So dansa me Daa i ring! Norskdomsrørsla og færøysk kvadtradisjon

So dansa me Daa i ring! Norskdomsrørsla og færøysk kvadtradisjon
Per Sivles første norske omsetjing av Ormurin Langi vart prenta i 1885, vel 70 år etter at den
færøyske diktarbonden Jens Christian Djurhuus hadde skrive kvadet. Men det var først med
omsetjinga i Hulda Garborgs Norske Dansevisur (1913) at kvadet fekk plass som eit norsk
kultursymbol i Noreg. Dette innlegget presenterer ein analyse av omtalen av færøysk dans, kvad og
språk i norskdomsrørsla i perioden 1900 til 1930. Særleg vekt blir lagt på kvadet Ormen Lange.
Norskdomsrørsla er eit fellesnemne for den norske målrørsla og den frilyndte ungdomsrørsla som
vaks fram i andre halvdel av 1800-talet. Denne kulturrørsla fekk stor innverknad på politiske
endringar, demokratisering, nasjonsbygging og for nasjonal sjølvforståing i Noreg. I norskdomsrørsla
og i det nye nasjonale danningsprosjektet fungerte den norsktilpassa og rekontekstualisert
færøydansen som eitt av fleire ny-gamle kulturutrykk i ein ny norsk høgkultur. Færøydansen blei
tillagt fleire funksjonar. Gjennom den færøyske dansen og dei færøyske kvada skulle den norske
ungdommen bli kjende med si eiga historie, som eit pedagogisk grep i eit folkeopplysingsprosjekt.
Songdansen kjem inn i historieundervisinga i folkehøgskulane og i kroppsøving i folkeskulen. Dei «i
alle maatar friske og sømelege rytmiske rørslur utviklar kropp og sjel samstundes», skriv Hulda
Garborg sjølv om færøydansen (Garborg 1922: 23). I motsetnad til på Færøyane, var den færøyske
dansen òg akseptert av dei kristne miljøa i norskdomsrørsla. Tidleg finn vi ein dikotomi mellom den
usømelege, seksualiserte og nedbrytande norske bygdedansen på den eine sida og den sømelege og
oppbyggjande færøydansen på den andre sida.
Med Ormen Lange fekk Noreg ei historisk-romantisk omsetjing av eit ungt, historisk-romantisk
fundert kvad, med ei nasjonal og kristen grunnforteljing. Omtalen, omforminga og
rekontekstualiseringa av færøysk tradisjonsstoff gir eit innblikk i norskdomsrørslas sjølvforståing,
kulturforståing og forståing av det norske.