Ansvarsfordeling eller ansvarsfråskriving?

Ungdom mot EU
Adresse: Storgata 32, 0184 Oslo
Telefon: 22 17 33 46
E-post: [email protected]
www.umeu.no
Vedtatt 27.09.2015
Ansvarsfordeling eller ansvarsfråskriving?
Europa står i dag ovanfor den største flyktningekrisa sidan den andre verdskrigen. Fleire
millionar menneskjer frå Midtausten og Nord-Afrika er på flukt i dag, og over 250 000 har
tadd den risikofylte reisa til Europa, anten til lands eller over Middelhavet hittil i år. Medan
EU sine ministrar no for fullt skal diskutere og mekle om kven som skal ta kor mykje ansvar,
er det nokre få land som for lengst har yta over eiga evne til å ta imot dei som kjem til Europa.
Praktiseringa av reglementet i den mykje omtalte Dublin-avtalen hindrar i dag landa i SørEuropa i å føre ein effektiv asylpolitikk, noko som har gidd stygge konsekvensar for båe
flyktningar og enkeltland. Dublin-forordninga hindrar mange av dei som kjem til Europa i å
søkje asyl ein annan stad enn i det første landet dei kjem til, og forsøk på søknad i eit anna
land medfører tilbakesending. Denne praksisen har ført til at kapasiteten til Italia sine
asylmottak for lengst er sprengt, og kriseramma Hellas har sedd seg nøydde til å plassere
menneskjer på flukt i store leirar, der levestandarden ligg langt under det mange vil kalle
humant.
Samstundes har Ungarn vedteke å stenge grensa mot Serbia, og har med dette bidratt til at
landa langs Middelhavet er dei som må helde fram med å ta størsteparten av børa. To av
Ungarn sine næraste naboar, Serbia og Kroatia, som står utanfor Schengen, fryktar no at ei
stenging av dei ytre grensene slik som Ungarn går inn for, kombinert med den vedvarande
praktiseringa av Dublin-reglementet vil føre til ei lokal akkumulering av flyktningar som på
sikt ikkje er berekraftig.
Fram til no har det sedd ut til at EU sentralt har hadd same tilnærming til flykningekrisa som
til finanskrisa. Medan Tyskland og Austerriket har valt å leggje Dublin-regelverket til side, slit
politikarane i Brüssel med å bli samde om ei felles løysing. Det er forsåvidt ein generell
einigheit om ansvarsfordeling, men ikkje alle som er samde om kva det vil innebere.
Avgjerdet om korleis situasjonen skal bli behandla i ministerrådet blir utsadd, medan
situasjonen for flyktningane og landa i sør berre blir verre.
Ungdom mot EU vil ha ein solidarisk europeisk asylpolitikk som sikrer tryggleik og
verdigheit for dei som treng det, og som bidrar til at enkeltland kan takle krisa på best
mogeleg måte. Schengen-reglementet slik som det står i dag bidrar ikkje til noko av dette,
men fører heller til ei skeiv fordeling av ansvar som ikkje er forsvarleg. Ungdom mot EU
stillar seg positiv til at Noreg frivillig sluttar seg til EUs fordeling av flyktningar, men trur det
uklokt av EU å tvinge medlemsland med i asyldugnaden mot deira meining. Vi stillar oss
Ungdom mot EU
Adresse: Storgata 32, 0184 Oslo
Telefon: 22 17 33 46
E-post: [email protected]
www.umeu.no
positive til Norges initiativ til ein giverlandskonferanse for Syria og vil at ein skal arbeide for
eit internasjonalt samarbeid mellom europeiske land og nærområda til Syria for å finne ei
meir human løysing på den akutte flyktningesituasjonen. Vi stillar oss positive til Norges
initiativ til ein giverlandskonferanse for Syria og vil at ein skal arbeide for eit internasjonalt
samarbeid mellom europeiske land og nærområda til Syria for å finne ei meir human løysing
på den akutte flyktningesituasjonen.