Program Midtsommartur med Hurtigrua.pdf

Midtsommartur med Hurtigruta M/S Trollfjord
Ei eventyrleg reise langs norskekysten
7 dagars tur med avreise frå Bergen 29. juni 2014
Dette er den klassiske reisa med hurtigruta, M/S Trollfjord tek oss frå Bergen og vi reiser langs
norskekysten til Kirkenes. Deretter er det fly tilbake til Bergen.
På denne reisa kan du nyte det skiftande landskapet langs den vakre kysten av landet vårt.
Her får du sjå fjordar , mektige fjell og små stader, du får oppleve den vakre naturen på nært hald.
Bli med på denne reisa med flotte opplevingar, spennande utflukter, god mat og ein avslappande
atmosfære.
Dag 1, søndag 29.juni
Vi går om bord i Hurtigruta m/s Trollfjord, som har avgang kl. 20.00, og etter at skipet har lagt frå kai
kan du nyte synet av store og små øyer som vi seglar forbi på veg nordover. Måltid; middag
Dag 2, måndag 30.juni
Før vi kjem til Ålesund går turen forbi Nordfjord og når vi seglar forbi Vestkapp er vi i ope hav for
første gong på denne reisa.
Vi kjem til Ålesund, og her kan dei som ynskjer det ta ein bytur medan
skipet seglar vidare inn Geirangerfjorden. Den trange fjorden er
imponerande med sine fjell og fossefall.
Tilbake i Ålesund kjem fleire gjester om bord, og turen går vidare medan vi
nyt ein god treretters middag. Måltid; frokost, lunsj, middag
Dag 3, tysdag 1.juli
Vi seglar inn Trondheimsfjorden og kjem til middelalderbyen Trondheim.
Her er det tid å ta seg ein tur i byen medan skipet ligg ved kai.
Nidarosdomen vart bygt mellom år 1070 og år 1300, og er Norges største
gotiske byggverk. Det er vel verdt å få med seg eit besøk her. Elles er det
fint å ta ein tur i dei sjarmerande gatene i Trondheim.
Om ettermiddagen set skipet kurs vidare nordover, og etter å ha passert
det trange Stokksundet kjem vi til Rørvik. Her møtes nordgåande og
sørgåande hurtigrute. Måltid; frokost, lunsj ,middag.
Foto: Nidarosdomen.no
Dag 4, onsdag 2.juli
Høgdepunkta er mange på denne turen, og eitt av dei er når vi kryssar Polarsirkelen mellom Nesna og
Ørnes. Polarsirkelmonumentet står på ei øy som vi passerer, og det er lett synleg frå skipet.
Vi seglar mot Bodø, og på veg tilbake, over Vestfjorden
mot Svolvær, vil den mektige 1000m høge Lofotveggen
gradvis kome til syne. Å sjå Lofoten med dei kvite
strendene og dei små fiskeværa er ei oppleving ein ikkje
kan gå glipp av. Måltid: frukost, lunsj, middag
Dag 5, torsdag 3.juli
I løpet av natta har skipet navigert gjennom det smale
Raftsundet. Nettene er lyse , og om du vil ha med deg
dette, får køya vente! Etter ein kort stopp i Harstad, går
turen vidare til Finnsnes og Tromsø, der vi har ein lengre
stogg. Det mest kjende landemerke i Tromsø er
Ishavskatedralen, som har fått namnet sitt etter den
karakteristiske arkitekturen. Tromsø vert også kalla
«nordens Paris», på kafeane er det alltid fullt av folk og
liv og røre.
Måltid: frokost, lunsj, middag.
Dag 6, fredag 4.juli
Etter korte stopp i Hammerfest og Havøysund, kjem vi til
Honningsvåg, også kalla porten til Nordkapp. Herfrå kan du bli med på utflukt til Nordkapp . Å stå på
toppen av det 370m høge Nordkapplatået vil gje deg kjensla av å vere ved verdens ende.
Vi seglar vidare, gjennom hjertet av samane sitt rike, og passerer den gamle offerstaden deira
«Finnkjerka» før neste stopp, Kjøllefjord. Måltid: frukost, lunsj, middag
Dag 7, laurdag 5.juli
Vi har reist langs heile kysten, og i Kirkenes seier vi takk for oss. Skipet legg til kai kl. 09.45.
Kirkenes ligg like ved russergrensa, og her vil de sjå at alle skilt skrive på norsk og russisk. Midt i
Kirkenes finn vi Russemonumentet og Krigsmonumentet som vart sett opp etter andre verdenskrig
Vi blir henta på kaia kl. 10.00, og køyrer til flyplassen. SAS har avgang kl. 11.30, vi mellomlander i Oslo
og kjem til Bergen kl. 15.35. Måltid; frukost.
Reisefakta:
Turpris:
kr. 16.200.Antal dagar:
7
Avreisedato:
29/6 2014
Returdato:
5/7 2014
Tillegg utv. lugar p.prs. kr.2.100.Tillegg enkel lugar, på forespørsel
Irekna turprisen:
Bergen- Kirkenes, m/s Trollfjord
Del i innvendig dobbel lugar I2
Full pensjon om bord
Transfer frå hurtigrute til flyplass
Flybillett Kirkenes- Bergen
Flyskatt
Reiseleiar får Travelnet Fjordane Reisebyrå
Tlf. Førde:
Tlf. Sandane:
Tlf. Sogndal:
57725070
57725090
57725750
[email protected]
Sjå vårt fullstendige turprogram på
www.fjordanereisebyra.no