PRAKSISUTVEKSLING Grunnskolelærarutdanning SØR-AFRIKA Høgskolen i Bergen samarbeider med fleire universitet i Sør-Afrika, og det er mogleg for studentar å dra på utveksling til: • University of Cape Town • University of Western Cape (Cape Town) • University of KwaZulu-Natal, Durban. PRAKSIS I SØR-AFRIKA GLU 1-7 studentar kan søke om praksis i Durban siste semester det tredje året. Praksiskontoret administrerer praksisopphaldet i samarbeid med HiB sin representant i Durban. Studentane får kursing i historie, geografi og generelle samfunnsforhold ved University of KwaZulu-Natal før praksisperioden. PRAKTIKANT I CAPE TOWN? SANORD (Southern African Nordic Centre) lyser jamleg ut praktikantstilling ved sekretariatet i Cape Town. Passar fint å kombinere med feltarbeid og masterskriving! FORSKINGSSAMARBEID Forskingssamarbeid mellom HiB og University of KwaZulu-Natal fokuserer på utfordringar i norsk og sørafrikansk skule og lærarutdanning; mellom anna mentorship, måleregimer, bærekraftsmåla og utdanning og utdanning i ei globalisert men polarisert verd. Masterprosjekt med tematikk frå Sør-Afrika tek mellom anna for seg forholdet mellom utdanning og nasjonsbygging i ein ung nasjon. Andre forskingsprosjekt adresserer minne og minnesmerke i Namibia og SørAfrika: Kva versjon av historia blir fortalt, og korleis kjem dette til uttrykk gjennom minnesmerke? Kva grupper blir ekskludert frå historia, kvifor, og kva rolle har skulen i forvaltinga av minne? KONTAKT: Praksisopphald i Sør-Afrika: Praksiskontoret v/Eli Borsholm og Jorunn Henriksen Praksisopphald i Durban: Erik Bilsted Forskingsprosjekt og forskingssamarbeid: Erlend Eidsvik
© Copyright 2024