Les heile artikkelen om effektiv tildekking av gjødsellager

Ringreven 3/2012
Landbruk Nordvest
Effektiv tildekking av gjødsellager
Tekst Monika Haanes Waagan, foto Plany
Børre Waagan, dagleg
leiar i Plany AS.
Børre Waagan, sivilagronom og dagleg leiar
i sunnmørsbedrifta Plany AS, har stor tru
på det nye systemet for tildekking av
gjødsellager. Plany Flytedekke for gjødsellager er no ferdig utvikla, og er testa
gjennom ein nedbørsrik sesong. – Flytedekket viser seg å fungere svært godt, seier
Waagan, og fortel at produktet kan spare
bøndene for både arbeid og utlegg.
så mykje som halvparten av lagerkapasiteten i
eit stort gjødsellager, og det vil tilføre mykje
meir vatn til gjødsla enn det som er nødvendig
for effektiv spreiing og gjødselutnytting.
– Gjødsellager fulle av nedbør er eit stort
problem for mange bønder, seier Børre Waagan
i Plany AS. – Vatnet tek opp viktig lagerplass
og fører til mykje unødig utkøyring – noko som
er belastande for både enga og økonomien.
Lagerkapasiteten for husdyrgjødsel er under
press på svært mange norske gardsbruk.
Årsakene kan vere fleire, mellom anna
omlegging eller utviding av drifta, større fjøsutnytting og generelt auka gjødselproduksjon.
Mange har difor valt å auke lager-kapasiteten
sin ved å bygge store utandørs gjødsellager.
Kostnadsmessig gunstig
I nedbørsrike område bør ein difor absolutt
vurdere å skjerme opne gjødselkummar mot
nedbør. – Det er fleire måtar å gjere dette på,
fortel Waagan. Eit godt alternativ er sjølvsagt å
bygge hus over kummen, men dette vil vere for
kostbart for dei fleste. Då er bruk av skreddarsydd presenning langt rimelegare. Plany AS har
prøvd ut fleire ulike presennings-løysingar i
samarbeid med landbruks-næringa, og det viser
seg at flytedekket kjem best ut. På kort sikt vil
det vere liten kostnadsmessig skilnad mellom
For mykje regnvatn i gjødsla
Dersom eit gjødsellager blir ståande heilt ope
for nedbør, vil det i løpet av eitt vestlandsår
fylle seg med rundt to meter vatn. Dette utgjer
Flytedekket ferdig montert.
22
Ringreven 3/2012
Landbruk Nordvest
Plany AS
Plany AS held til i
Sande kommune på
Sunnmøre. Bedrifta
har i dag seksten
tilsette, og har sidan
starten i 1964 levert
presenningsprodukt
til landbruket. For
meir informasjon om
Plany AS, sjå
www.plany.no
For tekniske
spesifikasjonar
sjå brosjyre på
heimesida.
telt og flytedekke, men i eit lengre perspektiv
vil flytedekket vere den mest lønsame
presenningsløysinga.
Lang levetid
Erfaringa til Plany AS er at presennings-telta
ofte vert for sårbare for vêr og vind. Det er
snakk om store areal, og ein teltduk vil vere
eksponert for enorme naturkrefter – særleg ved
store snøfall. Plany Flytedekke vil difor vere ei
løysing som passar utmerka i alle landsdelar. –
Vi har valt ut komponentar som toler både tøff
handtering og kjemisk påverknad frå husdyrgjødsla, seier Waagan. – Du treng heller ikkje
uroe deg for snømåking eller dårlege
vêrmeldingar, og du kan legge røring og
vasstøming til periodar med godt vêr.
Enkel teknologi
Plany Flytedekke er eit system som er basert på
enkle, solide og effektive løysingar.
Hovudkomponentane er ein heil
presenningsduk som er spent opp med wire og
festa til ein solid flytering av polyetylen.
Ferskvatnet vert samla opp i duken, og ved
hjelp av ei dykk-pumpe med nivåbrytar vert
duken tømt for reint vatn. Dykkpumpa er
montert på ein slede, slik at ho lett kan flyttast
Flytedekket vert løfta på plass med kranbil.
23
rundt på flytedekket.
Montering og røring
Alle komponentane i denne løysinga er
prefabrikkerte, og kjem med ei godt illustrert
monteringsrettleiing. Både flyteringen og
presenningsduken kan monterast på ein dag, og
flytedekket blir løfta på plass med kran. Plany
AS leverer også løftebukkar med handvinsj til
montering direkte på kumkanten. Slik kan du
løfte flytedekket frå overflata når du skal røre
gjødsla.
Gode erfaringar
Ein av dei som kan gå god for Plany Flytedekke
er gardbrukar Per Gunnar Hjørungdal frå
Hareid. Han har sjølv vore med på utprøvinga
av produktet, og har stilt sin eigen gjødselkum
til disposisjon, både for utviklarar og
interesserte kollegaer. Flytedekket har samla
opp enorme mengder nedbør, og hundrevis av
kubikkmeter vatn er allereie pumpa ut frå
duken.
– Flytedekket frå Plany har løyst problemet
med lagerkapasitet for gjødsla vår, slår
Hjørungdal fast.