Norsk 1, trinn 5-10 (30 stp) - oppdrag 2015-2016

1
Fagplan for norsk 1, trinn 5-10 (30 studiepoeng)
– oppdrag
Programkode KFKNU1
Fagplanen byggjer på forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanningane for 1. – 7. trinn og 5.
– 10. trinn, fastsett av Kunnskapsdepartementet 1. mars 2010, nasjonale retningslinjer for
grunnskolelærerutdanninga 5. – 10. trinn og programplan for grunnskolelærarutdanning for 5. – 10.
trinn ved Høgskolen i Oslo og Akershus, fastsett av avdelingsstyret 6. mai 2010.
Fagplan godkjent av studieutvalget 7. mai 2012. Redaksjonell endring 15. desember 2014.
Innleiing
Språk er grunnleggjande for tenking, forståing, oppleving og kommunikasjon. Dette gjer norskfaget til
eit sentralt fag i skole og lærarutdanning. Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag og
eit reiskapsfag. Norskfaget har eit særleg ansvar for opplæring i tre av dei grunnleggjade dugleikane: å
kunne uttrykke seg munnleg, å kunne uttrykke seg skriftleg og å kunne lese. Norsklærarar må ha
kunnskapar om språkutvikling, ordtilfang- og omgrepslæring. Dei må ha kunnskapar om utvikling av
lesing og skriving, språk og litteratur. Lese- og skrivekunnskapar legg grunnlag for vidare utdanning og
arbeidsliv. Norsklærarar må ha innsikt i litterære tekstar som kan engasjere barn og unge.
Mål for studiet er å gjere lærarar i stand til å møte norskfaglege utfordringar i eit fleirkulturelt og
multimedialt samfunn. Studiet skal gi studentane høve til å utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for
tilpassa norskopplæring i grunnskolen. Arbeidet med norskfaget skal sikre eit vekselspel mellom
teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studentane sitt eige arbeid med språk og tekstar og didaktisk
refleksjon.
Målgruppe
Studiet er ei nettbasert vidareutdanning med samlingar for lærarar på 5.-10. trinn som har mindre
enn 30 studiepoeng i norsk. Studiet er eit deltidsstudium, og studentane har arbeidskrav knytt til
undervisning i grunnskolens 5.-10. trinn.
Opptakskrav
Opptakskrav er bestått lærarutdanning. Studentar som får studieplass, må vere i arbeid som lærar.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom søkjaren berre manglar faget ho/han søkjer
på, for å fullføre lærarutdanninga si.
2
Innhald og oppbygging
Norsk 1, 5-10 (30 studiepoeng) – kompetanse for kvalitet er bygd opp av to emne á 15 studiepoeng.
Innhaldet i emne 2 byggjer på innhaldet i emne 1.
-
Emne 1: hovudsakeleg om skriving, elevtekstar og grammatikk
-
Emne 2: hovedsakeleg om lesing , litterære tema, fleirspråklegheit og nynorskdidaktikk
Studiet er lagt opp for å sikre ein god heilskap og progresjon frå emne 1 til emne 2. Det gir innføring
i språklæring i eit fleirspråkleg, fleirkulturelt og internasjonalt perspektiv, språket som system,
norskdidaktikk og eit rikt og variert utval av tekstar både til personlig og fagleg vekst og til bruk i
undervisning for både gutar og jenter på 5.-10. trinn.
Studiet gir ei fagdidaktisk tilnærming til sentrale emne i tekstfaget norsk: skjønnlitteratur, sakprosa,
skjermtekstar, språkkunnskap, retorikk, vidaregåande lese- og skriveopplæring, mappe som
vurderingsform, anna form for vurdering og IKT som reiskap i norskfaget. Tilpassa opplæring og den
fleirkulturelle skolen er eit gjennomgåande perspektiv. Studentane møter ulike tekstar i form av
skjønnlitteratur og sakprosa, og dei blir utfordra til å drøfte og reflektere omkring identitet og
fellesskap, etikk og verdiformidling.
Studentane skal lære å analysere, vurdere og formulere faglege og metodiske problemstillingar. I
studiet lærer studentane å evaluere arbeida til kvarandre og eigne arbeid og prestasjonar. Dei skal
drøfte vurderingskriterium og premissar for responsarbeid i studiet og i eigen praksis.
Arbeids- og undervisningsformer.
Studiet er nettbasert med samlingar på Høgskolen i Oslo og Akershus. Kvart emne har tre samlingar
og avsluttande eksamen. Kvar samling går over to dagar. Deltakarane arbeider i faste grupper.
Gruppene støttar kvarandre i arbeidet, utvekslar erfaringar på nettet og kommenterer oppgåver.
Nokre arbeidskrav er knytt til gruppearbeid (sjå meir under kvart emne).
Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, faglege ressursar og individuell oppfølgjing
frå lærar skjer i nettbasert forum. I tillegg til undervisning blir samlingane brukt til erfaringsdeling med
utgangspunkt i praksisopplegg deltakarane gjennomfører i eigen klasse.
Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane. Oppgåvene knyter
saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og praksisaktivitetar i klasserommet.
3
Studentene skal lære å vurdere elevens utvikling i dei ulike delane av norskfaget. Dei skal tileigne seg
kunnskap om vurderingskriterier og ulike vurderingsformer. Studentane får øving i å reflektere
didaktisk om vurdering og bruker ulike vurderingsformer i arbeid med litterære og språklige emne.
Læreplanforståelse og kunnskap om vurderingsmåtar er sentrale tema.
Arbeidskrav
Det er knytt arbeidskrav til kvart emne. Desse arbeidskrava må vere bestått før studenten kan gå
opp til eksamen. Sjå meir om arbeidskrav under emne 1 og emne 2.
Arbeidskrav skal vere levert/utført innan fastsett(e) frist(ar). Fråvær dokumentert med til dømes
sjukemelding, fritar ikkje for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan
dokumentert årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. I kvart
einskilde høve må ein avtale med læraren ny frist for å innfri arbeidskrav.
Arbeidskrav blir vurdert til ”Godkjent” eller ”Ikkje godkjent”. Studentar som leverer/utfører
arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga ”Ikkje godkjent”, har høve til maksimum to nye
innleveringar/utføringar. Studentane må då sjølve avtale ny innlevering og vurdering av arbeidskravet
med faglærar.
Vurderings-/eksamensformer og sensorordningar
Retten til å gå opp til eksamen føreset godkjende arbeidskrav. Eksamenskarakteren frå
munnleg eksamen i emne 1 tel 49 prosent av avsluttande karakter, og eksamenskarakteren
frå mappeeksamen i emne 2 tel 51 prosent av avsluttande karakter. Desse to karakterane
blir slått saman til ein samla karakter for studiet. Det blir nytta gradert karakterskala frå A til
E for bestått og F for ikkje bestått.
Sjå meir om vurdering og eksamen under kvart emne.
4
Forklaring på graderte karakterar:
Symbol
Nemning
Kvalitativ forklaring for eksamen
Arbeidet er ein framifrå prestasjon som klart skil seg ut. Det vitnar om
A
Framifrå
særs god fagkunnskap, stor grad av sjølvstendig tenking og har særs godt
språk.
Arbeidet er ein mykje god prestasjon som ligg over gjennomsnittet. Det
B
Mykje god vitnar om mykje god fagkunnskap, sjølvstendig tenking og har mykje godt
språk.
Arbeidet er ein gjennomsnittleg prestasjon som har innslag av
C
God
sjølvstendig tenking og er tilfredsstillande når det gjeld fagkunnskap og
språk.
D
Nokså god
E
God nok
F
Ikkje
godkjend
Arbeidet er ein prestasjon under gjennomsnittet med manglar i
fagkunnskap og/eller språk.
Arbeidet har store manglar i fagkunnskap og/eller språk, men
tilfredsstiller minimumskrava.
Arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til fagkunnskap og/eller
språk.
Ny/utsett eksamen
Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved
Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett
eksamen.
Høve til å klage
Det kan klagast over karakterfastsetting og på formelle feil i samsvar med lov om universiteter og
høyskoler, jf. også forskrift om eksamen og studier ved Høgskolen i Oslo og Akershus.
5
Emneplanar
Emne 1 (15 studiepoeng)
Emnekode og emnenavn
KFKNU16100 Norsk 1 trinn 5-10 emne 1
Engelsk emnenavn
Norwegian level 5-10 Course 1
Studieprogrammet emnet inngår i
Frittståande oppdragsstudium
Studiepoeng
15
Semester
1. semester (haust)
Undervisningsspråk
Norsk
Innleiing
Emne 1 ligg i haustsemesteret og har avsluttande munnleg eksamen før jul. Skriving og vurdering har
ein sentral plass saman med språklege emne og elevtekstanalyse. Studentane har arbeidskrav som
føreset arbeid i eigne grunnskoleklassar.
Læringsutbyte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert som kunnskap, dugleik og generell
kompetanse:
Kunnskap
Studenten
-
har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
-
har kunnskap om metaspråk og språklig medvit
-
har kunnskap om relevante teorier om skriving, skriveopplæring og skrivestrategiar
-
har omfattande innsikt i korleis elever på mellomtrinnet og ungdomstrinnet kan vidareutvikle
skrivinga si
-
har kunnskap om vurdering og vurderingsformer
-
har kunnskap om gjeldande læreplanen for skolens norskfag
-
har kunnskap om bruk av digitale verktøy i norskfaget
Dugleik
Studenten
-
kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring frå 5. til 10. trinn
-
kan leggje til rette for at elevane får skrive sakprega tekster og fiksjonstekstar av ulike slag
6
-
kan rettleie og vurdere skriftleg tekstproduksjon hos elevar på på mellomtrinnet og
ungdomstrinnet
-
kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av skriftlege
elevtekster for å fremme læring
-
kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for
vurdering
-
kan bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
Generell kompetanse
Studenten
-
er stødig i skriftlig bokmål og nynorsk
-
kan formidle norskfagleg innsikt og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
-
kan leggje til rette for arbeid med språk og skriving og oppfordre dei til aktiv deltaking i det
offentlege liv
Innhald
-
Skriving i ulike sjangrar
-
Skrivestrategiar og teoriar om skriving
-
Vurdering
-
Bruk av digitale verktøy og digitale læringsressursar i skriving
-
Prosessorientert skriving og skrivemappe i klasserommet
-
Læremiddel. Sakprosatekstar, samansette tekstar
-
Elevtekstanalyse og -vurdering
-
Mellomspråk og språklæring
-
Grammatisk kunnskap: fonologi, morfologi og syntaks
Arbeids- og undervisningsformer
Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, faglege ressursar og individuell oppfølgjing
frå lærar skjer i nettbasert forum. Arbeidet med sakprosaskriving i grunnskolen og analyse av
elevtekstar forutset innlevering i Fronter, og studentane får rettleiing i dette arbeidet gjennom
skriftleg dialog med faglærar på nettet. I tillegg til undervisning blir samlingane brukt til erfaringsdeling
med utgangspunkt i praksisopplegg deltakarane gjennomfører i eigen klasse.
Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane.
Arbeidskrav
Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen i emne 1:
7

Gruppeoppgåve (5 000 ord): Utprøving og vurdering av sakprosaskriving i i eigen klasse i
grunnskolen. Oppgåva føreset deltaking på første og andre samling, erfaringsutveksling og
samskriving på nettet. Faglærar gir respons på gruppeoppgåva før endeleg innlevering.
Innlevering på Fronter. Målform: nynorsk

Individuell oppgåve (2 000 ord): Elevtekstanalyse på makro- og mikronivå med vurdering.
Innlevering på Fronter. Målform: bokmål
Vurderings-/eksamensformer og sensorordningar
Den avsluttande vurderinga på emne 1 er ein individuell munnleg eksamen i språklege tema. Det blir
nytta to interne sensorar. Tilsynssensor evaluerer vurderingsformer og vurderingsprosessar i
studieprogrammet. Munnleg eksamen blir halden på Høgskolen i Oslo og Akershus.
Ny/utsett eksamen
Ny og utsett eksamen gjennomføres på same måte som ved ordinær eksamen.
Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved
Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett
eksamen. Ny/utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen.
Vurderingsuttrykk
Det blir nytta graderte karakterar. Sjå forklaringar om graderte karakterar i den generelle delen.
Pensum
Elevtekstar
Tre elevtekstar til utprøving og vurdering av sakprosaskriving (arbeidskrav)
Ei elevfortelling til analyse (arbeidskrav)
Teoripensum (781 s.)
Bøker
Aase, L. (2005): Litterære samtalar. I: Nicolaysen, Bjørn Kvalsvik; Aase, Laila (red.):
Kulturmøte i tekstar. Litteraturdidaktiske perspektiv. Oslo: Det norske Samlaget (17 s.)
Christensen, H. og Ulleberg, I. (2013): Kapittel 2 og 11. Gyldendal akademisk (35 s.)
Christensen, H. og Stokke, R. S. (2015): Samtalens didaktiske muligheter. Kapittel 4 og 5. Gyldendal
akademisk (35 s.)
Haugaløkken O. K., Evensen L. S., Hertzberg F. og Otnes H. (red.) (2009): Tekstvurdering som didaktisk
utfordring. Kapittel 2, 3 og 6 . Universitetsforlaget (25 s.)
Iversen, H., Otnes, H. og Skarbø Solem, M. (2011): Grammatikken i bruk, (Kapittel 1, 4, 8 og 9).
Cappelen Akademiske (100 s.)
Kalleberg, K. og Kleiveland, A. E. (red.) (2010): Sakprosa i skolen. Kapittel 4 og 6. Fagbokforlaget (23
s.)
Matre, S., Kibsgaard Sjøhelle, D. og Solheim, R. (2012): Teorier om tekst i møte med skolens lese- og
skrivepraksiser. Kapittel 3, 9 og 12. Universitetsforlaget (33 s.)
8
Nergård, M. E. og Tonne, I. (red.) (2008): Språkdidaktikk for norsklærere. Kapittel 1, 2 , 3, 4 og 5.
Universitetsforlaget (100 s.)
Penne, S. (2001): Norsk som identitetsfag. Universitetsforlaget (300 s.)
Senje, T. og Skjong, S. (2005): Elevfortellinger. Analyse og vurdering. Kapittel 1, 2, 3, 4 og 5. Cappelen
Akademiske (113 s.)
Utfyllande faglitteratur
(ikkje pensum, men ei god støtte til å forstå pensum betre)
Dobson, S. og Engh, K. R. (2010): Vurdering for læring i alle fag. Høyskoleforlaget
Dysthe, O. (2001): Dialog, samspel og læring. Abstrakt forlag
Hennig, Å. (2012): Effektive lesere snakker sammen. Gyldendal akademisk
Kaldestad, P. O. og Knutsen, H. (2006): Diktboka. Cappelens forlag
Michaelsen, E. og Johansen, R. (2007): Mappevurdering. Håndbok for læreren – med eksempler fra norsk
og kunst og håndverk. Universitetsforlaget
Skardhamar, A. K. (2011) Litteraturundervisning. Teori og praksis. Universitetsforlaget
Oppslagsverk
Andersen, P. T. (2012): Norsk litteraturhistorie. Universitetsforlaget
Bertheussen, S. (2003): Pedagogisk bruk av IKT. Forlag: EDB-kunnskap
Birkeland, T., Risa G. og Vold, K. B. (2006): Norsk barnelitteraturhistorie. Cappelen Akademiske
Birkeland; T.og Storaas, F. (1993): Den norske biletboka. Cappelen
Fidjestøl, B. m.fl. (1996): Norsk litteratur i tusen år. Cappelen Akademiske
Faarlund, J. T., Lie, S. og Vannebo, K. J. (1995): Norsk referansegrammatikk. Universitetsforlaget
Grepstad, O. (1997): Det litterære skattkammer. Sakprosaen i teori og retorikk. Samlaget
Grepstad, O. (2005): Viljen til språk- ei nynorsk kulturhistorie. Samlaget
Johnsen, E. B. og Berg Eriksen, T. (red.) (1998): Norsk litteraturhistorie. Sakprosa. Bind I og 2.
Universitetsforlaget
Kulbrandstad, L. A. (2005): Språkets mønstre. Grammatiske begreper og metoder. Universitetsforlaget
Larsen, P. (red.) (2000): Medievitenskap. Fagbokforlaget
Planar og rettleiingar
Læreplan for grunnskolen: Kunnskapsløftet 2006, spesielt Læreplan i norsk og
Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter
Eventuelle rettleiingar til læreplanen
Seksjonen tar atterhald om endring/revidering i pensumlitteraturen. Dette vil bli gjort i samråd med studentane, og un
godkjenner desse endringane.
Emne 2 (15 studiepoeng)
Emnekode og emnenavn
KFKNU16200 Norsk 1 trinn 5-10 emne 2
Engelsk emnenavn
Norwegian level 5-10 Course 2
Studieprogrammet emnet inngår i
Frittståande oppdragsstudium
Studiepoeng
15
Semester
2. semester (vår)
Undervisningsspråk
Norsk
9
Førkunnskapar
Emne 2 byggjer på emne 1.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, dugleik og generell
kompetanse:
Kunnskap
Studenten
-
har kunnskap om leseforståing og lesestrategiar
-
kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og
perspektiv
-
kjenner til barne-, ungdoms- og vaksenlitteratur i ulike sjangrar
-
har kunnskap om fleirspråklegheit
-
har kunnskap om metaspråk og språklig medvit
-
har kunnskap om skriftleg og munnleg språk som ungdom brukar
-
har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk
-
har kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800 og om gjeldande normering av bokmål og
nynorsk
Dugleik
Studenten
-
kan skrive godt på nynorsk og bokmål
-
kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for
vurdering
-
kan lese, analysere og tolke tekstar
-
kan leggje til rette for arbeid med litterære tekstar i eit historisk, fleirkulturelt og tverrestetisk
perspektiv
-
kan samanlikne tekstar tematisk, estetisk og didaktisk
-
kan analysere og tolke tekstar om migrasjon og sjå dei i lys av i aktuelle og/eller historiske
situasjonar
-
kan leggje til rette for arbeid med munnleg dugleik på ulike trinn fra 5. til 10. trinn og bruke
retorisk kunnskap i dette arbeidet
-
kan bruke og vurdere ulike undervisningsmetoder i arbeidet med munnlig dugleik
-
kan planleggje, gjennomføre og vurdere munnleg norskundervisning på ulike trinn
-
kan planleggje og gjennomføre samtalar om språk og litteratur i klasserommet
10
Generell kompetanse
Studenten
-
er ein sikker munnleg språkbrukar og stødig i skriftlig bokmål og nynorsk
-
kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
-
kan bruke faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
-
kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevers læring og utvikling i faget og på tvers
av fag
-
kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevene og
oppfordre dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
Innhald

Barne- og ungdomslitteratur

Lesing, med vekt på litterære emne

Skjønnlitteratur, med vekt på noveller, romanar og drama

Lesestrategiar og vurdering

Litteraturteori og litteraturdidaktikk

Litterære samtalar

Drama som metode

Arbeid med språk og litteratur i det fleirkulturelle klasserommet

Munnleg norsk og munnleg opplæring

Språkhistorie og normering

Nynorskdidaktikk

Talespråksvariasjonar i moderne norsk – sosiolektar, multietnolektar og dialektar

Mappe som arbeids- og vurderingsform i eiga skriving
Arbeidskrav
Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen i emne 2:
-
Munnleg framlegg gruppevis i plenum. Framlegget skal vere knytt til barne- og
ungdomslitteratur. Arbeidskravet føreset deltaking på andre samling.
-
Innlevering av tekstar i digital arbeidsmappe. Arbeidsmappa skal innehalde inntil fire fagtekstar
knytt til språklege og litterære fagemne i emne 2. Det blir gitt tilbakemelding på tekstane ved
hjelp av digitale merknader frå lærar og/eller medstudentar. Studentane vel sjølve ut to av
tekstane til ei vurderingsmappe og grunngir dette valet i eit refleksjonnotat. Tekstane og
refleksjonsnotatet blir vurdert i samband med avsluttande vurdering.
11

Mappetekst 1: Fagnotat om nynorsk – historisk og didaktisk. Omfang: 1500 ord +/- 10 %.

Mappetekst 2: Fagnotat om litterære samtalar. Omfang: 1500 ord +/- 10 %. I tillegg
vurdering av faglærarresponsen. Omfang 500 ord +/- 10 %.

Mappetekst 3: Bokmelding av ei barne- eller ungdomsbok. Omfang: 1000 ord +/- 10 %.

Mappetekst 4: Omtale av ei vaksenbok eller eit drama. Omfang: 1500 ord +/- 10 %.
Innleveringsmappe blir oppretta med faste tidsfristar for kvar oppgåve. Godkjenning av tekstane er ei
forutsetning for å kunne gå opp til eksamen i emnet. Alle tekstane skal skrivast på nynorsk.
Vurderings-/eksamensformer og sensorordningar
Mappeeksamen. Vurdering av mappe med to tekstar valt frå arbeidsmappa, samt refleksjonsnotat
(omfang: 1000 ord +/- 10 %). Målform: nynorsk. Det blir nytta intern og ekstern sensor. Ekstern
sensor tar stikkprøver av eksamensbesvarelsene sensurert av intern sensor. Samsensur danner
grunnlag for den øvrige karaktersetting.
Dato for innlevering til mappeeksamen er i mai/juni.
Ny/utsett eksamen
Ny/utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen. Studenten leverer inn
reviderte tekstar med utgangspunkt i opprinneleg arbeidsmappe innan fastsett frist. Det blir ikkje gitt
ny rettleiing frå lærar.
Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved
Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett
eksamen.
Vurderingsuttrykk
Det blir nytta graderte karakterar. Sjå forklaringar om graderte karakterar i den generelle delen.
Pensum
Tekstpensum
Noveller/kortprosa (kompendium Akademika bokhandel, HiOA)
Sju av desse novellene (i samråd med faglærar). Begge målformer må vere representert.
Askildsen, K. : "En plutselig frigjørende tanke"
Breiteig, B. : ”Fremover”
Christensen, L. S. : "Første etasje til høyre"
Fosse, J.: "Caps"
Hovland, R. : "Ein sykkel på havsens botn"
Kleiva, R. : ”Tre jenter går opp på eit fjell ein sommardag og byrjar gå ned igjen’”
12
Sandel, C. : "Kunsten å myrde"
Sivle, P. : "Berre ein hund"
Zwilgmeyer, D. : "Margrethe Kind"
Vesaas, T. : "Vesle-Trask"
Øyehaug, G. : ”Liten knute”
Drama
Eitt drama av H. Ibsen og eitt drama av J. Fosse
Romanar om oppvekst (Studentane kan kome med forslag til andre bøker.)
(Åtte av desse bøkene (i samråd med faglærar). Begge målformer må vere representert.)
Abdel-Fattah, R. : Ser hodet mitt stort ut med denne?
Ahmed, R. : Forberedelsen
Aanrud, H. : Sidsel Sidsærk
Belsvik, R. : Verdas mest forelska par
Bjørneboe, J. : Jonas
Bjørnstad, T. : Flaut
Borgen, J. : Lillelord
Christensen, L. S. : Maskeblomstfamilien
Eeg, H. R. : Yatzy eller Vrengt
Egeland, T. : Katakombens hemmelighet
Eriksen, E. L. : Pitbull-Terje og kampen mot barnevernet
Fosse, J. : Søster
Hagerup, H. : Løvetannsang
Haugen, T. : Luftvandreren
Hovland, R. : Ein motorsykkel i natta
Khemiri, J. H. : Et øye rødt
Kaaberbøl, L. : Skammarens dotter
Lian, T. : Ikke naken, ikke kledt
Lindgren, A. : Bröderna Lejonhjärta eller Mio, min Mio
Loe, E. : Kurt koker hodet
Løland, R. : Kvitebjørnen
Hoem, E. : Heimlandet Barndom
Hopp, Z. : Trollkrittet
Pohl, P.: Janne, min vän
Gaarder, J. : I et speil, i en gåte
Grytten, F. : Bikubesong
Newth, M. : Bortførelsen
Nicolaysen, M. : Svein og rotta feirer jul på landet
Petterson, P. :Ut og stjæle hester
Ravatn, A. : Fugletribunalet
Skarangar, M. N. : Alle utlendinger har lukka gardiner
Solstad, D. : Genanse og verdighet
Sortland, B. : Det blir pinlig uansett
Sortland, B. : Alle har et sultent hjerte
Stranger, S. : De som ikkje finnes
Trohaug, R. : Landet alltid raudt
Undset, S. : Kransen
Vesaas, T. : Fuglane eller Isslottet
Ørstavik, H. : Kjærlighet
Biletbøker
(To biletbøker)
Haq, I. og Skandfer, E. (2009). Skylappjenta. Cappelen Damm
13
Hoel S. (2008). Garmanns gate. Cappelen Damm
Dale, G. og Nyhus, S. (2003). Sinna mann. Cappelen
Øverli, F. (2012). Pondus Eliteserien. Bind/Hefte 14. Egmont serieforlag
Kleiva, R. (2005). Eg rømmer. Samlaget
Lyrikk
(Gruppene avgjer sjølve, framfører på samling og legg dikta i ressursmappa)
Eit utval på ca. 15 dikt av ulike forfattarar. Lyrikk frå andre nordiske land skal vere representert.
Eventyr, kunsteventyr og mytar (gruppene avgjer sjølve)
Seks folkeeventyr, samiske og to ikkje-europeiske skal vere representert.
Minst to kunsteventyr, til dømes Regine Normann og H. C. Andersen.
Mytar: minst tre mytar (norrøne og ikkje-nordiske)
Teoripensum (707 s.)
Bøker
Aksnes, L. M. (2007): Tid for tale. Munnleg norsk i skolen. Cappelen akademisk forlag (s. 29-56) (27 s.)
Bjarnø, V., Nergård, M. E. og Aarsæther, F. (2013): Språklig mangfold og læring. Kapittel 1, 3, 4.
Gyldendal akademisk (59 s.)
Bråten, I.: Leseforståelse. Kap. 2, 4 og 7. Cappelen Damm Akademisk (68 s.)
Hårstad, S. og Opsahl, T. (2013): Språk i byen. Utviklingslinjer i urbane språkmiljø i Norge. Kapittel 2 og 4.
Fagbokforlaget (30 s.)
Jansson, T. og Skjong, S. (red.) (2011): Norsk = Nynorsk og bokmål. Kapittel 1, 2, 3. Samlaget (60 s.)
Michaelsen, E. og Johansen, R. (2007): Mappevurdering. Håndbok for læreren – med eksempler fra norsk
og kunst og håndverk (s. 17 – 114). Universitetsforlaget (94 s.)
Kaldestad, P. O. og Knutsen, H. (2007): Diktboka. Om arbeid med poetiske tekstar i skolen, Cappelen
akademisk forlag (s. 10-136) (126 s.)
Mjør, I. og Birkeland, T. (2012): Barnelitteratur: sjangrar og teksttypar. Kapittel 3, 4, 8 og 9. Cappelen
Damm Akademisk (90 s.)
Penne, S. og Hertzberg, F. (2008): Muntlige tekster i klasserommet. Kapittel 8. Universitetsforlaget (10
s.)
Strand, T. (2009): Litteratur i det flerkulturelle klasserommet: Mangfold, migrasjon og muligheter.
Innledning og kapittel 1, 2, 3, 5 og 8. Universitetsforlaget (105 s.)
I kompendium med noveller (Akademika bokhandel, HiOA)
Almenningen, O. (2006): Innføring i nynorsk for høgare utdanning. Samlaget. Kapittel 1 (14 s.)
Kaldestad, P. O. og Knutsen, H. (1995): Dramatikkboka – om arbeid med dramatiske tekstar i skolen.
Kapittel 1. Cappelens forlag (9 s.)
Otnes, H. og Aamotsbakken, B. (2012): Tekst i tid og rom. Kapittel 6. Samlaget (15 s.)
Utfyllande faglitteratur
(ikkje pensum, men ei god støtte til å forstå pensum betre)
Birkeland og Storaas (1993): Den norske biletboka. Cappelen
Birkeland, T., og Mjør, I. (2012): Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar. Cappelen Akademiske
Skardhamar, A. K. (2011): Litteraturundervisning. Teori og praksis. Universitetsforlaget.
Oppslagsverk
Andersen, P. T. (2012): Norsk litteraturhistorie. Universitetsforlaget
Bertheussen, S. (2003): Pedagogisk bruk av IKT. Forlag: EDB-kunnskap
Birkeland, T., Risa, G. og Vold, K. B. (2006): Norsk barnelitteraturhistorie. Cappelen Akademiske.
Fidjestøl, B. m.fl. (1996): Norsk litteratur i tusen år. Cappelen Akademiske.
Faarlund, J. T., Lie, S. og Vannebo, K. J. (1995): Norsk referansegrammatikk. Universitetsforlaget.
14
Planar og rettleiingar
Læreplan for grunnskolen: Kunnskapsløftet 2006, spesielt Læreplan i norsk og
Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter.
Eventuelle rettleiingar til læreplanen
Seksjonen tar atterhald om endring/revidering i pensumlitteraturen. Dette vil bli gjort i samråd med
studentane, og under føresetnad av at studieleiar godkjenner desse endringane.