«Sjølvhjelpsarbeid og grupper - Korleis få det til? Velkomen til seminar på Skei 21. januar Sjølvhjelp Noreg, distriktskontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane, inviterer Dykk til eit seminar om sjølvorganiserte sjølvhjelpsgrupper, og korleis desse kan bli eit reelt supplement til profesjonell hjelp i offentleg velferd, og ein mogleg eigenkraftmobilisering for folk flest. Oppgåva det offentlege, ulike organisasjonar og andre kan ta på seg, vert å «legge til rette for informasjons- og kunn-skapsformidling som bidrar til at selvhjelpsarbeidet kan vokse og utvikle seg lokalt.» (Nasjonal plan for Selvhjelp 14–18). Dei fleste av oss opplever og løyser problem livet gjennom. Nokre er vanskelege, og ein finn ikkje enkle eller raske løysingar. Sjølvhjelpsgrupper kan vere ein god arena for å handtere desse betre. Enkeltmenneske kan, ved å snakke med nokre «fortrolige framande» som og har eit problem, få til ei endring i «sin måte å forholda seg til sitt problem og/eller sine omgivelser på», (Jürgen Matzat, 1987), slik at problemet tek mindre negativ plass. Dei som deler kunnskap og erfaringar på seminaret er Per Sandvik, Sjølvhjelp Noreg, Tobba Sudmann, Høgskulen i Bergen, Bjørg Nilsen, Bente Holmedal, SMISO Hordaland, Eysteinn Udberg, fylkessekretær i Rusettervernet i Sogn Fjordane. Siste del av dagen, vil De få drøfte ulike problemstillingar med kvarandre i grupper og plenum, der fleire av innleggshaldarane er med. Fokus er på innhald i sjølvhjelpsgrupper og på informasjons- og tilretteleggingsarbeid i lokalsamfunn. Alle interesserte er velkomne! Torsdag 21. januar 2016 - kl 0900 - 1530 Skei hotell, Jølster Gratis deltaking. Lunsj vert servert. Påmelding: innan 15.01.16 til Kari Witzøe: [email protected] - mob: 95227631 Program Skei, 21. januar 2016 Sjølvhjelpsarbeid og grupper Korleis få det til? Kl. 0900 Velkommen v/Dagleg leiar for Sjølvhjelp Noreg sitt distriktskontor for Hordaland og Sogn og Fjordane, og helsing frå Helsedirektoratet. Kl. 0915 Kl 1045 Tobba Sudmann, Høgskulen i Bergen. Korleis kan samfunnsstrukturar og profesjonelle bidra eller hindra at enkeltmenneske og grupper får høve til å bruka eigne ressursar for å løysa problem dei sjølve erfarer? Korleis kan deltaking i sjølvhjelpsgrupper bidra til sosialdeltaking og sjølvstyrking? Beinstrekk med kaffe og noko å bite i. Kl 1100 Kl 1145 Per Sandvik, Selvhjelp Norge - «Sjølvhjelp er meir enn ein samtale» Beinstrekk og drikke Kl 1155 Bente Holmedal og Bjørg Nilsen, SMISO Hordaland – Korleis gjer vi det? Om Smiso og rettleiarar si oppgåve og rolle i det å leggja til rette for og start opp gruppene. Kva rammer har gruppene? (samtale mm) Lunsj Kl 1220 Kl 1300 Ein dialog om erfaringar frå det «å snakke om det», særleg i ein sjølvhjelpsgruppe. Her deltek nokre som har nytta grupper, og nokre som har lagt til rette og starta dei opp. Dei snakkar om sine erfaringar og tankar om det å nytte sjølvorganiserte sjølvhjelpsgrupper i løysing og meistring av problem. Kl 1345 Kari Witzøe: Korleis får vi det til hjå oss? Deltakarane får snakke saman i grupper. (drikke og noko til, undervegs) Gruppene kan velje ein eller fleire: 1) Prøve ut prinsippa for samtalar i sjølvhjelpsgrupper. (Sjølvhjelp Noreg) 2) Dele erfaringar om deltaking i/arbeid med sjølvhjelpsgrupper 3) Drøfte informasjons- og tilretteleggingsarbeid i eigen organisasjon eller lokalsamfunn slik at fleire kan nytte sjølvhjelpsgrupper. (døme: korleis leggje til rette for at sjølvhjelpsgrupper utgår frå kurs eller leia grupper? Kva gjer vi i så fall for å få det til? Korleis og saman med kven kan vi drive lokalt informasjonsarbeid slik at moglege interesserte får tilgang til verktøyet?). Kl 1500 Plenum: Kva kom gruppene fram til? Korleis kan De nytte Sjølvhjelp Noreg, Og kvarandre som ressurs for å fremme bruk av sjølvhjelpsgrupper? Vel heim! Kl 1530 Tobba Sudmann, fysioterapeut og medisinsk sosiolog, tilsett som første-amanuensis (forskar) på Høgskulen i Bergen, Institutt for sosialfag og vernepleie og Senter for omsorgsforsking Vest. Ho er fagleg leiar for mastergradprogrammet i samfunnsarbeid. Samfunnsarbeid er å undersøkje og påverke vilkåra for sosial deltaking saman med dei det gjeld. Tobba Sudmann er med i fleire prosjekt om velferdstenester på gard, der ein studerer korleis einskildpersonar kan bidra til kvarandre si helse og trivsel gjennom fellesskap og samhandling. Sudmann er oppteken av korleis kroppen har verdi for sosial deltaking, aktivitet og medverknad. Då må ein forstå kroppen biologisk, men og korleis og kvifor kroppen treng aktivitet og restitusjon, og korleis kroppen er utgangspunkt og middel for alt sosialt liv. Sosial deltaking er både mål og middel for helsa vår. Det same er fysisk aktivitet. Kombinasjonen sosial deltaking, natur og fysisk aktivitet er difor interessant å kunna meir om. Per Sandvik, rådgjevar på kompetansesenteret Selvhjelp Norge sidan 2009. Han er utdanna psykoterapeut, har studert faga sosiologi, psykologi, økonomi, litteraturvitskap og norsk. Han har mykje erfaring med endrings- og prosjektarbeid i privat og offentleg sektor. Han har tidlegare leia utvikling og sikra gjennomføring av eit landsdekkande kurs- og sjølvhjelpstilbod for pårørande til rusavhengige. Eysteinn Udberg, fylkessekretær i Rusettervernet i Sogn og Fjordane. Han er og deltakar i ei sjølvhjelpsgruppe, i regi av rusettervernet. Rusettervernet er ein frivillig organisasjon, i hovudsak driven av dugnadsarbeid frå medlemmar, og med økonomisk stønad frå Helse Vest. Rusettervernet sine grupper er for personar som ønskjer å slutte å ruse seg. Dei gjev pårørande til rusavhengige tilbod om deltaking i eigne grupper. Bjørg Nilsen fagleg rettleiar ved SMISO Hordaland Hordaland Bente Holmedal Fagleg rettleiar ved SMISO Hordaland SMISO Hordaland (Senter mot incest og seksuelle overgrep), har mykje erfaring med å leggja til rette for ulike grupper. Støttegrupper er sjølvstyrte, og er dei både Bente Holmedal og Bjørg Nilsen jobbar med. Jamfør http://www.smiso-hordaland.no/Tilbudene-ved-senteret/grupper: «Støttegruppene er en av bærebjelkene i senterets arbeid. En støttegruppe er en selvstyrt selvhjelpsgruppe der brukere velger å arbeide sammen for å nå personlige mål. Gjensidig støtte og hjelp, respekt, disiplinering og mot, er viktige elementer i støttegruppe-arbeidet. Ansatte ved senteret er veiledere for gruppene. De starter opp gruppene, og deltar inntil gruppene fungerer selv.»
© Copyright 2024