Referat fra Samhandlingsutvalget 15.06.2015

Samhandlingsutvalet
Referat
Tid og stad:
15.06. 2015. Kl. 12:00 – 15:00. Elektronisk møte
Til stades:
Nora Olsen Sund, Karmøy kommune
Aslaug Tangeraas, Sauda kommune
Gunn Haraldseid, HSH
Marianne Hauge Wennersberg, FOUSAM
Kari Ugland, Helse Fonna
Reidun Mjør, Helse Fonna
Berit Haaland, Helse Fonna
Kenneth Eikeset, Helse Fonna, frå kl. 13.00
Meldt fråfall:
Jostein Havnerås, Brukarutvalet
Nils Magne Kloster, Brukarutvalet
Oddvar Larsen, Kvinnherad kommune
Andreas Moe Larsen, Fitjar kommune
Referent:
Sølvi Torvestad, vikar for SU koordinator
Sak
Omtale - oppfølging - vedtak/slutning:
32/15
Godkjenning av innkalling og saksliste.
33/15
Innkalling vart godkjend
Godkjenning av referat.
34/15
Referat frå møte 24.04.15 vart godkjend
Orientering frå FOUSAM
 Samhandlingsprosjekt «Kunnskapsfasilitering i eldreomsorg»
Christine Øye orienterte via telefon.
Forskningsrådet oppmuntrar til samhandlingsforskning med fokus på velferdsutfordringer.
Forskningsrådet har i 2015 avsatt 50 millionar til prosjekt i tillegg til 30 millionar som kan nyttast i
praksisfeltet. Tiltaket skal vare i 10 år og vil frametter ha ein årleg pott på 130 millionar til
fordeling.
Det er stilt krav til at prosjekta skal ha eit brukarperspektiv og stor nytteverdi. Det vert dirfor
vesentleg å beskrive tiltak for implementering og evaluering.
Øye stilte følgjande spørsmål til SU:
 Korleis kan FOUSAM strukturen bidra til ny kunnskap innanfor eldreområdet?
 Kva er dei spesielle utfordringane?
 Korleis kan FOUSAM samarbeidet fremme forsking for gode helsetenester på
eldreområdet?
Søknadar vil bli send frå senter for omsorgsforsking og dei vil og kunne bidra med midlar for
finansiering av eventuelle prosjekt.
Informasjon vil gå til alle deltakarar i Områdemøter og til Samhandlingsnytt
 Fagnettverk rehabilitering
Det er eit ønske å etablere eit fagleg nettverk for rehabilitering. Etablering av eit nettverk må sjåast
i samanheng med nettverk for koordinerande einingar i føretaksområdet. Ei arbeidsgruppe som er
samansett av representantar frå HSH, kommune og sjukehus vil bli nedsett haust 2015
Representant frå SU stilte spørsmål om rutine for val av representantar til prosjekt og utval. Leiar
av FOUSAM utarbeidar ei skisse med forslag til rutine. Skissa vil bli presentert på neste møte i SU.
 Prosess for faste stillingar i FOUSAM
Korleis skal finansiering av stillingane sikrast? Kva stillingar skal dei kommunale midlane nyttast til?
Saka vil bli sett på agenda til første møte i SU etter sommaren. Ei arbeidsgruppe samansett av Kari
Ugland, Aslaug Tangeraas og Gunn Haraldseid vart nedsett for å førebu saka.
 Forskingskonferansen – utkast til plan
Forskningskonferansen 2015 vil bli gjennomført 21.oktober på Tysværtunet. Se vedlagd forslag til
tema for konferansen.
 FOUSAM nominert til "Årets Samhandlar"
FOUSAM er ein av tre kandidatar som er nominert av «Folkets gave» til årets samhandlarpris.
Prisen vil bli delt ut av Helse- og omsorgsminister Bent Høie under rehabiliteringskonferansen i
august.
 Samhandlingsnytt
Samhandlingsnytt inneheld nå informasjon frå både Samhandlingsutvalet og FOUSAM.
Informasjon som går ut frå FOUSAM bør som hovudregel gå frå FOUSAM adressa, ikkje frå tilsette
sin personlege e-postadresse.
Det vert gjennomført ein questback undersøking haust 2015 for tilbakemelding frå brukarane på
kor nøgde dei er med Samhandlingsnytt og om dei har forslag til forbetringar.
35/15
Oppfølging av sak 18/15. Følgjeavtalen
Helse Fonna meiner at brev frå HOD ikkje er tilstrekkeleg avklarande. Føretaket har bedt om ny
vurdering frå Helse Vest. Helse Fonna tar saka tilbake til SU så snart svar ligg føre.
SU er einige om at avklaring i saka hastar.
36/15
Oppfølging av sak 05/15, 15/15 og 30/15
Handlingsplan for Samhandlingsutvalet.
SU diskuterte utkastet til handlingsplan og var nøgd med oppsett og innhald, men
ønskjer konkretisering av LMS arbeidet i samhandlingsfeltet samt plan for evaluering av
handlingsplanen.
Rapporteringsrutinar i Samhandlingsutvalet vert lagd inn i årshjul for SU arbeidet og tal vil bli
presentert i Samhandlingsnytt.
Handlingsplanen vil bli oppdatert og sendt SU til gjennomsyn før den går ut til kommunar og
helseføretak månadsskifte juni/juli
37/15
Oppfølging av sak 06/15 og 16/15
Organisering av samhandlingskoordinatorstillinga.
Brev med forslag til organisering er send kommunane frå nestleiar i SU.
Karmøy sin representant informerte at saka vart handsama i det kommunale nettverket i førre uke:
 Leiarnettverket stettar at føretaket har leiarvervet i Samhandlingsutvalet også i
2016.
 Leiarnettverket var negative til å nytte sekretær som er tilsett i føretaket. Forslaget
om å tilsette sekretær på undervisningssjukeheimen støttes.
Undervisningssjukeheimen opplevast som ein ressurs som arbeider på tvers av
kommunane og er tett knytt mot FOUSAM
 Val av kommunerepresentantar til Samhandlingsutvalet: leiarnettverket støtter
forslaget om at dei kommunale medlemmane kan veljast for to periodar
 Rådmannsgruppa – og ikkje KS som i dag – bør utnemne medlemmar frå
kommunane.
38/15
Revisjon av hospiteringsavtale
Leiar for arbeidsgruppa, Astrid Håland melde status for arbeidet i møte
Kort oppsummering
 Prosedyre er sterkt forenkla
 Hospitering for fleire faggrupper, også legar og tilsette ved HSH
 Praksisfeltet kan ønskje seg ein hospitant, men må då finansiere dette.
Det vart stilt spørsmål om å få informasjon frå empirisk forsking på effekten av hospitering.
Arbeidsgruppa vil søke å hente slik informasjon.
Samhandlingsutvalet ser det som vesentleg å dokumentere og evaluere effekten av hospitering.
39/15
Elektroniske meldingar frå poliklinikk og terapiteneste i sjukehusa til kommunane
Notat send SU frå EPJ gruppa i føretaket.
Samhandlingsutvalet hadde mange spørsmål og behov for ytterlegare informasjon.
SU ber om at felles IKT gruppe for oppfølgjing av tenesteavtale 9 tar stilling til henvendinga.
40/15
Sjukepleiarfaglege nettverk.
Notat send SU frå verksemdsleiar Sigurd Næss, Kvinnherad kommune
SU ser at det blir vanskeleg å innhente oversikt over alle fagnettverk i regionen.
Retningsliner for oppretting av nettverk i FOUSAM bør utarbeidast.
Leiar av FOUSAM følgjer opp saka og legger fram forslag til sam-organisering av geriatrisk nettverk
og demensnettverket til neste møte i SU
41/15
Toppleiarforum
Dato: 12. november 2015
Arbeidsutvalet informerte status for planlegging av dagen.
Helse – og omsorgsminister Bengt Høie har meld at han ikkje har høve til å prioritere å komme til
forumet.
Samhandlingssjefen i Helse Fonna tar derfor kontakt med helsedirektør Bjørn Guldvog som vil være
ei god erstatning for Høie, og tema kan være informasjon om Primærhelsemeldinga med fokus på
utfordringar i eit samhandlingsperspektiv.
42/15
Analysegruppe
 Medlemmer.
Forslag til medlemmer frå Helse Fonna vil bli send SU frå Berit Haaland
 Mandat
Mandatet vart ikkje gjennomgått. Sak utsatt til neste møte
43/15
Orienteringer
 Innleggelse av demente pasienter i psykiatriske akuttmottak
Skriv frå Fylkesmannen i Hordaland
Problemstillinga er lite kjend i Helse fonna. Demente pasientar bør ikkje leggast inn i Klinikk for
psykisk helsevern, men i Geriatrisk avdeling eller helst handsamast i kommunen.
Kommunane blir oppfordra til å informere skrivet i eigen organisasjon. Kommunane bør ha eit
fokus på å finna lokale løysingar.
 Informasjon om tilsyn med samhandling
Tilsyn er gjennomført. Rapport vert send medlemma i SU når denne ligg føre.
Evt.
Ingen saker til evt.