Heimreise Du kan reise heim etter 2-3 timar, men må ha tilsyn av ein annan vaksen det første døgnet etter operasjonen. Du kan ikkje køyre bil same dag. Kontrolltime: Det vert avtalt time til kontroll ved ØNH-poliklinikk. Tampongane i nasen vert fjerna når du kjem til kontroll etter 2-4 dagar. Naseskylling: Etter at du har fått fjerna tampongane skal du skylle nasen med saltvatn minst 4 gongar dagleg i 4 veker. Det er for å hindre skorpedanning i nasen. Smerter: Dersom du har smerter etter heimreise held det oftast med paracetamol smertestillande, følg dosering anbefalt på pakken frå apoteket. Mat og drikke: Du skal ha avkjølt mat og drikke operasjonsdagen, deretter kan du ete som vanleg, om operatøren ikkje gir deg annan beskjed operasjonsdagen. Velkomen til Dagkirurgisk seksjon ØNH Ålesund sjukehus Pasientinformasjon Til deg som skal fjerne nasepolyppar i narkose Aktivitet: Du vert sjukemeldt til du har fått fjerna tampongane i nasen, operatøren vurderer om du har behov for lengre sjukemelding. Du skal ikkje delta på trening eller tung fysisk aktivitet så lenge du har tampongar i nasen. Komplikasjonar: Etter fjerning av nasepolyppar vil det ofte sive blod/ slim frå nasen, og etterkvart kan det danne seg skorper i nasen. Dersom du har feber over 38,5 gradar i meir enn eit døgn, kan det vere teikn på infeksjon og lege må kontaktast. Du bør også ta kontakt om du får aukande/ kraftig hodepine, kraftig bløding eller renning av klar væske frå nasen. Telefon: Dagkirurgisk seksjon: 70 10 52 37 (man-fre 0800-1700) ØNH-ekspedisjon: 70 10 58 32 (man-fre 0800-1000 og 1300-1500) ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530) Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00 NØDNUMMER: 113 Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund www.helse-mr.no www.helse-mr.no Før operasjonen Du har fått time til dagkirurgi for å fjerne nasepolyppar i narkose. Du må vere frisk, ikkje ha oppkast, feber eller vere forkjøla. Ta kontakt om du er i tvil. Dersom du er forhindra frå å møte til tildelt time må du gi beskjed snarast råd. Faste Den som skal til operasjon skal faste frå kl 24 kvelden før operasjonen. Det vil sei; ikkje ete mat eller drikke juice, mjølk, eller andre drikker som inneheld mjølk. Klare væsker som vatn og saft kan drikkast fram til 2 timer før oppmøtetid. Det er viktig og ikkje vere tom for energi ved oppmøte da det kan bli litt venting. Det er ikkje lov å ete drops eller tyggegummi. For dei som røyker eller bruker snus er dette heller ikkje tillate etter kl.24. Hygiene For å hindre infeksjonar må alle dusje og vaske håret kvelden før operasjonen eller operasjonsdagen. Menn med skjeggvekst må fjerne bart og skjegg. Smykke, ringar, piercing og neglelakk må fjernast. Medisinar Dersom du bruker blodtynnande medisin som Marevan og Albyl-E, må du kontakte ØNH seinast 10 dagar før operasjonen (Tlf 70 10 58 32), om dette ikkje er avklara på førehand. Dersom du har astma og bruker inhalasjonsmedisin skal denne takast som vanleg operasjonsdagen. Du skal også ta med inhalasjonsmedisinane til sjukehuset, sjølv om du brukar astmamedisin berre ved behov. Operasjonsdagen skal du ta faste medisinar om morgonen med litt vatn, bortsett frå diabetes-medisin og insulin. Det er viktig å ta med alle medisinar til sjukehuset. www.helse-mr.no Operasjonsdagen Operasjonsdagen melder du deg i luke 3 ved dagkirurgisk seksjon. Deretter blir du møtt av ein sjukepleiar som tek seg av deg inne i avdelinga. Du får pyjamas og seng. Operasjon Operasjonen vert gjort i narkose, og operasjonstida er vanlegvis 1 time. Det vert oftast lagt inn tampongar i nasen under operasjonen. Når du vaknar vil du vere tett i nasen, og må puste gjennom munnen. Observasjon Etter operasjonen ligg du på overvakinga til du får reise heim. Dagkirurgiske pasientar kan reise heim etter 2-3 timar, men må ha tilsyn av ein annan vaksen det første døgnet etter operasjonen. Drikke Under og etter operasjonen får du væsketilførsel i armen. Du får drikke vatn så snart du er i form til det etter operasjonen, og kan ete kald eller avkjølt mat etter nokre timar. Smertestillande På oppvakinga vert smertestillande gitt intravenøst om du har behov for det, seinare får du smertestillande tablettar. Bløding For å minske risikoen for bløding skal ein halde seg i ro etter inngrepet, og ha lett heva hovudende i senga. www.helse-mr.no
© Copyright 2024