Medisinerkretsen - Norges Kristelige Legeforening

Skogstur med Einar Lundby som guide.
Medisinerkretsen
– ein heim for ånd og fag
Kristelig Medisinerkrets i Oslo er eit
ektefødd barn av Kristelig Legeforening.
Eller kanskje det var omvendt, slik
det framgår av Oddvar Mestads
historikk: ” ………i Oslo var det ei
gruppe kristne studentar som hadde
gruppert seg i ”Kristelig Medisinerkrets”,
eller ”Medisinerkretsen.” Dei hadde
regelmessige samlingar og heldt kontakt
med legemisjonærar. Ut frå desse, og
saman med lokale legar, vart det invitert
til møte for ”stiftelse av en kristelig
lægeforening””.
20 | Inter Medicos 3 - 2010
Hans Olav Tungesvik
Har vært psykiater og daglig leder ved Frihamn psykiatriske senter i
Skånevik. Har også vært sjefslege ved Modum Bads Nervesanatorium
og mangeårig representant på Stortinget.
Foto: Privat
Frå første veke som medisinsk student i 1958, vart
Medisinerkretsen for meg ein viktig del av studentlivet, ja,
alt første månaden skjedde ting gjennom ”Kretsen” som fekk
avgjerande innverknad på min veg vidare innan faget.
Ved årsskiftet 1957/58 vart Modum Bads Nervesanatorium
opna for å ta imot sine første pasientar, med Gordon Johnsen
som overlege. Venen Einar Lundby hadde nokre år tidlegare
opna Solborg, ”Det kristne hvilehjem”, på Jevnaker. No
sat dei to med kvar sin institusjon: Modum Bad for dei som
Einar Lundby sammen med studentene.
Liv og artikkelforfatteren på Solborg mail 1961, nyforlovet.
søkte psykiatrisk hjelp, Solborg for dei som søkte åndeleg
hjelp. Og dei to venene hadde gjort ein genistrek: Dei ville
frå no av invitera Medisinerkretsen til ei helg på Modum om
hausten og ei helg på Solborg om våren.
Slik vart det, og som nybakt student fekk eg alt i september
1958 den store oppleving å bli kjent med Gordon og
Modum Bad for første gong. Det vart ein kjærleik som er
levande den dag i dag.
Same sommaren hadde eg vore pleiarvikar ved Valen
psykiatriske sjukehus nær heimstaden. Det var ei sterk
oppleving av korleis somme som sleit med psykiske
vanskar, kunne ha det. Å oppleva Modum Bad, både
bygningsmessig og i innhald, vart som ei openberring for
meg. Då me sat ved ettermiddagskaffien på utetrappa til
overlegebustaden den søndags ettermiddagen, sa eg til meg
sjølv: Noko som liknar dette skulle me hatt på Vestlandet
og! Det vart kimen til at me 27 år seinare kunne opna
Frihamn psykiatriske senter i Skånevik.
På mange måtar vart Medisinerkretsen min åndelege heim
gjennom heile studietida. Rett nok gjekk eg ein del i
Studentlaget, men Kretsen var det faste. Og når eg no ser
på kva som var på programmet den hausten eg sjølv var leiar
, i 1963, slår det meg at aktiviteten var stor og planmessig
lagt opp. Tilfeldig fann eg dette programmet nyleg, og det
såg slik ut:
• Fredag 13 september: Opningsmøte i Messa
Rikshospitalet. Dr. Artur Voll: ”Vårt kristne ansvar som
mennesker og som medisinere”.
• 28.-29. september: Week-end til Modum Bads
Nervesanatorium. Dr. theol. Knut Enger og overlege
Gordon Johnsen: Samvittighet og skyldfølelse.
• Fredag 11. oktober: Samtalemøte i Messa, Rikshospitalet.
”Kristendom – hva er essens og hva er glasur?”
• Torsdag 31. oktober: Misjonsmøte på Sentralsjukehuset,
Lørenskog, der vi er gjester hos det kristne elevlaget..
Misjonslege Kristoffer Fotland: ”Legemisjon på Formosa”.
• Søndag 10. november: Nattverdsgudstjeneste i Oslo
Domkyrkje ved domprost Fredrik Knudsen.
• Fredag 22. november: Møte hos dr. Borgersen,
Misjonslege Volrath Vogt og sjukehusprest Peder Olsen:
”Bønn og helbredelse.”
• Laurdag 7. desember: Promosjon hos dr. Riddervold,
Bekkestua. Sokneprest Asle Enger, ”Menneske først og
kristen så?”
Dette er jo til å bli imponert av!
Vår- og haustturane var til spesiell inspirasjon og glede,
påfyll av beste sort. Skogstur til hyttene på Solborg med
Einar Lundby som turleiar, står i eit spesielt lys, sjå bildet.
Medisinerkretsen gav grunnlag for livsvarig medlemskap i
Kristelig legeforening. Den aktive deltakinga har ikkje vore
like stor her heile tida, dels av geografiske årsaker. Men
generalforsamlingshelger står i eit spesielt lys, enten det
var på Dombås eller i Bergen. Fellesskapet i fag og tru
representerer verdiar som eg også i ”den høge alder” gjerne
vil få med meg. Eg har mykje å takka både Kretsen og
Kristelig Legeforening for.
Inter Medicos 3 - 2010 | 21