1 Fagplan for norsk 2, trinn 5-10 (30 studiepoeng) – oppdrag Programkode: KFKNU Emnekode og emnenavn Engelsk emnenavn Studieprogrammet emnet inngår i Studiepoeng Semester Undervisningsspråk Norsk 2 emne 1: KFKNU 26100 Norsk 2 emne 2: KFKNU 26200 Norwegian Level 2, Secondary Classes Frittståande vidareutdanning 30 Haustsemester og vårsemester Norsk Fagplan godkjent av studieutvalet 7. mai 2012. Siste revisjon godkjent av prodekan for studier 26. mars 2014. Redaksjonelle endringar 20. januar 2015. Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning 2 Innleiing Språk er grunnleggjande for tenking, forståing, oppleving og kommunikasjon. Ettersom norsk er eit språk- og tekstfag, vert det eit sentralt fag i skole og lærarutdanning. Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag og eit reiskapsfag med særskilt ansvar for opplæring i lesing, skriving og munnleg dugleik. Mål for studiet er å gjere lærarar i stand til å møte norskfaglege utfordringar i eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn. Studiet profesjonaliserer i høve til elevtekst, både når det gjeld elevar si forståing av tekst og deira produksjon av eigne tekstar: munnlege, skriftlege og samansette. Vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter blir såleis sentralt. Å etablere forståing for linjene mellom fortid og samtid i språk og tekstkultur er likeeins eit mål for studiet. I språklege så vel som litterære emne vil norsk 2 integrere eit andrespråksperspektiv og eit interkulturelt perspektiv. Studiet skal gi studentane høve til å utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for tilpassa norskopplæring i grunnskolen. Arbeidet med norskfaget skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring og studentane sitt eige arbeid med språk og tekstar. Målgruppe Studiet er ei nettbasert vidareutdanning med samlingar for lærarar på 5.-10. trinn som har 30 studiepoeng i norsk eller tilsvarande. Studiet er eit deltidsstudium, og studentane må levere arbeidskrav knytt til pensum for emnet og til eiga undervisning i grunnskolen. Opptakskrav Opptakskrav er bestått lærarutdanning og norsk 1 trinn 5-10, (30 studiepoeng) eller norsk 1 (30 studiepoeng) frå allmennlærarutdanninga. Studentar som får studieplass, må vere i arbeid som lærar. Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom søkjaren berre manglar faget ho/han søkjer på, for å fullføre lærarutdanninga si. Emne 1 må vere bestått for å starte på emne 2. Innhald og oppbygging Norsk 2 trinn 5-10 (30 studiepoeng) er bygd opp av to emne á 15 studiepoeng. Innhaldet i emne 2 byggjer på innhaldet i emne 1. 3 Emne 1 - Kommunikasjon, danning og identitetsutvikling i eit fleirkulturelt samfunn - Litteratur lese historisk og interkulturelt - Språkendringar i fortid og samtid - Fleirspråklegheit, andrespråklæring og andrespråkundervisning Emne 2 - Kommunikasjon danning og identitetsutvikling i eit fleirkulturelt samfunn - Samtidslitteratur og samansette tekstar - Film som kulturelt uttrykk, fiksjon og film, forteljarteoriar og adaptasjon - Retoriske perspektiv på munnleg kommunikasjon, elevtekstar og andre tekstar - Vidareutvikling av leseferdigheiter - Skriveopplæring og vurdering Studiet er lagt opp for å sikre ein god heilskap og progresjon frå emne 1 til emne 2. Den historiske dimensjonen i arbeid med litteratur og språk er fokusert i emne I, medan emne 2 handlar om lesedidaktikk, skriveopplæring og retorikk i eit samtidsperspektiv. Kunnskap om fleirspråklegheit på individnivå og samfunnsnivå og didaktikk for fleirspråklege klasserom er eit gjennomgåande perspektiv i begge emna. Studentane møter ulike tekstar i form av skjønnlitteratur og sakprosa, og dei blir utfordra til å drøfte og reflektere omkring identitet og fellesskap, etikk og verdiformidling. Studentane skal lære å analysere, vurdere og formulere faglege og metodiske problemstillingar. Dei skal drøfte vurderingskriterium og premissar for responsarbeid i studiet og i eigen praksis. Arbeids- og undervisningsformer Studiet er nettbasert med samlingar på Høgskolen i Oslo og Akershus. Kvart emne har tre samlingar og avsluttande eksamen. Kvar samling går over to dagar. Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, faglege ressursar og individuell oppfølgjing frå lærar skjer digitalt. I tillegg til undervisning blir samlingane brukt til erfaringsdeling med utgangspunkt i undervisningserfaringene til deltakerane. 4 Deltakarane arbeider med skriftlege oppgåver mellom samlingane: arbeidskrav. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og arbeid med norsk i klasserommet. Studentene skal lære å vurdere elevens utvikling i dei ulike delane av norskfaget. Studentane får øving i å reflektere didaktisk om vurdering og bruke ulike vurderingsformer i arbeid med litterære og språklige emne. Læreplanforståing inngår i dette arbeidet. Arbeidskrav Dei skriftlege oppgåvene er arbeidskrav som vert knytte til dei ulike fagemna. Desse arbeidskrava må vere bestått før studenten kan gå opp til eksamen. Sjå meir om arbeidskrav under emne 1 og emne 2. Arbeidskrav skal vere levert/utført innan fastsett(e) frist(ar). Fråvær dokumentert med til dømes sjukemelding, fritar ikkje for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. I kvart einskilt høve må ein avtale med læraren ny frist for å innfri arbeidskrav. Arbeidskrav blir vurdert til ”Godkjent” eller ”Ikkje godkjent”. Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga ”Ikkje godkjent”, har høve til maksimum to nye innleveringar/utføringar. Studentane må då sjølve avtale ny innlevering og vurdering av arbeidskravet med faglærar. Vurderings-/eksamensformer og sensorordningar Retten til å gå opp til eksamen føreset godkjende arbeidskrav. Eksamenskarakteren frå kvart emne tel 50 prosent av avsluttande karakter og blir slått saman til ein samla karakter for studiet. Det blir nytta gradert karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått. Sjå meir om vurdering og eksamen under kvart emne. Forklaring på graderte karakterar: Symbol A Nemning Framifrå Kvalitativ forklaring for eksamen Arbeidet er ein framifrå prestasjon som klart skil seg ut. Det vitnar om særs god fagkunnskap, stor grad av sjølvstendig tenking og har særs godt språk. 5 B Mykje god C God D Nokså god E God nok F Ikkje godkjend Arbeidet er ein mykje god prestasjon som ligg over gjennomsnittet. Det vitnar om mykje god fagkunnskap, sjølvstendig tenking og har mykje godt språk. Arbeidet er ein gjennomsnittleg prestasjon som har innslag av sjølvstendig tenking og er tilfredsstillande når det gjeld fagkunnskap og språk. Arbeidet er ein prestasjon under gjennomsnittet med manglar i fagkunnskap og/eller språk. Arbeidet har store manglar i fagkunnskap og/eller språk, men tilfredsstiller minimumskrava. Arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til fagkunnskap og/eller språk. Ny/utsett eksamen Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen. Høve til å klage Det kan klagast over karakterfastsetting og på formelle feil i samsvar med lov om universitet og høgskolar, jf. også Forskrift om studier og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus. 6 Emneplanar Plan for emne 1 (15 studiepoeng) KFKNU 26100 Emnekode og emnenavn Norsk 2 emne 1: KFKNU26100 Engelsk emnenavn Norwegian Level 2 Studieprogrammet emnet inngår i Frittståande oppdragsstudium Studiepoeng 15 Semester 1. semester (haust) Undervisningsspråk Norsk Innleiing Emne 1 ligg i haustsemesteret og har avsluttande skriftleg heimeeksamen før jul. Målforma er bokmål. Studentane må levere to arbeidskrav før dei kan gå opp til eksamen: eit fagnotat om eit litterært emne og eit fagnotat om eit språkleg emne, (om lag 2500 ord på kvart notat). Det eine fagnotatet skal skrivast på nynorsk, det andre på bokmål. Læringsutbytte Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, dugleik og generell kompetanse: Kunnskap Studenten - har kunnskap om språklege endringsprosessar i fortid og samtid - har innsikt i talemålsvariasjon i norsk på historisk og dialektologisk grunnlag - har kunnskap om eldre nordisk skjønnlitteratur, litteraturhistorie og ulike tilnærmingar til didaktisk arbeid med litteratur - har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk - har kunnskap om bruk av digitale verktøy i norskfaget - har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag Dugleik Studenten - kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråknormering i skriveopplæring frå 5. til 10. trinn 7 - kan gjennomføre god undervisning i nynorskdidaktikk - kan gjennomføre god undervisning i fleirspråklege klasserom og bruke fleirspråklegheit som ressurs i undervisninga - kan lese, analysere, tolke og vurdere norske tekstar og eit utval av samiske tekstar, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn ein kulturell og offentleg samanheng - kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering Generell kompetanse Studenten - er stødig i bokmål og nynorsk - kan formidle norskfagleg innsikt og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper - kan arbeide med språk og tekst i fleirspråklege klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing som tar den fleirkulturelle røyndomen på alvor - kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane Innhald - Norsk litteratur frå norrøn tid til 1900-talet – didaktiske tilnærmingar i dagens skole - Språkendringar i talemålet – historisk og i dag - Språknormering historisk og i dag - Nynorskdidaktikk - Fleirspråklegheit på individnivå, samfunnsnivå og i klasserommet Arbeids- og undervisningsformer Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, faglege ressursar og individuell oppfølgjing frå lærar skjer i hovudsak digitalt. Deltakarane arbeider med skriftlege oppgåver knytt til pensumstoff og eiga undervisning mellom samlingane. Desse vert leverte som arbeidskrav i Fronter til fastsette frister. Arbeidskrav Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen i emne 1: Eit fagnotat om eit litterært emne (omfang 2500 ord) Eit fagnotat om eit språkleg emne (omfang 2500 ord) Studentane vel sjølve rekkefølgda når det gjeld språkleg og litterært emne, men det første fagnotatet skal vere på nynorsk, det andre skal vere på bokmål. 8 Vurderings-/eksamensformer og sensorordningar Den avsluttande vurderinga i emne 1 er ein individuell skriftleg heimeeksamen med oppgåver som kombinerer språklege og litterære emne. Omfang er 5000 ord. Målform er bokmål. Eksamen vert vurdert av intern sensor. Ekstern sensor tar stikkprøver av eksamenssvara som er sensurerte av intern sensor. Samsensur dannar grunnlag for karaktersettinga. Ny/utsett eksamen Ny og utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen. Ved første ny og utsett eksamen kan det leverast ein omarbeidd versjon av ordinær eksamen. Ved seinare forsøk må ny heimeeksamen leverast. Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen. Vurderingsuttrykk Det blir nytta graderte karakterar. Sjå forklaringar om graderte karakterar i den generelle delen. Pensum Språkdelen Bøker Bjarnø, Vibeke, Nergård, Mette Elisabeth og Finn Aarsæther (2013): Språklig mangfold og læring. Didaktikk for flerspråklige klasserom. Gyldendal Akademisk. Oslo. kapittel 1, 2 og 8 (70 sider). Engen, Thor Ola og Lars Anders Kulbrandstad (2004): Tospråklighet, minoritetsspråk og minoritetsundervisning. Gyldendal akademisk. Oslo. Kap. 2, 4, 5 og 7 (110 sider). Papazian, Erik og Botolv Helleland (2005): Norsk talemål – lokal og sosial variasjon. (minus kapittel 4) Høyskoleforlaget. Kristiansand. (60 sider). Skjong, Synnøve og Jansson, Kolberg, Benthe (2011): Norsk=nynorsk og bokmål. Ei grunnbok om nynorsk i skolen. Det norske Samlaget. Oslo. kapittel 4, 7, 8, (70 sider). Torp, Arne og Lars Vikør (2003): Hovuddrag i norsk språkhistorie. Gyldendal akademisk. Oslo. 9 Indre språkhistorie: allment frå side 21-33, Ytre språkhistorie: kapittel 5, 6, 8, 9,10, 11,12,13,14,15,16 (ca. 180 sider). Kompendium Lindberg, I. (1999): «Samtalet som didaktisk verktyg» i: Naucler, K: (red) 2001 Symposium – ett andraspråksperspektiv på lärande (33 s.) (kompendium). Spurkland, Terje (2002): «Språkhistorie før 1814» i Egil Børre Johnsen Vårt eget språk. (9 s.) (kompendium). Teoripensum i språk er: 532 sider. Litteraturdelen Tekstpensum (i kronologisk orden) Soga om Tristram og Isond Soga om Gisle Sursson Trymskvida (kompendium) Middelalderballader: Bendik og Årolilja, Villemann og Magnill (kompendium) Henrik Wergeland: «Min lille Kanin», ”Juleaftenen”, «Småguttenes nasjonalsang» Maurits Hansen: «Lille Alvhilde» (legges ut digitalt) H.C. Andersen: ”Snedronningen”, ”Den lille havfrue” (kompendium) Henrik Ibsen: Peer Gynt Henrik Ibsen: ”Terje Vigen” (kompendium) Bjørnstjerne Bjørnson: Synnøve Solbakken Per Sivle: «Berre ein hund» Arne Garborg: Haugtussa Rasmus Løvland: ein roman Teoripensum Andersen, Per Thomas (2012): Norsk litteraturhistorie. Universitetsforlaget. Oslo. (75 sider). Bø, Gudleiv (2006): Å dikte Norge. Dikterne om det norske. Bergen: Fagbokforlaget. (50 sider) (kompendium). 10 Mjør, Ingeborg, T. Birkeland og G. Risa: Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar. LNU/Cappelen Akademisk. Oslo. kapittel 1, 2, 4 (60 sider). Skardhamar, Anne Kari (2005): Kunsten å lese skjønnlitteratur. Om lesestimulering og lesekompetanse. Del II og del III. Universitetsforlaget. Oslo. (ca. 165 sider). Teoripensum i litteratur: 350 sider. Planar og rettleiingar Læreplan i norsk, revidert i 2013. Utdannings og forskningsdepartementet, 2006. Læreplan for grunnskolen. Kunnskapsløftet 2006. Utdannings og forskningsdepartementet, 2007. Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter. Utdanningsdirektoratet, 2007. Kartleggingsmateriell Språkkompetanse i grunnleggende norsk. Utdanningsdirektoratet, 2007. Veiledning til læreplan i grunnleggende norsk. Seksjonen tar atterhald om endring/revidering i pensumlitteraturen. Dette vil bli gjort i samråd med studentane, og på vilkår av at studieleiar godkjenner endringane. 11 Emne 2 (15 studiepoeng) Plan for emne 2 (15 studiepoeng) KFKNU 26200 Emnekode og emnenavn Norsk 2 – emne 2 KFKNU 26200 Engelsk emnenavn Norwegian Level 2 Studieprogrammet emnet inngår i Frittståande oppdragsstudium Studiepoeng 15 Semester 2. semester (vår) Undervisningsspråk Norsk Førkunnskapar Emne 2 byggjer på emne 1. Arbeidskrav og eksamen i emne 1 må vere bestått før studentar startar på emne 2. Læringsutbytte Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, dugleik og generell kompetanse: Kunnskap Studenten - har utvida innsikt i korleis gutar og jenter på 5-10. trinn kan motiverast til lesing og vidareutvikle lesefortåing og lesestrategiar, både elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk - har utvida innsikt i korleis elevar på 5.-10. trinn kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk - har utvida kunnskap om munnlege og skriftlege sjangrar i tradisjonelle og moderne medium og innsikt i korleis elevar på ungdomstrinnet utviklar kunnskap om desse og kan bruke dei i eige tekstarbeid - har kunnskap om sentrale verk i norsk skjønnlitteratur frå 1900 til i dag, litteraturteori og didaktiske tilnærmingar - har kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til nasjonale minoritetspråk? - har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis, og om det å lære norsk som eit andrespråk 12 - har kunnskap om retorikk Dugleik Studenten - kan skrive godt på nynorsk og bokmål - kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon for elevar frå 5-10. trinn, og grunngi karakterane som vert sette - kan leggje til rette for og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane - kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med tanke på innhald og form - kan lese, analysere, tolke og vurdere tekstar (også samansette), sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn ein kulturell og offentleg samanheng - kan setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk (og annan internasjonal?) litteratur. - bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering - kan analysere og tolke tekstar om migrasjon og sjå dei i lys av i aktuelle og/eller historiske situasjonar - rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon, med retorikk eller andre faglege tilnærmingar som verktøy Generell kompetanse Studenten - er ein sikker munnleg språkbrukar og stødig i bokmål og nynorsk - kan arbeide med språk og tekst i fleirspråklege klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing som tar den fleirkulturelle røyndomen på alvor - kan rettleie elevar i arbeid med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølv, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i samfunnet - bruke fleirspråklegheit som ressurs i undervisning - formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper - kan bruke faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon - kan vurdere norskfaget og eigen praksis og grunngi vurderingane Innhald Vidareutvikling av leseferdigheiter, leseforståing, lesestrategiar, motivasjon Arbeid med elevtekst, skriveopplæring og vurdering Samtidsdikting og samtidstekstar i andre sjangrar: for eksempel essay og film 13 Retorikk som verktøy for forståing og produksjon av skriftlege, munnlege og samansette tekstar Arbeid med litteratur i fleirspråklege klasserom Arbeidskrav Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen i emne 2: - Eit fagnotat med analyse og vurdering av ein elevtekst. Omfang: 2500 ord. Målform: bokmål. Vurderings-/eksamensformer og sensorordningar Avsluttande eksamen i emne 2 er ei individuell skriftleg semesteroppgåve med sjølvvald problemstilling. Omfang: ca. 5000 ord. Målform: nynorsk. Det vert gitt gradert karakter på oppgåvesvaret. Eksamen vert vurdert av intern sensor. Ekstern sensor tar stikkprøver av eksamenssvara som er sensurerte av intern sensor. Samsensur dannar grunnlag for karaktersettinga. Ein intern sensor les alle oppgåvesvara, og ein ekstern sensor les eit uttrekk. Ny/utsett eksamen Ny og utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen. Ved første ny og utsett eksamen kan det leverast ein omarbeidd versjon av semesteroppgåva. Ved seinare forsøk leveres ny semesteroppgåve. Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen. Vurderingsuttrykk Det blir nytta graderte karakterar. Sjå forklaringar om graderte karakterar i den generelle delen. Pensum Språkdelen Bøker Andersen, Øyvind, 1995. I retorikkens hage. Universitetsforlaget. Oslo. Kapittel 1, 2, og 3 (90 sider). Bakken, Jonas, 2014 (2. utgave). Retorikk i skolen. Universitetsforlaget Oslo. Del I og del II. (116 sider). 14 Berggreen, Harald, K. Sørland og V. Alver (2012): God nok i norsk. Språk- og skriveutvikling hos elever med norsk som andrespråk. Cappelen Damm A/S. Oslo. Innledning, del I, II og III (100 sider). Braaten, Ivar (red.) 2007: Leseforståelse, kapittel 1, 3 ,7 ,8 ,9 ,10 og 11 Cappelen forlag. Oslo. (ca. 200 sider). Haugaløkken, Ove Kristian, Lars Sigfred Evensen, Frøydis Hertzberg Frøydis og Hildegunn Otnes (2009) : Tekstvurdering som didaktisk utfordring. Universitetsforlaget. Oslo. Desse to artiklane i denne boka: Dysthe, Olga og Frøydis Hertzberg, 2009. ”Den nyttige tekstresponsen - hva sier nyere forskning?” (Side 35-44, 9 sider). Aase, Laila, 2009. ”Formalisme som støtte eller fallgruve i en danningsorientert skriveopplæring – det tradisjonelle dilemma.” (Side 117-127, 10 sider). Skjong, Synnøve og Tone Senje (2005): Elevfortellinger. Kapittel 2, 3, 4, 5. Cappelen Akademisk Forlag. (106 sider) Eit kompendium med desse tekstane: Austad, Ingolv 2003. ”Lesing som forståelse” i Austad, Ingolv (red.) 2003. Mening i tekst. Teorier og metoder i grunnleggende lese- og skriveopplæring. Cappelen. Oslo. (kompendium) (18 sider). Kuyumcu, Eija, 2004. ”Genrer i skolans språkutvecklande arbete.” i Hyltenstam, Kenneth og Inger Lindberg (red.) 2004. Svenska som andraspråk – i forskning, undervisning och samhälle. Studentlitteratur. (kompendium) (22 sider). Nyrnes, Aslaug, 2007. “Retorisk pedagogikk” i Nordhaug, Odd og Hans-Ivar Kristiansen, 2007. Retorikk, samtid og samfunn. Forlag 1. Oslo. (kompendium) (22 sider). Ryen, Else, 1999. ”Fagspråk – språk for spesielle formål” i Hagen, Jon Erik og Kari Tenfjord (red.) 1999. Andrespråksundervisning. Teori og praksis. Oslo: Ad Notam Gyldendal (kompendium) (26 sider). Vadsten, Marit (2014): «Kopling av straumkrinsar i alle skulekrinsar i Nesset kommune. Skrive fagtekst –eit utviklingsprosjekt i fagskriving og vurdering av elevtekstar. Skulebasert 15 kompetanseutvikling på kommunenivå» i Kringstad, Trude og T. Kvithyld (red.): Vurdering av skriving. Fagbokforlaget. Bergen. 2014 (36 sider) (legges ut digitalt). Teoripensum i språk er: 755 sider. Litteraturdelen Tekstpensum, for eksempel: Aina Basso (2012): Inn i elden Jens Bjørneboe (1957): Jonas Bjarte Breiteig (2014): Mine fem år som far Ein samisk roman eller ei forteljing (omsett til norsk) Ei biletbok for ungdom Jon Fosse (1996): Nokon kjem til å komme. Oslo. Det Norske Samlaget Kaled Hosseini: Tusen strålende soler Rønnaug Kleiva (2010): Notat vedrørande kjærleik, to tekstar frå samlinga Mirjam Kristensen (2005): En ettermiddag om høsten Sara Azmeh Rasmussen (2012): Skyggeferden Arne Svingen: Svart elfenben Tarjei Vesaas (1940): Isslottet. Oslo: Gyldendal Dikt Til sammen 15-20 dikt i samråd med faglærar Essay Essays for ungdom – tre tekstar. Eikemo, Marit (2008): ”Oddaprosessen” og ”Ingen tittel på grava” frå samlinga Samtidsruinar Spartacus, Oslo. (kompendium). Filmar Ei filmatisering av ein roman. Teoripensum Andersen, Per Thomas (2012): Norsk litteraturhistorie. Universitetsforlaget. Oslo. (ca 50 sider). 16 Engelstad, Arne og Elise Seip Tønnesen: 2011, Film. En innføring. Oslo: Cappelen Damm kap 2, 3 og 6 (110 sider). Farsethås, Ane (2012): Herfra til virkeligheten. Lesninger av 00-tallets litteratur Cappelen forlag. Kapittel 1, 3, 5, 6 og 8 ( 230 sider). Penne, Sylvi (2007): ”Min mening og min verden – om kulturer, klasser og litteraturundervisning på ungdomstrinnet” i Eskildsson, Olle og Andreas Redfors (red.) Âmnesdidaktik ur ett nationellt och internationellt perspektiv. (9 sider) (kompendiet). Strand, Torill (2009): Litteratur i den flerkulturelle skolen: Mangfold, migrasjon og muligheter. Oslo: Universitetsforlaget. Kapittel 3, 4, 6, og 7 (74 sider). Teoripensum i litteratur er: 473 sider. Planar og rettleiingar Læreplan i norsk, revidert i 2013. Utdannings og forskningsdepartementet, 2006. Læreplan for grunnskolen. Kunnskapsløftet 2006 Utdannings og forskningsdepartementet, 2007. Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter. Utdanningsdirektoratet, 2007. Kartleggingsmateriell Språkkompetanse i grunnleggende norsk. Utdanningsdirektoratet, 2007. Veiledning til læreplan i grunnleggende norsk. Seksjonen tar atterhald om endring/revidering i pensumlitteraturen. Dette vil bli gjort i samråd med studentane og på vilkår av at studieleiar godkjenner endringane.
© Copyright 2024