HENVISNING KONTAKT OSS Fastlege eller sjukehuslege kan søkje om opphald i lindrande teneste ved intermediær avdeling. Intermediær avdeling v/ Fjell sjukeheim Blombakkane 1 5354 Straume Telefon: 55 09 74 39 FASILITETAR Foto og design: Monica Hovland, Informasjon - Fjell kommune • Einerom med eige bad i trivelege lokale • TV og trådlaust internett på alle rom • God heimelaga mat • Høve til besøk heile dagen • Gratis parkering • Frisørtilbod DU FINN OSS HER Lindrande teneste ved intermediær avdeling 1. Intermediær avdeling 2. Parkeringshus (Gratis) 3. Rådhuset i Fjell kommune HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus KVA ER LINDRANDE BEHANDLING TILSETTE/KOMPETANSE Lindrande behandling eller palliasjon er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med ikkje-kurativ sjukdom og avgrensa forventa levetid. Vi arbeider tverrfagleg og staben i avdelinga består av lege, sjukepleiar, hjelpepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut. Vi samarbeider med spesialister frå Palliativ Team i Helse Bergen, din fastlege, kreftkoordinator og heimetenesta. Ved behov tek vi kontakt med sosionom, diakon, prest, psykolog, helsesøster og skule. LINDRANDE TENESTE VED INTERMEDIÆR AVDLING Er eit korttidstilbod til pasientar busett i Fjell, Sund og Øygarden kommunar og varer i snitt 10-12 dagar. Tilbodet skal kunne hindre sjukehusinnleggelse og/eller forkorte liggjetid i sjukehus. Målet er at pasientar og deira pårørande skal få så opptilmalt tilbod som råd er, med høgast mogeleg livskvalitet og tryggleik. Vi ønskjer å leggja til rette for at ein kan bu heime eller få behandling så nært heimen som mogeleg. Vi har eit heilskapeleg fokus og tilbyr lindring av smerte og andre fysiske plager, i tillegg til tiltak retta mot psykiske, sosiale og åndelege/ eksistensielle problem.
© Copyright 2024