tusenvis strøymde til Orheimteater”. Ja, det
kunne ein lese våren 2010, då teaterstykket om
Mathias Orheim først vart sett opp av Sogn og
Fjordane Teater. På grunn av sjukdom i ensemblet
vart det inga framsyning i Tjugum kyrkje då. Nokon
av oss reiste derimot til Høyanger. Ein fin maikveld
i vår, onsdag 2.mai, vart stykket sett opp att i
Tjugum. Sjølv om ikkje tilstrøyminga var like stor
som dagen før med Esefjorden Rundt, så var det ein
fin flokk som samlast i kyrkja denne kvelden.
Det var mange lovord etterpå om ei flott framføring. Mange stod att utanfor kyrkja i den milde
maivinden og delte det gode dei hadde opplevd.
Naturleg nok var det flest av dei som no var komne
over dei 50, og kanskje også over dei 60 som samlast
i kyrkja. Fleire av dei som var til stades hadde sjølv
minne om Orheim.
Glasmusikant Randi-Merete Roset i samtale med Randi Skarstein
Ese og Bjørg Frøisok Bjøberg. Foto: A. Systad
Frå Flå
Bjørg Frøisok Bjøberg som vaks opp litt lenger
austpå, har gode minne om Orheim frå Flå kyrkje
frå midten av 50-åra. Ho seier at dette med glasmusikken gjorde sterkt inntrykk på henne. Det var
noko nytt, som dei aldri hadde høyrt før. Det var
fulle hus, og fantastiske opplevingar, slik ho hugsar
det.
Frå Olden
Ute på kyrkjebakken etterpå møter me Randi Skarstein Ese, sjølv nordfjording; frå Olden. Ho seier det
var flott å få med seg dette stykket no, og ho synest
at skodespelaren Frode Rasmussen, minte henne
ikkje så lite om Orheim sjølv.
Ho har mange minne om Orheim, både Mathias og
Marie, kona hans. Det var frå store møter og
stemner i Olden kyrkje, både før og etter krigen.
Det var stemner for indremisjonen. Det var alltid
mykje folk, ja stor trengsel. Båtane kom både frå
fjorden utanfor og innanfrå bygdene. Ho synst at
Orheim hadde ei spesiell utstråling, ja karisma er
vel det det heiter no. Han tok liksom heile forsamlinga, og det var heilt stilt då han gjekk fram og
talte, eller når han spela på fele og på glas. Ho
hugsar også at kona Marie fortalde om då dottera
deira døydde ung i sjukdom. Det gjorde inntrykk på
forsamlinga. Eit sterkt minne er òg då båten med
Orheim fòr utover fjorden og den store
folkemengda stemde i: ”Navnet Jesus blekner
aldri”.
Frå Nessane
I bygdene her i prestegjeldet er det òg mange som
har minne om Orheim. Elsa Nesse fortel at Mathias
Orheim var på Nessane fleire gonger, og at han då
budde hos foreldra til Elsa. Han sov på sofaen i
stova.
Den blinde Mathias Orheim trengde naturleg nok
menneske rundt seg til å vise han vegen reint
fysisk. Ei av oppgåvene ho og dei andre søstrene
hadde var å følgje han til utedoen på låven. Når han
hadde utført ærendet sitt, vart han geleida attende
til huset. Når han skulle halde møte i bedehuset,
var det mor til Elsa si oppgåve å passe på at han såg
bra ut, at t.d. slipset var slik det skulle vere.
6
Kvardagskristen
vil eg vera
Kvardagskristen vil eg vera,
syn for segn det krev Guds ord.
Samklang mellom liv og læra,
det er himmelsong på jord.
Som den djupe fjord kan greia
spegla himlen høg og blå,
skal ein kvardagskristen spreia
festglans kring det kvardagsgrå.
Kvardagskristen, døypt til yrke,
fødd til kjærleik, skapt av Gud,
vigslar heim og hall til kyrkje,
kjøkenkrå og handelsbu.
Mynt og vara får Guds stempel,
fals og fusk på døri må.
Altarljoset i Guds tempel
festglans gjev det kvardagsgrå.
Frode Rasmussen og Linda Øvrebø i rollene som Matias og Marie
Orheim. Foto: Olav Reiakvam
Sjå, der kjem ein sjuk og fatig,
der kjem ein som spør om råd,
der ein sviken, der ein hatig,
her er nok for offerdåd.
Lokka smilen gjennom tåra,
så me himmelsk glans får sjå!
Trengsla kring oss får forklåra
festglans i det kvardagsgrå.
Men det som sit best att i minnet er spelinga hans
på glas. Den imponerte og fasinerte dei. Glasa
hadde han i ein spesiallaga koffert eller kasse. Elsa
og søstrene hennar prøvde sjølve å spele på glas,
men då var det på vanlege glas frå kjøkkenet…
I Fjærland og Vetlefjorden
Både Kjell Øystein Rutle og Kjersti Brudvik, fortel
også om at dei som heilt små hugsar Orheim frå
besøk i bygdene der dei vaks opp.
*Ljoset det friviljug ljoser,
det er ljoset sin natur.
Eld må varma den som fryser,
soleis og med den som trur.
Gud hev djupt i hjarta gjeve
lov som råder innanfrå.
Dådsglad kjærleik, han gjev livet
festglans kring det kvardagsgrå.
Stor arv frå Orheim
I det heile er det mange minne om Orheim, og det
som hans liv og forkynning førte til for mange
menneske.
Michael Wohlenberg, tidlegare prest i Selje skriv:
”For å nå ut til folk ville han heller ha møta på ungdomshus enn på bedehus, og han spelte fele og
glasmusikk. Slik utvida han grensene for den tradisjonelle kristne forkynninga. Han skreiv om lag
1000 songar, og han sette tonar til fleire av songane
sine. I salmane ”Kvardagskristen vil eg vera” og ”Eg
har ei tenesta stor for Gud” ser han kvardagslivet
som ei gudsteneste..
På gravstøtta til Marie og Matias Orheim på
Stårheim kyrkjegard står den siste linja frå salmen
”Kor mykje stort” (Sangboken 203) som Mathias
Orheim gav ut i si første diktsamling ”Heimlokk” i
1903: ”Det venaste syn som eg får sjå, er unge på
kne for Gud.”
A. S.
Kvardagskristen vil eg vera,
syn for segn det krev Guds ord.
Samklang mellom liv og læra,
det er himmelsong på jord.
Og når så min kvardags-bunad
skal for himlen skiftast om,
strålar bjart kring livsens kruna
festglans i Guds herlegdom.
Matias Orheim
* Fire av desse versa (dei tre fyrste og det siste) står
på nummer 751 i Norsk Salmebok. Det nest siste
verset som er merka er henta frå det trykte programmet til framsyninga frå Sogn og Fjordane Teater.
7
Kyrkjeverja informerer:
Drift av kyrkjegardane
i Balestrand
Balestrand sokneråd har som fellesråd mange ulike
oppgåver. Ei av desse rollene er rolla som kyrkjegardsstyresmakt - eit offentleg ansvar som gjeld
alle innbyggarane i kommunen uavhengig av tru
eller livssyn og som er regulert av gravferdslova
med forskrift. Mange av desse oppgåvene er
delegert vidare frå fellesrådet til kyrkjeverja.
Kyrkjegardane i Balestrand ligg alle flott til ved Sognefjorden.
Foto: J.Risa
Opne for respons
Om du har tilbakemeldingar som gjeld kyrkjegardane kan du kontakte kyrkjeverje Jostein Risa på
telefon 57 69 15 48. Lidal Vedlikehold og Service er
også opne for direkte respons på kyrkjegardsvedlikehaldet.
Ny kontrakt for kyrkjegardsarbeid
frå 1.6.12
Lidal Vedlikehold og Service har etter anbodskonkurranse fått kontrakt for kyrkjegardsarbeid i Balestrand i eitt år frå 1.6.2012 med opsjon på
ytterleg-are eitt år. Totalt tre tilbydarar har vore
involverte i konkurransane. Kontrakten omfattar
a) drift og vedlikehald av dei to største gravplassane: Sæle kyrkjegard og Tjugum kyrkjegard samt
b) graving av graver på alle tre gravplassane
(Kvamsøy inkludert). Dei har hatt dette arbeidet
også tidlegare, og soknerådet ser fram til vidare
samarbeid.
Kvamsøy
Til orientering vert plenslått på Kvamsøy kyrkjegard framleis utført av Bjarne Hjartholm på
timebasis. Det at han er næraste nabo til kyrkja på
øya lettar dei praktiske sidene ved dette og
soknerådet er svært glade for at han har villa halde
fram med denne jobben.
Klagar på kyrkjegardane i vår
Kyrkjeverja har denne våren motteke fleire klager
på mykje gras i plantefelta etter kantslått på Sæle
og Tjugum. Av di ny kontrakt for kyrkjegardsarbeidet ikkje kom på plass før frå 1.6 vart kyrkjegardsarbeidet i vår utført på timebasis etter
førespurnad frå gong til gong. Av ulike grunnar (t.d.
ein nedbørsperiode) kom vi diverre for seint i gang
med fyrste slått i år. Dermed var graset lenger enn
vanleg ved fyrste slått og den fyrste kantklippen
vart i år ikkje utført før etter at mange hadde
planta på gravene (17.mai /pinse). Vi er leie oss for
at sein kantklipp som medførte ekstra mykje gras i
plantefelta har skapt frustrasjon for fleire brukarar.
På nokre kyrkjegardar er kantklipp rundt
gravminna dei pårørande sitt eige ansvar, men i
Balestrand har vi til no tilbydd dette - noko som
bidreg til at kyrkjegardane ser velstelte ut. Det ligg
imidlertid ikkje inne i kontrakten med tilbydar å
fjerne gras frå gravminne og plantefelt etter kantklipp: Med så mange gravminne bed vi om forståing
for at dette ville gjeve ein uforholdsmessig stor
kostnad. Vi vonar problemet vert noko redusert når
vi no kjem i gang med den faste avtalen.
Bakgrunn
Balestrand sokneråd må som alle offentlege organ
halde seg til "Lov om offentlege innkjøp" ved kjøp
av varer og tenester. Dette gjeld no også kyrkjegardsarbeidet som har vore utført ved tenestekjøp
dei siste åra. Ein toårig avtale med Lidal
Vedlikehold og Service gjekk ut 1.desember 2011,
men anbodskonkurransen på slutten av 2011 måtte
avlysast av di dei innkomne tilboda låg vesentleg
over det soknerådet hadde dekning for gjennom
kommunale løyvingar.
For å kunne forhandle med tilbydarane måtte
arbeidet lysast ut med konkurranseforma "Konkurranse med forhandling". Dette vart gjort våren
2012 og i forhandlingane måtte soknerådet mellom
anna gå noko ned på krava til tal klipp og kantklipp
for å redusere kostnadene. Det går ein del timar til
å klippe rundt totalt ca 750 gravsteinar på dei to
største kyrkjegardane…
Redusert frekvens kan føre til at brukarane nokre
gonger vil kunne observere litt lenger gras enn
tidlegare, men soknerådet vonar at kyrkjegardane
våre framleis kan opplevast som velstelte.
8
Kvamsøy kyrkje –
arbeid pågår
Øyvind Lauvnes sine fyrste strøk med
kalkvatn som bindemiddel 5.juni. I bakgrunnen ser vi konservator og fjorårets prosjektleiar Hilde Berntsen frå NIKU som var
med dei fyrste dagane som konsulent. Ho
jobbar her med avdekking av noko meir av
veggmåleria som ein oppdaga gjekk ned i
brystningsfeltet. Foto: J.Risa
Innvendig murarbeid i gang
Tysdag 5.juni starta murarmeister Øyvind Lauvnes på arbeidet på dei innvendige murveggane i Kvamsøy kyrkje. Med si erfaring og sin kompetanse på
eldre kyrkjebygg var han hyra inn av Norsk Institutt for kulturminneforsking
(NIKU) sommaren 2011 for vurdere murane og gje eit prisoverslag.
NIKU sine konservatorar jobba i fjor sommar med kalkmåleria på øvste del av
veggene. No held arbeidet på veggene innvendig fram - framleis med finansiering frå Riksantikvaren (RA) - og Lauvnes vil til godt ut i juli jobbe med
brystningsfelta i kyrkjeskipet og med murveggane i våpenhuset. Veggene har
mykje laus leirpuss, og det er bom og omfattande skadar som må sikrast og
reparerast med kalkmørtel før ny kalking.
Det dryssar i dag frå overflatene som ikkje har bindemiddel att og etter å ha
fjerna det som er lausast startar prosessen med å pensle kalkvatn på veggene
for å tilføre bindemiddel. Veggane er salthaldige og dette gjer arbeidet vanskelegare og aukar behovet for jamnleg vedlikehald. Etter naudsynte pussreparasjonar vil brystningen inne i kyrkja få att den gule limfargen som vi no
berre ser restane av.
Murarmeister Lauvnes som kjem frå Kristiansand, har meir enn 15 års erfaring med slike jobbar på gamle og verneverdige bygg – oftast i samarbeid
med RA og NIKU. Han held fram at det ikkje er så mange murarar att i Noreg
som kjenner materiala og praktiserer dei gamle teknikkane. Han har jobba
mest med kyrkjer, men har også hatt oppdrag med gamle bygardar i Oslo og
andre murbygninar.
Utvendig arbeid
I førre utgåve av kyrkjelydsbladet skreiv vi at m.a. KA jobba for at den
statlege, rentefrie låneordninga for istandsetting av kyrkjebygg skulle gjenopprettast i revidert nasjonalbudsjett. Dette skjedde heldigvis og i tråd med
budsjettvedtak har kommunen i samråd med soknerådet sendt søknad om
rentekompensasjon for eit prosjekt med utvendig arbeid på Kvamsøy kyrkje.
Arbeidet vil ta til så snart søknaden eventuelt er innvilga.
Arbeidet har vore lyst ut på anbod og Lidal Vedlikehold og Service fekk tilslaget på utvendig kalking ved sin murar (med atterhald om innvilga rentekompensasjonsøknad). Dette arbeidet må
utførast etter Riksantikvaren sine retningslinjer og det er på høg tid dette vert gjort – det
er over 20 år sidan sist. Det er også von om å få
gjort noko med tretårnet som har stått ubehandla i fleire tiår. Støttepillarane som bidreg
til å halde kyrkja oppreist har sprekker frå
frostsprenging som skuldast bruk av sementreparasjonar i staden for kalkmørtel og
reparasjon av desse står også på lista dersom
det skulle vere midlar att.
JR
Om du vil sjå resultatet av dei pågåande arbeida kan vi
tilrå gudstenesta i Kvamsøy kyrkje Olsokdagen søndag
29.juli kl.12.00. Då kjem soknepresten i Vik, Ragnhild Fasseland til Kvamsøy (som jo tidlegare høyrde til Vik prestegjeld). Foto: Solbjørg Angelskår, 10.juni 2012
9
Nytt frå kyrkjetårnet
samband med
gudstenesta
7.oktober,
fyrste helga i
haustferien.
Sokneprest og
sokneråd er
glade for initiativet og vil gjerne legge til rette for
dette. Ei kyrkjegardsvandring inneber at ein
stoggar ved fleire av gravminna på kyrkjegarden og
får høyre litt om bakgrunnen og historia til
personar som er gravlagde der. Pensjonistlaget er
allereie invitert, men dette skulle vere av interesse
også for yngre generasjonar og skuleelevar som
ikkje har reist på haustferie enno. Konfirmantane
vil også få ein særskilt invitasjon og fleire har
nemnt at det vil vere naturleg å få til ei tilsvarande
vandringar på Tjugum kyrkjegard i jubileumsåret
2013 og på andre kyrkjegardar.
Ferieavvikling sommaren 2012
Dei kyrkjeleg tilsette i Balestrand vil ta ut slik ferie:
* Sokneprest Audun Systad: 16.juli-12.aug
Ragnhild Fasseland frå Vik vert vikar.
* Kyrkjeverje Jostein Risa:
25. juni-15. juli og 6.-12. aug
* Organist Jan Herland:
25. juni-1. juli og 16. juli-5. aug
* Kyrkjelydspedagog Tore Brudvik OG
* Diakon Kjersti Brudvik: 2.-29. juli
Dåp i Nessadalen 5. august
Etter at det kom ein førespurnad om dåp ved
friluftsgudstenesta i Nessadalen reglane for dette
vorte sjekka. Det er opna for dåp ved friluftsgudstenester og Ragnhild Fasseland, soknepresten i Vik
vil ha denne gudstenesta som er i Audun Systad sin
ferie. I dåpen vert barnet medlem i kyrkja og "teken
inn kyrkjelyden". Med bakgrunn i dette har den
kyrkjelege leiinga lagt vekt på at dåp bør haldast i
ordinære gudstenester for heile kyrkjelyden. Om ei
slik gudsteneste vert halde i friluft er det dermed
greitt. Vi kan i denne samanheng orientere om at
når det gjeld vigsler er det strengare praksis: Her
skal vigsla skje i kyrkja eller på godkjend vigselsstad.
Helgemessesundag i Tjugum
Etter mange år med gudsteneste i Sæle kyrkje
helgemessesundag er dette i år bytta om slik at
gudstenesta helgemessesundag 4.november vert i
Tjugum. Det vert også denne gudstenesta det vert
ei minnemarkering for dei som har gått bort det
siste året som høyre til Tjugum kyrkje. Tilsvarande
minnemarkering i Sæle kyrkje vert då ved gudstenesta der nyårsaftan. Dette er også
ei ombytting i høve dei siste åra.
Keltisk-inspirert gudsteneste
i august
Fredag 24.august kl.20.00 vert det ei
keltiskinspirert kveldsgudsteneste i
St.Olafs kyrkje. Gudstenesta vert eit
samarbeid mellom sokneprest
Audun Systad og Reverend Canon
Janet Heil som er ansvarleg for den
anglikanske kyrkja i Noreg og
vanlegvis er stasjonert i Oslo. I fjor
hadde ho ei tilsvarande gudsteneste åleine –hennar
fyrste gudsteneste på norsk. Den keltiske tradisjonen har inspirert mange og vi let oss gjerne inspirere igjen!
Prosesjonskross
Den nye krossen som no har blitt
brukt ved fleire høve, er veldig fin.
Han vart laga av ein innsett ved Vik
fengsel, formidla gjennom fengselspresten Olav Martin Hove.
Jubileumsbok for
Tjugum kyrkje - 150 år
Skriftnemnda er godt i gang med
arbeidet, men er framleis interessert i
å få inn biletstoff, historiar og anna som omhandlar
"Livet i og omkring Tjugum kyrkje gjennom 150
år". Gjeld dermed også foreiningsverksemd i kyrkjelyden.
Kyrkjegardsvandring på Tjugum
kyrkjegard 7.oktober
Johs B. Thue har tilbydd seg å ha kyrkjegardsvandring på Tjugum kyrkjegard og dette er no sett opp i
10
Status for kyrkjestove
ved Tjugum kyrkje
Soknerådsleiar, nestleiar og kyrkjeverje hadde
11.4.2012 eit møte med ordførar og rådmann om kyrkjestove på Tjugum. Formannskapet har tidlegare
gjennom vedtak vore positive til planane om kyrkjestove, men fann ikkje rom til løyvingar i budsjett
eller revidert budsjett i 2011. Etter eit ryddig og godt
møte vart det no konkludert med at det bør gjerast
eit politisk vedtak for å få ei endeleg avklaring.
Soknerådet har gjennom eit formelt brev dagsett
2.mai bede kommunen om ei løyving på totalt
600.000 (finansiert ved lån til investering knytt til kyrkjebygg) og ein auke i årleg løyving nok til å dekke
årlege avdrag på soknerådet sitt planlagde lån på 1 million. Rentene til lånet soknerådet planlegg å ta opp
er tenkt dekka av inntekter frå det nye Thorbjørnsens legat. Det er lagt opp til politisk handsaming i kommunestyret 21.juni 2012, men vi fekk ikkje med resultatet av handsaminga før bladet gjekk i trykken.
Ynske om tilbod for borna under gudstenestene
Fleire småbarnsforeldre har i ulike fora halde fram
behovet for eit tilrettelagt tilbod til born under dei
ordinære gudstenestene og då særleg i Tjugum
kyrkje. Dette har i vår vore formalisert gjennom
brev til kyrkjelydspedagogen og soknerådet. Dette
har vore eit tilbakevendande tema i fleire tiår og det
er nett dette behovet soknerådet har ynskt å ta tak i
med planane om ei kyrkjestove på Tjugum. Mange
opplever det som problematisk å ha med små born
til vanlege gudstenester og held seg då heller heime.
Vernestatus og praktiske omsyn set grenser for endringar i sjølve kyrkjebygget og vi vert endå ein gong
minna om hovudargumentet for jobbe vidare mot ei
kyrkjestove.
Saka no har vore eit ynskje om å få i gang eit tilbod
til borna no - medan vi ventar på kyrkjestova. Både
arbeidsutvalet (AU) og soknerådet var positive til å
få til noko allereie frå i vår. Fleire foreldre er
positive til å dele på ansvaret ved ei slik ordning.
Ved fint vêr kan ein sommarstid ha enkle samlingar
utandørs under preika og dette har allereie vore
prøvd ut på kyrkjetrappa til Tjugum kyrkje
pinsedag og utanfor Kvamsøy kyrkje i juni. Ved nedbør og kaldare vêr er det færre alternativ.
Barneopplegg på bårerommet?
Bruk av bårerommet ved Tjugum kyrkje har vore
lufta: Når ein ikkje har andre alternativ og dette
rommet står ledig store delar av året var mange
opne for ei slik løysing. Nokon har sett på dette
meir som eit lite kapell. AU og soknerådet har
likevel førebels lagt løysinga på is ut frå at kyrkjegardsvedtektene avgrensar bruk av bårerom til
Ved gudstenesta på Fjordtun 1.4.2012 hadde Gjertrud T. Feten søndagsskule for dei mange små under preika. Foto:JR
andre føremål og at dette truleg ville skape reaksjonar hjå nokre.
I Sæle kyrkje kan ein få til mindre samlingar i dåpssakristiet. I Tjugum er sakristia for små og for nære
altar/lesepult (jf lyd). Eit framlegg har vore å prøve
med oppvarming i våpenhuset…
Ved handsaming av denne saka har det vore understreka at eit sentralt aspekt i både gudstenestereforma og trusopplæringsreforma er involvering
av born i gudstenestene. Soknerådet ynskjer difor at
borna deltek i og vert kjende med gudstenesta samstundes som dei kan ha eit tilpassa opplegg t.d.
under ei preik som har eldre born og vaksne som
målgruppe.
Og til folk i kyrkjelyden og politikarane våre: Borna
treng verkeleg ei kyrkjestove på Tjugum!
11
Innkomne offer pr juni 2012
Alværa feira 30-årsjubileum
Oversyn over innkomne offer i Balestrand frå 1.s. i
advent.
Den 03.06.2012 feira Norsk Misjonsselskap (NMS)
30 års jubileum for leirstaden Alværa ved Lavik.
Godt over 100 personar var samla til stemne denne
dagen. Ein god gjeng frå Balestrand var med på
feiringa og det blei ein hyggeleg dag med gudsteneste, god middag, uteaktivitetar, helsingar og
ettermiddagssamling kring kaffien.
Dato
Kyrkje
Takkoffer til
Innkome
4.des
11.des
18.des
24.des
24.des
25.des
31.des
8.jan
15.jan
29.jan
5.feb
12.feb
4.mar
11.mar
18.mar
1.apr
8.apr
15.apr
22.apr
6.mai
13.mai
17.mai
27.mai
3.jun
8.jun
10.jun
Tjugum
Tjugum
Fjordtun
Sæle
Tjugum
Tjugum
Tjugum
Tjugum
Nesse sbh
Tjugum
Sæle
Tjugum
Sæle
Tjugum
Bedeh.B
Fjordtun o
Tjugum
Tjugum
Sæle
Tjugum
Sæle
Tjugum
Tjugum
Tjugum
St.Olafs
Kvamsøy
Lyngmo ungdomssenter 2
Lokalt kyrkjelydsarbeid 12
Misjonsprosjekt Romania 4
Det Norske Misjonsselskap 2
Kirkens Nødhjelp
Norsk Luthersk Misjonssamb 2
Lokalt kyrkjelydsarbeid 13
Bibelselskapet
Frelsesarmeen i Vik
Misjonsprosjekt Romania 1
Lyngmo ungdomssenter 1
Lokalt kyrkjelydsarbeid 01
Familie og Medier
Det Norske Misjonsselskap 1
Lokalt kyrkjelydsarbeid 02
Lokalt kyrkjelydsarbeid 03
Åpne dører
Misjonsprosjekt Romania 2
Sygnarussens misj.prosj Bolivia
Lokalt kyrkjelydsarbeid 04
Lokalt kyrkjelydsarbeid 05
Søndagsskulen 1
Normisjon 1
Lokalt kyrkjelydsarbeid 06
KRIK Balestrand
Norsk Luthersk Misjonssamb 1
2 096,00
3 735,50
2 360,00
3 198,50
4 830,00
4 671,00
3 077,00
1 907,00
3 495,00
2 130,00
1 402,00
2 140,00
1 299,00
2 694,50
1 835,50
3 260,00
2 600,00
6 919,00
2 431,00
5 195,00
2 394,00
3 777,00
1 394,00
2 450,00
620,00
2 201,00
Det skjer på
JULI 2012
1. – 10. Bibelsommer i Vest
Det skjer på
AUGUST 2012
5.-11. Ungdom i Oppdrag - Familieleir
11.- 16. NY leir 5.-7.klasse. «PANGSTART»
25.-26. Bibelhelg
JUNI 2012
25.-27.juni
Sommarleir 2
– 5 kl.
SEPTEMBER 2012
7.-9. Leir for 2.-4. klasse
SEPTEMBER 2012
4.– 7.sept
Bibel / Misjonsdager
7.– 8.sept
Inspirasjonssamling
Familiefokus på Lyngmo
Kvar sommar deltek rundt 300 familiar på en av
Familiefokus (Ungdom i Oppdrag) sine familieleirar.
Kvifor? Ein får fem dagar med god, praktisk og
jordnær undervisning om det å leve saman som
ektepar og familie. Samstundes har borna aktivitetar og undervisning tilpassa alder og interesse. På ettermiddagane er det fritid til felles
familieaktivitetar. Det er framleis nokre få rom
ledige på Lyngmo 5.-11.august. (Snakk gjerne med
Jostein og Magni Risa). Påmelding på
familiefokus.no.
OKTOBER 2012
5.– 7.okt
Aktivitetsleir 5 – 7 kl.
8.-10.okt
Haustleir 2 – 5 kl.
NOVEMBER 2012
2.- 4.nov
SMS-leir 8 kl. og oppover
DESEMBER 2012
7.des Alværafest kl.19 m/ julemiddag og dessertbord. Hugs påmelding!
8.des Alværamessa kl.12 m sal av kaker, handarbeid.
Kafeteria. Åresal, lynlotteri. Familiemøte.
12
Bli med på kyrkjelydstur til Lyngmo !
31.august-2.september 2012
Balestrand sokneråd inviterer alle i kyrkjelyden til å vere med på helgetur til Lyngmo ungdomssenter
(Hafslo) fyrste helga i september. Dette vil verte ei helg med høve til avkopling frå kvardagslivet og til å bli
betre kjende med kvarandre og Skaparen vår. Vi har no innarbeidd tur annakvart år og ynskjer å samle alle
aldersgrupper til fellesskap. Det vil verte tilpassa opplegg for borna.
Vi er glade for å ha fått med oss Johannes Kleppa som talar. Han er
kjend som tidlegare redaktør i avisa Dagen og er no bibelskulelærar, debattant, forkynnar og forfattar. Då han var i Balestrand i vår møtte vi
ein engasjert og kunnskapsrik forkynnar. Har vore omtala som
"teologisk konservativ, men samtidig radikal i livet". Sokneprest Audun
Systad vert ansvarleg for familiegudsteneste sundag. Endeleg program
kjem seinare.
Lyngmo ligg i Hafslo i Luster kommune og laurdag ettermiddag kan du
velje mellom fleire tilbod: Det er mogeleg å ta turen til den flotte og
særmerkte Urnes stavkyrkje. Tek då ferje frå Solvorn som også er verd
eit besøk i seg sjølv. Om ein vil kombinere naturopplevingar og trim
byr t.d fjellet Molden på fleire alternativ. Lyngmo har elles eit flott uteområde med sandvolleyballbane, badestrand, høve til å padle kano på
Hafslovatnet og leikeplass med stor sandkasse. Inne kan ein t.d. spele
bordtennis og biljard.
Prisar for heile opphaldet: Vaksen 1.090, Born: 14-16 år kr 690, 4-13 år
kr 550, 0-3 år gratis. Familierabatt: Makspris 2.990 per familie. Prisane
er med medbrakt sengety, men sengety /
oppreidd seng kan leigast. Tillegg for
enkeltrom kr 350. Alle romma har dusj og
toalett og ligg i det nye internatet frå
2004.
Påmelding: Ein kan melde seg på til kyrkjekontoret på 57 69 15 48 eller via SMS
til kyrkjeverje / dagleg leiar Jostein Risa
på mob. 920 60 832.
SAMAN I BØN FOR:
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Arbeidet med lokal gudstenesteplan
Kyrkjelydsturen til hausten.
Arbeidet med jubileumsboka for Tjugum krk.
Barnearbeid: Tysdagsskulen i Vetlefjorden,
Søndagsskulen i Holmen. Addis, Spiren, Nestenåring, Baluba og Joy. Leiarar til å starte opp
att på NessaneKonfirmantane og familiane
deira.
Ungdomsarbeid i kyrkjelyden: KRIK, Immanuel, Ung Messe. Visdom til ev. nye tiltak.
Bibelgrupper og misjonsforeiningar
Familiane i bygda vår. Om vern og forsoning.
13
•
•
•
•
Dei som slit med sorg eller alvorlege
sjukdommar
Dei tilsette i kyrkjelyden: Sokneprest, prostidiakon, organist, kyrkjelydspedagog, kyrkjeverje/dagleg leiar.
Soknerådet og utvala i kyrkjelyden. Alle uløna
medarbeidarar i kyrkjelyden. Om visdom til å
bruke nådegåver og evner rett.
Balestrand kommune. Folkevalde, adm. leiing
og tilsette.
Næringslivet i Balestrand. Leiing og tilsette.
Kyrkjelyden vi støttar i Romania. Pastor
Florin m/familie.
Glimt frå arbeidet
Fokus på medarbeidarane 18.mars
Ved gudstenesta i Bedehuset Betel 18.mars var dei uløna
medarbeidarane særskilt inviterte, men samlinga open
for alle. Jostein Risa var lek gudstenesteleiar i ei forenkla
gudsteneste. Kjell Helland tala over temaet medarbeidarskap og bidrog også med song og gitarspel. Det var
dekka bord og til kyrkjekaffien vart det m.a. servert
marsipankake. Borna hadde tilpassa opplegg på loftet –
noko det ligg godt til rette for ved samlingar på bedehuset.
Dåp på Fjordtun palmesøndag
Etter det me veit er dette den andre dåpen på Fjordtun
oppvekstsenter. Vesle Mateo Ohma vart døypt, og over
90 menneske fann vegen til Fjordtun 1.4 der lokale
krefter sytte for god servering med kaffi og kaker
etterpå. Foto: K.Systad
Årsmøte for Israelsmisjonen
Årsmøtet til Sogn og Fjordane krins av Israelsmisjonen
på Sygna 13-15.april vart ei fin helg for dei frammøte.
Det var også fin opplsutning frå bygda ved fleire av arrangementa. På festkvelden laurdagen var det fullsett sal
i møterommet på Sygna og Frelsesarmeen frå Vik deltok
med song. Talar Elbjørg Therkelsen fekk formidla mykje
godt om å følgje Jesus, og å vere eit vitne for det jødiske
folk i dag. Ho skildra også det å vandre langs Genesaretsjøen, og vere på stadane Jesus gjekk, at dette betyr noko
for trua. Foto: AS
Familiemesse 15.april
Elbjørg Therkelsen var med oss vidare som talar på
familiemesse (dvs. familiegudsteneste med nattverd)
søndagen i årsmøtehelga. Her fekk me også besøk av
koret Hatikva (hebr. for Håp) frå Nordhordland som
hadde hatt øvingshelg på Lyngmo. Baluba song også og
gudstenesta vart avslutta med eit flott fellesnummer
med dei to kora (sjå biletet). Ei litt spesiell gudsteneste
med nær 150 til stades. Foto: JR
Konsert med koret Cantus
Det vart ein innhaldsrik konsert i St.Olafs søndag 20.mai,
der om lag 70 var til stades i kyrkja og fekk ei flott framføring av koret Cantus frå Dale i Sunnfjord. Dirigent og
pianist Mark Taylor leia det heile med trygg hand. Leif
Gunnar Igelkjøn framførte songar av Elvis, dei som var
spesielt inspirert av gospelmusikken. Stemma hans likna
ikkje lite på Elvis si!
Innimellom innslaga fortalde prest Sigurd Sande innhaldsrikt om bakgrunnen for sangane, som til dømes ”In
the Ghetto”, ”Reach out to Jesus”. Han fortalde også litt
om Jakob Sande og hans dikting. At me som tilhøyrarar
fekk vere med å synge sjølve var òg kjekt. Det har blitt
sagt at den engelske kyrkja høver godt for konsertar. Det
var denne kvelden eit fint bevis på. Overskotet gjekk til
vedlikehald av engelskkyrkja ved veneforeininga.
Foto: A.Systad.
14
Trusopplæring
Lokal trusopplæringsplan vedteken
Kyrkjelydspedagog Tore Brudvik sitt framlegg til trusopplæringsplan for Balestrand sokn vart vedteke i Balestrand sokneråd 13.juni og sendt inn innan fristen
15.juni. Brudvik har jobba i lag med Trusopplæringsutvalet i Balestrand (TRU) om planen og inviterte 23.mai
leiarar frå ulike kor og barnelag til det som vart ein
positiv samtale om høve til samarbeid om trusopplæringa i Balestrand (sjå biletet).
Bispedømet har sett opp denne framdriftsplanen for
godkjenning av lokale trusopplæringsplanar:
15. juni – frist for innlevering av utkast til plan.
Innan 1. oktober – utsending av tilbakemelding til
kyrkjelydane frå bispedømerådet.
27. november – frist for kyrkjelydane for innsending av ev utbetringar
Innan utgongen av 2012: Endeleg godkjenning av
planane ved biskopen.
Frå 2013 vil ein godkjend lokal plan vere eit vilkår for å få
utbetalt trusopplæringsmidlar.
Avslutning av MINIkonfirmantåret
Ved familiemessa 15. april var det også markering av avslutning av MINI-konfirmantopplegget med utdeling av
diplom. Minikonfirmantar deltok også i gudstenesta.
6-årsbok
Familiegudstenester med utdeling av fasebøker er eit av
tiltaka i trusopplæringsplanen. Den viktigaste trusopplæringa etter dåpen skjer på heimebane og desse bøkene
er meint som ei hjelp til dette. 3.juni var det 6-åringane
sin tur til å få bok i Tjugum kyrkje med nesten full oppslutning. I år var boka "Forteljingar om Jesus" 6-årsbok.
Foto: Gunn Berit Bøthun
Ung messe i engelskkyrkja 8.juni
Nokre ungdommar på Sygna hadde teke intitativ til dette
tiltaket denne varme junikvelden. Det var omlag 60
frammøte, og ungdomane hadde delteke aktivt i
planleggingsarbeidet med ansvar for lovsong, vitnemål
og bønevandring. Aslaug Bale frå 9.kl song song solo og
sokneprest Audun Systad var liturg og hadde andakt.
Kanskje dette kan bli ei gudstensteform som kan brukast
meir? Foto: J.Risa (tre bilete)
Jesus - Guds svar
på alle bønene våre
Tankar over ei middagsgryte
av Sigrun Ytrefjord
Det finst mange slags dagar
ikkje berre dei lyse og mørke,
men alle dei midt i mellom.
Dei heiter: Den grå kvardag.
Dagar då du føler glede, mismot, håp, avmakt,
optimisme, skepsis,
alt blanda saman, vekslande frå time til time.
Ein ven stikk innom - eit menneske som vil deg
vel,
eit menneske som gir deg mot, sjølvtillit,
trua på det gode i deg sjølv
og dine medmenneske.
I samband med ei preike eg heldt nyleg om "Livets
brød", siterte eg biskop Ambrosius av Milano (334397), som har skrive dette om Jesus, Han som er
Guds eitt og alt:
Det finst òg menneske som stikk innom,
som du møter på vegen,
som på ein augneblink riv ned
det som du gjennom dagar og timar
møysomt har bygt opp til ditt forsvar.
Hvis du vil lege såra dine, er Han legen.
Hvis du brenn av feber, er Han lindringa.
Hvis du treng hjelp, er Han krafta.
Hvis du fryktar døden, er Han livet.
Hvis du flyktar frå mørkret, er Han lyset.
Hvis du svelt, er Han føda.
Dei kler deg naken med ord, eit blikk.
Verjelaus står du avkledd under Guds Himmel.
Det finst dagar då det skrik i deg etter
samkjensle, etter eit menneske som fullt ut
forstår deg, som kan dela tankar utan
å seia noko.
Vi treng alle ei openberring av Jesus, for Jesus er
Guds svar på alt. Gud svarar ikkje på bønene dine
med å gje deg mange ting, Han svarar med å gje
deg Jesus. Om Han skriv Paulus dette til dei heilage
i byen Kolossai:
Det finst dagar då ein ikkje skjønar kvifor ein
er til, kva nytte ein kan gjera i ei verd der
alle tykkjest kunna alt så mykje betre
enn deg sjølv.
Men det finst også dagar då ein vonfullt trur
at verdi hadde vore fattigare utan deg.
Alt skiftar frå time til time, frå dag til dag.
Midt over ei dampande middagsgryte
kjem du i hug gamlelæraren din som sa
at du hadde gode evner - at du ville nå langt
i livet.
Velsigna gamlelæraren!
Han er biletet av den usynlege Gud,
den førstefødde før alt det skapte.
For i han vart alt skapt,
i himmelen og på jorda,
det synlege og det usynlege,
troner og herredøme,
makter og åndskrefter –
ved han og til han er alt skapt.
Han er før alt,
og i han blir alt halde saman.
Han er hovudet for kroppen, som er kyrkja.
Han er opphavet,
den førstefødde frå dei døde,
så han i eitt og alt skal vera den fremste.
For i han ville Gud la heile sin fylde bu,
Det luktar kålrot og løk, og dampen
renn ned etter kjøkkenvindauga.
Telefonen ringjer; ei venleg røyst
seier nokre ord, takkar deg for noko
du har gjort.
Du turkar dogga av glasruta
og undrande ser du at himmelen
er vorten blå.
(Kol.1,15-19)
Bjørn Olav Hansen
Frå bloggen http:// ww.bjornolav.blogspot.com som er
skriven av pastor og bibellærar Bjørn Olav Hansen. Attgjeven med løyve. Omsett til nynorsk av redaksjonen.
16
Diakonens hjørne
Diakonale samlingar på Balestrand helsetun
Kyrkja har hatt faste samlingar på Balestrand Helsetun med andaktstund eller besøksdagar som soknepresten, organisten eller diakonen har stått for. Ein såg at at bebuarane likte at vi slo av prat med dei når vi
kom, og ein hadde lyst å utvide tilbodet med opplesing og song av kjende stykke og songar.
Gjennom året har det vore diakonale samlingar på Balestrand Helsetun. Det har vore den første torsdagen i
kvar månad frå kl 17.00 -18.00. Margot Ryssdal, Jan Herland, Astrid Høivik og eg har delteke. Det har vore
andakt ,musikk og opplesing av kjende dikt og forteljingar. Vi har sunge norske songar, viser og salmar.
Ofte har ein samtala litt om tema eller årstid. Bebuarane har tydelegvis likt desse samlingane. Dei takkar og
smiler, og det ser ut til at stunda kvikkar dei opp. Ofte har dei «lese med» når kjende stykke frå t.d. Nordal
Rolfsen’s eller Austlid’s lesebok har vorte henta fram. Det er heller ikkje alltid dei treng songbok når vi tek
fram kjende songar eller salmar.
Den 3. mai hadde vi ei slik samling. Då hadde vi invitert Balestrand Songlag. Det var svært populært, for
fleire av bebuarane har vore songarar. Det var smil og gjenkjenning når songane tona ut. Det blei òg høve
til å helse på gamle kjende frå bygda.
Vi treng fleire medarbeidarar
Har du lyst å bidra i desse samlingane? Det kan vere med song eller opplesing, eller berre vere med å syngje
på allsongane eller å slå av ein prat. Du hjarteleg velkommen. Vi som er med, kjenner at vi får mykje glede
ved å gje av oss sjølve.
Kjersti Brudvik, diakon
Vil du snakke med nokon?
•
•
•
•
Dersom du er under 18 år kan du ringe Røde Kors-telefonen for barn og ungdom som er open
alle kvardagar mellom kl. 14.00-20.00.Telefon 800 333 21
Kirkens SOS sin hjelpetelefon har døgnåpent. Telefon: 815 33 300
Mental Helse sin hjelpetelefon er også døgnåpen. Telefon: 116 123
Er du etterlatt? Landsforeningen for etterlatte ved selvmord (LEVE) er tilgjengelege kvardagar
mellom 09.00-16.00 på telefon 22 36 17 00.
17
Avslutning av konfirmantåret
Konfirmantåret 2011-2012 vart avslutta med samtalegudsteneste i Sæle 22.april med påfylgjande konfirmantfest før
sjølve konfirmasjonane 6. og 13.mai.
På samtalegudstenesta deltok konfirmantane med forskjellige innslag gjennom heile gudstenesta . Vi fekk til dømes
høyre frå konfirmanttida: "I timane på bedehuset har me
brukt boka ”Følg meg” og Bibelen, og har ofte hatt gruppearbeid. I timane har me og teke til med å teikna krossmerket, og sagt fram truvedkjenning og Fadervår. I tillegg
har me har vore kyrkjevertar og delteke på forskjellige aktivitetar."
Konfirmantane bidrog også med songinnslag og
dramatisering av ein bibeltekst. Vi fekk også høyre nokre av
svara konfirmantane har gjeve på spørsmål i konfirmanttida, til dømes om kva dei synest er det finaste i
kristendommen? - Å få tru på Gud, og vite at syndene våre
er tilgjevne.
– Å føle seg som ein del av fellesskapet og å tru på noko.
Også på konfirmasjonsdagen fekk vi glimt frå konfirmantåret:
– I konfirmasjonstida har me blitt minna på kva det er å
følgje Jesus i dag. Me kan få be til han og tru på han og
finne tryggleik i det.
– Håpet om himmelen er også noko veldig fint i trua. Det
kan gjere oss trygge.
– Eit vers eg synst er fint er den gylne regelen: Alt det de vil
at andre skal gjere mot dykk, det skal de og gjere mot dei.
Det er eit viktig vers me har lært. Det står i Matt.7,12.
– Rett før påske var me med og samla inn pengar til Kirkens
Nødhjelp der det kom inn over 21.500 kr.
Konfirmantfest på Kviknes hotel
Etter samtalegudstenesta 22.april inviterte soknerådet
konfirmantar og familie til ei markering av avslutninga av
konfirmantåret. Dette vart ei fin tilstelling, trygt leia av
Erland Fagermoen. Det var stilig opplagt med god middag,
kjekke konkurransar og fin song ved Aslaug Bale.
På vegne av konfirmantforeldra overrekte Heidi Torset
blomst til Audun Systad som takk for konfirmantåret, med
eit inntrykk av at dette hadde vore eit fint år. Audun
kvitterte med å takke tilbake for det, og framheva styrken
det har vore å ha Oda og Gina med som ungdommelege
hjelparar i eit konfirmantteam gjennom året (sjå bilete
neste side). Han takka dei som no sluttar på Sygna vgs og
ynskte dei alt godt vidare.
Han vona konfirmantane ville ha gode minne og minna om
at det alltid er ei opa dør inn til forsamlinga i kyrkjelyden.
19
Konfirmantar 2012
Tilpassa konfirmasjonsopplegg og eiga
konfirmasjonsgudsteneste i Tjugum
kyrkje
Stig Morten Bakken (t.v.) og Hans Andreas Bakken vart konfirmerte i ei eiga konfirmasjonsgudsteneste i Tjugum kyrkje.
Tvillingparet har hatt tilpassa konfirmantundervisning i
Tjugum kyrkje og soknepresten har hatt eit godt samarbeid
med foreldra og rådgjevar Leif Arne Økland frå bispedømekontoret.
Foto: Kjell André Bakken
I konfirmasjonsgudstenesta er det forbøn for kvar
enkelt konfirmant og i år vart det samstundes tent eit
lys i lysbåten av ein medkonfirmant. (Foto: J. Risa)
Gina Sæle Jørgensen frå Øygarden (t.v.) og
Oda Løken Andsjøn frå Hemsedal har dei to
siste skuleåra vore med i eit konfirmantteam i
lag med soknepresten. Her er dei utanfor
Tjugum kyrkje konfirmasjonsdagen 6.mai og
vi kan skimte mai-snøen i bakgrunnen.
(Foto: J. Risa)
20
Konfirmantar 2012
Tjugum kyrkje, sundag 6.mai
Framme frå v:
Silje Sande Grønsberg (konfirmert i Sæle 13.5), Aslaug
Abigail Magdalena Son Bale, sokneprest Audun Systad
2.rad frå v:
Kamilla Dale, Ulrik Stucki Kvikne, Caroline Herland
Nokken, Andrea Sjøthun
3.rad frå v:
Ole-Johan Feidje Nordeide, Thea Margrethe Stucki
Kvikne, Elsa Hrund Erlingsdottir Nesse
Bakarst frå v:
Andreas Torset Midtbø, Jon Ivar Buene
Foto: Thomas Morel (TMstudios)
Dei siste åra har fotograf Thomas Morel teke konfirmantbilete i
Balestrand. Han er opphavleg frå Nederland, men har budd i
Feios sidan 2004 og har drive som profesjonell fotograf sidan
2006. Morel er kanskje mest kjend for bileta av "folk i svevet".
Du kan sjå fleire av bileta hans på heimesida
http://www.thomasmorelphotography.com/.
Sæle kyrkje, sundag 13.mai
Frå venstre: Lise-May Sæle, Silje Sande Grønsberg, Ola
Nyland Høyvik, Markus Tennefoss Vefring, sokneprest
Audun Systad.
Foto: Jostein Risa
21
Kva for ein bryllaupsdag er det i år?
Feiring av bryllaupsdagar er ein gamal skikk.
Namnet til bryllaupsdagen symboliserer gåvene ein
kunne forvente å få. Som du forstår, held det ikkje
med den vante buketten raude roser...
Frå gamalt av viser den aktuelle bryllaupsdagen til
kva som var høvelege gåver ektefellane kunne gje
kvarandre. Alternativt kva gjestane skulle gje, eller
kva som var tema for dekorasjonen til festen på
bryllaupsdagen.
Tysk tradisjon
Omgrepa sølvbryllaup og gullbryllaup, er noko alle
kjenner til. Men det er få som kjenner bakgrunnen
til desse namna.
Bryllaupsdagar:
1 år:
Papirbryllaup
2 år:
Bomullsbryllaup
3 år:
Lærbryllaup
4 år:
Blome-/Linbryllaup
5 år:
Trebryllaup
6 år:
Sukkerbryllaup
7 år:
Ullbryllaup
8 år:
Bronsebryllaup
9 år:
Pil/Keramikkbryllaup
10 år:
Tinnbryllaup
11 år:
Stålbryllaup
12 år:
Silkebryllaup
12 ½ år:
Koparbryllaup
13 år:
Blonde-/Kniplingbryllaup
14 år:
Elfenbeinsbryllaup
15 år:
Krystallbryllaup
20 år:
Porselensbryllaup
25 år:
Sølvbryllaup
30 år:
Perlebryllaup
35 år:
Korallbryllaup
40 år:
Rubinbryllaup
45 år:
Safirbryllaup
50 år:
Gullbryllaup
55 år:
Smaragdbryllaup
60 år:
Diamantbryllaup
65 år:
Kronjuvelbryllaup
70 år:
Jernbryllaup
75 år:
Atombryllaup
80 år:
Platinabryllaup
90 år:
Granittbryllaup
Røtene til bryllaupsdagane seiest å liggje i Tyskland
i mellomalderen. Når eit ektepar opplevde å kunne
feire sin 25. bryllaupsdag, fekk kona ein sølvkrans
frå vener og naboar for å feire lukka som hadde
halde ekteparet i live så lenge. På 50 års bryllaupsdagen, fekk ho ein gullkrans.
Den tyske tradisjonen spreidde seg. Og talet
bryllaupsdagar auka. Symbola varierer frå land til
land, men nokre er felles for dei fleste. Det gjeld
bryllaupsdagane: tre, tinn, krystall, porselen, sølv,
perle, rubin, gull og diamant.
Endra med Victoria
Symbola har endra seg med tida. Eit døme på det,
finn vi i Storbritannia. Frå starten av vart diamantbryllaup feira når ein hadde vore gifte i 75 år. Då
dronning Victoria feira sine 60 år på trona, blei
dette kjend som "Diamantjubileet". Etter det, vart
diamantbryllaup endra slik at det nå stod for 60-årsbryllaupsdagen.
Konklusjon blir: Den som vil følgje den opphavlege
intensjonen med gåver til sin kjære på bryllaupsdagen, må bruke fantasien (for finst det eigentleg
høvelege gåver til eit atombryllaup?). Men med alternativa som sukker, silke og blonder, er det nok
nokon som følgjer den gamle gåvetradisjonen uansett. Sannsynlegvis utan å vite det sjølv.
Tekst: Kjetil S. Grønnestad (Frilansbyrået Svart på kvitt)
Marte
Fjærestad og
Almar
Gåsland gifta
seg i Balestrand i
mars. Til
neste år kan
dei feire
papirbryllaup.
Foto: Arve
Ullebø.
Kjelde: Wikipedia
22
I GLEDE OG SORG
DØYPTE
VIGDE
Jonas André Knudsen Oddekalv
13.04.2012 i Sæle kyrkje
Marte Fjærestad og Almar Gåsland*
31.03.2012 i Tjugum kyrkje
* Denne vigsla var kunngjort i førre utgåve av kyrkjelyds-bladet, men då stod det diverre feil førenamn på
brudgommen, noko vi bed om orsaking for. Red.
Ovidia Joy Saksvikrønning Gittins
03.06.2012 i St.Olafs kyrkje (anglikansk gudst.)
Sandra Sigurdsdottir Kvikne og
Stian Thorbjørnsen Rørvik
21.04.2012 i Tjugum kyrkje
Margrethe Kyrvestad
10.06.2012 i Kvamsøy kyrkje
DØDE
05.11.2011 Magne P. Bale f.1930.
Bisett frå Ski sykehuskapell 11.11.2011.
Urna sett ned på Tjugum kyrkjegard 08.06.2012.
27.03.2012 Gjertrud Høyvik f.1918.
Gravferd frå Tjugum kyrkje 12.04.2012.
Margrethe vert døypt i
Kvamsøy 10.6
11.05.2012 Gunvor Thorsnes Haugen f.1924.
Gravferd frå Tjugum kyrkje 18.05.2012.
Annonser
TAXI
mob. 959 86 000
Kjell Grønli
Anna Helen Hamre
Sogn gravferdshjelp, Fossetunet 4, 6856 Sogndal
Turbussar
Vi tilbyr også 10- og 17-setars
bussar med plass til rullestol
samt store turbussar
med 49 seter.
Ytre Sogn gravferdsbyrå A/S
Hjelp til alle tenester ved dødsfall
GRAVMONUMENT - SKRIFTHOGGING
Døgnvakt telefon:
577 14 700 / 959 86 000
Pb.14, 6898 BALESTRAND
Frode Buene
Tlf. 57 69 29 06
Mob. 907 53 579
23
NB! Nytt telefonnummer
57 69 42 40
INFORMASJON
Utgjevar/Avsendar:
Balestrand sokneråd
Sjøtunsvegen6
6899 BALESTRAND
Velkomen til gudsteneste
24.jun, St. Hans
STØLSBERG, Vetlefjorden kl.12:00. Friluftsgudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer
til det lokale kyrkjelydsarbeidet. Ta gjerne med noko å sitje på og kaffi/litt å bite i
til felles kyrkjekaffi. (NB! Ved dårleg vêr vert gudst. flytt til Fjordtun).
8.jul, 6 s i treein
TJUGUM kl.11:00. Gudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer til det lokale
kyrkjelydsarbeidet. Nattverd.
22.jul, 8 s i treein
TJUGUM kl.16.00. Gudsteneste ved Ragnhild Fasseland. Takkoffer til det lokale
kyrkjelydsarbeidet.
29.jul, 9 s i treein
KVAMSØY kl.12.00. Olsokgudsteneste ved Ragnhild Fasseland. Dåp. Takkoffer til
Alværa misjonssenter.Vi deler medbrakt kyrkjekaffi. Båtskyss frå kl.11.00 (kr.30 t/r).
5.aug, 10 s i treein
NESSADALEN kl.12.00. Friluftsgudsteneste. ved Ragnhild Fasseland. Dåp. Takkoffer
til det lokale kyrkjelydsarbeidet.Ta gjerne med noko å sitje på og kaffi/litt å bite i til
felles kyrkjekaffi. (NB! Ved dårleg vêr vert gudst. flytt til Sæle kyrkje)
19.aug, 12 s i treein
HOLMEN kl.11.00. Friluftsgudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer til det lokale
kyrkjelydsarbeidet.
24.aug, fredag
ST.OLAFS kl.20:00. Keltiskinspirert kveldsgudsteneste ved Audun Systad og Janet
Heil. Takkoffer til Vener av St.Olafs kyrkje.
26.aug,
BEDEHUSET BETEL kl.16.00 Opningsfest med tale av Trond Kråvik..
2.sep, 14 s i treein
LYNGMO, Hafslo kl.11:00. Gudsteneste i samband med kyrkjelydstur. Takkoffer til
Lyngmo ungdomssenter.
16.sep, 16 s i treein
TJUGUM kl.17.00. Gudsteneste med konfirmantpresentasjon ved Audun Systad.
Takkoffer til Sygna vgs.
23.sep,
BEDEHUSET BETEL kl.16.00 Søndagssamling.
30.sep, 18 s i treein
SÆLE kl.11.00. Familiegudsteneste ved Audun Systad. Hausttakkefest med prosesjon.
Utdeling av 4-årsbok. Takkoffer til Søndagsskulen. Kyrkjekaffi.
7.okt, 19 s i treein
TJUGUM kl.11.00. Gudsteneste ved Audun Systad Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. NB! Kyrkjegardsvandring med Johs. B. Thue etter gudstenesta.
21.okt, 21 s i treein
TJUGUM kl.11.00. Familiegudsteneste ved Audun Systad. Hausttakkefest med prosesjon. Utdeling av 4-årsbok. Takkoffer til Alværa misjonssenter.
28.okt, Bots- og bøned.
SÆLE kl.11.00. Gudsteneste. Takkoffer til misjonsprosjektet i Romania. Nattverd.
BEDEHUSET BETEL kl.16.00 Søndagssamling med tale av Marta Lomheim.
4.nov, Helgemesse
TJUGUM kl.11.00. Gudsteneste ved Audun Systad. Vi minnast dei som har gått bort
siste året som høyrde til Tjugum. Takkoffer til Stefanusall. (tidl Norsk misjon i Øst).
18.nov, 24 s i treein
SÆLE kl.11.00. Gudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarb.
Nattverd.
25.nov,
BEDEHUSET BETEL kl.16.00 Søndagssamling.
Atterhald om endringar. Oppdatert gudstenesteplan finn du alltid på www.balestrand.kyrkja.no