Gud signe årets grøde i alle verdens land!

Foto: Anne Kristine Geithus.
ÅRGANG 66
NR.
02 MAI 2013
Gud signe årets grøde
i alle verdens land!
Gud gi oss daglig føde
fra jord og hav og strand,
og hjelp oss du å dele
med andre det vi har,
vårt liv, vår jord, det hele
er ditt, vår Gud og Far!
NoS 763 v.4
Ord til
ettertanke
2
”Han er lang vinteren,
men ikkje evig”
Jeg satt i bilen på vei til kontoret en
kald og tidlig vårmorgen da
Halvdan Sivertsen sin sang
«Nordafør Vårvise» kom på radioen.
Han synger om den lange vinteren
som kan tappe oss for krefter og
føles uendelig lang. Og jeg kjente
meg så veldig godt igjen i lengten
mot vår. Til tross for fine skiturer
og koselige innekvelder, så tror jeg
at det er flere enn meg som kan
kjenne seg igjen i en lengt etter våren når vinteren har vart lenge
nok. En lengt etter lettere
klær, etter å slippe å
skrape bilen og å være
redd for å skli på isen.
Jeg pleier å leite etter
vårtegn lenge før det
egentlig er aktuelt å
kunne ane, men det
er ikke alltid jeg ser
dem så klart.
Et av de sikreste
tegnene vi har på at
våren skal komme er
påsketiden. Den viktigste høytiden i kirken.
I påsken feirer vi den
tomme graven. Vi feirer
at Jesus sto opp og vant
over dødskreftene. En gang
for alle!
Nå befinner vi oss i tiden etter
påske. Jeg synes noen av de mest
spennende og fine fortellingene fra
Bibelen er dem som handler om
tiden etter at Jesus hadde dødd og
stått opp igjen. Det er fortellinger
som jeg kan kjenne meg igjen i, de
er så fulle av livet. Det er fortellinger om mennesker som tviler på at
dette virkelig kan ha skjedd, fortellinger om både dyp redsel og stor
jubel. Alt det et menneskeliv er fullt
av. Hos Lukas kan vi lese om de to
disiplene som var på vei til
Emmaus mens de snakket om det
som hadde skjedd i påsken. Da
kom det en mann og gikk sammen
med dem. Men først da han brøt
brødet for dem kjente de igjen
Jesus og skjønte at det var han
som var sammen med dem.
Tegnet var brødsbrytelsen. Det var
da de skjønte at Jesus var til stede
i livene deres. Jeg tror at Jesus
også er til stede i våre liv i dag. Og
jeg tror vi kan se tegn på det rundt
oss. Men kanskje må vi noen ganger bli minnet på det og se ekstra
godt etter. Vi møter Jesus gjennom
bønn og i nattverden. Så tror jeg vi
kan se spor av Guds kjærlighet
rundt oss, også gjennom andre
mennesker. Jeg tror at vi er skapt i
Guds bilde og at det gir oss
muligheten til å speile Guds
kjærlighet for hverandre
gjennom hvem vi er.
Jeg liker å lete etter
tegn, og jeg tenker at
nettopp vårtegnene
kan minne oss om
påskebudskapet! For
når våren kommer
kan vi ane et vakkert
bilde på hele vårt liv i
naturen. Nå kan vi
endelig begynne å
gjenkjenne vårtegnene
rundt oss. Det har vært
kaldt lenge, men vi kan
begynne å ane at våren
skal komme. Slik den gjør
hvert år. Slik vi har opplevd
det før. Det er lysere kvelder,
knopper på trærne, blomster som
begynner å vokse frem igjen. Og jeg
tenker at det kan minne oss om
Jesus som sto opp fra de døde. Et
budskap som får betydning for hele
vårt liv. Slik som plantene dør om
vinteren og ligger i jorden, vil vi alle
møte døden. Men også slik som
plantene i jorden kommer igjen
hver vår, spirer frem og minner oss
om livet, slik naturen våkner til liv,
skal også vi engang stå opp.
Vårtegnene kan gi oss håp både for
dette livet - og for det neste. For
som Halvdan Sivertsen minner oss
om i vårvisen: «Han er lang vinteren, men ikke evig!»
Marte Ottesen - ungdomsprest
KONFIRMANTAR 2013
Vangsneskyrkje
5.mai kl.11.00
Kristian Vallin Fjellheim
Eilert Kløve
Adrian Undi Lunde
Linn Marie Husebø Sætevik
Feioskyrkje
9.mai kl.11.00
Sondre Amundsen Grindedal
Anne Lovise Sætre
Fresvikkyrkje
9.mai kl.13.00
Oddbjørn Hauglum
Arnafjord kyrkje
12.mai kl.11.00
Tina Kjelven Hauglum
Ole Starheim Nese
Vikkyrkje
26.mai kl.11.00
Oskar Andreas Balevik
Oda Lindelid Bjåstad
Tage Tryti Brekke
Kristine Stadheim Eie
Emil Fosse
Simen Haglund
Susann Målsnes Hansen
Birgit Fjærestad Hønsi
Jonathan Jordalen
Jermund Arnfinn Teigen Kvåle
Sigrid Lundeland
Helena Lidal Noss
Jarle Asheim Nummedal
Sigrun Asheim Nummedal
Håvard Ovrid
Frida Sofie Jordalen Skoglie
Silje Helen Grindedal Vange
Kajsa Vikøren Vikestad
3
«Det var ikkje lett
«Eg må seie at eg grudde meg til å seie det frå meg», seier Marta Stokkenes
når eg spør henne korleis det var å slutte som kyrkjetenar i Fresvik kyrkje.
Marta fortel at ho tok over etter John Tretteteig i 1990. Han vart sjuk og Marta
måtte gå inn som vikar «på sparket». Men vikariatet har vart i nærare 23 år!
«Eg må seie at eg grudde meg til å seie
det frå meg», seier Marta Stokkenes
når eg spør henne korleis det var å
slutte som kyrkjetenar i Fresvik kyrkje. Marta fortel at ho tok over etter
John Tretteteig i 1990. Han vart sjuk
og Marta måtte gå inn som vikar «på
sparket». Men vikariatet har vart i
nærare 23 år!
Marta er no 78 år, men sprek som ein
ungdom. Ho fortel at ho nett har teke
skimerket for 61 gong. «Eg tok det her
om dagen», seier ho som den mest
sjølvsagde ting av verda.
Idrettsmerket har ho og teke over
femti gonger utan at ho heilt veit det
nøyaktige talet. «Eg har vore velsigna
med god helse, så lyt ein hjelpe til litt
sjølv og!» Marta held seg i form med å
gå ein tur kvar dag. Ho går også rundt
med «Bygdanytt» og tilboda frå
«Coopen» til alle postkassar i Fresvik.
Kjem du til å sakne jobben som kyrkjetenar?
«Det er greitt å sleppe sut. Men eg
tykte det var kjekt, eg treivst voldsomt
godt», seier Marta. «Når mannen min
døydde og eg vart åleine, hende det at
eg gjekk bort i kyrkja og sat der og
kjende på ein ro og fred i kyrkjerommet». Ho opplevde kyrkja som ein god
plass å vere når ho hadde tunge
dagar.
4
Marta har kort veg, og det har vorte
mange turar bort i kyrkja. Ho fortel at
då «Dagmar» herja 1. juledag i 2011
vart kyrkjedørene rivne opp sjølv om
dei var låste. Ho måtte ta nokre heller
ho hadde liggjande og bere bort for å
setje som skorer for dørene. «Det var
slik vind at det var godt eg hadde dei
tunge hellene så eg ikkje blæs vekk.
Den natta låg eg nede for å følgje
med», seier ho. Marta har passa godt
på kyrkja. Jobben som kyrkjetenar
har først og fremst handla om å vaske
å slutte!»
og halde kyrkja i orden. Det er og kyrkjetenaren sin jobb å setje på varme
og låse opp kyrkjedørene i god tid når
kyrkja skal brukast. Marta har og
vore oppteken av å lage eit lite «kyrkjemuseum» oppe i tårnet, samle
gamle gjenstandar som har høyrt kyrkja til.
Engasjert har Marta vore på mange
område. Då ho arbeidde som heimehjelp, såg ho at det var trong for ein
heim for dei eldre i bygda. Ho fekk
med seg fleire på tanken og dei oppretta ei stifting og begynte å samle inn
pengar. I 1985 kom bygginga av
«Bygdaheimen» i gang og året etter
kunne dei flytte inn. I 1994 brann
bygdaheimen ned. Heldigvis skjedde
det på føremiddagen og alle vart
berga ut, men Marta fortel at då var
ho langt nede. Men det var bere å
brette opp armane og setje i gang med
å bygge opp att og året etter stod
heimen på nytt klar til bruk. Marta
arbeidde i mange år på bygdaheimen
i tillegg til jobben som kyrkjetenar.
Framleis er ho som regel to gonger for
veka i jobb som frivillig på arbeidsstova.
Marta har også vore politisk aktiv.
Først ein periode i Leikanger kommunestyre før Fresvik var overført til
Vik, deretter fleire periodar i Vik kommunestyre. Ho har heile tida vore ein
markert talsmann for bygda Fresvik.
Ho har også starta opp att misjonsforeininga for NMS. «Vi er ikkje så
mange lenger», seier Marta, «men vi
har nokre møter». I helselaget har ho
vore leiar i mange år. «Eg får det ikkje
i frå meg», seier ho, «men det er godt å
ha noko å gå til, å kunne vere til
nytte.»
Marta har verkeleg vore til nytte for
mange i Fresvik og er det framleis.
Takk for trufast innsats i Fresvik kyrkje!
BLOMEN
Eg veit ein dal so mørk og trong
med fossedur og skredesong.
Ei krå der soli aldri når,
finn livet endå voksterkår.
Ein neve mold til grøne topp,
ein liten blom sler auga opp.
Eit gyllent smil i himmelblått
ser ut i skuggelandet vått.
«Men soli kjem nok snart til megdet skal bli fint å sola seg.»
At soli ikkje nådde hit,
det rokkar aldri blomens lit.
Om blomen må i skuggen dø
den spreier stadig nye frø «ein dag skal de i solflaum stå,
det må de alltid lite på.»
Tålmodigt nye blomar ser
at soli skin, men ikkje her.
Dei ventar, vonar, ingen tvil -,
dei øver seg på velkomstsmil.
Trutt skal dei stå til Herrrens dom
i lengt til sol som ikkje kom,
i mørke krå, i fossedur
for slik er blomen si natur.
Og vil du vete namn og art,
so fins den ei i bok og kart.
Men eg skal kviskra til deg: «Du,
den blomen heiter «Von og tru».
So grann ein blom, so, fast eit sinn
som aldri slepper tvilen inn,
Ein vilje, ikkje barsk og stor men endå største makt på jord.
Når allting her har kvorve bort,
du fattig står for himlens port.
Då blir du brått i handa var, ein skatt, ei von og tru du har!
Ingrid Geithus
OMH
5
14.mars
2013
Medarbeidarfest i Kyrkjestova
for kyrkjelydane i Vik kommune
I 2006 og 2009 hadde Bjørgvin bispedømme oppfylging av medarbeidarar som satsingsområdet under mottoet «Saman som medarbeidarar i Bjørgvin». Visjonen var «Kyrkjelydane i Bjørgvin tek vare på,
viser omsut for og fylgjer opp medarbeidarane sine slik at den einskilde
med glede kan tene Kristus med sine nådegåver i kyrkjelyden sitt fellesskap.» I Kyrkjelydsarbeidet har vi mange medarbeidarar, og mange står
på år ut og år inn. Kyrkja har nokre fåe tilsette som har mange friviljuge
medarbeidarar. Slik kan kyrkja få gjort mykje med småe midlar både i
barne- og ungdomsarbeid og arbeid blant vaksne og eldre.
Staben hadde lyst å gjere stas på alle medarbeidarane slik at dei forstår
at dei er verdsett og sett. Om lag 85 menneske var inviterte, og om lag 50
møtte og det kom nokon frå kvart sokn. Prost Geir Sørebø var invitert til
å halde inspirasjonsappell. Sidan Ytre Sogn prosti nyleg var nedlagt, vart
det og markert at han sluttar som prost gjennom mange år. Han fekk
overlevert eit bilete Jon Oddvar Myrkaskog. Olav Martin Hove overrekte ei
gåve frå staben på Vik kyrkjekontor. Kyrkjeverje Ingvar Vangsnes takka
Marta Stokkenes for trufast teneste som kyrkjetenar ved Fresvik kyrkje.
Elles var det allsong, quiz og matøkt der det var god tid til å samtale med
kvarandre. Det var bestilt snittar og marsipankake som ein kunne forsyne seg med. Det gav og høve til å snakke med fleire.
Maten smaka og stemninga var god. Det var ei høveleg blanding av
skjemt og alvor. Det var godt å møtast og sjå at vi er mange som arbeider
med ulikt i kyrkja
T: KjB
6
F: kjh
Vårfest på Vangsnes
Om lag seksti menneske, både store og
småe, kom og benka
seg rundt dei festpynta borda som
soknerådet og diakoniutvalet hadde
pynta og laga vakkert
til i gymnastikksalen
på Vangsnes skule.
Roser og lys og nydeleg mat var gav ei flott
ramme rundt festen.
Soknerådsleiar ønska
velkommen og vi song
«No livnar det i lundar»
med tonefølje av
Osvald Risløw, på
trekkspel, Jon Oddvar
Myrkaskog på gitar og
Torleif Thorsen på
bass.
«Karakoret» i
Frelsesarmeen song
eit par songar før
matøkta og strengemusikken deltok med
mykje flott song og
fleire vitnemål etterpå.
Det var fem born, og
ein song ein rørslesong med dei. Kjersti
hadde ein liten
andakt. Det var god
stemning og praten
gjekk høgt under
bordseta. Det var kjekt
å sjå kor mange kosa
seg med både maten
og med å komme i lag.
Strengemusikken
song seg inn i hjarta til
alle og ein kvar. Det
kom inn 3324kr i kollekt til diakoniarbeidet
som blant anna går til
å dekke utgiftene til
festen. Takk til soknerådet og diakoniutvalet som gjorde ein storinnsats for å få dette
til.
onsdag
10.april
2013
T/F : Kjersti Brudvik
7
KONFIRMANT
Natt i Sogndal
26 konfirmantar fordelt på 1 gutelag, 1 jentelag og heiagjeng deltok på
konfirmantnatta 8.mars i Sognahallen.
Der var det ulike aktivitetar bl.a. teikning på
T-skjorte.
Det vart spelt mange
fotball-kampar gjennom heile natta, avbrote
av gudsteneste, time
out, div. underholdning.
Gutelaget gjorde ein
hederleg innsats,
medan jentene tok gull
og fekk dermed første
napp i vandrepokal.
Heia gjengen tok
«jobben» alvorleg og
laga god stemning på
kampane til Vik. Dei
vart kåra til beste
heiagjeng.
Fasteaksjonen Tårn
Konfirmantane, her representert ved to
av dei, var med på Kirkens Nødhjelp sin
fasteaskjon tysdag 19.mars.
Ut på tur – ikkje sur.
Flott resultat: I Vikkommunekomdet inn kr.
39.445,50
8
Ein av aktivitetane i konfirmant- timane var å byggja
tårn, - vi ser samarbeid og å
vere trygg på kvarandre.
Øving kor før
gudstenesta
Samtalegudsteneste
12.april var det samtale- gudsteneste i Vik
kyrkje, der konfirmantane frå Fresvik,
Feios, Vangsnes, Vik
og Arnafjord deltok.
Bjørgvin bispedømeråd som har hatt
ansvar for konfirmantundervisninga – Marte
Ottesen og Anne Line
Kroken.
I år er det to ungdomsprestar, tilsett av
På gudstenesta var det
både drama og song
ved konfirmantane.
Elles var dei med på
skriftlesing, forbøn og
kunngjeringar. Andre
tok del i oppgåver som
kyrkjetenaren gjer og
dei var kyrkjevertar.
Etter gudstenesta var
det avslutningssamvær for konfirmantar
og foreldre i
Kyrkjestova.
Inngangspro
sesjon
Kunngjeringar
9
Drama –
Jesus
mettar 5000
Minikonfirmantane p
Minikonfirmantar frå Fresvik, Feios, Vangsnes , Arnafjorden, Vik og
Balestrand reiste til Alværa laurdag morgon med ekspressbåten. Fleire
foreldre og Kirsti , Tore og Kjersti deltok frå dei tilsette.
Etter innkvartering og
orientering om staden og
opplegget, gjekk ein i
gong med «Bli kjent
leikar» der borna frå
ulike stader blei rista
saman. Etter føremiddagsmat og ei økt ute,
bar det ut på ei misjonsreise til seks av landa
Det norske Misjonsselskap har arbeid i.
Deltakarane fekk
misjonspass med på turen der dei fekk sjå korleis
ein brukar turban, korleis ein tel i Kina, lære
steinspel frå Mali, smake
på eksotisk frukter frå
Brasil og spele på jembe i
Kamerun, trommer.
10
På misjonstivoli fekk dei
kjøpe ulike aktivitetar
både ute og inne med
Alværapengar som dei
hadde kjøpt seg.
På leirkvelden hadde
Trine og Tea, to elevar frå
Sygna mange kjekke
leikar.
Søndagen var det gudstenesteverkstad der ein
dramatiserte teksten frå
Johannes 21 om læresveinane og Jesus ved
Tiberiassjøen. Ei formingsgruppe måla , teikna
og forma i kitt frå teksten.
På ettermiddagen deltok
dei i eit sporløp. På post
7 skulle dei skrive eit
brev heim om korleis dei
hadde hatt det i helga. «
Me kosar oss på Alværa.
Me har fått mykje god
mat og ete mykje gotteri.
Me har treft mange nye
kule folk. Har de det fint
heime utan oss. Glad i
dikka.» skreiv Ingvild,
Andrea, Asbjørn, Markus
og Olav.
«Etter ein lang båttur
kom me endeleg fram til
Alværa. Me hadde mange
gode stunder med mange
gode leikar. Når me kom
vart me delte inn på forskjellige rom. Då me såg
romma vart me positivt
overraska over kor fint
det var. All mat me fekk
var god. Leiarane var
hyggelege og me fant på
mykje kjekt med dei. Har
blitt kjent med mange
nye og lært ein god
del.TAKK FOR AT ME
FEKK REISA HIT.» Frå
Oda, Victoria, Silje Britt
og Gøran. Ps «Det var
å helgatur til Alværa
dumt at me ikkje fekk
vera lenger.»
På post 5 Skulle dei
skrive eit rim eller ein
song med orda: påske
–leir-gotteri-bli kjentSove- ete- leik.
«No er det påsketid
Med masse gotteri.
No er me på leir
Med mange fleir.
Me vil ikkje love
At me skal sove
Me leikar
Og høyrer på preiker»
skreiv Elise Ling,Oda
M.F. Sigrid, Marius og
June
Helga gjekk godt utan
uhell. Det var ein aktiv,
triveleg og positiv gjeng
me hadde med oss. Trine
og Tea frå Sygna hadde
mange artige leikar som
vart godt mottekne av
borna. Takk til foreldre
og vaksenpersonane som
var med. Dei var gode
hjelparar. Alle saman var
trøytte og godt nøgde då
ekspressbåten tok oss
heim søndag kvelden.
T: Kjersti Brudvik
/ F: KJH
11
Unike sommareventyr!
Omikkjealtfor lengeer sommaren her, og sommaren er tid for
eventyr! Eventyr i sol, varme, sjø og skog. Sjansen til å gjerenoko utanomdet vanlege. Som
til dømeså reisepå leir!
Acta – barn og unge i Normisjon, arrangerer òg i sommar leirar på Fjordly
og på Teigen. Å reise på leir inneber å overnatte heimafrå, å bli kjend med
nye menneske, både på sin eigen alder og med leiarane, å finne på mykje
forskjellig saman, samt å få høyre meir om Jesus. Alt dette gjer at vi lærer
noko nytt og får oppleve noko unikt – eit eventyr!
Både begge Normisjon sine leirplassar i fylket, Fjordly i Nordfjord og
Teigen i Sunnfjord, er det godt tilrettelagt for sommareventyr. Fjordly ligg
flott til på Bryggja, mellom Måløy og Eid. Teigen finn ein litt utanfor
Eikefjord, mellom Florø og Førde. Her finn ein hovudhus med rom til måltid, samlingar, kos, bordtennis og biljard og eigne hytter til å sove i. Ute er
det kanoar, båtar og redningsvestar tilgjengeleg, samt flytebrygge og
stupetårn til bading. Fotballbane og hinderløype finn ein òg begge plassar. På Fjordly er det ein eigen holme til utfalding av ulikt slag. Mangt eit
flagg har blitt kapra her. Teigen har ei strand det er fint både å bade på og
å sjå etter krabbar ved. Mangt eit isboksakvarium har blitt innreidd her. I tillegg kan ein finne fram kubb, cricket, badminton
og ringspel. Berre fantasien set grensene for kva
ein kan finne på.
På leir er det mange menneske i sving for at deltakarane skal få ei super oppleving. På kjøkkenet finst trygge vaksenpersonar og kjøkkenhjelper
som gjer sitt for at maten skal vere av ypparste
kvalitet. Som leiarar er det med ungdommar og
vaksne som brenn for at deltakarane skal ha det bra
og få eit eventyr av beste sort. Rundt om kring ber
menneske for leirane og det som føregår der, og Gud er
med og vernar og gler seg over flokken som samlast.
Velkomen til leir,
bådesmå og store!
12
Leirmenyen på Fjordly:
Minileir 4-8 år 7.-9. juni
m/ følgje
Leirmenyen på Teigen:
Amigosleir 21.-23. juni
1.-5.klasse
Sommarleir 1
4.- 5. klasse
Tweensleir 6.-10.klasse
Familiedag Alle!
Sommarleir 2
6.- 7. klasse
23. – 26. juni
30.juni – 3. juli
Tenleir
10. – 14. juli
13 år og oppover
Familieleir
Alle!
25. – 28. juli
27.-30. juni
13. juli
Ha ein god
sommar!
Påmelding:
Seinast ei vekefør leiren.
Sogn og Fjordane
KFUK-KFUM
P.b 329, 6801 Førde
mail: [email protected]
tlf: 90 95 55 97
*VI vil leirarbeid! Det er ei gåve
til kyrkjelyd, grupper og einskilde born å dra på leir i
sommar!
*Vi vil satse på innhald som er
i tråd med Trusopplæringa sitt
innhald for denne aldersgruppa!
*Vi kan få utrulege ting til å
skje i ei felles satsing om å få
born på leir!
Sommarleiranepå Nesholmen i
sommar:
SOMMARLEIR 1 21.- 23. juni
for 1. -4. klasse
SOMMARLEIR 2
for 5.- 7. klasse
24.-27. juni
SOMMARLEIR 3
for 1.-4. klasse
28.- 30. juni
Tema frå Trusopplæringa sitt innhald
for 6- 12årsfasen:
TAKK!-1. Trusartikkel
- forvaltaransvar
SKAP!
Symbolikk og
kunst
SJÅ!
Jesus møter
menneske
- vennskap
LES!
Bibelen- eit møte
med bøkene/
personar i Bibelen
BE!
Bønn- trua si pust
Leirene vil ha med seg dette i
direkte og indirekte
forkynning
Ida Etnestad
Krinssekretær/dagleg
leiarSogn og Fjordane KFUKKFUM
NMS- Alværamisjonssenter
Familieleir : 14. -16. juni
5.-7.kl:
21.-23.juni
2.-5.kl.:
24.-26.juni
Meir informasjon finn du på :
www.nms.no/bjorgvin
Idylliskmisjonssenter ved
Sognefjorden,- staden for avkobling og
tilkobling.
Misjonssenter med høg standard, nær fjord og fjell som gjev
høve til rekreasjon. I tillegg 1
hytte for utleige uavhengig av
drifta på senteret.
Alværa ligg i Sogn og Fjordane,
ved Sognefjorden, på nordsida,
5 mil inn frå havet.
(ca. 4 km frå Lavik kai)
Mellom Europaveg 39 og sjøen
ligg Alværa som ei idyllisk
perle, omkransa av furuskog
og lauvskog. Det tek 2 timar å
køyre til Bergen, 1 time til
Førde og flyplass. Gode bussforbindelsar til / frå Bergen,
Trondheim, Ålesund, dessutan
ekspressbåt til/frå Bergen.
Alværa Misjonssenter vert
dreven og er eigd av Det Norske
Misjonsselskap. Byggjeår
1982, godt vedlikehelde.
Godt tilrettelagt for rullestolbrukarar, då alt er på eitt golv.
Senteret er ope heile året, men
tek kun imot grupper. Alværa
er godt eigna til leirar for barn,
tenåringar, konfirmantar, familiar og pensjonistar. Fin stad
for leirskule, barnehagegrupper, kyrkjelydsweekend og ulike
vaksenarrangement. Gode lokale for ulike typar selskap.
13
Diakoniens dag i Vik
Søndag 17.mars var vi
samla til diakoniens dag i
Vik kyrkje. Vi byrja med
prosesjon, der diakoniutval
og 6-åringar var med.
Det var Kjell Nese og prsoti
diakon Kjersti Brudvik som
leia gudstenesta. Vi hadde
besøk av Gunnar Kartveit
frå Kirkens Nødhjelp som
heldt preika. Fokuset denne
dagen var altså internasjonal diakoni. På kyrkjekaffien
etter guds-tenesta, fekk vi
sjå ein film som er laga i
høve Kirkens Nødhjelp sin
fasteaksjon.
Særs kjekt var det at så
mange 6-åringar var møtt
fram for å få utdelt 6-årsboka.
Håper de koser dykk med
forteljingar, songar og oppgåver !
T&F: kjh
Utdeling av 6-års bok
og Bibel på Vangsnes
14
På Vangsnes hadde vi 6 – og
10 års fase i trusopplæriinga palmesøndag 24.mars.
Dette er ein dag mange er
på tur, men heldigvis kom
det mange til kyrkja også.
Kyrkjelydspedagog var
liturg og Kvardagsskulen
song. Etter det var det
utdeling av 6 års bok. ( Eva
Othelie fekk ikkje boka for 2
år sidan, så derfor fekk ho
den no)
Dei som er 10 år fekk
invitasjon til å få Bibel.
Det er høve til å kome på
kyrkjekontoret å få bøkene,
for dei som ikkje kunne
møte denne dagen.
T&F: kjh
Leige av Kyrkjestova
Brukav Kyrkjestova:
Lokala skal dekka kyrkjelyden sin trong for
arbeidslokale, og dei
kan leigast ut til frivillige organsasjonar
og private slutta
arrangement.
mot dette, eller som
styret ut frå desse
intensjonane vurderer
som ikkje ynskjeleg.
Alle rom som har vore
i bruk og alt inventar
og utstyr skal forlatast
i den stand dei/det var
før bruk.
Ein ynskjer ikkje bruk
av tobakk eller rusmiddel i lokala.
Styret for Kyrkjestova
syter for reinhaldet.
All verksemd i lokala
må gå føre seg i former
som ikkje står i motsetnad til grunnlaget
for
Ein ynskjer heller
ikkje spel om pengar
eller varer. Unnateke
her er utlodningar,
basarar o.l.som har
ideelle føremål som
styret kan godkjenna.
Den norske kyrkja.
Lokala kan ikkje
leigast ut til føremål/
arrangement som strir
Alle som nyttar lokala
må rydda etter seg.
Kyrkjestova er eit bygg
vi ynskjer skal bli
brukt til glede og nytte
for kyrkjelyden og
bygdefolket.
Velkomen til
Kyrkjestova!
For leige: Kontakt Vik kyrkjekontor på telefon 57 69 82 90
(ev. 469 28 613) Det er vedteke nye leigesatsar for Kyrkjestova,
godkjende i Vik sokneråd. Dei gjeld frå 01.06.2013.
Leigesatsar inkl. vasking:
Bruk av heile
huset inkl. kjøken
Bruk av begge salane
Bruk av stor sal
Bruk av liten sal
Bruk av møterom
Bruk av loftsrommet
Tillegg for bruk av kjøken
2.000
1.200
900
700
350
700
500
Utlån:
Fastsum
pr. utlån av utstyr
Pr. bestikkdel
(kvardagsbestikk)
Pr. serveringsskål o.l.
Pr. bord (kvardagsbord)
Pr. duk
(til arrangement i
Kyrkjestova) + kostnad
for vask
15
275
2
25
25
45
Meldingar:
FASTEAKSJONEN
kr. 4.254,00
Fresvik
kr. 4.556,00
Feios
kr. 5.115,00
Vangsnes
kr.21.576,50
Vik
Arnafjord
kr. 3.944,00
Sum:
kr.39.445,50
Tusen takk til alle som var med og
organiserte aksjonen, takk til
bøsseberarar, sjåførar og gjevarar!
Vi fekk dessverre ikkje dekka alle
rodene i Vik skikkeleg, då vi hadde for
lite bøsseberarar/ sjåførar.
Har du ikkje fått gitt til aksjonen, kan
du sende pengane til
Konto 1594 22 87493 eller sende
GAVE på sms til 2468 (kr.200)
eller ringe gjevartelefon 820 44 088
(kr.200)
Kirsti Jelle Hopperstad –
kontaktperson Kirkens Nødhjelp
«BOK PÅ DØRA»
Røde Kors besøksteneste og biblioteket
vil prøve eit nytt samarbeid.
Besøksvener kan formidle bøker,
lydbøker, film osv. frå biblioteket
på døra til brukarar. Sjå meir i Sogn
Avis.
Vi kjem tilbake til prosjektet i neste
nr. av kyrkjebladet.
TEKNISKE HJELPEMIDDEL
FRÅ KOMMUNALT LAGER!
Veit du om hjelpemiddel som ikkje
er i bruk lenger ?
Det kommunale hjelpemiddellageret byrjar å gå tom for nokre
typar hjelpemiddel så som
toalettforhøgarar, strømpepåtrekkarar, gripetenger o.s.v.
16
KRYKKERer det svært viktig å få inn
att då lageret er tomt.
Og me oppmodar difor folk til å
levere desse tilbake. Dette er
”VIKTIG” for å kunna yta best mulig
hjelp til folk som treng slikt utstyr!
Hjelpemidla kan leverast på
Rehab.avd./fysioterapiavd.
på Sjukeheimen.
Kontakt Vaktmeister
Osvald Risløw tlf. 57 69 87 39
eller mobil. 915 84 797 ,
Ergoterapeut
Frøydis Haga tlf. 57 69 87 20
eller mobil. 994 82 191
VIK HELSELAG
vil retta ein stor takk for hjelp og støtte
i samband med basaren i Kyrkjestova
laurdag 9.mars.
Takk til alle som støtta laget med kjøp
av loddar. Takk for fine gevinstar. Takk
for det gode måltidet!
Ein ekstra takk til Strengemusikken
for vakker soong.
Bruttoinntekta vart kr. 46.500.- .
Pengane skal brukast til det beste for
bygda. Takk til kvar og ein av dykk
som var med og skapa trivnad og god
stemning på dagen!
Basarnemnda
SKJÆRTORSDAG ARNAFJORD
Gudstenesta i Arnafjord kyrkje med
både fastbuande og påske-gjestar.
Kjell Nese og Kjersti Brudvik hadde
gudstenesta. Frelsesarmeen deltok
med song.
Etter gudstenesta var det kaffi, saft og
kaker.
Kjekt å treffast og slå av ein prat med
kjente.
T: TSG / F: EN
NY KYRKJETENARI FRESVIK HENK VAN
NIEROP
Henk er tilsett som ny kyrkjetenar i
Fresvik frå 15. februar d.å. Han kom
med familie til Noreg i 2004 frå
Nederland og har budd i Fresvik frå
denne tida. Til dagleg er Henk å sjå på
byggmiks på Coopen.
Me ynskjer han velkommen som
tilsette i Vik kyrkjelege fellesråd og
med teneste i Fresvik.
Nytt om tilsette ved
kyrkjekontoret og i
prostiet
Kyrkjelydspedagog, Tore Brudvik,
har sin siste arbeidsdag ved
kyrkjekontoret i Vik 15. mai d.å.
Han har hatt ein 50% stilling i
Balestrand og Vik. Ei av dei
viktigaste oppgåvene til kyrkjelydspedagogen er trusopplæring blant
dei unge i alderstrinnet 0 – 18 år.
Stillinga er utlyst av Balestrand
fellesråd og etter det vi får opplyst,
så er det søkjarar til stillinga.
Håpar på tilsetjing så vi får
kontinuitet i jobben.
Tore går no over til å bli pensjonist
så vi takkar for samarbeidet og
ynskjer han lukke til med «rolegare
dagar» i Balestrand.
Nytt om prest
og prosti
Søknadsfristen for prest og prost
var 16. april d.å. Det er alltid
spennande om ein klarar å
rekruttera medarbeidarar til ledige
stilingar, difor er det positivt at det
er søkjarar i båe stillingane. Sokna i
Vik får stille med ein representant
på intervjuvet med prest som skal
vere 30. april i Bergen. Leiaren av
Vik sokneråd reiser som representant for Vik, Vangsnes og
Arnafjord.
Når det gjeld tilsetjing av prost i
Indre Sogn prosti så får prostiet
stille med to kandidatar på
intervjuet, som skal vere 22. april i
Bergen.
Vi håpar på tilsetjing i båe
stillingane no i løpet av våren.
Døypte:
Fresvik:
24.03.13. Olav Lyngset, Frønningen
Døde:
Vik:
26.02.13. Bjarne Kjell Seim
22.03.13. Lovise Vikøren
28.03.13. Arne Røyrvik
f. 1952
f. 1927
f. 1931
Fresvik:
27.03.13. Hans M. Hov
f. 1924
Neste bladnr. av «Helsing frå kyrkja»
kjem ikkje før i august så de må
fylgje med på heimesida til kyrkjekontoret eller i media når det
tilsetjingar.
17
NAMN OG NUMMER
KYRKJELEG TILSETTE:
Kyrkjeverje
Ingvar Vangsnes
epost: [email protected]
TELEFONAR
KONTORTID
kontor 57 69 82 94
bustad 57 69 75 36
mobil 901 11 530
tysdag - fredag
kl. 10.00 – 15.00
Sokneprest i Vik, Arnafjord og Vangsnes
kontor 57 69 82 91
Sokneprest i Feios og Fresvik
Audun Systad
epost: [email protected]
bustad 57 69 11 55
kontor 57 69 16 80
mobil 971 55 237
Balestrand på
tysdag
kl. 10.00 – 14.00
Diakon
Kjersti Brudvik
epost: [email protected]
kontor 57 69 82 93
mobil 402 47 691
tysdag
kl. 09.00 – 11.00
ellers etter avtale
torsdag
i Balestrand
Kyrkjelydspedagog
Tore Brudvik
epost: [email protected]
kontor 57 69 82 92
mobil 930 82 948
I Vik
oddetals veker.
Kyrkjelydssekretær
Kirsti Jelle Hopperstad
kontor 57 69 82 90
epost: [email protected] 911 01 653
Hoved Kyrkjetenar i alle kyrkjene
Nils Kvamme
mobil 957 30 615
Kyrkjetenar i Vik og Vangsnes
Jonathan Nahayo
Ragnar Hove
mobil 941 71 504
mobil 404 17 088
onsdag og torsdag
kl. 10.00 – 15.00
Kyrkjetenar i Arnafjord
Kyrkjetenar i Feios
Britt Inger Rinde Eikeland
mobil 908 39 156
Kyrkjetenar i Fresvik
Henk van Nierop
mobil 918 70 581
Organistar
Lars Einar Bakketeig
epost: [email protected]
Inger Marit Hove
epost: [email protected]
mobil 995 34 138
bustad 57 67 83 34
mobil 915 27 569
bustad 57 69 59 59
Stabsmøte kvar onsdag kl. 09.15 – 11.00. Kyrkjekontoret er då stengt.
Når alle er ute i oppdrag, kan resepsjonen på Kommunehuset formidla kontakt
18
ANDRE TELEFONAR
Vik:
Reidunn Bolstad
Arnafjord: Camilla Zweidorff Hove
Vangsnes: Oddveig Fimreite
Feios:
Gyda Tveit Lunde
Fresvik:
Aud Hønsi
tlf. 905 33 581
tlf. 957 39 867
tlf. 971 98 740
tlf. 478 29 198
tlf. 482 50 638
VIK KYRKJELEGE FELLESRÅD:
Leiar: Ola Engum, tlf. 957 34 827
Vik kyrkje
tlf. 57 69 56 20
Nummedal Gravferdsbyrå v/Arnfinn Nummedal
mobil: 918 85 770
Prestane sin beredskapstelefon 954 83 831
(utanom kvardagar kl.08-17)
VELKOMEN TIL KYRKJE
17.mai, fredag
(Luk 17, 11-19)
kl.13.00
Vikbygde- og sjukeheim
Utegudsteneste
v/ Kjell Nese
(ved dårleg ver,
vert gudstenesta i kyrkja)
19.mai, 1.pinsedag
(Joh 14,23-29)
kl. 11.00
Vikkyrkje
Høgtidsgudsteneste
v/ Kjell Nese
Nattverd og Offer.
26.mai, Treeiningssøndagkl.11.00 Vikkyrkje
(Luk 24,45-48)
02.juni, 2.s.i treeining
(Joh 3,1-13)
Konfirmasjon
v/ ungdomsprest
Marte Ottesen
Offer.
kl.11.00 Fridtjov-parken
kl.16.00
09.juni, 3.s.i treeining
(Mark 10,13-16)
kl.11.00 Vikkyrkje.
16.juni, 4.s.i treeining
( Matt 9,35-38)
kl.11.00 Fresvikkyrkje
Gudsteneste
v/Kjell Nese,
Offer: Frelsesarmeen.
Feioskyrkje
Blomstergudsteneste
v/ Audun Systad.
Avslutning Minikonfirmantar.
Kvardagsskulen tek del.
Offer: Søndagsskulane
i S. og Fj.
Gudsteneste
v/ Johannes Melve.
Lindås og Myking kantori tek del
Offer
kl.16.00
Blomstergudsteneste
v/ Audun Systad
Offer: Søndagsskulen
Arnafjord kyrkje
Gudsteneste
v/ Kjell Nese
Offer
23.juni, Jonsokaftan
(Matt 18,12-18)
kl.17.00 Hopperstad stavkyrkje
Jonsokmesse m.dåp
v/ Olav Martin Hove
30.juni, Aposteldagen
(Mark 3,13-19)
kl.11.00 Vangsneskyrkje
Gudsteneste
v/ Kjell Nese.
Nattverd og Offer
07.juli, 7.s.i treeining
(Mark 5,25-34)
kl.11.00 Berdalsli, Feios
kl.19.30
Friluftsgudsteneste
v/ Johannes Melve
Vikkyrkje
Kveldsgudsteneste
v/ Kjell Nese
Nattverd og Offer
19
INFORMASJON
UTGJEVAR :
TRYKK :
BLADSTYRER :
KASSERAR :
BLADPENGAR :
BANKGIRONR :
Sokneråda i Arnafjord, Feios, Fresvik, Vangsnes og Vik
Ingvald Husabø Prenteverk a.s, 6863 Leikanger
Kirsti Jelle Hopperstad
Sylvi Nummedal
Kr. 150,– pr. år. Utanbygds kr. 200.38003011558
VELKOMEN TIL KYRKJE
14.juli, 8.s.i treeining
(Mark 12,28-34)
kl.16.00 Fresvikkyrkje
21.juli, 9.s.i treeining
(Luk6,36-42)
kl.12.00 Målsete, Vikafjellsstemne
Gudsteneste
v/ Johannes Melve
28.juli, 10.s.i treeining
(Mark 11,25 -26)
kl.16.00 Arnafjord kyrkje
Gudsteneste
v/ Kjell Nese
29.juli, Olsok
(Luk 22,24 -27)
4.aug., 11.s.i treeining
Gudsteneste
v/ Kjell Nese
kl.18.00
kl.16.00 Feioskyrkje
kl.18.00
11.aug.,12.s.i treeining kl.11.00 Vikkyrkje
( Joh 4,27-30,39-43)
20
Hovekyrkje
Olsokmesse m/ dåp
v/ Kjell Nese
Gudsteneste
v/ Audun Systad
Vangsneskyrkje
Gudsteneste
v/ Audun Systad
Nattverd og Offer
Gudsteneste
v/ Kjell Nese
Nattverd og Offer
25.aug., Vingårdssøndag kl.11.00 Sveastemne, Fresvik
(Matt 19, 27-30)
Gudsteneste
v/ Audun Systad
Offer: Frelsesarmeen
kl.11.00
Arnafjord kyrkje
Gudsteneste
v/ Kjell Nese
KYRKJESKYSS:
VIK: Ring 482 27 500 seinast ein time før gudstenesta
eller Vik kyrkjekontor 57 69 82 90 (innan fredag)
VANGSNES: Ring 917 13 596, Leif Audun Sætre - dagen før gudstenesta.
FEIOS: Ring 402 90 941, Linda Nedberge Sagerøy - dagen før gudstenesta.
ARNAFJORD: Ring 975 34 827, Ola Engum - dagen før gudstenesta.
FRESVIK: Ring 997 59 706, Jardar Bøtun - dagen før gudstenesta.