Nyheitsbrev januar 2013 - Hallingdal Økonomiservice AS

Nyheitsbrev januar
2013
07.01.2013
Nytt om oss
I dette nummeret:
Endringar i satsar 2
og reglar
Tidligpensjon i
jordbruket
2
Endring i lovverk
for sambuarar
2
Spesielt for jord– 3
og skogbruk
Privat bruk av
arbeidsgjevar sin
bil
3
Ny teknologi for
effektivisering av
arbeid
4
Det har skjedd ein del endringar i vår bransje i løpet av det
siste året. Mellom anna ser me
at rekneskapsbyrå stadig blir
kjøpt opp og/eller fusjonerar
og blir til større einingar. Hjå
oss er det ingen endringar og
foretaket er framleis eigd av
Steingrim Roen, Ole Sjøthun
og Kjell Huso. Me har stadig
pågang av verksemder som vil
bli kundar hjå oss og er no
oppe i om lag 850 rekneskap
med smått og stort. Vår filosofi er at de som kundar skal få
personleg service hjå din saksbehandlar, medan du skal oppleve brei fagleg styrke gjennom
den storleiken me har oppnådd
i dag. Men storleiken og organiseringa betyr og at me ikkje
unngår at det av og til blir endringar som medfører byte av
fast kontaktperson. Me ynskjer
så langt som råd er å gjere slike
endingar i samråd med dykk
som er kundar slik at alle blir
mest mogeleg fornøgde.
1. november. Allereie ein månad før var etterfylgjaren, Hilde
Marie Berget på plass ved kontoret i Hol, slik at ho kunne
lære mest mogeleg om dei
kundane ho skulle overta før
Trond forsvann ut.
Me hadde også ynskje om å få
på plass ytterlegare ei heiltidsstilling, men har ikkje lukkast
med det førebels. Derimot har
me tilsett Daniel Markegård på
deltid og Trine Eidsgård som
vikar inntil vidare. Nils Bjørnar
Ødelien som har vore hjå oss
nokon år valde også å slutte
siste år for å flytte til Kongsberg for å ta utdanning innan
rekneskapsfaget.
Godt nyttår !
Andre endringar som har
skjedd er at kontoret vårt på
Torpomoen har flytta inn i
nybygget i november. Der finn
du oss i fyrste etasje til høgre
innover gangen.
Trond Augunset slutta hjå oss
Veit du kor mykje du får i pensjon ?
teke seg bryet med å finne ut
kva dei får i pensjon. For næringsdrivande kan det vere lurt
å tilpasse inntekter (ved bruk
av avskrivingar, og andre justeringsmogelegheiter) slik at du
får best mogeleg pensjon, men
samtidig ikkje betaler meir
skatt enn nødvendig.
Det er relativt få som har
Dette er ein viktig del av vår
rådgjeving knytt til rekneskapsføring og årsoppgjer. For at
me skal kunne gje best mogeleg
råd er me avhengige av ein del
opplysningar, mellom anna kva
for utgangspunkt du har frå før.
Ta med PIN-kodar for pålogging til offentlege tenester når
du kjem med dei siste bilaga for
året. Då kan me bistå med
innlogging på NAV for å ta ut
oversikt over korleis du ligg an
så langt.
Side 2
Nyheitsbrev januar 2013
Endringar i satsar, reglar m. v.
Satsar for diett og reise er
fastsett i ’Statens særavtaler’.
Det er desse satsane som kan
utbetalast som trekkfrie forkuddssatsar. Teoretisk er
dette eit forskudd der ein
seinare skal inn og rekne på
om det gir overskudd, men
normalt vil det ikkje bli rekna
skattepliktig overskudd om
desse satsane er brukt. Eit
vesentleg krav for at det kan
utbetalast trekkfritt er at arbeidstakar leverar ei detaljert
reiserekning som tilfredstiller
alle krav til legitimasjon.
Våre tilsette:
Steingrim Roen
Ole Sjøthun
Det er nokon nye satsar frå
2013. Me nemner spesielt at
allereie i løpet av 2012 vart
satsen for skattefri bilgodgjersle auka til kr. 3,90.
Frå og med 7. september kom
det eit nytt krav til innhald i
ein faktura. Foretak som er
registrert i foretaksregisteret
skal no ha med informasjon
om dette på fakturaen. I Duett er det lagt til rette for
dette i tilgjengelege standard
fakturalayoutar, medan dei
spesialtilpassa må me syte for
å få endra.
skattekort. Frå og med 2014
er dette obligatorisk slik at du
som har ansatte i verksemda
di må laste ned elektroniske
skattekort til lønssystemet
ditt.
Frå og med 2013 blir skatteklasse 2 for einslege forsørgarar fjerna og erstatta med eit
eige særfrådrag. Ved evt.
deling av omsorg kan dette
særfrådraget også delast.
Det vil i åra framover skje ein
del endringar innan lønsområdet. I 2013 er det innført ei
prøveordning med elektronisk
Kjell Huso
Torunn Tveide
Hilde M. Berget
Heidi Bråten
Kjell Aalrust
Anne Mette
Bengtsen Rue
Lene
Rustberggard
Anne Guri
Hodnungseth
Synnøve Lio
Sigrid M. Tuv
Tidligpensjon i jordbruket
Tidligpensjonsordningen
skal bidra til å lette generasjonsoverganger i jordbruket for dem som har hatt
hoveddelen av sine inntekter fra jordbruk/gartneri og
skogbruk. Hensikten er å
bidra til tidligere generasjonsskifter og dermed
stimulere rekrutteringen.
Det er viktig å starte plan-
leggingen i god tid hvis man
har planer om å ta ut tidligpensjon fra fylte 62 år. Vi
har sett flere eksempler på
at man har fått avslag på
søknad om pensjon på
grunn av for lav referanseinntekt eller tilsvarende for
høy inntekt fra andre kilder
enn gårdsbruket. Allerede
når man passerer 55 år bør
man ha dette i tankene og
evt. tilpasse inntektene
(bruk av avskrvinger m.v.)
slik at den prosentvise
fordelingen ikke blir feil i
forhold til reglene. Mer
om tidligpensjon kan du
finne på www.slf.dep.no
eller du kan spørre din
kontaktperson hos oss.
Sambuarar - endringar i lovverket
Stian Røstberg
Inger Kvanneberg
Mette Feten
Astri Listøen
Line Espedokken
Sorteberg
Unn Randi
Liahagen
Arvelova er endra slik at
sambuarar som har eller har
hatt felles barn fått rett til
å sitja i uskifta bu med felles
livsarvingar.
Med særkullsbarn skal det
alltid skiftast dersom desse
ikkje gjev attlevande rett til å
sitje i uskfta bo.
Uskifteretten er noko avgrensa og gjeld berre felles bolig,
hytte og bil.
Odelslova er endra slik at
attlevande sambuarar (som
lever i ekteskapsliknande forhold) er beskytta mot odelsløysing når deira sambuar
med odelsrett døyr.
Attlevande sambuar kan forbli
eigar i ein periode utan å frykte at barn og særkullsbarn
går til løysingssak for å ta
eigedomen frå han/henne.
Sambuarar får også same rett
som ektefeller til å odle ein
eigedom saman.
Etter konsesjonslova § 5 ,
første ledd treng ikkje ektefelle søke konsesjon ved
overføring av bebygd eigedom. Dette unntaket er nå
også utvida til å gjelde sambuarar ( som lever i ekteskapsliknande forhold)
Side 3
Privat bruk av arbeidsgjevar sin bil
Skatteetaten har informert
om at dei vil ha særleg fokus
på privat bruk av arbeidsgjevar
sin bil i dette året. Det er i
utgangspunktet ganske strenge
og firkanta reglar for dette.
All køyring som i utgangspunktet ikkje er køyring i yrket er
privat køyring. Dette gjeld og
køyring mellom heim og arbeidsplass. Det er berre det
som kan reknast som sporadisk bruk som kan gje unntak
frå plikt til lønsinnberetning.
Det er strenge krav til dokumentasjon og berre ei nøye
ført køyrebok er i utgangspunktet godt nok. Her må det
ikkje kome fram privat køyring
av noko slag.
Det skal gjerast eit inntektspåslag på 30 % av listeprisen på
bilen inntil kr. 270.600,- og 20
% av overskytande listepris.
reglane ganske strenge. At
det ligg ein del verktøy i bilen
som blir brukt mellom heim
og arbeid er ikkje unntaksgrunn.
Bruk av bilen i deler av året
skal reduserast til det tal
månadar bilen er brukt, men
evt betaling av utgifter reduserar ikkje innberetninga.
Det kan gjerast unntak for
bilar som ikkje er eigna til
privat bruk, men også her er
Klar for årsoppgjeret - dette må du hugse
Bilag må leverast til oss
seinast 10. januar dersom du
har løn som skal innberettast.
I samband med lønsinnberetninga må me og ha oversikt
over andre goder som skal
innberettast, som t.d. fri bil,
telefon m.v. Hugs og å få med
alle reiserekningar så tidleg
som mogeleg sidan det og skal
vere med i lønsinnberetninga.
Andre bør og levere bilag
seinast den 15. januar. Lever
gjerne hovudmengda av bilag
straks etter nyttår og ta ei
oppsamling til litt seinare slik
at me kan kome i gang med
føringa.
Hugs at vareteljing skal gjerast ved årsskiftet. Det er
viktig at denne blir gjort korrekt med signerte og daterte
lister. Utrekning av varelager
bør takast med det same slik
at lister kan leverast saman
med bilaga.
bruk av privat bil i næring er
det fint om me får litt opplysningar som kan sannsynleggjere køyringa som blir ført til
frådrag.
Har du bil i næring er det
viktig å notere ned kilometerstand pr. 31.12. Når det gjeld
Spesielt for dei som driv jord– og skogbruk.
Det vedlagte skjemaet skal
alltid fyllast ut, signerast og
returnerast til oss. Sidan dette er å sjå som vareteljinga for
ein gard er det viktig at det
blir signert på lik linje med
andre vareteljingar.
Mjølkeprodusentar som driv
med eigenregistrering har
tilgang til komplett oversikt
over alle sine dyr. Lista heiter
individgrunnlag og me ynskjer
at de skriv ut heile denne lista
og legg ved vareoversikten.
Me legg ut ei detaljert oppskrift under landbruk på våre
heimesider.
drifter.
Når det gjeld verdien av dei
ulike ”varene” finn me dette i
takseringsreglane og reknar ut
totalsummar etter dette.
Dette gjeld t.d. faste satsar for
verdi på dyr og eigenprodusert lager av grovfor m.v.
Takseringsreglane gir og satsar
som skal brukast ved uttak av
produkt frå garden til privat
bruk. Her er det viktig at de
gir oss informasjon om reelle
uttak sidan dette har endra
seg ein del dei siste åra, m.a.
på grunn av stadig fleire sam-
Dersom du har avløysartilskot til gode er det viktig at
løn blir utbetalt og innberetta
no på siste termin slik at dette
blir med på rett år. Brukar du
Landbrukstenester tek du
kontakt med dei,
men me kan og
hjelpe til med utrekning og innberetning
av løn for deg.
HALLINGDAL
ØKONOMISERVICE
AS
For løpande informasjon viser me elles til våre heimseider der me forsøkjer å
leggje ut oppdatert informasjon jamnleg. Sida har og direkte link til NARF sine
nyheiter innan rekneskap og skatt.
Elvevegen 4
3550 GOL
Telefon: 32 02 93 20
Telefaks: 32 07 32 30
[email protected]
www.hallok.no
Effektivisering av rutinar og arbeidsoppgåver
Me har stadig fleire kundar
som koplar seg direkte opp
mot våre datasystem i ei eller
anna form. Nokon vel berre å
bruke enkle deler av systemet
som t.d. fakturering, medan
andre også gjer ein del av
bokføringsarbeidet og tek ut
rapportar sjølve. Uansett kva
ein vel gjer dette at ein kan
spare både tid og kostnadar i
form av å bruke ulike datasystem hjå kunde og hjå oss.
Organisasjon
Det siste me har sett i gang
med i løpet av det siste året
er det som blir kalla Duett
Bilagsflyt. Dette er eit system
for skanning og elektronisk
behandling av bilag. Det er
særleg eigna for kundar som
har behov for attestasjonsrutinar der inngåande faktura skal
til ulike personar for signering.
Dette foregår då elektronisk,
og det er og enkel mogeleg å
finne att faktura uavhengig av
kvar du er. Men det kan absolutt også vere interessant for
andre og gjerne litt større
kundar. Sjølv om ein ikkje
brukar attestering vil ein kunne ha nytte av enkel tilgang til
elektroniske kopiar av bilaga.