Artikkelen - Njøs Næringsutvikling

20
NORSK FRUKT OG BÆR
6-2010
Kompost
på nye måtar
TEKST: LIV HATLELI, PROSJEKTLEIAR
NJØS NÆRINGSUTVIKLING AS
FOTO: CHRISTIAN ZURBUCHEN,
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING
Kompostuttrekk er ein ny
måte å tilføra kompost på
som kombinerer mange av
komposten sine gode eigenskapar med ei kostnadseffektiv påføring. Denne artikkelen
gjev eit innblikk i kva det er,
og korleis det kan brukast.
Det er fleire grunnar til å auka bruken av kompost i frukt- og bærhagen.
Ved sida av å tilføra naudsynte
næringsstoff, har kompost ein viktig
funksjon i å auka innhaldet av organisk materiale i jorda, auka biologisk
aktivitet og betra forholda for nytteorganismar i jorda (Schawlann,
1999). Kompost gir auka bufferevne i
jorda for både vatn og næring, og gir
jamnare veksetilhøve for frukttrea.
Vidare er kompost meir stabilt enn
husdyrgjødsel, slik at den er mindre
utsett for avrenning eller fordamping
av nitrogen når den er blanda i jorda.
I tillegg til å bryta ned ugrasfrø, pato-
Tilsetjing av naturlege næringsstoff som
næring for mikroorganismane.
Ekstraktor brukt for
brygging av kompostuttrekk under kurs i mai,
ved Sogn jord og hagebruksskule i Aurland.
gen, antibiotikum og andre uynskte
stoff ein kan finne i husdyrgjødsla,
kan mogen kompost også undertrykkja jordbuande sjukdomar.
prosessar. Vidare at uttrekket aukar
bufferevna for vatn i jorda, reduserer
plantesjukdomar og aukar rotvekst
og rotpenetrering.
Kompostuttrekk
Kompostuttrekk, på engelsk kalla
Compost tea, er eit nytt uprøvd produkt i Noreg som allereie har stor
utbreiing i Europa, Oseania og NordAmerika. Dette er eit alternativ som
kombinerer mange av komposten
sine gode eigenskapar med ei kostnadseffektiv påføring, då uttrekket
vert sprøytt fortynna direkte på plantene eller på jorda. Metoden går ut
på å ekstrahere mikroorganismar frå
kompost over i vatn, for deretter å
aktivera og auka veksten på desse
organismane.
Bruk
Når bryggeprosessen er over, bør
kompostuttrekket brukast innan
nokre få timar. Uttrekket kan sprøytast ut med traktorsprøyte, ryggsprøyte, vatningskanne eller vatningsanlegg. Det er vanleg å blanda ut
kompostekstrakt med vatn etter forholdet 1:5. Ved bruk av kompostekstrakt skal dette sprøytast kvar
14–30. dag gjennom heile vekstsesongen. Dersom det er sterkt sjukdomspress eller andre stressfaktorar
for plantene, bør det sprøytast kvar
veke. Kompostuttrekk kan påførast
direkte på jord, eller brukast som eit
plantestimulerande middel direkte
på bladverket (Martin Lishman Ltd,
2009).
Kompostuttrekket vert framstilt i
lukka system på 40 – 2000 liter store
kummar, der det vert tilsett kompost
og naturlege næringsstoff som næring for mikroorganismane. Ved hjelp
av ei kontinuerleg innblåsing av luft,
sørgjer ein for ei aktiv oppformeiring
av mikroorganismar frå komposten.
Heile bryggeprosessen tek ca. 24
timer. Frå USA har dr. Elaine Ingham
sitt arbeid med kompostuttrekk vore
omtalt fleire gonger i The Goodfruit
grower. Ingham (2009) held fram at
kompostuttrekk forbetrar jord og
plantehelse, og stimulerer til resirkulering av næringsstoff og plantevekst-
Rotròte i bringebær
Ein sveitsisk litteraturstudie syner til
forsøk som viser at kompost frå hageavfall kan vera effektivt mot rotròte i
bringebær (Phytophthora rubi)
(Fuchs, et al., 2004). Dette vert stadfesta av andre kjelder som også viser
til signifikant høgare avling ved bruk
av kompost i bringebær. Dette har
samanheng med innhaldet av sopp
frå slekta Trichoderma i komposten.
Denne soppen byggjer opp cellulo-
6-2010
se, og soppen har ein antagonistisk
effekt på eggsporesopp (Oomycetes)
som forårsakar t.d. rotròte i bringebær (Kompostforum Schweiz, 2007;
Neuweiler, et al., 2003). Norske forsøk i bringebær (Veten), dyrka på flat
mark i jord infisert med raud rotròte
(Phytophthora fragariae var.rubi),
synte at iblanding av kompostert
sauemøk i jorda (50 %) gav fleire nye
skot og færre daude planter
(Heiberg, 1995) .
Epleskurv
Askosporer danna i overvintra i lauv
på marka i frukthagen er den primære smittekjelda av epleskurv
(Venturia inaequalis) om våren.
Dersom mengda overvintra lauv på
bakken vert redusert, reduserer ein
faren for angrep av skurv og andre
soppar (Swezey, 2000). Naturleg rotning av gamalt lauv på bakken er
oftast ikkje tilstrekkeleg til å eliminera askosporeutvikling, grunna lite
optimale temperatur-, fukt- og
næringsforhold for nedbrytingsprosessane gjennom vintermånadane. Forsøk frå USA syner at kompostuttrekk kan vera eit effektivt
alternativ for å redusera mengda av
overvintrande sporehus av epleskurv
(Travis, et al., 2006). Etter lauvfall om
hausten vart infiserte epleblad
behandla med kompostutrekk, urea,
dolomittkalk , kompost eller vatn
(kontroll). Kompostuttrekk og urea
NORSK FRUKT OG BÆR
førte til ein signifikant reduksjon av
askosporeproduksjon, samanlikna
med kontrollprøvane (Travis, et al.,
2006).
Prosjekt
Njøs næringsutvikling AS, Bioforsk
Ullensvang, Sogn Jord- og Hagebruksskule og Økoringen Vest har
gått saman om prosjektet ”Kompetanseutvikling og ny bruksmåte av
kvalitetskompost i økologiske fruktog bærhagar”. Dei skal samarbeide
om kompetanseoppbygging og utprøving av kompostuttrekk med
Fylkesmannen i Buskerud gjennom
føregangsfylkeprosjektet ”Levende
Matjord”. I mai vart det arrangert
temadag og kurs med ein røynd fagperson frå Austerrike i Aurland, der
metode og utstyr for tilverking av
kompostuttrekk vart presentert.
Fylkesmannen i Buskerud har også
ein innhaldsrik aktivitetskalendar
(www.fylkesmannen.no), der dei
som er interesserte er velkomne til å
delta på kurs.
Litteraturliste
• Fuchs, G., Bieri, J. M. og Chardonnens, M. 2004. Auswirkungen
von Komposten und von Gärgut
auf die Umwelt, die Bodenfruchtbarkeit sowie die Pflanzengesundheit. Frick, Sveits: Forschungsinstitut für biologischen Landbau,
FiBL-Report., 2004.
Kompostuttrekk sine positive eigenskapar
1. Utnyttar eigenskapane til ein god
kompost på eit større areal
samanlikna med direktespreiing
av kompost. Til 50 dekar trengst
det berre 5 til 10 kg aerob kvalitetskompost til brygging av kompostuttrekk.
2. Kompostuttrekk kan sprøytast ut
på jord og planter gjennom hele
vekstsesongen.
3. Ved tilføring av ulike råstoff kan
ein ”skreddarsy” kompostuttrekket til ulike plantekulturar.
4. Eit godt kompostuttrekk kan
bidra til at næringsstoffa held seg
21
i jorda og ikkje renn vekk gjennom drens- og overflatevatn.
5. Auka biologisk mangfald gjer at
den naturlege næringsstofftilgangen vert betre, og plantene
sitt eige immunforsvar mot sjukdomar og skadedyr kan betrast.
6. Kompostuttrekk kan gje ei raskare utvikling av grynstruktur i
jorda, noko som berre oppstår i
ei jord med et rikt mikrobiologisk
mangfald. Grynstruktur er viktig
både med tanke på vassforsyning, næringslagring og ugrasproblematikk.
Sil med kvalitetskompost vert ført ned i
ekstraktoren, ei kontinuerleg innblåsing
av luft sikrar ein aerob prosess.
• Heiberg, N. 1995. Tiltak mot rød
rotråte i bringebær. Faginfo. Planteforsk/infosenteret, 1995, 3.
• Ingham, E. 2009. Soil Food Web.
[Internett] 2009. [Sitert: 3 8 2010.]
http://www.soilfoodweb.com/.
• Kompostforum Schweiz. 2007.
www.kompost.ch. Kompost-Newsletter 29. [Internett] 05 12 2007.
[Sitert: 28 12 2009.]
http://www.kompost.ch/magazin/
xmedia/newsletter_29.pdf.
• Martin Lishman Ltd. 2009. Martin
Lishman. Compost Tea Systems.
[Internett] 28 12 2009. [Sitert: 28
12 2009.] http://www.martin
lishman.com/envirohome.htm.
• Neuweiler, R. og Heller, W. 2003.
Kompostanwendung,
Beeren
lieben Qualitätskompost. 2003.
• Schawlann, M. K. 1999. Handbok
i økologisk fruktdyrking. s.l.: Økoringen Vest, 1999.
• Swezey, S. L. 2000. Organic apple
production manual. University of
California, Santa Cruz. Center for
Agroecology and Sustainable Food
Systems : s.n., 2000.
• Travis, J. W., Halbrendt, N. O. og
Lehman, B. L. 2006. Effect of
compost and compost tea fall
applications to reduce overwintering apple scab inoculums.
Phytopathology. 96, 2006, S115.