for Vossabygdene - Voss kyrkjelege fellesråd

for Vossabygdene
Kyrkjelydsutvikling
Voss sokn deltek i
kyrkjelydsutvikling som eit
tre-årig prosjekt. No er dei i
innleiingsfasen, der det vert
opna for å koma med innspel
og svara på spørsmål om
kyrkjelyden og gudstenesta.
Les meir på side 4.
Vossakyrkjemessa
«Lovsong inn i ei ny tid» var
temaet for Vossakyrkjemessa
i år. Fredag kveld heldt Åge
Haavik føredrag i Vangskyrkja.
Kyrkjelyden fekk syngja med,
VOK var forsongarar, og to
unge musikarar gav oss eit
høgdepunkt i kvelden. Les
meir side 9.
Nr 3 - 2012, 71. årg.
«Kor i Fokus»
Mini/Midi/Tween-sing,
barnekora i Voss kyrkjelyd
og Vonheim, har vore med på
til dels store arrangement i
vinter. På side 7 kan du lesa
meir om dette, og sjå bilete.
KYRKJA I VOSS
MINE TANKAR OM
Kyrkjeverje Hans Soldal
e-post: [email protected]
Ass. kyrkjeverje Åslaug Styve Mjånes
e-post: [email protected]
Trusopplæringsmedarbeidar Tone Brekke
e-post: [email protected]
Kateket Rønnaug Eng Skjeldal
e-post: [email protected]
Ungdomsdiakon Sigrid Djukastein Mala
e-post: [email protected]
Kantor Magnus Kløften
e-post: [email protected]
Organist Frode Vik
Organist Ellen Marie Selland Geithung
Kyrkjetenar, (Voss) Olav Trå
Kyrkjetenar (Evan./Bolst.) Arne Mosefinn
Kyrkjetenar (Vossestrand) Johannes Løen
Gravar Vidar Bryn
2
Av Brit Furre
Ordet
977 74 489
404 40 460
952 62 026
952 62 025
478 49 134
404 40 461
952 62 084
980 64 594
952 62 021
915 98 410
414 68 733
996 00 940
Prestetenesta:
Sokneprestkontoret på Voss
56 51 96 68
Uttrågata 5, kontortid mån-fre 9-11,
tys. 10-11) eller etter avtale
Sokneprestkontoret på Vossestrand
Oppheimstunet 76
56 52 24 73
Prost i Hardanger og Voss Arild Hellesøy
906 99 533
[email protected]
Sokneprest Voss/Evanger Ivar Molde
993 53 145
e-post: [email protected]
Sokneprest Oppheim/Vinje John Ove Thaule
e-post: [email protected]
952 62 085
Kapellan Kjersti Brakestad Boge
952 62 022
e-post: [email protected]
Prostiprest i Hardanger/Voss Magnar Haaland
e-post: [email protected]
415 46 366
Soknerådsleiarar
Evanger, Anny Karin Forthun
Voss, Britt Trefall Hernes
Raundalen, Nanna Nordahl
Oppheim, Leif Inge Hauge
Vinje, Aud Walaker Hutchinson
Konfirmasjon
481 36 520
905 89 500
917 58 826
959 10 536
907 54 840
«Men Gud er rik på
miskunn. Av di han
elska oss med så stor
kjærleik, gjorde han oss
levande med Kristus, vi
som var døde på grunn
av våre synder. Av nåde
er de frelste. I Kristus
Jesus har han reist oss
opp frå døden saman
med han og sett oss i
himmelen med han,
så han i dei komande
tider kunne visa sin
overstrøymande rikdom
på nåde og sin godleik
mot oss i Kristus Jesus.»
Ef. 2, 4-7
Gåver til kyrkjelydsarbeidet
Voss sokneråd har sett opp ein haldar i
Vangskyrkja med bankgiroar merka ”Gåve til
kyrkjelydsarbeidet”. Når det er ofring i kyrkja
til dette formålet, kan det henda at ein ikkje har
pengar med seg. Då høver det fint å ta med seg ein
slik giro, slik at ein kan ordna med ei gåve seinare.
Framsida: Konfirmantar på veg til
Kyrkjenytt Vangskyrkja
6. mai kl. 1000 i surt snødrev.
Fremst kateket Rønnaug E. Skjeldal og prest
Kjersti Brakestad Boge. Foto: Svein Ulvund.
Utgjeve av: Voss Kyrkjelege Fellesråd
saman med Evanger, Voss, Raundalen,
Oppheim og Vinje sokneråd.
Besøksadresse: Magasinvegen 35,
Tvildemoen
Postadresse Pb. 562, 5703 Voss
E-post: [email protected]
Kontonr: 3480.30.56775
Telefon (redaktør) 915 98 410
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 3/12
Redaksjonsnemnd: Brit Furre, Jorunn
Gjøstein, John Ove Thaule og Arne
Mosefinn (red.)
Grafisk utforming: Åslaug Styve Mjånes
Trykk: v/ Voss Prenteverk
Opplag: 6000 eksemplar
Neste nummer: Veke 36
Frist for innlevering av materiale til
redaksjonen: 17. aug. 2012.
No er Vossabygda atter ferdig med
dette årets konfirmasjon. Det starta
på Vangen med snøbyger den
første helga, og i pinsehelga hadde
strendingane si konfirmasjonshelg
med stålande ver og god
temperatur. Slikt kan skje på Voss,
og alle andre stader i landet vårt
langt mot nord. Men det er ikkje
berre veret som betyr noko, sjølv
om det er viktig på ein slik dag,
der familien kjem langveges frå,
for å delta i denne store dagen
i eit ungt menneske sitt liv. Er
konfirmasjonen viktig?
Eg har alltid hatt ein liten idealist i
meg, og ein periode i livet, var den
materielle velstanden i samfunnet
ein verkebyll. Konfirmasjonen vart
gjerne sett på som eit handslag til
kapitalismen, og eg var skeptisk,
heilt til eg gjekk med blomar til
naboen sin son, kvelden før hans
konfirmasjonsdag. Eg gløymer
aldri det fjeset! Den stille, litt
beskjedne guten stråla, takka fint
for blomane; og eg gjekk heim og
tenkte! Det er godt for ein 14-15
åring å få merksemd frå familie,
naboar og vener, Det gjer godt å
vera midtpunkt for ein dag! Det
gjer godt å få mange gåver, det
gjer godt å ha stort selskap, det
gjer godt….! Eg har snakka med
mange av konfirmantane i år,
og det same svaret får eg over
Mine tankar om...
Kyrkjekontoret,
Kontortid: mån-fre kl 9 - 15
Magasinvegen 35, pb 562, 5703 Voss
Telefon 56 52 38 80, Fax: 56 52 38 81
www.voss.kyrkja.no, [email protected]
kto.nr. 3480.16.45293
heile linja: Dei set pris på familie
og vener, dei set pris på god mat
og kaker! Dei set pris på gåver,
og dei set pris på kyrkja, og dei
fleste drog fram konf-leiren som
det kjekkaste dei hadde opplevd i
konfirmasjonstida.
Eg trefte ei mor på butikken. Eg
prøvde å vera medfølande med
henne; kor travelt ho måtte ha hatt
det, med stor familie og mange
gjester. Ho var ikkje sliten, og
dei hadde hatt det så kjekt! Eg
trefte og ein gut som ikkje ville
konfirmera seg av idealistiske
grunnar. Flott at vi har slike og,
som står opp for meiningane sine!
Eg var på ei av gudstenestene i
Vangskyrkja, og mange av dei
som var der snakka varmt om kor
fin ei stund dei hadde i kyrkja.
Det var kaldt ute, og varmt inne,
på alle måtar! Vakker musikk
og salmesong! Seremonien var
godt innøvd, og det var fint, og
høgtideleg å høyra og å sjå på.
Preika var lett å forstå, for både
ungdomar og vaksne, og mange
kjem nok til å hugse fjøsdressen
som var innom kateketkjolen
til sauebonden og kateketen,
Rønnaug. Det vert truverdig når
ein som kan faget, snakkar om
Jesus som den store Hyrdingen.
Konfirmant 2013
av kateket Rønnaug Skjeldal
Når dette vert lese har me
hatt T14-dag for komande
konfirmantar. Der fekk
dei oppleva litt av korleis
konfirmantåret kan vera,
og både ungdomar og
foreldre fekk informasjon
om konfirmasjon i Den
norske kyrkja på Voss. Til
hausten startar me opp med
undervising for alle som
ynskjer å vera konfirmantar i
kyrkja.
Mange har alt meldt seg som
konfirmantar. Om nokon
ikkje har gjort det enno, er
det på tide å gjera det no. De
finn all informasjon på www.
voss.kyrkja.no. Her finn de
og informasjonsbrosjyre og
link til påmeldingsskjemaet.
For konfirmantar på Evanger
og Vossestrand er det eige
påmelding som sokneprestane
vil informera om.
Me har sett påmeldingsfristen
til 25. juni for Voss/Raundalen.
Det er råd å melda seg på
seinare òg, men då er det ikkje
sikkert ein får vera med i den
gruppa ein har mest lyst til.
Eg komme når du ber meg
(Bjørn Eidsvåg)
Litt urolige og redde
eg e’kje vant med sånne rom
men eg e klar’ og kledde
sjølv om eg føle meg litt dum
det e’ så fint og flott her
eg hør’ikkje heilt te
sko kanskje ‘kje ha gått her.
og bare latt deg vær i fred.
Men eg komme når du ber meg
du får ta meg som eg e
det får skje meg det som skjer meg
du får grina eller le
eg e‘kje særleg prektig,
eg har riper, eg har sår
Detta rommet e’ så mektig
men eg e’kje den som går.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 3/12
3
AKTUELT
SIDAN
SIST
AKTUELT
Kyrkjelydsutvikling i folkekyrkja
Sommararrangement i kyrkjelydane
Av prost Arild Hellesøy
Det teologiske
menighetsfakultetet (MF)
har sett i gang prosjektet
«Kyrkjelydsutvikling i
folkekyrkja.» Professor Harald
Hegstad (MF) seier det slik:
«Kyrkjelydsutvikling er eit
målretta arbeid for å setje
kyrkjelyden betre i stand til å
vera det han er kalla til å vera,
og å gjera det den er kalla til
å gjera. Det er viktig for ein
kyrkjelyd av og til å reflektera
over kvifor den er der og kva
den er til for. Kva er kyrkjelyden
sin identitet og kva er oppdraget.
Arbeid med kyrkjelydsutvikling
kan hjelpa kyrkjelyden med
dette.»
4
Når han seier
«målretta
arbeid» forstår
me at utviklinga
går ikkje kor
som helst. Me
må ha tankar
om kor me skal.
Han seier òg at
kyrkjelyden har eit kall. Me må
arbeida og finna ut meir om kva
det er.
Våren 2011 søkte Voss sokneråd
om å få vera med i prosjektet.
Voss sokneråd og staben på Voss
oppretta ei styringsgruppa med
Brit Hernes, Knut Farestveit,
Ingrid Kløve-Graue, Sigrid
Djukastein Mala og Arild
Hellesøy. Me har òg fått ein
mentor til prosjektet. Det er
professor i kyrkjesoge Oddvar
Johan Jensen.
Ei tre-årig reise.
Kva skjer framover?
me utfordra tre såkalla
”medforskarar”. Dei skal intervjua
Når det gjeld fortida skal me
medlemer i kyrkja på Voss og
fokusera på dei siste 50 åra.
skriva rapport for kvart intervju.
Spørsmålet er: Kva har hendt i
Det kan vera spørsmål om kva ein
kyrkjelyden dei siste 50 åra som
ventar frå kyrkja og kva ein vonar
verkar inn på korleis kyrkjelyden
er i dag? Dette skal me svara på i for kyrkjelyden i framtida. Kva
utfordringar ser me i kyrkjelyden
lag.
Me skal ha ei samling i Vonheim og kva rolle bør kyrkja ha i det
lokale kulturliv? Det er viktig
1. oktober kl. 19.00. Alle som
at dei som er med i intervjua
vil kan vera med og fortelja om
representerer kyrkjelyden, og me
ting som har hendt. På ein stor
må ta omsyn både til alder, kjønn
papirrull vil me laga ei tidsline.
og tilknytning.
Slik får me ein god oversikt over
Ein vesentleg del av dette
store og små hendingar.
prosjektet er såleis å lytta
Alle interesserte må setja av denne til kyrkjelyden og ta imot
kvelden i Vonheim.
tilbakemeldingar.
Ein open
prosess.
Forskar og
prosjektleiar
Erling Birkedal
seier det slik:
« Det er eit
avgjerande
poeng at me
skjønar kven me er kyrkje saman
med og kven me er kyrkje for.
Når det gjeld notida vil me
I vår kyrkjetradisjon gjeld det å
intervjua eit utval av kyrkja
lytta til og få innsikt i erfaringane
sine medlemmar. Så vil me
og forventningane til dei som
ha ei spørjeundersøking.
jamleg er med i gudstenestene i
Spørjeundersøkinga kan alle
kyrkjelyden og dei som sjeldnare
som vil vera med på. Då går de
tek del i kyrkja si verksemd.»
inn på kyrkja si heimeside www.
Informasjonen som kjem inn ved
voss.kyrkja.no. Der vil de finne
hjelp av intervjua og spørjeskjema
spørjeundersøkinga høgt oppe på
vil verta samla og ordna av erfarne
sida.
forskarar ved MF. Dei vil så skriva
ein rapport om kyrkja i Voss.
Den siste delen handlar om
Denne rapporten vil verta lagt til
framtida. Me vil då drøfta kav
slags kyrkje me vil vera i framtida. grunn når me skal snakka saman
om kva me vil at kyrkja skal vera
Kva vil me leggja vekt på i
framtida? Kor skal utviklinga gå? og kva me vil at kyrkja skal gjera
her på Voss sokn.
MF kallar prosjektet ei tre-årig
reise. Det fortel kor lenge sjølve
prosjektet varer. Prosjektet er delt i Medforskarar.
tre: fortida, notida og framtida.
I arbeidet med notida har
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 3/12
Visjonar og strategiar.
Den norske kyrkja har sine
Velkomen på kyrkjelydstur
Vikafjellstemne
Stamnes kyrkje og Verpelstad
gard er måla for buss-utflukten
til eit av naboprestegjelda denne
sumaren. Dette skjer sundag 1.
juli, men det er viktig å merka
seg at ein må ha påmelding
seinast ei veke før, altså seinast
mandag 25.juni. Dette på grunn
av middagserveringa på vakre
Verpelstad gard.
Sundag 15. juli møtes
strendingane med sine naboar
over fjellet i nord til det
tradisjonsrike Vikafjellstemnet.
Heilt sidan 1943 har ein hatt
tradisjon med ei fellesgudsteneste
og som oftast har møtestaden vore
Målset. Denne staden vert nytta
også i år. Der har ein turisthytta
til vera inne i viss ikkje veret er
strålande.
Bussen går frå Sambygg på Vinje
kl.09. Andre er óg velkomne til
å vera med; dei kan gå på bussen
undervegs.
Det vert gudsteneste kl.11 i
Stamnes kyrkje, som hadde
150årsjubileum i fjor. Det vert
enkel kyrkjekaffi etter gudstenesta
og orientering om kyrkja.
Ta med mat og drikke. Litt
aktivitetar vert det for alle aldrar
etterpå. Og viss nokon har lyst
å slå fylgje, så kan ein avslutta
dagen med tur frå Hestavollen,
gjennom Vetlegrungen og til
Holo/Kvassdalen i Myrkdalen.
Ein lett og fin tur.
Deretter køyrer ein så til
Sokneprest Thaule
middagservering på Verpelstad
gard, som fyrst fekk veg i 1994 og
no har fått eit flott serveringstilbod
for grupper som oss.
Kyrkjelydstur til Eidfjord
onsdag 25. juli.
Gamlekyrkja i Eidfjord er nesten
like gamal som vår Vangskyrkje,
men langt mindre. Det vert sagt at
det var Rike-Ragna som fekk den
bygd.
Rike-Ragna hadde ein del store
synder å svara for, og vart
pålagd å sona dei ved å dra til
Santiago de Compostela i Spania,
der apostelen Jacob skal vera
gravlagd. Ho ba då om heller å
få byggja ei kyrkje, og gje den til
minne om han. Det fekk ho, og
kyrkja var ferdig i 1308.
Kvart år er det nå messe i kyrkja
om kvelden på Jacobs dag, som
er 25. juli. Me vil vera med. Me
reiser frå Voss med buss, men
først til Øvre Eidfjord. Ser om oss
i Hardangervidda Natursenter, og
et middag i den flotte kafeen der.
Så buss til Eidfjord og messe i
kyrkja.
Med buss, ferje, middag etc kostar
turen kr. 450 for honnør og 480
elles. Me dreg frå Voss ca. kl.
14. Påmelding innan 15. juli til
Kyrkjekontoret i tlf 56 52 38 80.
Vel møtt til kyrkjelydstur!
Påmelding til Vossestrand
prestekontor: 952 62 085 / 56 52
24 73.
Oppheim og Vinje sokn
Knut Hernes, Voss sokneråd
Målsete. Foto: Svein Ulvund
visjonar, mål og strategiar. Kyrkja
skal væra «i Kristus, nær livet».
Kyrkja skal væra «vedkjennande»,
med å gje vidare trua på den
treeinige Gud, «misjonerande»
ved å vitna om Jesus Kristus,
«tenande» gjennom omsorg i
nestekjærleik og «open» ved å
utvikla fellesskap som verdset
mangfald og respekterer ulikskap.
Verksemda i kyrkja må måle seg
mot visjonen og ta i bruk dei
strategiane som leier mot målet.
Å våga seg.
Ei levande kyrkje utviklar seg
gjennom å læra nye ting. Ho
lærer gjennom liv og røynsle.
Ho skaffar seg nye røynsler ved
å forsøka nye ting og reflektera
over dette. Ny læring leier til ny
praksis, nye mål og visjonar. Det
kan kjennast som eit dristig tiltak,
men; det handlar om å våga seg.
Voss sokneråd, styringsgruppa
og dei kyrkjelege tilsette i
kyrkjelyden ser fram til ei
spennande tid der mange tek del i
engasjerte samtaler.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 3/12
5
UNG
UNG
Konfirmantmeisterskap i golf
Av John Ove Thaule
Også i dette konfirmantkullet
var det ein fin gjeng som fekk
den den interessante utfordringa
som golfspel kan gje. I alt 13 frå
Voss og 7 frå Vossestrand. Dei
kom godt i gang før frosten kom.
6
Onsdag 30.mai var det avsluttande
turnering. Sjølve konfirmasjonen
var allereide over, men 14 tok
utfordringa og stillte sporty opp
Etter at strendingane dei siste tre
åra har gått av med sigeren, var
det denne
gongen ein
vossing som
hadde best
kontroll på
slaga. Harald
Rekve Bryn
vann med
9 poeng.
Jarand Ure
Opheimsvangen frå
Vossestrand
tok
andreplassen
«Ivrige konfirmantar trenar til golf-meisterskapen.
med 8 poeng,
Her strendingar i sving» Foto:J.O.Thaule
og Håkon Almeland frå Voss
tok tredjeplassen med same
I vinter har dei halde vedlike
poengsum, men med ein «stryk».
ferdigheitene på «Innesvingen» i
Beste jente, Anna Dommarsnes
kjellaren i Idrettshallen. Prestane
Kjersti Brakestad Boge og John
Abrahamsen frå Voss, fekk 6
Ove Thaule har stått for sjølve
poeng som var ein delt 5.plass.
konfirmantundervisinga, medan
Takk til Voss Golfklubb for all
Svein Klette og Eirik Arnetveit
velvilje også med dette fjerde
har vore med-hjelparar og
instruktørar.
konfirmantkullet.
Fasteaksjonen – resultat
av Ivar Molde
Det er i Vossabygdene dette
året samla inn i alt kr. 82.605.til Fasteaksjonen for Kirkens
Nødhjelp. Det er om lag kr.
3.000,- mindre enn i fjor, likevel
eit jamt, bra resultat.
7.525.- Raundalen sokn er
representert med kyrkjeoffer
Mjølfjell Påskedag: kr. 2.152.50.Det er også kyrkjeoffer
Vangskyrkja Skirtorsdag med kr.
4.258.50.
Av den samla summen står
konfirmantane ved dør-til-døraksjon for i alt kr. 76.194.Summen fordeler seg slik: Voss
sokn: 51.612.-, Vossestrand
17.057.- og Evanger/Bolstad
Takk for innsatsen til
konfirmantar og elles
medarbeidarar, gjevarar – og
til sponsor, som dette året var
Toyota Voss.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 3/12
Sommarkonsertar
i Vangskyrkja
Av Magnus Kløften
I perioden 13. juni til 15.
august kan ein oppleva
konsertar kvar onsdag kl.
1400 i Vangskyrkja.
Dette er eit nytt tilbod til
fastbuande og turistar i ei tid då
kyrkja er ope for publikum. Det
er fri tilgjenge til konsertane,
men ei friviljug gåve til det
kyrkjemusikalske arbeidet kan
gjevast ved utgangen. Me ynskjer
alle som har tid hjarteleg velkomne
til ei god musikkoppleving på ca.
25-30 minutt i Vangskyrkja desse
dagane!
«Kor i Fokus»
Av Tone Brekke
Laurdag 24. mars var Midising og
Tweensing med på korfestivalen, KOR
I FOKUS, i Knarvik (Norhordland).
Det var ei flott oppleving for alle å vera
med og syngja i eit stort felleskor med
ca. 1000 born. Det var øvingar gjennom
dagen og konsert på ettermiddagen.
Borna fekk òg oppleva å syngja med
Bjarte Leithaug, Jarle Waldemar, gruppa
”SEVEN” og Stella Mwangi.
Over: Mini/Midi/Tween-sing syng på
basaren i Vonheim
Til høgre: Barnekora syng på Torget
palmelaurdag som eit innslag under
Vossa-Jazz
Til venstre: Barnekora frå Voss ventar
på å få opptre på scenen
Under: Det var gjevt å få syngja i lag
med Stella Mwangi
Nedst: Ein del av dei 1000 borna som
var samla til korfestival
Her fylgjer ei liste med namn og
aktuelle datoar:
20. juni: Ingrid Langen Fjose,
Sondre Fjose, Arne Fjose og
Magnus Kløften (song, fiolin, bass
og piano)
27. juni: Tone Synnøve og Olav
Arne Steinkopf (orgel)
04. juli: Satoko Katagihara og
Haakon Asheim (hardingfeler)
11. juli: Kari Finne Sognnæs og
Magnus Kløften (song, piano og
orgel)
Alle foto: Tone Brekke
7
28. mars var Mini, Midi
og Tweensing med
og song på basaren i
Vonheim.
31. mars, palmelaurdag,
var Mini, Midi og
Tweensing og song på
Torget.
18. juli: Børge Styve og Magnus
Kløften (trompet og orgel)
25. juli: Magnus Kløften (orgel)
01. august: Maria Bø, Ellen Marie
Selland Geithung og Margunn
Blikberg Nordgård (piano,
kveding, song, accordion og fele)
08. august: Frode Raymond Vik
(orgel)
15. august: Jo Asgeir Lie
(accordion)
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 3/12
SIDAN SIST
SIDAN SIST
Påsken 2012
Vossakyrkjemessa 2012:
Her kjem nokre glimt frå det
som skjedde på kyrkjefronten
denne påsken.
Dette var temaet for
Vossakyrkjemessa i år. Fredag
kveld hadde Åge Haavik eit
program i Vangskyrkja med emne
«Syng ein ny song for Herren».
Åge Haavik er seniorrådgjevar
i Kyrkjerådet, men framfor alt
kjend som tilretteleggjar for den
nye salmeboka som skal koma i
2013.
Av Arne Mosefinn
Av Arne Mosefinn
Hamlagrø bedehus.
Påskedag var det dåp i bedehuset
på Hamlagrø, for fyrste gong?
Vesle Mikkel vart døypt av
Johannes Melve.
«Her er Mikkel, vår bror i trua»
Johannes døyper Mikkel
Vetlebotn.
Langfredag var det skiandakt
i Vetlebotn i Myrkdalen.
Sokneprest Thaule stod for dette,
saman med fleire medhjelparar.
Mellom anna hadde Arne Johan
Dregelid fått køyrt opp grillvogna
si, og stod for sal av grillmat m.m.
8
Over: Arne Johan
Dregelid med
grillvogna si.
T.v.: Sokneprest
Thaule hadde med ei
pakke som viste seg
å vera tom – bilete
på den tomme grava.
Når ein opna den
forma den ein kross.
Vonheim.
T.h.: Over 100
menneske hadde
funne vegen til
Vetlebotn Langfredag
for å delta i
påskeandakten.
Haavik tok særleg føre seg salmar
av Arve Brunvoll frå den nye
salmeboka. Brunvoll, som no er
75 år, er kjend som salmediktar og
omsetjar av salmar. Då den førre
salmeboka kom i 1981, hadde han
vore med i salmebok-komiteen.
2) Brunvoll hentar mykje frå
anglikansk kyrkjesong. Her
finn vi fleire gode omsetjingar,
som «Å kor djup er Herrens
nåde» (nr. 336) og «Kom, du
Åshild Brunvoll og Dorthea Bergo
3) Fleksibilitet er eit anna
stikkord ved Brunvoll. Han har
vilje til å endra på setningar for
å finna den beste formuleringa.
Nr. 537 «Guds kirkes grunnvoll
ene», kjem i ny versjon i den
nye salmeboka. Her er teksten
tilbakeført til meir opprinneleg
(anglikansk) form ved at kyrkja
vert omtala i ho-form, dvs. kyrkja
som brud – ikkje som «den».
Haavik ynskte å trekkja fram fire
eigenskapar ved Arve Brunvoll:
1) Han er særleg oppteken av den
bibelske salmeboka, det vil seia
at han omformar dei bibelske
Arve Brunvoll og Åge Haavik
T.h.: Josefi Mohammad les frå
Bibelen på farsi
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 3/12
salmane i norsk salmeform.
Døme på dette er «Min hyrding er
vår Herre Gud», nr. 319 i Norsk
Salmebok. Denne salmen har sitt
utgangspunkt i Salme 23 (Herren
er min hyrding). Ein annan er
nr. 478 «Gud, send ditt ljos, di
sanning ut». Denne salmen er
bygt over Salme 42 og 43. Denne
salmen er ikkje så mykje brukt
her på Voss, men han høver godt i
samband med nattverd.
Ein god salme er ein einskap
mellom tekst og tone som rører
oss i vårt indre rom. Det er viktig
å ha ei god salmebok – og å bruka
den, sa Haavik. Vi har her i
landet ein stor salmeskatt, som det
er viktig å bruka og å gje vidare til
neste generasjon.
Etter tradisjonen var det også i
år påskefrukost i Vonheim med
mange til stades. Her var folk
i alle aldrar – nokre skulle på
gudsteneste etterpå – andre på
skitur. Eit spesielt innslag i år var
xx som las frå Bibelen på farsi –
hovudspråket i Iran.
T.v.: Utruleg vakkert dekorerte
påskeegg
«Med lovsong inn i ei ny tid»
Åge Haavik saman med (deler av) VOK
Guds kjærleik, kom!» (nr. 694).
Den siste kjem opprinneleg frå
fransiskanerordenen i Siena. Han
avspeglar noko av mystikken i
kristendommen, men kan og lesast
som ei bøn om å få kjærleikens
gåve. Eit tredje døme på dette,
er nr. 80 «Du ord frå alle æver»
som Brunvoll har dikta sjølv til
ein anglikansk melodi. Dette
er ein salme til Stefanus-dagen
som viser spennet frå Johannesprologen i joleevangeliet til
martyriet med Stefanus.
4) Kjærleik til gamal latinsk
hymne-dikting. Som døme på
dette tok Haavik fram salmen
«Før dagsens siste ljos døyr
ut» (nr. 799) som er omsett frå
ei latinsk kvelds-hymne frå
500-talet.
Vi som var tilstades fekk sjølve
vera med å syngja desse salmane.
Det var likevel godt å ha VOK
med som forsongarar. Kantor
Magnus Kløften akkompagnerte
på flygel og orgel. Eit
høgdepunkt var også dei to unge
musikarane Åshild Brunvoll
(barnebarn til Arve) på cello og
Dorthea Bergo, vokal. Desse to
framførte «Blå salme» av Erik
Bye. Denne salmen kjem i den
nye salmeboka.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 3/12
9
Kyrkjelege handlingar
DØYPTE:
Voss gutar:
voss osteopati
- satsar på Vestlandet
Lene Møl Søndergaard
MNOF OSTEOPAT DO
Uttrågt. 12, 5700 Voss
Timebestilling
Tlf. 908 61 255 - [email protected]
10
Korleis har du det…
EIGENTLEG?
Krisetelefon 815 33 300
SOS-Melding: www.kirkens-sos.no
EIT MENNESKE Å SNAKKE MED
NÅR LIVET ER SOM VERST
Selskap i konsernet
HMV Voss AS
18.03: Joar Bakk-Opheim
Runar Ringheim
Noah Velsvik Sønnesyn
08.04: Olav Een de Amoriza
Gabriel Eikeland
Mikkel Langhelle Utkvitne (Hamlagrø)
15.04: Andreas Brattebø
Ivar Velken Soldal
20.05: Sindre Boman Dommarsnes
Kristian Klette
Isak Magnus Vedå Skorve
Voss jenter:
04.03: Tuva Eide Bergesen (Norheimsund)
18.03: Ida Tesaker Nilsen
Edel Rognebakke
Julianne Støylen
25.03: Christine Louise Hoel
08.04: Maya Saue Gregersen
Lykke Hirth
Tara Doherty Hirth
Tuva Rivenes (Ullensvang)
15.04: Sarah Jane Tryti Lansiquot
29.04: Kaja Seim Herfindal
Sofie Vaksdal
Tiril Wold
20.05: Mathea Tharaldsen Byrkje
Guro Eimstad
Nicoline Sleen-Gullbrå
28.05: Vilde Nordheim Folkestad
Lilja Tesdal Hirth
Selma Kristiansen Mestad
Anna Halse Styve
Olava Halse Styve
Evanger:
05.04: Sol-Evita Håtuft (Evanger)
22.04: Alfred Bergstad Omdahl (Bolstadøyri)
27.05: Alexander Århus (Evanger)
Christian Århus (Evanger)
Raundalen:
25.03: Linn Therese Utne Slettemark
Vinje:
18.04: Tuva Ure Totland
Oppheim:
06.05: Linnea Hauge
VIGDE:
Voss
04.04: Ina Maria Berge og Kjell Gjerme
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 3/12
06.04: Siri Anne Haugland Moss og Terje Sivertsen
08.04: Marianne Eikeland og Joel Pando Heredia
14.04: Lyka Dia Aquinde og Endre Tesdal
02.06: Kari Arnetveit og Trond Viggo Mjellelid
Hanne Kløve og Knut-Erik Sivertsen
09.06: Lene Joakimsen og Stian Overå
Evanger:
21.04: Liv Susanne Øiene og Kjartan Ringheim (Bolstadøyri)
Vinje:
19.05: Ingvill Aa og Olav Humlebrekke
DØDE:
Voss kvinner:
26.03: Aslaug Lie Røthe f. 1921
29.03: Gyrid Eide f. 1915
29.03: Åsne Slaattelid f. 1935
08.04: Gerd Rio f. 1926
09.04: Helga Marie Ringheim f. 1946
10.04: Anna Hårvik f. 1916
14.04: Borghild Rognebakke f. 1908
25.04: Aslaug Nestås f. 1927
26.04: Marta Løkkebø f. 1920
29.04: Hildeborg Lid f. 1924
01.05: Gerd Nansy Dagestad f. 1942
05.05: Olga Dugstad f. 1920
05.05: Anna Mathilde Kaspersen f. 1926
08.05: Borghild Vestrheim f. 1922
Voss menn:
16.03: Knut A. Dugstad f. 1921
20.03: Kjell Johnny Bøe f. 1929
20.03: Knut Høyland f. 1944
30.03: Klaus Kyte f. 1927
03.04: Karl Olaf Kalleklev f. 1933
09.04: Johannes Hellene f. 1918
23.04: Aaron Lilletvedt Lidsheim f. 2012
30.04: Bjarte Inge Rongen f. 1955
17.05: Jon Istad f. 1937
27.05: Jon Rogne f. 1927
Evanger:
15.04: Bjørn Nygård f. 1934 (grl. Bolstadøyri)
20.04: Aage Finsrud f. 1923 (grl. Bolstadøyri)
21.05: Ivar Horvei f. 1946 (grl. Bolstadøyri)
Raundalen:
21.03: Anna Marie Øvsthus f. 1910
31.03: Solveig Ingeborg Bøe f. 1924
Vinje
23.03: Leif O. Vinje f.1913
16.04: Knut R. Vinje f.1937
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 3/12
11
DET HENDER
C-BLAD
Fulldistribusjon
Kyrkjenytt for
Vossabygdene,
pb 562, 5703 Voss
Gudstenesteliste
Aktivitetskalendar:
Vangskyrkja:
T-dagar i haust:
24.06. kl. 1100 Høgmesse v/Haaland. Dåp. Offer til
kyrkjelydsarbeidet.
01.07. kl. 1100 Høgmesse v/Haaland. Nattverd. Offer
08.07. kl. 1100 Høgmesse v/Haaland. Dåp. Offer
15.07. kl. 1100 Høgmesse v/Melve. Nattverd. Offer
22.07. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Dåp. Offer
05.08. kl. 1100 Høgmesse v/Hellesøy. Nattverd. Offer
12.08. kl. 1100 Høgmesse v/Boge. Dåp. Offer
19.08. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd. Offer
26.08. kl. 1100 Høgmesse v/Haaland. Dåp. Offer
02.09. kl. 1100 Konfirmantpresentasjon v/Skjeldal og Boge.
Offer
Evanger kyrkje:
24.06. kl. 1100 Høgmesse v/Melve. Nattverd. Offer til Kristent
arbeid blant blinde.
15.07. kl. 1600 Høgmesse v/Boge. Nattverd. Offer til Dei firre
diakoni-inst.
05.08. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Slektsstemne tek del. Offer
til kyrkjelydsarbeidet.
02.09. kl. 1100 Fjelltur til Brunborg. T9-10. Andakt v/Molde.
Bolstadøyri kapell:
29.07. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd. Offer til NMS.
19.08. kl. 1500 Gudsteneste v/Boge. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Hamlagrø bedehus:
22.07. kl. 1500 Gudsteneste/stemne v/Boge.
Krossaset:
29.07. kl. 1300 Olsoksamling v/Boge.
Raundalen kyrkje:
01.07. kl. 1600
12.08. kl. 1600
26.08. Høgmesse v/Haaland. Nattverd. Offer
Høgmesse v/Molde. Nattverd. Offer
Fjelltur til Fjosestølen/Raukjeldo.
Andakt v/Hellesøy.
Vinje kyrkje:
24.06. kl. 1100 Gudsteneste v/Thaule. Ny gudstenesteordning.
Offer til Kirkens bymisjon i Bergen.
01.07. Kyrkjelydstur for Vossestrand til Stamnes kyrkje og
Verpelstad gard.
29.07. kl. 1930 Gudsteneste v/Molde. Nattverd. Offer til Voss
KFUK/M.
26.08. kl. 1100 Høgmesse v/Thaule. Nattverd. Offer til
Normisjon.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 3/12
”Heilt førsteklasses!”
Voss måndag 27. august kl. 1700-1830.
Evanger onsdag 29. august kl. 1700-1830.
Oppheim torsdag 30. august kl. 1700-1830.
Babysong
Evanger 6 torsdagar i veke 36- 42.
Oppheim 7 torsdagar i veke 36 - 43. Voss
torsdagar i veke 36-43, start kl. 1030.
Pilegrimstur.
Evanger sundag 2. september. Fjelltur til
Brunborg.
På spor av Heilag Olav.
Voss laurdag 22. september kl. 1400-1630 i
Prestegardsmoen. På Stronde sundag 23.
september kl. 1600-1800.
Utdeling av barnebibel
Evanger og Bolstad sundag 16. september.
Voss sundag 30. september.
Stønad til leir
Vossestrand Indremisjon minnar om at dei
gjev økonomisk stønad (1/3 av kostnaden) til
born og unge frå Vossestrand som vil reisa på
kristne leirar på Helgatun eller andre stader.
På Helgatun skjer dette i direkte kontakt
med indremisjonen. Om andre leirar el. kurs
kan ein senda dokumentasjon av utgifter
til Ingebjørg V.Nielsen, Kalvhagen 6, 5713
Vossestrand.
Oppheim kyrkje:
08.07. kl. 1100 Høgmesse v/Thaule. Nattverd.
Offer til Israelsmisjonen.
15.07. kl. 1200 Vikafjellstemna ved Målsethytta v/
Thaule.
05.08. kl. 1930 Gudsteneste v/Molde. Offer til
Voss KFUK/M.
19.08. kl. 1200 Stølsmesse i Tjørnarhovden v/
Thaule. Matservering m.m.