Tilbod om utgreiing og behandling via spesialisthelsetenesta – eMeistring I eit forsøk på tettare samarbeid med primærhelsetenesta, og for å nå pasientar med angst og depresjon tidlegare, tilbyr Helse Bergen utgreiing i samarbeidsmøte med fastlegen (T14), og veileda internettbehandling – eMeistring. Dette inneber: Effektiv og lett tilgjengeleg behandling for panikkangst, sosial angst og mild/moderat depresjon. Inga ventetid for pasienten. Sikkerheit i at tilvising ikkje blir avvist. Slik gjer du: Ring oss direkte på telefonnummer 90 61 03 94 for å avtale eit samarbeidsmøte (T14). Vi møtar pasienten på ditt kontor (ca. 1 time) o Du og pasienten får tilbakemelding i løpet av same veke om pasienten får behandlingstilbodet. Om pasienten får tilbod om behandling sender du ei tilvising merka med «eMeistring – Fastlegeprosjektet» til Bjørgvin DPS. Om behandlinga Veileda internettbehandling har vore ein del av det ordinære tilbodet i Helse Bergen sidan 2013. Behandlinga inneber at pasienten via ei trygg internett-plattform les og arbeidar med oppgåver som tilsvarer materialet som brukast ved ordinær ansikt-til-ansikt-behandling. Ein kvalifisert behandlar er tilgjengeleg via ei meldingsfunksjon i programmet og svarar på alle spørsmål minimum ein gong i veka. eMeistring er ei evidensbasert behandling som tilbys pasientar som er motivert for å arbeide med sine vanskar og villig til å bruke fleire timer i veka på arbeidet.
© Copyright 2024