Agenda Økonomiutval 24.03.2014 kl. 9:00

MØTEREFERAT
Arbeidsmøte 16.12.2014
Dato:
Stad:
Arkivsak:
16.12.2014 kl.09.00-12.00
Hemsedal kommunestyresal
Tilstades:
Oddvar Grøthe,(SP) Odd Holde (H), Jan Egil Halbjørhus (H), Olav
Støyten (Krf), Bernt Muller (Frp), Andreas Smith-Erichsen, Marte
Torset; Lars Hansen( Skogstad Eigedom); Ole Halvar Jorde (Totten
Utvikling), Erik Teigen (Storelia Holding), Gorm Sandvik (Skarsnuten
Eiendomsselskap), Einar Bakko (Røggjelia grunneigarlag), Sveinung
Halbjørhus (Rådmann)
Protokollførar:
Gunn Eliassen
Saker til drøfting
Kommunestyret har tidlegare nedsett ei politisk styringsgruppe for utarbeiding av
næringsplan for kommunen. Styringsgruppa er samansett av formannskapsmedlemmene, samt ein politikkar frå SV og Frp.
Næringsplanen er snart klar for utlegging, men endeleg utlegging har mellom anna vore
avhengig av ei politisk avklaring på kva for langsiktig arealpolitikk kommunen ønskjer å
føre i høve fordeling næring- og fritidssenger, også kalla «varme og kalde senger». Det
er spesielt kjerneområdet i aksen Trøym sentrum – Totteskogen, Fjellandsbyen –
Storelia/ Tinden og Røggjelia som har vore diskutert, og vert sett på som kjerneområde
for næringssenger.
Ordførar Oddvar Grøthe gjekk gjennom dei ulike områda som har vært diskutert i
styringsgruppa når det gjeld kva slags arealpolitikk ein anbefal for senger i næring og
fritid. Følgjande er styringsgruppas forslag: Storelia I-II, Skarsnuten og Tinden. 40/60
(40% varmt og 60% kaldt), Fjellandsbyen 70/30 mellan Tottenskogen vil få ein endelig
fordeling næring/fritid etter samtaler med næringa. Røggjelia 30/70.Tuv og Ulsåk legg
arbeidsgruppa til grunn ein brøk med 20% næring og resten fritid (20/80).
Oddvar synte til tal frå Skistar si side og HTTL som har eit ynske om 15.000
kommersielle senger som et mål i eit langtidsperspektiv. Skistar har presentert dette
talet for å kunne forsvare sine investeringar framover i tråd med kommuneplanen.
Totten Utvikling ved Ole Halvar Jorde har foreløpig sett på ein fordeling med kaldt
nære skisenteret, kombinasjon av kaldt og varmt i grustaket og med varmt nær
sentrum. Totten utvikling og Skisenteret skal setja seg saman no rett før eller etter jul og
komme med eit forslag til fordeling i området.
1
Skistar ved Andreas Smith-Erichsen poengterte at ynske er framleis eit mål om å få
på plass 15 000 kommersielle senger da ein er heilt avhengige av varme senger for å få
utviklinga i den takten ein ynskjer. Skistar vil poengtere at ein også treng kalde senger
og ikkje er imot utbygging av disse. Hadde ein ikkje hatt det talet varme senger ein har i
dag ville ein ikkje kunne utvikle t.d. snøkanonanlegget som tar i bruk 35 000 liter i
minuttet (mot Norefjells 3000) og opne anlegget i november. Skistar har lagt opp eit
forslag om tre ulike løysingar til returheis/gondol. Avhengig av økt antal gjester for å få
til desse investeringane.
Røggjelia Utvikling v/Einar Bakko ynsker både varme og kalde senger men er heilt
avhengige av kalde sender for å kunne tiltrekke seg investorar. For å kunne stimulere til
heilårs tilbud anbefaler ein også å utvikle kalde senger da gjestene i desse har en større
besøksfrekvens. Ecosign som ein har starta eit samarbeid med syner at mogeligheitene
for kalde senger som er bygget for utleie kunne være ein interessant løysing å sjå
nærmare på. Ein ville anbefale og få på plass ein overordna mogligheitstudie for å trekke
til seg investorar.
Storelia Holding V/Erik Teigen syner at ein aldri hadde utvekla Skigaarden om det
ikkje hadde vore for dei varme sengene ein har i Hemsedal. Ein må sjå nærare på ei
balansert utvikling mellom kalde og varme senger. Viktig å tenke på at ein konkurrerar
med utlandet og at Norwegian er ein av våre største konkurrentar.
Alle i Hemsedal stiller med same startnummer og det er viktig for kommunen å kunne
tilby gode forutsigbare rammebetingelser. Det bør bli sett på mogligheitene for å legge
ned varme senger for å reinvestere i varme.
Skarsnuten Eiendomsselskap v/Gorm Sandvik er positive til de innspela
styringsgruppa har presentert i rapporten. Ein må tenke på at mange investorar har lukta
på Hemsedal, men få har investert. Årsaken har bla vore kald/varmsengspolitikken.
Åremålssenger er kalde senger i rapporten. Viktig at dei varme sengene kan leigast ut på
åremål og ikke sette begrensninger på dette, ellers vil investorene komme i en enda
vanskeligere situasjon. Markedet må styre dette.
Skogstad Eigedom v/Marte og Lars syner at det er viktig med ein balanse mellom
kalde og varme senger for å få til ei investering. Ein trekker fram eksempelet frå
Skigaarden der Erik Teigen fikk mogeligheit til ein 50%/50% fordeling. På Hovden har ein
eit krav om at dei kalde og varme sengene ein byggjer skal byggast ut parallelt. Lars fikk
fram at han meiner det er viktig å få på plass ein gondol som han meiner burde være
heile næringens ansvar. (Investering på om lag 90-100 mill) I alpene er gondolen fullare
på sommar enn på vinter. Marte stilte eit spørsmål til Skistar om ein har tru på at det er
lønsamt å bygge ut varme senger i Hemsedal om ein ikkje er Skistar og har kontroll på
store deler av verdikjeden. Dette mente Skistar det var muligheit for. Marte ville føreslå
ei fordeling i det nye baseområdet ved sentrum med ein 60/40 fordeling. Lars savnar ein
plan i rapporten for kva ein ynskjer å gjere med overnattingssenger som etter 20-30 år
blir faset ut grunnet plassering og standard.
Oddvar: Gangen videre. Det vil bli lagt opp til eit møte i styringsgruppa den 20.1 for å
avslutte innstillingen som blir sendt til høyring. Innspel frå grunneigerne bør oversendast
innan 10.1. Høyringsperioden er satt til 4 uker.
Hemsedal, 16.12.2014
Oddvar Grøthe
Ordførar
2