Sluttrapport - Regionrådet for Hallingdal

Sluttrapport
Prosjekperiodar, avslutningsfase og eventuell vidareføring
Trafikktryggleik Hallingdal starta opprinneleg som eit treårig prosjekt 1. februar 2007.
Våren 2009 avtalte prosjekteigaren Regionrådet for Hallingdal og samarbeidspartnarane ei
toårig vidareføring fram til utgangen av 2011.
Dermed er det også statistikken for dei fem åra 2007 – 2011 målt mot statistikken for
perioden 2002 – 2006, som viser resultatet av prosjektet.
Våren 2012 fram til 31. mai vart brukt til å avvikle aktiviteten – med unntak for to tiltak:
gjennomføringa av Norgesmeisterskapen i hurtigfrigjering i september og ferdigstillinga av
eit filmprosjekt i oktober.
Regionrådet arbeider for å få til ei vidareføring i samarbeid med Buskerud fylkeskommune.
På desse adressene ligg både sluttrapporten og filmar om nokre av aktivitetane i prosjektet:
www.trafikktryggleik.no/sluttrapport
www.trafikktryggleik.no/viermed
www.facebook.com/Hallingdal2020
Hallingdal, 30.oktober 2012
Knut Erik Jetlund
prosjektleiar
Oktoberdag på riksveg 7
Vegetasjonen kler av seg i bleik haustsol. Snøen kryp
nedetter liene under Hallingskarvet. Fjellet skiftar let.
Ein familie er på tur heimatt til Vestlandet. Dei har
nettopp passert Haugastøl og har framleis berr vegbane,
men frosten kan liggje på lur i neste sving.
På toppen av Hardangervidda, om ikkje før, vil dei møte
snø og is. Vonleg er dei vinterskodde – og har tankane
med seg.
2
Sluttrapport
INNHALD
TRAFIKKTRYGGLEIK HALLINGDAL ........................................................................................ 4
Prosjekteigar og samarbeidspartnarar ............................................................................... 4
Varigheit ........................................................................................................................... 4
OVERORDNA ORGANISERING ................................................................................................. 4
Styringsgruppe .................................................................................................................. 4
Prosjektleiar ...................................................................................................................... 4
ØKONOMI ............................................................................................................................... 6
MÅLSETTING OG RESULTAT ................................................................................................... 6
ANALYSE 2002 - 2006 ............................................................................................................ 8
AKTIVITETEN ....................................................................................................................... 12
Organisering av aktiviteten .................................................................................................. 14
Arbeidsgrupper ............................................................................................................... 14
Faggruppe ....................................................................................................................... 14
Aktørar ............................................................................................................................ 16
TILTAK ................................................................................................................................. 22
Kommunale trafikktryggleiksplanar ............................................................................... 22
Kontrollverksemda ......................................................................................................... 22
Fysiske tiltak på veg ....................................................................................................... 25
Stambordtreff .................................................................................................................. 26
Trafikktreffet 2010.......................................................................................................... 26
Vilt og trafikk i Hallingdal.............................................................................................. 26
Barn og ungdom ............................................................................................................. 30
Samarbeid med Hallingdal Ungdomsråd og lokale bussjåførar...................................... 30
Norsk Luftambulanse...................................................................................................... 33
Filmprosjekt .................................................................................................................... 34
Norsk Motorcykkel Union (NMCU) .............................................................................. 36
Samarbeid med Hallingdølen.......................................................................................... 36
Felles nettavis ................................................................................................................. 36
Radio Hallingdal ............................................................................................................. 38
NRK ................................................................................................................................ 38
Magasinet Hytta vår ........................................................................................................ 38
Informasjonshefte ........................................................................................................... 38
Mange presentasjonar ..................................................................................................... 38
ANALYSE 2007 – 2011 ......................................................................................................... 39
SAMANLIKNING AV ANALYSANE ......................................................................................... 40
Slutningar........................................................................................................................ 41
SUKSESSKRITERIUM ............................................................................................................. 42
TILRÅDINGAR FRÅ STYRINGSGRUPPA .................................................................................. 43
SAMANDRAG ........................................................................................................................ 45
3
Sluttrapport
Trafikktryggleik Hallingdal
Trafikktryggleik Hallingdal har vore eit lokalt initiert og lokalt drive, breitt forankra
og handlingsretta prosjekt, identifisert til to konkrete vegstrekningar: riksveg 7 og
riksveg 52 i Hallingdal – til saman 22 mil. Bakgrunnen var dei høge ulykkestala gjennom mange år. Statistikken for perioden 1990 – 2004 viser eit årleg gjennomsnitt på
14 drepne og hardt skadde. I perioden 2002 – 2006 var gjennomsnittet 13.
Prosjekteigar og samarbeidspartnarar
Regionrådet for Hallingdal tok initiativet til prosjektet – har vore eigar og driftsansvarleg.
Det var altså kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol sjølve som sette i gang – og
inviterte med seg dei verksemdene som har vore representerte i styringsgruppa.
Varigheit
Ein såg i fyrste omgang for seg ein treårig prosjektperiode i 2007 – 2009. Våren 2009 avtalte Regionrådet for Hallingdal og samarbeidspartnarane ei toårig forlenging fram til 31.
desember 2011. Avslutningsfasen frå 1. januar til 31. mai 2012 har vore brukt til å avvikle
aktiviteten (to tiltak føregjekk fram til hausten 2012) og leggje grunnlag for ei eventuell
vidareføring.
Overordna organisering
Styringsgruppe
Representantane har også deltatt i det praktiske arbeidet.
Ved prosjektets avslutning
Gerd Eli Berge – leiar i styringsgruppa, repr. for Regionrådet for Hallingdal
Knut Arne Gurigard – dagl. leiar i Regionrådet for Hallingdal, repr. for Forsikringsutvalet
Hans Jan Håkonsen – avdelingsdirektør i Statens vegvesen Buskerud
Harald Ouff – områdeleiar for Trafikant og kjøretøy i Statens vegvesen
Anne Marit Jordheim – distriktsleiar i Trygg Trafikk
Anne Grethe Bakkegaard – distriktsleiar i Utrykkingspolitiet
Eivind Bomann – trafikkoordinator hos politimeisteren i Nordre Buskerud
Geir Vidme – lensmann i Flå
Magne Medgard – dagleg leiar i Gjensidige Hallingdal
Tidlegare representantar
Jan Halvard Brekko – leiar i styringsgruppa, repr. for Regionrådet for Hallingdal
Svein Olav Thorvik – distriktssjef i Statens vegvesen
Erik Furuseth – distriktssjef i Statens vegvesen
Einar Holthe Sand – distriktsleiar i Utrykkingspolitiet
Kjell Amundsen – trafikkoordinator hos politimeisteren i Nordre Buskerud
Prosjektleiar
Tilsett hos Regionrådet for Hallingdal
Knut Erik Jetlund
Adresse:
Gol trafikkstasjon, Husøyvegen, 3550 Gol
Telefon:
916 83 697
E-post:
[email protected]
4
Sluttrapport
Prosjektstrekninga: Det hadde vore mange alvorlege ulykker på riksveg 7 og riksveg 52
gjennom mange år i regionen Hallingdal. Prosjektstrekninga har vore definert til dei 22
milene frå grensa mellom Flå og Krødsherad til fylkesgrensene på Hardangervidda og
Hemsedalsfjellet.
Prosjektleiinga: Geir Vidme (t.v.), Gerd Eli Berge, Eivind Bomann, Knut Erik Jetlund,
Magne Medgard, Anne Grethe Bakkegard, Hans Jan Håkonsen, Anne Marit Jordheim,
Harald Ouff og Knut Arne Gurigard.
5
Sluttrapport
Økonomi
Totalt driftsbudsjett for heile prosjektperioden har vore ca. 3 mill. kroner. I tillegg kjem
kontorhald som Statens vegvesen har dekt.
Drifta har vore finansiert i fellesskap av Buskerud fylkeskommune, Regionrådet for
Hallingdal, Statens vegvesen og Forsikringsutvalet / Gjensidige Hallingdal. Forsikringsutvalet representerer ei felles innkjøpsordning for forsikring til hallingdalskommunane.
I tillegg har Trafikktryggleik Hallingdal fått bidrag på ca. 800.000 kroner til aktivitetar og
tiltak. Bidraga har kome frå Fylkets trafikksikkerhetsutvalg, Statens vegvesen, Gjensidige
Hallingdal, Samferdselsdepartementet, Sparebank 1 Hallingdal, Gjensidigestiftelsen,
Hallingdølen, Hallingdal Renovasjon og minnegåver.
Delprosjektet Vilt og trafikk i Hallingdal har fått omkring 3 millionar kroner til disposisjon
frå Jernbaneverket, Statens vegvesen, Buskerud fylkeskommune, Gjensidige Hallingdal og
Sparebank 1 Hallingdal.
Målsetting og resultat
Målsetting:
Halvere det årlege gjennomsnittet på 13 drepne og hardt skadde i høve til
statistikken 2002 – 2006 for riksveg 7 og riksveg 52 i Hallingdal. I tillegg
skulle sjølvsagt prosjektet stimulere tryggleiken på andre vegar i Hallingdal.
Resultat:
Årleg gjennomsnitt 2007 – 2011: 5,8 drepne og hardt skadde på riksveg 7
og riksveg 52.
Trafikktryggleik Hallingdal har fått ei stadig sterkare og reell rolle i samarbeidet med politiet, Statens vegvesen og Norsk Luftambulanse. Dette har
også spegla seg att i faggruppa i prosjektet.
Fylkets trafikksikkerhetsutvalg har mykje positivt å seie om prosjektet.
Me har i aukande grad opplevd at innbyggjarane tek kontakt om trafikale
tilhøve.
Prosjektet har vore omtalt og presentert i mange samanhengar på mange
nivå – frå lokale grupper til etatar, direktorat, Trygg Trafikk, nasjonale
konferansar, kommunestyre, fylkeskommunen, stortingsrepresentantar,
Justisdepartementet og Samferdselsdepartementet med statsrådane til
stades.
Dei to siste åra har Trafikktryggleik Hallingdal hatt meir preg av å vera ei
verksemd enn eit prosjekt. Dette ser ein i etablert aktivitet. Trafikktryggleik
Hallingdal har vore pådrivar for ei rekkje tiltak, for fellesaktivitet mellom
Statens vegvesen og politiet. Likeins vore rådgjevar for politidistriktet og
samarbeidspartnar for Norsk Luftambulanse, viltnemnder, Jernbaneverket og
andre. Prosjektet har blitt oppfatta til å ha autoritet og gjennomslagskraft.
Mange har tillagt det ei rolle som ombod for trafikktryggleik.
Elgpåkjørslar må òg nemnast. Dei siste to åra er desse redusert med 41 prosent
på veg og 73 prosent på jernbanen. På tiltaksstrekningar er reduksjonen nær
hundre prosent.
6
Sluttrapport
Positiv utvikling: Denne framstillinga viser trafikkutvikling og drepne og hardt skadde
i 5-årsperiodar, inkludert prosjektperioden 2007 - 2011.
Fortvila: Denne lange bakken på riksveg 52 nordover frå Gol
sentrum brukar mange som fartsstrekning til sto uro for vaksne
og barn som bur ved vegen. Dei har bedt inderleg om at noko må
gjerast. Nå er 50-sona forlenga. Det er dei glade for, men vil også
gjerne ha automatisk fartskontroll. Bak f.v.:Andrea Rustberggård,
Øyvind Rustberggård, Liv Mari Botten, Wenche D. M. Fløystad,
Elin Maurangsnes Johansen, Ingrid Larsen, Tim Larsen og
Michael Larsen. Fremst f.v.: Marita Maurangsnes Johansen og
Mia Rustberggård.
Felles kontroll: Dei
er også glade for at
det har blitt mange
fleire kontrollar
forbi bustadområdet
sitt. Her gjer politiet
og Statens vegvesen
felles sak.
7
Sluttrapport
Analyse 2002 - 2006
Våren 2007 leverte Vegdirektoratet ein djupneanalyse av samtlege alvorlege ulykker på
prosjektstrekningane i perioden 2002 – 2006. Dette skulle danne grunnlaget for aktiviteten
i prosjektet.
Samandrag av analysen
 Det har i perioden 2002 – 2006 i alt skjedd 43 vegtrafikkulykker på riksveg 7 og
52 i Hallingdal med drepne og hardt skadde, herav 32 ulykker på riksveg 7 og 11
ulykker på riksveg 52. Dei langt fleste ulykkene skjedde på vegstrekningar med
fartsgrense 80 km/t.
8

På riksveg 7 inntrefte over 40 prosent av ulykkene i sommarmånadane og under
1/5 av ulykkene om vinteren, medan nesten halvparten av ulykkene på riksveg 52
skjedde i vintermånadane.

Ulykkesbildet er dominert av utforkjøringsulykker og møteulykker. På riksveg 7
var omlag 40 prosent av ulykkene utforkjøringsulykker og omlag 40 prosent møte
ulykker. På riksveg 52 var over halvparten av ulykkene utforkjøringsulykker.

Personbilar var innblanda i rundt 80 prosent av ulykkene, herav 15 i dei 19
utforkjøringsulykkene, og i alle 15 møteulykker. Vogntog og lastebilar var
innblanda i 8 ulykker, herav 7 ulykker på riksveg 7.

Av dei 43 ulykkene var det 15 dødsulykker. I alt omkom 21 personar i desse
ulykkene, 18 av dei på riksveg 7. 14 personar omkom i møteulykker. Personbilar
var innblanda i 11 dødsulykker, mens vogntog var innblanda i 4 dødsulykker.

Vidare vart 42 personar hardt skadde i desse ulykkene, 33 av dei i ulykker på
riksveg 7. Møteulykker sto for nesten halvparten av talet på hardt skadde.

70 prosent av ulykkene inntrefte under gode vêrforhold med god sikt og opphald.
Rundt halvparten av ulykkene skjedde under gode føreforhold med tørr og bar veg.
Omlag 1/4 av ulykkene skjedde under vinterlege forhold med snø og is og glatt
føre elles.

I alt var 72 personer involvert i desse ulykkene som førarar eller fornærma part
elles. Av desse var det 3 fotgjengarar. Det er aldersgruppene mellom 20 og 50 år
som dominerer ulykkesbildet. Nesten 80 prosent av førarane var menn.

Omlag halvparten av dei involverte partane i ulykkene var på besøks- eller
fritidsreise, medan rundt 30 prosent var innblanda i ulykkene medan dei var i
arbeid, eller på veg til eller frå arbeid.

Vel 1/3 av dei involverte partane var busette i kommunane i Hallingdal. I rundt
halvparten av ulykkene var ingen partar busette i desse kommunane. Ei samanlikning av ulykkesbildet med omsyn til bustad viser bl.a. at 40 prosent av dei involverte partane som ikkje var busette i Hallingdal, var innblanda i sommarulykker,
medan ulykkene var meir jamt fordelt over året for dei involverte som var busette
i hallingdalskommunane. Vidare dominerer møteulykkene ulykkesbildet i større
grad for dei som ikkje var busette i hallingdalskommunane.
Sluttrapport

Mange politirapportar er ufullstendige når det gjeld opplysningar om bruk av
tryggleiksutstyr. Ein betydeleg del av dei involverte partane fell inn under
kategorien ”ukjend”.

Av 69 involverte førarar i ulykkene var 3 førarar ruspåverka.

Ut frå opplysningar i politirapportane var 5 av 69 involverte kjøretøy utstyrte med
dårlege eller slitne dekk. I forhold til årstid og føreforhold synest dei fleste kjøretøya å ha vore utstyrte med riktig type dekk.

I dei fleste ulykkene er det fleire forhold som kan ha medverka til at ulykka
skjedde, ikkje berre éin ulykkesårsak. Dei faktorane som oftast går att, er umerksemd (rundt halvparten av ulykkene), at føraren mista kontrollen (1/4 av ulykkene),
for høg fart etter forholda (rundt 1/5 av ulykkene) og glatt og vanskeleg føre (rundt
1/6 av ulykkene). I 3 ulykker var ein førar ruspåverka, medan forhold ved
kjøretøyet kan ha vore medverkande årsak til 4 ulykker.

Vegforholda på ulykkesstaden kan ha vore medverkande årsak til eit par ulykker. I
tillegg kan forhold ved sideterrenget (tre, bergnabbar, bratte skråningar) og dårlege
eller manglande rekkverk ha bidratt til at fleire ulykker fekk eit alvorleg forløp.

I perioden 2002 – 2006 inntrefte det 127 ulykker på riksvegane 7 og 52 med berre
lettare skadar. Over 1/3 av ulykkene var utforkjøringsulykker, rundt 1/4 var kryssulykker og under 1/5 var møteulykker.

I alt 194 personar vart skadde i desse ulykkene, rundt 30 prosent av dei i utforkjøringsulykker, 1/4 i kryssulykker og 1/4 i møteulykker. 70 prosent av dei skadde
var førarar eller passasjerar i personbil.

Rundt halvparten av desse ulykkene skjedde i vinterhalvåret (vinter og haust),
medan vel halvparten av skadane inntrefte i vinterhalvåret. Rundt halvparten av
ulykkene var weekend-ulykker (fredag, laurdag, sundag)
Stygg ulykke: I 2003 omkom fire menneske i ein kollisjon mellom to
personbilar og eit vogntog på riksveg 7 mellom Flå og Nes.
(Foto: Stein Torleif Bjella / Hallingdølen)
9
Sluttrapport
10
Sluttrapport
11
Sluttrapport
Aktiviteten
Hovudfokus
1. Informasjon
2. Kontroll
3. Vegstandard
Varig verknad
Tiltaka skulle vera proaktive (framoververkande) – og leggje grunnlag for varig verknad av
prosjektet.
Trafikktryggleiksarbeidet har generelt størst effekt når ein både belyser problemstilling og
identifiserer ynskt åtferd. Det fylgjande har vore ei rettesnor for arbeidet.
Trafikantane skal oppleva aktivitetane som:
 personlege (Skal kunne identifisere seg med bodskapen.)
 nyttige (Få kjensla av å kunne bruke bodskapen i det daglege, lære noko, forstå
samanhengar, tenkje gjennom eigne handlingar, få nytt perspektiv.)
 overraskande (Få opplevingar ein ikkje hadde venta seg.) Dette kan anten vera
gjennom utradisjonelle bodskap, bruk av utradisjonelle medium og arenaer eller
gjennom overraskande samarbeidspartnarar.)
Overordna rammeverk for arbeidet kan illustrerast slik:
Illustrasjon: Statens vegvesen
12
Sluttrapport
13
Sluttrapport
Organisering av aktiviteten
Arbeidsgrupper
Fire arbeidsgrupper/satsingsområde vart etablert på basis av djupneanalysen. Dei fungerte
formelt i 2007 og 2008. Deretter vart arbeidet vidareført av enkeltpersonar frå gruppene i
samarbeid med andre aktørar etter behov og moglegheiter.
Gruppe 1: Åtferd, fart, rus og bilbelte
Hans Erik Milliansen (leiar), Jon Noreng, Kjell Amundsen, Geir Vidme,
Einar Holthe Sand og Knut Erik Jetlund
Meir og betre samordna kontrollaktivitet i Statens vegvesen, lokalt politi og tidvis
Utrykkingspolitiet kan tilbakeførast til initiativ i denne arbeidsgruppa. Likeins at
enkelte kontrollar har hatt anna innhald – til dømes utdeling av «Trafikklykkeheften», samtale med trafikantane om aktuelle tema som elgfare, sikring av last og
kjettingbehov.
Gruppe 2: Vegstandard og trafikkfarlege punkt
Knut Erik Jetlund (leiar), Knut Erik Skogen, Marianne Seljestad,
Erik Kaupang og Olaug Grønseth Granli.
Arbeidsgruppa har vore initiativtakar og pådrivar til fleire fysiske tiltak innafor
både ordinær budsjettdekning og elles. Det er pårekneleg at dei fysiske tiltaka
som er gjort, er medverkande til den påviselege ulykkesreduksjonen i prosjektperioden for Trafikktryggleik Hallingdal.
Gruppe 3: Samarbeid med reiselivet
Knut Arne Gurigard (leiar), Gunn Eliassen, Tom Roll, Kari Grete Kleivstøl,
Odd Holde, Birgit Rustberggard og Hans Gulsvik.
Dr. Holms Hotell og Bardøla Høyfjellshotell har bidratt med tilrettelegging for
filmopptak, og turistvert Inger-Brit Vindegg har profilert prosjektet.
Gruppe 4: Barn og ungdom
Anne Marit Jordheim (leiar), Turi Gjestemoen og Knut Erik Jetlund
Aktiviteten har i hovudsak vore forankra i Trygg Trafikk og Statens vegvesen
sine målsettingar, tilbod og informasjonsverksemd. Deltakinga i Trafikktryggleik
Hallingdal har gitt Trygg Trafikk ei sterkare lokal forankring og Trafikktryggleik
Hallingdal ei sterkare forankring til ein stor nasjonal aktør.
Faggruppe
Knut Erik Jetlund
John Helge Klaussen
Bjørn Nyhus
Eivind Bomann
Kari Birgit Møllerplass
Knut Fonneløp Storhaug
Trafikktryggleik Hallingdal, prosjektleiar
Statens vegvesen, leiar for Hønefoss og Gol trafikkstasjonar
Statens vegvesen, byggeleiar
Nordre Buskerud politidistrikt, trafikkoordinator
Lensmannsetaten i Hallingdal, trafikkansvarleg
Norsk Luftambulanse, ass. regionsjef og prosjektleiar for
Livreddere i Hallingdal
Oppgåve:
 Vurdere og utvikle både eigne idear og innspel frå andre.
 Legge til rette for tiltak og aktivitetar og delta i gjennomføringane.
Faggruppa har sidan ho vart oppretta våren 2011, påverka til realisering av mange tiltak
vedrørande kontrollverksemd i politiet og Statens vegvesen – også ATK-strekninga i Nes,
vegtiltak, sanitetskurs for politiet, filmprosjektet m.m.
14
Sluttrapport
Peikefinger: I ei eventuell vidareføring av Trafikktryggleik Hallingdal må ein håpe at mange i
reiselivsnæringa vil gjera felles sak med Inger-Brit Vindegg.
15
Sluttrapport
Aktørar
Statens vegvesen i Buskerud
Innsatsen til denne etaten har vore heilt avgjerande for dei oppnådde resultata. Statens
vegvesen har auka verksemda si på fleire frontar sidan prosjektet starta.
Trafikktryggleik Hallingdal har hatt jamleg kontakt med Vegdirektoratet, noko som blant
anna har resultert i streknings-ATK i Nes.
Etaten har også bidratt med kontorhald og ustyr til prosjektleiaren.
Nordre Buskerud politidistrikt
Samarbeidet har vore hyppig og godt. Prosjektleiaren i Trafikktryggleik Hallingdal har
fungert som rådgjevar og deltek jamleg på møte. Trafikktryggleik Hallingdal har blitt lytta
til og har påverka til konkret aktivitet.
Utrykkingspolitiet
Innsatsen til denne etaten har vore heilt avgjerande for dei oppnådde resultata. Førre
distriktsleiar deltok også aktivt i etableringa av prosjektet.
Trygg Trafikk
Trygg Trafikks overordna strategi: Det haldningsskapande trafikktryggleiksarbeidet overfor barn og ungdom må føregå på mange arenaer: heime, i barnehage, i skole og på fritida.
Det er ein langsiktig prosess og må vera prega av kontinuitet og kvalitet. Gode trafikkvanar
og haldningar tileignast gjennom påverknad frå foreldre, lærarar, leiarar og jamaldringar.
Foreldre er svært viktige rollemodellar. Barnehagar og skolar må ta trafikktrafikktryggleik
inn i sine rutinar (HMS-arbeidet), i årsplanarbeidet og læreplanarbeidet. Det er barnehagetilsette og lærarar som må førestå opplæringa.
Organisasjonen ser for seg at Trafikktryggleik Hallingdal i ei eventuell vidareføring kan
bistå med kurs og vegleiing for å motivere til og sikre kvaliteten på opplæringa. Godt,
alderstilpassa materiell og tips til opplegg må vera lett tilgjengeleg. Trafikktryggleik
Hallingdal kan bidra med å overføre og samle gode idear og initiere opplegg.
Det er heilt avgjerande at trafikkopplæring med barn og ungdom har forpliktande mål og
tiltak i dei kommunale trafikktryggleiksplanane.
Kommunane
Det konkrete samarbeidet har i hovudsak vore relatert til kommunale trafikktryggleiksplanar.
Gjensidige Hallingdal
Forsikringsselskapet har vore hovudleverandør til hallingdalskommunane gjennom mange
år. Etableringa av Forsikringsutvalet er eit resultat av dette. Utvalet består av rådmennene,
dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal og ein representant frå Gjensidige Hallingdal.
Skade- og ulykkesførebyggjande arbeid blant både kommunetilsette og innbyggjarane elles
er eit viktig element i denne ordninga.
16
Sluttrapport
Godt samarbeid: Fellesaksjon takka vera Trafikktryggleik Hallingdal – mellom lokalt
politi, Utrykkingspolitiet, Statens vegvesen og med assistanse av Politihelikopteret. I avisoppslaget: Lensmann Geir Vidme i Flå (t.v.), Hans Erik Milliansen og Pål Bjerke – båe i
Statens vegvesen. På bildet: Henrik Vister, Linda Medalen med sin narkohund Roxxy og
distriktsleiar Anne Grethe Bakkegaard – alle i Utrykkingspolitiet.
Planarbeid: Her blir det kommunal trafikktryggsleiksplan i
Nes. Jonas Ludvigsen (t.v.),
Hildegunn Mikkelsplass, Else
Skogen Tandberg og Tor
Dalevold.
På sykkel: - Bruk hjelm, det er mange å velje
mellom, seier Anne Marit Jordheim, distriktsleiar i
Trygg Trafikk og Hildegunn Mikkelsplass, organisasjonens ambassadør på Nes ungdomsskole.
17
Sluttrapport
Fylkets trafikksikkerhetsutvalg i Buskerud (FTU)
FTU er ein viktig samarbeidspartnar – både fagleg og økonomisk.
FTU var på besøk i Hallingdal i 2008 og fekk presentert prosjektet. Med unntak for 2012
har Trafikktryggleik Hallingdal deltatt på dei årlege felleskonferansane til trafikksikkerhetsutvalga i Vestfold, Telemark og Buskerud. Trafikktryggleik Hallingdal vart presentert
på konferansen i Larvik 2010. Prosjektleiaren deltok også på FTUs seminar vedrørande
utarbeiding av fylkets trafikktryggleiksplan i 2010.
Fagdepartementa og samferdselskomiteen
Prosjektleiinga set stor pris på kontakten med Samferdselsdepartementet. Tre møte er
gjennomført i prosjektperioden, to av dei med statsråden til stades.
Representantar frå leiinga har også hatt møte med tidlegare justisminister Knut Storberget.
Han vart imponert over aktivitet og resultat, og meinte at prosjektet har overføringsverdi til
andre regionar.
Samferdselskomiteen fekk presentert prosjektet våren 2007.
Trafikktryggleik Hallingdal har fått mykje ros frå politisk hald, blant anna frå Stortingets
talarstol, og har vore omtalt i Nasjonal Transportplan.
Media
Hallingdølen, magasinet Hytta vår og Radio Hallingdal har vore gode samarbeidspartnarar
heilt frå starten. Likeins har NRK Buskerud vist stor interesse for å lage reportasjar og
nyheiter – i radio og fjernsyn.
Norges Lastebileier Forbund
Samarbeidet mellom Norges Lastebileier Forbund avd. Hallingdal, lokale bedrifter og
Trafikktryggleik Hallingdal resulterte i Trafikktreffet 2010 der forbundet var hovudarrangør.
Samarbeidet har også vore profilert i ein heilsides magasinannonse hos Hallingdølen.
NAF avd. Hallingdal
Deltok i arrangementsgruppa for Trafikktreffet 2010. Var dessutan med og la det
økonomiske grunnlaget for fyrste utgåva av «Trafikklykke-heftet».
Hallingdal Ungdomsråd
Rådet har vist samarbeidsvilje ved fleire høve. Dei har stått samla fram i ein heilsides
magasinannonse og deltatt i filminnspelingar om trafikktryggleik. Dei har til og med sjølve
– med noko bistand frå Trafikktryggleik Hallingdal – produsert ein eigen film om bruk av
belte i buss. Denne blir vist på skolar og i andre samanhengar; det er ingen tvil om at den
har ført til auka fokus på kor viktig tema dette er.
Lokale bussjåførar
Bussjåførane har tatt eit prisverdig initiativ overfor Trafikktryggleik Hallingdal i høve til
generell trafikkrisiko vedrørande manøvreringsrom, på- og avstigningstilhøve og bruk av
setebelte i buss. Busselskap og sjåfør har bistått ungdomsrådet i filmopptaka.
18
Sluttrapport
Støttespelar: Ole Jonny Lægreid har stått fram på vegner av både Norges Lastebileier Forbund
og sitt eige firma.
19
Sluttrapport
Norsk Luftambulanse
Prosjektet Livreddere i Hallingdal har
utløyst eit tett samarbeid mellom
Trafikktryggleik Hallingdal og Norsk
Luftambulanse.
Ambulansetenesta i Hallingdal
Ambulansearbeidarar frå Vestre Viken
helseføretak har ved mange høve stilt opp
som instruktørar, rådgjevarar og deltakarar
på annan måte.
Hallingdal brann og redning IKS
Samarbeidspartnar knytt opp mot felles
aktivitetar mellom Trafikktryggleik
Hallingdal og Norsk Luftambulanse.
Enkeltpersonar
Det er stadig fleire privatpersonar som tar kontakt med Trafikktryggleik Hallingdal om
trafikale tilhøve i nærområdet. Dette viser at prosjektet har veksande tillit i befolkninga.
Dei mange enkeltpersonane som har gjennomgått kurs i livreddande fyrstehjelp, er i høg
grad med og gjer det tryggare å ferdast i Hallingdal.
Viltnemndene
Desse er viktige deltakarar i delprosjektet Vilt og trafikk i Hallingdal – prega av
engasjement og dugnadsånd.
Jernbaneverket
Viktig deltakar i delprosjektet Vilt og trafikk i Hallingdal – økonomisk og fagleg.
Norsk Transportarbeiderforbund
Forbundet har deltatt med foredrag på stambordtreff for trailersjåførar og deltaking på
Trafikktreffet 2010.
Næringslivet
Næringslivet viser aukande interesse for Trafikktryggleik Hallingdal. Dialogen om aktuelle
tiltak har kome lengst med Hallingdal Renovasjon, som også har profilert samarbeid om
trafikktryggleik i ein magasinannonse. Det same har ein turistvert på Ustaoset. Det har vore
innleiande samtale med styreleiaren i HallingExpo. Fleire bedrifter i bilbransjen deltok i
gjennomføringa av Trafikktreffet 2010. Her deltok også Reisemål Gol.
20
Sluttrapport
21
Sluttrapport
Tiltak
Kommunale trafikktryggleiksplanar
Prosjektet har vore pådrivar til at samtlege hallingdalskommunar har fått slike planar. Gol
og Ål hadde utarbeidde planar før Trafikktryggleik Hallingdal kom i gang. Arbeidet starta
med to fellessamlingar for kommunane i regi av Trafikktryggleik Hallingdal – i samarbeid
med Ål og Gol, Statens vegvesen, Fylkets trafikksikkerhetsutvalg og Trygg Trafikk.
Kontrollverksemda
Politiet
Kontrollverksemda til politiet har vore avgjerande for nedgangen i talet på trafikkulykker. Utrykkingspolitiet har gjort ein stor innsats. Det lokale politiet har ligge
noko etter i høve til kva dei ga tilsegn om i starten. Heldigvis har dette betra seg –
ikkje minst takka vera pådrivinga frå nåverande trafikkoordinator hos politimisteren
og trafikkansvarleg politibetjent i lensmannsetaten. Båe har deltatt i faggruppa i
prosjektet.
Utrykkingspolitiet, lokalt politi og Statens vegvesen har gjennomført to samarbeidsaksjonar – der også politihelikopteret var med. Trafikktryggleik Hallingdal
tok initiativet saman med lensmannen i Flå, var pressekontakt og elles med i
tilrettelegginga.
Statens vegvesen
Kontrollverksemda og informasjonstiltaka i Statens vegvesen har vore avgjerande
for nedgangen i talet på trafikkulykker. Etaten har vore lydhør overfor Trafikktryggleik Hallingdal og oppfattar prosjektet som ein positiv pådrivar. Fleire gonger
har konkret felles innsats ført til resultat.
Kontroll av tunge kjøretøy har fått høgare prioritet. Likeins generell åtferdskontroll. Konkrete vegtiltak har kome i stand takka vera tett samarbeid mellom
etaten og prosjektet.
Felles innsats Statens vegvesen og politiet
Dei to etatane har i aukande grad samordna kontrollane sine. Dette har medført
fleire og meir effektive kontroller, og ikkje minst markerer det eit større kontrolltrykk. Dette veit me har vore viktig. Strekninga med gjennomsnittsmåling i Nes og
likeins skilta ”Spesielt politiovervåket veg” er også resultat av samarbeidet mellom
Vegdirektoratet, Statens vegvesen og politiet. Begge etatane deltar i Vilt og trafikk
i Hallingdal.
Streknings-ATK
Opninga av streknings-ATK på riksveg 7 mellom Bergheim og Nesbyen var ein
milepæl. Trafikktryggleik Hallingdal hadde arbeidd for dette sidan 2008 med hjelp
frå Statens vegvesen. Heldigvis gav også Samferdselsdepartementet denne satsinga
prioritet. Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa kom på eige initiativ og føretok
opninga i mai 2011. Det inngir tillit at ho så aktivt har vore med oss. Ho har også
trekt fram prosjektet som eit føredøme i fleire samanhengar – bl.a. i foredraga sine
på Trygg Trafikks landskonferansar i 2011 og 2012.
22
Sluttrapport
Åtvaring: Åtte slike skilt vart utforma og produsert i 2009 etter initiativ frå Trafikktryggleik
Hallingdal og rask effektuering frå Statens vegvesen. Skilta har vore i funksjon frå midten av juni
til midten av august kvart år i samråd med Statens
vegvesen, politidistriktet og lensmannsetaten som
sørgjer for meir kontroll.
Her er Erling Lio (øvst) og Roar Halbjørhus i
Mesta i gang med monteringa ved Halne på
Hardangervidda.
Trengst: Roy Riksvold og
Kari Birgit Møllerplass,
båe brenn for trafikkteneste og er glad for denne
reiskapen. (Faksimile frå
Hallingdølen)
Farten må ned: Dåverande samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa kom på
eige initiativ til Hallingdal for å opne
strekninga med gjennomsnittsmåling.
(Faksimile frå Hallingdølen)
23
Sluttrapport
Overvakar: Politihelikopteret
deltok på to aksjonsdagar i prosjektperioden.
Flå: Her med blikk på søre
rundkjøringa i Flå
sentrum.
Ser alt: Denne polititenestemannen
styrer kameraet under helikopteret og
ser både farten og registreringsnummeret.
Også sjåføren: Han ser også
kven som sit bak rattet – på
fleire kilometers avstand.
24
Sluttrapport
Fysiske tiltak på veg
Trafikktryggleik Hallingdal har vore pådrivar og initiativtakar til fleire vegtiltak
– til dømes:
 Redusert fart og opphøgde gangfelt i Herad
 Forlenga 50-sone på Hemsedalsvegen ut frå Gol sentrum
 Utvida busslomme og redusert fart ved asylmottaket i Ål
 Redusert anbefalt fart for tungbil gjennom Beiakleiva
 Markert behovet for høgare prioritering av vegdekke på rv 7 og rv 52
 Nye midtdelarar på riksveg 7 – på desse stadene: Kjerringvika, Velte,
Trøstheim del 1, Roasvingen og Åvestrud. I tillegg er det framleis aktuelt i
Trøstheim del 2 og Dokken. Midtfelt mellom Flå og Kjerringvika,
 Førebygging av viltpåkjørslar
 Betring av vegdekke etter innspel får trafikantar
Førebyggjer: Midtdelarar reddar liv.
Måtte til: Bekymra foreldre og ungar, initiativ frå Trafikktryggleik
Hallingdal og velvilje frå Statens vegvesen resulterte i 40 km/t og
opphøgde, belyste gangfelt ved Herad skule i Gol.
25
Sluttrapport
Stambordtreff
Fyrste halvår i 2008 arrangerte Trafikktryggleik Hallingdal månadlege stambordtreff på
Nor Kro på Bromma for trailersjåførar i samarbeid med politiet og Statens vegvesen. Dette
fungerte som ein uformell møtestad for generell diskusjon og presentasjon av aktuelle tema
– bl.a. ved stortingsrepresentant Trond Helleland og Geir Kvam, forbundssekretær i Norsk
Transportarbeiderforbund,
Trafikktreffet 2010
Arrangementet føregjekk i august 2010 med Norges Lastebileier Forbund avd. Hallingdal
som hovudarrangør i samarbeid med lokale bedrifter, Norsk Luftambulanse, Hallingdal
brann og redning IKS, Reisemål Gol, NAF avd. Hallingdal og Trafikktryggleik Hallingdal.
Tema: Tryggleik for alle trafikantar.
På programmet: fagseminar, utstillingar og redningsdemonstrasjon.
Vilt og trafikk i Hallingdal
Dette starta våren 2010, har vore organisert som eit delprosjekt underlagt Trafikktryggleik
Hallingdal og basert på eit breitt samarbeid – fagleg og økonomisk – med viltnemnder,
skogeigarar, politiet, Statens vegvesen, Jernbaneverket og Buskerud fylkeskommune.
Hittil er det sett opp til saman åtte kilometer med straumgjerde fordelt på fire strekningar i
Flå, Nes og Gol – to av dei er felles for veg og bane. Sist vinter vart det også etablert eit
passeringspunkt på riksveg 7 ved Åvestrud i Flå med infraraud detektering av vilt som nærmar seg vegbanen. Dette blir sett i samanheng med rydding, saltliner og fôring. Erfaringane
hittil har vore svært gode. Nye tiltak er under planlegging for komande vinter i Ål og Hol.
Vilt og trafikk i Hallingdal har gjennomført to tryggleikskurs for fallviltgrupper på
Torpomoen med instruktørar frå Livreddere i Hallingdal og Statens vegvesen. Deltakarar
også frå kommunar utanfor Hallingdal.
Jon Andreas Ask skal representere Vilt og trafikk i Hallingdal i ei nasjonal gruppe for
førebygging av viltpåkjørslar hos Vegdirektoratet.
Økonomien i delprosjektet er god, og det fortset nå på eiga hand. Midlar – til saman ca 3
millionar kroner – er stilt til disposisjon frå Sparebank 1 Hallingdal, Gjensidige Hallingdal,
Buskerud fylkeskommune, Jernbaneverket og Statens vegvesen. Aktiviteten har for ein stor
del vore gratis dugnadsinnsats. Stort engasjement hos deltakarane.
26
Sluttrapport
Nyttar: Statens vegvesen, Jernbaneverket og viltnemndene i Hallingdal gjer felles sak mot elgpåkjørslar. Her representert ved Bjørn Nyhus, Jon Anders Hefte og Jon Andreas Ask.
27
Sluttrapport
Nyttar: Straumgjerde langs veg og jernbane har gitt resultat.
Med «Hallingdalsmodellen» blir det ikkje kostbart heller.
Ole-Petter Haugen står heime i garasjen og monterer
isolatorar på lekter. Torbjørn Grøslandsbråten (fremst) og
Leander Gaptjern monterer gjerde. Gjerda blir også utstyrt
med refleks, som i dette tilfellet langs jernbanen sørover frå
Svenkerud. Gjerdet hindrar påkjørslar på både banen,
fylkesvegen og riksveg 7.
Og elgen bøyer unna!
Det siste bildet viser ein skråning ved riksveg 7 i Ål på ein
stad der elgen ofte kjem ned. Skråningen er rydda for kratt
og skog. Dermed får bilistane sjansen til å sjå dyret på god
avstand og unngå påkjørsel.
Dei siste to åra er påkjørslane redusert med 41 prosent på
veg og 73 prosent på jernbanen om ein ser Hallingdal under
eitt. På tiltaksstrekningar er reduksjonen nær hundre prosent.
28
Sluttrapport
Nyttar: Magne Akervold viser
fram «kanonane» som kastar
infraraudt lys og varslar når
elgen bryt strålen og går mot
vegen. Dermed blir dei vegfarande varsla.
Foreles. Einar Ottesen, ein av
dei mest erfarne i Statens
vegvesen på førebygging av
viltpåkjørslar. Her foreles han
for fallviltgrupper på eit tryggleikskurs på Torpomoen.
Trening. Tre av deltakarane på
kurset ute for å trene på trafikkdirigering. Kolbjørn Berg,
Flå viltnemnd; Kjetil Bø,
Statens vegvesen og Tommy
Haugen, Nes viltnemnd.
29
Sluttrapport
Barn og ungdom
Barn er gode bodskapsberarar. Dette blir synleggjort kvar haust når alle fyrsteklassingane
blir «reflekspoliti» og uniformerte med refleksvestar frå Gjensidige Hallingdal. Trafikktryggleik Hallingdal har delteke i utdelinga på nokre av skolane.
I 2010 etablerte Trygg Trafikk ei ambassadørordning for grunnskolen. 13 lærarar frå heile
landet vart plukka ut som ambassadørar – to av dei frå Hallingdal takke vera Trafikktryggleik Hallingdal. Desse skal både lage trafikktryggleiksplanar for eigne skolar og vera
ressurspersonar for andre etter behov. Dei fungerer dessutan som rådgjevarar for Trygg
Trafikk sentralt og Utdanningsdirektoratet.
Trygg Trafikk har gjennomført kurs, informasjonstiltak og andre aktivitetar for barn,
ungdom, lærarar, barnehagetilsette og helsepersonell. Dette har føregått i samarbeid med
innleigde kurshaldarar, lokale samarbeidspartnarar i Statens vegvesen, politiet, skolen,
Gjensidige Hallingdal, NAF, deltakarar frå Jentenes Trafikkaksjon og andre. Tema har vore:
sikring av barn i bil; trafikkopplæring; Barnas Trafikklubb; Jentenes Trafikkaksjon; Si ifrakampanjen og Russ, rus og trafikk.
Samarbeid med Hallingdal Ungdomsråd og lokale bussjåførar
På bakgrunn av to uavhengige initiativ frå Hallingdal Ungdomsråd og lokale bussjåførar
har det blitt gjort tiltak for å trygge busstransporten. Båe partar har oppretta arbeidsgrupper.
Dette har handla om to tilhøve:
1. Auka bruk av setebelte i buss
Arbeidsgruppa frå ungdomsrådet har laga ein kampanjefilm saman med prosjektleiaren i Trafikktryggleik Hallingdal filmproducer og regissør Gøran Mattson,
busselskap og sjåførar. I tillegg har Gjensidige Hallingdal innført busstryggleik
som tema på den årlege tryggleiksdagen for åttandeklassingane på Torpomoen etter
oppmoding frå Trafikktryggleik Hallingdal. Det har i fyrste omgang vore gjennomført som prøveordning hausten 2012 med assistanse frå Statens vegvesen,
Hallingdal Billag og sjåfør.
2. Betre tilhøve på og ved haldeplassar
Ei synfaring vart gjennomført i Hol og Ål i 2011 med deltakarar frå bussjåførane,
kommunane, Statens vegvesen og Trafikktryggleik Hallingdal. Det er allereie gjort
tiltak på bakgrunn av befaringa. Seinare er det gjennomført synfaring i Hemsedal.
Gol, Nes og Flå bør oppmodast om å gjera det same.
30
Sluttrapport
G
o
d
e
b
o
dskapsberarar: Refleks er blant fanesakene til både Trygg Trafikk og Gjensidige
Hallingdal. Barna tar oppdraget på alvor, og reknar med at dei vaksne er like seriøse.
31
Sluttrapport
Bussjåførar som er oppekne av både
kjøretilhøve og beltebruk. Fremst: Morten
Risvang. Andre rekkje f.v.: Olbjørn Thoen,
Randi Lien, Geir Ellseth. Tredje rekke f.v.:
Kåre Bjørn Rotneim, Harald Fjørtoft, Svein
Granberg. Bak f.v.: Kjell Ragnar
Bergaplass, Terje Asgrimplass, Odd Harald
Åmellem, Egil Kåre Mørk, Gunnleiv
Helling og Bjørn Tangen.
Turi Gjestemoen er ivrig forkjempar for at
elevar skal bruke bussbelte. Her kursar ho
elevar på Gol skule.
Befaring som førte til redusert fartsgrense og
større busslomme. F.v.: Camilla Henriksen,
Hallingdølen; Bjørn Nyhus, Statens vegvesen;
Sven Dymek, Hol kommune; Stein Egil Sæter,
Statens vegvesen; Nils Amund Thorsrud,
Statens vegvesen; bussjåfør Geir Ellseth,
Reidun Aaker, Ål kommune og bussjåfør
Morten Risvang.
Arrangert ulykke med skoleelevar som
markørar i samanheng med øving i tverrfagleg akuttmedisinsk samarbeid på
Torpomoen i regi av Norsk Luftambulanse
og Hallingdal brann og redning IKS.
Hallingdal Ungdomsråd lagar
film om bruk av belte i buss.
(Faksimile frå Hallingdølen.)
32
Sluttrapport
Norsk Luftambulanse
Norsk Luftambulanse (NLA) samarbeider med Trafikktryggleik Hallingdal i både
prosjektet ”Livreddere i Hallingdal” og andre samanhengar:
 Trafikktryggleik Hallingdal har vore medarrangør av to TAS-kurs for redningsetatane (Tverrfagleg akuttmedisinsk samarbeid).
 I juni 2012 arrangerte me i fellesskap eit spesialtilpassa sanitetskurs for politiet –
relatert til både trafikkulykker og skarpe oppdrag. Dette kom i stand etter initiativ
frå Nordre Buskerud politidistrikt og Trafikktryggleik Hallingdal. Det føregjekk på
NLAs nasjonale opplæringssenter på Torpomoen. Kurset er karakterisert som svært
vellykka, og blir nok gjennomført fleire gonger i Hallingdal. I ettertid har det også
vore gjennomført for andre politidistrikt.
 Historias fyrste Norgesmeisterskap i hurtigfrigjering ved trafikkulykker 4. og 5.
september 2012. Arrangørar: NLA, Hallingdal brann og redning IKS og Trafikktryggleik Hallingdal. Finansiert av NLAs medlemmar og Fylkets trafikksikkerhetsutvalg i Buskerud. Elleve utvalte lag frå heile landet konkurrerte.
 Produksjon av filmar med utgangspunkt i dei to prosjekta.
Utfylt kvarandre: Samarbeidet med Norsk Luftambulanse har
vore til gjensidig nytte. Innfelt: ass. regionsjef i NLA og prosjektleiar Knut Fonneløp Storhaug.
Politiet på kurs: Utvida sanitetskurs for politiet i regi av Norsk
Luftambulanse og Trafikktryggleik Hallingdal – assistert av bl.a.
ambulansearbeidarane Morten Woll (t.v.) og Jørn Fossnes.
33
Sluttrapport
Filmproduksjon
2008 – 2009
Producer og regissør Frode Reinholt Jensen, Video Vital i samarbeid med Gøran Mattson
 Fire filmspottar
Tema: fart, overvaking med politihelikopter, mobiltelefonbruk, stopp og sov.
Spottar har vore vist gratis på TV2 og TV Norge på reklamefrie dagar. Me ser fram
til avtalar om visning på hotellrom og i andre samanhengar. Sommaren 2011 vart
dei kontinuerleg vist i Bjørneparken. Det er også laga ein noko lengre ”Stopp og
sov”-versjon. Desse produksjonane har vore finansiert med midlar frå Gåvefondet
til Sparebank 1 Hallingdal og Fylkets trafikksikkerhetsutvalg.
2012
Producer og regissør: Gøran Mattsom, TVC
 Film med utgangspunkt i Trafikktryggleik Hallingdal og Livreddere i Hallingdal.
Aktørar er lokale ungdommar, ambulansearbeidar, brannkonstabel og
polititenestekvinner. Produksjonen er eit samarbeid mellom Trafikktryggleik
Hallingdal og Norsk Luftambulanse etter initiativ frå fyrstnemnde. Finansiert med
midlar frå Gjensidigestiftelsen, Norsk Luftambulanse og Fylkets
trafikksikkerhetsutvalg.
 Film om bilbeltebruk.
 Kortfilm om beltebruk i buss – med fokus på skolekjøringa. Idé og regi saman med
ei arbeidsgruppe frå Hallingdal Ungdomsråd, som også har hovudansvar for
produksjonen. Skal distribuerast til skolane o.a. Finansiert med midlar frå
Gjensidigestiftelsen.
 «Bakomfilm» om korleis arbeidsgruppa i ungdomsrådet gjennomførte opptaka til
bussbeltefilmen. Finansiert med midlar frå Gjensidigestiftelsen.
 Film om redning etter ei bussulykke med skoleelevar som markørar. Finansiert
med midlar frå Gjensidigestiftelsen.
 Film om Norgesmeisterskapen i hurtigfrigjering ved bilulykke. Finansiert med
midlar frå Gjensidigestiftelsen.
 Prosjektleiaren har hatt to møte med trafikkforskarar hos Sintef i Trondheim om eit
eventuelt filmsamarbeid. Dette utrykkjer dei stor interesse for, men me har ennå
ikkje lykkast med finansieringa.
Filmane ligg på:
www.trafikktryggleik.no/viermed
www.facebook.com/Hallingdal2020
Dokumentar: I filmprosjektet inngår bl.a. redning ved bussulykke og NM i hurtigfrigjering.
34
Sluttrapport
Får blod: Tommy
Haugen blir sminka
med «blod» av ambulansearbeidar Renée
Riksvold.
Team: Jostein Venås
var med som fotograf.
Her får han råd frå
Gøran Mattson.
Opptakspause: Håvar
Sørbøen (t.v.), Vilde
Storebråten og Tommy
Haugen.
35
Sluttrapport
Norsk Motorcykkel Union (NMCU)
I mai 2009 deltok NMCU på møte Hallingdal med Trafikktryggleik Hallingdal, Statens
vegvesen og representantar frå trafikkrelaterte bransjar. Intensjonen var at prosjektet skulle
setja i gang trafikkfelleregistreringar i samarbeid med desse. Planane vart lagt på is den
gongen, men bør takast opp att ved ei eventuell vidareføring av Trafikktryggleik
Halllingdal. Dette er eit verdifull tiltak også med tanke på generell styrking av lokalt
engasjement. NMCU vart profilert i den andre utgåva av informasjonsheftet til prosjektet.
Samarbeid med Hallingdølen
Redaksjonelt i papiravisa
 Trafikktryggleik Hallingdal har disponert ei fast spalte (ca) kvar 14. dag.
 Moglegheit for å lage reportasjar etter behov.
 Innspel til reportasjar og nyheiter.
Annonsar i magasina
 Har hatt ein serie med heilsides annonsar i hovudsak med ekstern finansiering og
delvis gratis frå avisa. God marknadsføring av prosjektet.
 Gratis brekkannonsar.
Nedgang: Talet på
hardt skadde og
drepne er meir enn
halvert. (Faksimile
frå Hallingdølen i
mars 2010.)
Felles nettavis
Denne var i drift våren 2012 med adressa www.trafikktryggleik.no –
som underliggande side på hallingdolen.no.
 Dette var eit samarbeid med Norsk Luftambulanse, Statens
vegvesen og politiet. Desse tre finansierte nettavisa saman
med midlar frå delprosjektet Vilt og trafikk i Hallingdal.
 I fyrste omgang vart det gjort avtale fram til september 2012.
Grunnlaget for avtalen fall bort fordi eventuell vidareføring
ikkje vart avklara innan 31. mai.
 Knut Erik Jetlund har hatt redaksjonsansvaret.
 Eivind Bomann, politiet; Steinar Lund, Statens vegvesen og
Knut Fonneløp Storhaug i Norsk Luftambulanse har også
bidratt med nyheiter og reportasjar.
36
Sluttrapport
Nettavis: Bodskapen i denne annonsen var intensjonen bak satsinga om ei felles nettavis for
Trafikktryggleik Hallingdal, Norsk Luftambulanse, Statens vegvesen og politiet. Nettavisa var
i drift fram til 31. mai 2012.
37
Sluttrapport
Radio Hallingdal
Alltid tilgjengeleg.
NRK
Etter behov og moglegheiter. Mediebedrifta har fylgt prosjektet frå starten med reportasjar
i både radio og fjernsyn.
Magasinet Hytta vår
Har stått på for prosjektet sidan starten. Gratis redaksjonell heilside i kvart nummer.
Hans Erik Milliansen var overingeniør gjennom 30 år hos Statens vegvesen. Han har etterforska uhyggeleg mange trafikkulykker og blir
karakterisert som ein svært dyktig fagmann
med pedagogisk innsikt.
- Ein ulykkeshistorikk kan faktisk starte mange
timar før ulykka skjer. Årsaka kan til dømes
vera dårleg nattesøvn eller ein krangel heime,
seier han.
(Faksimile frå Hytta vår)
Informasjonshefte
Me har produsert to infohefte av typen ”mikroguide” som
har vore distribuert av bl.a. politiet og Statens vegvesen i
samband med kontrollar. Fylkets trafikksikkerhetsutvalg
var avgjerande for finansieringa av hefta. Det fyrste – i
samarbeid med NAF avd. Hallingdal – vart distribuert av
Hallingdølen til alle husstandar i Hallingdal hausten 2008
saman med refleksar frå Trafikktryggleik Hallingdal og
Gjensidige Hallingdal. Mykje gratis annonsering hos
Hallingdølen.
Mange presentasjonar
Trafikktryggleik Hallingdal har vore presentert i lokale, regionale og nasjonale samanhengar –
også for Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, Samferdselsdepartementet og
Justisdepartementet.
38
Sluttrapport
Analyse 2007 – 2011
Statens vegvesen Buskerud har laga ein djupneanalyse av samtlege alvorlege ulykker på
prosjektstrekninga i prosjektperioden 2007 – 2011.
Samandrag av analysen
 Det har i perioden 2007 – 2011 i alt skjedd 26 vegtrafikkulykker på riksveg 7 og
riksveg 52 i Hallingdal med drepne og hardt skadde, herav 23 ulykker på riksveg 7
og 3 ulykker på riksveg 52. Dei fleste ulykkene skjedde på vegstrekning med
fartsgrense 80 km/t.

Samanlikna med perioden 2002 – 2006, har det vore ein nedgang på 17 ulykker.

Dei fleste ulykkene inntrefte i vintermånadane, etterfylgt av sommarmånadane. Og
helgene er da det har skjedd flest ulykker.

Ulykkesbildet er dominert av møteulykker og utforkjøringsulykker. Møteulykker
på rett vegstrekning har skjedd i 8 av 14 slike ulykker.

Personbilar var involvert i alle møteulykkene, og i 8 av 11 utforkjøringsulykker.
Vogntog var involvert i 2 møteulykker. 2 motorsyklar var involvert i møteulykker.
1 fotgjengar vart påkjørt. 1 vogntog, 1 minibuss og 1 motorsykkel var involvert i
utforkjøringsulykker.

Av dei 26 ulykkene var det 8 som omkom. 7 omkom på riksveg 7 og 1 på riksveg 52.
1 fotgjengar omkom. 1 førar omkom i møteulykke med involvert vogntog.

Vidare vart 21 hardt skadde. 19 på rv 7 og 2 på rv 52.

Ca. 65 prosent av ulykkene inntrefte under gode vêrforhold, med god sikt og
opphaldsvêr. 12 av 26 ulykker skjedde under gode føreforhold med tørr, bar veg.
6 ulykker skjedde på snø- eller islagt veg.

I alt var 70 personar involvert i ulykkene som førar eller fornærma part elles.
Samanlikna med førre periode skil dette med berre 2 personar. Av desse var det
42 bilførarar (4 drepne, 13 hardt skadde), 24 passasjerar (2 drepne, 6 hardt skadde),
3 mc-førarar (1 drepen, 2 hardt skadde) og 1 fotgjengar (drepen).

Over halvparten av dei involverte var menn, kor litt over halvparten var mellom 20
og 50 år.

I rapporteringa er reiseføremål registrert på kjøretøy. I 20 av dei 46 involverte
kjøretøya (inkludert 1 fotgjengar) var reiseformålet besøk og fritidsreiser.

12 av dei 46 involverte kjøretøya var frå Hallingdals-kommunane. 22 var frå andre
stader i Norge og 9 var utanlandsregistrerte bilar. Av dei som ikkje var busette i
Hallingdal, var dei fleste involvert i ulykker i vintermånadane, på fredagar mellom
kl. 0700 til kl. 2000. Dei frå Hallingdal var oftast involvert i ulykker haust og
vinter på fredagar mellom kl. 0700 og kl. 1600.

Når det gjeld bruk av sikkerheitsutstyr, er dette i ein del tilfelle ikkje oppgitt i
politirapporten. Men i dei aller fleste tilfella har alle involverte hatt ei form for
sikkerheitsutstyr. Berre 3 er registrert utan, og det er ein fotgjengar og ein med
gyldig fritak.
39
Sluttrapport

Av dei 45 involverte førarane var 1 registrert som ruspåverka.

Av dei 45 involverte kjøretøya, var det 3 som hadde slitt, dårleg eller feilmontert
dekk. I forhold til årstid og føreforhold synest dei fleste kjøretøya å ha vore utstyrte
med riktig type dekk.

I perioden 2007 – 2011 inntrefte 85 ulykker med lettare personskadar. Her var det
35 utforkjøringsulykker og 27 møteulykker. 69 prosent av dei skadde var førarar
eller passasjerar i personbil.

52 av ulykkene skjedde i vinter- og sommarmånadane kor weekend-ulykker
dominerer ulykkesbildet.
Samanlikning av analysane
Statens vegvesen Buskerud har laga ei samanlikning mellom analysane av dei alvorlege
ulykkene i dei to periodane.
Periode 1: 2002 – 2006
Periode 2: 2007 – 2011
Samandrag
 Det har frå Periode 1 til Periode 2 vore ein reduksjon på 19 ulykker med drepne
og hardt skadde. Det tilsvarar ein nedgang på 43 prosent.
 Talet på drepne er redusert frå 21 til 8 personar. Det vil seie 62 prosent nedgang.
 Talet på hardt skadde er redusert frå 44 til 21 personer. Det vil seie 53 prosent
nedgang.
 Vogntog er involvert i ein mindre del av dødsulykkene i Periode 2 enn i Periode 1.
 Det er generell nedgang i alle kommunane unntatt Gol som har hatt stigning. Mest
markant nedgang i Hemsedal – frå 9 til 1 ulykke. I Gol har det skjedd to ulykker
ved Engene i Periode 2. Ingen andre strekningar skil seg særleg ut.
 Når det gjeld årstider: I Periode 1 dominerer sommarulykkene. I Periode 2 er
desse redusert med 57 prosent, frå 16 til 7 ulykker. I Periode 2 har det skjedd flest
vinterulykker, 9 ulykker. Dette er berre ei mindre enn i Periode 1. Haustulykkene
er halvert frå Periode 1 til Periode 2, og vårulykkene er redusert med 2.
 Weekend-ulykker førekjem oftast i begge periodane – i tidsrommet 07.00 – 16.00.
 Når det gjeld involverte partar som førar eller part elles, var det i Periode 1
involvert 72 personer (+ 2 som ikkje er ført i analysen), og i Periode 2 var det
46 personar. I begge periodane var det menn som dominerte statistikken.
 Når det gjeld reiseformål, har det i begge periodane skjedd flest ulykker ved
besøks- og fritidsreiser. I Periode 2 er det i mange av rapportane ikkje gjort kjent
kva formålet var, slik at det gir litt utydeleg bilde.
 Når det gjeld bustad, har det vore ein nokså lik nedgang for busette både i og
utanfor Hallingdals-kommunane. I begge periodane var busette utanfor Hallingdal
oftare involvert i ulykker med drepne og hardt skadde.
 Weekend-ulykker dominerer i begge periodane. I Periode 2 har det vore ein
oppgang i ulykker på fredagar. Av 22 involverte i ulykker på fredagar var 16 frå
andre stader enn Hallingdal.
 Når det gjeld type ulykker: Talet på involverte frå Hallingdal i utforkjøringsulykker er halvert – frå 8 til 4. Møteulykker med involverte frå Hallingdal har gått
ned frå 10 til 7.
40
Sluttrapport




Når det gjeld bruk av sikkerheitsutstyr, er politiets rapportar om vegtrafikkuhell
noko ufullstendige. Men ut frå det som er registrert, er det nokså lik rapportering
av bruk. I Periode 1 brukte 65 prosent av førarane sikkerheitsutstyr, i Periode 2
brukte 63 prosent sikkerheitsutstyr. Det er då berre registrert 1 person som ikkje
har brukt, mens 1 hadde gyldig fritak for bilbelte. Det er grunn til å anta at ein del
av dei som er registrerte under ukjent, brukte sikkerheitsutstyr.
Når det gjeld kjøring i ruspåverka tilstand, var 4 ruspåverka i Periode 1, og 1 var
ruspåverka i Periode 2.
Når det gjeld dekkutrustning, var mesteparten riktig utstyrt. I Periode 1 var
5
var utstyrte med slitt eller feil dekkutrustning. I Periode 2 var dette redusert til 3.
Når det gjeld ulykker med lettare skadde: I Periode 1 skjedde 127 ulykker kor
194 personer vart lettare skadd. I Periode 2 skjedde 85 ulykker kor 158 vart lettare
skadd.
Slutningar







Ser ein samanlikninga som ein heilskap, har det vore ein betydeleg nedgang i
ulykker med drepne og hardt skadde.
Nedgangen er størst frå 2006 til 2007/2008.
Det er større reduksjon av sommarulykker enn vinterulykker. Årsakene til dette er
nok samansette.
Talet på alvorlege ulykker totalt er redusert med 43 prosent frå perioden 2002 –
2006 til perioden 2007 – 2012.
Talet på drepne er redusert med 62 prosent og hardt skadde med 53 prosent.
Altså har konsekvensane av ulykkene hatt ein større nedgang enn talet på ulykker.
Ut frå det kan ein anta at blant anna fartsnivået er redusert. Det er en kjent sak at
ein fart på under 80 km/t gir auka sannsynlegheit for å overleva ein kollisjon.
Fysiske tiltak på vegen kan også vera ein årsak. Ein ser betydeleg nedgang i
Hemsedal, kor det også er gjort utbetringar dei siste åra. Talet på ruspåverka
personar er redusert frå 3 til 1. Dette kan sjåast i samanheng med
haldningsskapande arbeid.
Det haldningsskapande arbeidet ser ut til å ha best verknad i lokalbefolkninga. Ein
ser framleis at dei som kjem utafrå, ligg høgare på ulykkesstatistikken. Dette er
mest tydeleg på fredagar i tidsrommet 07.00 – 16.00.
41
Sluttrapport
Suksesskriterium
Ei konkret målsetting for to konkrete vegstrekningar i eit lokalt forankra og lokalt drive
trafikktryggleiksprosjekt i reelt samarbeid med statlege etatar, Trygg Trafikk og solide
lokale aktørar. Dette ga eit klart definert oppdrag og gode føresetnadar for å kunne lykkast i
praksis med eit ambisiøst prosjekt.
At styringsgruppa har vore bemanna av representantar med myndigheit til å ta overordna
avgjersler innafor sine fagområde har vore heilt avgjerande.
Prosjektleiarens kontorstad på Gol trafikkstasjon har gitt nødvendig tilknyting til fagmiljøet
i Statens vegvesen.
Heilskap og mangfald
Suksessen i Trafikktryggleik Hallingdal kan tilskrivast heilskapen i prosjektet – og mange
aktivitetar og tiltak utført i samvirke mellom engasjerte enkeltpersonar. Det har også vore
fruktbart å sjå på vante gjeremål med nye auge, tilføre nytt innhald og nye koplingar
mellom ulike aktørar og ulike aktivitetar.
Det er etablert fleire delprosjekt, samarbeidsforum og -arenaer der lokale og nasjonale
aktørar, fylkeskommunale, regionale og statlege etatar har gått saman om oppgåvene.
Gode eksempel
Politiet og Statens vegvesen som har delt ut «Trafikklykke-heftet» i samanheng med
kontrollar, viser samvirke i praksis.
Likeins at politiet, vegvesenet, Norsk Luftambulanse, delprosjektet Vilt og trafikk i
Hallingdal og Trafikktryggleik Hallingdal har finansiert og drive ei felles nettavis – under
mottoet «Me skal hindre at ulykker skjer og redde liv og helse om dei skjer». Dette har
vore realisert hos Hallingdølen, som også har stilt gratis spalteplass til disposisjon for
prosjektet til liks med bladet Hytta vår. Mikrofonen hos Radio Hallingdal har alltid vore
tilgjengeleg, og det har vore laga mange innslag på NRK.
Jernbaneverket, Statens vegvesen, Buskerud fylkeskommune, Gjensidige Hallingdal,
Sparebank 1 Hallingdal, viltnemnder og Trafikktryggleik Hallingdal har gått saman om
førebygging av viltpåkjørslar og tryggleik for fallviltgruppene. Denne viljen og evna til
samarbeid har utløyst betydelege økonomiske og menneskelege ressursar.
Saman har desse realiserert omfattande filmprosjekt: Hallingdal Ungdomsråd, andre ungdommar, Hallingdal Billag og lokale bussjåførar, Hallingdal brann og redning IKS,
Torpomoen rednings- og øvingspark, politiet, Norsk Luftambulanse, Gjensidigestiftelsen,
Fylkets trafikksikkerhetsutvalg, Sparebank 1 Hallingdal, Vilt og trafikk i Hallingdal og
Trafikktryggleik Hallingdal.
Mange fleire eksempel kunne vore nemnt i dette samandraget.
Kommunale trafikktryggleiksplanar
Prosjektet har også vore pådrivar til at samtlege kommunar har fått trafikktryggleiksplanar
– utarbeidd med økonomiske tilskot frå Fylkets trafikksikkerhetsutvalg. I fellessamlingar i
starten og undervegs i prosessen vart prosjektgruppene tilført kunnskap, verktøy og
fødselshjelp til planarbeidet. Dei fekk sitja saman med fagfolk med trafikktryggleik som
profesjon. Dette skapte alliansar, samarbeidsklima og gode relasjonar.
42
Sluttrapport
Tilrådingar frå styringsgruppa
Trafikktryggleik Hallingdal har vore eit vellykka prosjekt, der det kan sjå ut som om nokre
føresetnadar har vore med og gitt prosjektet både forankring og svært positive resultat –
som til dømes:
 Lokalt initiert prosjekt som har skapt engasjement.
 God lokal forankring.
 Ubyråkratisk, handlekraftig styringsgruppe.
 ”Alle” aktørane har vore aktivt med (Statens vegvesen, Trygg Trafikk,
Utrykkingspolitiet, lokalt politi, forsikring, regionen/kommunane.) Ingen
”profesjonskamp”.
 Klart definert prosjekt: riksveg 7 og riksveg 52 innafor regionen Hallingdal.
 Grundig analyse av ulykker i framkant med målretta aktivitetar.
 Auka kontrollverksemd og haldningsskapande arbeid.
 Har påverka til fleire konkrete fysiske tiltak på veg.
 Svært godt samarbeid med lokale media.
 Prosjektleiar i full stilling som har arbeidd systematisk og målretta.
Meir å hente
Det er framleis urealiserte potensial i Trafikktryggleik Hallingdal. Blant anna bør reiselivsnæringa koma reelt med. Også anna næringsliv må få ei tydelegare rolle. Alle verksemder – offentlege og private – kan ha mykje å tilføre gjennom intern fokus på trafikktryggleik og som bodskapsberar til gjester, kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar.
Ivareta og vidareutvikle
Prosjektet har opparbeidd seg tillit, vørdnad og autoritet – og dermed gjennomslagskraft.
Det har blitt teke på alvor, har blitt eit talerøyr og har fått ei pådrivarrolle.
Lokal forankring vil vera like avgjerande i ei eventuell vidareføring som fast verksemd.
Regionrådet for Hallingdal må ha eit delansvar i dialog med fylket. Men også prosjektpartnarane må bli med vidare og delta i fellesansvar og samhandling.
Heilskapen og mangfaldet av eksisterande tiltak bør ivaretakast. Og nytt må dyrkast fram.
Med mange aktivitetar vil mange engasjere seg. Då kan bodskapa varierast og bli meir
presise overfor ulike målgrupper.
I denne samanhengen vil faggruppa få ein enda meir sentral funksjon. Dette gir også
moglegheiter for at fleire kan effektuere tiltak – slik at mindre fell på den daglege leiaren.
Det haldningsskapande arbeidet må fortsetja med full styrke overfor «alle» - fastbuande,
tilreisande og gjennomreisande.
Særleg viktig er det å forsterke overvakinga på fredagar.
I 2012 har det vore tendens til meir risikofylt ungdomskjøring; dette må takast kraftig på
alvor.
Det er også eit generelt inntrykk at utanlandske vogntog og bussar kjører hardt. Likeins at
slike vogntog er i dårlegare teknisk stand enn norske. Meir kontroll kan vonleg rå bot med
problemet.
43
Sluttrapport
Styringsgruppa meiner også at det bør bli meir punkt- og streknings-ATK, og sterkare
pådriving for fysiske tiltak (vegstandard, midtdelarar, gang- og sykkelvegar m.m.). Dette er i
samsvar med TØI-rapporten som viser at vegkvaliteten er den mest avgjerande faktoren for
nedgang i trafikkulykker.
Dersom fylkeskommunen kjem aktivt med i Trafikktryggleik Hallingdal, må sjølvsagt
fylkesvegane takast tydeleg inn i målsettingane.
Nettavisa må halde fram – med nyheiter, dagsaktuelle reportasjar og jamleg statistikk. Også
vurdere bruk av sosiale medium – ikkje minst for å nå ungdomsgenerasjonen til ei kvar tid.
Vidareføring
Styringsgruppa er ikkje i tvil om at prosjektet Trafikktryggleik Hallingdal har gitt svært gode
resultat og absolutt bør vidareførast.
Styringsgruppa kan støtte ynskjet til Regionrådet for Hallingdal om ei vidareføring i regi av
Buskerud fylkeskommune sitt trafikktryggleiksarbeid, men då som eit eige satsingsområde.
At Regionrådet for Hallingdal ynskjer å ta eit delansvar i det vidare arbeidet, er positivt for å
sikre lokal forankring. Styringsgruppa trur òg at å sikre trafikktryggleiksarbeidet som ein del
av partnarskapsavtala mellom Buskerud fylkeskommune og Regionrådet for Hallingdal, kan
vera ein veg å gå.
Men styringsgruppa vil streka under at for å lykkast, må det setjast av ressursar, slik at det
er kontinuitet og driv i arbeidet.
44
Sluttrapport
Samandrag
Bakgrunn
Trafikktryggleik Hallingdal vart starta med bakgrunn i dei høge ulykkestale på riksveg 7 og
riksveg 52 i regionen Hallingdal.
Prosjekteigar og driftsansvarleg
Regionrådet for Hallingdal
Organisering
Breitt forankra styringsgruppe
Tilsett prosjektleiar i heil stilling
Finansiering
Drifta har vore finansiert i fellesskap av Buskerud fylkeskommune, Regionrådet for
Hallingdal, Statens vegvesen og Forsikringsutvalet / Gjensidige Hallingdal. I tillegg er
prosjektet tilført aktivitetsmidlar frå fleire hald.
Prosjektperiode
Første del:
Vidareføring:
Avslutningsfase:
1. februar 2007 – 31. desember 2009
1. januar 2010 – 31. desember 2011
1. januar 2012 – 31. mai 2012 (to tiltak fullført hausten 2012)
Målsetting
Halvere det årlege gjennomsnittet på 13 drepne og hardt skadde i høve til statistikken
2002 – 2006 for riksveg 7 og riksveg 52. I tillegg skulle sjølvsagt prosjektet stimulere
tryggleiken på alle vegar i Hallingdal.
Hovudfokus
1. Informasjon
2. Kontroll
3. Vegstandard
Aktiviteten
I løpet av dei fem åra prosjektet har pågått, er det bygt opp eit betydeleg nettverk med
lokale, fylkeskommunale, regionale og nasjonale medspelarar. Mange har delteke i
gjennomføringa av ei rekkje aktivitetar og tiltak som har sett trafikktryggleik tydeleg på
dagsorden.
Resultat
Årleg gjennomsnitt 2007 – 2011: 5,8 drepne og hardt skadde på riksveg 7 og riksveg 52 i
Hallingdal. Dermed er målsettinga oppnådd med god margin.
45
Sluttrapport
Regionen Hallingdal
46
Sluttrapport
47
Sluttrapport
48