STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: SAKSHANDSAMAR: SAKA GJELD: ] STYRESAK: 04.12.2015 Kristin Pundsnes Budsjett 2016 STYREMØTE: 14.12.2015 85/15 A FORSLAG TIL VEDTAK 1. Styret i Helse Bergen HF vedtek budsjett for Haukeland universitetssjukehus for 2016 i samsvar med framlegg frå administrerande direktør. 2. Styret gjev administrerande direktør fullmakt til å gjere naudsynte justeringar/endringar innanfor ramma av vedteke budsjett. 3. Styret ber administrerande direktør følgje opp den økonomiske styringa i høve til budsjett og rapportere til styret på same format som i 2015. 4. Investeringsbudsjettet vert vedteke under føresetnad av driftsresultat som budsjettert i 2015. Revidert investeringsbudsjett skal leggast fram for styret etter avslutning av årsregnskap 2015, dersom årsresultat avviker frå føresetnad i budsjettsaka. Oppsummering Vedlagt følgjer framlegg til budsjett 2016 for Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen HF. Budsjettprosessen er gjennomført etter den plan som vart vedteken i styret i september 2015. I budsjettprosessen er det lagt vekt på å involvere tilsette, tillitsvalde, verneteneste og leiarar. Vedlagt følgjer også protokoll frå drøftingsmøte med hovudtillitsvalde dagsett 01.des. 2015 og protokoll frå FAMU dagsett 04.des. 2015. Budsjettet er utarbeidd med basis i dei føresetnader som er gjevne ved framlegg til Statsbudsjett for 2016, prognose for resultat Haukeland universitetssjukehus 2015 og tildelte rammer frå Helse Vest RHF for 2016. Budsjettprosessen har følgd dei planar og fristar som har vore vedtekne. Budsjettdokument og drøftingsprotokollar for dei ulike einingane var tilgjengeleg for dei tillitsvalde etter førespurnad ei veke før drøftingmøtet. Sjølve hovuddokumentet vart sendt dei tillitsvalde torsdag 26.nov. Fredag 27.nov vart det sendt ut eit oppdatert dokument, der oppdateringa berre gjaldt siste kapittel i dokumentet, likviditetsbudsjett 2016. Tysdag 1.desember vart det gjennomført lang og grundig drøfting av budsjettframlegget med dei hovudtillitsvalde. Dette er viktig for budsjettprosessen og gav nyttige innspel i det vidare arbeidet med implementering og detaljering av budsjett 2016. Informasjon frå dei tillitsvalde er gode moment i det vidare arbeidet. Med bakgrunn i kommentarar og protokoll frå drøftingsmøtet med dei tillitsvalde er det administrerande direktør si vurdering at rammene for 2016 er stramme. Innspel frå dei tillitsvalde peikar i stor grad på trong for auka ramme, og det er i liten grad gitt innspel på omprioritering innanfor tildelt ramme. Dersom innspela om auka driftsbudsjett skal følgjast, må resultatkravet bli redusert med tilhøyrande konsekvensar for investeringsbudsjettet. Etter administrerande direktør si vurdering har sjukehuset lagt fram eit stramt driftsbudsjett, men har samstundes lagt fram eit investeringsbudsjett med nokolunde tilstrekkeleg nivå innan investering av medisinsk teknisk utstyr. Når det gjeld spørsmål om reduksjon i talet på senger og sengekapasitet innan somatikk, må dette bli sett saman med endring i behandlingsopplegg der ein stadig legg om frå døgnbehandling til poliklinisk behandling. Dette er ein del av utviklinga innan medisinsk behandling. Det blir oppretta 24 senger i Utgreiingsmottak 1 i Mottaksklinikken frå 1.mars 2016. Tilhøyrande ressursar er overført til Mottaksklinikken frå dei ulike avdelingane. Dei «avgjevande» avdelingane vil i denne omgang redusere med om lag 20 senger. Det er med andre ord ein auke i talet på senger frå 1.mars. I tillegg kjem ØHD-sengene som er oppretta i Bergen kommune og andre kommunar. Sjukehuset har ikkje redusert talet på senger tilsvarande det som er oppretta i dei ulike kommunane, sjølv om tilhøyrande rammetilskot til sjukehuset er tatt vekk og overført til kommunane frå 2016. Utover dette vert det vist til budsjettdokumentet som er lagt ved. 2 Vedlegg (Cambria, 12) 1. Framlegg til budsjett 2016 2. Protokoll frå drøftingsmøte dagsett 01.12.2015 3. Protokoll frå FAMU dagsett 04.12.2015 3
© Copyright 2024