for Vossabygdene Helgatun 40 år Helgatun har feira sine 40 år som leirstad og fjellpensjonat. Historia fortel om ein draum som har gått i oppfylling, og eit svar på ei underleg bøn. Les om dette på side 4. Nr 5 - 2013, 72. årg. Torvedalsstemna 100 år Ny medarbeidar i trusopplæringa Sundag 28. juli samla nær 70 personar seg ved Torvedalshytta for å markera at det er 100 år sidan den første Torvedalsstemna vart halde. Les meir, og sjå bilete på side 8. Camilla Velsvik Sønnesyn er tilsett i 50 % stilling som trusopplærar i Voss. Ho har allereie vore i arbeid nokre veker, og gler seg alt i arbeidet. Les meir på side 5. KYRKJA I VOSS ANDAKT 2 977 74 489 408 53 537 474 62 435 474 62 435 952 62 026 995 18 194 952 62 025 478 49 134 404 40 461 952 62 084 980 64 594 414 75 383 915 98 410 414 68 733 996 00 940 Prestetenesta: Sokneprestkontoret på Voss 56 51 96 68 Uttrågata 5, kontortid mån-fre 9-11, eller etter avtale Sokneprestkontoret på Vossestrand Oppheimstunet 76 56 52 24 73 Prost i Hardanger og Voss Arild Hellesøy 906 99 533 [email protected] Sokneprest Voss/Evanger Ivar Molde 993 53 145 e-post: [email protected] Sokneprest Oppheim/Vinje John Ove Thaule e-post: [email protected] 952 62 085 Kapellan Kjersti Brakestad Boge 952 62 022 e-post: [email protected] Prostiprest i Hardanger/Voss Magnar Haaland e-post: [email protected] 415 46 366 Soknerådsleiarar Evanger, Anny Karin Forthun Voss, Britt Trefall Hernes Raundalen, Nanna Nordahl Oppheim, Leif Inge Hauge Vinje, Aud Walaker Hutchinson 481 36 520 905 89 500 917 58 826 959 10 536 907 54 840 Sentrumstreffa Onsdag 4. september starta Sentrumstreffa oppatt i Sentrumssalane i Vangsgata 46. (Tidligare VIMI-bygget). Sentrumstreffa er 1. onsdag i månaden vidare i haust. Vel møtt! P.H. Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13 AMAZING GRACE … Det nærmar seg haust og tida er inne til å reinske stemmebanda og gjere dei klare til songøving. Likar du å syngje og har ledig tid tysdagskveldane, så møt opp i Vangskyrkja. Me vil gjerne ha med oss nye songarar. Øvingane startar tysdag 27. august kl. 1800. Hugsar du forteljinga om den samaritanske kvinna som møtte Jesus ved Sykarbrønnen? (Johs.ev. kap. 4) Forteljinga har lært meg mykje om dei kvalitetane Jesus hadde. I haust har me eit variert og spennande program: Oktober: Folkemusikkmesse av Jo Asgeir Lie. Her får me med oss songarar og musikarar frå Ål. November: Requiem av G. Fauré. Det blir i samarbeid med mannskoret Laudamus frå Øystese og med konsert båder på Voss og i Norheimsund. Desember: Me syng og spelar jola inn. Dette er blitt eit fast og kjært innslag saman med andre aktørar frå Voss. På gudstenesteveg. Også denne sumaren har det vore fleire gudstenester kombinert med turar. På biletet er det spreke strendingar på veg til 100årsmarkering for Torvedalsstemna. Foto:J.O.Thaule Kyrkjelege Fellesråd saman med Evanger, Voss, Raundalen, Oppheim og Vinje sokneråd. Besøksadresse: Magasinvegen 35, Tvildemoen Postadresse Pb. 562, 5703 Voss E-post: kyrkjebladet@ voss.kyrkja.no Kontonr: 3480.30.56775 Telefon (red.) 915 98 410 Med tanke på den store kløfta det var mellom jødane og samaritanane, valde Jesus likevel å ta snarvegen gjennom Samaria på si reise frå Jerusalem til Galilea. Den samaritanske kvinna med dårleg rykte og med dei kulturelle hindringane for at menn og kvinner kunne snakka saman, tek Jesus sjølv initiativet til samtalen mellom dei! Trøytt og tørst som han er ser han likevel kvinna, ser at problema hennar er fyrst og fremst av åndeleg karakter. Han viser henne Guds nåde, reiser henne opp, ser potensialet ho har! Eg har ofte tenkt: Skal tru om han visste kven som ville møta han der? I alle fall såg han det som ei av Kvinna blei tilgitt, fekk oppleva NÅDEN – Guds ufortente kjærleik til oss! Møtet med Han som kom med Guds nåde, endra livet hennar. Etter denne opplevinga med Jesus fekk ho visa mange andre vegen til Gud. Eg er ikkje perfekt, eg kan berre takka for at eg får ta imot ny nåde kvar dag. Ofte kan eg ta meg sjølv i å gå og nynna på songstrofa til Bjørn Eidsvåg: ”Du viste meg nåde i stedet for krav, da fant jeg tilbake til meg selv”! Guds ufortente nåde – Amazing grace! Av Pål Erdal Framsida: Utgjeve av: Voss sine oppgåver å møta menneske med sin forsonande kjærleik. Om å gå til nattverd Kyrkjenytt (Vi tek gjerne imot gode framsidemotiv frå andre.) Av Marit Svahn Andakten Kyrkjeverje Hans Soldal e-post: [email protected] Ass. kyrkjeverje Åslaug Styve Mjånes e-post: [email protected] Sekretær Idunn Holen e-post: [email protected] Sekretær Lene K.P.W. Brunborg epost: [email protected] Trusopplæringsmedarbeidar Tone Brekke e-post: [email protected] Kyrkjelydspedagog Camilla V. Sønnesyn epost: [email protected] Kateket Rønnaug Eng Skjeldal e-post: [email protected] Ungdomsdiakon Sigrid Djukastein Mala e-post: [email protected] Kantor Magnus Kløften e-post: [email protected] Organist Frode Vik Organist Ellen Marie Selland Geithung Kyrkjetenar, (Voss) Thomas Velsvik Kyrkjetenar (Evan./Bolst.) Arne Mosefinn Kyrkjetenar (Vossestrand) Johannes Løen Gravar Vidar Bryn Voss og omland kantori (VOK) Redaksjonsnemnd: Brit Furre, Aud Wallaker Hutchingson, John Ove Thaule og Arne Mosefinn (red.) Grafisk utforming: Åslaug Styve Mjånes Trykk: v/ Voss Prenteverk Opplag: 6000 eksemplar Neste nummer kjem ut i veke 42, frist for innlevering av materiale til redaksjonen: 1. okt. 2013. Heilt frå eg tok til å sykla til og gå i Vangskyrkja, det er fleireogtretti gode år sidan, har eg undra meg over eit fenomen som skjer der om lag annankvar sundag: Når presten har invitert «kom, for alt er ferdig» til nattverdmåltidet, då er det at den store kvite flokk, o g då tenkjer eg helst på hårfargen, reiser seg, - alle på éin gong! Og med den møye som alderen byr kvar og ein, for det er jo ikkje akkurat ungdomslandslaget, dannar dei - lesaren ser alt no at det er dei og ikkje vi- smått om senn ein alvorleg diger kø oppetter midtgangen. Mine tankar om... Kyrkjekontoret, Kontortid: mån-fre kl 9 - 15 Magasinvegen 35, pb 562, 5703 Voss Telefon 56 52 38 80, Fax: 56 52 38 81 www.voss.kyrkja.no, [email protected] kto.nr. 3480.16.45293 Framme i koret er det tillaup til lettare kaos, sjølv om å snike, dét er det jo ingen som gjer. Litt skjemtefullt undrast eg, kva hastar slik? Maten vert jo ikkje kald, om ein får seie det slik utan å gjere heilagbrøde. Og tomt vert det slett ikkje, her er jo overflod. Så har dei gløymd at dei første skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første? No må eg skunde meg og tilføye at det er altså ikkje difor eg gjerne ventar til sist. Slett ikkje. Eg har berre til gode å oppdage kva som er så stas med å stå over fleire rundar der framme, når eg har eit godt sete nede i radene. Ikkje likar eg å stå i kø heller, nokon stad. Jaudå, eg skjønar at det er godt å endeleg få lea seg litt. Og om eg vil gå tidleg så er det smart å vere framfus til nattverden, for då kan eg etterpå stikke ut døra utan at så mange av kyrkjekjenningane ser meg, dei står jo i kø der framme. Vel, vi har alle våre kyrkjevaner, høgre eller venstre side, bak eller midten. Ingen framme, der er jo reservert annankvar sundag, så dét let seg ikkje vanedanne. Ikkje ser ein noko der framifrå heller, og preika må ein høyre baklengs. No - endeleg - kjem eg til eit poeng med litt innhald: For det er litt ugreitt at alle dei som kan salmane og veit kva tid me skal reise oss, faktisk reiser seg og går, - samstundes. Også om dei ikkje går ut, berre fram, og rett nok kjem nedatt. For bak i benkane vert det nærast tomt. Salmesongen stilnar, og dei som sit att utan å gjere det på trass og eigen vane slik som eg, dei som lurar på kva mon no skjer, og ikkje heilt vågar eller ynskjer gå til nattverd, dei sit att åleine og vert veldig synlege. Nokre reiser seg dei også, sånn etterkvart, og går motsett veg, ut døra. For dei ser jo av køen at dette kjem til å ta tid. Vel, alle kan jo ikkje sitje att i lag med meg, heller. Men kan hende er det bra om ikkje alle går først? Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13 3 TRUSOPPLÆRING aktuelt Helgatun 40 år – svar på ei underleg bøn 4 Helgatun vart vigsla til bruk i Guds rikes arbeid 12. august 1973. Den dagen fortalde ei eldre kvinne om noko ho sjølv hadde opplevd som barn i Myrkdalen. Bestemora hennar budde her i dalen, og veslejenta var på besøk her om sumrane. Hugsa som lita jente kor eg fekk vera med bestemor opp på myrane her, like oppom der husa på Helgatun vart bygde. Der skar me torv som vart turka og brukt til brensel. Bestemor hadde alltid nistekorg med seg ut her då. Men før me fekk eta, folda bestemor nevane sine og bad for maten, og så bad ho ei underleg bøn: «Kan ikkje du Jesus bruka desse myrane til noko i ditt rikes arbeid!» noko som var fullført. Dagen vart heller eit kolon: no kjem det noko viktig! Alt i påsken var det samlingar i råbygget, på den grovstøypte betongplata. Påskebodskapen lydde for første gong på Helgatun. Det var eit misjonsarbeid meir enn eit bygg som vart vigsla. Leirarbeidet var i gang. Dei unge fylde salane med lått og song, - og med stille lytting. Myrkdalen hadde og fått eit tilbod til dei tilreisande, midt i smørauga om ein tenkjer på plasseringa. I 1973 fekk den eldre kvinna sjå bønesvaret på bestemor sine bøner! Jau, Gud har god tid – ein herleg tanke å ha med seg i si daglege bøn. Sidan starten har det vore 360 000 gjestedøger. I tillegg kjem alle som har vore innom kaféen, bussgrupper som har hatt ein stopp for enkel servering, eller alle dag-gjester til festmiddagar, ein kaffikopp med kaker, is eller eit enkelt smørbrød til. For nokon har Helgatun fått vore ei «varmestove», for andre ei Vigslingsdagen i august vart ein festdag, og ei stadfesting av at noko stort var sett i gang i Myrkdalen. Dagen vart ikkje eit punktum, ei markering av I dag er Myrkdalen bygd ut til å vera eit av dei største fritidsog rekreasjonsområda i landet. Helgatun er ein del av denne storsatsinga. «nødhamn». Helgatun er borna, ungdommane og familiane sin leirplass. For Voss kyrkjelyd har Helgatun vore fast plass for konfirmantleirar. Og så alle frå Vossa-distriktet som har vore her på barne- og tenåringsleirar, eller generasjonsog familieleirar. For andre er Helgatun fjellpensjonatet med roen, naturen og fellesskapet med andre ein viktig del i livet deira. Tenkjer på juleopphald, pensjonistturane og påskeferiane, med sportsandaktar, bibeltimar og hyggjekveldar. Ja, Helgatun har vore og er ein Misjonsstasjon som Gud står bak og velsignar. «Draumen som gjekk i oppfylling», som Styrkår Hirth sa då Helgatun markerte dei første 10 driftsåra. Teksten byggjer på stoff frå «HelgatunHelsing nr. 1 2013 og skriv frå dagleg leiar Solveig Norheim. Ny trusopplærar på Voss Av Brit Furre Mann, barn og ein ny pus må vika for eit besøk med underteikna, på kafé. Ho har no vore på jobb i nokre veker allereie, og ho strålar! Ho klyp seg sjølv i arma og kjenner etter… er dette verkeleg ein jobb, eller er det heller dugnad, som ho er van med, når det gjeld denne type arbeid? Ho fortel ivrig om kor godt ho har vorte motteken av dei andre som arbeider på Kyrkjelydskontoret, og om lokalitetane på Tvildemoen. Den nye trusopplæraren er Camilla Velsvik Sønnesyn. For dei som ikkje kjenner henne, så er å nemna at ho kom til Voss så tidleg at ho rakk å skaffa seg skarre –r, og ho har gått alle åra i grunnskulen og vidaregåande her i bygda. Namnet Velsvik kjem frå Sunnmøre, frå ei lita bygd som heiter Velsvik, og så er ho gift med Sigbjørn Sønnesyn. Ho fortel at hovudrolla hennar er å vera mor til 3 barn, frå eitt og eit halvt til 9 år. Til no har ho sett karrieren på vent og har vore mykje heime. Ho er utdanna lærar med master i spesialpedagogikk. Radio og tv utdanning har ho òg på CV’en. Ho arbeidde i skulen i nokre år i Bergen, og familien flytta til Voss for 2 år sidan. Eg byr på kaffi, men ho vil gjerne ha te…… klart det, ho skal jo arbeida med T-dagar! -Kva er eigentleg T-dagar? - T’en står for trusopplæring. Barn og ungdom vert inviterte til arrangement i kyrkja frå dåp til dei er 18 år. På Voss har ikkje Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13 ho er oppteken av å visa ungane respekt, og visa at me har respekt for trua. I løpet av samtalen kjem det fram at ho brenn for ungar, og mediedama får ein og auge på når ein snakkar om tilbodet for barn på norske mediekanalar. Eg forstår det slik at ho synst at mykje er bra, men at det er viktig å avpassa kvantiteten. Det er laurdag. - Det er fridag. Eg hastar av stad for å møte den nye trusopplæraren til ein liten prat. alle tilbod enno, men planarbeidet er i gang. Me har starta med dei minste, med babysong for eittåringane, undretur i kyrkja for treåringane og seksåringane har eit tilbod som heiter «Heilt første klasse», for å nemna nokre eksempel. Dette arbeidet har vore på Voss sidan 2006 på forsøksbasis. Frå og med i år er det gjennomføringsfase. Dama har allsidig utdanning, og eg lurar på kvifor ho no har vald å arbeide i kyrkjesamanheng? -Eg vart oppmoda til å søkja på den ledige jobben, i 50 % stilling. Det vil seia at eg arbeider 2 dagar i veka, og i tillegg vert det noko kveldsarbeid, og noko i helgane. Camilla fortel vidare at ho arbeider saman med Rønnaug Skjeldal og Tone Brekke, og at arbeidet er ein kombinasjon å arbeida ut planar og praktisk arbeid. Ho presiserer at ho ikkje er prest eller kateket. Som pedagog er ho oppteken av å formidla kunnskap, og få verdigrunnlaget synleg for ungane, slik at dei kan ta sjølvstendige val. Ho seier at Camilla har hatt barne- og ungdomstida si i Vonheim, i KFUK/KFUM, der ho har vore dirigent og medlem i styret for Refleks. Der har ho lang fartstid med dugnadsarbeid og har lært seg å setja pris på det, men å få det som jobb…! Me ynskjer lukke til! Voss Kvite Band 70 år Voss Kvite Band er ei lita foreining som står i ein stor samanheng. Det Hvite Bånd er ein kristen avhaldsorganisasjon for kvinner, tilslutta Worlds Womans Christian Temperance Union (WWCTU). Den har foreiningar og lag i over 46 land. Organisasjonen vart starta i USA i 1874, og er den eldste frivillige kvinneorganisasjonen i verda, som har eksistert utan opphald sidan starten. Kvite Band på Voss har òg eksistert utan opphald i 70 år. 5. oktober vil me markera 70-årsjubileet i Velferdssentralen. Det vert eit ope møte, så då vonar me mange vil vera med. Elles har me har me hatt 5-6 møter i året. I tillegg deltek me på krinsmøte og søstertreff i krinsen. Neste år skal krinsmøtet vera på Voss. Laget har no 30 medlemer. 70-årsynsket er fleire medlemer. Marit Våle Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13 5 I SAMTALE MED SIDAN SIST I samtale med: Ivar Hellene Olsokmesse på Krossaset Tekst og foto: Magnus Kløften, kantor Intervju ved Arne Mosefinn I sist nr. av Kyrkjenytt vart lensmann Ivar Hellene utfordra til å svara på våre spørsmål om verdiar, lokalmiljø og tilhøve til kyrkja. Han tok imot utfordringa og syntes det var greitt å presentera tankane sine i bladet. Om lokalmiljøet Om verdiar Elles er her ein fantastisk natur som innbyr til ulike aktivitetar heile året. Voss er avhengig av at det er aktivitetar og festivalar. Kva er viktige verdiar for deg? 6 Eg synes det er godt når folk er snille mot kvarandre. Eg verdset folk med høg moral. Det er eit ord som seier at vi skal gjera mot andre det vi vil dei skal gjera mot oss. Vi skal ikkje snakka negativt om kvarandre, men heller finna det positive. Av svigermor har eg lært at viss ikkje du har noko godt å seia om eit menneske, så treng du ikkje seia noko. Som etat har vi etiske retningsliner som eg strevar etter å fylgja: vera rettskaffen, høfleg, open og ærleg, og behandla alle med respekt. Kva synes du er bra med Voss? Det aller meste! Eg er imponert over dugnadsinnsatsen i samband med alle arrangementa. Voss er elles ein trygg stad å bu. Her er lite kriminalitet samanlikna med andre stader. Noko du tenkjer kunne bli betre på Voss? Me har det eigentleg veldig bra. Men eg ser fram til auka bustadbygging – at planlagde bustadfelt vert realiserte slik at vi kan få rimelegare husvere, spesielt for nyetablerarar. Som lensmann ser eg og fram til betre og tryggare vegar som kan hindra ulukker. Om kyrkja sin plass Kva tenkjer du om kyrkja sin plass i lokalmiljøet? Kyrkja er viktig for mange – særleg ved store høgtider og ved gravferder. Etaten vår samarbeider med prestane ved ulukker og dødsfall. Det hender vi må gå med dødsbodskap, eller informera familien når nokon kjem ut for ei ulukke. Dette er tunge oppgåver som vi aldri vert profesjonelle på. Det er då godt å ha prestane som medhjelparar. Kva betyr kyrkja i ditt liv? Ivar Hellene, lensmann i Voss, ein regntung dag med Gråsida i skodde i bakgrunnen. Voss er likevel heilt fantastisk, meiner han.. Etter gammal tradisjon vart det óg i år gjennomført friluftsmesse på Krossaset, nært knytt opp mot sjølve Olsokdagen den 29.07. Eit fylgje på om lag 30 personar samla seg om denne tradisjonsrike markeringa, og veret vart mykje betre enn det metereologisk institutt varsla på førehand. Gudstenesta fekk difor ei perfekt råme, omgjeve av storslått natur på alle kantar. Personleg betyr ikkje kyrkja så mykje for meg. Som institusjon har den ein viktig plass. Når Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13 Ivar Hellene på toppen av Domkyrkja i Firenze den 12. juli i år - om lag 150 meter over bakken. ”Santa Maria del Flore” er den 4 største kyrkja i Europa. eg er ute og reiser, oppsøkjer eg ofte kyrkjebygg. I sommar var vi innom både Vatikanet/ Peterskyrkja og katedralen i Firenze. Har dessutan vore i Notre Dame og Sacre Ceour i Paris. Det er ein spesiell atmosfære i desse mektige bygningane. Det er godt å setja seg ned for ei stille stund og finna roen. – Elles er Vangskyrkja heilt fantastisk. Kven vil du utfordra til ein samtale i neste nummer? Eg utfordrar Gerd Fleischer Tønjum. Ivar Hellene Født: 11.12.59 Bustad: Haugamoen Familie: Sambuar, 3 born Interesser: Fotball, å gå i fjellet (var nyleg på Hondalsnuten) Favorittmat: Likar all mat, særleg fisk Les: Har berre tid til å lesa faglitteratur og aviser. Til og med frå Folkedal-sida kom det vandrarar som tok del i gudsteneste-feiringa! Johannes Melve tala over temaet frå Lukasevangeliet, kapittel 24, vers 2427; om det å vera ein tenar iblant folket. Salmane me song var gode kjerne-salmar frå salmeboka vår: «Himmelske Fader, herleg utan like», «Alltid freidig når du går» og «Fagert er landet». Kantor Magnus Kløften hadde satt att orgelet i Vangskyrkja denne dagen, og dermed vart dagens postludium ei ekstra salme; «Ja, en gang mine øyne skal se kongen i hans prakt», skrive av prest Gudsteneste i storslått natur på Krossaset Karl Marthinussen frå Bergen i året 1954. Dei i kyrkjelyden som kunne teksten frå før, bidrog til at det ikkje vart berre ei stemme som tona gudstenesta ut. Ågot Himle hadde syrgja for kyrkjekaffi og nysteika «lappar». Me som var til stades fekk ei riktig god oppleving av Olsokmessa dette året. Dei aller fyrste regndråpane kom når alle var vel tilbake ved bilane på parkeringsplassen. Voss sokneråd har no eit utval som samlar historiske data frå kjelder som Kyrkjebladet, Jolekveld i kyrkjelyden, samt andre lokalhistoriske skrifter, med det føremål å laga eit kompendium over historia knytt til Krossaset. Olav Edal er initiativtakar til dette prosjektet. Me ynskjer til lukke med dette arbeidet, og ser fram til det ferdige resultatet! Kleinnsamling til Ukraina Også denne hausten skal Valborg Nummedal samla inn klede til naudstilte i Ukraina. Innsamlinga vert fredag 13. september kl. 1500-2000, og laurdag 14. september kl. 0800-0900, same stad som i fjor: i lokala til Fellesbakeriet i Brynamoen. Det som vert levert skal pakkast i sekkar. Det kostar kr. 50 pr. sekk i frakt. Om det vert noko til overs, går det til hjelpearbeidet som Open Hearts driv saman med pinsekyrkja der. Dei driv m.a. suppekjøkken som gir mat til nesten 4000 born kvar dag, eigen barneheim for 250 born frå 0-6 år, eigen skule for vanskelegstilte born frå 6-10 år og massedistribusjon av klede og mat til fattige born og familiar. Vossingane er flinke til å gje. Det betyr så utruleg mykje for dei som får hjelpa. Tusen takk! Jolekort til Romania Du las rett! Me tenkjer jolekort alt no. 18. og 19. september kan born og vaksne koma i Bordalen bedehus for å laga jolekort til barneheimsborn i Romania. Begge dagar frå kl. 1500 og utover så lenge det trengs. Vonar du og kjem. Helsing Valborg. Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13 7 SIDAN SIST 8 SIDAN SIST Torvedalsstemna 100 år Voss sin kyrkjelydstur 2013 Av Arne Mosefinn Sundag 28. juli samla nær 70 personar seg i Torvedalen i Stølsheimen for å markera at det er 100 år sidan den første Torvedalsstemna vart halde. sjølve stemneplassen var truleg ikkje den same som dengong. No har Voss Utferdslag sett opp hytte på ei høgde over Torvedalsvatnet, og det var her vi samla oss. Onsdag 31. juli steig 31 forventningsfulle deltakarar på bussen med mål for Ulvik. Borghild og Johannes Melve, som tidlegare har budd og arbeidt i Ulvik i ei årrekkje, var våre dyktige guidar gjennom denne opplevingsrike dagen. Heilt fram til 1965 samla kyrkjefolk frå Eksingedalen og Vossestrand seg her til stemne siste sundagen i juli. Dei syntes det var godt å koma saman etter ein strevsam sommar med onnearbeid. Frå Gullbrå øvst i Eksingedalen er det om lag 1,5 timar å gå. Frå Reppane innanfor Engjaland tek det om lag 3 timar. Gudstenesta vart leia av sokneprest John Ove Thaule, medan folk frå Eksingedalen og Vossestrand tok del med tekstlesing og bøner. Gudmund Furu spela trompet til songane. Tekstane handla om tilgjeving og det å vera gode mot kvarandre. Etter gudstenesta vart det servert kyrkjekaffi, og det vart fortalt historiar frå tidlegare stemner av nokre som var med då. Til slutt framførde ei songgruppe ein salme skriven av Nils Lavik – mangeårig stemnetalar – i 1913. Han var då 29 år. Salmen heiter «Eg lyfter mitt auga, min Frelsar, til deg» og står på nr. 495 i Norsk Salmebok. Gudmund Furu spela trompet til salmane. Stemnedeltakarane (dei fleste) samla utanfor Torvedalshytta. Songgruppa som framførte Nils Lavik sin salme «Eg lyfter mitt auga, min Frelsar, til deg»: Arvid Nese, Svein Tollefsen, Magnar Nese, John Ove Thaule og Gudmund Furu. Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13 Dugnad på kyrkjestova på Oppheim Av Eldbjørg Foldnes Finne Medlemer av Nesheim sokneråd, Haldis Bjotveit Øvstedal og Frøydis Gullbrå, serverer kyrkjekaffi til Ruth D. Thaule, medan Klaus Gjukastein (bak) ventar på tur. Foto: J.O.Thaule Fyrste stopp var på garden Rossvoll der diktaren Olav H Hauge levde sitt liv. Her vart vi tekne imot av grandson til Hauge, Stein Olav Kolås og hans familie. Stunda i stova der diktaren hadde budd og arbeidd vart ei varm, god og nær oppleving som gav rom for orientering, spørsmål, biletvising, samtale med diktlesing og nybaka kake. Å høyra diktaren med den særeigne røysta lesa dikta «Mange års røynsle med pil og boge» og «Ny duk» (innlest på CD då han var 80 år) gav oss ei heilt spesiell oppleving. Rusleturen rundt i tunet med ei imponerande utsikt og mektig natur var også med på å utvida forståinga for mangt i Olav H Hauge si dikting. – Grava til diktaren og minnesmerke som er reist i Ulvik sentrum vart også vitja. Etter ein velsmakande middag på Brakanes hotell, gjekk turen vidare både på kyrkjeveg og ciderveg i trygt fylgje med våre to lokalkjende guidar. Johannes tok oss med på ei interessant reise gjennom Ulvik kyrkje si lange historie der dagens kyrkje, ei korskyrkje frå 1859, er den tredje i rekkja av kyrkjer på denne staden. Veggane i kyrkja vart i 1923 dekorert av kunstnaren Lars Osa. Alterkalken og døypefonten er frå den fyrste middelalderkyrkja. Gammal av J.O. Thaule Veggane på kyrkjestova har lenge ropa på maling. I fjor vart veggane høgtrykkspylte, men mykje regn gjorde maling umogleg. På kyrkjeveg altertavle og kyrkjeklokke er også teken vare på. Den kvitmåla kyrkja var det einaste bygget som vart ståande att i sentrum av Ulvik etter at tyskarane i 1940 gjekk til angrep på bygda. – Vår stund i kyrkja vart avslutta med salmesong, skriftlesing og minipreike. På turen rundt i bygda delte Borghild rikeleg av sine lokaleog detaljkunnskapar. Her berre i stikkords form: Dramatisk krikshistorie frå 2. verdskrigen, om Hjeltnes gartnarskule og det digre valnøttreet, gards- og stadnamn, om kjende personar si tilknyting til bygda og gode historiar om liv og virke langs den frodige Cidervegen i den vakre turist-bygda Ulvik. Vossakyrkjemessa sin historie Olav Edal har samla stoff frå aktivitetane til Vossakyrkjemessa frå starten i 1985 fram til 2012. Dette er presentert i eit hefte som no er til sals for kr. 100 på sokneprestkontoret i Uttrågata. No i juni stilte soknerådsmedlemer, naboar og andre velviljuge opp. Fellesrådet kosta maling og lift mot at kyrkjelyden gjorde dugnadsarbeid. I skrivande stund er ikkje alt ferdig. Noko av bordkledningen må skiftast ut og det står det att litt malingsarbeid, men takk til alle som har vore med på dugnaden. 9 Ung og gammal var med på dugnad på Kyrkjestova på Oppheim Voss kyrkje 700 år Bøkene som vart laga til 700års-jubileet for Vangskyrkja har me enno mange eksemplar att av. Den minste som handlar om kyrkje og kristenliv vert selt for kr. 50. Den største – Arne Berg sitt praktverk om Vangskyrkja - vert selt for kr. 100. Du finn dei på prestekontoret. Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13 Kyrkjelege handlingar Døypte: - satsar på Vestlandet Voss gutar: 09.06.Liam Fritzer-Nikolaisen 23.06.Sigurd Haugse Bakkerud Magnus Farsund Grevle Endre Kolskår Lindstad Mikal Sannan Slettemark 30.06.Sander Skorpen Kråkevik 21.07.Dennis Julseth Hovland Filip Halrynjo Øydvin 11.08.Teodor Lidsheim Marius Andre Øvrebø Sandvik Voss jenter: 23.06.Tiril Magnusson Hatledal Ingrid Nedkvitne 07.07.Kaia Stephansen Elisabeth Hafnor Gjerald Jannicke Hjertnes Slettemark Ingeborg Noreng Giljarhus 11.08. Julia Valdes Hustavenes 18.08Silje Graue Sunniva Dymbe Tveito Evanger: 14.07.Ingeborg Charlotte Århus 10 Vinje: 22.06.Ådne Sleen Hirth Korleis har du det… EIGENTLEG? Krisetelefon 815 33 300 SOS-Melding: www.kirkens-sos.no EIT MENNESKE Å SNAKKE MED NÅR LIVET ER SOM VERST Selskap i konsernet HMV Voss AS ALT I FØRARKORT www.hagatrafikk.no 9100 3101 [email protected] Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13 Oppheim: 07.07.Frida Kausland Sleen Aksel Moberg Jordalen 04.08.Odin Skjervheim Raundalen: 09.06.Tuva Brodin Snoots Vigde: Voss: 08.06.Anita Gjerme og Kristian Fenne Kjersti Kvåle og Arvid Sigvald Helgaset 22.06.Inger Anne Himle Halrynjo og Nils Petter Fosse Bere Unni Grete Mathisen og Sjur Arnstein Flatlandsmo Kjersti Solvoll Bakketun og Olav Tronvoll 29.06.Susanne Grenasberg Sunde og Michael Zwartjes Anne Christine Auth og Stian Sandved 06.07.Elisabeth Tveite og Harald Østervold Kristin Røen og Asbjørn Fauske Jade Camilla Johannessen og Thomas Leer 20.07.Kristin Skjerven og Stig Flotve Vinje: 22.06.Gunn Hirth og Eldgrim Sleen 03.07.Torill Årmot og Egil Bjelland (Helgatun kapell) Oppheim: 03.07.Magni Stensø og Ingve Hommedal Døde: Voss menn: 26.05.Eirik Øvsthus, f. 1948 01.06.Sigmund Bystøl, f. 1958 21.06.Sigbjørn Arvid Knapstad, f. 1953 25.06.Bjarne Vivås, f. 1922 28.06.Ola Egge Ødegaard, f. 1991 11.07.Kollbjørn Johan Sivertsen, f. 1935 22.07.Ingebret Mossige, f. 1932 27.07.Arnfinn Træen, f. 1954 31.07.Leif Rode, f. 1933 05.08.Roald Nordgård, f. 1926 09.08.Johannes Lien, f. 1944 10.08.Lars Rørlien, f. 1925 Voss kvinner: 01.06.Marta Vimo, f. 1928 05.06.Magnhild Kyte, f. 1933 11.06.Odlaug Ingegerd Mossige, f. 1932 12.06.Agnes Lid, f. 1920 22.06.Ingrid Instøy Eriksen, f. 1922 26.06.Anni Elise Hedenstad, f. 1922 19.07.Kirsti Mossefinn, f. 1926 26.07.Guri Fossmark, f. 1921 27.07.Anna Møen, f. 1930 30.07.Bjørg Vethe Pedersen, f. 1932 02.08.Marit Aaserud, f. 1939 Evanger: 03.06.Birger Akselberg, f. 1920 23.06.Svein Jarle Hernes, f. 1946 04.07.Ingrid Langedal, f. 1923 (gr.l. Bolstadøyri) *10.07Edith Bolstad, f. 1921 (gr.l. Bolstadøyri) (*Edith budde og døydde i Hokksund, Øvre Eiker – seremonien var der, men ho vart gravlagd på Bolstad.) Vinje: 06.07.Arne Dukstad, f. 1935 Retting: 12.05Borgny Bergkvist-Lid, f. 1940 (blei gravlagd i Raundalen, ikkje Voss som det sto skrive i siste Kyrkjenytt) Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13 11 DET HENDER Gudstenesteliste: Vangskyrkja: 08.09. kl. 1100 Gudsteneste m/ konfirmantpresentasjon v/Skjeldal og Boge. Offer tilVoss KFUK/M 15.09. kl. 1100 Hausttakkefest v/Hellesøy. Dåp. Nattverd. Offer til kyrkjelydsarbeidet. 22.09. kl. 1100 Familiegudsteneste v/Boge m.fl. T4. 29.09. kl. 1100 Høgmesse v/Boge. Nattverd. Offer til NLA. 06.10. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Dåp. Offer til Rådet for psykisk helse. 13.10. kl. 1100 Høgmesse v/Hellesøy. Nattverd. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Evanger kyrkje: 08.09. kl. 1100 Fjelltur med T9/10 til Raustølen. Andakt v/Molde. 22.09. kl. 1100 Hausttakkefest v/Molde. Konfirmantpresentasjon. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi. 13.10. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd. Offer til NLA. Bolstadøyri kapell: 15.09. kl. 1100 Hausttakkefest v/Molde. T3-4. Offer til Bedehuset. Kyrkjekaffi. Raundalen kyrkje: 29.09. kl. 1700 Hausttakkefest v/Boge. Sundagsskulen tek del. Kyrkjekaffi. Oppheim kyrkje: 15.09. kl. 1100 Hausttakkefest v/Thaule. Konfirmantpresentasjon. Dåp. Offer til kyrkjelydsarbeidet. 29.09. kl. 1100 Gudsteneste v/Jan Rantrud. Offer til NLA. Vinje kyrkje: 08.09. kl. 1930 Gudsteneste v/Thaule. Nattverd. Offer til NLA. 22.09. kl. 1100 Høgmesse v/Helge Hitland. Gjesting frå misjonshelg på Helgatun. Offer til Israelsmisjonen/Normisjon. 06.10. kl. 1100 Hausttakkefest v/Thaule. Konfirmantpresentasjon. 50års konfirmantjubileum. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13 C-BLAD Fulldistribusjon Kyrkjenytt for Vossabygdene, pb 562, 5703 Voss Aktivitetskalendar + Evanger sundag 8. september. Fjelltur til Raustølen. Start frå Øvstedalen kl. 1100. Oppheim/Vinje. Tur Oppheim Vinje laurdag 14. september kl. 1400-1630. For Voss sokn, på Prestegardslandet laurdag 21. september kl. 1400-1630. Babysong startar i Oppheim kyrkje og Vangskyrkja torsdag 12. september kl. 1030. Varer veke 37-43. Interesserte frå Evanger sokn kan delta på Voss. Vangskyrkja laurdag 21. september kl. 1100 og 1230 (2 grupper). Sjå invitasjon for kva gruppe du er med i. For Voss sokn sundag 22. september kl. 1100 i Vonheim – deretter Vangskyrkja. + For Evanger sokn i Bolstadøyri kapell sundag 15. september kl. 1100. For Voss sokn tysdag 15. oktober kl. 16001730. Invitasjon kjem etter kvart. Kyrkjebenken Frå onsdag 11. september vil tilsette vere på kyrkjebenken på AMFI senter kvar onsdag frå kl. 13.00- 15.00. Velkomen til ein god prat! Kyrkjelyden si besøksteneste Det trengs fleire som kan være besøkar. Har du tid til å kunne besøke ein person ein gong i veka eller kvar 14 dag fast? Då kan du melde deg som besøkar! Tilbod om kurs og oppfølging av diakonen. Ta kontakt med Voss Kyrkjelydskontor: 56 52 38 80 eller diakon: 47 84 91 34
© Copyright 2024