Høgskolen i Buskerud og Vestfold KODE SPALAT 1 Programplan Gjelder for studieåret 2014-2015 Emneplan Side 1/4 15 Studiepoeng Spansk språkbruk Spansk (norsk) HAUST/VÅR INNLEIING Spansk språkbruk skal styrkje språkforståinga til studenten gjennom arbeid med autentisk spansk materiale i form av tekst, lyd og bilete. Kurset vil i tillegg styrkje kompetansen i spansk grammatikk. LÆRINGSUTBYTE Emnet skal bidra til at studenten oppnår følgjande læringsutbytte: KUNNSKAP Studenten skal ha grunnleggjande kunnskap om grammatikk, med fokus på verbalsystem og formverk ha grunnleggjande kunnskap om grammatisk terminologi har god kunnskap om ulike tekstsjangrar (munnleg og skriftleg) ha god kunnskap om eit utval latinamerikanske kulturuttrykk FERDIGHEITER Studenten skal kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg om relevante tema på spansk kunne forstå autentiske tekstar om det latinamerikanske samfunnet kunne bruke relevant grammatisk terminologi kunne gjere greie for eit utval munnlege og skriftlege tekstar i ulike sjangrar GENERELL KOMPETANSE Studenten skal kunne vidareutvikle sin eigen språklege og kulturelle kompetanse kunne formidle og problematisere sentralt stoff frå pensum ha innsikt i relevante faglege problemstillingar som gjeld språket som system og i bruk INNHALD Emnet består av fem komponentar: skrive- og samtaletrening, tekstforståing/kommunikasjon, spansk grammatikk, oppgåveløysing og innblikk i nicaraguansk kultur og samfunn. Filnavn: Skrive- og samtaletrening Med utgangspunkt i spanske tekstar skal studentane styrkje ordtilfanget og lære seg idiomatiske uttrykk ved å bruke det ein lærer i tekstane, i skriftlege og munnlege presentasjonar. Tekstforståing/kommunikasjon Studentane skal trenast i å forstå ukjende tekstar og oppfatte spansk tale ved å samtale om ulike emne i undervisninga. Spansk grammatikk Gjennom arbeid med sentrale grammatikalske tema, skal studentane styrkje den Dato: Sign: Høgskolen i Buskerud og Vestfold <Spansk språkbruk> Gjelder for studieåret 2014 – 2015 Emneplan Side 2/4 skriftlege og munnlege språkkompetansen. Grammatikkdelen vi primært bli undervist på fellesførelesingar, og vil bli knytt opp til tema i læreverket. Oppgåveløysing Studentane vil løyse skriftlege og munnlege oppgåver knytte til dei grammatiske temaa som blir gjennomgått på førelesingane. Innblikk i nicaraguansk kultur og samfunn Studentane skal vere med på besøk til forskjellige institusjonar i og rundt León, som på ulikt vis gir innblikk i nicaraguanske samfunnsforhold. I samband med desse besøka vil det bli arbeidd med førebuingar i forkant og oppgåver/presentasjonar i etterkant. LÆRINGSAKTIVITETAR Studentane vil få tilgang til rettleiing under forstudiet, men undervisninga vil hovudsakleg skje ved studiesenteret til Kulturstudier i León, Nicaragua. Undervisninga fordeler seg på førelesingar og gruppeundervisning. Mens førelesingane vil ta for seg dei teoretiske krava i pensum, vil ein i gruppeundervisninga fokusere på diskusjon, oppgåveløysing og praktisk bruk av språket. Førelesingane blir haldne av skandinavisk- eller engelsktalande, men gruppeundervisninga vil skje på spansk av nicaraguanske lærarar. Undervisninga vil haldast over ti undervisningsveker med om lag 100 timar undervisning til saman. Undervisninga er obligatorisk. Grammatikken vil bli undervist på fellesførelesingar, og denne undervisninga vil for det meste vere på skandinavisk. Dei andre punkta vil for det meste bli underviste i mindre grupper med nicaraguanske lærarar. Besøka i samband med det siste punktet vil skje i samla grupper, men arbeidet før og etter skjer i dei mindre gruppene. Kvart besøk skal munne ut i ein presentasjon i gruppene. Studenten skal dessutan levere ei mindre, skriftleg oppgåve på spansk, tilknytt temaa i undervisninga, som må godkjennast av faglærarane før framstilling til eksamen. FORKUNNSKAPSKRAV Generell studiekompetanse. Emnet er ikkje eit innføringskurs i spansk. Det blir forventa at studenten har gode ferdigheiter i spansk, tilsvarende nivå A2 frå Det europeiske rammeverket for språk. Les meir om nivået: - Kompetansemål etter Vg2/Vg3 studieforberedende utdanningsprogram (nivå II): http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=0&gmi=4513&v=5 -Europeiske nivåer, egenvurderingsmatrise: http://europass.cedefop.europa.eu/LanguageSelfAssessmentGrid/no DELTAKING For at studentane skal kunne gå opp til eksamen, må alle obligatoriske delar av studiet vere gjennomførte. Studenten må vere til stades på 80% av undervisinga. Filnavn: Dato: Sign: Høgskolen i Buskerud og Vestfold <Spansk språkbruk> Gjelder for studieåret 2014 – 2015 Emneplan Side 3/4 VURDERING Vurdering undervegs Emnet har obligatoriske innleveringar som må godkjennast av gruppelæraren. Studentane vil få tilbakemelding på alle skriftlege og munnlege arbeid, så framt dei blir leverte innan fastsette fristar. Studentane skal også rettleie kvarandre. Avsluttande vurdering Karakterane for dei ulike eksamenane vil bli slått saman til ein felles karakter. Vektinga av karakterane er som følgjer: spansk skriftleg 51 % og spansk munnleg 49%. Utsett eksamen skal gjennomførast ved Høgskolen i Vestfold etterfølgjande semester i samband med ordinær eksamen i León. Stryk i ein av eksamenane fører til stryk i heile emnet, men studenten treng berre å ta opp den eksamenen som han/ho måtte ha stroke på. Spansk Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere gjennomført for å kunne framstille seg til eksamen. Skriftleg og munnleg eksamen er i Nicaragua i undervisningssemesteret. Skriftleg eksamen er på fem timar og består av tre delar: 1) Spørsmål/oppgåver til ukjende tekstar, 2) spørsmål/oppgåver om spansk formverk og setningsstruktur, 3) ein eigenkomponert tekst. Stryk i munnleg eller skriftleg fører til stryk i emnet. Latinamerikastudium Kurset blir avslutta med ein heimeeksamen, som vil bli utdelt ei veke etter spanskeksamenane og skal leverast to veker seinare. Vurderingsuttrykk Eksamenane blir vurderte med bokstavkarakter A–F. Tabell 1 viser gradert karakterskala. Symbol Nemning A Framifrå B Mykje god C God D Nokså god E Tilstrekkeleg F Ikkje greidd Generell, ikkje fagspesifikk omtale av vurderingskriterium Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda. Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende. Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende. Hjelpemiddel til eksamen Til skriftleg eksamen kan ein bruke eittspråkleg ordbok utan grammatikk eller bøyingsmønster, for eksempel: Diccionario Larousse del español moderno. Filnavn: Dato: Sign: Høgskolen i Buskerud og Vestfold <Spansk språkbruk> Gjelder for studieåret 2014 – 2015 Emneplan Side 4/4 LITTERATUR C. Moreno, C. Hérnandez, C.M. Kondo: Gramática B1. Madrid: Anaya, 2008 M.Baralo, M.Genís, M.E. Santana: Vocabulario Nivel Medio B1. Madrid: Anaya, 2011 C. Moreno, C. Hérnandez, C.M. Kondo: Gramática B2. Madrid: Anaya, 2011 Førelesingane og gruppeundervisinga og alt materialet frå desse er òg pensum. Ordbøker og referanseverk: Eittspråkleg ordbok utan bøyingsmønster (kan brukast på eksamen): - F.eks.: Diccionario Larousse del español moderno Tospråkleg ordbok: - F.eks.: Spansk blå ordbok. Oslo: Kunnskapsforlaget. (Spansk–norsk og norsk–spansk) Norsk- eller svenskspråkleg grammatikk: - F.eks. (norsk): Pitloun, Petr og Kari Soriano Salkjelsvik: Gyldendals spanske lommegrammatikk. Oslo: Gyldendal,. - F.eks. (svensk): Falk, Johan, Kerstin Sjölin og Luis Lerate: Modern spansk grammatikk. Stockholm: Almqvist & Wiksell Filnavn: Dato: Sign:
© Copyright 2024