Mal for sertifiseringsrapport

Mal for sertifiseringsrapport
NYNORSK
Generelt
Etter at du har satt deg grundig inn i bruken av LOGOS, testar du éin elev med lesevanskar. Ta opp
eleven si lesing på PC eller på lydband til bruk i feilanalysen. Dersom du under testinga gjer observasjonar
som er viktige for testresultatet, kan du skrive desse inn i feltet ”Merknader” i
Logos.
Krav til rapporten sitt innhald
1. Personalia
Her oppgjer ein fiktive opplysningar om namn, skule osv.
2. Bakgrunn for tilvisinga
a) Informasjon frå skulen:
Kva for problem har eleven?
Kor lenge har han/ho hatt desse vanskane?
Har han/ho fått noko hjelp?
Dersom ja, kva for tiltak har blitt nytta (innhald, organisering
osv.)
Korleis har effekten av tiltaka vore?
Korleis fungerer eleven i rettskriving? I andre fag?
Andre informasjonar du meiner det er viktig å ta med
b) Informasjon innhenta ved samtale med eleven og føresette:
Forsinka språkutvikling?
Artikulasjonsvanskar?
Går lesevanskane igjen i familien?
Er eleven interessert i lesing/skriving?
Har eleven fått undersøkt syn/høyrsel? I så tilfelle – kva var resultatet?
Eleven sin motivasjon/interesse for å lese?
3. Presentasjon og tolking av Logos-resultata
Gjev ein kort presentasjon av eleven si ferdigheit på de ulike deltestane:
•
Start med effektivitetsskåren. Studer prosentilskåra for prosent korrekte svar og reaksjonstid.
•
Kva fortel R2-R1?
•
Gjennomfør ein feilanalyse med utgangspunkt i ordet sine lingvistiske dimensjonar og analyser
eleven sine lesefeil.
Gjev ei samla vurdering av leseferdigheita til eleven.
Kom med ein konklusjon. I konklusjonen bør ein seie noko om i kva grad eleven sine vansker er å oppfatte
som dysleksi eller ein anna type lesevanskar.
I høve til konklusjonen; bruk indikatorskjemaet (det finn du her) og legg dette med rapporten.
4. Skisser eit utkast til eit pedagogisk opplegg for eleven
Sett opp konkrete forslag til øvingsoppgåver for eleven (sjå Forslag til pedagogiske tiltak i Handbok til
LOGOS og i Logos):
1. Tenk deg at opplegget skal nyttast av ein lærer/spesialpedagog i hjelpeundervisninga.
2. Skisser konkrete tiltak med utgangspunkt i elevens testresultat. Ikkje bare ”rams opp” ei rekke
tiltak – avgrens tiltaka!
Korleis meiner du at undervisninga bør organiserast (éin-til-éin, i gruppe etc.)?
Omfanget av hjelpeundervisninga: Kor mange timar pr. uke? Kor mange timar i alt? Gjer greie for korleis
ein bør vekta dei ulike tiltaka i éin undervisningstime.
Kva for konsekvensar får eleven sine vanskar for annen undervisning?
5. Samarbeid
Korleis kan eit samarbeid mellom skole og heim fremja leseferdigheita til eleven?
Korleis kan ein ivareta samarbeidet med andre lærarar på skulen som underviser eleven?
6. Supplerande testingar
Forslag til supplerande testingar.
Bør annan fagekspertise trekkjast inn i diagnostiseringsarbeidet? I så tilfelle- kva for ekspertise?
Avsluttande merknader
Innsending av rapporten
Rapporten skal sendast til Logometrica AS pb. 29, 4349 Bryne, seinast fem månader etter avslutta kurs.
Saman med rapporten sender du utskrift av:
• elevprofil
• detaljert rapport
• indikatorskjema
• framsida til sertifiseringsrapporten (det finn du her).
Etter at rapporten er motteken av Logometrica AS, vil det ta inntil åtte veker før du får tilbakemelding om at
rapporten er vurdert. Dersom rapporten blir godkjent, vil du få tilsendt eit brev om godkjenninga, samt
sertifiseringsbevis. Dersom rapporten ikkje blir godkjent, må det sendast inn ein ny rapport innan to
månader etter at brevet er motteke.