Sigbjørn Hals Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om brøk, desimaltal og prosent Kjelde: www.clipart.com 1 Sigbjørn Hals Brøk, desimaltal og prosent. Læraren sitt ark Kva seier læreplanen? Tal og algebra Mål for opplæringa er at eleven skal kunne samanlikne og rekne om heile tal, desimaltal, brøkar, prosent, promille og tal på standardform, og uttrykkje slike tal på varierte måtar rekne med brøk, utføre divisjon av brøkar og forenkle brøkuttrykk Statistikk, sannsyn og kombinatorikk Mål for opplæringa er at eleven skal kunne beskrive utfallsrom og uttrykkje sannsyn som brøk, prosent og desimaltal Eksempel på eksamensoppgåver om brøk, desimaltal og prosent Våren 09. Del 1. Nr. 17 (1 p) og 19 (1 p) Våren 09. Del 2. Nr. 1b og 1e (3 p) Våren 10. Del 1. Nr. 4a og 4b (1 p), 4c og 4d og 13 (0,5 p) Våren 10. Del 2. Nr. 1b Eksempeloppgåve 1. Del 1. Nr. 3 (0,5 p), 8 (1,5 p), 9 (1 p), 15 (0,5 p) og 19 Eksempeloppgåve 1. Del 2. Nr. 3a (2 p) Eksempeloppgåve 2. Del 1. Nr. 1a (0,5 p), 2 (0,5 p), 11, 25 (1 p) Opplegg for at elevane skal kunne nå desse kompetansemåla, og kunne svare på aktuelle eksamensoppgåver Utstyr: Ein “gul” kortstokk frå getSmart per elevpar http://www.getsmart.no/no/products/3 Ei fyrstikkøskje eller ein annen gjenstand som elevane kan gripe etter i opplegget på Elevark. Dei ferdige reknearka Desimaltal, brøk og prosent frå http://www.inter-ped.no/kursfiler Elevarka for dette opplegget Etter opplegget skal elevane kunne: Ha automatisert samanhengen mellom brøk, desimaltal og prosent for 1 1 1 3 1 2 1 2 7 3 4 9 , , , , , , , , , , , og 1. desse brøkane: 10 5 4 10 3 5 2 3 10 4 5 10 Løyse eksamensoppgåver av typen som er understreka i eksempla ovanfor. 2 Sigbjørn Hals Gjennomføringa: 1. Elevane gjennomfører opplegget på “Elevark”. I staden for eller i tillegg til “Nervøs” / “Grabb” / “Krig”, kan elevane spele “Vri åttar” med korta. Sjå presentasjon av framgangsmåten for “Vri åttar” med desse korta på http://www.getsmart.no/no/products/3. Klikk på Klikk for ein gjennomgang. 2. Elevane øver på oppgåver om brøk på nettstaden http://sinus1p.cappelendamm.no Klikk på 2. Tallregning Klikk på 2.3 Forkorting og utviding av brøker og deretter på FLASH Forkorting og utviding av brøker – oppgaver til høgre på sida. Lenka ovanfor kan vere motiverande for elevene fordi det er oppgåver som er laga for den vidaregåande skulen (kurset 1P på studiespesialisering). Det finst òg andre gratis nettstadarr som kan brukast 3. Elevane øver på funksjonsoppgåvene på nettstaden http://sinus1p.cappelendamm.no Klikk på 2. Tallregning Klikk på 2.5 Brøkdelen av et tall, og deretter på FLASH Brøkdelen av et tall oppgaver. 4. Elevene øver på desse oppgåvene i Kikora: Ungdomsskulen, Tal og algebra, Brøkrekning, oppgåve 1 – 3e. Ungdomsskulen, Tal og algebra, Prosentrekning, oppgåve 1 – 11. 5. Elevane løyser eksamensoppgåvene som er understreka i oversikta Eksempel på eksamensoppgåver om brøkar, desimaltal og prosent. Eksamensoppgåvene kan hentast frå nettsidene til Utdanningsdirektoratet. 6. Læraren oppsummerer og viser korleis elevane kan bruke reknearket Desimaltal, brøk og prosent frå http://www.inter-ped.no/kursfiler. Elevane kan eventuelt òg bruke dette reknearket når dei skal øve til testen. 7. Læraren lar elevane ta den vedlagde testen utan hjelpemiddel. Tid på testen: 5 minutt. 3 Sigbjørn Hals Brøk, desimaltal og prosent. Elevark To og to elevar spelar i lag. Dersom det er eit oddetall elevar i klassa, kan ei gruppe ha tre elevar. Det går like bra som med to. Kvar gruppe har ein kortstokk frå getSmart som inneheld kort med brøk, desimaltal, prosent og teikningar (brøk som del av pizza). Sorter korta i fire rader, slik at kort med same verdi er i same kolonne. Korta med lavast verdi skal ligge lengst til venstre. Alle korta skal vende opp, slik at vi ser verdien av kortet. Bilde Brøk Desimaltal Prosent Studer korta, og prøv å huske kva for kort som er i same kolonne. Stokk korta godt og del dei i to like store bunkar (tre bunkar dersom det er tre elevar i gruppa). Legg bunken med biletsida ned rett framfor kvar deltakar, og plasser fyrstikkøskja midt på bordet mellom spelarane. De skal no spele “nervøs” (“grabb” / “krig”)... Snu korta samtidig og vendt bort frå deg, slik at dei blir liggande med biletsida opp. Dersom to kort viser same verdi, gjeld det å gripe fyrstikkøskja i midten først. Den som får tak i øskja kan gje frå seg alle korta som han/ho har snudd til den andre spelaren. (Dersom det er tre spelarane, skal den som set til høgre (i retning mot klokka) for den som tok fyrstikkøskja ha dei snudde korta.) Den som først er kvitt alle korta sine har vunne. 4 Sigbjørn Hals Hurtigtest om brøk, desimaltal og prosent Hjelpemiddel: Papir og blyant Oppgåve 1 Fyll inn opplysningane som manglar: Brøk Desimaltal Prosent _______ ______ b) ______ 0,7 ______ c) ______ _______ 25 % a) 4 5 Oppgåve 2 a) Kor mykje er 20 % av 800 kroner? Svar: ________ kr. b) I ei skuleklasse er det 25 elevar. Ein dag er 3 elevar borte. Kor mange % av elevane er borte denne dagen? ______ %. Namn: ______________________________ 5
© Copyright 2024